Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

32 Opplæring i punktskrift, tekniske hjelpemiddel og mobilitet

32.1 Innleiing

Dette punktet handlar om opplæring i punktskrift, bruk av tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet for elevar som er blinde eller sterkt svaksynte.

Punktskrift er eit skriftsystem som består av opphøgde teikn som blir lese taktilt ved ei lett berøring med fingertuppane. Punktskrift blir brukt av personar som er blinde, og personar som har så nedsett synsfunksjon at dei ikkje kan lese visuell skrift på ein funksjonell måte. Skriftsystemet er tilpassa ulike skriftspråk og blir brukt verda over.

Tekniske hjelpemiddel som er vanlege for elevar som er blinde og sterkt svaksynte, er mellom anna mobilitetsstokk, lese-TV, lupe, punktskriftmaskin, teikne- og konstruksjonsutstyr som gir taktil attgjeving på ark, taktilt eller auditivt merkeutstyr, klokke med taktil markering eller tale, målereiskapar med taktil markering eller auditiv tilbakemelding og navigasjonshjelpemiddel som GPS med tale. I skolesamanheng er datamaskin og nettbrett med integrerte eller installerte skjermlesarar (programvare som forstørrar tekst, omset til punktskrift via leselist eller omset til tale via talesyntese), leselist, ulike noteringsverktøy, punktskrivar og skannar/kamera med ulike gjenkjenningsfunksjonar vanlege hjelpemiddel for sterkt svaksynte og blinde.

Opplæring i mobilitet skal utvikle evna blinde og sterkt svaksynte elevar har til å orientere seg i omgivnadene. Målet er at elevane skal kunne ta seg fram frå ein stad til eit annan på ein mest mogleg sjølvstendig, effektiv og trygg måte.

I tillegg omtaler dette punktet ADL-trening. ADL-trening står for aktivitetar i dagleglivet, frå engelsk activities of daily living. ADL-trening gir funksjonshemma trening i ferdigheiter som er nødvendig for å kunne fungere i kvardagslivet, til dømes å kunne kle seg, lage mat og ta vare på den personlege hygienen sin.

Stortinget slutta seg til Innst. 12 S (2015–2016) og ba Kunnskapsdepartementet om å greie ut «hvordan retten til opplæring i dagliglivets aktiviteter (ADL) for svaksynte og blinde elever best ivaretas uten å gå ut over ordinær undervisning». På bakgrunn av dette fekk Utdanningsdirektoratet i oppdrag å gjennomføre ei slik utgreiing. Direktoratet anbefalte i sitt svar 15. august 2018 at blinde og sterkt svaksynte elevar blir gitt rett til nødvendig opplæring i ADL ved at dette inkluderast i reglane om rett til opplæring i punktskrift, tekniske hjelpemiddel og mobilitet. Se nærare om departementets vurdering om ADL-trening i punkt 32.5.3.

32.2 Dagens reglar

32.2.1 Noregs folkerettslege forpliktingar

FNs konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne artikkel 24 gir staten plikt til å sikre eit inkluderande utdanningssystem. I tredje ledd bokstav a og c er det oppgitt korleis dette kan skje ved

  • a) å legge til rette for innlæring av punktskrift, alternativ skrift, alternative og supplerende kommunikasjonsformer, -midler og -formater, orienterings- og mobilitetsferdigheter, samt legge til rette for likemannsarbeid og mentorvirksomhet,

  • c) å sikre at undervisningen av blinde, døve og døvblinde personer, og især barn, finner sted på de språk og i de kommunikasjonsformer og med de kommunikasjonsmidler som er best tilpasset den enkelte, og i et miljø som gir størst mulig faglig og sosial utvikling.

32.2.2 Opplæringslova

Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Dei har også rett til opplæring i mobilitet, det vil seie nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet, jf. opplæringslova §§ 2-14 og 3-10. Før det blir gjort vedtak om slik opplæring, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering. Sjå punkt 27 om dette.

Opplæringa blir gitt som eit tillegg til det ordinære timetalet. I grunnskolen har elevane rett til inntil 1525 tilleggstimar, og i vidaregåande opplæring har elevane rett til inntil 456 tilleggstimar, jf. forskrift til opplæringslova § 1-1 første ledd bokstav f og § 1-3 første ledd bokstav b.

Elevar som får opplæring etter opplæringslova §§ 2-14 og 3-10, kan til liks med andre elevar også ha rett til spesialundervisning etter kapittelet i lova 5. Elevane kan også ha rett til to ekstra år med vidaregåande opplæring dersom dei treng det, jf. § 3-1 femte ledd. Dei to åra gjeld uavhengig av om eleven får ekstra timar til opplæring i punktskrift, tekniske hjelpemiddel og mobilitet.

32.2.3 Andre regelverk

Likestillings- og diskrimineringslova § 21 gir elevar og studentar med funksjonsnedsetjingar rett til individuell tilrettelegging av lærestad, undervisning, læremiddel og eksamen. Ifølgje § 17 i same lov har alle offentlege og private verksemder retta mot allmenta plikt til universell utforming av dei alminnelege funksjonane for verksemda. Dette gjeld også IKT-løysingane i verksemda, jf. § 18 med tilhøyrande forskrift.

Skolen har plikt til å vareta behovet til barn og unge med nedsett funksjonsevne i utforminga og innreiinga av lokala og uteområdet til skolen, jf. forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v. § 9 andre ledd.

Ansvaret til kommunane for habiliterings- og rehabiliteringstenester etter helse- og omsorgstenestelova med tilhøyrande forskrifter supplerer også i nokre tilfelle reglane i opplæringslova.

32.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre retten til opplæring i punktskrift

  • å vidareføre retten til opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og i mobilitet for blinde og sterkt svaksynte

  • å vidareføre at sterkt svaksynte og blinda elevar som har behov for ADL-trening, får dette gjennom vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring (og ikkje i kraft av ein særskild paragraf)

Med dette høyringsforslaget følgde departementet i hovudsak opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 34. Utvalget mente det var uklart hva som ligger i formuleringen i dagens opplæringslov §§ 2-14 og 3-10 om at elevene har rett til nødvendg opplæring i «å ta seg fram […] i heimemiljøet», og foreslo å endre lovteksten til «nødvendig opplæring i mobilitet». I høringen foreslo departementet å videreføre ordlyden om elevenes rett til å ta seg fram i heimemiljøet i lovteksten, fordi departementet mente at utvalgets forslag framsto som å ha noe snevrere rekkevidde enn dagens regulering.

32.4 Høyringsinstansanes syn

32.4.1 Rett til opplæring i punktskrift

Dei 11 høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget om å vidareføre retten til opplæring i punktskrift, støttar at retten til opplæring blir vidareført, men enkelte høyringsinstansar har kommentarar til den konkrete utforminga av retten. Blant høyringsinstansane som har uttalt seg, er Statped, Rogaland fylkeskommune, Norges Blindeforbund, Unge funksjonshemmede og Utdanningsforbundet.

Foreldre til blinde barn og Norges Blindeforbund er kritiske til at elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, skal ha rett til «nødvendig» opplæring i punktskrift. Høyringsinstansane spør kva som ligg i omgrepet «nødvendig», om kven som skal gjennomføre vurderinga, og om den som skal gjennomføre vurderinga, har tilstrekkeleg kompetanse til dette. Forbundet viser til at elevar som får undervisning i skolen på ei anna målform, eller i og på norsk teiknspråk, ikkje berre har rett på «nødvendig» opplæring.

Statped meiner at paragrafane om punktskrift bør plasserast i kapittel 11 om arbeidet for å sikre at elevane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og viser til at punktskrift ikkje er eit skriftspråk, men eit skriftsystem. Derfor bør ikkje retten til punktskrift plasserast i kapitla om val av skriftspråk og særskilde språkrettar.

Oslo kommune uttaler seg i same retning.

32.4.2 Rett til opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og i mobilitet

Av dei 23 høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget om å vidareføre retten til opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og i mobilitet, støttar alle forslaget heilt eller delvis. Norges Blindeforbund støttar ei vidareføring av retten og viser til at mobilitetsopplæring for blinde og svaksynte er viktig for å klare seg sjølv. Forbundet har enkelte forslag til endringar og presiseringar. Norges Blindeforbund stiller seg spørjande til kva som ligg i nemninga «heimemiljøet og til og frå skolen». Norges Blindeforbund meiner også at plikta foreldra har til å følgje opp skolegangen for barna, ikkje er teke omsyn til i lovverket. Synstekniske hjelpemiddel er svært kompliserte, og også foreldre vil trenge opplæring i bruken av dei.

Enkelte høyringsinstansar, mellom anna Universitetet i Agder, Foreldre til blinde barn, Unge funksjonshemmede meiner at det må stillast krav til at tilsette har kompetanse i bruk av ulike tekniske hjelpemiddel. Foreldre til blinde barn meiner også at det må stillast krav til dokumentert kompetanse innan synspedagogikk for å gi blinde elevar opplæring i bruken av tekniske hjelpemiddel og mobilitet.

32.4.3 Om ADL-trening (aktivitetar i dagleglivet)

Alle høyringsinstansane som uttaler seg, støttar at ADL-trening (aktivitetar i dagleglivet) skal tilbydast dei som har behov for det. Fleire høyringsinstansar peikar på viktigheita av slik trening. OsloMet viser til at ADL-ferdigheiter kan bidra til sjølvstende, deltaking og å utfalde seg i fellesskap og til gode overgangar mellom skole- og vaksen/arbeidsliv. Norges Blindeforbund peikar på at blinde og sterkt svaksynte treng gode ADL-ferdigheiter for å leva eit sjølvstendig liv, og at ADL er opplæring i aktivitetar som set blinde og sterkt svaksynte i stand til å fungere i dagleglivet. Fleire høyringsinstansar har kommentarar til korleis retten skal formast ut i lova. Statped støttar intensjonen til departementet om at utviklinga til eleven av ADL-ferdigheiter i størst mogleg grad bør sjåast som ein integrert del av den opplæringa som skjer i løpet av skolekvardagen.

Nokre av høyringsinstansane ønskjer at det blir lovfesta særskilt at blinde og sterkt svaksynte har rett til ADL-trening, framfor at ADL-trening framleis skal tilbydast til dei som har behov for det, gjennom vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Blant desse høyringsinstansane er Norges Blindeforbund og Statped. OsloMet meiner at slik dagens lov, læreplanverk og tilhøyrande rettleiingar er formulerte, står ADL-trening i dag i ein svært svak posisjon, og at det er vesentleg at lovtekst, forskrifter (læreplanar) og rettleiingar gir innhald til denne retten, slik at skolen kan drive systematisk opplæring på dette området.

32.5 Departementets vurdering

32.5.1 Rett til opplæring i punktskrift

I CPRD artikkel 24 går det fram at traktatspartane skal sikre eit inkluderande utdanningssystem, mellom anna for sterkt svaksynte og blinde elevar, sjå tredje ledd bokstav a og c. Departementet meiner at reglane i lovforslaget om opplæring i punktskrift, bruk av tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet varetar konvensjonspliktene på dette punktet.

Departementet foreslår å vidareføre retten til opplæring i punktskrift for elevar som er blinde og sterkt svaksynte.

Departementet ser det slik at omgrepet «nødvendig» bør bli ståande som eit vilkår for kva opplæring elevane har rett til. Omgrepet «nødvendig» er meint å sikre at elevane skal få tilstrekkeleg opplæring til å kunne nyttiggjere seg punktskrift, tekniske hjelpemiddel, og mobilitet.

Departementet er samd med høyringsinstansane som uttaler at punktskrift ikkje er eit skriftspråk. Departementet meiner likevel at det er naturleg å plassere paragrafane om rett til opplæring i punktskrift i kapitla om val av skriftspråk og særskilde språkrettar for høvesvis grunnskoleopplæring og for vidaregåande opplæring, fordi punktskrift er eit skriftsystem som er ein føresetnad for at blinde og svaksynte kan nytte språk gjennom lesing og skriving. Denne opplæringa skal skje uavhengig av kva for ei anna tilrettelegging eleven får, og er ikkje knytt til reglar om individuelt tilrettelagd opplæring. Paragrafen høyrer derfor, slik departementet ser det, meir naturleg saman med skrift- og språkreglane enn med tilretteleggings- og hjelpemiddelreglane.

Til Norges Blindeforbund sitt høyringsinnspel om at foreldre treng hjelp til opplæring i bruken av synstekniske hjelpemiddel, viser departementet til at det fell utanfor opplæringslovas rammer å regulere rett til opplæring i slike hjelpemiddel til foreldra.

Elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk har i dag rett til to ekstra år med vidaregåande opplæring dersom dei treng det, jf. opplæringslova § 3-1 femte ledd. Denne regelen blir foreslått ikkje vidareført, ettersom departementet foreslår ein generell rett til vidaregåande opplæring fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, jf. punkt 40.2.4.2.

32.5.2 Rett til opplæring i tekniske hjelpemiddel og mobilitet

Departementet foreslår at alle elevar som har behov for tekniske hjelpemiddel, skal ha rett til nødvendig opplæring i bruk av desse hjelpemidla. Departementet foreslår å vidareføre retten blinde og svaksynte har til opplæring i tekniske hjelpemiddel, gjennom den generelle regelen om rett til fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel som er foreslått, sjå punkt 25 og lovforslaget § 11-5 første ledd. Blinde og sterkt svaksynte vil etter forslaget framleis ha rett til nødvendig opplæring i tekniske hjelpemiddel slik som i dag. Det er derfor ikkje nødvendig å regulere retten blinde og svaksynte har til nødvendig opplæring i tekniske hjelpemiddel særskilt.

Enkelte høringsinstanser mener at det må stilles krav til at ansatte har kompetanse i bruk av ulike tekniske hjelpemidler, herunder at det stilles krav til dokumentert kompetanse innen synspedagogikk for å gi blinde elever opplæring i bruken av tekniske hjelpemidler og mobilitet. Departementet meiner at det ikkje er behov for særskilte regler om dette, og viser til tilsvarende omtale i punkt 50.5.12.

Departementet foreslår også å vidareføre at blinde og sterkt svaksynte skal ha rett til opplæring i mobilitet, slik at dei kan komme seg til og frå skolen og ta seg fram på skolen og i heimemiljøet.

Når det gjeld kva som ligg i omgrepet «heimemiljøet» både i dag og etter lovforslaget, som Norges Blindeforbund spør etter ei klargjering av, vil departementet kommentere at mobilitetsopplæring for å ta seg fram i heimemiljøet etter ordlyden sin ikkje kan avgrensast til innlæring av ruter og ferdigheiter som har tilknyting til skoleaktivitetar. Slik departementet ser det, omfattar omgrepet heimemiljø også at det er mogleg for eleven å ta seg trygt fram til og frå aktivitetar i nærområdet, som til dømes ein fritidsaktivitet eller besøkje venner.

32.5.3 Om ADL-trening

Blinde og svaksynte elevar kan trenge hjelp til på- og avkleding, hjelp i samband med å lage og ete mat, toalettbesøk og anna trening i daglegdagse gjeremål. Dette blir kalla ADL-trening. ADL-trening kan reknast som opplæring når tiltaket blir gitt under ansvaret og leiinga til skolen, og når tiltaket er ein del av ein individuell opplæringsplan og er heimla i enkeltvedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Opplæring i aktivitetar i dagleglivet blir ikkje omfatta av paragrafane i opplæringslova om opplæring i punktskrift, tekniske hjelpemiddel og mobilitet.

Departementet meiner det er tenleg at elevar med behov for ADL-trening framleis får dette gjennom eit vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, se punkt 25 og lovforslaget § 11-6. Departementet viser til at det er sannsynleg at det også er mange elevar som ikkje er blinde eller sterkt svaksynte, som vil ha behov for slik opplæring i skolen.

OsloMet har notert seg at det finst lite rettleiing om kva ADL-trening som skal givast. Til dette vil departementet kommentere at innhaldet i ADL-treninga til den enkelte kan variere mykje, og dette taler for at det blir gjort ei individuell vurdering etter kriteria gitt i paragrafen om individuelt tilrettelagd opplæring. Departementet peiker vidare på at Statped har utarbeidd ei rettleiing om ADL-trening på nettsidene sine. Departementet vil leggje til at slik ferdigheitstrening bør leggjast inn som ein integrert del av skolekvardagen og gli mest mogleg naturleg inn i anna opplæring.

32.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre retten til opplæring i punktskrift, sjå forslag til §§ 3-5 og 6-4

  • å vidareføre retten til opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og i mobilitet for blinde og sterkt svaksynte, sjå forslaget til § 11-5

  • å vidareføre at blinde og svaksynte som treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa skal ha rett til ADL-trening (aktiviteter i dagliglivet) gjennom vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, sjå forslaget til § 11-6

Til forsida