Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

8 Formålet med opplæringa

8.1 Innleiing

Dette punktet handlar om formålet med opplæringa.

8.2 Dagens reglar

Formålet med opplæringa er fastsett i opplæringslova § 1-1. Denne paragrafen tok til å gjelde 1. januar 2009 og inneheld felles formål for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Paragrafen gjeld opplæringa for både elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Den gjeld også opplæringa for vaksne deltakarar så langt ho passar, for elevar i private grunnskolar og for barn som får privat grunnskoleopplæring i heimen. Dette følgjer av opplæringslova §§ 4A-6, 2-12 og 2-13.

Opplæringslova § 1-1 fekk ordlyden sin på bakgrunn av utgreiinga NOU 2007: 6 Formål for framtida og ein avtale som vart inngått mellom alle dei politiske partia på Stortinget 6. november 2008. Avtalen er skriven ned i Innst. O. nr. 22 (2008–2009). Innhaldet i paragrafen om formålet med opplæringa er utdjupa i Overordnet del – verdier og prinsipp for grunnopplæringen, som er fastsett i forskrift 1. september 2017 nr. 1332 om utfylling av dei overordna måla og prinsippa for opplæringa i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa.

8.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å vidareføre reglane om formålet med opplæringa med nokre mindre språklege endringar.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 14.

8.4 Høyringsinstansanes syn

Det er 37 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å vidareføre dagens reglar om formålet med opplæringa med nokre mindre språklege endringar. Av desse er det elleve som seier eksplisitt at dei støttar forslaget, mellom anna Fylkeskommunale ombod for barn og unge, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Utdanningsforbundet, Statsforvaltaren i Oslo og Viken og Viken fylkeskommune. Vestfold og Telemark fylkeskommune meiner at forslaga til språklege endringar i paragrafen er fornuftige.

Ein god del av høyringsinstansane har forslag til tilføyingar eller andre mindre endringar i lovteksten. Språkrådet og Norskfaggruppene ved Høgskolen på Vestlandet meiner at regelen om formålet med opplæringa bør innehalde språkpolitiske forpliktingar. Også Vestland fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Forleggerforeningen og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening ønskjer at regelen skal innehalde eit eksplisitt språkleg formål.

Likestillings- og diskrimineringsombodet og Humanetisk forbund meiner det er problematisk at formålsregelen viser til kristendom. Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn uttaler at det i rådet er ulike meiningar om den normative referansen i Grunnlova § 2, og at det følgjeleg er ulike meiningar om formuleringa «opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon» bør førast vidare.

8.5 Departementets vurdering

Departementet foreslår å vidareføre dagens reglar om formålet med opplæringa med nokre mindre språklege endringar.

Ifølgje mandatet til opplæringslovutvalet skulle dagens paragraf om formålet med opplæringa vidareførast. Lova skulle få eit klart og godt språk, og utvalet foreslo i NOU 2019: 23 mindre språklege endringar i paragrafen, mellom anna å fjerne enkelte overflødige ord.

Departementet foreslår å følgje opp forslaget opplæringslovutvalet hadde til språklege endringar, som er desse: (1) «tilgjeving» blir endra til tilgiving, (2) «vår felles internasjonale kulturtradisjon» blir endra til den felles internasjonale kulturtradisjonen vår, (3) «holdningar» blir endra til haldningar («holdning» er ikkje eit nynorsk ord), (4) «liva sine» blir endra til livet sitt, (5) «for å kunne» står to gonger i dagens femte ledd første punktum og er foreslått sletta fordi det er overflødig, (6) «skole og lærebedrift» i første ledd og «Skolen og lærebedrifta» i sjuande ledd blir strokne fordi orda er overflødige.

Departementet foreslår også å erstatte ordet «lærlingane» med «dei som har læretid i bedrift», sjå punkt 42.2.2.

I tillegg til forslaga til språklege justeringar som vart sende på høyring, foreslår departementet å slette ordet «vår» i det tredje leddet til paragrafen der det står at «[o]pplæringa skal utvida kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og den felles internasjonale kulturtradisjonen vår». I og med at det står «felles» i same setning, er ordet «vår» overflødig i denne setninga. Departementet foreslår også å endre ordet «òg» til «også» sidan denne språklege endringa blir gjort gjennomgåande i lovforslaget. Sjå § 1-3 andre ledd.

Språkrådet og fleire andre høyringsinstansar meiner at paragrafen om formålet med opplæringa bør innehalde språkpolitiske forpliktingar. Departementet meiner at sjølv om fleire av kapitla i lova handlar om språkopplæring, er det ikkje behov for å fastsetje spesifikke språkpolitiske forpliktingar i paragrafen om formålet med opplæringa. Departementet viser til at språklova som hovudregel gjeld for kommunar og fylkeskommunar som skoleeigarar.

Enkelte høyringsinstansar er kritiske til at tilvisinga til kristen arv og tradisjon skal vidareførast. Departementet meiner det er viktig at regelen om formålet med opplæringa uttrykkjer eit sett av verdiar som flest mogleg kan slutta opp om uavhengig av religiøs, kulturell eller nasjonal tilknyting. Samtidig skal formålsregelen også gi klart uttrykk for kva for ein etisk, kulturell og religiøs arv som har bidrege og bidreg til å forme samfunnet vårt. Kristen og humanistisk arv og tradisjon er ein viktig del av den samla kulturarven i landet og har spelt ei sentral rolle for utvikling av demokratiet vårt. Med uttrykket «kristen og humanistisk tradisjon» blir den historiske og kulturelle innverknaden som både kristendom og humanisme har hatt på samfunnsutviklinga, anerkjend. «Kristen og humanistisk» som omgrepspar understrekar at dette er retningar som historisk både har utfylt og korrigert kvarandre. Departementet meiner det er naturleg at regelen om formålet med opplæringa framleis uttrykkjer kva betydning verdiane både i kristen og humanistisk arv og tradisjon har for utforminga av det som er felles verdiar i samfunnet.

8.6 Departementets forslag

Departementet foreslår å vidareføre dagens reglar om formålet med opplæringa med enkelte mindre språklege endringar, sjå forslaget til § 1-3.

Til forsida