Forslag til innsnevring av odelskrinsen og tilhøvet til Grunnlova § 107

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Justis- og beredskapsdepartementet

Saksnr.: 12/2099 EO ATV/OKL/mk
Dato: 09.10.2012

 

Forslag til innsnevring av odelskrinsen og tilhøvet til Grunnlova § 107


Innleiing og bakgrunn

Vi viser til brev 13. mars 2012 der Landbruks- og matdepartementet (LMD) ber om at Lovavdelinga vurderer om eit forslag til innskrenking av odelsretten vil kunne gjennomførast utan å koma i strid med Grunnlova § 107. Forslaget, som går fram av Meld. St. 9 (20112012), går ut på at utanom odlaren sjølv skal berre borna til dei som har eigd ein odelseigedom, og samstundes hatt odelsrett til han, ha odelsrett. Barneborn, nieser og nevøar av eigarar med odelsrett skal såleis ikkje lengre få odelsrett.

Grunnlova § 107

Grunnlova § 107 fyrste punktum slår fast at «Odels- og Aasædesretten maa ikke ophæves.» Etter andre punktum skal dei nærare vilkåra for korleis han skal stå ved lag, fastsetjast av Stortinget. Forslaget her går klart nok ikkje ut på å oppheve odelsretten i vanleg forstand. Spørsmålet er om ei slik innskrenking som forslaget går ut på, går så langt i retning av ei oppheving at ho ikkje kan sameinast med føresegna i Grunnlova.

Før Sivillovbokutvalet i 1972 kom med sine framlegg til innskrenkingar i odelskrinsen, slik LMD har gjort greie for, hadde det vore relativt lite merksemd rundt denne problemstillinga. Spørsmålet var historisk sett typisk om sjølve føresegna i Grunnlova § 107 burde opphevast eller ikkje. Spørsmålet om innskrenking av odelsretten er likevel omtala i både eldre og nyare statsrettsleg litteratur. Vi viser først til Aschehoug («Norges nuværende statsforfatning», 2.utg., bind III, 1893, side 35):

«At Lovgivningen kan forlænge Odelshævdsperioden og forkorte den Tid, inden hvilken Odelsretten maa gjøres gjældende, er klart jvfr. Lov 28 Sept. 1857. Ligeledes maatte den kunne indskrænke Odelsretten saaledes at kun de nærmeste Slægtninger bleve løsningsberettigede. Heelt og holdent at omdanne den til en Forkjøbsret, saaledes at ingen af Ætten fik nogen Løsningsret, maatte dog siges at stride mod Grundloven.»

Frede Castberg uttala at sjølv om odelsretten ikkje kan avskaffast ved lov, er ikkje Grunnlova til hinder for at retten blir regulert, òg slik at innløysing av odelsjord blir underlagt konsesjonsplikt. (Castberg: «Norges Statsforfatning» 3. utgåve, bind II 1964, side 301) Her kjem ein ikkje inn på konsekvensane av eventuelle avgrensingar av odelskrinsen.

I nyare litteratur legg Eivind Smith i boka «Konstitusjonelt demokrati» (2. utg. 2012 på side 474) til grunn at «kretsen av odelsberettigede kan begrenses», men han går ikkje nærare inn på spørsmålet.

I eldre odelsrettsleg litteratur har Valentin Voss uttala at dei innskrenkingane som vart gjorde i odelsretten, gjennom tilleggslovene frå 1907 og 1936 om odelsfrigjering og at visse eigedomar skulle vere odelsfrie, ikkje var i strid med Grunnlova § 107 (Voss: «Lovgivningen om Odels- og Åsætesretten», 4. utgåve (1937) side 58-59). Fyrst når ein ved vanleg lov ville «unnta en vesentlig del av våre landeiendommer frå odelsløsning», kunne det etter hans oppfatning bli spørsmål om vern etter Grunnlova § 107. Derimot er det heller ikkje her vurdert om innskrenkingar i odelskrinsen kan kome i strid med Grunnlova.

Odelskrinsen må etter vårt syn kunne innskrenkast på lik linje med andre sider av odelsretten, til dømes kva for eigedomar som er underlagde odelsrett. På den andre sida må det gå ei grense for kor sterke avgrensingar som her kan fastsetjast utan at ein i realiteten må seie at odelsretten blir oppheva og ein dermed kjem i strid med Grunnlova § 107.

Etter vår vurdering er det ikkje grunnlag for å seie at det vil vere i strid med Grunnlova § 107 å fjerne nevøar og nieser frå odelskrinsen. Dei som etter i dag berre kan byggje odelsrett på at ein onkel eller ei tante har eigd eigedomen med odel, har gjennomgåande ei meir perifer tilknyting til eigedomen og sjeldan ein posisjon som gjer at ein kan basere framtida på at ein skal overta eigedomen, og livnære seg som gardbrukar.

Vi er meir i tvil når det gjeld barneborn av ein eigar. Det kan vere praktisk at eit barn til det eldste barnet av eigaren tek sikte på å overta eigedomen og drive han, til dømes ved å utdanne seg innanfor landbruk. Dersom barnebarnet ikkje har eigen odelsrett, må det stå tilbake for syskena til forelderen, og dersom eigaren overfører eigedomen direkte til barnebarnet, må det til dømes finne seg i at onklar eller tanter løyser eigedomen på odel. Det er mogleg at ein her er inne i ein hard kjerne av odelsinstituttet som er verna av Grunnlova § 107. Dette gjeld særleg dersom forelderen er avliden, men kan òg gjelde i andre høve der ein ikkje kan ordne seg slik at eigedomen vert overført først til forelderen og så til barnebarnet.

Grunnlova § 97

Når det gjeld tilhøvet til Grunnlova § 97 ved ei eventuell avgrensing av odelskrinsen, ser vi ingen problem med den løysinga LMD legg opp til i brevet på side 9-10, med at endringane ikkje får verknad for dei som har fått høve til å bruke odelsrett før dei nye reglane tek til å gjelde. Vi kan ikkje sjå at dei som berre sit med ein latent odelsrett, skal ha noko større grunnlovsvern her enn andre grupper som tidlegare hadde odelsrett, har hatt i andre tilfelle der odelslovgjevinga har vorte endra. Vi nøyer oss her med å vise til Eivind Smith, «Konstitusjonelt demokrati»( 2. utg. 2012 side 474), som viser til ulike avgrensingar av odelsretten, som etter hans syn «[s]om regel kan … skje også med virkning for personer som alt har odelsrett (jf. Rt. 1948 s. 1147)».