Kommunalnytt nr. 4 2015

Nyheitsbrev om kommune og fylkesforvaltning

Bergen kommune deltek i Horisont 2020-prosjekt

Klimaendringane set vatn - og avløpsystema i Europa på prøve, og nye løysingar trengst for å kome problema i forkjøpet. I dette arbeidet har NTNU og Bergen kommune sentrale roller i å finne gode løysingar som kommunar kan bruke. Bergen kommune sitt prosjekt får støtte gjennom Horisont 2020 - EU sitt forskings- og innovasjonsprogram. Horisont 2020 støttar prosjekt med pengar til å løyse samfunnsutfordringar som står sentralt i dei oppgåvene norske kommunar står overfor. 

Fagdirektør Magnar Sekse i Bergen kommune seier at dei gjennom dette prosjektet får gått gjennom og vurdert vassforsyninga i eit lengre tidsperspektiv, også når det gjeld konsekvensane av klimaendringar.

- Vi vil oppnå kompetanseutvikling og læring mellom eigne medarbeidarar gjennom samarbeidet med NTNU og dei andre europeiske deltakarane. Og gjennom det nære samarbeidet med studentar ved NTNU reknar vi med det vil bidra til at Bergen kommune framstår som ein meir attraktiv arbeidsgjevar for nye, unge medarbeidarar, seier Sekse. 

Les meir om prosjektet på Forskningsrådet sine nettsider.

Horisont 2020 gir støtte til forskjellige typar prosjekt som kan vere svært relevante for dei samfunnsutfordringane som kommunane står overfor, mellom anna: 

  • Helse og aldring
  • Matsikkerheit
  • Marine og maritime spørsmål
  • Bærekraftig landbruk og bioøkonomi
  • Sikker, rein og effektiv energi 
  • Grøne transportløysingar

Saman med Kunnskapsdepartementet og Utenriksdepartementet arbeider Kommunal- og moderniseringsdepartementet med å mobilisere kommunale og regionale myndigheiter til, saman med lokale forskings- og næringslivsmiljø, å nytte muligheitene som ligg i Horisont 2020. 

Kommunar som er interesserte kan ta kontakt med Forskingsrådet, Innovasjon Norge eller fylkeskommunen for meir informasjon om programmet. 

Rapport frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU)

TBU la onsdag 22. april fram vårrapporten for 2015. Rapporten tek sikte på å gje informasjon om utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra, med særleg vekt på den økonomiske situasjonen i 2014, og utvalet legg fram si forståing av den aktuelle situasjonen i kommuneøkonomien. I tillegg inneheld rapporten dei to notata om økonomi og demografi som utvalet sende over til konsultasjonsordninga til deira møte 4. mars.

Les rapporten 

Første samanslåing i kommunereforma

Fredag 24. april 2015 vedtok Kongen i statsråd at Stokke, Andebu og Sandefjord blir ein kommune frå 1. januar 2017. Den nye kommunen skal heite Sandefjord kommune.

Stokke, Andebu og Sandefjord søkte 6. februar departementet om å få slå seg saman til ein kommune. Søknaden vart overlevert på eit møte mellom kommunane, kommunalminister Jan Tore Sanner og statsminister Erna Solberg. Kongen i statsråd vedtok samanslåinga 24. april.

Etter samanslåinga vil det vere 426 kommunar i Noreg. Dei tre kommunane har i dag 62 647 innbyggjarar. Sandefjord er størst med sine 45 281 innbyggjarar, medan det bur 11 506 personar i Stokke og 5860 i Andebu. Den nye kommunen vil truleg bli den 11. største kommunen i landet.

Samanslåinga av Stokke, Andebu og Sandefjord vil vere den fyrste som får økonomisk støtte etter dei nye standardiserte modellane som vert laga i samband med kommunereforma.

Ei samanslåing av tre kommunar, som får mellom 50 000 og 100 000 innbyggjarar, vil utløyse 40 millionar kroner til dekning av eingongskostnadar. Etter Stortinget si godkjenning av eit forslag i revidert nasjonalbudsjett 2015,  vil støtta til Stokke, Andebu og Sandefjord kunne utbetalast sommaren 2015.

Ein samanslått kommune som får meir enn 50 000 innbyggjarar får i tillegg 30 millionar kroner i reformstøtte. Nye Sandefjord kommune vil få 30 millionar kroner i reformstøtte etter at samanslåinga er gjennomført 1. januar 2017.

Nye Sandefjord kommune vil i tillegg få eit inndelingstilskot som samansett av to basistilskot. Storleiken på det endelege tilskotet vert klart når rammetilskotet for 2016 vert vedteke.

Kommunane ynskjer ikkje eit eige ekstraordinært val før dei slår seg saman. I staden blir det nye kommunestyret sett saman av representantar frå kommunestyra i dei tre kommunane som skal velgast hausten 2015. Frå 2017 og til lokalvalet i 2019 skal det nye kommunestyret ha 39 representantar frå Sandefjord, elleve frå Stokke og sju frå Andebu.

Teieplikt for folkevalde

Hausten og vinteren 2014/2015 var det fleire medieoppslag og undersøkingar om kommunale og fylkeskommunale reglement og korleis desse regulerte folkevalde si teieplikt om saker som blir handsama i lukka møte. Oppslaga og undersøkingane viste at fleire kommunar og fylkeskommunar hadde reglement som gjekk lenger i påleggje dei folkevalde teieplikt enn kva det er rettsleg høve til. Fleire reglement påla dei folkevalde teieplikt om alt som går føre seg i eit lukka møte.

På denne bakgrunnen sende departementet brev 30. januar 2015 til kommunane, fylkeskommunane og KS. Her spesifiserte departementet at dei folkevalde berre har teieplikt om opplysningar som er omfatta av ei lovbasert teieplikt, og at dei kan ikkje påleggjast teieplikt om alle opplysningar i alle saker som blir handsama i lukka møter. Departementet viste mellom anna til rundskriv H-2112 om teieplikt for folkevalde og Rettleiar H-2142 om folkevalde sin rett til innsyn. Kommunane og fylkeskommunane blei i brevet oppfordra til å ta ein gjennomgang av reglementa sine og gjere nødvendige endringar for å sikre at dei er i tråd med gjeldande rett. 

Kommunalkongressen i Europarådet med rapport om lokaldemokrati i Noreg

Monitoreringskomiteen i Europarådet har kome med ein rapport om lokaldemokratiet i Noreg. Rapporten blei vedteken i Kommunalkongressen 26. mars, og vedtaket om rekommandasjon blir sendt Ministerkomiteen i Europarådet.

Konklusjonen i rapporten er at nivået på lokalt og regionalt demokrati i Noreg er veldig høgt. Kongressen peiker likevel på nokon forbetringspunkt der dei meiner Noreg ikkje oppfyller sine skyldnadar. Dette gjeld at Noreg ikkje har grunnlovfesta lokalt sjølvstyre, og at kommunane som hovudregel ikkje har moglegheit til å overprøve vedtak av fylkesmennene (det finnast inga tvisteløysingsmekanisme). Kongressen meiner også at vi bør sjå på utøvinga av det statlege tilsynet, som dei meiner kan vera problematisk. 

Departementet har allereie – før vi fekk monitoreringsrapporten – sett i gang arbeid som vil imøtekome Kommunalkongressen sine merknader. Kommunelovutvalet skal, i samsvar med sitt mandat, vurdere om prinsippet om lokalt sjølvstyre bør innarbeidast i kommunelova. Utvalet skal levere sin rapport i løpet av året. Spørsmålet om tvisteløysing mellom stat og kommune og om statlege organ si prøving av kommunen sitt frie skjønn, blir utgreid i samarbeid mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fleire andre departement. Når det gjeld kongressen si framstilling av situasjonen i Noreg med omsyn til statleg tilsyn, vil departementet vise til at kommunelova kapittel 10 A slår fast regelen om lovlegheitstilsyn med kommuneplikter. Regjeringa er likevel opptatt av å redusere den statlege styringa av kommunane. Som varsla i Meld. St. 14 (2014–2015), har regjeringa sett i gang eit arbeid med ein generell gjennomgang av den statlege styringa med kommunane, med sikte på redusert detaljstyring. Eit av siktemåla er eit meir koordinert og effektivt statleg tilsyn med kommunane.

Les rapporten (pdf)