Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

35 Opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk, fritak frå aktivitetar og forbod mot forkynning i opplæringa

35.1 Innleiing

Dette punktet handlar om retten elevane har til fritak frå delar av undervisninga på grunnlag av livssyn eller religion.

Punktet handlar også om opplæringa om emna kristendom, religion, livssyn og etikk og faget KRLE. Vidare handlar punktet om forbod mot forkynning i opplæringa.

35.2 Dagens reglar

35.2.1 Fritak frå aktivitetar i opplæringa

Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa er regulert i opplæringslova § 2-3 a. Retten til fritak gjeld for elvar i grunnskolen. Det er ikkje tilsvarande reglar for den vidaregåande opplæringa.

Skolen skal vise respekt for dei religiøse og filosofiske overtydingane til elevane og foreldra og sikra retten til likeverdig opplæring, jf. første ledd i paragrafen. Lovteksten gjer tydeleg krav som menneskerettane stiller til staten når det gjeld alle fag, ikkje berre KRLE-faget.

Elevane har rett til fritak frå delar av undervisninga på grunnlag av eige livssyn eller eigen religion, jf. § 2-3 a andre ledd. Retten til fritak gjeld dei delane av undervisninga som elevane ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande.

Elevane kan ikkje krevje fritak frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen, jf. tredje ledd første punktum. Fritaksretten er derfor avgrensa til dei aktivitetane og arbeidsmåtane som skolane vel for å formidle kunnskapen. Elevane kan til dømes ikkje krevje kjønnsdelt undervisning på bakgrunn av religion og dermed heller ikkje fritak fordi undervisninga ikkje er kjønnsdelt. Departementet viser til punkt 14 om organiseringa av opplæringa, der kjønnsdelt undervisning er tema.

Fritak føreset skriftleg melding frå foreldra, men det er ikkje nødvendig at foreldra gir ei grunngiving. Fritaksretten skal ta utgangspunkt i oppfatninga til foreldra, men gjeld berre fritak frå aktivitetar som med rimeleg grunn kan opplevast som utøving av annan religion eller tilslutning til andre livssyn, jf. Ot.prp. nr. 91 (2004–2005) Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova. Dersom skolen ikkje godtek ei melding om fritak, er skolen forplikta til å behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Elevar som har vorte 15 år, gir sjølve skriftleg melding om fritak.

Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra både om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa, jf. femte ledd.

Reglane om fritak var tidlegare teken inn i § 2-4, men vart skild ut i 2005 for å gjere det tydeleg at reglane ikkje berre var knytt til faget som då heitte kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL), men til heile grunnskoleopplæringa. Lovendringa var ein del av oppfølginga av avgjerda frå FNs menneskerettskomité om at rammene rundt KRL-faget, inkludert den avgrensa moglegheita til fritak, var i strid med artikkel 18 nr. 4 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar.

Reglane om rett til fritak i opplæringslova § 2-3 a gjeld også elevar i private grunnskolar godkjende etter opplæringslova § 2-12.

35.2.2 Opplæringa i faget kristendom, religion, livssyn og etikk

Grunnskoleopplæringa i faget kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) er i dag lovregulert i opplæringslova § 2-4.

Det er presisert i første leddet til paragrafen at faget er eit ordinært «skolefag» som normalt skal samle alle elvar. Undervisninga skal gi kjennskap til kristendommen og andre verdsreligionar og livssyn, til kva kristendommen har å seie som kulturarv, og til etiske og filosofiske emne, jf. andre ledd i paragrafen. Vidare skal undervisninga i KRLE-faget bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trus- og livssynsspørsmål.

Undervisninga i KRLE skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein «objektiv, kritisk og pluralistisk måte». Formuleringane «objektivt, kritisk og pluralistisk» er tekne inn i paragrafen for å sikre at faget er i samsvar med menneskerettane, mellom anna den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 9 og første tilleggsprotokoll artikkel 2. I forarbeida til § 2-4 er det presisert at religionar og livssyn skal behandlast kvalitativt likt.

Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Det er lagt til grunn at lova heller ikkje opnar for forkynning i andre fag, sjølv om dette ikkje er eksplisitt regulert i lovteksten.

35.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre retten til fritak frå aktivitetar på grunnlag av livssyn eller religion i opplæringa i grunnskolen, men slik at retten også gjeld elevar i vidaregåande opplæring

  • å vidareføre måla for KRLE-faget i lova

  • å vidareføre at reglane om opplæringa om kristendom, religion, livssyn og etikk og reglane om fritak frå aktivitetar står i to ulike paragrafar

  • å presisere at kristendom, andre religionar, livssyn og etikk skal presenterast på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte uavhengig av kva fag opplæringa om desse emna blir gitt i

  • å presisere at forbodet mot forkynning gjeld all opplæring

Med dette følgde departementet delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 43. Opplæringslovutvalet foreslo å ikkje vidareføre måla for KRLE-faget i lova.

35.4 Høyringsinstansanes syn

Det har komme inn 13 høyringsinnspel til forslaga om KRLE og fritak frå aktivitetar. Dei fleste forslaga har i all hovudsak fått brei støtte.

Forslaget om å vidareføre retten til fritak frå delar av undervisninga, men slik at retten også skal omfatte elevar i vidaregåande opplæring, har fått brei støtte blant dei 13 høyringsinstansane som uttaler seg, mellom anna frå Barneombodet.

Enkelte høyringsinstansar har likevel meint at fritaksretten bør fjernast fordi aktivitetane i undervisninga uansett ikkje skal vere diskriminerande, og då burde alle kunne delta i dei. Universitetet i Agder meinte det er viktig å kunne innlemma alle elevar og lærlingar i aktivitetane i alle fag, og at elevane lærer best forståing og respekt av auka kunnskap, ikkje av fritak.

Human-etisk Forbund støttar departementets forslag om å vidareføre dagens fritaksrett for elevar i private grunnskolar godkjende etter opplæringslova.

Fleirtalet av dei høyringsinstansane som har uttalt seg, er imot å lovfeste måla for KRLE-faget. Blant instansane som går imot lovfesting, er Utdanningsforbundet og Human-etisk Forbund. Det blir vist til at målformuleringar for fag eignar seg best i læreplanverket, og at tilsvarande formuleringar dessutan blir løfta fram i paragrafen om formålet med opplæringa, som blir foreslått vidareført i den nye formålsparagrafen.

Bibelselskapet og Noregs Kristne Råd er for ei lovfesting.

35.5 Departementets vurdering

35.5.1 Rett til fritak frå aktivitetar i opplæringa, også i vidaregåande skole

Departementet foreslår å vidareføre retten til fritak frå aktivitetar i opplæringa. Departementet meiner at elevar i vidaregåande opplæring bør ha same rett til fritak som elevar i grunnskolen, jf. mellom anna barnekonvensjonen artikkel 14, og foreslår derfor at retten til fritak skal gjelde både elevar i grunnskolen og vidaregåande skole. Departementet understrekar at paragrafen ikkje skal gjelde for dei som har læretid i bedrift. I tillegg til paragrafen om formålet med opplæringa gjeld dei alminnelege reglane for arbeidstakarar for dei som har læretid i bedrift.

Tanke-, samvits- og religionsfridommen barnet har, er tema i barnekonvensjonen artikkel 14. På skolefeltet inneber dette mellom anna at barn ikkje skal tvingast til å avdekkje den religiøse trusretninga si eller til å praktisere ein bestemt religion. I mange land er religiøs opplæring del av skolepensumet. Barnekonvensjonen krev at barnet kan få fritak frå å delta i religiøse aktivitetar dersom barnet, eventuelt med godkjenninga til foreldra, ber om det. I så fall krevst igjen at barnet blir tilbydd tilfredsstillande alternativ undervisning.

Opplæringa i norsk skole skal ikkje vere forkynnande eller innebere religionsutøving. Likevel meiner departementet at det er behov for at elevar kan få fritak frå aktivitetar som dei kan oppleve som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn enn sitt eige.

Departementet foreslår at elevane skal ha rett til fritak frå aktivitetar som dei oppfattar som støytande eller krenkjande på same grunnlag. Retten til fritak skal, som i dagens paragraf, berre gjelde fritak frå aktivitetar som med rimeleg grunn kan opplevast som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn eller som støytande eller krenkjande.

Departementet understrekar at det uansett bør leggjast til rette for ei inkluderande opplæring slik at flest mogleg kan delta. Paragrafen er altså ein sikringsventil.

Vidare foreslår departementet å presisere i lova at elevane ikkje kan krevje fritak frå kompetansemåla i læreplanane i fag. Elevane kan få fritak frå aktivitetar, men ikkje frå kompetansemåla.

Elevar som får fritak frå aktivitetar, skal få tilbod om ein annan opplæringsaktivitet. Departementet foreslår at lova skal presisere at opplæringa som blir gitt, skal ha eit tilsvarande fagleg innhald. Dette sikrar at elevar som får fritak frå aktivitetar, får likeverdig opplæring, sjå dagens § 2-3 a første ledd.

Departementet meiner derimot at det ikkje er nødvendig å vidareføre presiseringa i paragrafen om fritak at skolen «skal visa respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar». Dette følgjer av paragrafen om formålet med opplæringa.

Departementet meiner at det heller ikkje er nødvendig å vidareføre § 2-3 a tredje ledd andre punktum om at skolen skal behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova når skolen ikkje godtek melding om fritak. Dette er ei dobbeltregulering fordi det same kravet følgjer av forvaltningslova. Når kommunane og fylkeskommunane, eller eventuelt skolen etter delegering, tek stilling til eit krav om fritak, er avgjerda eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Dette enkeltvedtaket kan klagast på etter reglane i forvaltningslova.

Departementet foreslår å ikkje vidareføre at kommunane årleg skal informere elevane og foreldra både om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa. Departementet viser til at dette vil følgje av forslaget til den generelle informasjonsplikta skolane har. Departementet foreslår også å ikkje vidareføre at det står i lova at skolen skal sjå til at fritaket blir gjennomført.

Elevar som har vorte 15 år, gir sjølve melding om fritak. Dette følgjer av forslaget til § 24-5 om sjølvråderett for dei som har fylt 15 år.

Departementet understrekar at reglane om fritak er knytt til all opplæring, og at reglane derfor ikkje er plassert saman med reglane om krav til opplæringa om kristendom, andre religionar, livssyn og etikk i éin paragraf.

35.5.2 Forbod mot forkynning i all opplæring

Departementet meiner at den nye lova bør presisere at opplæringa ikkje skal vere forkynnande. Forslaget gjeld både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa og både KRLE og andre fag. I dagens lov er forkynningsforbodet berre regulert uttrykkjeleg for KRLE-faget og berre for grunnskolen, jf. § 2-4 første ledd andre punktum. For å gjere tydeleg at forbodet mot forkynning skal gjelde all opplæring, foreslår departementet at forbodet mot forkynning blir skilt ut som ein eigen paragraf i den nye lova.

35.5.3 Opplæringa om kristendom, andre religionar, livssyn og etikk

Departementet meiner at det bør komme fram av lova at emna religion og livssyn skal presenterast på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte, uavhengig av kva fag opplæringa blir gitt i. I dagens opplæringslov er dette berre presisert for KRLE-faget. Det finst døme på opplæring i desse emna som ikkje går føre seg innanfor KRLE-faget, og regelen blir derfor ikkje foreslått knytt til eit konkret fag, men til all opplæring. Formålet med endringa er å sikre at opplæringa om desse emna er i samsvar med menneskerettane uavhengig av kva fag opplæringa blir gitt i.

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har fastslått at KRL-faget og rammene rundt faget, slik det var fastsett i 1997, streid mot den første tilleggsprotokollen til europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 2 (i saka Folgerø mfl. mot Noreg, 29. juni 2007). Formålet med forslaget er å sikre at opplæringa er i samsvar med menneskerettane, mellom anna EMK artikkel 9 og første tilleggsprotokoll artikkel 2, uavhengig av kva fag opplæringa blir gitt i.

Forslaget omfattar både grunnskole og vidaregåande opplæring.

Departementet har vurdert om det er tenleg å regulere KRLE-faget i den nye lova. I dagens opplæringslov er det ikkje sett rammer for nokon andre fag enn KRLE-faget, og det er presisert i § 2-4 første ledd at KRLE-faget er «eit ordinært skolefag».

Departementet meiner at ettersom KRLE-faget er eit ordinært skolefag, skal det behandlast på same måte som dei andre faga. Det vil seie at reglar om målet og innhaldet i faget skal definerast i læreplanen. Departementet foreslår derfor å ikkje vidareføre eigne reglar om KRLE-faget. Endringa kan innebere ei justering av læreplanen. Eventuelle endringar i læreplanen må sendast på høyring.

Departementet meiner at målformuleringar i fag eignar seg best i læreplanverket. Departementet vil dessutan vise til at målformuleringane som i dagens lov er fastsette for faget KRLE, også blir løfta fram i paragrafen om formålet med opplæringa, som er foreslått vidareført i den nye paragrafen om formålet med opplæringa, jf. forslaget til ny § 1-2.

Paragrafen om formålet med opplæringa fastset dessutan at opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som «respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane».

35.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å presisere ein rett til fritak frå aktivitetar i grunnskolen og den vidaregåande skolen på grunnlag av livssyn eller religion, sjå forslag til § 14-6 første ledd første punktum

  • å ikkje regulere KRLE-faget direkte i lova

  • å presisere at kristendom, andre religionar, livssyn og etikk skal presenterast på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte uavhengig av kva fag opplæringa om desse emna blir gitt i, sjå forslag til § 14-7

  • å vidareføre at reglane om opplæringa om kristendom, religion, livssyn og etikk og reglane om fritak frå aktivitetar står i to ulike paragrafar, sjå forslag til §§ 14-6 og 14-7

  • å presisere eit forbod mot forkynning i all opplæring, sjå forslag til § 14-5

Til forsida