Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

16 Opplæringsspråk og talemål

16.1 Innleiing

Dette punktet handlar om opplæringsspråket og talemålet i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa i Noreg. Med opplæringsspråk er det meint kva språk opplæringa skal vere på. Med talemål er det meint den dialekten kvar enkelt snakkar.

16.2 Dagens reglar

Det går ikkje eksplisitt fram av opplæringslova kva språk som er opplæringsspråket i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, men det er lagt til grunn at det gjeld eit krav om at språket skal vere norsk eller samisk. Dette kjem til uttrykk mellom anna gjennom at læreplanar og eksamenar er på norsk eller samisk. At opplæringsspråket er norsk eller samisk, kan dessutan også utleiast av opplæringslova §§ 2-8 og 3-12. Paragrafane seier at elevar som har eit anna morsmål enn norsk eller samisk, har rett til særskild språkopplæring til dei har tilstrekkelege norskkunnskapar til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

I den munnlege opplæringa kan elevane og dei tilsette i grunnskolen velje fritt kva talemål, det vil seie kva for ein norsk dialekt, dei vil bruke, jf. opplæringslova § 2-5 andre ledd. Undervisningspersonalet og skoleleiinga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane, det vil seie målform og dialekt ved val av ord og uttrykk.

16.3 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å presisere i lova at opplæringsspråket i Noreg er norsk, samisk eller norsk teiknspråk

  • å vidareføre regelen om at elevane og lærarane avgjer sjølve kva talemål dei vil bruke, og at lærarane og skoleleiinga skal ta omsyn til elevane i ordval og uttrykksmåtar, og å gjere tydeleg at dette også gjeld for vidaregåande opplæring

Med dette høyringsforslaget følgde departementet delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 32.2.4. Departementet følgde ikkje opp forslaget frå utvalet om å opne for at departementet etter søknad frå kommunen eller fylkeskommunen kan gi ein skole tidsavgrensa fritak frå kravet til opplæringsspråk.

16.4 Høyringsinstansanes syn

30 høyringsinstansar har gitt innspel til forslaget om at det skal komme fram av lova at opplæringsspråket i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er norsk, samisk eller norsk teiknspråk.

Fleirtalet av høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar forslaget og meiner det er godt grunngitt i høyringsnotatet. Enkelte større kommunar ønskjer å tilby eit opplæringstilbod på engelsk, medan høyringsinstansar som har som oppgåve å fremje norsk språk, er bekymra for undergraving av det norske språket på sikt.

Enkelte høyringsinstansar uttaler seg om det bør opnast for unntak frå regelen om opplæringsspråk. Stavanger kommune og Oslo kommune uttaler at dei ønskjer ei opning for unntak.

Oslo kommune viser til sitt svar til høyringa av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov, der kommunen støtta forslaget opplæringslovutvalet hadde til unntaksregel. Kommunen viser til erfaringar frå ei forsøksordning med International Baccalaureate (IB) i grunnskolen. Oslo kommune påpeiker at Oslo er ein internasjonal by. Kommunen ønskjer derfor å gi eit mangfaldig grunnskoletilbod ved å tilby eit internasjonalt skoletilbod på permanent basis. Kommunen meiner at privatskolane har eit konkurransefortrinn overfor offentlege skolar ved at dei kan tilby IB på grunnskolenivå. Oslo kommune påpeikar at ikkje alle foreldre har råd til å sende barna sine på private skolar, og at eit unntak vil gi moglegheit for fleire til å nytte seg av å få opplæring i eit internasjonalt skoletilbod. Oslo kommune foreslår derfor følgjande:

Oslo kommune mener kommuner og fylkeskommuner bør ha adgang til å gi opplæring på et annet språk enn norsk eller samisk etter søknad til departementet. Eventuell godkjenning fra departementet bør ikke nødvendigvis være tidsavgrenset.

Språkrådet påpeikar at opplæringslova regulerer ei rekkje språkpolitiske område og slik sett er ei sentral språklov. Retten til opplæring i og på eige språk er ein føresetnad for at elevar i det heile skal kunne få god opplæring. Språkrådet viser til språklova som seier at hovudmålet med lova er at norsk skal sikrast som hovudspråk og samfunnsberande språk i Noreg. Det vil seie at alle departementa skal ta språkpolitiske omsyn når dei formar ut og gjennomfører sin eigen sektorpolitikk. Språkrådet støttar derfor forslaget og viser særleg til at det å ta inn norsk teiknspråk i paragrafen om opplæringsspråk er i samsvar med overordna reglar i språklova. Språkrådet meiner i tillegg at paragrafen også bør opne for at opplæringa kan givast på dei nasjonale minoritetsspråka som Noreg har ansvar for: kvensk, romani og romanes.

Riksmålsforbundet og Noregs mållag uttaler seg i same retning som Språkrådet og meiner det er positivt at forslaget vil stengje for at skolar i framtida vil ha engelsk som opplæringsspråk i skolen, og på denne måten hindre ei undergraving av norsk språk.

Stiftinga nynorsk kultursentrum og Det Norske Akademi for Språk og Litteratur støttar departementets forslag om å ikkje opne for unntak. Det Norske Akademi for Språk og Litteratur framhevar at det kan vere gode grunnar til å styrkje kompetanse både i engelsk og i andre framandspråk, men at dette ikkje bør skje på kostnad av morsmålet.

Enkelte kommunar meiner regelen om talemål ikkje bør førast vidare fordi det er ei unødvendig regulering. KS har også sett spørjeteikn ved dette. Stiftinga Nynorsk kultursentrum meiner det er klokt å halde på formuleringa om at den munnlege opplæringa skal ta mest mogleg omsyn til talemålet til elevane, i ei tid der dialektkunnskap blir nedprioritert i utdanningssektoren og mange dialektar er under press.

Ingen høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å gjere tydeleg at paragrafen også gjeld for vidaregåande opplæring.

16.5 Departementets vurdering

16.5.1 Lovfesting av opplæringsspråket i Noreg

I høyringa foreslo departementet at det skal gå tydeleg fram i den nye lova at opplæringsspråket i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa i Noreg skal vere norsk, samisk eller norsk teiknspråk.

Stortinget vedtok våren 2021 ny språklov, jf. Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk (språklova). Lova tok til å gjelde 1. januar 2022. Formålet med lova er å gi norsk språk lovfesta status og sterkare vern, og i § 4 er norsk definert som det nasjonale hovudspråket i Noreg. Lova definerer også status for samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Opplæringsspråk i grunnskolen eller den vidaregåande opplæringa er ikkje tema i språklova.

I Prop. 108 L (2019–2020), punkt 7 er det mellom anna framheva at:

Kunnskaps- og utdanningspolitikk er viktig språkpolitikk. Barnehagesektoren og opplæringssektoren er heilt avgjerande for at befolkninga får opplæring i norsk, samisk, kvensk eller norsk teiknspråk. Opplæringssektoren står i ei særstilling når det gjeld å sikra norsk og samisk som samfunnsberande språk. Derfor må det takast språkpolitiske omsyn når innhaldet i barnehage, skula og lærarutdanning skal utformast. Særleg viktige er dei språkpolitiske vurderingane, inkludert omsynet til ulike språklege mindretal, når det skal gjerast større systemendringar på feltet.

I Prop. 108 L (2019–2020) slår Kulturdepartementet fast at teiknspråk er fullverdige språk og ikkje må sjåast på som hjelpemiddel for menneske med nedsett funksjonsevne. Teiknspråk er fullt utvikla språk med eigne grammatiske reglar og eigen setningsbygning. Det følgjer av språklova § 7 at norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket i Noreg, og at som språkleg og kulturelt uttrykk er norsk teiknspråk likeverdig med norsk.

Departementet meiner at ein regel om opplæringsspråk bør inkludere dei språka som elevane i dag har rett til å få opplæring . Elevar som har norsk som førstespråk, har rett til opplæring norsk, elevar som bur i forvaltningsområdet for samisk språk, har rett til opplæring samisk, sjå forslaget § 3-2 (grunnskolen), og elevar med høyrselshemming, har rett til opplæring teiknspråk, sjå forslaget § 3-4 og § 6-3. Hausten 2020 vart Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20) teke i bruk. Det er eigne læreplanar i mange fag i Kunnskapsløftet 2020 samisk (LK20S). Desse planane er likeverdige og parallelle læreplanar for opplæring i samiske distrikt. Det er også utvikla eigne læreplanar i nokre fag for elevar med norsk teiknspråk (Kunnskapsløftet – elever med tegnspråk).

Andre rettar knytte til språkopplæringa gjeld retten til å få opplæring i språk. Desse er det utvikla eigne læreplanar i fag for. Til dømes regulerer forslaget § 3-3 retten elevar har til opplæring i kvensk eller finsk i grunnskolen, og det er ein eigen læreplan i kvensk eller finsk som andrespråk. Det er også eigne læreplanar for elevar frå språklege minoritetar som har rett til særskild språkopplæring. Retten går fram av forslaget § 3-6 (grunnskole) og § 6-5 (vidaregåande opplæring). Ein eigen regel om kva språk som er opplæringsspråk i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, vil ikkje påverke retten til å få opplæring i andre språk enn opplæringsspråket eller retten til å få særskild språkopplæring.

Departementet foreslår at det skal komme fram av lova at opplæringsspråket i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er norsk, samisk eller norsk teiknspråk. Med samisk er det meint nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk, jf. forslaget til §§ 3-2 og 6-2. Departementet viser til punkt 29 om retten til opplæring i og på norsk teiknspråk og punkt 30 om retten til opplæring i og på dei samiske språka.

Forslaget til ein eigen regel om opplæringsspråk står ikkje i vegen for at lærarane tidvis kan bruke andre språk i opplæringa, til dømes engelsk eller andre framandspråk, i tverrfagleg arbeid. Regelen om opplæringsspråk vil ikkje gjelde for private grunnskolar som i dag blir drivne i tråd med reglane i dagens opplæringslov § 2-12, og vil derfor ikkje påverka moglegheita private aktørar har til å drive skolar som følgjer International Baccalaureate (IB), sjå forslaget til § 22-2.

Kravet omfattar både den skriftlege og munnlege opplæringa. Forslaget inneber inga faktisk endring i rettane til elevane, heller ikkje i pliktene til kommunen eller fylkeskommunen.

Innspelet frå Språkrådet om at det bør opnast for at opplæringa kan givast på minoritetsspråka kvensk, romani og romanes, har ikkje vore greidd ut og høyrt. Departementet går derfor ikkje vidare med dette.

Opplæringslovutvalet bad departementet vurdere om det er tenleg med ein unntaksregel som opnar for tidsavgrensa bruk av andre opplæringsspråk enn norsk og samisk, til dømes i nokre fag, i lys av mellom anna resultata frå forsøk med engelsk som undervisningsspråk. Det er gjennomført to ulike forsøk i Oslo kommune som mellom anna inneber unntak frå kravet om norsk eller samisk som opplæringsspråk. Sjå punkt 64 om forsøk. Departementet foreslår ikkje å opne for eit unntak frå hovudregelen om opplæringsspråk sidan dette førebels ikkje er tilstrekkeleg greidd ut. Eksisterande forsøksordningar med offentleg IB-utdanning på grunnskolenivå og forsøk med tospråkleg opplæring ved ein grunnskole bør evaluerast før eit eventuelt forslag om unntaksregel blir foreslått.

For at kommunane til dømes skal kunne tilby IB-program som del av den offentlege grunnskolen, må det gjerast omfattande endringar i regelverket i tillegg til å gi unntak frå opplæringsspråket, mellom anna unntak frå kravet om at opplæringa skal vere i tråd med måla og prinsippa for opplæringa. I høyringa har departementet verken vurdert eller foreslått slike endringar. Unntaksregelen som vart foreslått av opplæringslovutvalet innebar å gi høve til «tidsavgrensa» fritak frå kravet til opplæringsspråk. Dersom det skal vurderast unntaksreglar som opnar for varige opplæringstilbod med fritak frå kravet til opplæringsspråk, i kombinasjon med andre unntak, bør desse vurderingane gjerast samtidig og sjåast i samanheng.

Departementet vil vurdere om den offentlege skolen bør vere meir fleksibel, for å kunne komme til møtes nokre av dei behova som i dag medfører at ein del elevar og foreldre vel private skolar. Departementet ønskjer derfor å sjå nærare på spørsmålet om den offentlege skolen skal kunne romme eit internasjonalt opplæringstilbod, på linje med private skolar, med til dømes engelsk som opplæringsspråk. Departementet vil greie ut dette nærare, og spørsmålet om behov for unntak frå hovudregelen om opplæringsspråk vil vere ein del av eit slikt arbeid.

16.5.2 Regulering av talemål

Departementet foreslår å vidareføre dagens regulering om talemål i grunnskoleopplæringa.

Departementet meiner at bruk av ulike dialektar og sosiolektar på ein skole er positivt og at det bidreg til språkleg mangfald. Sjølv om det i dag er anerkjent at elevar, lærarar og andre tilsette i skolen kan bruke den dialekten dei snakkar heime, veit ein ikkje korleis dette vil bli i framtida. Departementet meiner derfor at det framleis er behov for å lovregulere at elevane og lærarane sjølve avgjer kva talemål dei vil bruke, og foreslår å vidareføre dagens regel. Departementet foreslår også å vidareføre regelen om at lærarane og skoleleiinga skal ta mest mogleg omsyn til elevane i ordval og uttrykksmåtar. «Lærarane og skoleleiinga» er brukt som pliktsubjekt her fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for oppfyllinga, jf. forslaget § 28-1 første ledd og § 28-2 første ledd. Samtidig foreslås det å presisere at reglane også gjeld i den vidaregåande opplæringa og ikkje berre i grunnskolen ved å plassere regelen i kapitlet som gjeld for både grunnskolen og den vidaregåande skolen.

16.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å presisere i lova at opplæringsspråket i Noreg er norsk, samisk eller norsk teiknspråk, sjå forslaget til § 15-1 første ledd

  • å vidareføre regelen om at elevane og lærarane sjølve avgjer kva talemål dei vil bruke, og at lærarane og skoleleiinga skal ta omsyn til elevane i ordval og uttrykksmåtar, og å presisere at dette også gjeld for vidaregåande opplæring, sjå forslaget til § 15-1 andre ledd

Til forsida