Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: Statsministerens kontor
Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er dei økonomiske utsiktene før vårens lønnsoppgjer.
Møtet er på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere ei fotomoglegheit ved starten av møtet. Me ber om påmelding innan søndag kl. 18.00. Oppmøte for påmelde fotografar seinast kl. 09.30. Ta med gyldig pressekort og ID.
Etter møtet, om lag kl. 11.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengelege for presse. Me ber om påmelding innan søndag kl. 18.00. For påmeld presse er oppmøte seinast kl. 11.00. Ta med gyldig pressekort og ID.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post mlf@smk.dep.no.