Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

65 Private grunnskolar som ikkje får statsstøtte

65.1 Innleiing

Dette punktet handlar om private grunnskolar som blir godkjende etter reglane i opplæringslova, og om kva reglar som skal gjelde for desse skolane. Private grunnskolar godkjende etter opplæringslova får ikkje statstilskot. Punkt 66 omhandlar privatskolelova og private skolar som blir godkjende med rett til statstilskot.

65.2 Dagens reglar

65.2.1 Noregs internasjonale forpliktingar

Noreg har ved å tiltre fleire konvensjonar teke på seg plikter som vedkjem private skolar. I dette kapittelet er det særleg relevant å vise til retten til å velje ei anna utdanning enn den offentlege. Denne retten er nedfelt i mellom anna Europarådets konvensjon 4. november 1950 om vern av menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane (EMK), FNs konvensjon 16. desember 1966 om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK) og Dei sameinte nasjonanes internasjonale konvensjon 16. desember 1966 om sivile og politiske rettar (SP). Kunnskapsdepartementet har lagt til grunn at det i EMK artikkel 2 truleg må tolkast inn ein rett til å starte og drive skole. I Ot.prp. nr. 43 (2005–2006) uttalte departementet mellom anna dette:

Departementet legger etter dette til grunn at det trolig følger en forpliktelse fra EMK protokoll 1 artikkel 2 til å tillate at foreldre velger alternative skoler ut fra deres religiøse eller filosofiske overbevisning, og dermed at slike skoler kan starte og drive. Det er et lenge verdsatt prinsipp i norsk utdanningspolitikk at foreldre skal ha rett til å velge alternative skoleløsninger. I norsk rett er denne forpliktelsen oppfylt ved at private grunnskoler kan godkjennes etter opplæringsloven § 2-12.

65.2.2 Opplæringslova

Det følgjer av opplæringslova § 2-1 at alle barn i Noreg har rett og plikt til grunnskoleopplæring frå det kalenderåret dei fyller seks år, og til dei har fullført det tiande skoleåret. I det første leddet andre punktum i paragrafen står det at «plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring».

I det følgjande er den nærare omtalen av reglane i opplæringslova som gjeld for private grunnskolar avgrensa til dei reglane som er relaterte til vurderingane og forslaga frå departementet.

Det står i § 2-12 første ledd at alle private grunnskolar må ha godkjenning, og at slik godkjenning skal givast til skolar som oppfyller krava i det andre og tredje leddet i paragrafen. Krava kjem fram som ei opplisting av kva for nokre av paragrafane i lova som også gjeld for dei private grunnskolane. Paragraf 2-12 andre, tredje og fjerde ledd lyder:

§§ 1-1, 1-3, 2-3, 2-3a og 2-4 i lova med forskrifter gjeld for innhaldet og for vurdering i privat grunnskole så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege plikter.
For private grunnskolar gjeld også § 2-2, § 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, §§ 2-11, 2-12a, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6 og 9-7, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-3e, 13-7a, 14-1, 14-4, 15-3 og 15-4.

Departementet kan gjere unntak frå krava i andre og tredje leddet for utanlandske og internasjonale grunnskolar i Noreg.

Det er statsforvaltaren som fører tilsyn med dei private grunnskolane godkjende etter opplæringslova, sjå opplæringslova § 14-1 og tilvisinga til denne regelen i § 2-12 tredje ledd.

Det er i dag ingen reglar om bortfall av godkjenninga dersom skolen ikkje startar opp eller han legg ned verksemda som ligg til grunn for godkjenninga.

Etter § 2-12 fjerde ledd kan departementet gjere unntak frå krava i andre og tredje ledd for utanlandske og internasjonale skolar i Noreg. Det er Utdanningsdirektoratet som vurderer om det skal gjerast unntak i samband med godkjenninga av private grunnskolar.

Reglane i dagens § 1-3 om tilpassa opplæring gjeld også private grunnskolar, jf. tilvisinga til § 1-3 i § 2-1 andre ledd.

Reglane om spesialundervisning, jf. opplæringslova kapittel 5, gjeld ikkje for private grunnskolar. Det betyr mellom anna at dagens reglar i kapittel 5 om den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) ikkje gjeld for desse skolane.

Dagens reglar om fritak frå aktivitetar med meir i opplæringa, gjeld for elevar i private grunnskolar, jf. tilvisinga i § 2-12 andre ledd til § 3-4 a.

Det er i dag ingen eksplisitt regulering for bruk av fjernundervisning i opplæringslova. Sjå omtale av dagens reglar i punkt 15.

Tilvisingane i § 2-12 tredje ledd inneber mellom anna at reglane om leksehjelp i §§ 13-7 a, om fysisk aktivitet i 2-3, om ulykkesforsikring i § 13-3 b og om krav til skoleanlegg i § 9-2 gjeld for private grunnskolar.

Reglane i opplæringslova § 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd om hovudmål i opplæringa gjeld også for private grunnskolar. Første ledd i § 2-5 fastslår at kommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinn vel elevane sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som skriftleg hovudmål. Andre ledd fastslår at i den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningspersonalet sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk skriftleg hovudmål. Etter tredje ledd er det foreldra som vel skriftspråket i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinn. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet. Sjette ledd fastslår at det skal haldast rådgivande røysting i samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst ein firedel av dei røysteføre krev det. Alle som bur i det området i kommunen som soknar til skolen, og som har røysterett etter vallova, har røysterett. I tillegg har foreldre eller forsørgjar til barn på barnetrinnet ved skolen røysterett utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan gi forskrifter.

Vidare gjeld reglane om lærebøker og læremiddel i § 9-4, reglane om at elevane skal ha tilgang til skolebibliotek i § 9-2, og reglane om samarbeid om overgangen frå barnehage til skole i § 13-5 for private grunnskolar. Reglane om teieplikt i forvaltningslova §§ 13 til 13 e gjeld for private grunnskolar.

65.3 Høyringsforslaget

Departementet foreslo:

  • å vidareføre dagens godkjenningsordning for private grunnskolar

  • å regulere meir eksplisitt kva reglar i opplæringslova som gjeld for private grunnskolar

  • å ikkje vidareføre atterhaldet om at reglane i dagens opplæringslov §§ 1-1, 1-3, 2-3 a og 2-4 gjeld så langt reglane ikkje er i strid med menneskerettane

  • å regulere når godkjenninga til private grunnskolar som ikkje er i drift, fell bort

  • å lovfeste at elevar i private grunnskolar skal ha same tilgang til PP-tenesta som elevar i den offentlege skolen har

  • at kravet om fritak frå aktivitetar m.m. og om opplæringa i kristendom, religion og livssyn skal gjelde tilsvarande for dei private grunnskolane

  • at paragrafen om fjernundervisning også skal gjelde for private grunnskolar

  • å vidareføre dagens reglar for privatskolar med følgjande unntak:

    • Privatskolar skal ikkje ha plikt til å tilby aktivitetar som ikkje knyter seg direkte til opplæringa, til dømes leksehjelp og fysisk aktivitet.

    • Krav om tilpassa opplæring og intensiv opplæring gjeld ikkje for privatskolar.

    • Krav til skolebibliotek, målform i læremiddel og samarbeid om overgang frå barnehagen gjeld ikkje for privatskolar.

Krav som blir fjerna for offentlege skolar, fell bort tilsvarande for private skolar.

65.4 Høyringsinstansanes syn

Om lag 20 høyringsinstansar har merknader og innspel i høyringa.

Høyringsinstansane støttar forslaget om at det framleis skal vere krav til godkjenning for å kunne drive private grunnskolar utan rett til statstilskot, og at det bør komme fram av lova kva reglar som gjeld for private grunnskolar. Abelia – Forum for friskoler peikar på betydninga av at det går klart fram av lova kva reglar som gjeld for private grunnskolar.

Ingen av høyringsinstansane har hatt synspunkt på forslaget om å ikkje vidareføre atterhaldet om at reglane i dagens opplæringslov §§ 1-1, 1-3, 2-3 a og 2-4 berre gjeld så lenge desse paragrafane ikkje er strid med menneskerettane.

Ingen av høyringsinstansane har hatt synspunkt på forslaget om å regulere bortfall av godkjenning av private grunnskolar.

Ingen av høyringsinstansane har hatt synspunkt på forslaget om at private grunnskolar ikkje skal ha plikt til å tilby aktivitetar som ikkje knyter seg direkte til opplæringa, til dømes leksehjelp og fysisk aktivitet.

Ingen av høyringsinstansane har merknader til forslaget om regulering av fjernundervisning direkte relatert til private grunnskolar.

Ingen av høyringsinstansane har hatt synspunkt på forslaget om at plikta til å samarbeide med barnehagen om overgangen til skolen ikkje skal gjelde private grunnskolar. Utdanningsdirektoratet støttar ikkje forslaget om at reglane som gjeld læreplanverket og opplæringstilbodet innhald, vurdering og dokumentasjon og paragrafen i høyringsforslaget om bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen ikkje skal gjelde for utanlandske og internasjonale skolar. Utdanningsdirektoratet støttar heller ikkje forslaget om at krava for å bli tilsett som lærar og krava om relevant kompetanse i undervisningsfag ikkje skal gjelde for skolar som følgjer eigne sertifiseringsordningar med eigne krav om kompetanse for lærarar.

Direktoratet uttaler mellom anna:

Dersom internasjonale og utenlandske skoler ikke skal være omfattet av krav til innhold i opplæringen eller ha kompetansekrav til undervisningspersonalet mener vi at elevenes rettigheter vil bli svekket. Det vil videre ikke bli mulig å sikre at sentrale mål for opplæringen blir fulgt.
[…]
Vi støtter at internasjonale og utenlandske skoler ikke skal følge læreplanverket for Kunnskapsløftet, men mener at det må ligge til grunn et krav om at disse skolenes læreplaner oppfyller sentral kompetanse for å kunne bli godkjent, herunder opplæring i norsk.

Videre uttaler direktoratet:

At skolene har egne sertifiseringsordninger, er etter vår oppfatning ikke godt nok for å sikre lærerkompetanse. Krav til høyere utdanning, pedagogisk og faglig kompetanse bør fortsatt gjelde for disse skolene.
[…]
Kompetansekravene vil bidra til å sikre gjennomføringen av opplæringen og elevenes rett til likeverdig opplæring. For lærere med utenlandsk yrkeskompetanse har opplæringsloven egne bestemmelser for godkjenning av denne. Dette er felles europeisk regelverk, og ordningen fungerer godt.

Barneombodet uttrykkjer bekymring over forslaget om ikkje å vidareføre kravet om tilpassa opplæring ved private grunnskolar. Dette kan medføre at lovverket ikkje gir elevane den rettstryggleiken dei treng for å få oppfylt retten til utdanning. Barneombodet viser til at styresmaktene har ansvar for å respektere vernet om å oppfylle barn sine rettar. Retten til utdanning slik han er nedfelt i barnekonvensjonen, inneber ein rett til tilrettelagd opplæring. Paragrafen om tilpassa opplæring kan forståast som eit uttrykk for eit tilsvarande krav. Barneombodet ser på ei slik plikt som ein føresetnad for å sikre at opplæringa er tilpassa og dermed i tråd med barnekonvensjonen.

Sju av høyringsinstansane har uttalt seg til forslaget om at elevar i private grunnskolar godkjende etter opplæringslova skal ha same tilgang til PP-tenesta som elevar i offentlege skolar. Seks av desse støttar forslaget.

Barneombodet er blant dei høyringsinstansane som støttar forslaget, men Barneombodet meiner det bør gjerast tydeleg i lova eller i merknadene kva oppgåver PP-tenesta har. Det kan vere uklart kva som ligg i at elevane skal ha same tilgang til tenesta, dersom verken reglar om individuelt tilrettelagd opplæring eller tilpassa opplæring gjeld. Ombodet har merka seg vurderinga til departementet om at det ikkje er tenleg at reglane om individuelt tilrettelagd opplæring skal gjelde. Barneombodet kan ikkje sjå at omsynet til det beste for barnet er vurdert eller vektlagt, og meiner det kan tale for at elevar i private grunnskolar også bør ha rett til individuelt tilrettelagd opplæring.

Oslo kommune støttar forslaget, men meiner det vil innebere eit behov for tilføring av meir ressursar til PP-tenesta.

Sola kommune støttar ikkje forslaget. Kommunen viser til at sjølv om det truleg ikkje er snakk om eit høgt elevtal, vil det vere krevjande for PP-tenesta å setje seg inn i kva som vil vere eit forsvarleg opplæringstilbod på ein skole som ofte er annleis enn dei skolane som PP-tenesta kjenner til frå før. Sola kommune meiner det er feil å prioritere denne elevgruppa på kostnad av dei innsparingane departementet har foreslått med å fjerne kravet om sakkunnig vurdering for elevgrupper etter opplæringslova og privatskolelova.

Human-etisk forbund og Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn støttar forslaget om at kravet om fritak frå aktivitetar m.m. og om opplæringa i kristendom, religion og livssyn skal gjelde tilsvarande for dei private grunnskolane.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Høgskolen i Volda meiner at krav om ordlister og nynorske læremiddel bør vere inkluderte i krava som gjeld private grunnskolar.

Norsk bibliotekforeining spesialgruppe for skole stiller seg undrande til atelevar ved private skolar ikkje lenger skal ha rett til eit skolebibliotek.

65.5 Departementets vurdering

65.5.1 Vidareføre dagens godkjenningsordning for private grunnskolar

Departementet legg til grunn at plikta og retten til grunnskoleopplæring tilseier at det framleis bør vere ei godkjenningsordning for private grunnskolar. Etter vurderinga til departementet bør reguleringa av private grunnskolar vere tydeleg og eksplisitt, slik at det er lett å finne fram til kva reglar som gjeld for private grunnskolar. Retten til å velje noko anna enn offentlege skolar tilseier at reglane som gjeld private grunnskolar utan rett til statstilskot, bør vere avgrensa til å omfatte dei reglane som er nødvendige for å sikre dei grunnleggjande rettane til elevane og sentrale mål med opplæringa. Departementet har i hovudsak følgt opp forslaga i NOU 2019: 23 Ny opplæringslov om kva reglar som skal gjelde private grunnskolar.

65.5.2 Teieplikt

Departementet meiner at dei private grunnskolane framleis bør ha teieplikt etter reglane i forvaltningslova §§ 13 til 13 e. I tillegg bør også forvaltningslova § 13 g gjelde for desse skolane. Departementet viser til at dei hensyna som ligg til grunn for teieplikt i offentlege skolar også gjeld dei private grunnskolane.

65.5.3 Tilsyn med private grunnskolar

I punkt 60 foreslår departementet mellom anna

  • å vidareføre dagens reglar om at statsforvaltaren kan føre tilsyn med pliktene til kommunen etter opplæringslova

  • å vidareføre dagens regel om statleg tilsyn med andre plikter enn pliktene til kommunen

Forslaget om vidareføre dagens regel om statleg tilsyn med andre plikter enn pliktene til kommunen gir heimel for at departementet som i dag kan føre tilsyn med private grunnskolar.

For at dette skal gå tydeleg fram av lova, meiner departementet det bør komme fram eksplisitt i kapittelet i lova om privat opplæring at departementet kan føre tilsyn med private grunnskolar. Departementet legg til grunn at tilsynsmakta som i dag bør vere delegert til statsforvaltaren.

65.5.4 Regulere når godkjenninga til private grunnskolar som ikkje er i drift, fell bort

I dag er det ingen reglar om bortfall av godkjenning for private grunnskolar godkjente etter opplæringslova. Departementet viser til at privatskolelova har reglar i § 2-1 femte ledd om at godkjenninga fell bort dersom skolen ikkje startar opp verksemda etter lova innan tre skoleår etter at godkjenning vart gitt. Det same gjeld om drifta etter privatskolelova blir nedlagd. Av omsyn til tilsynsmakta meiner departementet det bør innførast ein tilsvarande regel om bortfall av godkjenning for private grunnskolar godkjende etter opplæringslova. Departementet meiner vidare at private grunnskolar bør ha ei plikt til å melde frå ved avvikling av drifta, sjølv om manglande etterleving av ei slik meldeplikt ikkje kan sanksjonerast.

65.5.5 Regulering av unntak for utanlandske og internasjonale skolar

Departementet har merka seg innspela frå Utdanningsdirektoratet når det gjeld forslaget om at reglane om innhald i opplæringa og kompetansekrava for lærarar ikkje skal gjelde for utanlandske og internasjonale skolar som følgjer sertifiseringsordningar med eigne krav om kompetanse for lærarar. I dag kan det for utanlandske og internasjonale skolar gjerast unntak frå dei reglane som gjeld for private grunnskolar. Eventuelle unntak frå reglane for utanlandske og internasjonale skolar blir vurderte av Utdanningsdirektoratet i samband med godkjenninga av ein grunnskole. Høyringsforslaget frå departementet om unntak frå reglane om innhald i opplæringa og krav til kompetanse for utanlandske og internasjonale grunnskolar vil innebere at spørsmål om eventuelle unntak ikkje lenger skal inngå som ein del av godkjenninga. Det har vore utilsikta å avgrense godkjenningsordninga slik. Departementet foreslår at dagens godkjenningsordning blir halden oppe, og at det gjennom godkjenningsordninga, på same måten som etter dagens reglar, kan gjerast unntak frå reglane for utanlandske og internasjonale skolar føresett at unntaka ikkje svekkjer dei grunnleggjande rettane til elevane.

65.5.6 Tilpassa opplæring for elevar i private grunnskolar

Departementet har merka seg innspela frå Barneombodet når det gjeld retten til tilpassa opplæring for elevar i private grunnskolar. Etter dagens reglar gjeld opplæringslova § 1-3 om rett til tilpassa opplæring for elevar i private grunnskolar, jf. opplæringslova § 2-12 andre ledd. Departementet sluttar seg til uttalen frå Barneombodet om at retten til utdanning, slik han er nedfelt i Barnekonvensjonen, inneber ein rett til tilrettelagd opplæring. Barnekonvensjonen artikkel 29 slår fast at private skolar må overhalde prinsippa i artikkel 29 nr. 1. Departementet viser til at Barnekomiteen har lagt til grunn at artikkelen framhevar den individuelle og subjektive retten til ein bestemt kvalitet på utdanninga, og at skolen må tilpassa undervisninga til situasjonen barnet er i, utviklingsstadiet og behova det har. Barnekomiteen viser også til Salamanca-erklæringa som legg vekt på at alle barn skal få tilrettelegging og inkluderande opplæring uavhengig av bakgrunnen sin.

Departementet går på denne bakgrunnen ikkje vidare med høyringsforslaget om at reglane om tilpassa opplæring ikkje skal gjelde elevar i private grunnskolar, men foreslår at retten til tilpassa opplæring framleis skal gjelde elevar i private grunnskolar.

Departementet viser til omtale av retten til tilpassa opplæring i punkt 24.

65.5.7 Elevar i private grunnskolar skal ha same tilgang til PP-tenesta som elevar i den offentlege skolen har

Departementet har merka seg innspel i høyringa om at elevar i private grunnskolar også bør ha rett til individuell tilrettelegging. Dette var ikkje eit forslag i høyringa. Slik departementet ser det, bør det vere opp til den private grunnskolen å avgjere korleis elevane skal følgjast opp, og korleis opplæringa skal gjennomførast. Etter lovforslaget skal regelen i § 10-1 om det beste for eleven også gjelde for private grunnskolar. Departementet føreset at skolen gjer vurderingane om oppfølging av elevane i lys av regelen om det beste for eleven.

Sjølv om dei private grunnskolane ikkje har plikt til å tilby individuell tilrettelegging slik som i den offentlege skolen, meiner departementet at elevar og foreldre bør ha høvet til å få ei vurdering av behovet til eleven. Ei slik vurdering vil gjere det mogleg for eleven og foreldra å ta eit reelt val mellom eit privat og eit offentleg opplæringstilbod. Ei vurdering frå PP-tenesta vil også gi den private grunnskolen eit betre grunnlag for å tilpasse opplæringa for eleven.

Sidan elevane ikkje har rett til individuell tilrettelegging, ser ikkje departementet at det er behov for å fastsetje reglar for saksbehandlinga til PP-tenesta. Formålet med å gi elevar i private grunnskolar tilgang til PP-tenesta er å få vurdert behovet til eleven, til dømes om eleven har spesifikke lærevanskar. Det vil vere naturleg at PP-tenesta gjer ei vurdering av kva som vil vere forsvarleg opplæringstilbod for eleven, men det er ikkje avgjerande om PP-tenesta gir ei tilråding.

65.5.8 Fritak frå aktivitetar

I høyringa følgde ikkje departementet opp forslaget i NOU 2019: 23 om at elevar ved private grunnskolar ikkje skal få fritak frå aktivitetar som knyter seg til verdigrunnlaget til skolen dersom skolen er etablert på religiøst grunnlag. Opplæringslovutvalet viste til at privatskolelova har reglar om unntak frå retten til fritak for elevar som går i privatskolar godkjende på livssynsgrunnlag. Etter vurderinga til departementet er det ein vesentleg og prinsipiell forskjell mellom private grunnskolar godkjende etter opplæringslova og privatskolar med rett til statstilskot godkjende etter privatskolelova. Privatskolar med rett til statstilskot må ha eit eige grunnlag for å få godkjenning, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd. Ein rett til fritak utan unntak for skolar godkjende etter privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav a livssyn kan undergrave eller stå i motstrid til krava som gjeld for godkjenning av privatskolar på livssynsgrunnlag.

For private grunnskolar godkjende etter opplæringslova er grunngivinga for godkjenningsordninga å sikre at skolen oppfyller krava til innhaldet i opplæringa med utgangspunkt i retten og plikta barn har til grunnskoleopplæring. Det er ikkje eit krav i opplæringslova om at dei private grunnskolane må ha eit godkjenningsgrunnlag, og departementet meiner derfor det ikkje er naturleg å lovregulere eit unntak frå rett til fritak for desse skolane. Departementet meiner etter dette at dagens regel om fritak frå aktivitetar bør førast vidare for elevar i private grunnskolar.

65.5.9 Fjernundervisning

I punkt 15 foreslår departementet

  • at det skal vere lov å gjennomføre delar av opplæringa som fjernundervisning dersom det er gode grunnar for det og det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg

  • at elevar skal få fjernundervisninga på skolen med enkelte unntak

  • at fjernundervisning skal gjennomførast slik at lærar og elev kan kommunisere effektivt

  • at kommunen og fylkeskommunen skal godtgjere at vilkåra er oppfylte

  • at departementet får heimel for gi forskrift om fjernundervisning

Departementet følgjer opp forslaget i høyringa om at reglane om fjernundervisning også skal gjelde private grunnskolar. Departementet viser til vurderingane i punkt 15.

65.5.10 Reglar som ikkje skal gjelde for private grunnskolar

Departementet foreslår, som i høyringa, at private grunnskolar ikkje skal ha plikt til å tilby aktivitetar som ikkje knyter seg direkte til opplæringa, som mellom anna reglane om leksehjelp, fysisk aktivitet og kravet til ulykkesforsikring. Forslaget er grunngitt i utgangspunktet til departementet om at regulering av private grunnskolar skal vere avgrensa til å sikre dei grunnleggjande rettane til elevane og sentrale mål med opplæringa.

Departementet har merka seg synspunkta frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringen og Høgskolen i Volda som meiner at reglane i lovforslaget om ordlister, ordbøker og skriveprogram også bør gjelde private grunnskolar. Departementet viser til at utgangspunktet for forslaget om lovregulering av dei private grunnskolane er å sikre dei grunnleggjande rettane til elevane og sentrale mål med opplæringa. Etter vurderinga til departementet ligg reglane om læremiddel, ordlister etc. utanfor det som kan seiast å vere kjernen i grunnskoleopplæringa eller dei grunnleggjande rettane til elevane. Departementet føreset at dei private grunnskolane sørgjer for å bruke dei læremidla i opplæringa som blir rekna som nødvendige for å oppfylle retten elevane har til grunnskoleopplæring. Departementet held ved lag forslaget frå høyringa om at reglane i § 15-3 og § 15-4 ikkje skal gjelde for private grunnskolar.

Departementet gjer tilsvarande vurdering om kravet om skolebibliotek. I tillegg viser departementet til at regelen om skolebibliotek blir foreslått som ei plikt for kommunen til å gi elevane tilgang til skolebibliotek. Tilgang til skolebibliotek er ikkje ein individuell rett etter dagens reglar, og det er heller ikkje foreslått som ein individuell rett.

Departementet foreslår, som i høyringa, at plikta til samarbeide med barnehagen om overgangen til skole ikkje lenger skal gjelde private grunnskolar. Departementet viser til at dette er ei plikt og eit ansvar som ligg på kommunen. Departementet legg til grunn at privatskolane vil vere tente med eit slikt samarbeid, men meiner det ikkje er tenleg å vidareføre ei lovfesta plikt til samarbeid for dei private grunnskolane.

Reglane om krav til skoleanlegg, jf. dagens lov § 9-5, blir etter forslaget i punkt 33.9 ikkje vidareført i ny opplæringslov. Regelen fell dermed også bort for private grunnskolar.

65.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre dagens godkjenningsordning for private grunnskolar, sjå forslaget til § 22-1 første og andre ledd

  • å vidareføre at reglane om teieplikt i forvaltningslova gjeld for private grunnskolar, sjå forslaget til § 22-4

  • å vidareføre at departementet fører tilsyn med private grunnskolar, sjå forslaget til § 22-6

  • å regulere når godkjenninga til private grunnskolar som ikkje er i drift, fell bort, sjå forslaget til § 22-1 tredje ledd

  • å vidareføre heimelen til å gjera unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa og frå reglane om kompetansekrav for undervisningspersonell i utanlandske og internasjonale private grunnskolar, sjå forslaget til § 22-3

  • å vidareføre at retten til tilpassa opplæring gjeld elevar i private grunnskolar, sjå forslaget til § 22-2 første ledd bokstav e

  • at elevar i private grunnskolar skal ha same tilgang til PP-tenesta som elevane i den offentlege skolen har, sjå forslaget til § 22-2 fjerde ledd

  • å vidareføre retten til fritak frå aktivitetar for elevar i private grunnskolar, sjå forslaget til § 22-1 første ledd bokstav l

  • at reglane om fjernundervisning skal gjelde for private grunnskolar, sjå forslaget til § 22-2 første ledd bokstav j

  • at reglar som ikkje knyter seg direkte til opplæringa, ikkje skal gjelde private grunnskolar

Til forsida