§ 12 - Klage på avslag om innsyn vedrørende trafikksaker - spørsmål om vurdering

Brevdato: 07.12.2015

Klage på avslag om innsyn vedrørende trafikksaker – spørsmål om vurdering


Vi viser til brev 16. november 2015, der Samferdselsdepartementet ber om ei vurdering frå Lovavdelinga i samband med klagehandsaming av to avslag på krav om innsyn i ulukkesrapportar.

Vi kan i all hovudsak slutte oss til vurderinga frå Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet om at opplysningar som viser at bestemte personar har teke livet sitt i trafikken, eller at det ligg føre mistanke om dette, er å rekne som opplysingar om «personlige forhold». Slike opplysningar er såleis omfatta av teieplikt etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 1, og det skal gjerast unntak frå innsyn for dei etter offentleglova § 13 fyrste ledd jf. forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 1.

Vidare kan heller ikkje vi sjå at EMK artikkel 10 kan føre til noko anna resultat når det gjeld desse opplysningane. 

Det må i denne samanhengen vurderast om det ligg føre omstende som gjer at teieplikt ikkje er til hinder for likevel å gje ut opplysningane, til dømes om dei alt er offentleg kjende, jf. forvaltningslova § 13 a nr. 3.

Når det gjeld spørsmålet om det kan gjerast unntak for heile rapportane i medhald av offentleglova § 12 bokstav c, kan ikkje dette avgjerast eller svarast på generelt. Kvar enkelt rapport må vurderast ut frå om dei opplysningane som det er gjort unntak for, utgjer «den vesentlegaste delen av dokumentet». Det må her leggjast vekt både på omfanget av dei opplysningane det er gjort unntak for, og på kor sentrale desse opplysningane er. Sjølv om relativt mykje av rapportane er omfatta av teieplikt, kan det liggje sjølvstendig informasjonsverdi i det som står att, og mottakaren kan ha nytte av informasjonen.

Dersom berre formalia og liknande uvesentleg informasjon står att, vil det typisk vera høve til å gjera unntak for resten av rapporten etter § 12 bokstav c. Det same gjeld dersom informasjonen som står att, gjev lite eller inga sjølvstendig meining, og opplysningane det er gjort unntak for, difor utgjer den vesentlegaste delen av dokumentet.

Til toppen