Statsminister Jonas Gahr Støre møter utanrikssjef i EU Kaja Kallas, til frukostmøte i statsministerbustaden.

Ein fotopool kan fotografere når Kallas kjem til Inkognitogata 18. Fotografar kan melde seg på her innan 30. januar. Oppmøte for poolfotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 07.15. Ta med pressekort og gyldig ID.

Det vert moglegheit for korte kommentarar etter møtet, om lag kl. 08.35. Oppmøte for påmeld presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 08.05. Presse kan melde seg på her innan 30. januar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, telefon 91 71 74 59, e-post rhs@smk.dep.no.