St.meld. nr. 8 (2008-2009)

Om menn, mannsroller og likestilling

Til innhaldsliste

7 Gutar og menn som er sosialt utsette

7.1 Innleiing

Vi finn menn både på toppen og botnen av samfunnet. Departementet har i del 9 referert til tal frå Statistisk sentralbyrå og Likestillings- og diskrimineringsombodet som viser at menn i 2007 utgjer eit klart fleirtal blant leiarar i offentleg og privat sektor. Åtte av ti toppleiarar er menn. Menn utgjer fleirtalet av representantane på Stortinget og i dei fleste kommunestyre og selskapsstyre. I del 3 har departementet vist at menn har høgare timelønn og årsinntekt enn kvinner. Departementet har samtidig påpeikt at inntektsspreiinga for menn er høgare enn for kvinner. Det inneber at det i gruppa med lågast inntekt i Noreg er eit stort innslag av menn. I del 7 tek departementet opp spørsmål knytte til område der gutar og menn utgjer fleirtalet i risikogrupper med omsyn til marg­inalisering 1 , og ser nærmare på situasjonen for marginaliserte grupper.

For likestillinga har det sentrale målet lenge vore omfordeling av makt og omsorg mellom kvinner og menn. Den historiske bakgrunnen for dette er at menn har hatt dei sentrale maktposisjonane i samfunnet, mens kvinner har teke seg av oppgåver i familien og heimen. Ei viss utjamning ved kommunevalet hindrar ikkje at meir enn tre av fire ordførarar er menn. Menn er heilt dominerande blant offiserar, i kyrkja og i leiinga i akademia. Derfor blir ei jamnare kjønnsfordeling blant leiarar og avgjerdstakarar framleis ei sentral oppgåve for likestillinga. Drøfting av strukturell makt med utgangspunkt i «menn» og «kvinner» er med på å usynleggjere dei store forskjellane innafor gruppene. Sanninga er at gutar og menn i Noreg utgjer ei svært heterogen gruppe. Forskjellane er større enn for kvinner, og ulikskapane i gruppa har snarare auka enn minka dei seinare tiåra. Mange samfunnstoppar er menn, og slik kjem det til å vere. I motsett ende er situasjonen den at den typisk bustadlause er ein einsleg etnisk norsk mann tidleg i 30-åra utan fullført vidaregåande utdanning og utan varige arbeidsforhold. Dermed er han avhengig av økonomisk sosialhjelp. I tillegg er han gjerne rusavhengig og/eller har ei psykisk liding. Denne gruppa blir her omtala som «marginalisert».

Det ligg utanfor ramma for denne meldinga å drøfte kva omfang og type tiltaka for bustadlause generelt, og gruppa bustadlause menn spesielt, bør vere av. Departementet vil peike på at rådgivingstenesta i skulane, velferdstenestene, helsetenestene og andre instansar har eit ansvar for å fange opp alle som står i fare for å falle utanom sosialt, uavhengig av kjønn. Men tenestene som arbeider med marginaliserte grupper og med risikogrupper, må ha eit kjønnsperspektiv. Det at fire av fem som på meir varig basis står utan bustad, er menn, indikerer at kjønnsroller og eigenskapar ved mannsrolla bør endrast. Og at tenestene som marginaliserte grupper eller grupper med risiko for marginalisering får tilbod om, må ha eit tilstrekkeleg kjønns- og mannsperspektiv. Desse tenestene lykkast nemleg mindre overfor menn enn overfor kvinner, målt etter dei resultata dei ifølgje tilgjengeleg offisiell statistikk oppnår.

7.2 Risikogrupper

Blant dei det er naturleg å vurdere som risikogrupper, endar berre eit fåtal som varig marginaliserte. Eit utgangspunkt for å avgrense gruppa kan vere å sjå på personar som ikkje står i eit utdannings- eller arbeidsforhold. Men det er mange i denne gruppa som er aktiviserte og dermed ikkje kan reknast som marginaliserte. Blant personar utanfor arbeidsmarknaden og utdanningssystemet, utgjer yngre menn ein stadig større del. Her finn vi menn som ikkje taklar forventningane samfunnet stiller til dei, eller som stiller seg på sida av aksepterte grunnverdiar i samfunnet. Blant menn finst det òg grupper som til dømes bodstedslause, og gruppene veks i tal.

Marginaliserte er dei som ufrivillig står utanfor lønnsarbeid, utdanning, arbeid i heim og familie eller annan aktivitet som normalt blir rekna for å gjere kvardagen meiningsfylt. Det finst inga enkeltståande årsak til at gutar og menn blir marginaliserte.

Det komplekse årsaksforholdet er knytt til ulike risikofaktorar. Éin slik risikofaktor er fråfall frå vidaregåande opplæring, som i dagens samfunn aukar risikoen for å bli ståande utan fast arbeid seinare i livet. Nedsett funksjonsevne eller psykiske lidingar, som inneber mellombels eller permanent fråvær frå lønna arbeid, er ein annan risikofaktor, likeins misbruk av rusmiddel. Dei same faktorane kan vere årsak til arbeidsløyse, som òg kan føre til marginalisering dersom situasjonen varer ved. Vidare må livsopphaldet baserast på sosialhjelp og ytingar frå trygdesystemet, noko som i seg sjølv kan opplevast som stigmatiserande, og som dessutan gir dårlegare levekår. Det ligg ikkje føre forskingsresultat som viser i kva grad endra kjønnsroller og endra verdsetjing av tradisjonelt maskuline (eller feminine) eigenskapar verkar inn på risikoen for marginalisering.

I marginaliserte grupper vil mange oppleve sin eigen situasjon som nedverdigande. Mange opplever at dei ikkje får ta i bruk eigne evner og ressursar, noko som er eit tap både for dei sjølv og for samfunnet. Det er viktig å drive førebygging og arbeide for at flest mogleg menn skal få bruke evnene og ressursane sine på ein meiningsfylt måte. Mellom ungdom generelt og ungdom som er marginalisert, finn SSB 2 påfallande forskjellar. Dei marginaliserte har generelt dårlegare helse, relativt fleire er langvarig sjuke, og dei rapporterer psykiske plager to til tre gonger oftare enn unge generelt. På område som alkoholforbruk, mosjon, røyking og fedme er det opp til tre gonger så mange med dårlege vanar blant dei marginaliserte som blant unge elles. I tillegg kjem dei dårlegare ut enn andre på indikatorar for sosial kontakt, mellom anna ved at dei manglar venner, manglar nærleik og deltaking frå andre og har vanskeleg for å få praktisk hjelp.

7.3 Fråfall i utdanning

Dagens arbeidsmarknad etterspør i høg grad formell kompetanse, og utdanning er ofte nøkkelen. På 1960- og 1970-talet var det lettare for unge menn å gå rett ut i jobb etter obligatorisk skulegang. Tidlegare tok bedriftene inn unge ufaglærte for å lære dei opp; no har skulane i større grad teke over dette ansvaret. I dag er det av den grunn vanskeleg for unge utan utdanning å søkje seg ut i arbeidslivet. Dei som manglar arbeidserfaring og utdanning, vil i større grad bli tilbydde jobbar med dårleg lønn, utrygge tilsetjingsforhold og små sjansar for opprykk. 3 Derfor er det grunn til å vere bekymra over at stadig fleire avbryt vidaregåande utdanning. Gutar avbryt vidaregåande skule oftare enn jenter, og kvinner går i større grad enn menn over til høgare utdanning. Sosial bakgrunn, mellom anna etnisk minoritetsbakgrunn, verkar òg inn på kor mange som avbryt ­vidaregåande. 4

7.3.1 Utdanningsnivå blant gutar og menn

Per 1. oktober 2005 var 91 % av 16–18-åringane i vidaregåande utdanning. Innvandrarungdom vel i mindre grad vidaregåande utdanning, og spesielt gjeld dette gruppa førstegenerasjonsinnvandrarar, der 71 % av 16–18-åringane var i vidaregåande utdanning. 5

Analysar frå SSB viser at det gjennomgåande var relativt færre som fullførte vidaregåande opplæring i 2000-kullet enn i 1999-kullet. Jenter fullførte i større grad enn gutar. I 2000-kullet hadde 74 % av jentene og 62 % av gutane fullført etter fem år. Flest med avbroten utdanning finn vi blant dei med foreldre som berre har grunnskuleutdanning. Gutar med etnisk minoritetsbakgrunn avbryt vidaregåande utdanning i langt større grad enn ungdom utan slik bakgrunn.

I eit likestillingsperspektiv er det uheldig at elevar som vel kjønnsutradisjonelt, er meir tilbøyelege til å slutte heilt eller velje ny studieretning i vidaregåande opplæring. Dette gjeld både jenter som begynner på tradisjonelle gutefag, og gutar som vel tradisjonelle jentefag. Det kan ha samanheng med at det er vanskelegare for ein elev å gjennomføre studieløpet i ei gruppe der han eller ho representerer ein kjønnsmessig minoritet. 6 Det kan òg komme av at undervisning, litteraturval og andre forhold ved studiet ikkje er tilrettelagde for begge kjønn.

Minoritetsspråklege grupper ser ut til å vere meir polariserte enn majoritetsbefolkninga i val av utdanning. Samanlikna med majoritetsgruppa er det relativt mange som fell frå i vidaregåande opplæring. Derimot har dei som har oppnådd studiekompetanse, større sjanse for å halde fram heilt opp til fullført høgare utdanning enn tilsvarande gruppe i majoritetsbefolkninga.

7.3.2 Tiltak for å hindre fråfall i vidaregåande skule

Mens 15 % av elevane i vidaregåande skule slutta før dei var ferdige, gjennomførte nærmare 20 % utan å stå. Dette er blant dei urovekkjande funna frå ei fersk undersøking på Austlandet. 7

Jentene i undersøkinga hadde betre kompetanseoppnåing enn gutane. Fleire gutar enn jenter sluttar, og fleire gutar gjennomfører utan å stå. Undersøkinga viser elles

  • at høg utdanning hos foreldra gir betre kompetanseoppnåing for ungdommen

  • at majoritetsungdom har betre kompetanseoppnåing enn minoritetsungdom

  • at ungdom som bur saman med begge foreldra, har betre kompetanseoppnåing enn dei som ikkje gjer det

  • at innfridd førsteønske gir best kompetanseoppnåing

  • at dei som sluttar, har lågast karaktergjennomsnitt

  • at variasjonen i kompetanseoppnåing er sterkt påverka av grunnskulekarakterar

Departementet har i del 2 i meldinga vist til dei systematiske forskjellane i læringsutbyte for gutar og jenter målt gjennom avgangskarakterar frå grunnskulen.

«Satsing mot fråfall» var ein tiltakspakke som blei gjennomført i perioden 2003 til 2006 på bakgrunn av regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom. Satsinga hadde til mål å hindre fråfall frå vidaregåande opplæring og fange opp og rettleie ungdom som fell ut, og få dei tilbake i arbeid eller utdanning.

Det er mange og samansette årsaker til at elevar avbryt vidaregåande opplæring. Satsinga mot fråfall har då òg vore prega av store regionale forskjellar og eit mangfald av tiltak. I alle fylke medførte satsinga at fleire både i og utanfor skulen engasjerte seg i arbeidet mot fråfall. Tiltak som syntest å ha god effekt, var mellom anna styrkt yrkes- og utdanningsrettleiing for elevar, auka involvering av foreldre, kompetanseutvikling for rådgivarar, kontaktlærarar og NAV-tilsette og informasjonsutveksling og samarbeid mellom ungdomsskule og vidaregåande skule om utsette elevar. Barne- og likestillingsdepartementet starta hausten 2008 opp mentorordning «Nattergalen», sjå del 7.8.

Til no er det ikkje funne revolusjonerande enkelttiltak som kan hindre fråfall. Regjeringa meiner at eit langsiktig og målretta arbeid på mange frontar samtidig må til for å oppnå gode resultat. I dette arbeidet vil fokus bli retta mot gutar, særleg gutar med svake avgangsresultat frå grunnskulen, sidan dei utgjer ei vesentleg risikogruppe med tanke på fråfall i utdanning.

7.4 Fråfall i arbeidsmarknaden

Ei stabil tilknyting til utdanning og arbeidsmarknad er viktig for å oppnå og sikre gode levekår. Deltaking i arbeidslivet gir enkeltmennesket arbeidsinntekt og fremjar ei jamnare fordeling av dei økonomiske ressursane i samfunnet. Svak tilknyting til arbeidsmarknaden er ofte ei hovudårsak til at enkelte får fattigdomsproblem.

7.4.1 Menn som er utanfor arbeidslivet

Noreg har ein stor del av den vaksne befolkninga i arbeid samanlikna med andre land.

I 2006 var 76 % av mennene og 68 % av kvinnene i aldersgruppa 16–74 år yrkesaktive. I aldersgruppa 25–54 år var yrkesaktiviteten 91 % for menn og 83 % for kvinner.

Sidan tidleg i 1970-åra har samla yrkesdeltaking auka frå om lag 61 % i 1972 til 72 % i 2006. Denne auken kan dels forklarast med eit veksande befolkningssegment i yrkesaktiv alder, og særleg med auka yrkesdeltaking blant kvinner.

Endringa i yrkesdeltaking har vore påverka av fleire forhold. I primærnæringane er sysselsetjinga redusert til litt over ein tredjedel sidan 1970. For menn har dette isolert sett redusert yrkesdeltakinga meir enn for kvinner. For begge kjønn har aldringa i befolkninga, fleire innvandrarar og auka uførepensjonering medverka til å dra ned den gjennomsnittlege yrkesdeltakinga. For menn har yrkesaktiviteten gått ned i alle aldersgrupper sidan tidleg i 1970-åra. Særleg for menn over 55 år var nedgangen i yrkesaktivitet betydeleg fram til midten av 1990-talet, men yrkesdeltakinga har auka igjen dei siste åra.

Yrkesdeltakinga varier òg med konjunkturane. Det gjeld både menn og kvinner. Sidan menn i større grad jobbar i konjunkturutsette næringar (til dømes industri og bygg/anlegg), og kvinner i større grad jobbar i skjerma næringar (til dømes helse- og kommunesektoren), varierer arbeidsløysa over tid noko meir blant menn enn blant kvinner.

Ifølgje Statistisk sentralbyrås arbeidskraftundersøking (AKU) er det første kvartal 2008 om lag 7000 langtidsledige menn og 6000 langtidsledige kvinner.

7.4.2 Unge utanfor arbeidslivet

Unge vil oftare enn eldre mangle nødvendig utdanning og arbeidserfaring, samtidig som arbeidsgivarar kan vere usikre på kor stabile og produktive dei er. Derfor er unge meir sårbare på arbeidsmarknaden, og dermed er dei i større grad enn andre grupper avhengige av etterspørselen etter arbeidskraft. Den stramme arbeidsmarknaden i dag betyr at historisk få er ledige, også i dei yngste aldersgruppene. Den låge arbeidsløysa inneber at unge i dag som ikkje fullfører vidaregåande utdanning, likevel kjem i arbeid. Men det gjeld ikkje alle, og kjønnsforskjellar finst. I mars 2008 var nær to av tre arbeidsledige i gruppa 20–24 år menn. Arbeidslivet klarer altså ikkje å jamne ut kjønnsforskjellane i fråfall frå vidaregåande skule, noko som medfører at fleire menn enn kvinner i denne aldersgruppa er inaktive.

I rapporten «Ungdoms levekår» har SSB kartlagt arbeidsmarginaliseringa blant unge i perioden 2001–2003. I analysen skil SSB mellom delvismarginaliserte unge, som er borte frå studium eller arbeid i eitt år, og marginaliserte unge, som har vore borte frå studium eller arbeidsmarknad i tre år på rad.

Rapporten viser ein klar auke i delvis marginaliserte, men trass i denne auken er det berre 2 % av dei som verken er i utdanning eller jobb dei tre åra analyseperioden omfattar. Det er desse to prosentane som blir definerte som marginaliserte. I 2001 er det ingen kjønnsforskjellar, både gutar og jenter står for 6 %. Prosentdelen som står utanfor arbeidsmarknaden, aukar meir for gutar enn for jenter etter 2001. Prosentdelen gutar som står utanfor arbeidsmarknaden dei påfølgjande åra, er høvesvis 21 % og 26 %. Tilsvarande for jenter er 17 % og 19 %. Sjølv om fleire gutar enn jenter står utanfor arbeidsmarknaden når ein ser på enkelte år, og altså er delvis marginaliserte, er det ingen kjønnsforskjellar blant dei som er utanfor arbeidsmarknaden i tre påfølgjande år og dermed er definerte som marginaliserte.

7.4.3 Uføretrygda

Tal frå NAV 8 viser at stadig fleire unge menn blir uføretrygda. Psykiske lidingar er den desidert hyppigaste årsaka til at unge menn under 40 år blir uføretrygda. 9 I 2006 var over seks av ti menn med uførepensjon eller uførestønad i denne aldersgruppa blitt trygda på grunn av ulike psykiske lidingar. I praksis dreier det seg om drygt 10 000 menn i alderen 18 til 40 år.

Figur 7.1 viser utviklinga for aldersgruppa 18–24 år.

Figur 7.1 Utvikling i talet på unge som vert uføretrygda 1995-2006

Figur 7.1 Utvikling i talet på unge som vert uføretrygda 1995-2006

Tal; Heile landet, begge kjønn samla, 18–24, totalt; Heile landet, menn, 18–24, totalt; Heile landet, kvinner, 18–24, totalt

Samla sett er færre menn enn kvinner uførepensjonerte. Ved utgangen av 2006 tok 11 % av befolkninga i alderen 18–67 år imot ei uføreyting (uførepensjon eller tidsavgrensa uførestønad). Fordelinga på kvinner og menn var høvesvis 12, 9 % og 9,2 %. I 2006 var gjennomsnittsalderen 53,8 år. Det er prosentvis fleire uføre blant mannlege førstegenerasjonsinnvandrarar enn blant alle menn i befolkninga over 50 år.

Av alle nye kvinnelege uførepensjonistar i 2006 fekk nesten halvparten tidsavgrensa uførestønad, mot berre éin av tre av alle nye uføre menn. Menn får med andre ord sjeldnare uføreytingar enn kvinner, men når dei først får dei, er dei oftare av varig karakter. 10

7.5 Sosialhjelp

Det er fleire menn enn kvinner blant unge mottakarar av sosialhjelp, og kjønnsforskjellen blant unge mottakarar er omtrent den same som blant alle mottakarar.

I alle aldersgrupper er over 50 % av mottakarane menn. Mellom 3 % og 4 % av befolkninga fekk økonomisk sosialhjelp i 2005, og den prosentvise delen av befolkninga som får økonomisk sosialhjelp, har vore ganske stabil i fleire år. 11 Som i tidlegare år er dei unge sterkt overrepresenterte blant mottakarane i 2005. Av unge i alderen 16–30 år hadde 5,7 % sosialhjelp i 2005, mot berre 2,8 % av alle over 30 år.

Det er kjent at det er prosentvis fleire personar med låg utdanning blant mottakarar enn i befolkninga elles. Resultata viser mellom anna at 25 % av alle mannlege mottakarar i alderen 18–24 år hadde grunnskule som høgaste fullførte utdanningsnivå. Det same gjaldt berre 8 % av alle menn i alderen 18–24 år i befolkninga. For kvinnene var dei tilsvarande tala høvesvis 21 % og 5 %. Men utdanningsnivået hos mottakarar speglar aldersforskjellane i utdanningsnivå i samfunnet generelt, og det er blant dei aller eldste mottakarane vi finn relativt flest personar med grunnskule som høgaste utdanningsnivå. 12

7.6 Bustadlause

Som eit ledd i satsinga mot fattigdom vil regjeringa sikre eit tilbod til bustadlause. Mange har eit bilete av ein bustadlaus som ein eldre, alkoholisert mann. Biletet er delvis rett. Kartlegginga av bustadlause 13 i 2005 viste at 76 % av dei rundt 5500 bustadlause her i landet er menn.

Tiltak retta mot bustadlause er på generelt grunnlag ikkje noko relevant tema i ei melding om menn og likestilling, sjølv om eit klart fleirtal er menn. Derimot er det relevant å sjå nærmare på om eigenskapar ved mannsrolla gjer menn særleg utsette for marginalisering, og kor vidt tiltak for bustadlause har eit tilstrekkeleg kjønns- og mannsperspektiv.

Kartlegginga av bustadlause viste at tyngda av bustadlause er i aldersgruppa 20–45 år. Aldersfordelinga skil seg lite mellom kvinner og menn. I gruppa bustadlause er det langt fleire enn i normalbefolkninga som ikkje har fullført vidaregåande utdanning og har grunnskule som høgaste fullførte utdanning. Berre éin av 35 bustadlause har lønnsinntekt. Dei fleste bustadlause har lita eller inga erfaring frå arbeidslivet og er avhengige av økonomisk sosialhjelp fordi dei har få trygderettar. Rusavhengige og personar med psykiske lidingar eller dobbeltdiagnose er overrepresenterte blant bustadlause. Det same er grupper med etnisk minoritetsbakgrunn. I denne gruppa er risikoen for å komme i ein situasjon utan nokon stad å bu dobbelt så stor som i befolkninga sett under eitt.

For ein del av dei bustadlause er problemet av forbigåande karakter, men for fleirtalet er det langvarig eller permanent. I eit likestillingsperspektiv er det særleg urovekkjande at mannsinnslaget er endå høgare i gruppa langvarig eller permanent bustadlause. Det kan indikere at tiltak for bustadlause ikkje har eit tilstrekkeleg kjønnsperspektiv, og at tiltak for menn har mindre effekt enn tiltak for kvinner.

Kjenneteikn ved bustadlause stadfester at fråfall frå vidaregåande skule, manglande innpass i arbeidslivet og liknande faktorar aukar risikoen for marginalisering. Gutar/menn er overrepresenterte i risikogruppene. Det understrekar at rådgivingstenesta i vidaregåande skule og i NAV må ha eit kjønnsperspektiv, slik at tiltak kan få same effekt for gutar som for jenter.

7.7 Kriminalitet

Kriminalitet er eit av dei mest mannsdominerte områda i samfunnet vårt. Lovbrytarane og fengselsbefolkninga er hovudsakleg menn eller unge gutar. Kvinner har utgjort rundt 10 % av dei registrerte lovbrytarane 14 og 5 % av fengselsbefolkninga 15 i fleire tiår. Kvinneinnslaget har auka noko dei seinare åra. I 1990 utgjorde kvinner 12 % av dei sikta i straffesaker. I 2000 hadde talet auka til 16 %, og der ligg det òg i 2005.

Ei rekkje studiar viser at det er ein samanheng mellom levekår og kriminalitet, sjølv om årsaksrekkjefølgja ikkje alltid er like klar. 16 Rapporten «Lovbruddskarrierer og levekår» gir ei oversikt over i kva grad personar fødd i 1977 blei sikta for lovbrot i tidsrommet 1992–2001. 17 Analysen omfattar personar fødde i Noreg i 1977 som var busette i Noreg i løpet av 1992. Desse fylte 15 år i 1992 og 24 år i 2001. Utvalet er alle personar i denne kohorten.

Dei aller fleste i denne aldersgruppa blei ikkje sikta for lovbrot i det heile. Blant dei som blei det, blei dei fleste sikta berre éin gong. Men nokre er aktive lovbrytarar over lengre tid. Lovbrotskarrierane er forskjellige, og nokre er meir typiske enn andre. Dess alvorlegare lovbrotskarriere ein har, dess dårlegare skårar ein på viktige sosiale indikatorar. Svært mange personar med eit langvarig lovbrotsmønster har ikkje fullført vidaregåande skule, mange er langtidsmottakarar av sosialhjelp og har i liten grad stabil tilknyting til arbeidslivet. Sjølv om dei aller fleste i alle gruppene har foreldre med utdanning frå vidaregåande skule eller meir, er innslaget av personar med låg eller inga utdanning langt høgare blant dei med ein alvorleg lovbrotskarriere enn det er i normalbefolkninga.

Vidare er risiko for død ein indikator på helsetilstand og livsstil, og denne risikoen er høgare dess alvorlegare lovbrotskarrieren er. Studien konkluderer med at lovbrotskarrierar i stor grad må sjåast i samanheng med allmenn livssituasjon og med marginaliseringsprosessar i samfunnet.

7.7.1 Ungdomskriminalitet

Ungdomskriminalitet er eit kjønnsnøytralt omgrep på eit svært kjønna felt. Det er for det meste gutar som blir registrerte for kriminalitet i ungdomsåra. Ungdom, og då spesielt unge menn, har alltid vore overrepresenterte i kriminalstatistikken. 75 % av alle som blir sikta for lovbrot i alderen 15–17 år, og 85 % av alle som blir sikta i alderen 18–20 år, er gutar.

Auka fokusering på barne- og ungdomskriminalitet frå slutten av 1990-talet førte til at talet på sikta og straffa ungdom auka noko, men dei aller siste åra har dette endra seg. I gruppa under myndig alder blei 20 % færre sikta for brotsverk i 2005 enn i 2001. Eldre ungdom, og i endå større grad vaksne, har hatt ei heilt anna utvikling. Samanlikna med 1980 er i dag 150 % fleire i alderen 18–29 år sikta for brotsverk, og over 500 % fleire i alderen 30 år og over. Aldersfordelinga blant dei som er sikta for brotsverk, har altså endra seg kraftig dei siste 25 åra: Ungdom under 18 år har gått frå å utgjere 35 % til 15 %, og dei i alderen 30 år og over frå 18 % til 41 %. Dei yngste har i same perioden redusert sin del av straffereaksjonane for brotsverk tilsvarande, frå 30 % til 8 %. 18

Biletet av ungdomskriminalitet som ein relativt «normal» del av ungdomslivet ser ut til å vere i endring. Balvig 19 påpeiker at det har skjedd ei polarisering ved at relativt færre plasserer seg i den store mellomgruppa av gråtonar, der dei fleste unge er å finne. Biletet er blitt meir svart-kvitt. Fleire er heilt lovlydige, og fleire av dei som ikkje er det, gjer seg skuldige i mykje og til dels alvorleg kriminalitet.

Samtidig som færre unge gjer noko kriminelt, viser studiar at dei som gjer det, gjer det oftare. Det er altså ei auka polarisering i ungdomsbefolkninga. Dei aller fleste gjer seg ikkje skuldige i alvorleg kriminalitet, men ei lita gruppe står fram som særleg belasta. Og gutar utgjer det store fleirtalet i den gruppa.

Kriminelle unggutar har alltid opptredd som tøffe, og jamaldringane har sett på dei som det. Dei vaksne har meir sett på dei som gutar som vil vere tøffe. 20 Kriminalitet kan sjåast som ein måte å «styrkje sin maskulinitet» på blant gutar og menn som elles ikkje har andre ressursar til å gjere seg gjeldande. 21 Unge marginaliserte menn kan til dømes gjennom vald og vilje til å slåst oppnå status, rykte og sjølvrespekt. Også vinningskriminalitet kan for desse vere ein maskulin ressurs. Utbytet av kriminaliteten, det å ha mykje pengar mellom hendene, kan gi ei kjensle av å vere noko. Også i sjølve utøvinga av dei ulovlege handlingane kan desse gutane vise seg fram som modige, teknisk dyktige og smarte. 22

Eit slikt maskulinitetsprosjekt som det mange gutar set i scene ved å drive med kriminalitet, har blitt kalla cowboymaskulinitet . 23 Det er eit maskulinitetsprosjekt der det gjeld å vere tøff, vise individualitet og mot, og vere i opposisjon.

7.7.2 Gjengkriminalitet og gutar med innvandrarbakgrunn

Gjengkriminalitet har vore eit problem i det norske samfunnet sidan 1950-talet. Det er på 1950-talet at ungdom som eigen sosial kategori veks fram. Tenåringar blir eit omgrep og eit ideal som blir kopla til ein «tenåringsmarknad» etter kvart som unge får større kjøpekraft som følgje av den økonomiske veksten. 24 Oppblomstringa av ein tenåringsmarknad skaper både tilbod og etterspørsel etter særeigne forbruksvarer for ungdom. Desse varene tener som livsstilsteikn for aldersgruppa og skil medlemmene ut som ein eigen kategori mellom barn og vaksne. Parallelt med dette veks det fram grupper av barn og unge som driv med det vi i dag kjenner som gjengkriminalitet . Gjengar og bandar var stadig tema i pressa på 1950-talet; klipparkiva i avisene fortel at politiet opp gjennom femtiåra hadde hendene fulle med å avsløre og rulle opp gutebandar og bilbandar som spesialiserte seg på alt frå tjuveri av elektrisk utstyr, barbermaskiner og filmapparat til dynamitt, våpen og spesielle bilmerke. 25

Dei to siste tiåra er «gjeng» langt på veg blitt synonymt med den typen gjengar og kriminalitet vi finn blant gutar med etnisk minoritetsbakgrunn. Desse gutane framhevar ofte sin eigen etniske kultur for å forklare kvifor dei er så opptekne av ære og respekt, og også forskarar 26 har lagt vekt på kulturbakgrunnen deira. Til dømes skriv ein forskar: «Innvandrerne bringer med seg ei æreskodeks fra føydale strukturer i u-land og inn igjen i vestlige samfunn.« 27 Andre forskarar 28 problematiserer denne forståinga ved å leggje eit maskulinitetsperspektiv til grunn, og understrekar at det ikkje er besteforeldra og deira æresomgrep unge gutar med innvandrarbakgrunn prøver å leve opp til når dei snakkar om ære og respekt. 29 Symbolbruken varierer, men innhaldet er til dels det same, i alle fall som ideal, blir det påpeikt. 30 Det handlar ikkje (i alle fall ikkje berre) om opphavskulturen til innvandrargutane, men om sentrale kulturelle maskulinitetsideal i vår eigen vestlege kultur. 31

Grupper med etnisk minoritetsbakgrunn blir ofte gjenstand for forenkla idear om kven dei er. Slike stereotypiar kan lett føre til at dei unge i desse gruppene prøver å leve opp til det biletet andre har av dei. Framstiller media unge med innvandrarbakgrunn som farlege, kan det lett danne seg grupper som set seg sjølve i scene som nettopp det. Det er ikkje noko nytt at grupper av menneske speler på stereotypiar for å få respekt. Men det er alvorlegare når gutar med innvandrarbakgrunn speler dei på hudfarge, ikkje på klesstil eller andre identitetsteikn som kan skiftast ut. Dessutan er dei med og stigmatiserer ei større gruppe enn seg sjølve, nemleg alle etniske minoritetsgutar. 32

Ei undersøking av lovbrotskarrierar frå 15-årsalderen fram til fylte 25 år viser at 10 % av ikkje-vestlege innvandrarane og 17 % av dei ikkje-vestlege 33 innvandrarane blei sikta for eitt eller fleire brotsverk. 34 Ikkje-vestlege innvandrarar utgjer 5 % av alle som er sikta for brotsverk, og står for ein noko større prosentdel av alle siktingar. Ofte blir enkeltståande kriminelle handlingar tolka som symptom på ein svak integrerings- og innvandringspolitikk. Det blir lett gløymt at det ofte er dei same forholda som skaper kriminalitet både blant innvandrarungdom og etnisk norsk ungdom.

Ikkje-vestlege innvandrarar er meir eksponerte for faktorar som er kjende for å ha samanheng med kriminalitet. Det er fleire unge blant dei, dei bur i større grad i Oslo, har lågare utdanning og høgare arbeidsløyse og er i ein vanskelegare økonomisk situasjon enn nordmenn flest. Kjønn, utdanningsnivå hos foreldra, eigen økonomisk situasjon og integrasjon i skule og arbeidsliv er viktigare årsaker enn innvandrarbakgrunn for å forklare registrert kriminalitet.

Alle desse sosiale forholda har meir å seie enn innvandrarbakgrunn når det gjeld å bli teken for brotsverk i ungdomstida. 35 Men ikkje-vestlege innvandrarar er framleis overrepresenterte i forhold til resten av befolkninga. Samtidig er det ein stor del av innvandrarungdommen som held seg unna kriminalitet sjølv om dei har svært dårlege levekår. Det er ingen automatikk i at dårlege levekår fører til kriminalitet.

Ung i Noreg-undersøkinga 36 viser klare tendensar til polarisering blant ikkje-vestleg innvandrarungdom: Dei aller fleste er lovlydige, men det veks fram ei lita gruppe som er særleg belasta med alvorleg kriminalitet. Desse står bak mange lovbrot, også samanlikna med tilsvarande kriminell ungdom utan innvandrarbakgrunn, og utgjer eit betydeleg problem. Men for dei aller fleste er lovbrot eit eingongstilfelle. Ei lita gruppe svært kriminelt aktive personar må ikkje få skape inntrykk av at alle er like. 37

Personar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn slår inn på ei kriminell løpebane seinare enn personar utan innvandrarbakgrunn. Samanlikna med nordmenn gjer kriminalitetsnivået eit hopp i 19-årsalderen. Effekten av manglande lærlingplassar og utestenging frå arbeidslivet på grunn av svake resultat eller fråfall i vidaregåande skule melder seg òg i den alderen.

7.8 Barnevern

Av dei rundt 40 000 barn og unge som fekk hjelp frå barnevernet i 2006, var om lag 54 % gutar. Barnevernet skal nå ut til alle familiar, barn og unge og gi formålstenleg hjelp tilpassa behovet. Barn med etnisk minoritetsbakgrunn er langt oftare mottakarar av hjelp frå barnevernet enn barn utan etnisk minoritetsbakgrunn. 38 Barne- og likestillingsdepartementet er i gang med å styrkje den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet. På oppdrag frå departementet har fire utvalde høgskular utvikla ei vidareutdanning for auka fleirkulturell kompetanse i barnevernet. Målet er å gi studentane grunnleggjande kunnskap om kva eit kultursensitivt barnevern er, og å auke ferdigheitene deira i arbeidet med barn, unge og familiar med etnisk minoritetsbakgrunn. Vidareutdanninga starta opp hausten 2008.

Hausten 2008 starta Barne- og likestillingsdepartementet dessutan opp mentorordninga «Nattergalen» ved åtte høgskular/universitet. Hovudmåla er å styrkje det fleirkulturelle erfaringsgrunnlaget i barnevernet ved at studentar ved barnevernsfagleg og sosialfagleg utdanning får auka kunnskap om barn, unge og familiar med etnisk minoritetsbakgrunn. Vidare er eit mål å bidra til at fleire barn og unge med etnisk minoritetsbakgrunn fullfører vidaregåande opplæring og held fram i høgare utdanning. Prosjektet vil særleg prøve å nå gutar, ettersom dei har størst fråfall i skulen.

7.8.1 Barnevernsbarn får oftare eit vanskeleg liv

Ein longitudinell studie av barnevernsbarn i perioden 1990 til 2005 viser at det går dårleg med mange barnevernsbarn. 39 Hovudkonklusjonen er at personar som har vore barnevernsklientar, får dårlegare levekår enn personar som ikkje har vore i barnevernet. Det viser seg at det går relativt bra med ein tredjedel av barnevernsbarna, mens to tredjedelar har dårlegare levekår enn personar som ikkje har vore i barnevernet. Det blir dokumentert store forskjellar når det gjeld utdanning, inntekt, bruk av sosialhjelp og arbeidsløyse. Vidare indikerer resultata at tidlegare klientar har større helseproblem enn befolkninga elles. Helse er indirekte målt på grunnlag av grunn- og hjelpestønad og uførepensjon. Tidlegare studiar har vist at forskjellane er store mellom barnevernsbarna og resten av befolkninga når det gjeld siktingar for brotsverk. Kunnskap om opphoping av levekårsproblem hos utsette grupper tilseier at det er store forskjellar på andre område òg.

Det blir i tillegg rapportert nokre fordelingar etter kjønn, og det viser seg at det går endå dårlegare med gutane i barnevernet enn med jentene. Figur 7.2 viser at kjønnsforskjellane er store for alle saksgrunnlaga for melding til barnevernet når det gjeld prosentdelar av barna som seinare tek høgare utdanning.

Figur 7.2 Prosentdel barnevernsbarn med høgare utdanning etter saksgrunnlag og kjønn.

Figur 7.2 Prosentdel barnevernsbarn med høgare utdanning etter saksgrunnlag og kjønn.

Nynorsk!

7.8.2 Eit maskulinitetsperspektiv i barnevernet

Det statlege barnevernet arbeider med å implementere og vidareutvikle metodar og modellar retta mot unge med alvorlege åtferdsvanskar, deriblant kriminelle unge. Tiltaka og metodane rettar seg mot både gutar og jenter, men eit eksplisitt maskulinitetsperspektiv er i liten grad innarbeidd i barnevernsarbeidet.

Norsk forsking har i liten grad sett på gutar i barnevernet, kriminalitet blant gutar og møtet mellom kontrollapparatet og desse gutane, i eit kjønnsperspektiv. Også på dette feltet er det i all hovudsak jenter det har vore forska på i eit kjønnsperspektiv. Dei få forskingsbidraga som legg eit maskulinitetsperspektiv til grunn, viser at ein slik synsmåte gjer det lettare å forstå kvifor unge gutar blir kriminelle, og likeins korleis kjønn verkar inn på samhandlinga mellom miljøarbeidarane og gutane, og på det daglege livet i institusjonen. 40

I ein historisk studie av Foldin verneskole (tidlegare Bastøy skolehjem) i perioden 1953–1970 blir arbeidet ved institusjonen analysert i eit maskulinitetsperspektiv. 41 Analysen av arkivmaterialet frå 1950- og 1960-talet avdekkjer dilemma i arbeidet med dei barnevernsgutane med dei største utfordringane, som gjer seg gjeldande den dag i dag.

I doktoravhandlinga «Vanlig og uvanlig. Miljøarbeid hjemme med 14–18-åringer« 42 blir det presentert ein studie av hjelpetiltak barnevernet har sett i verk i heimemiljøet. Studien viser at den same forståinga som kjenneteikna funksjonærane på Foldin på 1950- og 1960-talet, framleis pregar dei tiltaka barnevernet set i verk for gutar med særlege utfordringar i dag. «Gutar er gutar» – også for barnevernet i dag – og det viser seg at eit kjønnsperspektiv i liten grad er tematisert i dagens barnevern. I den grad det blir gjort, handlar det framleis ofte om å skaffe gutar med særlege utfordringar mannlege rollemodellar. Dagens barnevern vil ha mykje å hente på å trekkje nyare kjønnsforsking, spesielt nyare maskulinitetsforsking, inn i kunnskapsgrunnlaget sitt når det gjeld arbeid med gutar. Auka medvit om kjønn som praksis, relasjon og prosess vil redusere faren for at barnevernsarbeidarar undergrev sitt eige arbeid – slik dei tilsette på Foldin langt på veg gjorde.

Fotnotar

1.

«Marginalisering innebærer en glidning og en bevegelse bort fra samfunnets sentrum i retning av samfunnets rand eller utkant (periferi)» (www.leksikon.org). Levekårsmarginaliseing har både ein økonomisk dimensjon og ein helsedimensjon.

2.

Ungdoms levekår, SSB 2007.

3.

Ungdoms levekår, SSB 2007.

4.

Ungdoms levekår, SSB 2007.

5.

Ungdoms levekår. SSB 2007.

6.

Byrhagen mfl 2006.

7.

NIFU STEP 2008.

8.

Brage og Thune 2008.

9.

Aftenposten, 19.02.08

10.

Sst.

11.

Statistisk sentralbyrå 2005

12.

Dahl mfl. 2006

13.

Dyb og Hansen 2007.

14.

Vegheim 1997.

15.

Fridhov 1997:276.

16.

Kyvsgård 1998; Thorsen 2004.

17.

Skardhamar 2005.

18.

Stene 2007.

19.

Balvig 2000 og 2006

20.

Whyte 1981; Cohen 1955; Ericsson, Lundby og Rudberg 1985; Varang 2004.

21.

Messerscmidt 1993.

22.

Næss 1999.

23.

Jon 2007.

24.

Bjurström 1982:48.

25.

Telste 2004:5.

26.

Larsen 1992; Lien 2002, 2003.

27.

Lien 2003:164.

28.

Prieur 2004; Jon 2007.

29.

Prieur 2004.

30.

Prieur 2004:104.

31.

Jon 2007.

32.

Sandberg 2005.

33.

Innvandrarar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania utanom Australia og New Zealand.

34.

Skarhamar 2006.

35.

Skarhamar 2006; Stene 2007.

36.

Øia 2005.

37.

KRÅD 2007.

38.

SSB-rapport 2006/19.

39.

Kristofersen og Clausen 2008.

40.

Sagatun 2005; Jon 2007.

41.

Jon 2007.

42.

Sagatun 2005.

Til forsida