Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

53 Ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten

53.1 Innleiing

Dette punktet handlar om kven som har det overordna ansvaret for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa. Ansvaret staten har for klage og tilsyn er omtalt i punkt 59 og 60.

53.2 Dagens reglar

53.2.1 Opplæringslova

Kapittel 13 i opplæringslova regulerer i hovudsak ansvaret kommunen og fylkeskommunen har for opplæringa. Ansvaret er regulert som plikter for kommunen og fylkeskommunen.

Utgangspunktet er at kommunane har ansvaret for grunnskoleopplæringa, medan ansvaret for den vidaregåande opplæringa er lagt til fylkeskommunane. Det er nokre avvik frå denne hovuddelinga. Mellom anna har fylkeskommunen ansvaret for grunnskoleopplæring for innsette i fengsel, bebuarar i barnevernsinstitusjonar og innlagde i helseinstitusjonar. Plikta fylkeskommunen har til å oppfylle retten til opplæring for dei som er innlagde i helseinstitusjonar, omfattar ikkje elevar som er barn eller søsken til pasientar ved ein helseinstitusjon.

Etter dagens reglar har kommunane ansvar for

  • å gi grunnskoleopplæring til innbyggjarar som har rett til slik opplæring, jf. § 13-1

  • å gi grunnskoleopplæring særleg organisert for vaksne deltakarar, jf. § 4A-1

  • å forsikre elevane, jf. § 13-3 b

  • å samarbeide med foreldre til elevar i skolen, jf. § 13-3 d

  • å gi skoleskyss til grunnskoleelevar og vaksne deltakarar som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, inkludert retten til reisefølgje og tilsyn, jf. § 13-4 første ledd første punktum

  • å samarbeide om overgang mellom barnehage og skole, jf. § 13-5 andre ledd

  • å ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles, jf. § 13-6

  • å sørgje for eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid, jf. § 13-7

  • å ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskolen, jf. § 13-7 a

  • å tilby elevane i grunnskolen leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng, jf. § 13-7 b

  • å oppfylle retten til rådgiving etter forskrift til opplæringslova kapittel 22

Etter dagens reglar har fylkeskommunen ansvar for

  • å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, jf. § 13-3

  • å oppfylle retten til vidaregåande opplæring særleg organisert for vaksne deltakarar, jf. § 4A-3

  • å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i barnevernsinstitusjonar jf. § 13-2, fengslar jf. § 13-2 a, og i helseinstitusjonar jf. 13-3 a

  • å gi tilbod til søkjarar utan rett etter §§ 3-1 og 4A-3, jf. § 13-3 tredje ledd

  • å forsikra elevane, jf. § 13-3 b

  • å samarbeide med foreldre til elevar i skolen, jf. § 13-3 d

  • å gi skoleskyss i alle tilfelle der kommunen ikkje eksplisitt har ansvaret, jf. § 13-4

  • å oppfylle retten til rådgiving etter forskrift til opplæringslova kapittel 22

  • å oppfylle retten til påbygg, jf. § 3-1 ellevte ledd

Lova fastsett unntak frå ansvarsdelinga i §§ 13-1 og 13-3. Ifølgje § 13-1 tredje ledd kan staten eller fylkeskommunen i særlege tilfelle drive grunnskolar. Ifølgje § 13-3 sjette ledd kan staten eller ein kommune i særlege tilfelle drive vidaregåande skolar. Kommunen må ha godkjenning frå departementet. Det kjem vidare fram av § 1-2 fjerde ledd at departementet etter søknad kan godkjenne at fylkeskommunen kan stå ansvarleg for vidaregåande opplæring i utlandet. I slike tilfelle gjeld opplæringslova for opplæringa, men departementet kan gjere unntak frå reglar i lova og forskrifter til lova så langt det er forsvarleg og nødvendig. Departementet kan endre vilkåra og om nødvendig trekkje godkjenninga.

I § 13-10 er det presisert at kommunen og fylkeskommunen har ansvar for å oppfylle krava som følgjer av lova og forskrifter til lova, og at dette ansvaret også inneber å stille nødvendige ressursar til disposisjon.

Det følgjer av § 13-8 at Oslo kommune også har dei rettane og pliktene som i opplæringslova ligg på fylkeskommunen.

Fylkeskommunen har etter § 13-3 f plikt til å ha eit tilbod om karriererettleiing for innbyggjarane i fylket.

Kapittel 13 i dagens lov inneheld enkelte reglar som ikkje gjeld ansvaret for grunnopplæringa, mellom anna plikt om å ha eit musikk- og kulturskoletilbod og skolefritidsordning. Sjå nærare omtale av desse reglane under dei ulike punkta i proposisjonen.

53.2.2 Helsepersonellova og spesialisthelsetenestelova

Helsepersonell har eit særleg ansvar for å vareta behovet for informasjon og nødvendig oppfølging av personar i alderen 0 til 18 år som er barn av pasientar eller søsken til pasientar med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengnad eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade, jf. lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell mv (helsepersonelloven) § 10 a. Barneansvarleg personell i helseinstitusjonar i spesialisthelsetenesta har ansvar for å fremje og koordinere oppfølginga helsepersonell gjer av barn av pasientar eller mindreårige søsken til pasientar med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengnad eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade, jf. lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenesten m.m. (spesialisthelsetjenesteloven) § 3-7 a.

53.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre dagens ansvarsdeling mellom kommunen og fylkeskommunen

  • å innføre ein regel i det første kapittelet i lova som skisserer hovudregelen om kven som har ansvar for kva opplæring

  • å vidareføre ansvaret til fylkeskommunen for opplæring til dei som bur i barnevernsinstitusjon, dei som er innlagde i helseinstitusjon, og innsette i fengsel

  • å innføre ein regel om at fylkeskommunen skal ha ansvar for opplæring til barn og søsken til innlagde i helseinstitusjon, når institusjonsopphaldet truleg vil føre til meir enn 14 dagar fråvær per skoleår for barnet eller søskenet

  • å vidareføre at departementet i særlege tilfelle kan godkjenne unntak frå ansvarsdelinga

  • å ikkje vidareføre reglane om at kommunane og fylkeskommunane skal stille til rådvelde dei ressursane som er nødvendige for å etterleve lova

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 48. Spørsmålet om å utvide ansvaret fylkeskommunen har for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjon, var nytt samanlikna med forslaget frå opplæringslovutvalet.

53.4 Høyringsinstansanes syn

53.4.1 Ein hovudregel om ansvar

Totalt har om lag 30 høyringsinstansar uttalte seg om forslaga om ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten. Nokre høyringsinstansar kommenterer konkrete forslag, medan andre uttrykkjer generell støtte til forslaga. Det er få høyringsinstansar som har uttalt seg konkret om forslaget om å vidareføre dagens ansvarsdeling mellom kommunen og fylkeskommunen. Forslaget blir støtta av mellom anna Barneombodet, Statsforvaltaren i Innlandet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Oslo kommune og Lunner kommune.

Det er 15 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å innføre ein eigen regel innleiingsvis i lova som skisserer kven som har ansvaret for kva opplæring. Alle som har uttalt seg, støttar forslaget. Blant dei er Bergen kommune, Drammen kommune, Lunner kommune, Nord-Aurdal kommune, Røros kommune, Sarpsborg kommune, Sandefjord kommune, KS og Utdanningsforbundet. KS, og fleire kommunar med tilvising til KS’ høyringsinnspel, understrekar viktigheita av at ansvaret innleiingsvis blir slått fast i lova. KS uttaler vidare at lovteksten konsekvent bør bruke kommunen og fylkeskommunen som pliktsubjekt, ettersom det er kommunen og fylkeskommunen som har det formelle ansvaret. Subsidiært sluttar KS seg til ei presisering om at ansvaret til kommunen og fylkeskommunen omfattar alle plikter som i lovteksten er lagde til skolen, rektor og personalet i skolen.

53.4.2 Ansvar for opplæring i institusjon

Om lag ti høyringsinstansar har uttalt seg om forslaga om å vidareføre ansvaret til fylkeskommunane for opplæring til dei som bur i barnevernsinstitusjon, innlagde i helseinstitusjon og innsette i fengsel. Forslaga blir i hovudsak støtta av høyringsinstansane som har uttalt seg, blant dei Barneombodet, Statsforvaltaren i Vestland, Oslo kommune, Viken fylkeskommune og Utdanningsforbundet.

Skolelederforbundet har innspel til reglane om opplæring i institusjon og uttaler mellom anna at det bør komme fram at institusjonen skal sørgje for «eigna» lokale. Om opplæringa i fengsel uttaler Skolelederforbundet og Statsforvaltaren i Vestland at det også må komme fram at ansvaret omfattar tilgang til digitale verktøy. Vidare uttaler mellom anna Skolelederforbundet, Viken fylkeskommune og Oslo kommune at nemninga «innsette» er misvisande, og at ansvaret bør omfatte alle som er under straffegjennomføring. Forum for leiarar i institusjonsskolar (FLIS) meiner det må presiserast tydeleg kven som er omfatta av opplæringsretten i helseinstitusjon, og viser til at stadig meir av behandlinga i dag går føre seg poliklinisk. FLIS uttaler også at det bør presiserast i lovteksten at lokala som blir nytta ved opplæring i helseinstitusjon, skal vere i tråd med gjeldande arealnorm for skolar.

Det er elleve høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å lovfeste at fylkeskommunen skal ha ansvar for å oppfylle retten til grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjon. Dette er Barneombodet, Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, nokre fylkeskommunar, nokre kommunar, Utdanningsforbundet, Forum for ledere i institusjonsskoler (FLIS) og Handikappede Barns Foreldreforening (HBF). Alle høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar forslaget. Nokre av instansane har uttalt seg om dei foreslåtte vilkåra. Barneombodet er positive til at det blir klargjort korleis det skal vurderast om opphaldet er langt nok, ved forslaget om at institusjonsopphaldet må medføre eit forventa fråvær på meir enn 14 dagar per skoleår for barnet eller søskenet. Bergen kommune støttar også dette kravet. Denne kommunen støttar også forslaget om at «pårørande» skal forståast på same måten som i helsepersonellova § 10 a. Agder fylkeskommune meiner forslaget om å stille krav om at opphaldet må vere av ei viss varigheit, er uheldig, medan FLIS uttaler at det bør gjerast ei nærare vurdering av dette kravet. Vestfold og Telemark fylkeskommune uttaler at forslaget om å utvide ansvaret til fylkeskommunen til barn og søsken av innlagde ikkje vil få vesentlege økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen fordi dei kan løyse det auka ansvaret innanfor dagens rammer.

53.4.3 Unntak frå ansvarsdelinga

Få høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre reglane om at departementet i særlege tilfelle kan godkjenne unntak frå ansvarsdelinga, og at unntaka blir samla i ein paragraf. Forslaget blir støtta av dei som har uttalt seg, blant dei Barneombodet og Viken fylkeskommune. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) set spørjeteikn ved om den foreslåtte ordlyden om at departementet kan godkjenne at ein fylkeskommune «driv» vidaregåande opplæring i utlandet, framfor dagens ordlyd om at fylkeskommunen kan stå «ansvarleg for» slik utdanning, i praksis vil innebere ei realitetsendring. HK-dir etterlyser ei grunngiving for kvifor det blir foreslått at fylkeskommunen skal kunne drifte slik utdanning i utlandet.

53.4.4 Plikt til å stille ressursar til rådvelde

Det er få høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å ikkje vidareføre reguleringa av at kommunen og fylkeskommunen skal stille til rådvelde dei ressursane som er nødvendige for å etterleve lova. Forslaget blir støtta av Barneombodet og Bergen kommune. Utdanningsforbundet støttar ikkje forslaget og viser til at dei er bekymra for at spesifikke plikter blir tekne ut av lova. Utdanningsforbundet meiner at det er ein reell risiko for at økonomiske omsyn kan bli tillagde større vekt enn fagleg-pedagogiske vurderingar i spørsmål som er av fagleg-pedagogisk karakter.

53.5 Departementets vurdering

53.5.1 Ein hovudregel om ansvar

Departementet foreslår, som i høyringa, å vidareføre dagens ansvarsdeling mellom kommunen og fylkeskommunen. Dette inneber at kommunen som hovudregel skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, medan fylkeskommunen som hovudregel skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring, sjå §§ 28-1 og 28-2. Unntaka frå denne ansvarsdelinga er omtalte i punkt 53.5.2 og 53.5.3. Departementet har etter høyringa gjort enkelte språklege endringar i paragrafane om ansvar.

Ansvaret til kommunen og fylkeskommunen må komme klart fram av lova slik at ho er lett å bruke. Det må vere lett for elevar og foreldre, kommunane og fylkeskommunane og andre å sjå kven som har ansvaret for å oppfylle dei ulike rettane og pliktene i lova. Departementet meiner det bør vere eit eige kapittel i lova med ei nærare regulering av det juridiske og økonomiske ansvaret til kommunen og fylkeskommunen.

Som hovudregel er kommunen og fylkeskommunen pliktsubjekt for pliktene i opplæringslova, men i enkelte tilfelle blir plikter lagde til skolen, rektor eller andre tilsette i skolen, sjå nærare omtale av denne vurderinga i punkt 4.5.6. Departementet er samd med mellom anna KS i at ansvaret kan komme tydelegare fram av lova. Departementet foreslår derfor å presisere kommunens og fylkeskommunens overordna ansvar også der det i lovteksten blir lagt plikter på skolen, rektor eller andre tilsette i skolen, sjå forslaget til §§ 28-1 første ledd andre punktum og 28-2 første ledd andre punktum.

Departementet meiner ansvaret til kommunen og fylkeskommunen kjem tydeleg nok fram av reglane i kapittel 28, og at det ikkje er nødvendig med ein eigen paragraf innleiingsvis i lova som skisserer hovudregelen om kven som har ansvaret for kva opplæring. Departementet vil også vise til at kommunens og fylkeskommunens ansvar er presisert i merknadene til paragrafane i dei tilfella ansvaret ikkje framgår direkte av lovteksten.

Departementet foreslår å vidareføre heimlane til å gi forskrift om eller fastsetje i enkeltvedtak kven som skal reknast som busette i kommunen eller fylket, og heimelen til å gi forskrift om at ein kommune skal ha det økonomiske ansvaret for grunnskoleopplæringa for elevar som får slik opplæring utanfor kommunen.

Departementet foreslår å vidareføre at fylkeskommunar som har ledig kapasitet, har plikt til å gi tilbod om vidaregåande opplæring til søkjarar frå andre fylke dersom dei har rett til opplæring etter § 5-1. Heimfylket skal refundere utgiftene til vertsfylket for dei som får skoleplass i eit anna fylke enn dei bur i. Departementet kan gi nærare forskrift om slik refusjon.

Fylkeskommunen skal også framleis ha ansvaret for å ha eit tilbod om karriererettleiing til innbyggjarane i fylket, sjå punkt 46.

Departementet foreslår enkelte nye eller utvida rettar som får noko å seie for ansvaret til kommunen og fylkeskommunen. Mellom anna foreslår departementet ein utvida rett til vidaregåande opplæring, sjå punkt 40. Den utvida retten gir fylkeskommunane eit større ansvar for å sørgje for at alle kan bestå den vidaregåande opplæringa, noko som inneber at enkelte vil ha rett på meir opplæring enn etter dagens reglar. Dette vil påverke fylkeskommunane der elevane er busette, men også dei fylkeskommunane som tek inn elevar etter § 28-2 tredje ledd om plikt til å gi tilbod til søkjarar frå andre fylke dersom fylkeskommunen har kapasitet. Andre forslag om nye eller utvida rettar går fram av dei enkelte punkta i proposisjonen.

Kommunar og fylkeskommunar kan samarbeide med andre kommunar og fylkeskommunar om oppgåver knytte til opplæringa. Oppgåvene må ikkje vere lovpålagde. Slikt interkommunalt samarbeid er regulert i kommunelova § 17-1. Til dømes kan kommunane og fylkeskommunane samarbeide for å gi elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk tilgang til eit teiknspråkleg miljø, sjå punkt 29. Kommunane kan også inngå avtale om at eit område i ein kommune sognar til ein skole i nabokommunen, sjå punkt 12. Ved interkommunale samarbeid gjeld framleis dei ordinære reglane om ansvar i forslaget til §§ 28-1 og 28-2.

53.5.2 Ansvar for opplæring i institusjon

Bebuarar i barnevernsinstitusjon

Departementet foreslår å vidareføre ansvaret fylkeskommunen har for opplæring til dei som bur i barnevernsinstitusjon i fylket. Fylkeskommunen der barnevernsinstitusjonen ligg, har rett til refusjon frå fylkeskommunen der eleven var busett då vedtaket om plassering vart gjort. Departementet kan gi forskrift om satsar for refusjon.

Ansvaret til fylkeskommunen inneber at han må oppfylle alle rettar og pliktar etter opplæringslova. Fylkeskommunen må sørgje for nødvendig undervisningsmateriell og utstyr i tråd med §§ 2-5 og 5-8. Sjå nærare omtale av desse reglane i punkt 9 og punkt 40.

Når opplæringa finn stad i barnevernsinstitusjonen, må institusjonen sørgje for nødvendige lokale. Når opplæringa skjer ein annan stad, må fylkeskommunen sørgje for nødvendige lokale. Lokala må vere eigna og dei må oppfylle alminnelege tekniske og tryggingsmessige krav i plan- og bygningslova og forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skoler.

Innlagde i helseinstitusjonar og barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar

Departementet foreslår å vidareføre ansvaret fylkeskommunen har for opplæring til innlagde i helseinstitusjon. Ansvaret omfattar innlagde som får spesialisthelsetenester finansierte av staten. Departementet understrekar at ansvaret til fylkeskommunen som eit utgangspunkt skal omfatte dei som er innlagde i helseinstitusjon. Dette er ei vidareføring av dagens reglar. I enkelte tilfelle kan ansvaret også omfatte dagpasientar og polikliniske pasientar, når tilknytinga pasienten har til institusjonen kan likestillast med det å vere døgnpasient.

Departementet foreslår, som i høyringa, å lovfeste at fylkeskommunen også skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjon, når institusjonsopphaldet vil kunne medføre fråvær frå opplæringa for barnet eller søskenet av ei viss varigheit. Elevar kan vere pårørande til foreldre eller søsken som er innlagde på sjukehus, og derfor bu på eller ved sjukehuset i kortare eller lengre periodar for å vere saman med nære familiemedlemmer. Departementet legg her til grunn den same definisjonen av barn som er pårørande, som i helsepersonellova § 10 a. Etter denne regelen blir mindreårige barn rekna som pårørande der forelderen eller søskenet til barnet er pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengnad eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade.

I praksis vil barn som pårørande i slike situasjonar, ofte bu på sjukehushotell, på andre hotell, hos slektningar, i leigd bustad i nærleiken av sjukehuset eller liknande. Barn som bur ved eller på sjukehus fordi dei er pårørande til innlagde, kan i nokre tilfelle vere avskorne frå å følgje det ordinære opplæringstilbodet, særleg dersom sjukehuset ligg langt frå heimskolen.

Departementet meiner ei lovfesting av dette ansvaret vil ha mange fordelar for elevane det gjeld, og familiane deira. Det vil sikre at retten til opplæring blir oppfylt, gi meir føreseielege vilkår, og det kan redusere risikoen for tap av verdifull opplæring for elevar som er i ein sårbar situasjon. Ein annan positiv effekt kan vere at eleven kan oppleve avveksling og normalitet i ein kvardag som elles kan vere prega av sjukdom, bekymring og unntakstilstand. Tiltaket kan også bidra til å avlaste familiane, ved at dei slepper praktiske utfordringar med å få gjennomført opplæring på heimstaden.

Departementet understrekar at det for mange barn som opplever periodar med alvorleg sjukdom i næraste familie, kan vere viktig å halde på kontakten med sitt vande skolemiljø. Hovudregelen også for elevar som er pårørande, bør vere at dei følgjer opplæringa ved heimskolen. Opplæringa kan også i kortare periodar givast som fjernundervisning dersom vilkåra for dette er oppfylte, sjå omtale i punkt 15. Det at ein elev ikkje kan komme på skolen fordi eleven er pårørande, kan vere ein god grunn til å gi opplæring som fjernundervisning og ein særleg grunn til å la eleven få fjernundervisning andre stader enn på skolen, sjå dei foreslåtte vilkåra for bruk av fjernundervisning i § 14-4. Om det er trygt og pedagogisk forsvarleg å gi opplæringa som fjernundervisning, må vurderast konkret, og det må leggjast til rette for at lærar og elev kan kommunisere effektivt, sjå punkt 15. Kommunen vil ikkje ha plikt til å tilby fjernundervisning i slike tilfelle, men dette kan i nokre tilfelle vere tenleg for ein kortare periode for å leggje til rette for at eleven kan følgje opplæringa på heimskolen og samtidig vere saman med familien i ein vanskeleg situasjon.

Departementet meiner at ansvaret til fylkeskommunen bør ta til å gjelde når institusjonsopphaldet truleg vil medføre meir enn fjorten dagars fråvær per skoleår for eleven. Til høyringsinnspel om at det er uheldig å avgrense retten til opplæring ved sjukehusskolen ved å stille krav til varigheit, understrekar departementet at det av pedagogiske og praktiske årsaker ikkje er tenleg at ansvaret til fylkeskommunen trer inn ved fråvær frå ordinær opplæring på berre få dagar. Fråværet kan vere knytt til eitt lengre sjukehusopphald eller gjentekne kortare sjukehusopphald ved alvorlege tilstandar. Spesialisthelsetenesta har ei målsetjing om å redusere talet på liggjedøgn for alle pasientar, sjølv dei med alvorlege kroniske tilstandar. Dette kan medføre utbreidd bruk av pendling til og frå institusjon som ligg langt frå heimen, og barnet eller søskenet kan i slike tilfelle ha behov for undervisning på eller i nærleiken av institusjonen, sjølv om fråværet ikkje er samanhengande.

Ansvaret bør reserverast for dei tilfella der elevane av ulike grunnar ikkje kan følgje opplæringstilbodet på heimstaden, til dømes på grunn av lang reiseveg mellom sjukehus og heimskole. For å vurdere om fråværet frå ordinær opplæring er av ein slik karakter at fylkeskommunen bør ha ansvaret for opplæringa til eleven, må det leggjast vekt på om eleven bur på eller i nær tilknyting til institusjonen på grunn av sjukdom hos søsken eller foreldre. Regelen bør opne for ein viss fleksibilitet, slik at det kan takast omsyn til særlege forhold hos den enkelte eleven og i den enkelte familien. Her har departementet tillit til at fylkeskommunane, kommunane og den familien det gjeld, finn fram til gode løysingar lokalt. Omsynet til det beste for barnet og retten barnet har til å bli høyrd, vil leggje rammer og føringar for når ansvaret til fylkeskommunen trer inn, sjå §§ 10-1 og 10-2.

For fylkeskommunane er det ein fordel at opplæringstilbod allereie er etablert for elevar som er innlagde i helseinstitusjon. Auken i talet på barn som vil ha behov for eit opplæringstilbod ved helseinstitusjonane på det foreslåtte grunnlaget, synest relativt avgrensa.

Departementet foreslår å vidareføre refusjonsretten for fylkeskommunen der ein helseinstitusjon ligg, frå fylkeskommunen der eleven var busett på innleggingstidspunktet. Refusjonsretten er avgrensa til innlegging i institusjonar som tilbyr tverrfagleg og spesialisert behandling for rusmiddelavhengige, og innlegging i psykisk helsevern. Departementet kan gi forskrift om satsar for refusjon.

Dersom opplæringa skjer i helseinstitusjon, skal institusjonen etter forslaget sørgje for nødvendige lokale. Dette inneber at lokala må vere eigna, og at dei må oppfylla alminnelege tekniske og tryggingsmessige krav i plan- og bygningslova og forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skoler.

Ansvaret til fylkeskommunen inneber at han må oppfylle alle rettar og plikter etter opplæringslova. Fylkeskommunen må sørgje for nødvendig undervisningsmateriell og utstyr i tråd med §§ 2-5 og 5-8. Sjå nærare omtale av desse reglane i punkt 9 og punkt 40.

Innsette i fengsel

Departementet foreslår å vidareføre ansvaret fylkeskommunen har for opplæring til innsette i fengsel. Når opplæringa finn stad i fengselet, må kriminalomsorga sørgje for nødvendige lokale. Når opplæringa finn stad utanfor fengselet, må fylkeskommunen sørgje for lokala. Lokala må vere eigna, og dei må oppfylle alminnelege tekniske og tryggingsmessige krav i plan- og bygningslova og forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skoler.

Ansvaret til fylkeskommunen inneber at han må oppfylle alle rettane og pliktene etter opplæringslova for innsette i fengsel. Fylkeskommunen må sørgje for nødvendig undervisningsmateriell og utstyr i tråd med §§ 2-5 og 5-8. Sjå nærare omtale av desse reglane i punkt 9 og punkt 40.

Departementet understrekar at ansvaret fylkeskommunen har etter paragrafen, berre skal omfatte opplæring i institusjon, i dette tilfellet for innsette i fengsel. Domfelte under andre straffegjennomføringsformer vil vere omfatta av dei andre reglane om ansvar. Sjå nærare omtala av rekkjevidda av ansvaret fylkeskommunen har, i merknaden til § 28-5.

53.5.3 Unntak frå ansvarsdelinga

Departementet foreslår å vidareføre høvet til å gjere unntak frå hovudreglane om kva opplæring kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for. Departementet meiner at det er tenleg å samle reglane om unntak frå ansvarsdelinga i ein paragraf, sjå § 28-6. Etter forslaget kan departementet i særlege tilfelle godkjenne at ein fylkeskommune har ansvar for grunnskoleopplæring, og at ein kommune har ansvaret for vidaregåande opplæring. Departementet kan vidare godkjenne at ein fylkeskommune står ansvarleg for vidaregåande opplæring i utlandet. Departementet understrekar at dei språklege justeringane i regelen samanlikna med dagens regel ikkje inneber ei realitetsendring. Om bakgrunnen for regelen viser departementet til vurderingane i Prop. 96 L (2010–2011) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (politiattest m.m.).

Vidare kan staten i særlege tilfelle vere ansvarleg for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring. Departementet ser at det i tilfelle der staten driv grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring, oppstår ulike spørsmål om kva for reglar i opplæringslova som gjeld for desse skolane. Staten driv i dag to samiske vidaregåande skolar. Utgangspunktet i dag er at dei statlege vidaregåande skolane er omfatta av dei same lovreglane som fylkeskommunale skolar. Enkelte reglar passar likevel dårlegare når staten er skoleeigar, og det kan oppstå tvil om kva reglar som gjeld.

Departementet meiner det ut frå ei naturleg forståing av lova som eit utgangspunkt må avgrensast mot plikter og reglar som gjeld for fylkeskommunen som ei administrativ eining og styresmakt. Dette er samtidig ikkje alltid eit heilt tydeleg skilje. For å sikre ei forsvarleg og rettssikker drift av skolane meiner departementet det kan vere tenleg å kunne regulere nærare kva for reglar som gjeld i desse tilfella, inkludert å kunne fastsetje enkelte reglar som avvik frå det som elles følgjer av lov og forskrift. Sjølv om det ikkje var foreslått i høyringa, foreslår departementet derfor å innføre ein heimel for departementet til å gi forskrift om rekkjevidda opplæringslova har for statleg grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, men slik at lova og forskriftene til lova gjeld med mindre noko anna blir fastsett. Eventuelle forslag til forskrifter om dette vil bli sende på høyring på vanleg måte.

53.5.4 Plikt til å stille ressursar til rådvelde

Departementet meiner at plikta kommunane og fylkeskommunane har til å oppfylle krava i lova, mellom anna å stille nødvendige ressursar til rådvelde, er overflødig. Kommunane og fylkeskommunane er ansvarlege for å oppfylle pliktene i lova. Dette inneber mellom anna å stille til rådvelde dei ressursane som er nødvendige for å oppfylle krava.

Til Utdanningsforbundets høyringsinnspel om at det er ein reell risiko for at økonomiske omsyn kan bli tillagde større vekt enn fagleg-pedagogiske vurderingar i spørsmål av fagleg-pedagogisk karakter, understrekar departementet at om det kan leggjast vekt på økonomiske omsyn i dei ulike skjønnsmessige vurderingane i lova, avheng av kva som skal vere grunnlaget for skjønnsutøvinga. Kva ansvar kommunen og fylkeskommunen konkret har, må derfor avklarast gjennom å tolke den konkrete lovregelen. Departementet foreslår på denne bakgrunnen å ikkje vidareføre reguleringa av plikta kommunen og fylkeskommunen har til å stille til rådvelde dei ressursane som er nødvendige for å etterleve lova.

53.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre dagens ansvarsdeling mellom kommunen og fylkeskommunen, sjå forslaget til §§ 28-1 og 28-2

  • å vidareføre ansvaret til fylkeskommunen for opplæring til dei som bur i barnevernsinstitusjon, dei som er innlagde i helseinstitusjon, og innsette i fengsel, sjå forslaget til §§ 28-3, 28-4 og 28-5

  • å innføre ein regel om at fylkeskommunen skal ha ansvar for opplæring til barn og søsken til innlagde i helseinstitusjon når institusjonsopphaldet truleg vil føre til meir enn 14 dagars fråvær per skoleår for barnet eller søskenet, sjå forslaget til § 28-4 første ledd andre punktum

  • å vidareføre at departementet i særlege tilfelle kan godkjenne unntak frå ansvarsdelinga, sjå forslaget til § 28-6

  • å innføre ein heimel for departementet til å gi forskrift om unntak frå reglane i lova og forskrifter til lova når staten driv grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, sjå forslaget til § 28-6 tredje ledd andre punktum

  • å ikkje vidareføre regelen om at kommunen og fylkeskommunen skal stille til rådvelde dei ressursane som er nødvendige for å etterleve lova

Til forsida