Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

29 Opplæring i og på norsk teiknspråk

29.1 Innleiing

Dette punktet handlar om rettane elevar har til å få opplæring i og på teiknspråk. Med teiknspråk siktar ein her til norsk teiknspråk.

Ulike land har dei nasjonale teiknspråka sine, og norsk teiknspråk er eit fullverdig språk med eigne grammatiske reglar og setningsoppbygning. Norsk teiknspråk er som språkleg og kulturelt uttrykk likeverdig med norsk, jf. språklova § 7 andre ledd.

Ifølgje Noregs Døveforbund er det om lag 16 500 brukarar av norsk teiknspråk. I skoleåret 2021–2022 var det 276 elevar i grunnskolen som hadde opplæring i og på teiknspråk.

Regjeringa utnemnde 13. august 2021 eit offentleg utval som skal greie ut situasjonen for norsk teiknspråk. Utvalet skal levere rapporten sin (NOU) innan 1. juni 2023.

29.2 Dagens reglar

29.2.1 Noregs folkerettslege forpliktingar

FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CPRD) artikkel 24 gir staten plikt til å sikre eit inkluderande utdanningssystem. I tredje leddet bokstav b er det oppgitt korleis dette kan skje ved «å legge til rette for innlæring av tegnspråk og fremme av døvesamfunnets språklige identitet».

29.2.2 Opplæringslova

Opplæringslova § 2-6 inneheld reglar om opplæring i og på teiknspråk i grunnskolen, medan opplæringslova § 3-9 inneheld reglar om teiknspråkopplæring i vidaregåande opplæring. Med teiknspråk siktar ein her til norsk teiknspråk.

Ifølgje § 2-6 har elevar i grunnskolen som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk. Paragrafen opnar for at teiknspråkopplæringa kan givast på ein annan stad enn nærskolen.

Opplæringslova § 2-6 om teiknspråkopplæring i grunnskolen blir i dag forstått slik at elevar som har rett til opplæring i og på teiknspråk, og som gjer bruk av denne retten, skal følgje læreplanen for norsk for døve og sterkt tunghørte, læreplanen for norsk tegnspråk, læreplanen for engelsk for døve og sterkt tunghørte og læreplanen for drama og rytmikk for døve og sterkt tunghørte, jf. merknadene til paragrafen i Ot.prp. nr. 40 (2007–2008) s. 44.

I § 3-9 er det reglar om teiknspråkopplæring for elevar som har rett til vidaregåande opplæring, og som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring. Desse elevane har rett til å velje opplæring i og på teiknspråk på skolar som har slike tilrettelagde opplæringstilbod, eller rett til å velje å bruke tolk i ordinære vidaregåande skolar. Elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk har rett til to ekstra år med vidaregåande opplæring dersom dei treng det, jf. opplæringslova § 3-1 femte ledd.

Før kommunen gjer enkeltvedtak om opplæring i og på norsk teiknspråk, må det innhentast ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta). Sjå meir i punkt 27 om dette.

Elevar som har vedtak om teiknspråkopplæring etter §§ 2-6 og 3-9, kan samtidig ha vedtak om spesialundervisning. Opplæring i og på norsk teiknspråk kan slik også inngå som del av eit vedtak om spesialundervisning, jf. opplæringslova § 5-1.

29.2.3 Forskrifter til opplæringslova

Departementet har fastsett eigne læreplanar i nokre fag for elevar som får opplæring etter opplæringslova § 2-6, og elevar på skolar med tilrettelagde opplæringstilbod etter opplæringslova § 3-9 andre ledd. Det er eigen læreplan i norsk for elevar med teiknspråk, drama og rytmikk for elevar med teiknspråk, engelsk for elevar med teiknspråk og norsk teiknspråk. I alle andre fag gjeld ordinære læreplanar.

Elevar i grunnskolen som får opplæring i og på norsk teiknspråk etter § 2-6, skal følgje læreplanane for høyrselshemma/elevar med teiknspråk og fag- og timefordelinga for elevar med teiknspråk som førstespråk. Dei som følgjer fag- og timefordelinga for elevar med teiknspråk som førstespråk, har 967 timar meir enn elevar som følgjer ordinær fag- og timefordeling, spreidde på 1. til 10. trinn. Dersom ein elev berre ønskjer opplæring i norsk teiknspråk eller ønskjer opplæring i og på norsk teiknspråk, men samtidig å følgje alle ordinære læreplanar, kan eleven ha rett til dette gjennom vedtak om spesialundervisning, jf. § 5-1. Dette utløyser likevel ikkje rett til utvida timetal.

Kommunane kan velje å tilby norsk teiknspråk som eitt av dei framandspråka dei tilbyr etter forskrift til opplæringslova § 1-8. I vidaregåande skole er elevar som får opplæring i teiknspråk, fritekne frå kravet om opplæring i framandspråk, jf. forskrift til opplæringslova § 1-10 andre ledd.

Dagens opplæringslov § 3-9 om teiknspråk i den vidaregåande skolen inneheld ein forskriftsheimel i femte ledd som gir departementet høve til å gi nærare forskrifter, mellom anna om inntak. Departementet vil kommentere at forskriftsheimelen er svært vid. I dag er det berre gitt éin forskriftsregel. Forskrift til opplæringslova § 19-5 er fastsett i medhald av opplæringslova §§ 3-9 og 13-4. Forskriftsregelen omhandlar det økonomiske ansvaret fylkeskommunen har for utgifter til kost og losji osv. for elevar som får opplæring etter opplæringslova § 3-9, og som må flytte heimanfrå for å få opplæring.

29.2.4 Andre regelverk

Det følgjer av språklova § 7 at norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket i Noreg, og at som språkleg og kulturelt uttrykk er norsk teiknspråk likeverdig med norsk.

Likestillings- og diskrimineringslova § 21 gir elevar og studentar med funksjonsnedsetjingar rett til individuell tilrettelegging av lærestad, undervisning, læremiddel og eksamen.

29.3 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre retten til opplæring i og på norsk teiknspråk

  • å endre vilkåret for å få rett til opplæring i og på norsk teiknspråk. Vilkåret skal vere at ein elev har «høyrselshemming»

  • å innføre at grunnskoleelevar med høyrselshemming får rett til å velje opplæring i norsk teiknspråk etter læreplanen for norsk teiknspråk, med ekstra timeressurs. Elevane kan velje å følgje ordinære læreplanar i alle andre fag

  • å vidareføre dagens reglar om at nærskoleprinsippet ikkje gjeld for grunnskoleelevar som vel opplæring i og på norsk teiknspråk, slik at kommunane kan vedta at opplæringa skal givast ved ein annan skole

  • at elevar som vel opplæring berre i teiknspråk, skal ha rett til å gå på nærskolen sin i andre fag, men at det bør opnast for at opplæringa i norsk teiknspråk kan leggjast på ein annan skole

  • å innføre at elevar med høyrselshemming får høve til sjølve å velje opplæring i og på norsk teiknspråk frå 8. trinn

  • å innføre at elevar med høyrselshemming som går i ordinære vidaregåande skolar, og som bruker tolk, skal ha rett til å kunne velje å få opplæring i faget norsk teiknspråk med utvida timetal

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslagene frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 34. Opplæringslovutvalet foreslo ikkje at elevar med høyrselshemming som går i ordinære vidaregåande skolar, og som bruker tolk, skal ha rett til å kunne velje å få opplæring i faget norsk teiknspråk, men foreslo at departementet skulle greie ut dette nærare. I høyringsforslaget foreslo departementet å innføre ein slik rett, sjå siste strekpunkt over.

29.4 Høyringsinstansanes syn

29.4.1 Retten til opplæring i og på norsk teiknspråk

Det er om lag 35 høyringsinstansar som har uttalt seg om departementets forslag til nye reglar om teiknspråkopplæring. Alle dei som uttaler seg, støttar generelt vidareføringa av retten til opplæring i og på norsk teiknspråk. Blant desse er Barneombodet, Statsforvaltaren i Vestland, Språkrådet, Utdanningsdirektoratet,ei rekkje fylkeskommunar og kommunar, Noregs lærarmållag, Noregs Døveforbund, Redd Barna og Utdanningsforbundet.

Signo skole- og kompetansesenter ønskjer at det kjem klart fram i lovteksten at avgjerder som gjeld rett til opplæring i og på teiknspråk, er enkeltvedtak. Signo skole- og kompetansesenter støttar langt på veg at departementet legg opp til å redusere lovteksten mest mogleg der forvaltningsmessige eller andre rettslege forhold blir regulerte av anna lovgiving, men er likevel bekymra for at kravet om enkeltvedtak i samband med opplæring etter § 3-4 i den nye lova lett kan bli oversett om det ikkje blir tydelegare at det skal gjerast slikt vedtak.

Ei rekkje av høyringsinstansane har innspel til dei konkrete vilkåra for og rekkjevidda av retten til opplæring i og på norsk teiknspråk. Desse innspela blir omtalte nedanfor.

29.4.2 Høyrselshemming som vilkår for rett til opplæring i og på norsk teiknspråk

Høyringsinstansane er delte i spørsmålet om høyrselshemming skal vere vilkåret for å ha rett til opplæring i og på norsk teiknspråk. 15 høyringsinstansar støttar forslaget, éin støttar forslaget delvis, og 10 høyringsinstansar støttar ikkje forslaget. Blant dei som støttar forslaget, er ei rekkje kommunar, Redd Barna og Utdanningsforbundet. Sola kommune er samd med departementet i at det bør vere låg terskel for kva som skal reknast som høyrselshemming.

Fleire av høyringsinstansane som støttar forslaget, trekkjer likevel fram betydninga av at departementet greier ut ei utviding av retten til opplæring i teiknspråk, slik at han også gjeld for elevar med teiknspråkbrukarar i nære relasjonar, som til dømes søsken av høyrselshemma. Mellom anna Barneombodet, Oslo kommune og Sola kommune har gitt innspel om dette.

Redd Barna trekkjer fram at det er positivt at retten til teiknspråkopplæring gjeld alle grunnskoleelevar som har høyrselshemming, og ikkje berre barn som har teiknspråk som førstespråk.

Blant høyringsinstansane som ikkje støttar forslaget, er Språkrådet, Statped, Elevorganisasjonen, Hørselshemmede barns organisasjon, Noregs døveforbund, Signo skole- og kompetansesenter og Unge funksjonshemmede.

Dei aller fleste høyringsinstansane som ikkje støttar forslaget, meiner at vilkåret om høyrselshemming ikkje femnar breitt nok og burde ha inkludert elevar med teiknspråkbrukarar i nære relasjonar, som barn og søsken av døve. Språkrådet og Norges Døveforbund er blant desse. Språkrådet foreslår at vilkåret blir endra til «elevar med teiknspråklig bakgrunn». OsloMet uttaler at det er uheldig at retten til å lære norsk teiknspråk blir avgrensa til elevar med høyrselshemming, fordi norsk teiknspråk, slik som andre språk, blir brukt i samhandling med andre. Hørselshemmede barns organisasjon meiner at å tufte retten til å få opplæring i og på teiknspråk på ei funksjonshemming ikkje er til det det beste for barn. Enkelte av høyringsinstansane, mellom anna Statped, Unge funksjonshemmede og YS ønskjer vidareføring av dagens vilkår fordi dagens vilkår etter deira syn gir elevar med teiknspråkbrukarar i nære relasjonar rett til opplæring i teiknspråk. Fleire av høyringsinstansane, mellom anna Språkrådet,peikar også på at forslaget ikkje speglar av statusen til norsk teiknspråk, og viser til at språklova slår fast at norsk teiknspråk har status som språk.

Signo skole- og kompetansesenter ønskjer også eit breiare vilkår enn høyrselshemming og viser til at høyrande elevar med andre kommunikasjons- og språkutfordringar blir ekskluderte med vilkåret. Høyringsinstansen meiner at det verkar urimeleg at til dømes eit høyrande barn med ein type auditive prosesseringsvanskar som tilseier at teiknspråk er det mest tilgjengelege språket, eller barn med ein autismespekterdiagnose som blir meir språkleg aktive når kommunikasjonen er basert på ein visuell og gestuell modalitet, skal avskjerast frå å få opplæring etter den nye paragrafen fordi denne er avgrensa til å gjelde elevar med høyrselshemming. Høyringsinstansen meiner at sjølv om denne gruppa antakeleg også vil ha behov for individuell tilrettelagd opplæring, er ikkje det eit argument for ikkje også ha rettar etter ny § 3-4.

Dei aller fleste høyringsinstansane som uttaler seg, støttar forslaget om å fjerne kravet til sakkunnig vurdering som vilkår for vedtak om opplæring i og på teiknspråk. Sjå punkt 27 for ein nærare omtale av dette.

29.4.3 Gi grunnskoleelevar med høyrselshemming rett til å velje opplæring i norsk teiknspråk og moglegheita til å følgje ordinære læreplanar i alle andre fag

Alle høyringsinstansar som uttaler seg, støttar heilt eller delvis forslaget om at grunnskoleelevar med høyrselshemming skal få rett til å velje opplæring i norsk teiknspråk etter læreplanen for norsk teiknspråk, med ekstra timeressurs, og at elevane kan velje å følgje ordinære læreplanar i alle andre fag. Blant desse er Statped, Trondheim kommune og Oslo kommune. Barneombodet støttar at retten til teiknspråk blir gjort tilgjengeleg for fleire. Signo skole- og kompetansesenter støttar den auka fleksibiliteten og valfridommen som forslaget legg opp til, og reknar det som ei naturleg og god endring at ny lov legg til rette for at elevar og foreldre kan velje blant fleire moglegheiter for opplæringa, under dette val av læreplanar. Hørselshemmede barns organisasjon støttar ei meir fleksibel tilnærming til læreplanane enn i dag, føresett at det tydeleg blir presisert at retten til å velje læreplan ligg hos føresette og barnet, ikkje kommunen.

29.4.4 Unntak frå retten til å gå på nærskolen

Enkelte høyringsinstansar har kommentarar til forslaget om å vidareføre dagens reglar om at nærskoleprinsippet ikkje gjeld for grunnskoleelevar som vel opplæring i og på teiknspråk.

Statped foreslår at kommunane skal ha plikt til å tilby opplæring i og på teiknspråk på ein alternativ opplæringsarena, dersom dei sjølve ikkje har kompetanse til å gi teiknspråkleg opplæring og vareta behovet eleven har for å vere ein del av eit teiknspråkleg miljø.

Språkrådet meiner det er uheldig at kommunen med utgangspunkt i ressurssituasjonen skal kunne bestemme at eleven skal få opplæring i norsk teiknspråk på ein annan skole enn skolen eleven og foreldra ønskjer.

Norges døveforbund støttar at unntaket frå retten til å gå på næraste skole blir vidareført, men meiner kommunane må oppmodast til å i større grad samarbeide om og jobbe for å tilby interkommunale tilbod til denne gruppa elevar. Forbundet viser til at det er mange skolar der elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk ikkje får tilgang til eit adekvat teiknspråkleg stimulerande miljø.

Signo skole- og kompetansesenter meiner at ny lov på ein tydelegare måte enn det forslaget legg opp til, må gi eleven rett til å få delar av opplæringa i eit teiknspråkleg miljø og om nødvendig på ein alternativ opplæringsarena.

29.4.5 Rammene for opplæring i teiknspråkleg miljø og fjernundervisning

Enkelte høyringsinstansar har innspel til bruk av fjernundervisning for teiknspråkbrukarar i grunnskolen.

Statped støttar forslaget til reglar om fjernundervisning under føresetnad av at fjernundervisning berre er eit supplement til fysisk undervisning, og ikkje fører til ei nedprioritering av ansvaret til kommunen for å gi teiknspråkopplæring til elevane sine.

Fleire høyringsinstansar er kritiske til forslaget om fjernundervisning, mellom anna Språkrådet, Hørselhemmede barns organisasjon og Norges Døveforbund, som trekkjer fram at det tredimensjonale teiknrommet forsvinn ved fjernundervisning. Språkrådet viser også til at det er vanskelegare å lære teiknspråkleg turtaking via skjerm. I fysiske teiknspråklege samtalar med fleire enn to bruker deltakarane blikket, vridinga til kroppen, armane og posisjonen til hendene og eventuelt peiking for å vise kven ein snakkar til. Desse visuelle samtaleferdigheitene blir berre utvikla når ein samhandlar fysisk med andre. Norges Døveforbund viser også til at det tydeleg kom fram under koronapandemien at elevane opplevde det som krevjande å følgje digital undervisning gjennom skjerm.

Fleire høyringsinstansar meiner at forslaget vil føre til at det teiknspråklege læringsmiljøet blir svekt. Norges Døveforbund viser til at skolen er ein særs viktig sosialiseringsarena, og at fjernundervisning avgrensar moglegheitene ei minoritetsgruppe har til å utforske og utvikle sin eigen kultur. Hørselshemmede barns organisasjon viser til at språk blir utvikla i samhandling med andre i gode språkmiljø.

29.4.6 Avgjerdsmakta til elevane

Høyringsinstansane er generelt positive til forslaget om at elevar sjølve skal kunne velje opplæring i og på norsk teiknspråk frå 8. trinn. Av dei tolv høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget, støttar elleve forslaget heilt eller delvis. Blant desse er Barneombodet, Elevorganisasjonen og Unge funksjonshemmede. Norges døveforbund ønskjer at elevar i grunnskolen skal få vere med og bestemme opplæringsspråk i undervisninga, men at foreldre skal ta den endelege avgjerda.

Signo skole- og kompetansesenter meiner at elevar frå 8. trinn ikkje skal givast full sjølvråderett til å velje bort opplæring i og på teiknspråk, men at retten for barnet bør avgrensast til å gjelde opplæring i faget norsk teiknspråk. Signo skole- og kompetansesenter meiner det er feil å gi barn ned til 12 års alder atterhaldslaus sjølvråderett i spørsmålet.

Språkrådet støttar ikkje forslaget og viser mellom anna til at faren for elevane som vel bort teiknspråk, endar opp med å ikkje meistre verken norsk teiknspråk eller norsk fullt ut. Språkrådet meiner at det er vanskeleg for høyrselshemma elevar på ungdomstrinnet å ha full oversikt over konsekvensane av å velje bort teiknspråkopplæring. Dei bør derfor sleppe å bli stilte overfor eit slikt val.

29.4.7 Rett til opplæring i teiknspråk for elevar som bruker tolk i ordinære vidaregåande skolar

Av dei tolv høyringsinstansane som uttaler seg, støttar elleve forslaget om at elevane som går i ordinære vidaregåande skolar, og som bruker teiknspråktolk, kan velje å få opplæring i faget norsk teiknspråk med utvida timetal. Blant høyringsinstansane som støttar forslaget, er Barneombodet, Noregs døveforbund og Unge funksjonshemmede.

29.4.8 Forskriftsheimel for teiknspråkopplæring i vidaregåande opplæring

Ingen høyringsinstansar har kommentarer til at forskriftsheimelen i dagens opplæringslov § 3-9 siste ledd ikkje blir foreslått vidareført i høyringa om ny opplæringslov.

29.5 Departementets vurdering

29.5.1 Retten til opplæring i og på norsk teiknspråk

Departementet foreslår å vidareføre retten til å få opplæring i og på teiknspråk.

I CPRD artikkel 24 tredje avsnitt bokstav b går det fram at traktatspartane skal «legge til rette for innlæring av tegnspråk og fremme av døvesamfunnets språklige identitet». Departementet meiner at reglane i lovforslaget om opplæring i og på norsk teiknspråk varetar konvensjonspliktene på dette punktet.

Elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk har i dag rett til to ekstra år med vidaregåande opplæring dersom dei treng det, jf. opplæringslova § 3-1 femte ledd. Denne regelen blir foreslått ikkje vidareført, ettersom departementet foreslår ein generell rett til vidaregåande opplæring fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, jf. punkt 40.2.4.2.

Departementet har merka seg innspelet frå Signo skole- og kompetansesenter om at det bør komme fram av lovteksten at avgjerder om å gi elevar opplæring i og på teiknspråk er enkeltvedtak. Det er ikkje tvilsamt at slike avgjerder er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Departementet meiner at ei presisering av at slike avgjerder er enkeltvedtak, inneber ei dobbeltregulering som bør unngåast. Departementet viser til den nærare grunngivinga for å unngå dobbeltregulering i punkt 4.5.7.

29.5.2 Høyrselshemming som vilkår for rett til opplæring i og på norsk teiknspråk og fjerning av kravet til sakkunnig vurdering

Departementet meiner at høyrselshemming, utan krav til graden av denne, som inngangsvilkår for å få rett til opplæring i og på norsk teiknspråk er fornuftig. Sjølv om mange med høyrselshemming i dag har betre og meir avanserte høyreapparat eller cochleaimplantat, slik at elevane i og for seg kan høyre, vil det likevel i mange tilfelle kunne vere vanskeleg å definere kva som er førstespråket til ein elev.

Kva som er ei høyrselshemming, er ei medisinfagleg vurdering. Departementet meiner at det bør vere ein låg terskel for kva som skal reknast som høyrselshemming, og det skal ikkje vere krav til graden av høyrselshemming. Til dømes vil elevar som har cochleaimplantat, falle innanfor vilkåret.

Departementet legg til grunn at det normalt sett ikkje skal vere nødvendig å innhente dokumentasjon i vurderinga av om ein elev har høyrselshemming. Ei sakkunnig vurdering vil likevel kunne bidra til at tilrettelegginga får rett omfang og kvalitet. Kommunen eller fylkeskommunen må derfor vurdere om det bør innhentast ei sakkunnig vurdering i kraft av utgreiingsplikta dei har for å leggje til rette og organisere undervisninga best mogleg, jf. forvaltningslova § 17 første ledd første punktum. Departementet understrekar at sjølv om ei sakkunnig vurdering etter omstenda kan vere nødvendig for at undervisninga skal bli organisert så godt som mogleg, blir ikkje sakkunnig vurdering vidareført som eit vilkår for retten til å få opplæring i og på teiknspråk. Sjå nærare om dette i punkt 27.

Departementet anerkjenner innvendingane som har komme frå høyringsinstansane til forslaget om å bruke høyrselshemming som vilkår. Nokre er opptekne av at lova skal leggje til rette for at elevar kan gjere eit språkval, og at dette ikkje handlar om ei funksjonsnedsetjing. Andre er opptekne av at vilkåret er for snevert og ikkje femnar om elevar som ikkje har ei høyrselshemming, til dømes barn og søsken av høyrselshemma. I tillegg kan enkelte elevar ha andre kommunikasjonsutfordringar som gjer tilgang på opplæring i norsk teiknspråk viktig.

Departementet held fast på forslaget om at retten til opplæring i og på norsk teiknspråk skal knytast til elevar som sjølve har ei høyrselshemming.

Departementet er samd i at det det finst grupper med høyrande elevar med andre kommunikasjons- eller språkutfordringar, som kan ha behov for opplæring i og på teiknspråk. Eit døme er elevar med autismespekterdiagnose som blir meir språkleg aktive når kommunikasjonen er basert på ein visuell og gestuell modalitet. Departementet meiner det er viktig å vareta desse elevane og meiner dei vil varetakast gjennom reglane om individuelt tilpassa opplæring. Elevar med kommunikasjons- og språkutfordringar som ikkje er høyrselshemma, kan ha rett til opplæring i og på teiknspråk gjennom vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, sjå punkt 25. Elevane kan også ha rett til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), sjå punkt 26.

Forslaget til departementet inneber at elevar som ikkje sjølve har høyrselshemming, men som står i ein nær relasjon til ein teiknspråkbrukar, ikkje vil ha rett til opplæring i teiknspråk etter paragrafen.

Spørsmålet om elevar som har teiknspråkbrukarar i nære relasjonar, bør få rett til opplæring i norsk teiknspråk, er noko både interesseorganisasjonar og departementet er opptekne av. I august 2021 vart det utnemnt eit offentleg utval som skal gjere ein gjennomgang av teiknspråkfeltet. Ein eventuell rett til opplæring i teiknspråk for elevar som har teiknspråkbrukarar i nære relasjonar, kan vurderast i samband med oppfølginga av utgreiinga frå teiknspråkutvalet.

Departementet nemner vidare at Utdanningsdirektoratet nettopp har avslutta ei prøveordning med opplæring i teiknspråk for elevar som har teiknspråkbrukarar i nære relasjonar, gjennom den såkalla stimuleringsordninga. Statped har bidrege i arbeidet. Utdanningsdirektoratet leverte sluttrapport for arbeidet i oktober 2022. Departementet er i gang med å følgje opp rapporten.

29.5.3 Gi grunnskoleelevar med høyrselshemming rett til å velje opplæring i norsk teiknspråk og moglegheita til å følgje ordinære læreplanar i alle andre fag

Som gjort greie for under dagens reglar, blir dagens § 2-6 om teiknspråkopplæring i grunnskolen forstått slik at elevar som har rett til opplæring i og på teiknspråk, og som gjer bruk av denne retten, skal følgje læreplanane for døve og sterkt tunghøyrde. Dette inneber at elevar som gjer bruk av retten etter dagens § 2-6, må få opplæring både i og på teiknspråk og ikkje kan velje berre å få opplæring i faget teiknspråk.

Departementet meiner det er tenleg med auka fleksibilitet for høyrselshemma elevar i grunnskolen, og foreslår derfor ikkje å vidareføre denne forståinga i lovforslaget § 3-4. Dette inneber at ordlyden «rett til opplæring i og på norsk teiknspråk» ikkje skal forståast som ei plikt for eleven til å velje begge delar. Departementet foreslår at grunnskoleelevane med rett til opplæring i og på teiknspråk skal kunne velje om dei ønskjer å nytte seg av begge rettane eller berre éin. Konsekvensen blir at elevane kan velje mellom å få opplæring

  • i faget norsk teiknspråk etter læreplanen i norsk teiknspråk og elles følgje «ordinære» læreplanar

eller

  • i og på norsk teiknspråk, dvs. å følgje alle læreplanane for elevar med teiknspråk og få opplæring på teiknspråk også i dei faga der det ikkje er utarbeidd eigne læreplanar

Departementet presiserer at det er foreldra og eleven sjølve frå og med 8. klasse (sjå punkt 29.5.6) som skal ta valet, ikkje kommunen.

Departementet meiner at forslaget harmoniserer betre med andre reglar om språk, til dømes reglane om samisk, sjå punkt 30. Ei valmoglegheit kan stimulere til at fleire med høyrselshemming vel å lære seg teiknspråk. Fleire i miljøa opplyser om at dagens krav har ført til at elevar ikkje vel opplæring i teiknspråk i det heile. Samtidig vil ein slik fleksibilitet kunne ha positive konsekvensar for storleiken på språkmiljøa for elevar som vel opplæring i og på teiknspråk i eigne grupper eller på eigne skolar. Departementet viser også til at departementets forslag har fått brei støtte i høyringa, og at auka fleksibilitet i tilgangen til opplæring har vore ønskt over lang tid av fleire aktørar på teiknspråkfeltet.

Departementet vil vurdere nødvendige presiseringar i forskrifter om læreplanar for døve og sterkt tunghøyrde, for å gjere tydeleg valretten dei aktuelle elevane har. Departementet vil også vurdere å sørgje for at elevar som berre vel opplæring i faget teiknspråk, også får rett til utvida timetal, slik elevar som får opplæring i og på teiknspråk etter dagens § 2-6, har det.

Departementet presiserer at det, som i dag, vil vere fullt mogleg å kombinere opplæring i og på teiknspråk med opplæring på grunnlag av vedtak om individuelt tilrettelagd undervisning.

29.5.4 Unntak frå retten til å gå på nærskolen

Departementet foreslår å vidareføre dagens reglar om at nærskoleprinsippet ikkje gjeld for grunnskoleelevar som vel opplæring i og på norsk teiknspråk, sjå omtale i punkt 12. Det vil seia at kommunane kan vedta at opplæringa skal givast ved ein annan skole.

Departementet foreslår også at elevar som vel opplæring berre i norsk teiknspråk, skal ha rett til å gå på nærskolen sin i andre fag, men at det bør opnast for at opplæringa i norsk teiknspråk kan leggjast på ein annan skole. Departementet meiner at det framleis må vere nærskolen som har ansvaret for opplæringa til eleven, på lik linje med elevar som får opplæring i samisk og får fjernundervisning. Departementet understrekar at unntaket frå nærskoleprinsippet er meint å gagne elevane og gjere det mogleg for dei å vere del av større teiknspråkmiljø. Forslaget er også meint å sørgje for at elevane ikkje må byte til ein annan skole ved at dei kan få fjernundervisning eller delta i opplæring i norsk teiknspråk på ein annan skole berre desse timane.

Når det gjeld moglegheita til å inngå i interkommunalt samarbeid, viser departementet til den generelle omtalen av denne problemstillinga i punkt 53.5.1.

29.5.5 Rammene for opplæring i teiknspråkleg miljø og fjernundervisning

Departementet foreslår å innføre ein generell heimel for fjernundervisning, sjå forslaget til § 14-4 og omtale i punkt 15. Hovudvilkåra er at det skal vere tillate å gjennomføre delar av opplæringa som fjernundervisning dersom det er gode grunnar for det og det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg, sjå forslaget til § 14-4 første ledd. Fjernundervisning kan mellom anna vere aktuelt når det gir ei moglegheit til å tilby fag som det elles ikkje ville vore mogleg å tilby, eller når det gir betre moglegheit til å tilpasse opplæringa ut frå det faglege nivået til den enkelte. Økonomisk innsparing er ikkje rekna som ein god grunn til å ta i bruk fjernundervisning. Vilkåret om gode grunnar inneber at det må vere ein fordel for elevane. Skolen kan altså ikkje la vere å opprette stadlege tilbod i fag av økonomiske omsyn, men det kan derimot vere ein god grunn at skolane kan tilby fag dei elles ikkje kan tilby på grunn av lite elevgrunnlag eller få lærarar med tilstrekkeleg kompetanse.

Forslaget inneber at delar av opplæringa i og på teiknspråk kan givast som fjernundervisning. Departementet understrekar likevel at det kan det vere nokre særskilde utfordringar med å gi opplæring i eller på norsk teiknspråk via fjernundervisning. Departementet har merka seg høyringsinnspela om dette. Ettersom teiknspråk er eit tredimensjonalt språk, vil behovet for stadleg undervisning for å kunne oppnå kompetansemåla i faget vere endå større. Dette kan tilseie at kommunen bør vere tilbakehalden med å tilby ein del av teiknspråkopplæringa som fjernundervisning. Kommunen må ta omsyn til dei særskilde utfordringane med fjernundervisning når han vurderer om vilkåra for fjernundervisning er oppfylte.

Dersom ein del av opplæringa i eller på teiknspråk blir gitt som fjernundervisning, foreslår departementet at det må vurderast om kommunen også skal gi ein del av opplæringa i teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø. Eit døme kan vere språksamlingar der både lærarane og elevane snakkar norsk teiknspråk utanom teiknspråktimane.

Departementet meiner at terskelen bør vere at det er nødvendig for at opplæringa i teiknspråk skal vere pedagogisk forsvarleg.

Vurderinga skal vere knytt til om opplæring i eit teiknspråkleg miljø er nødvendig for at elevar som får opplæringa i form av fjernundervisning, skal få ei pedagogisk forsvarleg opplæring og dermed kunne nå kompetansemåla i læreplanen. Kommunane må gjere ei konkret vurdering av om opplæring i eit teiknspråkleg miljø er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg. Elevar har rettar og skoleeigar har også plikter etter andre reglar i lovforslaget som kan komme i bruk, jf. til dømes lovforslaget kapittel 11 som mellom anna gir rett til intensiv opplæring, og kapittel 12, som gir reglar om skolemiljøet. Det er det totale opplæringstilbodet til eleven som er avgjerande.

29.5.6 Avgjerdsmakta til elevane

Barnelova § 32 seier at barn som har fylt 15 år, sjølve avgjer spørsmål om val av utdanning. Departementet meiner det er gode grunnar til at elevar med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk skal ha rett til å velja sjølv om dei vil ha slik opplæring frå 8. trinn. Departementet viser vidare til at forslaget har fått brei støtte av høyringsinstansane som uttaler seg.

Departementet meiner at omsynet til barns medråderett taler for at elevane blir gitt avgjerdsmakt fra 8. trinn. Det følgjer av barnekonvensjonen artikkel 12 nr. 1 at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, har rett til å fritt gi uttrykk for desse. Vidare skal synspunkt som barn har, få vekt i samsvar med alderen og modnaden til barnet. Departementet meiner derfor at barnet sine eigne synspunkt må få stort vekt i spørsmål om val av teiknspråk som opplæringsspråk. Departementet meiner at 8. trinn er eit naturleg tidspunkt for å gi ei slik avgjerdsmakt, ettersom det markerer starten på ungdomsskoleåra. I tillegg inneber forslaget ei samordning av reglane for opplæring i og på samisk og i kvensk og finsk, der elevane også får avgjerdsmakt frå 8. trinn.

Departementet ser ikkje at det er grunnlag for å avgrense avgjerdsmakta til elevane til om dei ønskjer å ha opplæring på teiknspråk. Valfridommen gjeld både for opplæring i og på teiknspråk.

Til Språkrådets kommentar om at det vil vere vanskeleg for høyrselshemma elevar på ungdomstrinnet å ha full oversikt over konsekvensane av å velje bort teiknspråkopplæring, viser departementet til at kommunen etter lovforslaget har ei plikt til å sørgje for at elevane og foreldra får den informasjonen dei treng om rettane og pliktene sine, sjå nærare omtale i punkt 19.

Departementet foreslår etter dette at elevar med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk skal ha rett til å velje sjølve om dei vil ha slik opplæring frå 8. trinn.

29.5.7 Rett til opplæring i teiknspråk for elevar som bruker tolk i ordinære vidaregåande skolar

Departementet meiner at elevar med høyrselshemming som går i ordinære vidaregåande skolar, og som bruker tolk, bør ha rett til å kunne velje å få opplæring i norsk teiknspråk, og foreslår ei slik utviding. Departementet viser til at høyringsforslaget fekk brei støtte av høyringsinstansane som uttalte seg.

Utdanningsdirektoratet har greidd ut og vurdert denne problemstillinga og peikar på at ei slik utviding sannsynlegvis vil utløyse noko auka behov for lærarar med teiknspråkkompetanse samanlikna med i dag. Direktoratet har ikkje oversikt over kor mange lærarar som har teiknspråkkompetanse, eller i kva kommunar og fylkeskommunar kompetansen finst. Direktoratet peikar også på at det kan vere nokre problem med å skulle innfri retten ved hjelp av fjernundervisning, sidan teiknspråk er eit tredimensjonalt språk. Samtidig meiner Utdanningsdirektoratet at dei forventar at dei fleste elevane som vel opplæring i teiknspråk i vidaregåande opplæring, framleis vil velje å gå på ein knutepunktskole, det vil seie ein fylkeskommunal vidaregåande skole som har eit spesielt tilrettelagt og organisert tilbod for høyrselshemma. Jamført med at dette er ei svært lita elevgruppe, som direktoratet estimerer til å omfatte fem til ti elevar i året, meiner direktoratet at ei slik utviding ikkje vil ha store økonomiske eller administrative konsekvensar.

Departementet har gjort visse justeringar i ordlyden samanlikna med høyringsforslaget på dette punktet. I motsetning til høyringsforslaget nemner ikkje lovforslaget spesifikt faget norsk teiknspråk eller ein rett til utvida timetal. Årsaka til justeringa er departementet meiner at det er meir tenleg å regulere desse spørsmåla i forskrift.

29.5.8 Forskriftsheimel for teiknspråkopplæring i vidaregåande opplæring

Departementet ser behov for å vidareføre ein forskriftsheimel, avgrensa til å gi forskrifter knytte til det økonomiske ansvaret frå fylkeskommunane i samband med teiknspråkopplæring.

Slik departementet ser det, bør forskriftsheimelen plasserast i kapittel 28 i lova, kapitlet som handlar om ansvaret til kommunen og fylkeskommunen, ettersom forskriftsheimelen først og fremst gjeld økonomisk ansvar.

29.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre retten til opplæring i og på norsk teiknspråk, sjå forslaga til §§ 3-4 første ledd og 6-3 første ledd

  • at vilkåret for opplæring i og på norsk teiknspråk skal vere at ein elev har høyrselshemming, sjå forslaga til §§ 3-4 første ledd og 6-3 første ledd

  • at grunnskoleelevar med høyrselshemming får rett til å velje mellom opplæring i norsk teiknspråk og opplæring i og på norsk teiknspråk, sjå forslag til § 3-4 første ledd

  • å vidareføre unntaket frå nærskoleprinsippet, sjå forslag til § 3-4 andre ledd

  • at elevar med høyrselshemming får høve til sjølve å velje opplæring i og på norsk teiknspråk frå 8. trinn, sjå forslag til § 3-4 første ledd tredje punktum

  • at når ein del av opplæringa blir gitt som fjernundervisning, må det vurderast om kommunen også skal gi ein del av opplæringa i teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø, sjå forslag til § 3-4 tredje ledd

  • at elevar med høyrselshemming som går i ordinære vidaregåande skolar, og som bruker tolk, skal ha rett til å kunne velje å få opplæring i norsk teiknspråk, sjå forslag til § 6-3 første ledd andre punktum

  • å vidareføre heimelen til å gi forskrift om teiknspråkopplæring i den vidaregåande opplæringa, sjå forslag til § 28-2 femte ledd

Til forsida