Nordisk kommunalministermøte 2015

Dette innhaldet er meir enn 8 år gammalt.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner deltok på det nordiske kommunalministermøtet som blei arrangert i Uppsala 12. -14. august.

Det svenske vertskapet inviterte til Uppsala 12-14. august. Civilminister Ardalan Shekarabi frå Socialdemokraterna hadde valt avbyråkratisering og forenkling som hovudtema for årets kommunalministermøte.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner deltok på den politiske delen av møtet. Sanner fortalde sine nordiske kollegaer om arbeidet med tidstjuvar, klarspråk og digitalisering. Den administrative inndelinga er eit tema i dei nordiske landa. Sanner gjorde óg greie for status i kommunereforma. I Sverige er det sett ned eit utval som skal greie ut ei ny regional inndeling.

Den politiske delen av møtet varte frå lunsj til lunsj 12. og 13 august, medan tenestemennene frå Danmark, Finland, Grønland, Island, Noreg, Sverige og Åland drøfta faglege spørsmål i eit døgn til.