Statsministeren deltek på toppmøte i Det europeiske politiske fellesskapet (EPC)

Stad: Bulboaca i Moldova

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på toppmøte i Det europeiske politiske fellesskapet (EPC) i Bulboaca i Moldova. EPC er eit forum for politisk dialog i Europa med 47 land, både i og utanfor EU.

Tema for møtet er krigen i Ukraina, og verknaden krigen har for nabolanda og resten av Europa. Presse som vil dekke toppmøtet, må akkreditere seg innan 18. mai på www.accreditation.epcsummit2023.md

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.