Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

46 Karriererettleiing

46.1 Innleiing

Dette punktet handlar om plikta fylkeskommunen har til å ha eit tilbod om gratis karriererettleiing for dei som er busette i fylket.

46.2 Dagens reglar

Det følgjer av opplæringslova § 13-3 f første ledd første punktum at fylkeskommunen skal ha eit tilbod om gratis karriererettleiing for alle som er busette i fylket. Fylkeskommunen skal samarbeide med Arbeids- og velferdsetaten om tilbodet, jf. § 13-3 f første ledd andre punktum. Etter andre ledd kan departementet gi forskrift om innhaldet i og organiseringa og omfanget av tilbodet om karriererettleiing. Det er ikkje gitt forskriftsreglar om karriererettleiing.

46.3 Høyringsforslaget

Departementet foreslo å vidareføre dagens regel om at fylkeskommunen skal ha eit tilbod om gratis karriererettleiing for dei som er busette i fylket.

Med dette forslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 48.

46.4 Høyringsinstansanes syn

Det er få høyringsinstansar som har uttalt seg konkret om forslaget om å vidareføre plikta for fylkeskommunen om å ha eit tilbod om gratis karriererettleiing. Forslaget blir støtta av dei som har uttalt seg. Arbeidsgiverforeningen Spekter meiner regelen om karriererettleiing også må inkludere lærlingar, uavhengig av bustad, for å sikre eit tilstrekkeleg tilbod til dei med lærlingplass utanfor eige fylke. Viken fylkeskommune meiner regelen om karriererettleiing bør slåast saman med regelen i § 16-1 om rådgiving om utdannings- og yrkesval. Møre og Romsdal fylkeskommune og KS meiner paragrafen om karriererettleiing bør flyttast til kapittel 28 om ansvarsdelinga, og viser til at det ikkje er grunn til å skilje denne paragrafen frå ansvarsområda i kapittel 28.

46.5 Departementets vurdering

Departementet foreslår, som i høyringa, å vidareføre plikta til å gi karriererettleiing. Bakgrunnen for ei plikt for fylkeskommunen til å tilby karriererettleiingstenester til innbyggjarane er at fylkeskommunane gjennom regionsreforma fekk eit større ansvar for kompetansepolitikken. Karriererettleiing er eit verkemiddel i denne samanhengen.

Regelen er ei generell plikt for fylkeskommunen til å tilby karriererettleiingstenester til innbyggjarane, uavhengig av alder. Regelen gir ikkje individuell rett til karriererettleiing. Plikta til å gi karriererettleiing skil seg frå plikta fylkeskommunen har til å gi elevar i vidaregåande skolar nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval, sjå punkt 44 og § 16-1. Karriererettleiing rettar seg mot alle, ikkje berre mot elevar, slik rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval gjer. Elevar kan derfor også nytte seg av tilbodet om karriererettleiing.

Plikta for fylkeskommunen til å gi karriererettleiing, gjeld dei som er folkeregistrert som busette i fylket. Departementet foreslår å presisere dette i lovteksten. Til høyringsinnspelet frå Arbeidsgiverforeningen Spekter om at tilbodet om karriererettleiing også må omfatte lærlingar som har lærlingplass utanfor eige fylke, understrekar departementet at personar som er mellombels busette i fylket, ikkje skal vere omfatta av tilbodet, sjå nærare omtale i merknaden til § 28-9. Departementet foreslår vidare å innføre ei plikt for fylkeskommunen til å sørgje for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval, sjå punkt 44 og § 16-1.

Når det gjeld plassering av paragrafen om karriererettleiing i lova, meiner departementet at plikta for fylkeskommunen til å sørgje for eit tilbod om karriererettleiing bør skiljast frå paragrafen om ansvaret kommunen og fylkeskommunen har for rådgiving om utdannings- og yrkesval, sjå § 16-1. Departementet meiner at paragrafen om karriererettleiing bør vere plassert i kapittel 28 i lova om ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten.

46.6 Departementets forslag

Departementet foreslår å vidareføre plikta fylkeskommunen har til å ha eit tilbod om karriererettleiing for dei som er folkeregistrert som busette i fylket, sjå forslaget til § 28-9.

Til forsida