Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

18 Læremiddel

18.1 Innleiing

Dette punktet handlar om kva krav den nye opplæringslova skal stille til læremiddel, inkludert krav til språklege parallellutgåver på bokmål og nynorsk og krav til rettskriving i læremidla. Det handlar også om krav til skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk.

18.2 Dagens reglar

18.2.1 Opplæringslova og forskrift til opplæringslova

Krav om parallelle utgåver på bokmål og nynorsk (parallellitetskravet)

Opplæringslova § 9-4 handlar om lærebøker og andre læremiddel. Det følgjer av § 9-4 første ledd at i andre fag enn norsk kan skolane berre bruke lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og til same pris. Kravet om parallelle utgåver på bokmål og nynorsk til same tid og pris blir kalla parallellitetskravet. Departementet kan gjere unntak frå kravet i særlege tilfelle, jf. opplæringslova § 9-4 første ledd andre punktum. Parallellitetskravet er nærare regulert i forskrift til opplæringslova kapittel 17.

Eleven har rett til læremiddel på ønskt målform, jf. forskrift til opplæringslova § 17-1 første ledd første punktum. Kravet til språklege parallellutgåver skal gjere det enklare å realisere retten eleven har til å velje målform.

Parallellitetskravet gjeld for læremiddel. Med «læremiddel» siktar ein til alle trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast regelmessig og dekkjer dei vesentlege delane av kompetansemåla eller er viktige for dei grunnleggjande ferdigheitene, jf. forskrifta § 17-1 tredje og fjerde ledd. Det inneber at det gjeld same vurderingar for trykte og digitale element når det skal vurderast om krava til parallellitet gjeld.

Kravet om språklege parallellutgåver gjeld likevel ikkje for

  • faget norsk, jf. opplæringslova § 9-4 første ledd første punktum

  • fag med årskull på 300 eller færre elevar, jf. forskrift til opplæringslova § 17-1 andre ledd andre punktum

  • kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, aviser, oppslagsverk og liknande, jf. forskrift til opplæringslova § 17-2 andre ledd

  • læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del, jf. forskrift til opplæringslova § 17-2 tredje ledd

  • samiske læremiddel, jf. opplæringslova § 9-4 sjette ledd

Det er vanleg å skilje mellom læremiddel og læringsressursar, sjølv om læringsressursar ikkje er eit uttrykk som blir brukt i lovverket i dag. Slik uttrykket blir brukt i dag, kan læringsressursar ha fagleg innhald, gjerne av mindre omfang, og er ofte ikkje utvikla for bruk i skolen.

Krav til rettskriving, lesebøker, ordlister og ordbøker m.m.

Opplæringslova § 9-4 andre ledd handlar om rettskriving. Norske og samiske lærebøker og tilsvarande digitale læremiddel som blir brukte i skolen, skal vere i samsvar med offisiell rettskriving.

Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på begge skriftspråka, slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk, jf. opplæringslova § 9-4 tredje ledd. Ordlistene og ordbøkene som elevane bruker, skal vere godkjende av Språkrådet, jf. fjerde ledd. Kravet gjeld ikkje samiske ordlister og ordbøker eller tospråklege ordlister, til dømes frå engelsk til norsk.

Skolane skal ha tilgang til nødvendig utstyr, inventar og læremiddel, jf. opplæringslova § 9-3. Regelen opnar for at både grunnskolar og vidaregåande skolar kan oppfylle kravet om utstyr gjennom å disponere utstyr utanfor skolen, til dømes i lokale bedrifter. Regelen omfattar ikkje læremiddel og utstyr til eige bruk (individuelt utstyr), jf. merknad til paragrafen i Ot.prp. nr. 46 (1997–98) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Departementet har plikt til å sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisning, jf. opplæringslova § 5-9. Ansvaret for utarbeiding av læremiddel elles er ikkje lovregulert. Utarbeidinga av læremiddel skjer hos forlaga. Det er opp til skoleeigar og lærarane å halde elevane med læremiddel og å velje kva læremiddel dei ønskjer å ta i bruk.

18.2.2 Likestillings- og diskrimineringslova

Likestillings- og diskrimineringslova § 27 regulerer innhaldet i læremiddel og undervisninga. Regelen fastset at i barnehagar, skolar og andre utdanningsinstitusjonar som tilbyr opplæring, skal læremidla og undervisninga byggje på formålet i lova. Formålet med likestillings- og diskrimineringslova er «å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgaver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder og andre vesentlige forhold ved en person», jf. § 1. Det er presisert i forarbeida til lova i Prop. 81 L (2016–2017), kapittel 25.8.3, side 255, at regelen ikkje krev at undervisninga og læremidla «bevisst tar sikte på å fremme lovens formål». Vidare må regelen tolkast i lys av ytringsfridommen.

Likestillings- og diskrimineringslova § 18 inneheld krav til universell utforming av IKT. Den tilhøyrande forskrifta, forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger (forskrift 21. juni 2013 nr. 732), omfattar nettløysingar, irekna digitale læremiddel, og automatar. Verksemder i opplærings- og utdanningssektoren har plikt til å sørgje for at eksisterande og nye IKT-løysingar er universelt utforma.

18.3 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre parallellitetskravet, og unntaka frå desse, men å ikkje vidareføre heimlar for departementet til å fastsetje forskrift om og gjere unntak frå parallellitetskravet

  • å vidareføre krava til rettskriving og godkjende ordlister og ordbøker

  • å ikkje vidareføre kravet om lesebøkene i norskfaget

  • å ikkje vidareføre kravet om å følgje læreboknormalen

  • å ikkje vidareføre reglane om utstyr og plikta staten hadde til å sørgje for læremiddel

  • å lovfeste at skolen, så langt det er mogleg, skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving

Departementet følgde i hovudsak opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 32. Forslaget om å lovfeste at skolen, så langt det er mogleg, skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving, var nytt sammenlikna med forslaget frå utvalet.

18.4 Høyringsinstansanes syn

18.4.1 Parallellitetskravet

Om lag 85 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre parallellitetskravet. Eit stort fleirtal av desse støttar at parallellitetskravet med unntaka blir vidareførte.

Fleire støttar likevel forslaget delvis og peikar på at kravet bør utvidast. Mellom anna Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa viser til at dei som utviklar læremiddel, omgår parallellitetskravet ved å utnytte skiljet mellom læremiddel og læringsressursar, og at læringsressursar derfor må inngå i kravet. Også Landssamanslutninga av nynorskkommunar meiner kravet må utvidast, og at digitalt utstyr og programvare også må omfattast. Utdanningsforbundet støttar vidareføringa, men understrekar at kravet ikkje blir oppfylt eller etterprøvd i dag.

Nokre høyringsinstansar, mellom anna Sametinget og Utdanningsforbundet, ønskjer at parallellitetskravet også skal gjelde for læremiddel på dei samiske språka. Utdanningsforbundet vedgår at det vil vere svært krevjande å realisere dette, men meiner at det er nødvendig for å betre læremiddelsituasjonen for samiske elevar.

Fleire høyringsinstansar, mellom anna Språkrådet, har innspel til sjølve læremiddeldefinisjonen i forslaget til § 15-3 og ønskjer at denne blir oppdatert. Det blir mellom anna vist til at skiljet mellom læremiddel og læringsressursar er noko uklart, og at læremiddelsituasjonen må vere tilpassa dagens bruk av digitale plattformer og læringsverktøy.

Få høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å ikkje vidareføre heimelen til å fastsetje nærare reglar om parallellitetskravet i forskrift, og heimelen for departementet til å gjere unntak frå parallellitetskravet. Blant desse er det støtte for å ikkje vidareføre heimlane. Mellom anna Språkrådet, Vikenfylkeskommune og Utdanningsforbundet meiner det ikkje er behov for å vidareføre desse.

18.4.2 Krav til rettskriving, godkjende ordlister og ordbøker, lesebøker i norskfaget, utstyr og inventar og plikta til å sørgje for læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring

Om lag 35 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre krava til rettskriving og godkjende ordlister og ordbøker. Alle høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar forslaget heilt eller delvis. To høyringsinstansar, Deanu Sámeskuvla og Statped, støttar forslaget delvis og meiner at kravet til godkjende ordlister og ordbøker også må gjelde for samiske språk.

Om lag 45 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om ikkje å vidareføre krava til lesebøker i norskfaget. Fleirtalet av desse ønskjer å behalde kravet og er dermed imot forslaget. Noregs Mållag meiner at å fjerne kravet i praksis opnar for at nynorskelevar får læremiddel på bokmål i norskfaget frå første dag i barneskolen. Språkrådet viser til at regelen er nødvendig for likestillinga mellom bokmål og nynorsk, og at lovkravet er der for å sikre at også framtidige læreplanar inneheld kompetansekrav i lesing på bokmål og nynorsk. Dei meiner derfor at det ikkje er tilstrekkeleg at dette kjem fram av læreplanane. Språkrådet er likevel samd med departementet i at omgrepet «lesebøker» er uklart, og foreslår ei anna formulering av regelen.

Om lag 25 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om ikkje å vidareføre regelen om krav til utstyr, inventar og læremiddel i skolen. Eit stort fleirtal støttar ikkje forslaget og meiner at regelen må førast vidare. Mellom anna NHO viser til at utstyrssituasjonen er avgjerande for kvaliteten på utdanninga, og at utstyrssituasjonen allereie i dag er for dårleg. Maskinentrepenørenes forbund er samde i at regelen i teorien er unødvendig, men at ho ikkje bør fjernast sidan utstyrssituasjonen er så dårleg at det ikkje må gjerast endringar som kan svekkje tilgangen ytterlegare.

Om lag 27 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å ikkje vidareføre regelen om plikta staten har til å sørgje for læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring. Eit stort fleirtal støttar ikkje forslaget. Mellom anna Likestillings- og diskrimineringsombodet meiner at regelen må vidareførast, og meiner det er behov for å gjere tydeleg kva forpliktingar skolane og staten har når det gjeld individuell tilrettelegging.

Om lag 60 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å lovfeste at skolen så langt det er mogleg, skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk. Alle støttar forslaget heilt eller delvis. Mellom anna Språkrådet viser til at skriveprogram med støtte for nynorsk er avgjerande for at elevane skal kunne levere nynorsktekstar under same føresetnader som bokmålstekstar.

Viken fylkeskommune meiner det er behov for opning for unntak for skriveprogram som til dømes ikkje har tilfredsstillande nynorsk. Møre og Romsdal fylkeskommune viser til at det er viktig at skriveprogram støtter både bokmål og nynorsk, og meiner at ein føresetnad for å opne for unntak må vere at innkjøparar og sentrale styresmakter framleis legg press på aktørane som endå ikkje tilbyr tilstrekkeleg støtte, og at unntaket ikkje blir ein snarveg for skolar og tilbydarar.

Fleire høyringsinstansar meiner at det ikkje skal vere mogleg å gjere unntak. Mellom anna Språkrådet, Utdanningsforbundet og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa meiner at regelen ikkje må innehalde unntak. Språkrådet viser til at det i dag er fullt mogleg å berre bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og at det derfor ikkje er nødvendig med unntak. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa skriv:

Nynorsksenteret støttar departementet sin intensjon i vurderingane kring digitale verktøy, og ser at ein lovtekst som inkluderer alle digitale verktøy i parallellitetskravet, potensielt kan skapa andre utfordringar for elevar og skolar i nynorskkommunane. Men for å sikra nynorskelevane sine språklege rettar i den digitale skolekvardagen trengst det ein sterkare og meir eintydig lovtekst enn det som er føreslått i § 15-4.
Intensjonen i å definera inn skriveprogram med støtte for bokmål og nynorsk for å kompensera for dette er god, men erfaringa med teknologiprodusentane syner at me treng ei lovformulering utan smotthol. Særleg er formuleringa «[s]å langt råd er» ubrukeleg som kriterium for å oppnå reell endring på dette området.

18.5 Departementets vurdering

18.5.1 Om nemningane læremiddel, læringsressursar og verktøy

Reglane om læremiddel i skolen er med på å definere kva som blir forstått med læremiddel. Etter dagens reglar er det berre det som blir definert som læremiddel, som blir omfatta av parallellitetskravet. Departementet ser derfor behov for å gjere tydeleg og avklare korleis nemningane «læremiddel», «læringsressursar» og «(digitale) verktøy» er definerte og avgrensa i samband med grunnskole og vidaregåande opplæring.

Det er i dag fire vilkår for at noko kan kallast eit «læremiddel» og dermed blir omfatta av parallellitetskravet: Dei er 1) trykte eller digitale, 2) dei er utvikla til bruk i opplæringa, 3) dei skal brukast jamleg i opplæringa, og 4) dei dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget. Dette følgjer av dagens forskrift til opplæringslova § 17-1 tredje og fjerde ledd. Definisjonen er foreslått vidareført i § 15-3 første ledd.

Læremiddel er ikkje det same som læringsressursar. Læringsressursar kan ha fagleg innhald, gjerne i mindre omfang og i avgrensa emne og tema. Departementet skil dessutan mellom ressursar generelt som kan brukast i opplæringa (til dømes avisartiklar eller leksikon og kjelder på internett), og læringsressursar som er utvikla for bruk i opplæringa.

Vidare definerer departementet verktøy som hjelpemiddel utan spesifikke innhaldskomponentar. Det kan i prinsippet gjelde alle fysiske og digitale verktøy frå blyant og skrivebok, til PC og iPad, men også ulike former for programvare som skriveprogram, rekneark og andre former for kontorstøtteverktøy eller verktøy for å produsere animasjonar, bøker eller liknande. Enkelte slike digitale verktøy er utvikla spesifikt for bruk i opplæringa, medan andre er generelle verktøy som blir nytta i arbeidslivet eller privatlivet.

18.5.2 Parallellitetskravet

Parallellitetskravet og unntak

Departementet foreslår å vidareføre kravet om at skolane berre kan bruke læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og til same pris (parallellitetskravet). Parallellitetskravet har ein viktig språkpolitisk funksjon og bidreg til at det blir utarbeidd læremiddel på både bokmål og nynorsk. Dette er særleg viktig for nynorskelevane.

Dagens lov og forskrift inneheld fleire unntak frå kravet om språklege parallellutgåver. Departementet foreslår å vidareføre unntaka frå parallellitetskravet. Departementet foreslår å regulere både parallellitetskravet og unntaka frå kravet samla i lova. Forslaget inneber at det framleis skal vere unntak frå kravet om språklege parallellutgåver i faget norsk, i fag med årskull med 300 eller færre elevar og for læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del. Departementet meiner at å samle hovudregelen og unntaka vil bidra til at regelverket blir tydelegare og dermed enklare å rette seg etter.

Parallellitetskravet gjeld læremiddel

Departementet meiner at parallellitetskravet framleis berre skal omfatte læremiddel. Departementet foreslår å regulere kva som blir definert som læremiddel, i lova. Forslaget inneber å vidareføre vilkåra for at noko kan kallast eit læremiddel. Departementet meiner at å flytte definisjonen til lova vil bidra til at regelverket blir tydelegare.

Læremiddel er trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget.

Departementets forslag til ny lovregel inkluderer ikkje dagens unntak som gjeld kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, avisar, oppslagsverk og liknande. Dette er kjelder som ikkje er utvikla for bruk i opplæringa, og som dermed ikkje fell inn under definisjonen av læremiddel. Departementet meiner det er unødvendig å presisere i lova at parallellitetskravet ikkje gjeld for samiske læremiddel.

Fleire høyringsinstansar meiner at parallellitetskavet må utvidast, slik at det også omfattar læringsressursar. Departementet meiner parallellitetskravet ikkje bør utvidast til å gjelde andre ressursar enn læremiddel. Ei slik utviding ville avgrensa det pedagogiske og faglege handlingsrommet til skolane. Til dømes skal det vere praktisk mogleg å gi alle elevar ei variert opplæring som er i samsvar med læreplanverket eller den individuelle opplæringsplanen. Skolane skal også kunne drive tilpassa opplæring. Det er derfor viktig at skolane kan ta i bruk ressursar som ikkje nødvendigvis er laga for bruk i opplæringa, og som det er ikkje er tenleg å regulere i opplæringslova.

Samtidig understrekar departementet at samansetninga av læremiddel og ressursar som blir brukte, i sum skal støtte opp under skriftspråket til eleven. Kva som blir omfatta av parallellitetskravet, skal sjåast i samanheng med retten elevane har til å velje om læremidla deira skal vere på bokmål eller nynorsk. Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sjå til at elevane i størst mogleg grad møter læremiddel på sitt eige skriftspråk. Kommunen og fylkeskommunen må vurdere om den samla bruken av læremiddel og læringsressursar på skriftspråket til eleven er tilstrekkeleg for å oppfylle retten til eleven.

Departementet ser også at fleire høyringsinstansar meiner at parallellitetskravet må omfatte digitale verktøy som kontorstøtteprogram, operativsystem og liknande. Departementet forstår intensjonen bak desse innspela, men meiner det vil vere utfordrande å stille eit slikt absolutt krav til alle digitale verktøy. Dersom skolen bruker eit program som ikkje har tilfredsstillande nynorsk, vil parallellitetskravet føre til at skolen må slutte å bruke det aktuelle programmet. Vidare kan det vere utfordrande for kommunar og fylkeskommunar som ønskjer å bruke same kontorstøtteprogram i alle delane av verksemda. Departementet legg likevel til grunn at kommunen eller fylkeskommunen ofte vil ha same administrasjonsspråk som hovudmålet i skolen, og det er derfor ikkje sikkert at eit parallellitetskrav for digitale verktøy i skolen vil leggje avgrensingar på resten av verksemda. Det primære formålet med parallellitetskravet er likevel å sikre elevane, uavhengig av skriftspråk, lik tilgang på læremiddel på eige hovudmål. For å komme innspela til møtes foreslår departementet heller eit krav til skriveprogram, sjå punkt 18.5.3.

Departementet foreslår å ikkje vidareføre dagens heimel til at departementet kan gi forskrift om kva læremiddel som er omfatta av parallellitetskravet. Kva som er omfatta av parallellitetskravet, som i dag er regulert i forskrift, er foreslått flytta til lova.

Departementet foreslår vidare å ikkje vidareføre regelen om at departementet kan gjere unntak frå parallellitetskravet i særlege tilfelle. I forarbeida til lova, i Ot.prp. nr. 46 (1997–98) side 182, er det lagt til grunn at det kan vere aktuelt å bruke unntaksheimelen «til å tillate begge målformer i den same boka, og til å gi mellombels unntak frå kravet om samtidig utgivning der parallellutgåva har vore forseinka grunna produksjonstekniske tilhøve».

Heimelen har ikkje vore teken i bruk dei siste åra, og departementet meiner det ikkje er behov for å vidareføre heimelen. Det har heller ikkje komme innspel i høyringa om at det er behov for ein unntaksheimel.

Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for å oppfylle parallellitetskravet

Etter departementets forslag er det «skolen» som skal bruke læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for å oppfylle parallellitetskravet, sjå omtale av kommunanes og fylkeskommunanes ansvar i punkt 53.

Ein del høyringsinstansar viser til at parallellitetskravet ikkje blir etterlevd i dag. Departementet meiner det er viktig at kommunane og fylkeskommunane er ansvarsmedvitne, og at dei både etterlever parallellitetskravet, og at elevane får tilgang på læremiddel på skriftspråket sitt. Det er statsforvaltaren som fører tilsyn med desse reglane. Statleg tilsyn med kommunar og fylkeskommunar er omtalt i punkt 60.

Læremiddel på samisk

I konsultasjonar med departementet har Sametinget gitt innspel om at det må bli innført ein rett til læremiddel på samisk i form av ein regel i opplæringslova om at alle læremiddel som hovudregel må liggje føre på bokmål, nynorsk, nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk til same tid. Sametinget har peika på at læremidla er lærarens viktigaste verktøy i opplæringa, og Sametinget erfarer at læremiddelsituasjonen ikkje vil bli forbetra dersom lova ikkje forpliktar tilgangen til samiske læremiddel. Derfor er det prinsipielt viktig for Sametinget at samiske læremiddel i større grad blir forankra i lovverket. Sametinget har vist til Riksrevisjonens undersøking av retten til opplæring i og på samisk for samiske elevar. Sametinget har også vist til Sametingets supplerande rapport til FNs barnekomité frå 2017.

Departementet har forståing for at læremiddelsituasjonen knytt til samiske læremiddel er vanskeleg, men meiner likevel at ein slik regel ikkje bør innførast. Departementet trur ikkje det er praktisk mogleg at alle læremiddel skal liggje føre på nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk til same tid. Vidare vil ein slik regel avgrense kva læremiddel skolane kan ta i bruk, dersom Sametinget, som har ansvar for å utvikle samiske læremiddel, ikkje greier å utvikle desse «til same tid».

Departementet meiner at vi bør søkje å forbetre situasjonen for samiske læremiddel gjennom andre verkemiddel enn ved lov.

Riksrevisjonen konkluderer i undersøkinga si av retten samiske elevar har til opplæring i og på samisk (Dokument 3:5 (2019–2020)), at mangelen på samiske læremiddel svekkjer opplæringstilbodet til elevane. Rapporten viser at det er fleire utfordringar. Blant anna har læremiddel dårleg kvalitet, det manglar oversikt over eksisterande læremiddel og det manglar tilgang til digitale læremiddel. Vidare finst det få læremiddel for vidaregåande opplæring, og særleg i lule- og sørsamisk manglar det læremiddel i fleire kjernefag, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Det er eit mål at læremidla blir lagde til rette for innhaldet i dei samiske læreplanane, og ei direkte omsetjing av norske læremiddel er derfor ikkje nødvendigvis eit godt alternativ. Det er Sametinget som har ansvaret for å utvikle dei samiske læremidla. Sametinget har utarbeidd ein handlingsplan for læremiddelutvikling 2020–2023. Handlingsplanen omfattar visjonar, tiltak og fokusområde for utvikling av læremiddel.

18.5.3 Krav til rettskriving i læremiddel, godkjende ordlister og ordbøker og krav til skriveprogram

Krav til rettskriving i læremiddel

Departementet foreslår å vidareføre kravet om at norske og samiske læremiddel skal følgje offisiell rettskriving. Det er viktig at læremidla elevane tek i bruk, følgjer offisiell rettskriving, og eit krav om dette i lova kan bidra til at forlaga prioriterer den språklege kvalitetssikringa av dei norskspråklege og samiskspråklege læremidla.

Krav til godkjende ordlister og ordbøker

Departementet foreslår å vidareføre kravet til godkjende ordlister og ordbøker. Krav til godkjende ordlister og ordbøker skal motverke at forlaga tilbyr skolane produkt som ikkje er kvalitetssikra språkleg, og redusere risikoen for at ordlister og ordbøker ikkje har god nok kvalitet. Kommunane og fylkeskommunane bør derfor ikkje kunne tilby elevane ordlister og ordbøker som ikkje er godkjende av Språkrådet.

Krav om at skriveprogram skal støtte bokmål og nynorsk

Departementet ser at mange høyringsinstansar ønskjer at digitale verktøy, slik som skriveprogram, skal omfattast av parallellitetskravet. Departementet foreslår i punkt 18.5.2 å vidareføre at parallellitetskravet berre skal omfatte det som blir definert som læremiddel. Departementet vil likevel foreslå ein eigen regel om at skriveprogram skal støtte både bokmål og nynorsk.

Departementet foreslår eit krav om at skolen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving. Departementet er samd med dei høyringsinstansane som meiner at det ikkje er nødvendig med eit unntak, slik at skolane kan ta i bruk skriveprogram som ikkje har tilfredsstillande nynorsk, dersom det ikkje er mogleg å velje eit skriveprogram som har det. Så lenge det finst skriveprogram på marknaden som tilbyr både tilfredsstillande bokmål og nynorsk, bør det vere mogleg for skolane å byte til dette dersom dei i dag bruker skriveprogram som ikkje støttar det. Eit krav utan unntak vil også skape press på produsentar av skriveprogram til å forbetre produkta sine, og dette kan bidra til at skriveprogram med tilfredsstillande nynorsk blir meir tilgjengelege.

Forholdet mellom språklova og opplæringslova

Ny språklov tok til å gjelde 1. januar 2022. Etter språklova § 10 gjeld det eit generelt krav om at offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk.

Språklova skil mellom administrativ og pedagogisk verksemd, og ho gjeld som hovudregel berre for administrativ verksemd. Lova regulerer ikkje den pedagogiske verksemda eller tilgangen på språkleg kvalitetssikra læremiddel, slik opplæringslova gjer.

Vidare regulerer dei to lovene ulike situasjonar. Formålet med å regulere rettskriving i opplæringslova er at elevane skal lære seg rettskriving gjennom å bruke læremiddel og oppslagsverk som viser fram den offisielle rettskrivinga. Formålet i språklova er å få offentlege organ til å skrive korrekt fordi dette er med på å tryggje posisjonen til norsk som samfunnsberande språk.

Språklova § 10 gir ikkje reglar for samisk rettskriving. Å vidareføre kravet om offisiell rettskriving i læremiddel er derfor svært viktig for samisk språk. Departementet meiner det er viktig å sikre nye generasjonar samiske språkbrukarar god opplæring i skriftspråket og tilgang til læremiddel og god språkleg kvalitet. Dette blir ikkje styrt av språklova aleine, og opplæringslova er derfor også eit sentralt verkemiddel for å styrkje skriftspråkopplæringa i samisk.

18.5.4 Krav til dei trykte læremidla i norskfaget

Departementet meiner det er viktig med eit lovkrav som synleggjer at elevane skal lære å lese begge skriftspråka. Læremiddel i norskfaget er fritekne frå kravet til parallelle utgåver på bokmål og nynorsk, sjå punkt 18.5.2. Elevane bør likevel møte nok tekstar på både bokmål og nynorsk i norskfaget.

Departementet ser at fleirtalet av høyringsinstansane ønskjer at kravet til lesebøkene i norsk blir vidareført. Det blir mellom anna vist til at kravet er nødvendig for likestillinga mellom bokmål og nynorsk.

Departementet meiner at måten lovkravet er formulert på i dag, ikkje er treffande for formålet. Uttrykket «lesebøker» er eit noko uklart og utdatert omgrep. Uttrykket blir ikkje brukt elles i regelverket eller i læreplanen og har ingen klar definisjon. I leseopplæringa blir det ofte brukt eit breitt tilfang av kjelder, ikkje ei enkelt «lesebok». Formålet med dagens regel er at elevane skal lese nok bokmål og nynorsk til at dei lærer seg begge skriftspråka.

Departementet meiner at kravet bør vidareførast, men foreslår å omformulere regelen. Departementet foreslår at dei trykte læremidla i norskfaget samla skal ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at elevane lærer å lese begge skriftspråka.

18.5.5 Krav til utstyr, inventar og læremiddel i skolen

Departementet foreslår å vidareføre regelen om krav til utstyr, inventar og læremiddel i skolen. Eit stort fleirtal av høyringsinstansane støttar ikkje at kravet blir fjerna frå lova, og er bekymra for læremiddel- og utstyrssituasjonen i skolane. Departementet er samd i at sjølv om skolane uansett må ha nødvendig utstyr, inventar og læremiddel for å kunne gi elevane opplæringa dei har rett på, kan det gi ein uheldig signaleffekt å fjerne kravet.

18.5.6 Plikta staten har til å sørgje for læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring

Departementet foreslår å vidareføre regelen om plikta staten har til å sørgje for læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring. Regelen inneheld ikkje kvalitative eller kvantitative krav. Likevel har regelen betydning, og departementet meiner at han bør bli verande i lova. Sjølv om staten uansett vil halde fram med å løyve midlar til utviklinga av desse læremidla, meiner departementet at ansvaret til staten bør vere synleggjort i lova.

18.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre parallellitetskravet med unntak, sjå forslaget til § 15-3 tredje ledd

  • å vidareføre krava til rettskriving i læremiddel og godkjende ordlister og ordbøker, sjå forslag til §§ 15-3 andre ledd og 15-4 første ledd

  • å vidareføre krav til trykte læremiddel i norskfaget med ein justering, sjå forslag til § 15-3 siste ledd

  • å vidareføre reglane om krav til utstyr, inventar og læremiddel i skolen, sjå forslag til § 15-6

  • å vidareføre plikta staten har til å sørgje for læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring, sjå forslag til § 11-14

  • å lovfeste at skolen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving, sjå forslaget til § 15-4 andre ledd

Til forsida