Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

37 Skyss, reisefølgje og losji

37.1 Innleiing

Dette punktet handlar om rett til skyss for elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. I tillegg handlar punktet om retten elevar har til reisefølgje og tilsyn i samband med skyss og om losji når dagleg skyss ikkje er forsvarleg. Rett til skyss for vaksne er omtalt i punkt 43.28.

Retten til skyss er ein integrert del av retten til gratis skolegang. Mange elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa er avhengige av skyss for å komme seg til og frå der dei bur, og staden dei får opplæring.

37.2 Dagens reglar

37.2.1 Skyss mellom heimen og skolen

Kven reglane gjeld for

Det følgjer av opplæringslova kapittel 7 at elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa har rett til gratis skyss mellom heimen og skolen når visse vilkår er oppfylt. Dei som har læretid i bedrift, har ikkje rett til skyss.

Rett til skyss på grunn av lengda på skolevegen

Retten til gratis skyss er først og fremst knytt til lengda på skolevegen: 2 km for elevar på 1. trinn, 4 km for elevar på 2. til 10. trinn og 6 km for elevar i vidaregåande skole. Dette følgjer av opplæringslova §§ 7-1 og 7-2. Det er presisert i forarbeida til lova, Ot.prop. nr. 46 (1997–98), at lengda på skolevegen skal reknast frå dør til dør «etter farande veg».

For elevar i vidaregåande skole kan fylkeskommunane velje om elevane skal tilbydast gratis skyss som fylkeskommunane organiserer, eller om elevane skal få dekt skyssen med full skyssgodtgjering og ordne den praktiske gjennomføringa sjølv, jf. opplæringslova § 7-2 første ledd.

Departementet kan gi forskrift om at skyssbehovet til elevar i vidaregåande skole kan dekkjast på andre måtar, til dømes rabattordningar på offentleg transport, jf. opplæringslova § 7-2 første ledd tredje punktum.

Rett til skyss uavhengig av lengda på skolevegen

Elevar med behov for skyss på grunn av nedsett funksjonsevne eller mellombels skade eller sjukdom har rett til gratis skyss uavhengig av kor lang skolevegen er, jf. opplæringslova § 7-3.

Elevar i grunnskolen har også rett til gratis skyss uavhengig av avstand når skolevegen er «særleg farleg eller vanskeleg», jf. opplæringslova § 7-1 første ledd andre punktum. I vurderinga av om eleven har rett til skyss, skal alle relevante omsyn kartleggjast, jf. Ot.prp. nr. 46 (1997–98), kapittel 16.

I tillegg har elevar som treng transport med båt, rett til slik transport gratis, utan omsyn til avstanden mellom heim og skole, jf. § 7-1 andre ledd og § 7-2 første ledd andre punktum.

Skyss for elevar som reiser frå to bustader

Verken opplæringslova eller forarbeida til lova omtaler retten til skyss for elevar som reiser til skolen frå to ulike foreldreheimar, anten på grunn av at barnet bur fast hos dei begge, eller på grunn av avtalt eller fastsett samvær.

Kunnskapsdepartementet har i brev 29. juni 2017 til Sivilombodet (tidlegare Sivilombodsmannen) slått fast at barn kan ha rett til skyss til og frå skolen frå begge heimane når foreldra ikkje bur saman. Dette er presisert i Utdanningsdirektoratets rundskriv 2-2019. Kvar av reisestrekningane skal vurderast for seg. Retten til skyss gjeld også dersom ein av foreldra bur utanfor kommunen eller fylket der skolen ligg. Skyssretten er ikkje avhengig av bustadordning. Korleis tida er fordelt mellom foreldra, har ikkje betydning for retten til skyss. For at barnet skal ha rett til skyss, må likevel opphald hos kvar av foreldra vere ei fast, planlagd og regelmessig ordning. Improviserte, enkeltståande besøk gir ikkje rett til skyss.

Skyss til og frå skolefritidsordninga og leksehjelpetilbod

Elevane har som hovudregel ikkje rett til skyss mellom heimen og skolefritidsordninga (SFO). Unntak frå hovudregelen gjeld for elevar med nedsett funksjonsevne, mellombels skade eller sjukdom og som på grunn av dette har behov for skyss. Desse elevane har rett til skyss mellom heimen og SFO, jf. opplæringslova § 7-3 andre ledd. Retten er knytt til opningstida for SFO og gjeld skyss til SFO før skoletid og heim frå SFO om ettermiddagen. Retten omfattar ikkje skyss til og frå SFO i skoleferiane.

Elevar har ikkje rett til skyss til og frå leksehjelpetilbodet. Opplæringslova gir heller ikkje rett til skyss til og frå kulturskoletilbod.

37.2.2 Reisefølgje og tilsyn i samband med skoleskyss

Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring som har rett til skyss, har rett til nødvendig reisefølgje, tilsyn eller begge delar. Dette følgjer av opplæringslova § 7-4. Retten til reisefølgje gjeld elevar som må ha følgjesperson for å kunne nytte seg av skoleskyssen, i hovudsak elevar med nedsett funksjonsevne, mellombels skade eller sjukdom.

Retten til tilsyn gjeld først og fremst når elevane på grunn av skoleskyssen eller organisering av skoledagen må vente på skoleområdet før og etter skoletid. I slike tilfelle må kommunen eller fylkeskommunen sørgje for det tilsynet som er nødvendig. Kva som er nødvendig, vil avhenge av alderen på elevane og evna til å klare seg sjølv. Ein elev kan også ha rett til tilsyn når byte av skyssmiddel fører eleven i særleg farlege situasjonar, jf. merknader til § 7-4 i Ot.prp. nr. 46 (1997–98). Det følgjer av dei same forarbeida at tilsynsplikta til fylkeskommunane berre omfattar elevar som på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje kan greie seg aleine i ventetida fram til skyssmiddelet går, eller til skoledagen startar.

Retten til reisefølgje og tilsyn gjeld også for elevar med nedsett funksjonsevne, mellombels skade eller sjukdom som får skyss til og frå skolefritidsordninga, jf. § 7-3 andre ledd siste punktum.

37.2.3 Moglegheita kommunane har til å stille vilkår om eigenbetaling av skyss når ein elev får innvilga søknad om skolebyte

Retten til skyss gjeld mellom heimen til eleven og skolen utan nærare presisering av om dette er nærskolen til eleven eller den skolen eleven til kvar tid går på, jf. opplæringslova §§ 7-1 og 7-2. I opplæringslova § 8-1, som gir reglar om skoletilhøyrsel og presiserer at ein elev kan søkje seg til ein annan skole enn den eleven soknar til, er det ikkje gitt reglar om at kommunen kan stille vilkår når kommunen innvilgar ein søknad om å gå på ein annan skole og det er heller ikkje kommentert i forarbeida til lova.

Etter ei konkret vurdering med utgangspunkt i grunngivinga for søknaden om skolebyte har det vore praksis at kommunane i nokre tilfelle kan stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss ved innvilging av søknaden. Departementet skreiv om adgangen til å stille vilkår i brev til Sivilombodet 29. mai 2018:

Ut fra en samlet vurdering mener departementet derfor at lovens rett til gratis skyss til og fra «skolen» må forstås slik at den skal bidra til å sikre elevens rett til gratis skolegang. Den hindrer ikke at kommunen kan stille vilkår om betaling av skoleskyss dersom kommunen, innen rammen av det lokale selvstyret, innvilger søknader om skolebytte når det ikke er nødvendig for å oppfylle elevenes rettigheter.

Sivilombodet la i sak SOM-2017-3746 til grunn at staten meiner formålsbetraktningar knytt til samanhengen mellom retten eleven har til grunnskoleopplæring og retten til gratis skyss opnar for at det i nokre tilfelle kan stillast vilkår om eigenbetaling av skyssutgifter ved innvilging av søknad om annan skoleplass, så lenge retten til opplæring alt er sikra ved «nærskolen».

Det er ikkje mogleg å stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss dersom grunnen for å byte skole er å sikre retten til opplæring, til dømes for å hindre mobbing eller sikre retten til eit godt skolemiljø eller betre tilpassa opplæring, jf. Utdanningsdirektoratets rundskriv 2-2019. Dersom grunnen til søknaden om skolebyte derimot er å behalde kontakt med venner og å lette praktiske forhold for foreldra, kan det vere lov å stille vilkår om eigenbetaling av skyssen for å godta søknad om skolebyte.

37.2.4 Ansvaret for skyss, reisefølgje og tilsyn

Ansvarsfordeling mellom kommunane og fylkeskommunane

Ansvaret for skyss til og frå skolen, reisefølgje og tilsyn er fordelt mellom kommunane og fylkeskommunane, jf. opplæringslova § 13-4. Den som har ansvaret for å oppfylle retten til skyss, har også ansvaret for å gjere enkeltvedtak om skyss i tråd med reglane i forvaltningslova.

Fylkeskommunane har ansvaret for å oppfylle retten til skyss på grunn av lengda på skolevegen for elevar både i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunane skal også oppfylle skyssrettane for elevar med nedsett funksjonsevne, mellombels skade eller sjukdom og retten til nødvendig båtskyss. Kommunane skal dekkje vanleg persontakst for grunnskoleelevar og betaler refusjon til fylkeskommunane for dette. Fylkeskommunane har i tillegg ansvaret for å oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for elevar i den vidaregåande opplæringa.

Kommunane har ansvaret for å oppfylle retten til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg som er kortare enn 2 eller 4 km. Så lenge rettane blir oppfylt, kan kommunane la elevane bruke skyssruter som fylkeskommunane har etablert. Kommunane skal i slike tilfelle dekkje vanleg persontakst.

Kommunane skal også oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for grunnskoleelevar og må dekkje alle kostnader knytte til tilsynet eller reisefølgjet, til dømes lønn og reiseutgifter for følgjespersonen.

Skysstilbodet må vere forsvarleg

Den som har ansvaret for skysstilbodet etter opplæringslova § 13-4, har også ansvaret for at tilbodet er forsvarleg for den enkelte eleven. Dette følgjer av forarbeida til lova, Ot.prp. nr. 46 (1997–98) merknad til § 13-4:

Når fylkeskommunen har ansvaret for skyssen, må fylkeskommunen sørgje for at skyssen er forsvarleg heilt frå skolen og fram til heimen. Departementet viser i denne samanhengen til kommentaren til § 7-1 første leddet i lovutkastet, der det heiter at fylkeskommunen i vurderinga av rimeleg gangavstand til skyssmiddel blant anna skal leggje vekt på alderen til eleven, på trafikktryggleik og på kor framkommeleg vegen er.

At skysstilbodet skal vere forsvarleg, inneber også at standardane som gjeld for offentleg transport, må følgjast. Det betyr mellom anna at ein skolebuss eller drosje ikkje kan ta med fleire elevar enn bussen eller drosjen er godkjend for.

Korleis skoleskyssen skal organiserast

Det går ikkje fram av lova korleis skoleskyssen skal organiserast, anna enn at fylkeskommunane skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunane, jf. opplæringslova § 13-4 andre ledd. Ifølgje merknadene til paragrafen, Ot.prp. nr. 46 (1997–98), inneber dette at kommunen skal vurdere organiseringa av skoleskyssen når timeplanen og skoleruta skal fastsetjast. Departementet har mynde til å gi rettsleg bindande pålegg dersom kommunen og fylkeskommunen ikkje blir samde om organiseringa.

37.2.5 Losji

Losji for elevar i grunnskolen

Dersom dagleg skyss ikkje vil vere forsvarleg, skal kommunen sørgje for at grunnskoleelevar blir innlosjerte, jf. opplæringslova § 7-1 fjerde ledd første punktum.

Sidan barn har plikt til grunnskoleopplæring, har elevar i grunnskolen plikt til å bu ein annan stad enn i heimen dersom det er uforsvarleg med dagleg skyss til og frå heimen. Plikta står ikkje uttrykkjeleg i dagens opplæringslov, men følgjer av forarbeida til lova, Ot.prp. nr. 46 (1997–98), kapittel 16.4.2.

Om dagleg skyss er forsvarleg, blir avgjort etter ei konkret vurdering. Vurderinga baserer seg på den aktuelle eleven og den aktuelle reisestrekninga. Det skal mellom anna leggjast vekt på alderen og funksjonsevna til eleven, og reisetida og tryggleiken til eleven på reisa. I vurderinga kan kommunane også leggje vekt på om dagleg skyss fører til uvanleg store kostnader eller vanskar for kommunane. Dette følgjer av § 7-1 fjerde ledd andre punktum.

Dersom kommunane er i tvil om dagleg skyss er forsvarleg, skal foreldra avgjere om eleven skal skyssast eller innlosjerast, jf. § 7-1 fjerde ledd tredje punktum.

Losji for elevar i den vidaregåande opplæringa

Elevar i den vidaregåande opplæringa har ikkje rett til gratis losji på same måten som elevar i grunnskolen. Fylkeskommunane skal likevel hjelpe eleven med å skaffe ein stad å bu dersom eleven vel innlosjering på grunn av lang eller vanskeleg skoleveg. Dette følgjer av § 7-2 tredje ledd, som også pålegg fylkeskommunane å byggje elevbustader dersom det ikkje er mogleg å skaffe bustad på annan måte. Fylkeskommunane har ikkje plikt til å dekkje utgiftene eleven har til innlosjeringa.

Elevane i den vidaregåande opplæringa kan ikkje påleggjast å la seg innlosjere, slik elevar i grunnskolen kan. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan derfor sjølve velje mellom skyss og innlosjering borte frå heimen. Opplæringslova inneheld elles inga øvre grense for retten til skyss for elevar i vidaregåande opplæring, slik som for elevar i grunnskolen, som berre har rett til skyss så lenge dagleg skyss er forsvarleg.

37.3 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre retten til skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring på bakgrunn av (1) talet på kilometer mellom heimen og skolen, (2) nedsett funksjonsevne og (3) behov for båttransport

  • å vidareføre retten til skyss for elevar i grunnskolen på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg og presisere at dette også gjeld dersom det er ein del av vegen

  • å vidareføre dagens reglar om rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter opplæringa for elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring

  • å vidareføre regelen om at dagleg skyss må vere forsvarleg som øvre grense for når ein elev i grunnskolen har rett til skyss

  • å vidareføre retten til losji for grunnskoleelevar når dagleg skyss ikkje er forsvarleg, og regelen om at kommunen skal føre tilsyn med grunnskoleelevar som er innlosjerte

  • å vidareføre dagens regel om at foreldra kan velje om eleven skal skyssast eller innlosjerast, dersom det er tvil om dagleg skyss er forsvarleg

  • å presisere i lova at det ikkje er ei plikt til innlosjering for elevar i grunnskolen dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg. Foreldra kan i slike tilfelle velje å sørgje for skyss for barnet sjølv

  • å vidareføre dagens ordning om at fylkeskommunane skal hjelpe elevar i vidaregåande opplæring med å skaffe losji dersom dei vel innlosjering på grunn av lang eller vanskeleg skoleveg

  • å vidareføre regelen om kva instans som har ansvar for skyss, reisefølgje og tilsyn

  • å ikkje vidareføre heimelen til å gi forskrift om tryggleiken til elevane under skoleskyssen

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 30.

37.4 Høyringsinstansanes syn

37.4.1 Rett til skoleskyss

Det er 16 høyringsinstansar som støttar eller delvis støttar departementets forslag om å i all hovudsak vidareføre rettane til skoleskyss. Dette er mellom anna Sivilombodet, FUG, Statsforvaltaren i Innlandet, Viken fylkeskommune og ei rekkje kommunar.

Det er fleire som ønskjer sterkare rettar til skyss og har forslag til korleis reglane bør vere. FUG og Bergen kommune meiner skyssretten bør utvidast til også å gjelde til og frå skolefritidsordninga (SFO). Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner at elevar med særskilde behov på 8. til 10. trinn som går på SFO-liknande tilbod, bør få rett til skyss.

Det er også fleire høyringsinstansar som meiner at skyssgrensa for rett til skyss bør endrast. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner at grensa bør vere 2 km for elevar på 1. til 4. trinn og 3 km for elevar på 5. til 7. trinn. Redd barna meiner at også andreklassingar bør ha ei grense på 2 km. Elevorganisasjonen meiner at det ikkje bør vere ei avstandsgrense for å få rett til skyss.

Trøndelag fylkeskommune vil endre grensa til 4 km for elevar i vidaregåande skole.

Statsforvaltaren i Vestland viser til at det er uheldig å leggje vekt på alderen til eleven ved vurdering av farleg skoleveg fordi elevane har ulik modnad og utvikling. Statsforvaltaren ber også departementet avklare om «ein del av vegen» er meint som ei realitetsendring.

37.4.2 Om kommunane bør ha høve til å stille vilkår om eigenbetaling for skyss til ein annan skole enn den eleven soknar til

Det er få høyringsinstansar som har uttalt seg om spørsmålet om kommunane bør ha høve til å stille vilkår om eigenbetaling for skyss om det blir innvilga plass på ein annan skole enn den eleven soknar til. Statsforvaltaren i Vestland, Bergen kommune, Bærum kommune og Nittedal kommune gir uttrykk for at dei støttar at kommunen bør ha ei slik moglegheit. Ingen av høyringsinstansane har likevel kommentert dette ytterlegare i innspela sine.

37.4.3 Reisefølgje og tilsyn i samband med skoleskyss

Det er få høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om ikkje å vidareføre heimelen til å gi forskrift om tryggleiken til elevane under skoleskyssen. Bergen kommune, Nittedal kommune og Oslo kommune støttar forslaget. FUG støttar ikkje forslaget, men kommenterer ikkje dette nærare.

Norsk forbund for utviklingshemmede meiner at det bør gjerast tydeleg at reglane om reisefølgje og tilsyn bør tolkast slik at elevar med funksjonsnedsetjingar kan få reisefølgje sjølv om eleven ikkje har behov for reisefølgje i drosje.

37.4.4 Ansvar, mynde til å gjere vedtak og delegering

Det er få høyringsinstansar som har uttalt seg om kven som bør ha ansvar og mynde til å gjere vedtak for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji.

Statsforvaltaren i Vestland, Bergen kommune, Bærum kommune og Nittedal kommune støttar heilt eller delvis forslaget om å presisere i merknad at lova opnar for at myndet til å gjere vedtak kan delegerast. Trygg trafikk støttar ikkje forslaget fordi det kan innebere at elevar med rett til skyss ikkje får vurdert retten på ein forsvarleg måte.

37.5 Departementets vurdering

37.5.1 Rett til skoleskyss

Departementet foreslår at reglane om rett til skoleskyss i all hovudsak blir vidareførte. Retten til gratis skyss er ein grunnleggjande føresetnad for å sikre tilgjengeleg og gratis grunnskole og vidaregåande skole for elevane uavhengig av bustad. Departementet foreslår også at dagens reglar om ansvaret for skyss, reisefølgje og tilsyn blir vidareførte, jf. omtale i punkt 37.2.4.

Fleire høyringsinstansar har innspel til endringar i reglane om skyss. Dei viser både til at skyssretten bør utvidast til å gjelde til og frå skolefritidsordninga, og at avstandsgrensa for rett til skyss bør endrast. Departementet meiner at slike endringar vil krevje ei ytterlegare utgreiing. Både å utvida skyssretten og å endre avstandskravet vil ha vesentlege økonomiske konsekvensar. Departementet foreslår ikkje endringar på dette området.

Departementet foreslår å vidareføre dagens reglar om rett til skyss for elevar mellom skolen og heimen. Dette inneber mellom anna at avstandskrava, rettar knytte til båttransport, skyss ved særleg farleg eller vanskeleg skoleveg og skyss for elevar med nedsett funksjonsevne og mellombels skade eller sjukdom blir vidareført.

Departementet foreslår å gjere tydeleg i lovteksten at det er tilstrekkeleg at ein del av skolevegen er farleg eller vanskeleg. Dette er meint som ei presisering av gjeldande rett og inneber ikkje ei realitetsendring.

37.5.2 Om kommunane bør ha høve til å stille vilkår om eigenbetaling for skyss til ein annan skole enn den eleven soknar til

Grunnskoleelevar kan søkje om å få gå på ein annan skole enn den skolen eleven er tildelt av kommunen. Dette er foreslått vidareført i forslaget til § 2-6, sjå omtale i punkt 12. Ein elev har ikkje rett til å byte skole, og det er opp til det frie skjønnet til kommunen å innvilge eller avslå ein søknad om skolebyte.

Departementet bad om synet til høyringsinstansane på om kommunane bør ha moglegheita til å stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss når ein elev søkjer om å få gå på ein annan skole enn nærskolen. Det er få instansar som har uttalt seg om spørsmålet, sjå punkt 37.4.2.

Når kommunane har fridom til å velje om ein søknad om skolebyte skal bli avslådd eller innvilgd, kan det argumenterast for at kommunen også bør kunne stille vilkår når søknaden blir innvilga. Ein konsekvens av å ikkje opne for å stille slike vilkår kan vere at fleire søknader enn i dag blir avslått for å hindre ei større kostnadsbelastning for kommunane.

Departementet meiner derfor at det bør vere ei opning for å stille vilkår om eigenbetaling dersom innvilging av skolebyte fører til ekstra utgifter til skyss eller innlosjering.

Departementet meiner det framleis bør vere slik at det ikkje er mogleg å stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss dersom grunnen for å byte skole er å sikre retten til opplæring, til dømes for å hindre mobbing eller sikre retten til eit godt skolemiljø eller betre tilpassa opplæring, jf. Utdanningsdirektoratets rundskriv 2-2019. Dersom grunnen til søknaden om skolebyte derimot er å behalde kontakt med venner og å lette praktiske forhold for foreldra, kan det vere lov å stille vilkår om eigenbetaling av skyssen for å godta søknad om skolebyte. Dette følgjer av dei ulike reglane sett i samanheng og departementet meiner det ikkje treng å regulerast eksplisitt i lova.

37.5.3 Reisefølgje og tilsyn i samband med skoleskyss

Departementet foreslår at reglane om reisefølgje og tilsyn blir vidareførte.

Departementet vil understreke at plikta til å ha tilsyn med grunnskoleelevar i samband med skoleskyss ikkje berre er knytt til ventetid på skoleområdet. Det kan mellom anna også vere aktuelt dersom elevane må byta transportmiddel og det kan oppstå særleg farlege situasjonar i samband med bytet.

Reglane skal ikkje forståast slik at dei berre gjeld dersom eleven har behov for drosje. Rett til reisefølgje og tilsyn gjeld også på andre transportmiddel.

Departementet foreslår at heimelen til å gi forskrift om tryggleiken til elevane under skoleskyssen ikkje blir vidareført. Heimelen er ikkje brukt, og det har ikkje komme innspel i høyringa som tilseier at det er nødvendig å ha ein slik forskriftsheimel.

37.5.4 Skyss til og frå fleire heimar

Departementet foreslår at det blir presisert i lova at elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra for rett til skyss. For at det skal reknast som to heimar, er det tilstrekkeleg at eleven har fast og regelmessig opphald i to heimar. Grunnlaget kan vere avtale eller dom om delt bustad eller samvær mellom to foreldre. Improviserte, enkeltståande besøk gir ikkje rett til skyss. I tillegg meiner departementet at skyssretten også må gjelde når butida til eleven på fast og regelmessig basis er delt mellom foreldreheim og fosterheim, avlastingsheim eller besøksheim som er vedteke eller avtalt med barnevernet eller helse- og omsorgssektoren.

Det har vorte vurdert om det bør lovfestast ein øvre kostnads- eller avstandsgrense for skyssretten frå den heimen der eleven ikkje er folkeregistrert, eller om det skal gjelde same forsvarlegkrav som frå folkeregistrert adresse, slik dagens praksis er. Departementet viser til forslag i NOU 2020: 14 Ny barnelov — Til barnets beste om å vidareføre denne avtalefridommen, og sluttar seg til konklusjonen frå utvalet. Den øvre grensa for rett til dagleg skyss vil gjelde også frå den heimen der grunnskoleeleven ikkje er folkeregistrert.

37.5.5 Kor langt skyssretten gjeld

Forsvarlegkravet gir både den nedre og den øvre grensa for kor langt skyssretten går. Det er to ulike vurderingar som må gjerast, både om det konkrete skysstilbodet er forsvarleg (nedre grense), og om det er forsvarleg med dagleg skyss eller om eleven i staden har rett til losji (øvre grense).

Den nedre grensa for forsvarleg skyss handlar om retten den enkelte eleven har til skyss, er oppfylt. Relevante moment er mellom anna at gang-, reise- og ventetida samla sett må vere akseptabel, og at gangavstanden til transportmiddelet må vere rimeleg. Begge momenta må vurderast ut frå alderen og funksjonsevna til eleven. Gangavstanden må også vurderast opp mot trafikktryggleik og framkomme på den aktuelle gangstrekket. Vidare er den aktuelle reisestrekninga, transportbyte og krav til sjølve transporten moment som skal vurderast når det blir teke stilling til om ein enkeltelev har eit forsvarleg skysstilbod. Dersom ein elev klagar over at vedtaket om skoleskyss ikkje gir eit forsvarleg tilbod, er det innhaldet i tilbodet som må vurderast.

Den øvre grensa for skyss inneber at dersom det ikkje er forsvarleg at elevane reiser til og frå skolen kvar dag, har ikkje eleven rett til skyss, men kommunen skal sørgje for at grunnskoleelevar får innlosjering, sjå punkt 37.2.5.

Både i vurderinga av kva som er eit forsvarleg skysstilbod, og i vurderinga av om det er forsvarleg med dagleg skyss, inngår mange av dei same momenta.

Kva som er forsvarleg, kan variere frå elev til elev, basert på konkrete forhold som alder, funksjonsevne, modnad og tryggleik. Departementet ser utfordringa i at det er dei same momenta som skal vurderast både for den øvre og den nedre grensa. Når ein elev klagar over eit vedtak om skoleskyss, er det viktig å skilje mellom vurderinga av om det konkrete skysstilbodet til eleven er forsvarleg, og om vilkåra som gir rett til dagleg skyss, er oppfylte. Vedtaksorganet må gjere tydeleg kva vurderingar som høyrer til kvart spørsmål.

Departementet presiserer at mynde til å gjere vedtak i avgjerda av om dagleg skyss er forsvarleg, følgjer ansvaret for skyssvedtaka, noko som inneber at det er fylkeskommunane som i hovudsak vil ha mynde til å gjere vedtak.

37.5.6 Losji

Departementet foreslår å vidareføre reglane om innlosjering i grunnskolen, slik at elevar har rett til losji dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg. Også regelen om at kommunen skal føra tilsyn med grunnskoleelevar som er innlosjerte, blir foreslått vidareført. Departementet foreslår å presisere i lova at det ikkje er ei plikt til innlosjering for elevar i grunnskolen dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg. Foreldra kan i slike tilfelle velje å sørgje for skyss for barnet sjølve.

Departementet foreslår også å vidareføre forpliktingane fylkeskommunane har om å hjelpe elevar i vidaregåande opplæring som treng innlosjering på grunn av lang eller vanskeleg skoleveg. Fylkeskommunen skal byggje elevheim dersom det ikkje er mogleg å skaffe elevane ein stad å bu innanfor ein avstand med moglegheit for dagleg skyss til skolen.

37.5.7 Ansvar, mynde til å gjere vedtak og delegering

Departementet foreslår å vidareføre reglane om ansvarsforhold og mynde til å gjere vedtak i saker om skyss, reisefølgje, tilsyn og losji.

I høyringa vurderte departementet spørsmålet om ny opplæringslov bør opne for at mynde til å gjere vedtak for skyss kan delegerast.

Fleire fylkeskommunar delegerer myndet sitt til å gjere vedtak i saker om skoleskyss til andre aktørar, til dømes til Ruter AS, eit offentleg eigd selskap som driv kollektivtrafikken i Oslo og det som tidlegare var Akershus.

Når det gjeld innspelet til Trygg trafikk om at delegering kan innebere at elevar med rett til skyss ikkje får vurdert retten på ein forsvarleg måte, vil departementet vise til at vilkåra for rett til skyss kjem fram av opplæringslova. Dei aller fleste vedtaka om skoleskyss er baserte på objektive, målbare kriterium som årstrinn, avstand og reisetid og krev i liten grad ei særskild vurdering.

I nokre av vedtaka krevst det dokumentasjon frå eleven, foreldre, skolen eller lege, eller det må gjerast trafikkfaglege vurderingar. I alle sakene skal det beste for eleven vere det grunnleggjande omsynet, og i enkelte tilfelle må føresetnadene og behovet til eleven og den konkrete situasjonen for eleven vurderast. Vedtaksorganet bør ha god kjennskap til faktorar som mellom anna befolkningsmønster, transportbehov, infrastruktur og transportalternativ i det aktuelle området. Ei delegering til andre rettssubjekt føreset at dette er forsvarleg. Forvaltninga må sikre at vedtaksorganet har tilstrekkeleg kompetanse om dei reglane forvaltninga er bunden av, blant dei reglar etter opplæringslova, kommunelova og forvaltningslova. Det må heller ikkje vere interessekonfliktar hos rettssubjektet som fører til uforsvarleg saksbehandling. Reglane i kommunelova om internkontroll, vil saman med klagebehandling, tilsyn og rettleiing vere viktige verkemiddel for å sikre forsvarlege avgjerder om skyss uavhengig av kven som gjer vedtak.

Departementet meiner derfor at elevar med rett til skyss vil få vurdert retten på ein forsvarleg måte sjølv om myndet til å gjere vedtak blir delegert.

Delegering av mynde til å gjere vedtak i saker om skoleskyss vil gi kommunar og fylkeskommunar handlingsrom til ei effektiv organisering av saksbehandling og oppgåveløysing når det gjeld skoleskyss. Det taler også for at det bør opnast for delegering i desse sakene.

Departementet meiner at ny opplæringslov bør opne for delegering av myndet til å gjere vedtak for skyss. Utgangspunktet er at myndet kan delegerast med mindre det er forbode, og det er derfor ikkje behov for ein eigen regel om dette i opplæringslova.

37.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre retten til skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring på bakgrunn av (1) talet på kilometer mellom heimen og skolen, (2) nedsett funksjonsevne og (3) behov for båttransport, sjå forslaget til §§ 4-1 og 9-1

  • å vidareføre retten til skyss for elevar i grunnskolen på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, sjå forslaget til § 4-1 andre ledd

  • å vidareføre dagens reglar om rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter opplæringa for elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring, sjå forslaget til §§ 4-2 og 9-2

  • å vidareføre regelen om at dagleg skyss må vere forsvarleg som øvre grense for når ein elev i grunnskolen har rett til skyss, sjå forslaget til § 4-3 første ledd

  • å vidareføre retten til losji for grunnskoleelevar når dagleg skyss ikkje er forsvarleg, og regelen om at kommunen skal føre tilsyn med grunnskoleelevar som er innlosjerte, sjå forslaget til § 4-3 tredje ledd

  • å vidareføre dagens regel om at foreldra kan velje om eleven skal skyssast eller innlosjerast, dersom det er tvil om dagleg skyss er forsvarleg, sjå forslaget til § 4-3 tredje ledd

  • å presisere i lova at det ikkje er ei plikt til innlosjering for elevar i grunnskolen dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg. Foreldra kan i slike tilfelle velje å sørgje for skyss for barnet sjølve. Sjå forslaget til § 4- 3 tredje ledd

  • å vidareføre dagens ordning om at fylkeskommunane skal hjelpe elevar i vidaregåande opplæring med å skaffe losji dersom dei vel innlosjering på grunn av lang eller vanskeleg skoleveg, sjå forslaget til § 9-3

  • å vidareføre regelen om kva instans som har ansvar for skyss, reisefølgje og tilsyn, sjå forslaget til § 28-7

  • å ikkje vidareføre heimelen til å gi forskrift om tryggleiken til elevane under skoleskyssen

Til forsida