Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

47 Kulturskolen

47.1 Innleiing

Dette punktet handlar om kulturskolen. Kulturskolen er ikkje er ein del av grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, men er regulert i opplæringslova.

47.2 Dagens reglar

Ifølgje opplæringslova § 13-6 skal kommunen ha eit musikk- og kulturskoletilbod for barn og unge, anten aleine eller i samarbeid med andre kommunar. Paragrafen seier også at musikk- og kulturskoletilbodet skal vere organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles. Kravet om politiattest i opplæringslova § 10-9 gjeld for musikk- og kulturskoletilbod.

Regelen om at kommunane skal ha eit kulturskoletilbod, inneheld ikkje krav til innhaldet i tilbodet eller at det skal vere eit bestemt tal på plassar. Regelen gir ikkje individuelle rettar til barn og unge. Det er kommunane sjølve som bestemmer innhaldet og omfanget av kulturskoletilbodet. Det er ikkje heimel i lova til å gi forskrift om kulturskoletilbodet.

47.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å behalde paragrafen om kulturskole i opplæringslova

  • å endre nemninga frå musikk- og kulturskole til kulturskole

  • å lovfeste at kulturskolen skal ha nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering

  • å lovfeste at kulturskolen skal arbeide førebyggjande for å sikre at elevane i kulturskolen har eit trygt og godt læringsmiljø

Med dette høyringsforslaget følgde departementet ikkje opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 42.5. Utvalet foreslo å flytte regelen om kulturskolen frå opplæringslova til kulturlova.

47.4 Høyringsinstansanes syn

Det er 26 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget. Desse støttar forslaget om å behalde paragrafen om kulturskole i opplæringslova.

Bærum kommune viser til høyringsfråsegna si til NOU 2019: 23 Ny opplæringslov der dei støttar forslaget frå opplæringslovutvalet om å flytte paragrafen om kulturskolen til kulturlova.

Fleire av høyringsinstansane, mellom anna KS, Norsk kulturskoleråd og Skolelederforbundet, ønskjer ei anna plassering av paragrafen i opplæringslova enn det som var foreslått. Fleire høyringsinstansar foreslår at reglar om kulturskole skal ha eige kapittel i opplæringslova eller regulerast i same kapittel som paragrafen om skolefritidsordninga (SFO).

Det er brei støtte blant høyringsinstansane for å lovfeste at kulturskolen ikkje skal godta krenkjande oppførsel, og at han skal arbeide førebyggjande. Enkelte av høyringsinstansane, mellom anna Norsk kulturskoleråd, foreslår at kulturskolen bør inngå i verkeområdet for reglane om skolemiljøet til eleven, i staden for den særlege reguleringa som er foreslått. Kulturskolerådet meiner at forslaget til reglar om kulturskole er for lite presist som i praksis ikkje sikrar retten barna har til eit godt og trygt læringsmiljø, i og med at forslaget til reglar ikkje seier noko konkret om ansvaret for oppfølging, kva rettar barn og føresette har for å bli høyrde, og konsekvensar ved unnlating. KS saknar ei klargjering av korleis forslaget § 26-1 andre ledd om at kulturskolen ikkje skal godta krenkjande oppførsel, og at han skal jobbe førebyggjande, skal gjennomførast i praksis ut frå organiseringa av kulturskolane i kommunane. KS skriv at pliktregelen inneber internkontroll og tilsyn. KS føreset at risikovurderinga må ta utgangspunkt i kva som er tenleg ut frå lokal organisering av kulturskolen.

Mange av høyringsinstansane har foreslått ytterlegare regulering av kulturskolen enn det som var på høyring. Fleire ønskjer ei lov- eller forskriftsfesting av formålet, elevmedverknaden og kompetansekravet frå kulturskolen for dei som skal arbeide i kulturskolen.

Fleire av høyringsinstansane, mellom anna fleire kommunar, Lier kulturskole, Creo og Norsk kulturskoleråd ønskjer å regulere formålet for kulturskolen. Fleire viser til formålet som kjem fram av Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele — Kunst og kultur for, med og av barn og unge og foreslår at dette blir lovforankra:

Formålet til kulturskolen er å gi eit undervisningstilbod av høg fagleg og pedagogisk kvalitet til alle barn og unge, uavhengig av kvar dei bur og økonomi. I kulturskolen skal elevane få lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk. Kulturskolen skal òg bidra til å kvalifisere elevar med særleg interesse og motivasjon for opptak i høgare kunstfagleg utdanning. Tilbodet skal bidra til danninga barn og unge får, til å fremje respekt for den kulturelle tilhøyrselen andre har, til bevisstgjering av eigen identitet og til å utvikle evna til kritisk refleksjon.
Kulturskolen er open for personar i alle aldrar, men barn og unge frå 0 til 19 år er primærmålgruppa, og barn i skolealder, til og med vidaregåande opplæring, skal prioriterast. Kulturskolen skal vere både ein skoleaktivitet, ein kulturaktivitet og ein fritidsaktivitet. Kulturskolen skal gi elevane moglegheit til å medverke. Elevane skal erfare at dei blir lytta til, at dei har reell innverknad, og at dei kan påverke det som vedkjem dei. Kulturskolen bør vere ein samarbeidande aktør med barnehagen, grunnopplæringa, SFO, anna kulturliv og frivillige aktørar i den enkelte kommunen. Kulturskolen kan vere eit lokalt ressurssenter.
Det er eit mål at alle kulturskolar skal ha eit breiddetilbod og eit kjernetilbod. Nokon kulturskolar i kvart fylke/region kan ta eit særskilt ansvar for fordjupingstilbod og talentutvikling. Ein kulturskole for alle inneber at alle, uavhengig av bakgrunn, kjenner seg velkomne. Kulturskolen bør spegle av mangfaldet i samfunnet gjennom eit breitt samansett tilbod av undervisning, formidling og skapande verksemd.

Enkelte høyringsinstansar foreslår at det skal setjast krav til kompetanse til den som skal undervise i kulturskolen. Norsk kulturskoleråd ønskjer at det blir sett krav om fagleg, pedagogisk og administrativ kompetent leiing i kulturskolen i lovparagrafen om kulturskolen, og at nærare krav til kompetanse blir fastsett i forskrift.

Norsk kulturskoleråd og Lier kulturskole foreslår at elevmedverknad i kulturskolen blir lovforankra, slik som i barnehagen og skolen. Norsk kulturskoleråd viser til Meld. St. 18 (2020–2021) der medverknaden til barn og unge er sentralt element.

I tillegg er det enkelte, mellom anna Norsk kulturskoleråd, som foreslår at det bør vere ein forskriftsheimel for kulturskolen, spesielt dersom formålet med kulturskolen ikkje skal regulerast i lova. LO meiner det bør vere reglar om nivået for eigenbetaling og at slike reglar kan fastsetjast i forskrift.

Skoleleiarforbundet foreslår at kulturskolen skal inkluderast i kapittel 24 til forslaget om samarbeid mellom skolen og andre tenesteytarar.

47.5 Departementets vurdering

47.5.1 Krav om kulturskole i opplæringslova

Departementet foreslår å vidareføre plikta for kommunane til å ha eit tilbod om kulturskole.

Ei regulering av kulturskolane i opplæringslova knyter kulturskolen betre saman med grunnskolen, den vidaregåande opplæringa og skolefritidsordninga enn dersom kulturskolen hadde vore regulert på annan måte. Departementet foreslår derfor at plikta til å ha kulturskole og den nærare reguleringa av dette skal regulerast i opplæringslova.

Departementet foreslår etter innspel frå høyringsinstansane at reglane om kulturskole blir regulerte i eit eige kapittel 26 i lova.

I dagens paragraf er det nemninga musikk- og kulturskole som er nytta. Språkleg sett blir musikk dekt av uttrykket «kultur». I dag blir dei fleste tilboda kalla kulturskolar, sjølv om tilbodet til kulturskolen framleis hovudsakleg består av musikkundervisning (82 prosent av tilbodet). Ingen av høyringsinstansane har kommentert forslaget om å endre nemninga frå musikk- og kulturskole til kulturskole. Departementet foreslår at den nye paragrafen berre bruker uttrykket kulturskole, utan at dette er meint å utgjere ein realitetsforskjell. Kommunen vil framleis stå fritt til å vedta kva typar kulturaktivitetar som skal tilbydast, og omfanget av dette.

47.5.2 Kulturskolen skal vere organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet

Departementet foreslår at det som i dag skal vere eit krav til at kulturskolen skal vere organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet. Enkelte høyringsinstansar foreslår at kulturskolen skal inkluderast i reglane om samarbeid og samordning mellom tenesteytarar. Ifølgje § 24-1 i forslaget skal skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste samarbeide med andre tenesteytarar, og tenestetilboda vere samordna. Formålet med regelen er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene. Å inkludere kulturskolen i paragrafen om samarbeid og samordningar er ikkje foreslått i høyringsnotatet, og departementet foreslår ikkje å innføre eit slikt krav. Eit slikt krav kunne medføre økonomiske og administrative konsekvensar, som ikkje er greidde ut. Ut frå eigenarten til kulturskolen meiner departementet at det er tilstrekkeleg å vidareføre regelen om at kulturskolen skal vere organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet.

47.5.3 Lovfesting av formålet med kulturskolen

Departementet er samd med dei høyringsinstansane som har påpeika at ein formålsregel kan gi kulturskolen visjonar og mål og gjere tydeleg kva kulturskolen skal vere. Det kan bidra til eit meir likt tilbod over heile landet. Departementet vil også trekkje fram at lova inneheld ein formålsregel for både grunnskoleopplæringa, den vidaregåande opplæringa og for skolefritidsordninga. Departementet foreslår derfor ein eigen paragraf i lova om formålet med kulturskolen.

I Meld. St. 18 (2020–2021) vart formålet og verksemda til kulturskolen omtalt slik:

Kulturskolen er ein skoleaktivitet med eit mangfald av kunst- og kulturfag, som trekkjer vekslar på både pedagogiske, didaktiske og kunst- og kulturfaglege tenkjemåtar og praksisar. Kulturskolen er ein kulturaktivitet der det er mogleg for barn og unge å fordjupe seg og utvikle talentet sitt. I tillegg er kulturskolen ein fritidsaktivitet – ein stad der barn og unge kan møte kunst og kunstnarar på ein relativt uforpliktande måte og inngå i sosiale fellesskap med andre med like interesser.

Departementet foreslår følgjande formålsregel om kulturskole:

Kulturskolen skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø.

Ordet «aktivitet» er nytta for å vise at kulturskoletilbodet ikkje er formell skolegang. Ordet «ulike» er teke inn for å synleggjere at aktivitetane kan vere av svært ulik art, både «skoleaktivitet», «kulturaktivitet» og «fritidsaktivitet», jf. sitatet frå Meld. St. 18 (2020–2021).

Det blir også vist til at kulturskolen skal leggje til rette for at aktivitane skjer i eit trygt og godt skolemiljø.

I Meld. St. 18 (2020–2021) står det at barn og unge bør ha eit trygt og godt læringsmiljø også medan dei er på kulturskolen og deltek i aktivitetar i regi av kulturskolen. Stortinget har behandla stortingsmeldinga og slutta seg til tiltaka i meldinga i vedtak 1055 frå 8. juni 2021, sjå Innst. 622 S (2020–2021).

Departementet meiner det er viktig at barn og unge har det trygt og godt i kulturskolen, men fordi det er store forskjellar på grunnskolen, den vidaregåande opplæringa og kulturskolen som verksemder bør ikkje dei alminnelege reglane om skolemiljø, sjå forslaget til kapittel 12 i lova og omtalen i punkt 33, gjelde. Det ville medføre omfattande plikter og individuelle rettar for elevar, tilsette og forvaltninga. Det ville vere kostbart og ressurskrevjande, og konsekvensar og effektar er ikkje nærare greidde ut. For mange kulturskolar, og kanskje særleg små kulturskolar med få elevar og tilsette, ville reglane bli krevjande å følgje opp, ikkje minst fordi opphaldstida til elevane i kulturskolen er svært kort og mange kulturskolar gir undervisning spreidd på mange ulike lokasjonar. Departementet meiner derfor det ikkje er rett eller tenleg at reglane om skolemiljøet til elevane skal gjelde for kulturskolen.

I høringen foreslo departementet å lovfeste at kulturskolen skal arbeide førebyggjande for å sikre at elevane i kulturskolen har eit trygt og godt læringsmiljø og å lovfeste at kulturskolen skal ha nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Departementet meiner det ikkje er nødvendig med så detaljerte reglar for kulturskolen som det departementet foreslo i høyringa. Departementet foreslår at det i den foreslåtte paragrafen om formålet til kulturskolen blir vist til at det skal vere eit trygt og godt skolemiljø. Det inneber mellom anna at elevar ikkje blir utsett for krenkingar.

47.5.4 Anna regulering av kulturskolen

Enkelte høyringsinstansar ønskjer å lovfeste ein regel om elevar sin medverknad i kulturskolen. Departementet foreslår ikkje å ta inn ein eigen regel om medverknad i kulturskolen i ny opplæringslov.

Departementet viser til at det blir foreslått ein generell paragraf om medverknad som følgjer opp Grunnlova § 100 om ytringsfridom og § 104 om retten barnet har til medverknad. Etter forslaget til § 10-2 har elevane rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter lova. Paragrafen gjeld også for kulturskolen. Det elevane skal medverke til, vil vere snevrare i kulturskolen enn i skolen, fordi tilboda er ulike. Dette kan utleiast av at regelen er foreslått å gjelde «alt som gjeld dei sjølve», og dette blir presisert i merknadene til paragrafen. Sjå omtalen av forslaget til § 10-2 i punkt 21.

Departementet foreslår ikkje krav til kompetanse for dei som skal tilsetjast i kulturskolen. Departementet meiner at det å innføre krav om kompetanse kan redusere fleksibiliteten til kulturskolen, og det kan gjere det vanskelegare å finne kvalifiserte lærarar. Vidare vil eit krav om kompetanse ha økonomiske og administrative konsekvensar. Eit forslag om å innføre kompetansekrav for å kunne tilsetjast i kulturskolen var ikkje ein del av høyringsforslaget og vil eventuelt måtte greiast ut nærare.

Fleire høyringsinstansar foreslo å gi forskriftsheimel, som eit alternativ til ei lovregulering av formål, kompetansekrav og eigenbetaling. Departementet foreslår ein formålsregel, og derfor er det ikkje nødvendig å ha ein forskriftsheimel for formålet med kulturskolen. Vidare blir det ikkje foreslått ein forskriftsheimel for kapasitet og nivå på eigenbetaling, då departementet meiner desse spørsmåla bør overlatast til kommunen å vurdere ut frå dei lokale forholda. Ein forskriftsheimel kan gi forventningar blant kulturskolane om ytterlegare reguleringar, og dette kan auke presset om å detaljregulere kulturskolefeltet.

47.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å videreføre krav om kulturskole i opplæringslova, sjå forslaget til § 26-1

  • å ha eit eige kapittel om reglar om kulturskole i opplæringslova, sjå forslaget til kapittel 26

  • å endre nemninga frå musikk- og kulturskole til kulturskole, sjå forslaget til § 26-1

  • å lovfeste formålet med kulturskolen, sjå forslaget til § 26-2

Til forsida