St.meld. nr. 8 (2008-2009)

Om menn, mannsroller og likestilling

Til innhaldsliste

9 Nyare kjønns- og mannsforsking – om menn og maskulinitet

Formålet med dette kapitlet er å gi ei kort innføring i generelle tema som gjeld menn i eit kjønnsperspektiv, og syne den kunnskapen som ein meir generelt har om menn og maskulinitetar. Kapitlet viser kvar forskinga står når det gjeld visse sider ved det å vere mann i Noreg i dag, og det dannar derfor eit viktig grunnlag og bakteppe for drøftingane og forslaga i kapitla i meldinga. Det inneheld naturleg nok ein del forskingsomgrep og forståingsrammer som ikkje er direkte knytte til omgrepa som blir brukte i dagleglivet. Referansane her er derfor reint forskingsmessige beskrivingar og presentasjonar, ikkje politiske vurderingar.

Mannsforskinga som har vakse fram dei to siste tiåra, har vore med og kasta lys over mannsroller og maskulinitet – over endringane på dette området og årsakene til dei. Mannsforskinga, som ein del av kjønnsforskinga, kan syne korleis politiske avgjerder kan påverke mannsrollene, men politiske avgjerder kan òg skje som resultat av dei mannsrollebeskrivingane forskinga presenterer. Kjønnsforskinga oppstod samtidig med og som ein del av kvinnerørsla på 1960- og 1970-talet. Rørsla hadde eit reindyrka kvinnefokus og arbeidde for likestilling for kvinnene. I den første fasen var kjønnsforsking synonymt med kvinneforsking . Kvinneforskingsprosjektet var langt på veg eit synleggjeringsprosjekt , og ein fokuserte på å få fram kunnskap om kvinner som historiske aktørar og å ta erfaringane deira på alvor 1 i ei tid då verda syntest kjønnsnøytral og mannen gjekk for å vere norma og det «normale subjektet». Framleis blir eit kjønns perspektiv av mange oppfatta som synonymt med eit kvinne perspektiv.

Ei spissformulering frå nyare kjønnsforsking går ut på at ein «ikkje har sett mannen for berre menn». 2 Sjølv om mannen historisk har vore norma, også i forskinga, har bevisst tenking om mannen som kjønn i stor grad mangla. Mannsforskinga voks fram på 1980-talet, og særleg utover på 1990-talet bar ho preg av å vere ei forlenging av den feministiske forskinga. Mannsforsking er ikkje all forsking om menn og deira bedrifter, men forsking som er seg bevisst at også menn har eit kjønn, at menn står i ein kjønnsrelasjon til andre menn og til kvinner. 3 Som fleire 4 har påpeikt, kan ein med ei lett omskriving seie at utgangspunktet for mannsforskinga ligg i det sentrale og velkjende sitatet etter Simone de Beauvoir: 5 «Ein blir ikkje fødd til mann, ein blir det.»

Det finst kulturelle forventningar og førestellingar om det å vere mann i dagens norske samfunn. Parallelt med dei tradisjonelle og historisk baserte forventningane og førestellingane ser vi at den politiske fokuseringa på kjønn og arbeidet for likestilling mellom kvinner og menn har ført til endringar i dei tradisjonelle oppfatningane. Politisk innsats gjennom 30 år med kjønn og likestilling på dagsordenen har utan tvil betydd noko for menn òg.

Førestellingar og ideal knytte til maskulinitet varierer med konteksten. Alt etter variablar som alder, klasse og etnisk bakgrunn er det ulike forventningar til og vurderingar av kva som er maskulint.

9.1 Maskulinitet i endring

Omgrepa maskulint og feminint er flittig brukte både i daglegtalen, i media og i forskinga. Men korleis feminitet og maskulinitet blir oppfatta, er i kontinuerleg endring. Når ein ser på kva som prega normene for kvinner og menn på 1950- og 1960-talet, er det lett å få auge på slike endringar. Tradisjonell feminitet og maskulinitet knytte kvinner til omsorg og den private sfæren, og menn, som var forsørgjarar, til den offentlege sfæren. Kvinnekampen og kvinneforskinga på 1970-talet medførte endringar i forståinga av kva ei kvinne er og kan vere, og jenter og kvinner har fått mykje større rom for handling samanlikna med dei rigide førestellingane om kjønn på 1950- og 1960-talet. Jenter har i dag eit rom for handling som spenner frå tradisjonelle feminine aktivitetar som å leike med dokker og vere oppteken av rosa pynt, til å vere tøffe, pågåande og fysisk aktive. Samtidig som det blir forventa at unge kvinner skal vere omsorgsfulle, er det blitt naturleg at dei skal ta utdanning, gjere karriere og vere medforsørgjarar i familien.

Mannsrolla og normene for det mannlege har òg forandra seg dei tre siste tiåra. Den «nye mannen» er likestillingsorientert. Granskinga viser at særleg yngre menn har ein likestillingsorientert praksis i heim og familie og deltek meir aktivt i matlaging og anna husarbeid. Særleg er mennene blitt meir delaktige i omsorga for barna, og endringane i farsrolla er store. 6 På 1950-talet blei det rekna som unaturleg for ein mann å trille barnevogn; i dag er det ei sjølvfølgje at fedrar yter omsorg for barna sine, om enn i mindre grad enn dei sjølve gjerne vil. 7 Men sjølv om ikkje alle fedrar i dag har ein likestillingsorientert praksis, har ideala for farsrolla gjennomgått grunnleggjande endringar sidan 1950- og 1960-talet. I dag er det ikkje legitimt for ein far å la vere å prioritere tid til barna. Fedrar som til dømes står fram offentleg og seier at dei ikkje prioriterer fødselsdagane til barna, blir sette i offentleg gapestokk. 8

Endringar i mannsrollene ser vi òg på mange andre samfunnsarenaer. Unge menn i dagens Noreg har fleire og tettare vennskapar både med menn og kvinner enn generasjonane før dei. Grensene for kor opptekne menn kan vere av eigen utsjånad, klede, motar og interiør, er òg flytta, og granskinga viser at yngre menn har langt større aksept for ulikskapar i kjønnsuttrykk og kjønnsidentitetar enn generasjonane før dei. Dette er trendar som eksisterer samstundes med tradisjonelle haldningar i same aldersgruppe.

Likestillingsgranskinga viser at likestillinga mellom kjønna er kommen langt i Noreg, og det har skjedd ei markant forbetring dei siste tjue åra. Heile 90 % av både menn og kvinner meiner at arbeidet i heimen og forsørgjaransvaret for familien bør delast likt mellom menn og kvinner. Fleire enn før følgjer opp i praksis. I 1988 var det heile 95 % av mennene som svarte at kona heilt eller delvis tok seg av matlaginga. I dag svarer 35 % av mennene at dei deler dette arbeidet likt med partnaren, og rundt 15 % tek hovuddelen av det. Menn deltek òg meir aktivt i andre typar husarbeid og i omsorga for barna, mellom anna gjennom auka uttak av foreldrepermisjon. Dei fleste meiner dessutan at barn bør oppsedast til å bli kjønnslikestilte som vaksne, og at valdtekt er menns ansvar, og eit stort fleirtal av både menn og kvinner vil ha lengre pappapermisjon – 70 % av mennene og 80 % av kvinnene.

I likestillingsgranskinga blei respondentane bedde om å plassere seg sjølve på ein «kjønnsskala» frå maskulin til feminin. Figur 9.1 viser svara for både menn og kvinner.

Figur 9.1 Kjønnsskala

Figur 9.1 Kjønnsskala

Fleire kvinner enn menn oppgjer at dei meiner å ha ei nokså lik blanding av maskuline og feminine eigenskapar. Fleire kvinner enn menn, men svært få av begge kjønn, oppgjer at dei har «ganske mykje» av det motsette kjønnet i seg. Tala kan tyde på at kvinner plasserer seg sjølve noko jamnare på kjønnsskalaen enn menn.

Figur 9.1 tyder på at likestillingsstrukturen har endra seg meir enn kjønnssystemet i dagens Noreg. Det har blitt mykje større aksept for likestilling i form av delt ansvar for arbeid og omsorg, mens friare kjønnsgrenser synest vanskelegare å akseptere. I rapporten frå likestillingsgranskinga skriv forskarane: 9

«Det er nærliggende å tenke på sosiale stigma og tabuisering når man ser på denne delen av fordelingen. Er det å være «svært» lik motsatt kjønn reelt sett et tabu i dagens Norge? Hvordan skal man ellers forklare at ingen, verken kvinner eller menn, har krysset av her? Selv med forbehold for feiltolkning av spørsmålet, osv. blir dette sannsynlig. Svarfordelingen får frem en type disiplinering på kjønnsområdet som er temmelig ulik de varierende forholdene som rår på mange deler av likestillingsområdet. Her gjelder ikke tendenser, modifiseringer og variasjon. Her gjelder det å gå i takt. »

9.1.1 Haldningar til likestilling mellom kjønn

Data frå likestillingsgranskinga tyder på at innhaldet i likestillingsomgrepet i dag er til forhandling . Når menn og kvinner blir bedde om å ta stilling til ulike utsegner om likestilling mellom kjønn, er svara dels samanfallande og dels kjønnsspesifikke.

Både menn og kvinner sluttar opp om «gjenkjennelege» likestillingspolitiske utsegner som «kvinner og menn bør ta like mykje ansvar for å forsørgje familien økonomisk» og «kvinner og menn bør dele arbeidet heime likt». Fleirtalet av både menn og kvinner meiner dessutan at fleire menn bør inn i typiske kvinneyrke, og at fleire kvinner bør inn i typiske mannsyrke. Dessutan konstaterer fleirtalet av både kvinner og menn at menn har dei fleste økonomiske privilegia i samfunnet vårt, og at kvinner framleis har hovudansvaret for heim og familie. Endeleg sluttar stort sett heile utvalet av både menn og kvinner opp om at eit viktig mål for barneoppsedinga er at barna skal bli likestilte når dei veks opp.

Samtidig meiner fleire menn enn kvinner i utvalet (64 % mot 41 %) at likestillinga mellom kjønna no har komme langt nok, og at likestillinga stort sett er innført allereie (67 % av mennene mot 46 % av kvinnene). Vidare er fleirtalet av mennene mot kvoteringsordningar som kan rette på kjønnsfordelinga i yrke og utdanningar der ho er skeiv. Dei er meir positive til andre tiltak, især informasjons- og haldningskampanjar.

Likestillingsgranskinga viser at det norske likestillingsprosjektet har «treft betre» i middelklassen enn i arbeidarklassen, der forbetringane ikkje blir opplevde som like klare. Heile 70 % av alle spurde seier seg samde i utsegna om at dagens likestillingsarbeid er mest til fordel for dei vellykka i samfunnet. Blant dei låglønte stig talet til heile 84 %. Her er det berre små forskjellar i oppfatning mellom menn og kvinner.

Sidan likestillinga ikkje blir halden for å gi like klare fordelar blant dei med lågast inntekt, er skepsisen til mykje av det offentlege likestillingsarbeidet òg størst i denne gruppa. Bruk av andre typar verkemiddel, til dømes kontantstøtte, har større oppslutning i låglønnsgruppa. Dess mindre ein person tener, dess meir positiv er han eller ho til kontantstøtte. Sidan det i hovudsak er mødrer som tek ut kontantstøtte, er ordninga med på å halde oppe ei skeiv arbeidsfordeling i heimen. Av dei spurde med barn under sju år har berre 15 % av mennene, mot heile 72 % av kvinnene, teke imot kontantstøtte.

Resultata som kjem fram av granskinga om haldningar til likestilling, har ikkje eintydig støtte i andre studiar. Ein studie 10 som ser på haldningar til likestilling målt gjennom fire representative befolkningsutval i perioden 1985 til 2001, viser ein tendens til aukande polarisering mellom menn og kvinner når det gjeld tilslutning til kjønnslikestilling. Her er det spesielt to endringstendensar som peiker seg ut når det gjeld korleis menn ser på likestilling: Det er ein kraftig nedgang i tilslutninga til likestillingsarbeid blant unge menn, og nedgangen er særleg stor blant menn med høg utdanning.

Likestillingsgranskinga stadfester ikkje ei slik kjønnspolarisering i likestillingshaldningane. Mange haldningar er nokså likt fordelte mellom kjønna. 66 % av kvinnene meiner òg at dagens likestillingsarbeid er mest til fordel for dei vellykka i samfunnet. Dessutan viser granskinga relativt sterke samvariasjonar mellom negative haldningar til kvoteordningar og tilslutning til utsegnene «vi har nok innvandrarar og asylsøkjarar her i landet» og «det offentlege blandar seg for mykje inn i folks privatliv». Like gjerne som å vere uttrykk for kjønnsbaserte interesseposisjonar kan negative haldningar til kvoteringsordningar tolkast som uttrykk for ideologibaserte interesseposisjonar.

9.1.2 Nokre omgrep

Omgrepa mannsrolle og kjønnsrolle er til dels innarbeidde i norsk daglegspråk. I denne meldinga refererer omgrepa til dei kulturelle forventningane og førestellingane som knyter seg til det å vere mann.

I nyare kjønnsforsking er det etablert ei forståing av at kjønn ikkje er noko ein har eller er ; i staden blir det lagt vekt på kjønn som praksis, noko vi gjer («doing gender»). 11 Kjønn er ikkje berre eit resultat av noko ibuande i personen, men noko som blir produsert og gjort i konkrete kontekstar. Det inneber at kjønn må sjåast som ein kontinuerleg prosess, ikkje som noko fastlagt og statisk.

Kjønnsforskinga fokuserer på at normer er noko som heile tida blir stadfest, utfordra eller omforhandla gjennom praksis. Når individa samhandlar, blir dei forma av normene for kva som er akseptert som kvinneleg og mannleg, samtidig som samhandlinga òg formar normene. 12 Kva som blir oppfatta som feminitet og maskulinitet, er sosialt konstruert. I eit slikt perspektiv er ein oppteken av personlege og sosiale identitetar som noko som blir til i samhandlinga mellom menneske. Identitet er ikkje eit ferdig sluttprodukt, men eit fenomen i ein endringsprosess. 13

Omgrepet maskulinitet viser til dei forventningane, normene og reglane som samfunnet rettar mot menn. På grunnlag av biologisk kjønn blir individa sosialiserte inn i ei kjønnsrolle. I seinare tid er omgrepet kjønnsrolle blitt kritisert for å vere for statisk og fastlåst ved at det fokuserer vel mykje på at sosialiseringa berre går éin veg, og at kjønnsroller berre blir noko individa blir påførte eller overtek. Omgrepet refererer til dei kulturelle førestellingane og normene som er forbundne med å vere mann. Maskulinitet og feminitet blir her forstått som analytiske omgrep som femner vidare enn biologisk kjønn. Maskulinitet og feminitet er dels kulturelle førestellingar, dels analytiske omgrep for kjønn.

Eit maskulinitetsperspektiv i forskinga inneber mannsforsking med vekt på menn som kjønna individ. 14 Det betyr at ein i forskinga om menn undersøkjer kva førestellingane om det maskuline og det mannlege har å seie for menns praksis. Å operere med kjønn som variabel og sjå etter fordelingar av menn og kvinner på ulike statistikkar inneber ikkje nødvendigvis i seg sjølv eit kjønns perspektiv .

9.1.3 Kven definerer maskulinitet?

Dei moderne media speler ei avgjerande rolle som formidlarar av kjønnsrollemodellar for gutar og menn. I aukande grad finn særleg gutar gjennom den TV-orienterte kulturen ut at mannlege heltar er blant dei mest tilgjengelege, oftast kopierte og mest offentleg aksepterte modellane for mannleg sosialisering. 15

Det er ei gjennomgåande oppfatning innanfor medieforskinga at dei felles kulturelle oppfatningane av kva som er å rekne for «mandig» eller «feminint», blir danna og kjem til syne gjennom ulike medieuttrykk. Media fungerer på mange måtar som eit kartotek over dei ulike kjønnsrollene og –uttrykka som gutar og jenter har å velje mellom i danninga av sin eigen identitet. I eit samfunn der tradisjonelle kategoriar som religion, sosial klasse og familie er blitt mindre viktige, og der ulike medium blir stadig meir nærverande, vil media òg etter kvart få større innverknad på den offentlege meiningsdanninga.

Måten media påverkar oppfatningar av kjønn og kjønnsidentitet på, har vore eit prioritert område i norsk og internasjonal medieforsking. Som på mange andre forskingsfelt har omgrepet kjønn i medievitskapen i stor grad vore knytt til kvinner og det kvinnelege. Forsking på menn, maskulinitet og medium fekk først fotfeste tidleg på 1990-talet. Eit manglande mannsperspektiv har gjort sitt til at det i medievitskapen er ei utbreidd oppfatning at det berre er kvinner, og det som blir oppfatta som det kvinnelege, som blir forma og formidla gjennom media. Men mykje tyder på at oppfatningane av mannsroller og maskulinitet i vel så stor grad har blitt sementert gjennom kulturelle uttrykk. Kvinner har fått tilført identitetskapital gjennom kvinnekamp, forsking, bevisstgjering og liknande, mens menn framleis hentar identitetsforståinga si frå dei maskulinitetsrekvisittane som finst i kulturen. 16

9.1.4 Maskuline stereotypiar

På mange måtar kan vi seie at media har teke over som vår felles historieforteljar og dermed som skapar og formidlar av moderne mytologiar. Moderne mediemytologiar fortel oss kva verdiar vi er samde om, kven vi kan stole på, kva kampar som må kjempast, og kva offer som kan og må gjerast for å nå målet. Mytologiane fungerer som kulturelle grunnsteinar og blir ofte framstilte som udiskutable og «naturgitte», noko det ikkje kan setjast spørsmålsteikn ved. Ei slik mytedanning påverkar òg vårt syn på kjønn og kjønnsidentitet.

Til stereotypiane om menn høyrer førestellingar om menn som konkurranseorienterte, aggressive, ambisiøse, dominerande, sterke, uthaldande og uavhengige. I motsetning til kvinner, som tiskar og kviskrar, er menn uredde, reale og lite redd for konfliktar. Menn blir dessutan framstilte som teknisk orienterte, instrumentelle og resultatretta, i motsetning til kvinner, som typisk er omsorgsfulle, emosjonelle og relasjonsorienterte.

9.1.5 Om forståing av det mannlege

Kjønnsforskinga har vist at det finst fleire måtar å vere mann på og ei variasjonsbreidd for kva som blir oppfatta som maskulint. Dei siste tiåra har menn fått eit utvida rom for handling som omfattar omsorg for barn, openheit og nære relasjonar. Men rommet for handling er framleis trongt, og undersøkingar viser at det går klare grenser for kva ein gut og mann kan gjere.

Homofobi

Blant unge i dag er «hore» og «homo» skjellsord som er aktivt brukte. På nettstaden www.ung.no er det gjort eit intervju 17 med ein ung gut som seier

«At man kaller noen ’homo’, behøver ikke ha noe med seksualitet å gjøre. ’Homo’ er et generelt skjellsord. Det henger sammen med oppførsel. Om en gutt kler seg spesielt eller oppfører seg feminint, blir han raskt kalt ’homo’.»

Observasjonar i klasserom 18 viser at det å gi ope uttrykk for negative haldningar til homofile i dag blir oppfatta som marginalt og avleggs av medelevar. Studien viser at det var gutar som allereie var «utafor» i klasseromskulturen, som framførte slike haldningar, og at det tente til å stadfeste posisjonen til utøvaren. Røthing refererer til internasjonal forsking som peiker på at gutar med etnisk minoritetsbakgrunn gir uttrykk for slike haldningar i større grad enn gutar frå den etniske majoritetsbefolkninga. Haldningane blir gjerne oppfatta som opprør mot eller markering av avstand til (den antekne) aksepten av homofile i majoritetssamfunnet, og som forsøk på å markere eigen heteroseksuell maskulinitet som kompensasjon for ein etnisk eller klasseprega marginalisert posisjon. I granskinga finn vi att ulike oppfatningar av homofili hos kvinner og menn. Mens fire av ti menn ville sjå det som vanskeleg å ha eit homofilt barn, har berre to av ti kvinner ei tilsvarande oppfatning. Skepsisen aukar med stigande alder, og i motsetning til andre funn viser granskinga at skepsisen aukar med stigande utdanning og årsinntekt.

Ein ny forskingsrapport frå NOVA viser at det å forstå seg sjølv som lesbisk eller homofil tidleg i tenåra, er assosiert med ein vesentleg auka risiko for å bli mobba eller slått. 19 Eit hovudfunn i rapporten er at unge lesbiske og homofile tenåringar i Oslo er særleg utsette for mobbing, systematiske truslar og vald. Éi av tjue lesbiske/bifile tenåringsjenter og éin av fem homofile/bifile gutar i tenåra i Oslo melder at dei har vore utsette for dagleg mobbing det siste året. To av ti lesbiske/bifile og fire av ti homofile/bifile melder å ha vore utsette for vald som kravde legebehandling siste året. I desse gruppene er det altså fire gonger fleire som blir utsette for vald enn blant heterofile.

Hatkriminalitet mot homofile og lesbiske blir gjerne framstilt som «blind vald», ofte som overfall på open gate med ukjend gjerningsmann. I NOVA-studien går det derimot fram at unge lesbiske, bifile og homofile som regel blir utsette for vald frå menneske dei kjenner eller er i nær familie med. Ein av dei mest påfallande forskjellane samanlikna med heterofile tenåringar er kor mange unge lesbiske/bifile/homofile tenåringar som melder å ha vore utsette for vald frå eigne foreldre. Blant heterofile tenåringar er det forsvinnande få som melder å ha opplevd heimebasert vald; 3 % av jentene og 2 % av gutane svarer at dei har opplevd dette siste året. Blant lesbiske/bifile/homofile ungdommar er tala 12 % av jentene og 16 % av gutane.

Gutar og menn dømmer i stor grad seg sjølve og andre av same kjønn etter ytre standardar, med styrke og muskler som dominerande innslag når menn skal vurdere det mandige hos kvarandre. 20 Konkurransen om å vere øvst i det fysiske hierarkiet – vere den sterkaste guten i klassen – blir såleis ein del av maskulinitetsprosjektet. Disiplineringa til maskulinitet går gjennom disiplinering av kjensler. Ved å vere tause om kroppsleg og emosjonell smerte unngår dei skamma ved å vere sårbare, og dermed feminine. Andre menns maskuline standardar verkar styrande for kva tema menn kan tillate seg å snakke om. Det er derfor viktig å synleggjere korleis dei rådande maskulinitetsideala kan undertrykke kjenslelivet hos menn og til dømes true helsa deira på individuelt nivå. Konformiteten i maskulinitetsnormene kan gjere sitt til at gutar og menn lèt vere å snakke om det dei opplever som problematisk.

9.1.6 Maskuline fellesskap og vennskap mellom menn

I forlenginga av den tradisjonelle maskuliniteten vi kjenner i dag, med høgt fokus på sjølvkontroll og sjølvbehersking, har gutar og menn generelt i liten grad utvikla eit språk for intimitet og kjensler. 21 Dette verkar også inn på vennskapsrelasjonar mellom menn. Vesentlege element i vennskapsrelasjonar er evne til å vise intimitet, tillit, omsorg og kjensletilknyting. Slike eigenskapar har gjennom lang tid vore assosierte med femininet. I boka I Venskabs Paradiis viser Marianne Berg Karlsen 22 korleis mannsideal og normer for mannleg vennskap tidleg på 1800-talet var vesentleg annleis enn det som pregar vår tid. Mot slutten av 1800-talet skjedde det store endringar i normene for mannleg vennskap, og i vår tid blir vennskap mellom menn karakterisert som instrumentelt og konkurranseorientert. Nære og intime vennskapsforhold blir rekna som noko kvinneleg. Under overskrifta «Gutter i horder og jenter i par» oppsummerar Nielsen og Rudberg 23 forskingsfunn frå 1970- og 1980-talet som viser forskjellen på vennskapsalliansar mellom gutar og jenter. Jentene har intime, fortrulege vennskapar som inkluderer kroppsleg nærleik og er sterkt prega av dyadar (dei leikar to og to). Relasjonane mellom gutar har vore prega av at gutane ikkje dannar nære, fortrulege vennskapar. I staden leikar gutane saman i større grupper, og samværet er prega av å gjere noko saman. Vennskap mellom gutar handlar meir om konkurranseprega kollektive aktivitetar enn fortruleg prat.

Maskuline fellesskap er altså ofte meir aktivitetsstyrte enn samtalestyrte. Samanlikna med dei fortrulege og intime samtalevennskapane mellom kvinner er mannlege fellesskap tause. Men også slike «tause fellesskap» er viktige for livsgleda og identitetsdanninga hos menn. Til dømes er jakt- og fisketurar saman med andre menn for mange heilt vesentleg for livskvaliteten. Ein studie viser at jegerar som har gjort jakt til ein livsstil, gjennom jakta identifiserer seg med det dei ser på som ein gammal lokal kultur beståande av ein maskulin kulturell praksis og ein lokalt forankra maskulin identitet. Ved å vidareføre skikkane og verdiane til fedrane og bestefedrane blir dei sjølv berarar av ein lokal arbeidarklassekultur, og dei gir uttrykk for ei sjølvforståing som berarar av ein kultur med lange tradisjonar i lokalsamfunnet. Fellesskapet og vennskapen mellom mennene, og kjensla av lokal tilknyting som oppstår, er truleg eit nødvendig sosialt fundament for den jegeridentiteten mennene viser fram, meiner forskarane. 24

Eit anna viktig maskulint fellesskap oppstår gjennom fotball. Sjølv om kvinnene har gjort sitt inntog både på bana og på tribunen, utgjer gutar og menn framleis storparten av fotballentusiastane. Fotballinteressa femner og sameiner menn på tvers av nasjonalitet, klasse, alder, utdanning, hudfarge, yrke og eit mangfald av ulike individuelle erfaringar. 25 På fotballtribunen kan menn agere på måtar dei elles aldri ville gjort – her kan dei skrike, gråte, danse, gestikulere og omfamne framande menn. Dei kan òg tillate seg mishagsytringar som ville vere uaktuelle i andre samanhengar.

For supporterane er ikkje fotball først og fremst underhaldning og avkopling; det representerer tvert imot til kopling og engasjement. 26 Fotball er eit felt som tilbyr felles opplevingar, felles gleder og felles sorger, og for supporterane gir fotballen vennskap, fellesskap og tilhøyr. 27

Maskuline fellesskap er vesentlege for menn sjølv om dei, samanlikna med dei fortrulege, samtalestyrte vennskapane mellom kvinner, er «tause fellesskap». Det er likevel ein viktig variabel i levekår å ikkje berre ha «tause fellesskap», men òg nære relasjonar som gir opning for å vere intim og snakke om kjensler – særleg dersom livet blir vanskeleg. På dette området ser det no ut til å skje ei endring blant menn. Endringa er særleg merkbar hos unge menn og gutar. I takt med at maskuliniteten endrar seg, og den tradisjonelle machomaskuliniteten går ut på dato, endrar unge menn og gutar sine vennskapsrelasjonar.

Fleire no enn for 15–20 år sidan melder at dei har kontakt med gode venner, og auken i denne forma for vennskapskontakt har vore omtrent lik for både kvinner og menn. 28 Ser ein på gutar i alderen 16–24 år, har prosentdelen som er utan fortrulege venner gått ned frå ca. 20 % i 1980 til ca. 10 % i 1998. Også i alderen 25–44 år har det vore ein stor nedgang. I 1980 melde over 30 % av mennene i denne aldersgruppa at dei ikkje hadde fortrulege venner, mens det i 1998 var ca. 18 %.

Også granskinga viser at langt færre yngre enn eldre menn melder å stå utan nære og fortrulege venner. Yngre menn melder elles i større grad enn eldre å ha nære venner av begge kjønn. Det ser ut til at vennskapen er i ferd med å styrkje sin posisjon som relasjon, særleg blant unge menn. Samanliknar vi eldre og yngre menn, stadfester granskinga den utviklinga Statistisk sentralbyrå har funne tidlegare, nemleg at fleire menn har nære venner i dag enn før. Blant menn over 35 år utgjer dei som ikkje har nære venner, ca. 20 %. Blant dei yngste (17–24 år) fell talet til 7 %.

Også innhaldet i vennskapsrelasjonane blant dei unge ser ut til å ha endra seg. Nyare forsking 29 viser at det i «nye vennskapar» mellom menn er for enkelt å seie at menn berre «gjer» vennskap – i aukande grad «snakkar» no menn vennskap. På nettstaden www.ung.no er to unge gutar intervjua om vennskapen sin. 30 Her fortel ein gut at to venner snakkar om alt. Det han ikkje kan seie til vennen, kan han ikkje seie til nokon. Dei har vore bestevenner i fem–seks år, og vennskapen har utvikla seg. Om det er noko som plagar han, seier han det til vennen. Vidare seier han at dei ikkje er redde for å vise kjensler for kvarandre. Har han kjærleikssorg eller er lei seg for noko, kan han vise det til vennen, som han veit ikkje vil gjere narr eller snakke bak ryggen på han. Desse utsegnene står i sterk kontrast til den måten vennskapsforhold mellom gutar blei skildra på av forskarar på 1970- og 1980-talet.

9.2 Ulike maskulinitetsideal

9.2.1 Innleiing

Omgrepet maskulinitet dekkjer dei førestellingane, normene og ideala som er forbundne med det å vere mann til kvar tid i eit gitt samfunn. Ideala og førestellingane kan endre seg avhengig av den kulturelle konteksten. Men òg i eit gitt samfunn i ein bestemt tidsepoke kan førestellingar og ideal variere. Til dømes kan det vere ulike forventningar til og vurderingar av kva som er maskulint, alt etter alder, klasseposisjon og etnisitet. Forventningane kan òg variere etter om det er fokusert på ein mann som er til dømes son, far, ektemann eller kollega.

Eit viktig formål med kjønnsforskinga i dag er å undersøkje og understreke korleis kjønn påverkar og samspeler med andre sosiale kategoriar som seksualitet, alder, klasse og etnisitet. Då finn ein ut korleis ulike relasjonar gjensidig påverkar kvarandre, korleis dei forsterkar eller svekkjer kvarandre, utfyller eller konkurrerer med kvarandre i eit dynamisk samspel. I mannsforskinga er derfor fokuset blitt flytta til «maskulinitetar» i fleirtal. 31

9.2.2 Alder og klasse

I ulike fasar av livsløpet blir det lagt vekt på forskjellige ideal knytte til det å vere mann. For unge menn er det lagt meir vekt på den stereotype heltefiguren enn for vaksne menn. For dei unge blir maskulinitet i stor grad knytt til det å vere tøff, kunne prestere og vere fysisk sterk. Vidare har det vore påpeikt at det å bli vaksen i vår tid handlar om sjølvrealisering, med stort fokus på individualisme og på å utvikle eigne evner. I større grad enn før er verdiar, livssyn og livsstil ikkje noko ein arvar frå foreldra, men noko unge må definere og konstruere på eiga hand. I ein slik situasjon, der så mykje er ubestemt og ope, står kjønn fram som det einaste konstante, som derfor kan danne utgangspunkt for sosialisering og sjølvrealisering. Dermed blir kjønn ein viktig faktor i identitetskonstruksjonen for unge; særleg tidleg i tenåra blir symbol for jenter og guter understreka og kanskje òg overdrivne som trekk i identiteten deira. 32

Ungdomstida blir òg knytt til fridom, eigenorientering og ansvarsfridom. For den meir vaksne mannen er ansvar eit nøkkelord. I studien «Fabrikkarbeider, far og forsørger» 33 er fabrikkarbeidarane på koksverket i Mo i Rana på 1950-, 1960- og 1970-talet intervjua. Studien viser korleis fast arbeid fekk kulturell meining for dei intervjua mennene og korleis omgrepet fast arbeid blei brukt for å karakterisere den vaksne, ansvarlege mannen. I forteljingane til desse mennene står den faste jobben fram som det som gjorde guten til mann, og ein uansvarleg individualist til ein ansvarleg familieforsørgjar med fellesskapsplikter. Den ansvarlege, modne maskuliniteten er kjenneteikna av «det faste»: fast arbeid, fast lønn, fast arbeidstid, fast sambuar og fast bustad. Det var ein maskulinitet prega av ordna forhold og plikter overfor seg sjølv og andre.

I ein studie av handverkarar legg dei intervjua mennene sjølv vekt på at alder har spelt ei vesentleg rolle i deira mannlege sjølvforståing og praksis. 34 Dei fortel at dei med alderen har fått ein «maskulinitetstryggleik» og ein «mannsrollesjenerøsitet» som dei mangla i ungdommen. Med alderen har dei fått erfaring, dei har modnast, og dei er blitt trygge på sin eigen manndom på ein måte som gjer at dei er mindre engstelege for å verke umandige enn dei var i ungdomsåra og som unge menn.

Kva maskulinitet betyr for menn i alderdommen, har vi lite kunnskap om. Både i norsk og nordisk samanheng er det forska lite på eldre menn i eit kjønnsperspektiv. Det har vore påpeikt at alderdom kan vere ei kjelde til posisjon, makt og status for menn, men at alderdom òg kan marginalisere dei som menn. 35 Dersom fysisk styrke er ei viktig kjelde til maskulin identitet, inneber dei kroppslege endringane og tapet av kroppsstyrke som følgjer med alderdommen, at kjelda tørkar ut. Eit av dei få døma på nordisk forsking om gamle menn er ein studie av svenske eldre, ugifte menn. 36 Mennene gir sjølv uttrykk for at dei saknar å ha familie. Mange forklarer ungkarslivet med at dei har teke stort ansvar for eigne foreldre og yngre sysken, eller dei har prioritert hardt arbeid på foreldregarden eller i industrien for å forsørgje slektningar. Analysen av den mannlege identiteten til desse mennene viser at kroppen og ein sterk fysikk har stor betyding for dei. Dermed blir dei meir sårbare når alderen fører til sjukdom og svekking av fysikken.

For menn som i mindre grad har ein sterk kropp som kjelde til maskulinitet, treng ikkje alderdommen vere så truande. For desse mennene kan livserfaring, familieband og oppnådd posisjon i yrkeslivet vere ein ressurs for ein maskulin identitet. Dette viser at det ikkje er enkle samanhengar mellom maskulinitet og alder, men at òg andre kategoriar speler inn, til dømes klasse.

Klasseposisjon i samfunnet har òg mykje å seie for kva ideal og praksis som rår når det gjeld maskulinitet. Omgrepet hegemonisk maskulinitet 37 er kopla til førestellinga om middelklassemannen, der bokleg lærdom, høg utdanning og karriere står sentralt. For den tradisjonelle arbeidarklassemaskuliniteten er det andre ideal som har rådd grunnen. I arbeidarklassekulturen var samhald, solidaritet og fellesskap viktige stikkord for tilhøvet mellom den enkelte og fellesskapet. I romanen Blind 38 seier far til romanfiguren dette om korleis han ser på fellesskapet:

«Du skal ikkje stilla deg ut. Du skal ikkje stilla deg framfor dei andre. Ikkje stikk deg ut. Ver vanleg. Ver grå. Ver usynleg. Ikkje tru at du er noe spesielt. Det spesielle ved deg er at du er samen med dei andre. At du og kompisane dine står i same båt. Det er det spesielle ved å vera menneske. Det er det som tel. Individet er ingenting. Å vera del av eit arbeidsfellesskap. Å gjøra jobben sin. Å ta det som kjem utan å kny. Det er å vera menneske. Det er å vera mann. Det er å vera en ekte arbeider ved Odda smelteverk.»

I sosiologiklassikaren Arbeiderkollektivet 39 blir den kollektive innstillinga omtalt som eit forsvar ved at arbeidarkollektivet representerer ei løysing på problemsituasjonen til dei underordna. Samtidig blir janteaspektet påpeikt som eit negativt trekk ved arbeidarkollektivet: «Du må ikkje tru du er noko.» For å kunne utfalde seg som menneske må ein først og fremst tru at ein er noko. Skal ein gjere karriere, må ein utmerkje seg og gjere seg gjeldande.

Skilbrei påpeker at gutar frå middelklassen ser på utdanning som vegen til suksess. For gutar frå arbeidarklassen er det annleis, seier han. Etter arbeidarklassens maskulinitetsoppfatning er ikkje ein ikkje-manuell jobb noko ideal, heller tvert imot. For arbeidarklassen er det kroppsarbeid som gjeld. Det er ikkje negative eigenskapar som utelukkar dei frå kontorarbeid, det er positive eigenskapar som gjer dei i stand til å klare noko ikkje kven som helst kunne klart. 40 Det er viktig å påpeike at ei slik maskulinitetsoppfatning nok blir meir utdatert etter kvart som fysiske yrke blir færre og mindre etterspurde.

Når gutar frå arbeidarklassen vel manuelle arbeidarklassejobbar i industri og transport, jobbar som er prega av slit og tunge lyft, så er det nettopp noko dei vel , framhevar Paul Willis 41 i klassikaren «Learning to labour ». Her viser han korleis gutar frå arbeidarklassen blir reproduserte til arbeidarklassejobbar, og han understrekar at det ikkje er slik at desse gutane er mislykka og må nøye seg med jobbar gutane frå middelklassen ikkje vil ha. Snarare er det slik at desse gutane blir sosialiserte til heilt andre livsprosjekt. Gutane frå arbeidarklassen tek ikkje berre avstand frå dei skuleflinke gutane, men er dei etter eiga oppfatning fullstendig overlegne. Dei er opptekne av at dei har tent pengar og levd livet mens dei skuleflinke har brukt ungdomstida på å sveitte over bøkene.

9.2.3 Menn i ulike posisjonar

Arbeid har tradisjonelt vore sentralt for mannsidentiteten, og ein sjølvskriven del av mannslivet. Holter og Aarseth 42 omtaler jobb og offentleg virke som kjernen i mannens «førstskap» – først og fremst er han det han gjer i arbeidslivet. Fleire forskarar framhevar kor sentralt arbeidet er for konstruksjonen av maskulin identitet. Eitt av dei dominerande kriteria for maskulinitet har tradisjonelt vore rolla som familieforsørgjar . Å vere hovedforsørgjar har blitt ståande som ein av dei sentrale karakteristikkane på det mannlege. 43

Moderne menn skal vere likestillingsorienterte, ta del i hushaldsarbeid og prioritere samvær med barna. Granskinga stadfester både at slike forventningar finst, og at mange menn i Noreg i stor grad lever opp til dei. Samtidig lever dei tradisjonelle forventningane til arbeidsinnsats i beste velgåande: Ein mann skal jobbe heiltid, vere lojal, prestere målbare resultat, stille opp på overtid når det trengst, vere karriereorientert, søkje utfordringar og sikte mot posisjonar som gir høg lønn og status. 44

Samanlikna med kvinner har menn som gruppe høgare yrkesdeltaking, høgare lønn og langt fleire maktposisjonar. Men sjølv om menn som gruppe har ei trygg forankring i arbeidslivet, gjeld ikkje dette alle. Også her kan vi snakke om det ekstreme kjønnet.

Likestillings- og diskrimineringsombodets «SaLDO» for 2007 viser at det framleis er langt att til full likestilling mellom kvinner og menn på leiarnivå i Noreg. Ombodet slår fast: «Ser vi på mulighetene til å få lederverv, står fortsatt menn i første rekke. Langt svakere står kvinner, bak dem igjen står personer med nedsatt funksjonsevne, og bakerst står personer med ikke-vestlig bakgrunn.» 45

9.2.3.1 Fleire menn enn kvinner er leiarar

To av tre leiarar er menn, og blant toppleiarar er åtte av ti menn. Mannsdelen blant topp- og mellomleiarar har likevel gått noko ned (sju prosentpoeng) frå 2001 til 2007. Likestillingssaldoen viser at menn er overrepresenterte i leiinga både i staten, kommunane og næringslivet. I staten er 63 % av leiarane menn. Dette talet har endra seg lite dei siste åra. Eliten i forsvaret, kyrkja, justissektoren, sentralforvaltninga og kulturinstitusjonane er menn. Av rådmennene i kommunane er 84 % menn. Kvinnene utgjer halvparten av befolkninga. Likevel er det ei overvekt av menn blant politikarane på Stortinget, og klar overvekt av mannlege ordførarar. Sametinget er eit lyspunkt, med 51 % kvinner i inneverande periode. Også fylkestinga har prosentvis fleire kvinner enn Stortinget og kommunestyra. Samtidig er det berre ei lita gruppe menn som er leiarar. Blant sysselsette menn i 2006 utgjer menn i leiaryrke 8 %.

9.2.4 Menn med innvandrarbakgrunn

Merksemda om samspelet mellom kjønn, etnisitet og klasse kan føre til nye og lite meiningsfulle forenklingar. I Noreg synest førestellinga om eit mannleg mangfald berre å gjelde den etnisk norske befolkninga. 46 «Innvandrarmannen», «den muslimske mannen» eller «den pakistanske mannen» blir i mange samanhengar brukt som eintydige kategoriar der alle menn som har innvandrarbakgrunn, er muslimar eller seier seg å tilhøyre den etniske gruppa pakistanarar, blir tilskrivne visse eigenskapar. Skildringane av «innvandrarmenn» i samfunnsdebatten og media er til tider unyansert. Forskarar påpeiker at også dei etniske minoritetsgruppene viser eit mangfald av måtar å vere mann på, og at skiljet som blir sett opp mellom det mannlege mangfaldet i majoritetsbefolkninga og den meir monolittiske «innvandrarmannen», i beste fall forenklar biletet av menn med innvandrarbakgrunn. 47 Med «minoritetsetniske» menn meiner ein gjerne menn som har busett seg her dei siste tiåra, men det har vore menn frå minoritetsetniske grupper i Noreg vesentleg lenger. Mannsforskinga har i liten grad gått særskilt inn på menn i slike grupper.

9.2.4.1 Ulike grupper, ulikt integrerte

«Innvandrarbefolkninga» i Noreg er ein vid og mangfaldig kategori og er så samansett at det sjeldan har noko for seg å sjå på alle innvandrarar som ei gruppe under eitt, slår ein rapport frå Statistisk sentralbyrå fast. 48 I dag består innvandrarbefolkninga av 415 000 personar. Denne gruppa utgjer 8,9 % av befolkninga. Om lag 54 000 personar kjem frå andre nordiske land, 51 000 frå resten av Vest-Europa og Nord-Amerika, 80 000 frå Aust-Europa og 230 000 frå Tyrkia og land i Asia, Afrika og Sør-Amerika. 49

9.2.4.2 Forskjell på menn innanfor gruppene

Deler vi innvandrarbefolkninga inn etter landbakgrunn, kjem mangfaldet mellom gruppene tydeleg fram. Samtidig inneber ei gruppering etter landbakgrunn ei generalisering. Det kan vere store forskjellar i åtferd, haldningar og verdiar mellom personar frå til dømes Pakistan, og ein vil finne menn derfrå som har meir til felles med norskfødde menn enn med andre pakistanske.

Kjønnsforskinga i Noreg har til no skaffa fram lite kunnskap om menn med innvandrarbakgrunn og deira maskulinitetsforståing. Barne- og likestillingsdepartementet har derfor sett i gang eit prosjekt om familieforhold og likestilling blant innvandrarar. Formålet er å få auka kunnskap om familieåtferd og likestilling for å kunne utforme offentlege tilbod som betre kan stette behova til familiar med innvandrarbakgrunn, og for å få kunnskap om korleis menn med innvandrarbakgrunn ser på maskulinitet og kjønnsroller for å målrette likestillingspolitikken. Prosjektet skal kartleggje familiedanning, familiestorleik, familiepraksis og haldningar til familie- og likestillingsspørsmål gjennom registerdata og survey. Menn og maskulinitet skal kartleggjast ved mellom anna å spørje menn korleis dei oppfattar og opplever si rolle og sine oppgåver i familien, i kva grad dei opplever at vilkåra er til stades i Noreg for at dei kan realisere sine oppfatningar om maskulinitet innanfor familien og i forhold til barna, og korleis norske likestillingsideal blir opplevde og oppfatta. Eit viktig tema vil vere kva strategiar menn og kvinner bruker for å handtere nye sett forventningar. FAFO gjennomfører undersøkinga, som etter planen skal vere ferdig i mai 2009.

Det ligg føre nokre få kvalitative studiar der menn frå grupper med etnisk minoritetsbakgrunn er blitt intervjua om korleis dei opplever den norske kjønnslikestillinga, korleis dei uttrykkjer maskulinitetsforståinga si, og korleis den mannlege praksisen deira artar seg i ein slik kontekst. 50 Desse studiane indikerer at det er eit stort mangfald også her, og at mennene oppfattar og fyller rolla som mann på vidt forskjellige måtar. Mange gir uttrykk for meir kjønnstradisjonelle haldningar, mens fleire seier at nytenking omkring kjønn ikkje nødvendigvis blir oppfatta som negativt. Maskulinitetssynet hos mennene blir både utfordra og styrkt i møtet med ein annan kjønnspraksis.

Nokre informantar fortel at dei har endra syn både på seg sjølv og på saker som til dømes homofili etter at dei kom til Noreg. Også oppfatninga av farsrolla har for mange endra seg etter at dei kom hit. Fleire menn beskriv heimlandet på ein måte som minner om Noreg på 1950-talet: Å trille barnevogn og skifte bleier høyrer ikkje til repertoaret for ein mann, og møtet med norske menn som trilla barnevogn på gata, var merkeleg. Etter ei tid i Noreg har dei endra haldning, og det er blitt ein naturleg ting å delta også i det praktiske arbeidet med små barn. Den moderne faren skal ta del i barnas liv og vere ein omsorgsfull og nærvarande far, ikkje berre ein økonomisk bidragsytar. Fleire av mennene med innvandrarbakgrunn fortel historier om ein far som var utilgjengeleg, autoritær og fråverande. I ein studie av muslimske menn er unge, muslimske menn i større grad opptekne av å vere «venn med barna» enn dei opplevde at deira eigne fedrar var. 51

Samtidig viser dei kvalitative studiane at mange menn med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn er prega av ei meir tradisjonell, patriarkalsk oppfatning av mannsrolla enn det som er vanleg i det norske samfunnet i dag. Ein patriarkalsk familiestruktur er kjenneteikna av ei hierarkisk oppbygging der menn har meir makt enn kvinner, og der familiens eldste har meir makt enn dei yngre. Nokre av dei intervjua mennene gir uttrykk for at ulikskapane mellom kjønna er skapte av Gud, og at det er forklaringa på kvifor kvinner og menn er eigna til ulike livssfærar og aktivitetar. 52 Mange innvandrarmenn gir uttrykk for meir kjønnstradisjonelle haldningar til kvinneleg deltaking på arbeidsmarknaden og fordeling av husarbeidet i heimen. Dette er haldningar som mange kvinner med innvandrarbakgrunn deler med mennene, og dei ønskjer å vere heime med barna. Det har vore påpeikt at det er for snevert å setje lønna arbeid som målestokk for kor integrerte ikkje-vestlege innvandrarkvinner er. 53 Mange etnisk norske familiar deler desse oppfatningane. Mange foreldre med innvandrarbakgrunn oppmuntrar òg døtrene sine til å prioritere utdanning og dermed eige yrkesliv. 54

Dei meir tradisjonelle mennene med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn lyfter ikkje berre fram haldningar til kvinners plass og posisjon. Det som trer fram som sentralt i danninga av maskulinitetsførestellingar hos svært mange av dei intervjua mennene, er forsørgjaridealet og forsørgingsproblematikk . 55 Det same finn danske forskarar. 56 Ansvarstenking står fram som eit sentralt omgrep for å forstå korleis innvandrarmennene oppfattar maskulinitet. Eit viktig innslag i det å vere mann er å ha ei høg nok inntekt. Familieøkonomien og utdanninga og framtida til barna er mannens ansvar åleine. Å vere ein god forsørgjar blir knytt til stoltheit og glede over å kunne være sjenerøs. Men dei reelle sjansane ein innvandrar har på arbeidsmarknaden i Noreg, gjer at han ikkje alltid kan forsørgje både kone og barn. Mennene opplever at dei blir fråtekne sjølvkjensle og identitet dersom dei ikkje kan leve opp til sine eigne forventningar til kva ein mann skal vere. Dei føler at dei har svikta, og at systemet gjer det umogleg for dei å rette opp tapet. Dette heng òg saman med at det er mannen som skal sørgje for inntekta, også ved å oppsøkje hjelp dersom han ikkje lykkast med det åleine. Eitt av problema i møtet med det offentlege – der mange av dei tilsette er kvinner – er at mennene opplever å få lite forståing for at det er deira oppgåve som forsørgjarar å skaffe inntekt. Mennene sjølve legg vekt på at dei møter fordommar om at kollegaene deira trur dei hindrer kona å jobbe, men at dette kan vere ei avgjerd ektefellane har teke i fellesskap. 57

Det har vore påpeikt at ein mann som lever i ein patriarkalsk familie og mislykkast i å forsørgje familien, blir dobbelt marginalisert. Både hans eige miljø og den norske offentlegheita vil sjå på han som mislykka. I eit tradisjonelt perspektiv har mannen som mislykkast som forsørgjar tapt anerkjenning. I den norske offentlegheita er ein mann med etnisk minoritetsbakgrunn i utgangspunktet marginalisert og lett mistenkt for å vere undertrykkjande. 58

9.2.5 Menn med nedsett funksjonsevne

Forsking om funksjonshemming har i svært liten grad hatt eit kjønnsperspektiv, samtidig som kjønnsforskinga har mangla fokus på personar med nedsett funksjonsevne.

Eit nordisk forskingssamarbeid (Gender and Disability) har resultert i to publikasjonar. 59 Gjennomgangen av desse publikasjonane viser at kjønnsperspektiv i forsking om funksjonshemming har ført til kunnskapsbygging om kjønn og funksjonshemming. Med utgangspunkt i ulike fagdisiplinar kastar kunnskapen nytt lys både over kjønna forhold ved grupper av funksjonshemma og over formelt og uformelt omsorgsarbeid. Kjønnsperspektivet har såleis bidratt til auka kunnskap om desse forholda.

Forskinga gir ei stemme til dei aktuelle gruppene, samtidig som auka kunnskap gir grunnlag for større forståing av eigen og andre funksjonshemma sin situasjon. Kunnskap om kjønna samfunnsforhold gir avgjerdstakarane eit betre grunnlag for å leggje til rette for inkludering og like sjansar for funksjonshemma kvinner og menn. Dei som jobbar i felten, kan nyttiggjere seg kunnskapen for å produsere gode og adekvate tenester for funksjonshemma.

Som nemnt ovanfor blir det i nyare kjønnsforsking lagt vekt på at kjønn ikkje er noko vi er eller har , men noko vi skaper dagleg, både individuelt og kollektivt, gjennom å delta på ulike samfunnsarenaer. Kvar persons oppleving av eige rom for handling oppstår på individnivå . Kvar kvinne og mann gjer seg opp meiningar om kva som er mogleg å realisere av ønske og ambisjonar. Rom for handling blir danna på individnivå, men det blir påverka av den betydinga kjønn blir gitt på høvesvis strukturelt og symbolsk nivå. 60

På same måten kan funksjonshemming eller varierande funksjonsevne forståast på ulike måtar. Mens funksjonshemming tidlegare blei rekna som ein eigenskap ved individet, blir det no sett på som noko som blir til i relasjonane mellom personen og miljøet. Forhold i samfunnet gjer at individet støyter på funksjonshemmande barrierar og kan oppleve ulike gradar av funksjonshemming i ulike situasjonar.

På strukturelt nivå handlar det om at funksjonshemma er underrepresenterte på område som arbeidsliv, organisasjonsliv, fritidsaktivitetar og politikk, og at fysiske strukturar set grenser for samfunnsdeltakinga deira. På symbolsk nivå handlar det om kva som blir oppfatta som passande for kvinner og menn med funksjonshemmingar, og kva som blir forventa av dei. Korleis blir menneske med funksjonshemming framstilte når vi til dømes snakkar om deltaking i arbeidslivet? Kva språk og kva omgrep bruker vi?

Blir funksjonshemma framstilte som handlande individ eller som offer som må hjelpast til å få ein plass i arbeidslivet? Korleis vi tenkjer og snakkar om sosiale grupper, verkar inn på det opplevde rommet for handling til den enkelte. 61

Relativt mange av kapitla i dei nordiske antologiane tek opp problemstillingar knytte til identitet og identitetsutvikling som kvinne og som funksjonshemma. Under det første temaet finn vi eit kapittel om korleis kvinner som har blitt funksjonshemma i vaksen alder, opplever prosessen med å omdefinere og bevare identiteten som kvinne. Ein annan forfattar tek opp kva sosiale førestellingar som er kopla til å vere kvinne og funksjonshemma. Ein tredje har fokus på konstruksjonen av identitet og overvekt. To andre forfattarar ser kvar på sin måte på seksualiteten som ein del av identitetsutviklinga hos funksjonshemma jenter.

Tilsvarande studiar av identitetsutvikling blant menn bør setjast i verk.

Fotnotar

1.

Halsaa 2006.

2.

Ambjörnsson 2001.

3.

Lorentzen 1997.

4.

Johansson 1998a; Liliequist 1999.

5.

Simone de Beauvoir 2000.

6.

Holter og Aarseth 1993; Johansson 1998b; Brandth og Kvande 2003.

7.

Johansson 1998b.

8.

Brandth og Kvande 2003.

9.

Likestillingsgranskinga s. 186.

10.

Teigen 2006.

11.

West og Zimmerman 1987.

12.

Solbrække og Aarseth 2006.

13.

Søndergaard 2000.

14.

Lorentzen 2006.

15.

Donald 2001.

16.

Kolnar 2005.

17.

ung.no 2007.

18.

Røthing 2007.

19.

Moseng 2007.

20.

Seidler 1997.

21.

Seidler 1997; Lorentzen 2004a; Simonsen 2006.

22.

Karlsen 2001.

23.

Nielsen og Rudberg 1991.

24.

Krange og Skogen 2003.

25.

Johnsen 2007.

26.

Sst. s. 54.

27.

Johansen 2002.

28.

Barstad 2000.

29.

Klatran 2007.

30.

«Jente- og guttevennskap». Ung.no 2007.

31.

Connell 1995.

32.

Schreiner 2006.

33.

Slottemo 2003.

34.

Koldre 2006.

35.

Sandberg 2007.

36.

Nilsson 1999.

37.

Connell 1995.

38.

Seljestad 2005.

39.

Lysgaard 1967.

40.

Skilbrei 2003.

41.

Willis 1977.

42.

Holter og Aarseth 1993.

43.

Kimmel 1996.

44.

Nordberg 2007:313.

45.

SaLDO 2007.

46.

Walle 2004.

47.

Sst.

48.

Henriksen 2007.

49.

SSB 2007a.

50.

Skarsaune 2006; Aljarroudi 2002; Prieur 2004; Jensen og Liversage 2007.

51.

Skarsaune 2006.

52.

Sst.

53.

Farstad 2004.

54.

Hult-Markgren 2006.

55.

Skarsaune 2006.

56.

Jensen og Liversage 2007.

57.

Skarsaune 2006.

58.

Døving 2006.

59.

Genus och funktionshinder. 2004; Gender and Disability Research in the Nordic Countries. 2004.

60.

Harding 1991.

61.

Guldvik 2006.

Til forsida