Prop. 1 S (2014 – 2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 1400 – 1482 Inntektskapittel: 4400 – 4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 2
Klima- og miljødepartementets budsjettforslag for 2015

6 Omtale av kapittel og post

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet og løyvingar til forsking og overvaking. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagt departementet når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2015 er på 1 117,7 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 58,9 mill. kroner, eller 5 pst. samanlika med saldert budsjett for 2014.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1400

Kllima- og miljødepartementet

609721

494694

435437

-12,0

1406

Miljøvennleg skipsfart

3943

4132

5111

23,7

1407

Miljøhensyn i offentlige innkjøp

13308

1408

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

12671

12599

14200

12,7

1409

MAREANO

27500

27362

-0,5

1410

Miljøforsking og miljøovervaking

623559

637727

635601

-0,3

Sum kategori 12.10

1263202

1176652

1117711

-5,0

Kap. 1400 Klima- og miljødepartementet

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

253 750

215 314

213 181

21

Spesielle driftsutgifter

115 435

85 755

61 069

61

Framtidas byar og berekraftig byutvikling, kan overførast

31 024

19000

62

Den naturlege skulesekken

3 500

3 500

2 500

65

Områdesatsing i byar, kan overførast

33 798

10000

70

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

51 212

58 005

54 705

71

Internasjonale organisasjonar

50 181

52 120

42 477

74

Tilskot til AMAP, kan overførast

4000

4000

4000

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

26 393

33 050

30 507

79

Tilskot til kulturminneforvaltning

22 539

14 993

16 998

81

Byutvikling, lokalt miljøvern og universell utforming, kan overførast

17 889

8 957

Sum kap. 1400

609 721

494 694

435 437

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Klima- og miljødepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. Talet på tilsette var 234,6 årsverk i 2014. Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, blant anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største. Departementet har òg høge reiseutgifter grunna det internasjonale miljøarbeidet.

Løyvinga er føreslått redusert med om lag 2,1mill. kroner. Det er lagt inn 5,9 mill. kroner i auka lønnskompensasjon, og reduksjonen i budsjettet skuldast i hovudsak innføring av nøytral meirverdiavgift. Innanfor løyvinga vil departementet nytte eit beløp til kjøp av klimakvotar. Beløpet vil tilsvare dei inntektene departementet tek inn ved parkering på departementet sitt område. Desse inntektene blir førte under kap. 4400, post 02.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga på posten er redusert med 24,7 mill. kroner. Reduksjonen på posten er samansett, og er i hovudsak resultat av at posten er redusert med 13 mill. kroner til å dekke andre prioriterte formål, samt ein reduksjon på 7,8 mill. kroner pga. innføring av ordninga med nettoføring av meirverdiavgift i staten. Det er òg flytta 6,5 mill. kroner frå posten til kap. 1410 post 21.

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Løn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøforvaltningas ansvarsområde.

Klima- og miljøpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Klima- og miljødepartementet har tilstrekkelege ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere klima- og miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.

Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner over Klima- og miljødepartementets budsjett til å oppfylle biogasstrategien. Midlane skal gå til forsking og pilotanlegg for biogassproduksjon. Satsinga kan medverke til å redusere kostnadene ved produksjon av biogass.

Posten finansierer òg eit nytt klimaråd, arbeidet med prosjektet «økonomisk vekst og ambisiøs og klimapolitikk» og miljøvennleg skipsfart.

Regjeringa vil følgje opp klimaforliket si målsetjing om å halde ved lag eller auke karbonlageret gjennom aktiv, berekraftig skogpolitikk, blant anna gjennom styrkt innsats innan skogplanteforedling, auka plantetettleik og ved å gjeninnføre forbodet mot hogst av ungskog og styrking av skogvernet.

Eit viktig punkt i oppfølginga av klimaforliket er planting av skog på nye areal som klimatiltak. I 2013 konkluderte Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet (dåverande Statens Landbruksforvaltning) og Skog og landskap i ein etatsrapport med at minst 50000 dekar kan tilplantast pr. år over ein 20-årsperiode, med akseptable effektar for naturmangfald og andre miljøverdiar. Arbeidet må vere tufta på grundige faglege avvegingar mellom klima-, miljø- og næringsomsyn. Klima- og miljødepartementet legg derfor opp til ein avgrensa oppstartsfase, med mål om å hauste erfaringar med mellom anna klimaeffekt, miljøkriterium og gjennomføring før oppskalering og utvida implementering av tiltaket. I 2015 legg Klima- og miljødepartementet opp til å bruke 3 millionar kroner på dette arbeidet.

Ved behandlinga av Meld. St. 21 (2011 – 2012) Norsk klimapolitikk føresette Stortinget at omsynet til naturmangfaldet blir teke vare på.

For å sikre god klimaeffekt, naturomsyn og lågt konfliktnivå vil pilotfasen berre omfatte (i) planting av norske treslag, (ii) planting på opne areal og areal i tidleg gjengroingsfase, (iii) planting på areal med høg produksjonsevne og der det er venta låg negativ endring i albedoeffekten og (iv) planting på areal som ikkje er viktige for naturmangfaldet, friluftslivsinteresser, viktige kulturhistoriske verdiar eller verdifulle kulturlandskap. Innretninga på kriteria vil bli vurdert etter at den treårige pilotfasen er gjennomført. Dersom evalueringa av pilotfasen viser at det er føremålstenleg, vil ein neste fase innebere ei mogleg tilskotsordning for planting av skog som klimatiltak.

Dei same etatane leverte våren 2014 òg ein rapport om målretta gjødsling av skog som klimatiltak. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet har rapporten til vurdering og vil komme tilbake til oppfølginga.

Som eit ledd i oppfølginga av punktet om styrking av skogvernet er det gitt i oppdrag til Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Skog og landskap å sjå på under kva slag vilkår det kan vere mogleg å oppnå betre klimaeffekt ved vern av skog enn ved aktivt skogbruk og substitusjon av fossile utslepp.

Post 61 Framtidas byar og berekraftig byutvikling, kan overførast

Posten er rammeoverført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og rapportering for 2013 vert gjort i Kommunal og moderniseringsdepartementets Prop. 1 S (2014 – 2015).

Post 62 Den naturlege skulesekken

Midlane under posten er knytte til alle resultatområde bortsett frå resultatområde 6 Polarområda. Den naturlege skulesekken er eit samarbeidstiltak mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Tiltaket er leia av Miljødirektoratet og Utdanningsdirektoratet, mens gjennomføringa skjer gjennom Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret). Posten er redusert med 1 mill. kroner. Til Den naturlege skulesekken er det i tillegg til tilskotet på denne posten foreslått eit budsjett på 3,75 mill. kroner under kap. 1400 post 21 og 2,25 mill. kroner under kap. 1400 post 76 slik at samla prosjektmidlar frå Klima- og miljødepartementet er 8,5 mill. kroner i 2015.

Mål

Den naturlege skulesekken legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag og mat og helse. Tiltaket legg til rette for samarbeid mellom skular og frivillige miljø- og friluftsorganisasjonar med faglege ressursar skulen har nytte av. Det støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket. Eit berande pedagogisk omgrep er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til lokalsamfunnet. I Den naturlege skulesekken er varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet sentralt. Skular skal i samarbeid med aktørar i nærmiljøet utvikle undervisnings- og arbeidsmetodar som inneber at elevar og lærarar oppsøkjer miljø utanfor klasserommet og brukar desse miljøa regelbunde som læringsarena. Opplevingar og erfaringar skal elevane ta med seg tilbake til skulen for å arbeide vidare med dei. Målet er å medverke til at elevane som framtidige arbeidstakarar får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida.

Kriterium for måloppnåing

Den naturlege skulesekken skal koordinere læringsressursar innanfor dei aktuelle områda, og skape eit profesjonelt nettverk av foreiningar og organisasjonar som driv skuleretta verksemd. Den naturlege skulesekken skal medverke til å utnytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena og bruk av ulike regionale og nasjonale ressursar, i tillegg til å medverke til å styrkje samfunnsfaglege og naturfaglege metodar.

Tildelingskriterium

Den enkelte skulen kan søkje på årleg utlyste utviklingsmidlar. Kriterium for å få tildelt støtte er at dei planlagde undervisningsopplegga skal nytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena, ha høg fagleg kvalitet og famne om 2 eller fleire fag. Minst eitt av desse faga skal vere naturfag eller samfunnsfag og skulane blir bedne om å samarbeide med ein ekstern aktør. Undervisningsopplegga skal ha som mål å utvikle elevane og lærarane si nyfikne, kunnskapen deira om natur og samfunn, og medvit om berekraftig utvikling. Undervisningsopplegga skal femne om 2 eller fleire fag, slik at det blir fleirfaglege undervisningsopplegg. Det skal leggjast vekt på grunnleggjande dugleikar i læringsprosessane, og utforskande arbeidsmåtar (Forskarspiren) skal vere ein viktig måte å arbeide på.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk av Naturfagsenteret. Undervisningsopplegga blir vurderte for publisering på nettstaden www.natursekken.no slik at dei kan delast med andre. Det blir utarbeidd årlege rapportar om heile prosjektet frå Naturfagsenteret, og Den naturlege skulesekken vert evaluert eksternt med rapport klar hausten 2014.

Rapport 2013

I 2013 fekk 178 skular midlar til utvikling av undervisningsopplegg. Skulane som deltek får pedagogisk rettleiing gjennom regionale nettverk ved høgskular og Naturfagsenteret. Naturfagsenteret arrangerer årleg ei nasjonal samling på hausten. I 2013 var tema klima og utdanning for berekraftig utvikling, og det deltok lærarar frå nesten 200 skular knytte til Den naturlege skulesekken. I tillegg er det totalt 7 regionkontaktar som arrangerer to nettverksmøte i sin region årleg. Våren 2013 vart det i tillegg arrangert tre regionale konferansar i Arendal, Trondheim og Tromsø i eit samarbeid mellom Den naturlege skulesekken og prosjektet Miljølære som samla totalt 200 lærarar.

Ei gjennomgang av Den naturlege skulesekken som vart gjennomført våren 2013 viste at dei gjennomførte prosjekta i stor grad er fleirfaglege, der naturfag og samfunnsfag er med i dei fleste prosjekta. Kroppsøving er representert i ca. halvparten av prosjekta. Dei aller fleste prosjekta har brukt ekstern kompetanse (organisasjonar, lag og foreiningar, bedrifter, kommunale etatar, universitet osv). Lærarane som har delteke meiner at ekstern kompetanse har ført til auka motivasjon hos lærarar og elever, det har auka læraranes kompetanse og knytt skulane nærare til, og gjort elevane merksame på, lokale forhold.

Lærarane som har delteke i prosjekt meiner ved å arbeide med undervisningsopplegget i Den naturlege skulesekken har dei lagt større vekt på bruk av nærmiljøet som klasserom, på utdanning for berekraftig utvikling og på utforskande arbeidsmåtar. Lærarane som deltek meiner at tiltaket har styrkt deira engasjement og forståing for undervisning for berekraftig utvikling.

Tiltaket Den naturlege skulesekken vert evaluert eksternt, og hovudrapporten for 2013 er klar hausten 2014.

Post 65 Områdesatsing i byar, kan overføras

Midlane skal nyttast til å styrkje innsatsen for eit betre miljø i Groruddalen og nyttast av etatar i Oslo kommune og bydelane i Groruddalen.

Regjeringa og byrådet i Oslo har inngått ei intensjonsavtale om eit samarbeid om Groruddalen for 10-årsperioden 2007 – 2016.

Mål

Det langsiktige hovudmålet er ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår i Groruddalen. Det skal utviklast eit lokalt og inkluderande samarbeid med dei som bur i dalen, organisasjonar, burettslag, næringsliv, bydelar og offentlege organisasjonar. Arbeidet blir følgt opp med dokumentasjon av tilhøve ved oppstart, evaluering undervegs og midvegs, samt avsluttande rapport.

Klima- og miljødepartementet har ansvar for programområde 2: Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Målet for dette programmet er å styrkje den blågrøne strukturen og naturmangfaldet i Groruddalen, og gi betre forhold for friluftsliv, fysisk aktivitet og idrett. Kulturminne skal vernast og brukast, og forståinga for historia skal styrkjast.

Kriterium for måloppnåing

Planarbeidet skal drivast i eit breitt samarbeid mellom partane innan programområde 2: Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø og føre fram til fysiske forbetringar.

I arbeidet er det lagt vekt på tre hovudstrategiar:

  • Utvikle samanhengande grønstrukturar og turvegar på langs og tvers av dalen og sjå ulike tiltak i samanheng i utvalte geografiske innsatsområde.

  • Vidareutvikle Akergardane og andre kulturminne som har potensial som møtestad med ulike tenester og kulturaktivitetar.

  • Utvikle ein bydelspark i kvar bydel som kan gi attraktive møtestader i det grøne og vere arena for både organiserte og uorganiserte aktivitetar.

Rapport 2013

Rapport for 2013 vert gjort i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Prop. 1 S (2014 – 2015)

Tildelingskriterium

Tildeling vil skje på grunnlag av søknad og handlingsprogram for programområde 2: Etatane og bydelane kjem med forslag til tiltak og samarbeider om dette i programgruppe 2.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk. Kvart tertial blir det utarbeidd rekneskapsrapportar. Det blir utarbeidd årlege rapportar og handlingsprogram for kvar programgruppe.

Post 70 Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for miljøsaker. Tilskotsordninga skal stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar med hovudformål for verksemda innanfor miljøforvaltninga sitt ansvarsområde.

Tilskotsordninga for grunnstøtte til frivillige miljøorganisasjonar vart lagt om i budsjettet for 2012 ved fastsetjing av føresegn om tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar av 29. september 2011, jf. Prop. 1 S (2011 – 2012). Løyvinga dekkjer etter dette grunnstøtte til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar.

Tildelingskriterium

Føresegna inneber at 70 pst. av grunnstøtta blir fordelt etter:

  • om tilskotsmottakaren er ein frivillig organisasjon, ein barne- og ungdomsorganisasjon, ei samanslutning av organisasjonar (paraplyorganisasjon) eller ein allmennyttig stiftelse,

  • talet på personlege medlemmer og medlemsinntekter frå personlege medlemmer,

  • talet på personlege givarar etter skattelova sine reglar for frådrag for gåver til visse frivillige organisasjonar m.m. og givarinntektene får desse personane,

  • talet på lokallag,

  • talet på fylkes-/regionlag.

Dei resterande 30 pst. blir fordelte etter ei vurdering av den betydninga organisasjonane og stiftelsane har i samfunnet.

Etter gjennomgang av dei mottekne søknadene og vurdering av dei i høve til føresegna vil løyvinga for 2015 bli fordelt som vist i tabellen nedanfor. Organisasjonen Grøn Kvardag har nedlagt verksemda si og blir teken ut av ordninga. Noregs miljøvernforbund blir teke ut av ordninga på grunn av manglande grunnlag for å berekne tilskot i forhold til regelverket.

Tabell 6.1 Fordeling av tilskot:

Organisasjon/stiftelse

Rekneskap 2013

Løyving 2014

Forslag 2015

Miljøorganisasjonar

Den Norske Turistforeining

5 555000

5 934000

5 978000

Forbundet Kysten

3 813000

4 981000

4 827000

Fortidsminneforeininga

3 652000

3 892000

4 375000

Framtida i våre hender

3 364000

3 770000

4 067000

Noregs Jeger- og Fiskarforbund

8 010000

9 069000

8 826000

Noregs miljøvernforbund

1290000

1883000

0

Noregs naturvernforbund

7 400000

7 496000

7 261000

Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja

2 389000

1 791000

Paraplyorganisasjonar

Sabima

1 427000

1 708000

1 688000

Kulturvernforbundet

1 367000

1 708000

1688000

Grøn kvardag

3502000

1400000

0

Regnskogfondet

1 130000

1 547000

1219000

Barn- og ungdomsorganisasjonar

Natur og Ungdom

2 437000

3 625000

3 676000

Miljøagentane

1 252000

1 293000

1 266000

Miljøstiftelsar

Idébanken

1 655000

621000

612000

Miljøstiftelsen Bellona

1 550000

1 863000

2 029000

Norsk kulturarv

708000

1 083000

1 081000

WWF Noreg

1 932000

2 505000

3 005000

Zero

1 169000

1 237000

1 316000

Sum

51 213000

58005000

54 705000

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Løyvinga er foreslått auka med prisjustering, men samtidig redusert med 11 mill. kroner for å prioritere andre formål.

Mål

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Noreg har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt eit frivillig bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.

Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:

  • FNs miljøprogram (UNEP)

  • Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)

  • Interimssekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)

  • Vassfuglavtala under Bonnkonvensjonen (AEWA)

  • Albatrossavtala under Bonnkonvensjonen (ACAP)

  • Flaggermusavtala under Bonnkonvensjonen (EUROBATS)

  • Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).

  • Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)

  • Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)

  • Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP)

  • Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)

  • Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • FNs klimapanel (IPCC)

  • FNs Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC) Kyotoprotokollen

  • Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)

  • Rotterdamkonvensjonen om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar

  • Århuskonvensjonen om miljøinformasjon Århuskonvensjonsprotokoll om forureina utslepp og utsleppsregister (PRTR)

  • International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)

  • Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)

  • Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr, og leveområda deira (Bernkonvensjonen)

  • FNs naturpanel (IPBES)

  • Minamata-konvensjonen om kvikksølv (interimfasen)

Oppfølging og kontroll

Kontroll og oppfølging av organisasjonane skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i generalforsamlingar, årsmøte og liknande.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Løyvinga medverkar til å oppnå mål 3 under Internasjonalt samarbeid.

Mål

Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg, og målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftelsen AMAP.

Stiftelsen AMAP vart oppretta av Klima- og miljødepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.

Rapport 2013

Det har vore god drift av AMAP-sekretariatet i 2013, med fortløpande oppfølging av oppgåver sette i gang av Arktisk råd. Oppgåvene er først og fremst knytte til overvaking, vurderingar og samanstilling av informasjon om miljøpåverknad og klimaendringar i Arktis.

AMAP har fått ei sentral rolle i utvikling av ein større studie om endringar i Arktis (Adaption Actions for a Changing Arctic – AACA) under Arktisk råd. Vidare er AMAP gitt ei sentral rolle i utvikling og drift av eit nettverk av forskings- og overvakingsstasjonar i Arktis (SAON). AMAP leverte den første gjennomgangen av det vitskapelige grunnlaget for arktisk havforsuring i mai 2013. AMAPs arbeid med kartlegging av nivå og effektar av miljøgifter i arktiske område har hatt avgjerande betydning for den globale kvikksølvkonvensjonen, som vart underteikna i oktober 2013.

Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

Midlane under denne posten gjeld alle resultatområda.

Mål

Posten sitt mål er todelt og skal:

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld biologisk mangfald, klima og forureiningar, og nasjonale mål, innanfor alle resultatområda.

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er svært viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Posten omfattar både øyremerkte og frie midlar.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på kva resultat Regjeringa ønskjer å oppnå i det nasjonale miljøarbeidet og dei pliktene Noreg har teke på seg i det internasjonale miljøsamarbeidet.

Øyremerkte midlar

På det nasjonale området blir det i 2015 føreslått å gi tilskot til:

  • Opplæring i naturmangfaldlova (1 mill. kroner).

  • «Den naturlege skulesekken» (2,250 mill. kroner).

  • Framande arter (1,5 mill. kroner)

  • Medverke til oppfølging av avfallsstrategien (1 mill. kroner)

På det internasjonale området blir det i 2015 gitt tilskot til:

  • Noregs bidrag til reduserte utslepp av kortliva klimadrivarar gjennom eit styrkt internasjonalt engasjement, støtte til CCAC sitt arbeid (8 mill. kroner).

  • Kontingent til Climate Technology Initiative (CTI) (0,125 mill. kroner).

  • FN-organet Grid Arendal (4,5 mill. kroner).

  • Sekretariat for Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) (0,2 mill. kroner).

  • ForUM for utvikling og miljø (0,45 mill. kroner).

  • EUs strålevernforsking (1 mill. kroner).

  • Det internasjonale arbeidet til:

    • Norsk Institutt for Luftforsking (NILU) (1,421 mill. kroner),

    • Norsk institutt for vassforsking (NIVA) (0,45 mill. kroner)

    • Meteorologiske institutt (0,3 mill. kroner)

  • Reisestøtte i samband med internasjonale klima- og miljømøte (0,7 mill. kroner).

  • 2,661 mill. kroner i samband med internasjonalt klimaarbeid der KLD har ei sentral rolle. (Støtte til konferansar, møter, seminar osb., tilskot til internasjonale organisasjonar osv.).

  • 2,5 mill. kroner til auka satsing på internasjonale tiltak for betre regulering av miljøgifter.

  • Biocider (1,0 mill. kroner)

Frie midlar

Av den føreslåtte løyvinga er 0,75 mill. kroner opne for søknadar. Dette er ein reduksjon av løyvinga frå 2014. Desse midlane vil departementet tildele søknadar som gjeld informasjons- og utredningsarbeid for å fremje grøn vekst og omstilling til lavutslippssamfunnet, påvirkningsarbeid i EU og samarbeidsprosjekter om europeiske klima-, energi- og miljøspørsmål mellom norske og europeiske organisasjonar, deltakelse i EUs Green Growth Group. Søknadar om støtte til å initiere prosjekt med lokale initiativ for bærekraft, skape engasjement for enkeltmenneske og frivillige fellesskap vil òg bli vurdert, samt informasjonstiltak for allmenta om fiskehelse i vassdrag.

Oppfølging og kontroll

Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.

Rapport 2013

Nasjonalt

Følgjande tilskot vart gitt i 2013 etter søknadsrunde:

1,6 mill. kroner til ForMat som er drive av NHO. ForMat-prosjektet er næringslivet si satsing for å redusere det vi kastar av mat. Målet er å redusere svinnet av mat i heile verdikjeda (næringsmiddelbedrifter, daglegvarehandelen og forbrukar) med 25 pst. innan 2015. Grøn kvardag har fått tilskot på 100000 kroner til sitt arbeid med matsvinn.

Det er òg gitt tilskot til Rein Marina, 450000 kroner, som fokuserer på avfallshandtering frå fritidsbåtar og tiltak for mottaksordningar for avfall i marinaer gjennom mellom anna informasjonstiltak. Det er vidare gitt tilskot til Avfall Noreg sin kampanje om miljøfarleg avfall, 850000 kroner. Frameworks har fått tilskot på 350000 kroner for utarbeiding av ein lyspæreguide.

I 2013 fekk Stiftelsen Miljømerking 300000 kroner for å forsterke arbeidet med bygg og bustad. Standard Noreg fekk 100000 kroner i støtte for å sikre norsk ekspertdeltaking på møte i den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO på området miljøstyring.

2 mill. kroner av denne posten vart fordelt gjennom Den naturlege skulesekken, til 19 lokale og landsdekkjande ikkje-statlege lag, organisasjonar og privatpersonar som har søkt om tilskot til tiltak eller prosjekt som støttar opp under grunnskulane (1.-10. trinn og Vg1) si planlegging og gjennomføring av fleirfaglege undervisningsopplegg i deira nærmiljø.

Internasjonalt

På det internasjonale området er det gitt driftsstøtte til Grid Arendal, Forum for miljø og utvikling og Conservation of the Artic Flora and Fauna (CAFF). Støtta til GRID Arendal er eit generelt basistilskot til drifta, og utgjer knapt 10 pst. av GRIDs samla inntekter. GRIDs hovudformål er å yte tenester som styrkjer FNs miljøprogram UNEP, gjennom utvikling, innhenting og bruk av vitskapleg basert miljøinformasjon.

ForUMs verksemd i 2013 er i tråd med Strategi og fleirårig rammeplan 2010 – 2013 og omfattar sentrale saksområde for Klima- og miljødepartementet, bl.a. deltaking og innspel i tilknyting til klimaforhandlingane. ForUMs aktivitet på områda medverkar til å setje fokus på saksfelt av sentral betydning for Klima- og miljødepartementet nasjonalt og støttar arbeidet med å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) er Arktisk råds arbeidsgruppe for bevaring av arktisk biodiversitet. Klima- og miljødepartementet har medverka til drifta av det internasjonale CAFF-sekretariatet i Akureyri på Island.

Det er vidare gitt tilskot til IPCCs arbeid med FNs femte hovudrapport, der formålet med rapporten er å gi sikrare data om klimaendringane.

Bellona har motteke 1,4 mill. kroner i tilskot til prosjektet BEST+ som er eit samarbeidsprosjekt på CCS.

Vidare er det gitt tilskot til institutt som arbeider internasjonalt innanfor departementets resultatområde. Institutta har viktige internasjonale oppgåver og representerer Noreg i ulike samanhengar. Meteorologisk institutt har rolla som internasjonalt meteorologisenter under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining og Det europeiske samarbeidsprogrammet for overvaking og måling av luftforureiningar (EMEP). Tilskotet for 2013 er nytta til å vidareutvikle EMEPmodellen som vert nytta til å analysere spreiing, konsentrasjonar og avsetningar av luftforureiningar. Slike modellanalysar vert nytta som grunnlag for forhandlingar om internasjonale avtalar om reduksjon i utslepp av luftforureiningar, til dømes Gøteborgprotokollen. Norsk institutt for luftforsking (NILU) arbeider som European Topic Centre on Air Quality and Climate Change Mitigation under The European Environment Agency (EEA). Norsk institutt for vassforsking (NIVA) har ei tilsvarande rolle under EEA som European Topic Center for Water. Begge desse institutta er valde ut til arbeidet for EEA i konkurranse med liknande institutt i andre europeiske land. EEA har som føresetnad at institutta kan finansiere delar av kostnadane som Topic Centre nasjonalt. Tilskota frå Klima- og miljødepartementet dekkjer delar av kostnadene ved institutta sitt arbeid for EEA.

Noregs forskingsråd har fått tilskot til samarbeid med EU om strålevernforsking. Bidraget til EUs strålevernprogram sikrar norske forskarar tilgang på midlar og eit felles europeisk forskingsmiljø med fokus på verknaden av radioaktiv forureining av miljøet og grunnlag for å etablere rammeverk for vern av miljøet. Programmet fører saman nøkkelaktørar innan radioøkologisk forsking i Europa og har stor meirverdi for norske aktørar og den kunnskapsbaserte statsforvaltninga.

NEFCO Nordisk sektorinitiativ har motteke tilskot på 2 mill. kroner til arbeid med eit prosjekt på avfallshandtering i Peru.

Det er utbetalt kontingent til Climate Technologicy Initiativ, som mellom anna stimulerer til bruk av betre klimateknologiar i utviklingsland.

Det vart gitt reisestøtte til ulike organisasjonar. Naturvernforbundet, Natur og ungdom, Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn og Bellona fekk midlar til å dekkje utgifter i samband med deltaking i dei internasjonale klimaforhandlingane i Doha. Tilskotet til Bellona dekte òg støtte til samarbeidet Sahara Forest Project under COP 18.

Bjerknessenteret fekk tilskot til å halde ein jubileumskonferanse med hovudfokus på klimaforsking. Vidare har Lofoten mot Sellafield motteke støtte til ein Sellafield-konferanse i Oslo, InfoARENA. To personar har fått reisestøtte til UNEPs styremøte og tre personar til Green Week i Brussel.

Post 79 Tilskot til kulturminneforvaltning, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på kulturminneområdet, jf. resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø.

Posten omfattar fleire kulturminnetiltak.

Førebuingar til etablering av nytt kategori II-senter for verdsarv er sett i gang. Parallelt med etableringsprosessen blir midlane for 2015 nytta til kapasitets- og kompetansebyggjande prosjekt og aktivitetar i regi av organisasjonar innanfor verdsarv- og Unesco-feltet (Unescos rådgivande organ som IUCN, ICOMOS, ICCRON o.a.)

Posten er foreslått auka med 2 mill. kroner. Auken består i ei styrking av arbeidet med verdsarven og av midlar til flytting av fangsthytta Fredheim på Svalbard.

Mål

Medverke til måloppnåing på kulturminneområdet.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om kulturminnetiltak som mottek tilskot frå post 79.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde 2.

16,998 mill. kroner blir fordelte til følgjande tiltak:

  • Verdsarv-Unesco (4,312 mill. kroner)

  • Verdsarvsenter (7,675 mill. kroner)

  • Foreining Freda (214000 kroner)

  • Bygg og bevar (2,018 mill. kroner)

  • Klimapark 2469 (466000 kroner)

  • Etter- og vidareutdanning (EVU), (1,5 mill. kroner)

  • Kulturminnedagen (313000 kroner )

  • Kulturminnetiltak Svalbard (500000 kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2013

Følgjande tiltak fekk tilskot i 2013: Den nordiske verdsarvstiftelsen (NWHF), nettverksmøte for Unesco, Verdsarvsenter, (Vega, Vestnorsk fjordlandskap og Alta), Foreininga Freda, Bygg og bevar og Klimapark 2469.

Post 81 Byutvikling, lokalt miljøvern og universell utforming, kan overførast

Posten er rammeoverført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med 6 mill. kroner mens resterande midlar er overførte til post 76 støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak. Rapportering for 2013 ligg føre i Kommunal og moderniseringsdepartementets Prop. 1 S, og under post 76.

Kap. 4400 Klima- og miljødepartementet

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

02

Ymse inntekter

257

383

396

03

Refusjon frå Utanriksdepartementet

1 491

1 576

1 628

16

Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar

2 254

18

Refusjon av sjukepengar

1 722

Sum kap. 4400

5 724

1 959

2 024

Post 02 Ymse inntekter

Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, blant anna avgift for parkering på området til Klima- og miljødepartementet. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Posten er auka i tråd med venta inntekter.

Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet

Det er budsjettert med 1,628 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Kap. 1406 Miljøvennleg skipsfart

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter

3 943

4 132

5 111

Sum kap. 1406

3 943

4 132

5 111

Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:

Sjøfartsdirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar bl.a. utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon (IMO), EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.

Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei miljøvennleg transportform. Dette inneber at direktoratet skal medverke til at norsk maritim verksemd er minst like miljøeffektiv som alternative transportformer, og har gode tekniske og operasjonelle forhold som førebyggjer miljøskadar. Direktoratet skal òg medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten medverkar til å dekkje lønn til fast og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOX og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. I 2013 tiltredde Noreg Konvensjonen om sikker og miljøforsvarleg opphogging av skip, skipsopphoggingskonvensjonen. Vidare dekkjer posten midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål. For å styrkje Sjøfartsdirektoratets arbeid med miljøvennleg skipsfart, er posten foreslått styrkt med 1 mill. kroner. Midlane er omdisponerte frå kap. 1400 post 21.

Rapport 2013

Midlane til Sjøfartsdirektoratet har gått til arbeid med: ballastvatn, nordsjønettverk, opphogging av skip, forvaltningsplanarbeidet, tungolje, EØS-arbeid, polarkoden, utsleppstal og prosjekt NOx.

Kap. 1407 Miljøhensyn i offentlige innkjøp

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter

13308

Sum kap. 1407

13308

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten vert satt i null i saldert budsjett 2014.

Rapport 2013

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sine hovudarbeidsområde i 2013 har vore å leggje til rette for miljøbevisste offentlege nyskaffingar. Målet har vore å sikre at miljøomsyn blir integrerte som ein naturleg del av den generelle innkjøpspolitikken i all offentleg verksemd. Dette har omfatta vidareutvikling av verkemiddel, bl.a. miljøkriterium, for å fremje miljøansvarlege offentlege nyskaffingar, under dette å fremje bruken av miljøleiingsystem i staten. Bygg og anlegg inkludert verktøy for livsløpskostnader, transport IKT og innovasjon har vore sentrale område.

Kap. 1408 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

12 671

12 599

14 200

Sum kap. 1408

12 671

12 599

14 200

Rolle og oppgåver for Statens strålevern:

Statens strålevern er Klima- og miljødepartementets direktorat på området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet, og er forureiningsmyndigheit etter forureiningslova på dette området. Verksemder som er omfatta av Strålevernets forvaltningsmyndigheit er blant anna petroleumsverksemd, sjukehus og forsking, avfallsdeponi, forskingsreaktorane på Kjeller og i Halden og noko prosess- og mineralindustri. Strålevernet har ansvar for å støtte og gi råd i oppfølging av departementets beredskapsansvar.

Strålevernet har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet. Dette blir gjennomført i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø. Strålevernet deltek òg i arbeidet med forvaltningsplanane og leiar arbeidet i radioaktivitetskomiteen til OSPAR (RSC), i tillegg til å leie ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den blanda norskrussiske miljøvernkommisjonen.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 4 Forureining.

Statens strålevern si fremste oppgåve er å styrkje forvaltning og rådgivingsverksemd under Klima- og miljødepartementets ansvarsområde. Dette omfattar forvaltning og kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar. Arbeidet med å bidra til at utslepp av radioaktive stoff blir unngått eller minimert frå dei ulike kjeldene er sentralt, i tillegg til arbeid med miljøutfordringar i nord- og polarområda, vurdering av norsk oppfylling av OSPARs mål, formidling og beredskap.

Midlane i 2015 vil mellom anna verte brukte til oppfølging og tilsyn med verksemder som har løyve etter avfallsforskrifta om radioaktive utslepp etter forureiningslova. Vidare skal Strålevernet undersøke om også andre verksemder treng tilsvarande løyve – dette gjeld blant anna prosessindustri og gruvedrift. Det vil òg bli arbeidd med å auke deponikapasitet for radioaktivt avfall, med spesiell fokus på deponiløysingar for alunskifer. Det vert i 2015 sett i gang ein ekstra innsats for å sikre god forankring og gjennomføring av planverk for miljøforvaltninga for å følgje opp konsekvensane av ei atomhending. Posten dekkjer utgifter som Statens strålevern har til lønn og godtgjersler for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til etaten si samla utgreiings- og rådgivingsverksemd på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet.

Rapport 2013

Hovudfokuset var på å utarbeide løyve etter forureiningsregelverket i tillegg til å få utført utgreiingar til bruk i forvaltninga. I perioden 2011 – 2013 kom det inn omlag 140 søknader om løyve og hovuddelen av desse vart behandla i 2013. Løyva femner all verksemd som har utslepp av radioaktive stoff eller handterer radioaktivt avfall som for eksempel sjukehus, forsking, IFE, prosessindustri, petroleumsverksemd, avfallshandteringsverksemd og deponi. Det er utarbeidd deklarasjonsskjema for radioaktivt avfall og inngått avtale med Norsas og gjennom dette har Strålevernet fått betre kunnskap om radioaktivt avfall. Det har òg vore fokusert på å få meir kunnskap om mogleg handtering av brukt kjernebrensel. Hovuddelen av midlane var lønn og drift som har dekt desse oppgåvene. Når det gjeld utgreiingar vart det sett ut oppdrag som handlar om konsekvensar knytte til kjelder og utslepp. Avrenning og spreiing i miljøet frå alunskifer, frå ei hypotetisk ulykke ved Sellafield og transport av radionuklidar med nedfall i Noreg, feltstudium av radionuklidar i miljøet, effekt av radionuklidar i terrestriske økosystem og utvikling av kjeldetermer for ubåten K-27. Vidare har det blitt utført noko tilsyn (petroleum/avfall).

Kap. 1409 MAREANO

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

27 500

27 362

Sum kap. 1409

27 500

27 362

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane frå Klima- og miljødepartementet til gjennomføringa av kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO.

Rapport 2013

MAREANO-programmet prioriterte i 2013 innsamling av djupnedata i Barentshavet søraust og midtnorsk sokkel i Norskehavet, innsamling av geologi-, biologi- og kjemidata frå midtnorsk sokkel i Norskehavet og Barentshavet søraust, og rapportering av resultat gjennom www.mareano.no, Noreg digitalt (www.geonorge.no) og resultatleveransar til oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet. Djupnedata vart samla inn frå i alt 26 805 km2, av dette 7 008 km2 i Norskehavet og 19 797 km2 i Barentshavet, mens det vart samla inn bio-geo-kjemi-data frå eit areal på 28 925 km2, av dette 12000 km2 i Barentshavet søraust og 16 925 km2 frå midtnorsk sokkel i Norskehavet. I tillegg vart det samla inn data ekstraordinært frå eit totalt areal på 6.000 km2, opphavleg planlagt for prøvetaking i 2015 – 2016, utanfor Finnmarkskysten og midtnorsk sokkel. Den ekstraordinære feltinnsatsen var mogleg pga. gode vêrforhold.

Kap. 1410 Miljøforsking og miljøovervaking

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Miljøovervaking og miljødata

177 492

181 021

165 625

50

Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

163 998

163 338

167 647

51

Forskingsprogram m.m.

190 718

201 468

200 576

53

Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

6 564

6 794

6 760

54

Artsprosjektet m.m.

30000

30000

29 850

70

Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

28 773

33 773

40 810

72

Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

14 900

11 900

11 900

73

Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta

11 114

9 433

12 433

Sum kap. 1410

623 559

637 727

635 601

Kap. 1410 Miljøforsking og miljøovervaking gjeld forskingsprogram, basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda og verkemiddelkapitlet kunnskap. Kap. 1410 syner ein reduksjon på 2,1 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2014, men denne er ikkje reell. Grunna ny ordning med nettoføring av meirverdiavgift i staten er 23,3 mill. kroner av løyvinga under post 21 flytt inn under Finansdepartementets budsjett. Dette skal ikkje påverkar aktivitetsnivået. Regjeringa vidareførar løyvinga til forsking og overvaking på eit høgt nivå i 2015.

Post 21 Miljøovervaking og miljødata

Posten er føreslått med ei løyving som er 15,4 mill. kroner lågare enn saldert budsjett. Grunna ny ordning med nettoføring av meirverdiavgift i staten er 23,3 mill. kroner av løyvinga flytt inn under Finansdepartementets budsjett. Frå posten er det òg flytta 3,3 mill. kroner til kap. 1410 post 70 knytt til nasjonale lakseoppgåver ved Norsk institutt for naturforsking (NINA). Vidare er 0,3 mill. kroner flytta til kap. 1420 post 84 i samanhang med bidrag til kjerneoppgåver under Konvensjon om langtransportert luftforureining som ikkje er omfatta av bidraget til EMEP-protokollen. I tillegg er posten redusert med 0,9 mill. kroner som ledd i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform.

Det er lagt inn 4,5 mill. kroner til overvaking av miljøgifter og 1,5 mill. kroner til eit kartleggingsprosjekt om ulike tapsårsaker for husdyr i høve til rovviltproblematikk. Frå kap. 1400 post 21 er det flytta 6,5 mill. kroner til posten i samband med miljøovervaking i havområda.

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda. Finansiering av dei lange overvakingstidsseriane er framleis prioritert, men finansiering av nokre av dei lange tidsseriane er lagt på kap. 1410 post 70, Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta, fordi det er ei sentral nasjonal oppgåve å sikre viktige overvakingsdata for forsking.

Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytt til dei miljøpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og arbeidet med standardisering på miljøområdet. Posten dekkjer òg formidling av oppnådde resultat, blant anna utvikling og drift av Miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast, er dekte over andre postar på Klima- og miljødepartementets budsjett.

Midlane blir nytta til å få fram kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å setje mål for miljøpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld først og fremst område der det er nødvendig å underbyggje argumenta for tiltak med eit godt kunnskapsunderlag, blant anna utslepp av næringsstoff til vassdrag og fjordområde, sur nedbør og ozon.

Det er i hovudsak forskingsinstitutt og andre som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.

Situasjonen for tareskogen med tilhøyrande økosystem langs kysten er framleis alvorleg. Kunnskapen vi no har om årsaker til situasjonen gir grunnlag for å setje i verk tiltak. Den vil gi grunnlag for meir målretta tiltak for tareskogen.

Posten dekkjer òg overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, kvalitetssikring av data frå det kommunale kartleggingsprogrammet, bestandsovervaking av rovvilt, sjøfuglprogrammet SEAPOP (inkludert SEATRACK) og auka overvaking av truga og nær truga arter, og naturtypar, blant anna tareskog.

Rapport 2013

Midlane på posten går i hovudsak til å dekke lange tidseriedata om miljøtilstanden. Desse data er ein sentral del av kunnskapsgrunnlaget i klima- og miljøpolitikken og i miljøforvaltninga.

Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Løyvinga i 2015 er foreslått auka med 4,3 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2014. Det er lagt inn ei prisjustering på 5,1 mill. kroner, og teke ut 0,8 mill. kroner som del av i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. Posten dekkjer grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Bioforsk, Jord og miljø på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

I 2015 vil 5 pst. av grunnløyvinga bli omfordelte etter oppnådde resultat på resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular (avlagte doktorgrader og bistillingar), internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter.

Mål

Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center) og Transportøkonomisk institutt (TØI) som er sentrale institutt innanfor sine område av miljøforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøforvaltninga, og skal innanfor sine område tilfredsstille samfunnet sitt behov for å løyse problem på kort og lang sikt.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Norsk forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med Forskingsrådet og det enkelte instituttet for drøftingar av miljøforvaltningas kunnskapsbehov.

Post 51 Forskingsprogram m.m.

Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområde.

Posten er redusert med 0,9 mill. kroner som del av ei avbyråkratisering- og effektiviseringsreform. Det er sett av 2 mill. kroner til forsking på kongeørn og sørsamisk reindrift som Miljødirektoratet administrerer. Dei andre midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd.

Mål for miljøforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøsamarbeid.

Hovudvekta er lagt på forsking om klimaendringar, under dette forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking om biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. Klima- og miljødepartementet ønskjer å sikre at også dei mindre fagområda får naudsynt prioritet i både det nasjonale og det internasjonale arbeidet. Forsking er nærare omtalt under dei enkelte resultatområda i Del III i denne proposisjonen. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøforsking i alle relevante delar av verksemda til Noregs forskingsråd.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøforvaltninga valde inn i programstyra.

Mål for Noregs forskingsråd

Regjeringa har fastsett nye mål for Forskingsrådet si verksemd. Bakgrunnen er at både evalueringa av Forskingsrådet og Riksrevisjonen peikte på utfordringar knytte til det eksisterande mål- og resultatstyringssystemet (MRS) for Forskingsrådet. Løyvingane til Forskingsrådet går over budsjetta til 15 departement, og Forskingsrådet er stilt overfor mange mål/delmål og ei rekkje føringar frå departementa. Det fører til at den samla styringa av Forskingsrådet står fram som uoversiktleg og styringsstrukturen som lite eigna. Kunnskapsdepartementet starta derfor hausten 2013 eit prosjekt for å utvikle vidare systemet for mål- og resultatstyring av Forskingsrådet.

Føremålet er å sikre eit system med meir overordna og strategisk styring av Forskingsrådet frå departementa si side, der den samla styringa blir dreia meir over i retning av resultat av Forskingsrådets verksemd og der Forskingsrådet får større fridom til å forvalte sine program og aktivitetar på tvers av departementsgrensene. Departementa og Forskingsrådet har delteke i arbeidet med å utvikle det nye systemet.

Regjeringa har fastsett følgjande mål for Forskingsrådets si verksemd frå 2015:

  • Auka vitskapeleg kvalitet

  • Auka verdiskaping i næringslivet

  • Møte store samfunnsutfordringar

  • Eit velfungerande forskingssystem

  • God rådgiving

Systemet for styring av Forskingsrådet vil bli vidare utvikla i løpet av hausten 2014.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

Posten er på omlag same nivå som saldert budsjett 2014.

Mål

Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).

Oppfølging og kontroll

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som tek hand om den norske medlemskapen.

Post 54 Artsprosjektet m.v.

Posten er på omlag same nivå som saldert budsjett 2014.

Mål

Det norske Artsprosjektet vart etablert i 2009. Det finst truleg rundt 55000 arter i Noreg. Så langt er vel 41000 av desse funne. For svært mange av artene har vi likevel mangelfull og dårleg grunnleggjande kunnskap. Samtidig er det eit sterkt behov for å styrkje kunnskapen om arter (biosystematikk). Artsprosjektet er oppretta for å fylle desse kunnskapshola og å byggje opp vitskapeleg kompetanse slik at vi i framtida er betre rusta til å kartleggje artsmangfaldet vårt. Artsdatabanken er ansvarleg for gjennomføringa av prosjektet og samarbeider nært med det svenske Artprosjektet ved ei bilateral samarbeidsavtale underteikna hausten 2009.

Denne løyvinga låg tidlegare på kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter.

Oppfølging og kontroll

Mandatet for Artsprosjektet er vedteke av Klima- og miljødepartementet. Artsdatabanken har ansvaret for gjennomføringa av Artsprosjektet, og Artsprosjektet får årleg budsjett- og styringssignal av departementet via Miljødirektoratet. Artsdatabanken er ansvarleg for å rapportere planar, budsjettforslag og årsrapportar til Klima- og miljødepartementet, og for å halde departementet fortløpande orientert om arbeidet.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

Frå kap. 1410 post 21 er det flytta 3,3 mill. kroner og frå kap. 1420 post 22 er det flytta 3,5 mill. kroner knytt til nasjonale lakseoppgåver ved Norsk Institutt for naturforsking.

Mål

Målet er å syte for at Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for Vassforsking (NIVA) og Bioforsk har ressursar til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, kvalitetssikring av data, vidareføring av viktige lange overvakingstidsseriar, og etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar m.m.

Løyvinga inkluderer 3,2 mill. kroner til driftsstøtte for luftmålestasjon til NILU på Zeppelinfjellet ved Ny-Ålesund.

Det ligg òg inne 4 mill. kroner i driftsstøtte til Forskningssenter for miljø og samfunn (CIENS) som har fått ansvar for å drifte ny miljøprøvebank. Vidare ligg det 1,15 mill. kroner til Senter for klimaforsking (Cicero), og midlar til nasjonale lakseoppgåver ved NINA.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at institutta drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med relevante etatar og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.

Rapport 2013

I 2013 vart løyvinga mellom anna nytta til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i nasjonale og internasjonale organ, databasetenester, oppretthalding av algesamling som nasjonal referansesamling, vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av ville laksebestandar, nasjonal beredskap for konservering av kulturhistorisk viktige gjenstandar, driftsstøtte for målestasjonen på Zeppelinfjellet, Ny-Ålesund, referanselaboratorium for målingar av luftforureining og atmosfærisk korrosjon, og til vidareføring av viktige lange overvakingstidsseriar.

Post 72 Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

Mål

Løyvinga skal sikre utviklinga av GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om helse og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at instituttet drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapport og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med instituttet for å drøfte prioriteringar.

Rapport 2013

I 2013 var løyvinga nytta til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, mellom anna i form av rapportar til Miljødirektoratet i samband med GMO-høyringar, rådgiving om genmodifiserte vaksiner, og til forskingsprosjekt for å utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget for vurdering av helse- og miljøkonsekvensar av genmodifiserte organismar. Dette er prosjekt innan mikro- og molekylærbiologi, immunepidemiologi og økologi, virologi, økotoksikologi og økosystem, og samfunnsvitskaplege aspekt ved moderne bio- og nanoteknologi.

Post 73 Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta

Ein omstillingsprosess i Norsk Institutt for Kulturminneforsking vart starta hausten 2013, og for å styrkje økonomien og støtte omstillingsprosessen er posten auka med 3 mill. kroner.

Mål

Løyvinga skal støtte naudsynte infrastrukturtiltak ved miljøinstitutta Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for Vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center) og Transportøkonomisk institutt (TØI).

Av løyvinga skal 3 mill. kroner gå til å støtte drift av Norsk institutt for naturforskings forskingsstasjon på Ims som blir nytta til overvaking av villaks.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for bruken av infrastrukturtiltaka i samband med drøftingane av dei nasjonale oppgåvene.

Rapport 2013

I 2013 vart løyvinga mellom anna nytta til maskinvare for berekning av klimaprosessar og lagring av vitskapelege data, geofysiske undersøkingsmetodar i arkeologisk forsking, kopling av klimadata til den nasjonale reisevaneundersøkinga, storskala infrastruktur for forsking på land-sjø interaksjonar, vitskapelege databasar, og delfinansiering av basisdrift ved Birkenesobservatoriet.

Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld resultatområde 1 Naturmangfald, 3 Friluftsliv, 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda.

Foreslått løyving knytt til programkategorien er på 2,635 mrd. kroner i 2015. Tabellen under syner at dette er ein reduksjon på 8,9 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2014.

Den største einskilde reduksjonen er på 210 mill. kroner og gjeld frivillig skogvern. Der vart løyvinga auka i 2013 for å sluttføre køen av frivillig skogvernsaker der det var inngått avtale om vern med skogeigarane. Den nest største reduksjonen gjeld nasjonalparkerstatningar og er på 165 mill. kroner. I tråd med at gjenståande erstatningssaker etter anslaga vil bli dekte av løyvinga for 2014 og overført beløp frå 2013, er det ikkje naudsamt med løyving på posten i 2015. Av andre reduksjonar nemner vi òg at driftsløyvingane til Miljødirektoratet er reduserte med 16 mill. kroner, jf kap. 1420 postane 01 og 21.

Innføring av nøytral meirverdiavgift reduserer budsjettet under programkategorien med 110,0 mill. kroner, men dette er forhold som ikkje påverkar aktivitetsnivået.

Av aukingar under programkategorien er den største på nær 74 mill. kroner og eit resultat av tidligare auke i bilvrakpanten. Vidare er løyvinga til CO2-kompensasjonsordning for industrien auka med 57 mill. kroner på grunnlag av gjeldande anslag for å kunne utbetale kompensasjon i tråd med reglane for ordninga.

Posten for refusjonsordningar er auka med 36 mill. kroner. Av dette har 30 mill. kroner samanheng med ordninga for refusjon av smøreolje, og 6 mill. kroner med ordninga for refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK). Til etablering av genbank for laks og sjøaure med tilknytning til Hardangerfjorden, er budsjettet auka med 27 mill. kroner. Budsjettmidlar til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging, artsprosjektet og liknande) er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1420

Miljødirektoratet

2 521 516

2 807 167

2 557 908

-8,9

1425

Vilt- og fisketiltak

81 400

84 700

77 475

-8,5

Sum kategori 12.20

2 602 916

2 891 867

2 635 383

-8,9

Kap. 1420 Miljødirektoratet

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

795 775

709 049

586 860

21

Spesielle driftsutgifter

185 397

137 224

125 078

22

Statlege vassmiljøtiltak

175 640

199 700

183 940

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd

86 108

25

Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

580

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

29 333

44 080

23 817

31

Tiltak i verneområde, kan overførast

64 600

55 693

46 600

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

9 338

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

43 823

164 528

35

Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast

237 572

331 091

121 112

39

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

18 444

23 558

31 649

60

Tilskot til lokalt utviklingsfond

6000

61

Tilskot til klimatilpassingstiltak

2000

69

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

42 469

39 845

41 120

70

Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

29 651

20 800

22 600

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

149 840

150 755

150 755

73

Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

61 583

64 600

68 077

74

CO2-kompensasjonsordning for industrien , overslagsløyving

243000

300000

75

Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving

409 906

346 320

420000

76

Refusjonsordningar, overslagsløyving

58 828

57000

93000

77

Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

6 982

7 149

8 149

78

Friluftsformål, kan overførast

87 308

106 588

137 275

79

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

1 264

1 306

81

Verdsarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv, kan overførast, kan nyttast under post 21

33 272

24 700

25 521

82

Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

30 335

33 089

33 439

84

Internasjonalt samarbeid

1 137

1 434

1 782

85

Naturinformasjonssenter, kan overførast

43 702

45 700

47 720

Sum kap. 1420

2 521 516

2 807 167

2 557 908

Midlane under budsjettkapitlet er retta mot alle resultatområde med unnatak for resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø.

Miljødirektoratets rolle og oppgåver

Miljødirektoratet er Klima- og miljødepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan klima-, naturforvaltning og forureining. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, og hindre forureining. Dette betyr mellom anna å leggje til rette for å ta vare på naturen, berekraftig bruk og verdiskaping.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale miljømåla, jf. del III av denne proposisjonen, gir hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Viktige funksjonar for etaten er å utøve mynde, gi faglege råd til departementet, rettleie regionalt og kommunalt nivå, overvake miljøtilstanden og skaffe fram og formidle kunnskap, gjennomføre naturoppsyn/føre tilsyn, samarbeide med aktuelle sektorstyresmakter og medverke i internasjonalt miljøarbeid.

Arbeidet som Miljødirektoratet utfører er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal politikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med klimagassrekneskapen, under dette utsleppsrekneskapen, og overvaking av klimaendringar. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerar alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å leggje til rette for Regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing, og Miljødirektoratet er departementets fagetat på dette området.

På naturforvaltningsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med etablering og forvaltning av verneområde og forvaltning av truga arter og naturtypar, under dette etablering og forvaltning av prioriterte arter og utvalte naturtypar. Andre viktige oppgåver er forvaltning av rovvilt, vassforvaltning, heilskapleg havforvaltning, marin naturforvaltning og forvaltning av villaks, innlandsfisk, villrein og anna haustbart vilt. På same måte som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under Konvensjonen om biologisk mangfald. Eit delsekretariat for kapasitetsbygging under det internasjonale naturpanelet (etter modell av klimapanelet) er under etablering i Miljødirektoratet.

Etaten medverkar vidare til at omsynet til langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved arealplanlegging etter plan- og bygningslova.

Statens naturoppsyn er ei avdeling i Miljødirektoratet og har ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden og med at reglane i miljølovgivinga blir følgde.

Tilrettelegging for friluftsliv, motivering av befolkninga til å utøve friluftsliv og sikring av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver.

På forureiningsområdet er arbeidet med å redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, arbeidet for å reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre overgjødsling og nedslamming i vassdrag og langs kysten og å førebyggje og hindre oljeforureining viktige oppgåver. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid om strengare regulering av miljøgifter og betre forvaltning av kjemikaliar og farleg avfall. Direktoratet er òg ansvarleg nasjonal styresmakt med koordineringsansvar for oppfølging og gjennomføring av EU-forordninga REACH (Registrering, evaluering, godkjenning av kjemikaliar) i Noreg. I tillegg medverkar etaten til å auke ressursutnyttinga og å redusere miljøproblem knytte til avfall og har viktige oppgåver i arbeidet med å redusere luft- og vassforureining. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobasert tilsyn.

Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg, og rapporterer dette fortløpande til resten av miljøforvaltninga, andre sektorar og allmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no. Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos fylkesmannen. Dei konkrete miljømåla som Miljødirektoratet arbeider etter er omtalte under dei ulike resultatområda og verkemiddelområda i del III av denne proposisjonen.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Naturmangfald, 3 Friluftsliv, 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda.

Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til verksemda ved direktoratets to hovudkontor i Trondheim og Oslo og dei lokale kontora til Statens naturoppsyn rundt omkring i landet. Meir spesifikt dekkjer posten lønn til faste og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon/formidling og drift av miljøinformasjonssystem og nettstader som Miljøstatus i Noreg, Miljokommune.no, kvoteregisteret og produktregisteret. Posten dekkjer òg drift av CO2-kompensasjonsordninga, jf omtale under post 74, og midlar til berekningsverktøy for luft. For ei vidare utgreiing om kva slags føremål løyvinga går til, viser vi til omtala under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» i innleiinga til dette budsjettkapitlet.

Frå posten er det flytta inntektsfinansierte utgifter på om lag 102 mill. kroner til ny post 23 Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd. Midlane som er flytta er knytte til oppdrag direktoratet gjer for andre statlege instansar, og derfor mottek refusjonar for. Midlane er òg knytte til oppgåver som direktoratet med heimel i lovverket krev inn gebyr for å utføre.

Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015 er 37,9 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett. Posten er vidare redusert med 3,5 mill. kroner som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og med 4 mill. kroner som eit innsparingstiltak.

Til å dekkje konsekvensane av lønnsoppgjeret i staten i 2014 for 2015-budsjettet, er det lagt inn 19,3 mill. kroner. I samband med overføring av informasjonsoppgåver frå departementet til direktoratet, er det flytta 2,7 mill. kroner frå kap. 1400 post 01 til posten.

Miljødirektoratet har utarbeidd ein gevinstrealiseringsplan for samanslåinga av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet. I samband med dette vart direktoratets driftspost (kap. 1420 post 01) redusert med 15 mill. kroner i budsjettet for 2014 (jf. Prop. 1 Tillegg 1 (2013 – 2014)).

Rapport 2013

Av rekneskapsførte utgifter på 796 mill. kroner i 2013, vart om lag 60 pst. nytta til løn. Resten vart nytta til husleige, energi, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kompetanse- og organisasjonsutvikling. Utgiftene til organisasjonsutvikling var særleg store i 2013 grunna etableringa av Miljødirektoratet etter samanslåinga av Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning. 67 mill. kroner vart tildelt fylkesmennene til å dekkje løn- og driftskostnader til nasjonalpark- og verneområdeforvaltere og til gebyrfinansierte tiltak på forureiningsområdet. Inntektsfinansiert internasjonal verksemd utgjorde 48 mill. kroner av utgiftene.

Hausten 2013 vart det gjennomført ei vurdering av den interne organiseringa i direktoratet som resulterte i ei avgjerd om innføring av ny organisasjonsstruktur frå 1. mars 2014. Samanslåingsarbeidet har i stor grad bestått i å samkjøre arbeidsprosessar og etablere nye einskaplege arbeidsrutinar for å leggje til rette for at direktoratet skal framstå samordna, heilskapleg og effektivt. Som ein del av etableringa av Miljødirektoratet er det òg utarbeidd ein gevinstrealiseringsplan der potensialet for faglege gevinstar og effektiviseringsgevinstar er gjennomgått.

Nettstaden Miljøkommune.no har i 2013 nytta 1,2 mill. kroner til teknisk utvikling av plattforma og forbetring av innhald, marknadsføring og drift.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Naturmangfald, 3 Friluftsliv, 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda.

Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt som direktoratet utfører, mellom anna i samband med skogvern, marin verneplan, tematiske verneplanar, nasjonalparkar og drift av forvaltningsordningar, inkludert utgifter til drift av tilsynsutval og verneområdestyre. Vidare er direktoratets utgifter i samband med oppfølging av norske forpliktingar i Ramsarkonvensjonen finansierte frå posten, likeins norsk implementering av det europeiske verneområdenettverket Emerald Network, oppfølging av vassforskrifta, verneplan for vassdrag og juridisk bistand til kommunar til arbeid med strandsona. I løyvinga ligg òg midlar til heilskapleg forvaltning av norske havområde.

Posten finansierer òg arbeidet med prioriterte arter og utvalde naturtypar og andre truga og verdifulle arter og naturtypar, arbeidet med naturindeks, oppfølging av strategi mot framande og skadelege arter, norsk oppfølging av det globale naturpanelet, og arbeidet med genmodifiserte organismar. I samband med forvaltning av rovvilt dekkjer posten drift av nasjonalt fagråd for overvaking av rovvilt og møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene.

Andre oppgåver som er dekte av posten er spesielle prosjekt knytte til lokalt klimaarbeid, klimaarbeid generelt, arbeidet med internasjonalt kjemikaliearbeid, arbeidet med å stanse bruk og utslepp av miljøgifter og til oppfølging av forslag i stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Løyvinga skal elles nyttast til å styrkje internasjonal regulering av miljøgifter og kartlegging av miljøgifter.

Posten dekkjer òg utgifter til utgreiingar på avfallsområdet og utgifter direktoratet får ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Delar av tenestekjøpet som Statens naturoppsyn gjer hos Fjellstyra blir dekte over posten. Tenestekjøpet frå Statens naturoppsyn til Fjellstyra omfattar mellom anna oppsynstenester, skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområde, skadedokumentasjon i samband med rovdyrtap, naturovervaking m.v. og blir dekt frå fleire postar under Klima- og miljødepartementets budsjett. Samla tenestekjøp hos Fjellstyra frå postar som Miljødirektoratet disponerer skal i 2015 vere på minst 7,6 mill. kroner.

Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015 er 22 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett. Posten er redusert med 12,7 mill. kroner som eit innsparingstiltak. Til post 82 Tilskot til truga arter og naturtypar er det flytta 7 mill. kroner. Frå posten er det flytta 1 mill. kroner til kap. 525 Fylkesmannsembeta post 01 Driftsutgifter i samband med at ansvaret for forvaltarstillinga for Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat blir teken over av fylkesmannsembetet i Buskerud.

I samband med overføring av informasjonsoppgåver frå departementet til direktoratet, er det flytta 8,25 mill. kroner til posten frå kap. 1400 post 21.

Til nye tiltak innanfor naturmangfold, friluftsliv, forureining og klima er det lagt inn 18 mill. kroner.

Rapport 2013

Størstedelen av midlane på posten i 2013 vart nytta til tiltak knytte til forvaltning av nasjonalparkar, verneområde, framande og truga artar og rovvilt. Om lag halvparten av løyvinga var vidaretildelt fylkesmannen til bruk i dei einskilde fylka på dei same satsingsområda.

Ein del av midlane er òg nytta til kjøp av naturoppsynstenester og arbeid med klima.

Post 22 Statlege vassmiljøtiltak

 

(i 1000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

22.1

Kalking

76 471

71000

57 772

22.2

Anadrome laksefisk

81 129

83 500

90 737

22.3

Generell vassforvaltning

18 040

45 200

35 431

Sum post 22

175 640

199 700

183 940

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald.

Posten dekkjer ulike vassmiljøtiltak som ikkje er tilskot, under dette midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) og heilskapleg vassforvaltning. Tilskot til same føremål blir dekte over post 70.

Underpost 1 dekkjer kjøp av kalkingstenester.

Underpost 2 dekkjer tiltak, og forsking og utvikling knytt til forvaltning av anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, bevaring i genbank og styrking av kunnskapsgrunnlaget.

Underpost 3 inneheld midlar til heilskapleg vassforvaltning etter vassforskrifta og anna vassforvaltning. Frå denne posten blir det òg fordelt midlar til vassregionstyresmaktene og arbeidet i vassområda.

Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015 er 29,5 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett. Beløpet er trekt med 12,9 mill. kroner på underpost 1, 14 mill. kroner på underpost 2 og 2,5 mill. kroner på underpost 3.

Fleire av bestandane av laks og sjøaure med tilknyting til Hardangerfjorden er truga eller svært sårbare. For å sikre desse bestandane skal det etablerast ein genbank. Etableringa av genbanken vil gå over to år og er anslått å koste 40 mill. kroner, av dette 25 mill. kroner første året og 15 mill. kroner andre året. I tillegg kjem utgifter til førebuing av drifta, anslått til 2 mill. kroner første året. Med sikte på byggjestart i 2015 gjer Regjeringa framlegg om å auke løyvinga for 2015 med 27 mill. kroner (jf underpost 2) og ei bestillingsfullmakt på 15 mill. kroner for å kunne teikne kontrakt for heile prosjektet og dei byggjeutgiftene som kjem i 2016, jf. forslag til vedtak V nr. 1.

Frå posten er det flytta 3,5 mill. kroner (jf underpost 2) til kap. 1410 post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta i samband med kartlegging og klassifiseringsarbeid knytt til kvalitetsnorma for villaks og i samband med langtidsseriar for overvaking av villaks. Samtidig er 1,8 mill. kroner flytta til post 70 under kap. 1420 for bruk som tilskotsmidlar for villaks.

For å styrke arbeidet med vassforvaltning er det lagt inn ei styrking på 7 mill. kroner (jf underpost 3). Fylkesmannsembeta har i tidligare år fått tildelt midlar frå direktoratet til å utføre miljøfaglege oppgåver i vassforvaltninga på regionalt nivå. I samband med at desse oppgåvene har fått stadig større preg av å være faste oppgåver, blir 14 mill. kroner no flytta (frå underpost 3) til kap. 525 Fylkesmannsembeta post 01 Driftsutgifter. På underpost 3 er det óg videreført 3,5 mill. kroner til tiltak mot krypsiv.

Rapport 2013

Miljødirektoratet brukte om lag 176 mill. kroner til ulike statlege vassmiljøtiltak i 2013. Knapt halvparten av midlane har vore nytta til kalking av vassdrag. Resten av midlane har i hovudsak vore nytta til tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, medan ein mindre del er nytta til generell vassforvaltning.

Kalking

Tilførsla av sur nedbør er sterkt redusert dei seinaste åra, men den positive utviklinga har flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 10 pst. av arealet i Noreg forsuringsskadd, og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen.

Totalt blir 21 lakseførande elvar i Noreg kalka. I dei elvane der laksen har gått tapt grunna sur nedbør er det etablert nye laksestammer. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 45 – 50 tonn (10 – 12 pst. av all laks fanga i norske elvar). Ein ny kalkdo-serar i Bjerkreimsvassdraget kom i drift hausten 2013. Rapportar om kalkavslutning i lokale prosjekt blir følgde opp.

Anadrom laksefisk

Løyving på underpost 2 vart i hovudsak brukt til tiltak mot Gyrodactylus salaris og bevaring av stammer i genbank. I 2013 vart det gjennomført førstegangs behandling av infiserte vassdrag i Raumaregionen mot Gyrodactylus salaris, og behandlinga av Lærdals- og Vefsnregionane er følgt opp med blant anna overvaking og oppbygging av dei opphavlege fiskestammene frå genbank. Planleggingsarbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris i Skibotnregionen starta òg opp. Behandlingane som er gjennomførte i fleire regionar dei siste åra har medført auka kostnader til bevaring og reetablering av fiskebestandane i genbank. I tillegg er noko av løyvinga brukt til arbeidet med å utvikle det faglege grunnlaget for berekraftige løysingar for fisket i Tana og til forhandlingar med Finland. Det er vidare brukt midlar til styrking av kunnskapsgrunnlaget for for-valting av laks gjennom Vitskapelig råd for lakseforvaltning.

Generell vassforvaltning

Midlar til arbeidet med generell vassforvaltning i 2013 har vore prioritert til arbeidet med kunn-skapsgrunnlaget for regionale vassforvaltningsplanar og tilhøyrande tiltaksprogram, under dette òg lokale tiltaksanalysar.

Post 23 Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd

Posten er ny og består av inntektsfinansierte utgifter som er flytta frå post 01. Løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet har ved gebyrfinansiert verksemd og til utgifter ved oppdrag finansierte frå andre instansar. Midlane er retta mot resultatområda 1 Naturmangfald, 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda.

Direktoratet utfører med heimel i fleire forskrifter oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinar betaler. Utgiftene til desse oppgåvene er budsjetterte til om lag 35 mill. kroner, ei auke på 4 mill. kroner. Sjå nærare forklaring under kap. 4420 post 04 der inntektene blir førte.

På same vis utfører fylkesmennene oppgåver i samband med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. gebyrinntekter under kap. 4420 post 06 anslått til 28 mill. kroner. Inntektene blir tilbakeførte til fylkesmennene.

Til utgiftene ved kontroll og verifisering av kvotepliktige verksemder er det i samsvar med EUs reglar knytt gebyr som er førte under kap. 4420 post 07, anslått til 11 mill. kroner.

Omfanget av arbeid knytt til gebyrrelatert verksemd på naturforvaltningsområdet er forventa til om lag 4,6 mill. kroner, jf. inntekter under kap. 4420 post 08.

Posten dekkjer òg utgifter anslått til 7,1 mill. kroner ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420 post 09. Dette er ein reduksjon på 22 mill. kroner samanlikna med 2014, fordi oppdragsutgiftene vil bli belasta dei andre statsinstansanes budsjettposter direkte ved bruk av belastningsfullmakter i staden for føring på Miljødirektoratets inntekts- og utgiftsposter.

Utgifter knytt til oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er òg dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420 post 01. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420 postane 01, 04, 06, 08 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 25 Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

Posten vart lagt ned i budsjettet for 2014 og omfatta ei statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar.

Rapport 2013

Formålet med ordninga var å gi verksemder og privatpersonar høve til å kompensere for eigne utslepp ved at dei betaler for utsleppsreduksjonar ein annan stad. I 2013 selde Klima- og forureiningsdirektoratet totalt 32 737 kvotar, der 9 141 var EUA-kvotar og 23 595 var CER-kvotar.

Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde, kan overførast

Midlane på posten er retta mot resultatområde 3 Friluftsliv og blir nytta til statleg sikring av nye friluftslivsområde, ved anten offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale). Det er kommunane og dei interkommunale friluftsråda som kan søkje Miljødirektoratet om økonomisk medverknad til sikring av viktige friluftslivsområde. Miljødirektoratet kan òg i samarbeid med kommunane overta friluftslivsareal frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i si verksemd. I tillegg kan kommunale friluftsområde vederlagsfritt bli omgjort til statleg sikra friluftslivsområde, dersom områda tilfredsstiller kriteria for statleg sikring. Slike område blir tinglyste som statleg sikra friluftslivsområde.

Noko av midlane på posten kan nyttast til enkelte opparbeidings- og tilretteleggingstiltak, til dømes oppføring av toalettbygningar eller opparbeiding av tilkomst i samband med nye sikringar av friluftslivsområde. Noko av midlane kan òg nyttast til nødvendig vedlikehald og rehabilitering av statleg eigde bygningar på områda.

Staten bidrar økonomisk til sikring av viktige friluftslivsområde av både nasjonal, regional og lokal verdi. For område av nasjonal og regional verdi kan staten bidra med inntil 100 pst. av kostnadane, for område av viktig lokal verdi med inntil 50 pst. av kostnadane. Det er særleg viktig at område i og ved store befolkningskonsentrasjonar og landfaste område i kystsona med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala blir sikra. Sentrale område ved innlandsvassdrag er òg prioriterte. Staten har ei sterk satsing på friluftsliv i nærmiljøet, og viktige friluftslivsområde både i og ved byar og tettstader er prioriterte. Å kunne gjere nye strandområde i befolkningstette område tilgjengelege, er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Område i kystsona med landfast samband skal prioriterast framfor område som berre har tilgang med båt.

Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak gjeld bygningar som anten skal rivast eller som kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.

Sikringa blir gjennomført ved erverv eller ved servituttavtale med grunneigar. I tillegg til sikring av friluftslivsområde skal midlane dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene, til dømes transaksjonskostnader.

Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at statens vilkår er oppfylte.

Frå posten er det flytta 10 mill. kroner til kap. 1420 post 78, då det vil vere eit avgrense tal sikringssaker som kjem til utbetaling i 2015. Desse midlane er planlagt tilbakeført posten i 2016. Som eit innsparingstiltak i budsjettet er i tillegg løyvinga redusert med 9 mill. kroner. Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015, er 1,3 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2013

Det vart sikra 29 nye friluftslivsområde gjennom statleg medverknad med midlar frå post 30 i 2013. Om lag 80 pst. av områda kan definerast som nærområde til der folk bur, og det er slik skjedd ei gradvis dreiing av verkemiddelbruken i tråd med satsing på friluftsliv i nærmiljøet. Statistikken viser at sidan staten begynte å medverke til sikring på 1950-talet, er det sikra område som i hovudsak ligg meir enn 500 meter utanfor byar og tettstader. Dei fleste av desse ligg i strandsona og er mykje nytta. Målet no er at sikring av fleire område i og ved byar og tettstader skal auke tilgangen til område som er endå lettare tilgjengelege for folk i kvardagen og slik kan medverke til naturopplevingar, aktivitet og betre folkehelse. Staten vil gjennom sikringsordninga medverke til meir kvardagsfriluftsliv.

Områda som vart sikra i 2013 ligg i 14 ulike fylke. Det er både kommunar og interkommunale friluftsråd som har initiert desse sikringsprosessane og som vil stå for vidare drift og tilsyn i områda framover. Ulike typar område vart sikra i 2013. I Rana medverka staten til omdanning av eit tidlegare industriområde, Haukenesodden, slik at eit nytt og sentralt område i strandsona vart tilgjengeleg for allmenta. Gjennom eit samarbeid med Trondheim kommune over fleire år vart det i 2013 gjennomført sikring av viktige delar av den sentrale grønstrukturen. Dette er attraktive opphaldsområde og viktige ferdselskorridorar som går frå sentrale bydelar og opp til marka. Vidare vart Kroksand i Hvaler sentrum, som er sikra med midlar frå 30-posten, opna og teken i bruk i 2013. Området er eigna til bading, fiske og andre aktivitetar. Det er i bruk gjennom heile året av dei som bur i kommunen og er ekstra populært i sommarhalvåret med mange tilreisande. Kroksand er tilrettelagt for mange brukargrupper, blant anna menneske med nedsett funksjonsevne.

I ein del saker er det gitt bidrag til grunnleggjande tilretteleggingstiltak i samband med sikringa. Dette er tiltak som blir vurderte som naudsynte for at områda skal nyttast av allmenta. På Kroksand medverka staten til slike tiltak med midlar frå post 30.

I tillegg til gjennomføring av sikring av 29 område i 2013, søkte kommunar og friluftsråd om statleg medverknad til å sikre nye område. Det vart gitt tilsegn om statleg medverknad til sikring av 43 nye område i 2013. Kommunane og friluftsråda arbeider no med å få gjennomført sikringa av desse og med grunnleggjande tilrettelegging av areala.

Post 31 Tiltak i verneområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda 1 Naturmangfald og 5 Klima. Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter og andre typar tiltak i verneområde. Midlane går til tiltak som er naudsynte for å ta vare på verneverdiane, inkludert utgifter til informasjon, skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur i verneområda. Midlande kan òg omfatte tiltak i samband med merkevare- og besøksstrategi for nasjonalparkane. Nasjonalpark-/verneområdestyra prioriterer bruken av dei tildelte midlane. Alle tiltak skal vere i tråd med godkjent forvaltnings-/skjøtselsplan for verneområda og andre relevante styringsdokument.

Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015, er 12,1 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett.

Posten kan òg nyttast til restaurering av grøfta myr inne i – og utanom verneområde, og posten er styrkt med 3 mill. kroner til dette formålet. Klimakur 2020 trekkjer fram restaurering av myr som eit tiltak som kan gi betydelege klimagassreduksjonar og er svært kostnadseffektivt. Restaureringa krev hovudsakeleg at eksisterande grøfter og røyr blir fjerna eller demde opp.

Regjeringa foreslår til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) ei bestillingsfullmakt under posten på 3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V nr. 1.

Rapport 2013

Midlane er i 2013 brukt til tiltak og investeringar som er nødvendig for å ta vare på og halde ved lag verneverdiane i verneområde over heile landet. Tiltaka er prioriterte først og fremst i verneområde der verneverdiane er truga, for eksempel uttak av framande arter som sitkagran og mink. Restaurering av verna våtmarksområde var òg prioritert i 2013, blant anna ved tildeling av midlar til oppstart av restaurering av Slevdalsvatnet i Vest-Agder. Restaurering av dette naturreservatet vil hindre at regionale og nasjonale naturverdiar går tapt.

Tilretteleggings- og informasjonstiltak er òg prioriterte og omfattar opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur i verneområda.

Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal óg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane. Eventuelle utbetalingar i 2015 vil bli dekte av overføringar frå tidligare budsjettår. Det er derfor ikkje naudsynt med løyving i 2015.

Det er planlagt at verneplan for Tyrifjorden i Buskerud skal vedtakast i 2014. For 2015 er det planlagt utviding av Herdla naturreservat i Hordaland. Hovudparten av utgiftene til dei to sakene vil komme i 2016 eller seinare.

Ut frå kostnadsoverslaga medfører dette behov for ei tilsegnsfullmakt på 1,8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2013

Overførte midlar og løyving for 2013 er brukte i arbeidet for å nå nasjonale mål om at eit representativt utval av naturtypar skal vernast for kommande generasjonar. I 2013 er hovudtyngda av utbetalingar knytt til erstatningar og omkostningar for område i Oslofjordverneplanen (delplanar for Østfold, Vestfold og Telemark), verneplan edellauvskog Sogn og Fjordane og enkeltområda Maridalen landskapsvernområde, Blankvann landskapsvernområde og Rinnleiret naturreservat.

Post 33 Statlege tileigningar, marine verneplanar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald. Det er planlagt vern av ni nye marine verneområde i 2015. Utgiftene til desse vil komme i 2016 eller seinare. Det er derfor ikkje naudsynt med løyving i 2015, berre ei tilsegnsfullmakt på 3,6 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2013

Posten er ny og det er derfor ikkje rapportering for 2013.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991 – 1992) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområde i Noreg i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Posten dekkjer òg tilsvarande utgifter for Fulufjellet og Færder nasjonalparkar som er resultat av regionale/lokale verneinitiativ. Erstatningar blir i hovudsak fastsette ved minnelege avtaler. Nokre få saker går til rettsleg skjønn.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.

I tråd med at gjenståande erstatningssaker etter anslaga vil bli dekt av løyvinga for 2014 og overført beløp frå 2013, blir det ikkje fremja løyving på posten for 2015. Det er av same grunn ikkje fremja tilsegnsfullmakt på posten.

Rapport 2013

Nye erstatningsreglar kom med naturmangfaldlova i 2009. Tilbod etter nye erstatningsreglar er no gitt frå staten til alle grunneigarar som på 2000-talet fekk lov til å utsetje sine erstatningssaker i påvente av dei nye reglane.

Oppgjer har vore utbetalt fortløpande ettersom tilboda vert aksepterte av grunneigarar og rettshavarar gjennom minnelege avtaler, eventuelt etter nye forhandlingar. Svært få saker har vore naudsynt å avgjere ved rettsleg skjønn.

Overførte midlar og løyvinga for 2013 er nytta til oppfølging av dei nasjonale måla knytte til posten.

Post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a.

Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015, er 2,5 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett. Posten har fått ei prisjustering på 3,483 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om å redusere posten med 210 mill. kroner. Løyvinga vart i 2013 auka for å sluttføre køen av frivillig skogvern-saker der det var inngått avtale med skogeigarar om vern. Køen som hadde bygd seg opp er no fjerna. Forslaget til løyving på ca. 121 mill. kr. svarer til nivået i 2012.

Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 116,4 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2013

Overførte midlar og løyving for 2013 er brukt i arbeidet for å nå nasjonalt mål om at eit representativt utval av naturtypar i skog skal vernast for kommande generasjonar. I 2013 er hovudtyngda av utbetalingane knytte til erstatningar i samband med frivillig vern av skog, der ca. 210 mill. kroner er utbetalt i erstatningar og vederlag. Det er utbetalt ca. 15 mill. kroner i erstatningar og omkostningar i samband med tradisjonelle verneprosessar, i hovudsak knytt til erstatningsoppgjøret for Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

Posten er knytt til resultatområde 4 Forureining. Utgiftene må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under postane 69 og 79.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunn og botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til å føre vidare arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Vidare dekkjer posten utgifter til opprydding frå enkelte forureina lokalitetar der staten ved miljøforvaltninga er eigar. Fokus for opprydding i forureina sjøbotn er på 17 prioriterte område.

Ein foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner i 2015, mellom anna til enkeltprosjekt i Nord-Noreg.

Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015, er 2,6 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett.

Prinsippet om at forureinar betalar ligg til grunn for arbeidet med oppryddinga, og så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak, som for eksempel:

  • Der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga

  • Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding

  • Der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten kan forskottere oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant

  • Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling

  • Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område

  • Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene

I 2012 vart løyvinga på post 39 fordelt på to nyoppretta postar; 69 og 79, i tillegg til 39-posten. Prinsippet om at forureinar skal betale ligg til grunn for alle postane. At løyvinga er delt på denne måten er ei oppfølging av Riksrevisjonens merknader i Dokument 1 (2011 – 2012) og Innst. 211 S (2011 – 2012) frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen om utbetaling av tilskot over rett post. Resultata frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2013 er samla under post 79. Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det viktig at finansieringa er føreseieleg. Det er derfor høve til å kunne inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak. Fullmakta til å inngå forpliktingar kan nyttast til innkjøp av både tenester og materiell og til å gi eventuelle tilsegner om tilskot, jf. vedtak VII. Fullmakten for 2015 er på 127 mill. kroner.

Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet, og anna kunnskapsoppbygging.

Rapport 2013

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2013 er samla under post 79.

Post 61 Tilskot til klimatilpassingstiltak

Posten er ny og oppretta for ei ny tilskotsordning for klimatilpassingstiltak i kommunane. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til utgreiing av konkrete klimatiltak og klimatilpassingstiltak, og til nettverksarbeid i og mellom kommunar. Posten er knytt til resultatområde 5 Klima. Det er sett av 2 mill. kronar til ordninga.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje kommunane sitt arbeid med klima og klimatilpassing.

Kriterium for måloppnåing

Midlane må brukast på tiltak som medverkar til ein reell reduksjon i klimagassutslepp, eller som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om støtte for å setje i verk eller vidareføre gode tiltak som gir reelle utsleppsreduksjonar eller som gjer samfunnet betre rusta til å møte klimaendringane.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at det blir følgt opp at tilskotsmottakarane nyttar midlane som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer bl.a. gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakar. Ordninga er av mellombels karakter.

Rapport 2013

Posten er ny og det er derfor ikkje rapportering for 2013.

Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79.

Utgiftene på posten må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområde 4 Forureining.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn og sjøbotn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff.

Kriterium for måloppnåing

For forureina sjøbotn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Sediment skal ikkje føre til alvorlig forureining».

For forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Miljøgifter frå forureina grunn skal stansast».

Tildelingskriterium

I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi, og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt òg sjølv medverke med midlar. Sjå òg omtale under kap. 1420 post 39 og 79.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.

Rapport 2013

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2013 er samla under post 79.

Post 70 Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

 

(i 1000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70.1

Kalking

6 820

7000

7000

70.2

Anadrome laksefisk

6 120

6000

7 800

70.3

Generell vassforvaltning

16 711

7 800

7 800

Sum post 70

29 651

20 800

22 600

Posten samlar alle tilskotsmidlane til ulike vassmiljøtiltak. På same vis som post 22 er delt inn i midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk og heilskapleg vassforvaltning, er post 70 delt inn etter tilskotsmidlar for desse føremåla. Til posten er det flytta 1,8 mill. kroner frå kap. 1420 post 22 til bruk som tilskotsmidlar for villaks (jf underpost 2).

Tilskotsordningane under posten er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald.

Kalking

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å medverke til å redusere dei negative effektane av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalkingsverksemda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk, til informasjon om effektar av tiltak som er gjennomført og rettleiing om kalking i vassdrag. Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og der det kan påvisast eller er sannsynleg at skadar på naturmangfaldet skuldast forsuring. I område der tolegrensa ikkje lenger er overskriden, men der tidlegare forsuring har ført til at det opphavlege mangfaldet er borte, kan det bli gitt tilskot til å reetablere opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gitt tilskot til naturleg sure lokalitetar. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fisket i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2013

Det meste av midlane under ordninga vart i 2013 brukt til kalking av innsjøar og bekkar, hovudsakleg i Agder og Rogaland. Det vart òg gitt tilskot til bladet pH-status og til Voss klekkeri.

Innanfor det tidlegare resultatområdet Livskraftige elvar og innsjøar har tilskotsordninga særleg vore retta mot dei nasjonale måla 2.2 og 2.6.

Anadrom laksefisk

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for bevaring og forvaltning av vill anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er å medverke til å nå måla for viltlevande anadrom laksefisk.

Tildelingskriterium

Det kan gis tilskot til tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette bevarings- og kultiveringstiltak og til anvend FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar. Det kan òg gis tilskot til tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgt opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2013

Midlane under ordninga vart i 2013 brukt til overvaking av referansevassdrag og overvakingsprogrammet for nasjonale laksevassdrag og -fjordar. Det er vidare gitt tilskot til forsking og utvikling innan arbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris og bevaring av fiskestammer i genbank. I tillegg er det gitt tilskot til arbeidet med fisketrapper i regi av brukarorganisasjonar, mellom anna rettleiing i samband med innføring av pliktig organisering i laksevassdrag. Samla har dette medverka til betre forvaltning og styrkt kunnskapsgrunnlag knytt til anadrom laksefisk.

Innanfor det tidlegare resultatområdet Livskraftige elvar og innsjøar har tilskotsordninga særleg vore retta mot det nasjonale målet 2.6 om levedyktige bestandar av anadrom laksefisk.

Generell vassforvaltning

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å medverke til god økologisk og kjemisk tilstand i vatn, jf vassforskrifta.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Lokal involvering vil òg vere eit viktig kriterium. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gis til vassområde med særskilte utfordringar til tiltak der målet er god økologisk og/eller kjemisk tilstand i vatn, til tilrettelegging, organisering og informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar og til utgreiingar og andre tenestekjøp knytte til særskilte utfordringar i vassområda.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2013

I 2013 vart det over posten tildelt midlar til vassregionstyresmakter og vassområde. Frå 2014 er dette flytta til kap. 1420 post 22.

Det vart gitt tilskot til tre vassområde med særskilte utfordringar: Jæren, Haldenvassdraget og Morsa. Andre vassområde har fått midlar gjennom vassregionstyresmaktene.

Det vart òg gitt tilskot til landsdekkjande organisasjonar som har ei viktig rolle i medverknadsarbeidet. Innanfor det tidlegare resultatområdet Livskraftige elvar og innsjøar har tilskotsordninga særleg vore retta mot dei nasjonale måla 2.2, 2.5, 2.6 og 2.7.

Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

 

(i 1000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

72.1

Erstatning for husdyr

74 577

75 378

75 378

72.2

Erstatning for tamrein

75 263

75 377

75 377

Sum post 72

149 840

150 755

150 755

Posten er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald. Posten omfattar erstatningar for husdyr og tamrein som er drepne eller skada av rovvilt. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving.

Mål

Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.

Tildelingskriterium

Erstatningar blir utbetalte i samsvar med «Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 30. mai 2014 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjonen av skadane er betra mykje dei tre siste åra som følgje av at innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp. Det er Statens naturoppsyn som gjennomfører skadedokumentasjonen.

Rapport 2013

Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldane reglar. I 2011 vart det gjennomført ei utgreiing om moglege endringar i ordningane. Forslaga vart sende på høyring i 2012. I etterkant er det utarbeidd ei ny føresegn om erstatning for husdyr, som gjeld frå beitesesongen 2014. Endringane legg til rette for betre datasamordning med landbrukssida, og eit klarare definert ansvarsområde for dyreeigarar og styresmakter. For å kunne setje i verk endringar i erstatningsreglar for rein trengst det betre underlag som kan identifisere andre tapsårsaker. Resultat av oppgjeret blir som rutine rapportert gjennom ei nettside, der ein kan sjå på erstatning for dei aktuelle reindriftsåra eller for beitesesongen for sau. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå let det til å vere ein god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak, og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje ein tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgitte forhold knytte til klima, beitegrunnlaget o.a.

Innanfor det tidlegare resultatområdet Mangfaldige skogar har tilskotsordninga vore særleg retta mot dei nasjonale måla 4.6 og 5.6.

Post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, under dette godtgjering til lokale fellingslag og tilskot til Rovviltkurssenteret i regi av Noregs Jeger- og Fiskarforbund. Posten er auka med 3,5 mill. kroner til omstillingstiltak. I tillegg er det innanfor øvrige midlar på posten sett av 3,5 mill. kroner til dette føremålet slik at det samla sett er 7 mill. kroner som skal brukast til omstillingstiltak.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Midlane skal òg nyttast til omstillingstiltak for dyreeigarar med utmarksbasert sauehald, som over eit lengre tidsrom har hatt omfattande rovviltskadar og ønskjer ei omstilling til anna næringsverksemd med tilknyting til landbruks- eigedommen. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003 – 2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003 – 2004), og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010 – 2011)).

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak. Vidare er det eit kriterium for måloppnåing at tilskotsordninga fører til omstillingar der dette fører til reduserte tap og konfliktar.

Tildelingskriterium

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter ei føresegn fastsett i 2013. Det er utarbeidd ei eiga nettside for bl.a. å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengeleg for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber bl.a. at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltningsorgana, blant anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår. Midlane til omstilling skal fordelast av Miljødirektoratet, etter innspel frå regionale og lokale miljø- og landbruksstyresmakter.

Oppfølging og kontroll

Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.

Rapport 2013

I 2013 vart det behandla i alt 590 søknadar om konkrete førebyggjande tiltak, og det vart behandla 257 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Utover dette vart det behandla 42 søknadar om akutte tiltak for å stoppe ei pågåande skade. Det kan ut frå statistikk over erstatningsutbetaling for skade/tap av sau, sjå ut til at tapa går ned med ein auke i avsette midlar til tiltak. Reduksjon i tapsomfanget kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av både rovviltførekomst og prioritering av tiltak. Det er ikkje gjennomført evaluering av ordninga basert på enkelttiltak. På overordna nivå kan ein likevel sjå at det truleg er større verknad av tiltak som blir sette inn mot bjørne- og ulveskadar, enn mot jerv og gaupe. Ein viktig konsekvens av dette er at det vil vere målretta regulering av rovviltbestandane som i størst grad påverkar jerv og gaupeskadar.

Ressursbruken under tilskotsordninga var i 2013 retta mot dei nasjonale måla 4.6 og 5.6 under dei tidlegare resultatområda Mangfaldige skogar og Storslått fjellandskap. Ettersom det har vore særs gode erfaringar med eit system der brukarar sender søknad elektronisk, er det no òg lagt til rette for at alle rapportar kan sendast inn på same vis. Dette vil føre til ei betre oversikt over oppnådde resultatet og brukarane si vurdering av måloppnåinga ved dei einskilde tiltaka. Resultata vert publiserte på ei nettside slik at alle kan ta del i vurderingane.

Post 74 CO2-kompensensasjonsordning for industrien

Posten er retta mot resultatområde 5 Klima.

Målet med ordninga er å kompensere norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Kompensasjonen skal redusere faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga er basert på EU-kommisjonen sine retningslinjer som opnar for statsstøtte til utvalte industrisektorar som er vurderte til å vere særleg utsette for karbonlekkasje. Den norske ordninga vart godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan ESA i september 2013.

Støttebeløpa blir utbetalte etterskotsvis og basert på gjeldande anslag er posten auka med 57 mill. kroner for å kunne utbetale kompensasjon i tråd med reglane for ordninga.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga reduserer faren for karbonlekkasje.

Tildelingskriterium

Ordninga omfattar industriverksemder i alle 15 sektorar som i høve til EUs retningsliner har moglegheit for støtte. Dette inkluderer blant anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling.

Ordninga vil ikkje gjelde for langsiktige kraftavtaler inngått før 2005. Vidare skal industrien sin eigen kraftproduksjon komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. Ordninga skal gjelde for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020.

Dette inneber at det for støtteåret 2014 må løyvast pengar for utbetalingar i samband med statsbudsjettet for 2015.

Oppfølging og kontroll

Ordninga vil bli administrert av Miljødirektoratet, som i behandling av søknadene kontrollerer om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det vil bli rapportert om bruken av midlar til EFTA sitt overvakingsorgan og til Stortinget i samband med budsjettet.

Rapport 2013

CO2-kompensasjonsordninga starta opp 1. juli 2013. Sidan støttebeløpa blir utbetalte etterskotsvis, hadde posten verken løyving eller utbetalingar i 2013. Fristen for å søkje om støtte for 2013 var 13. november 2013. Miljødirektoratet trefte på grunnlag av søknadene vedtak om kompensasjon for 41 bedrifter, og utbetalte før 15. april 2014 kompensasjonar på totalt 221 mill. kroner.

Post 75 Utbetaling for pant av bilvrak, overslagsløyving

Ordninga rettar seg mot resultatområde 4 Forureining. Posten er auka med 73,68 mill. kroner for 2015. Auken skuldast at vrakpanten vart auka frå 2500 kroner til 3000 kroner pr. bilvrak frå 1. juli 2013. Anslag på talet innleverte vrak ligg på om lag 140000 vrak i året.

Mål

Målet med vrakpantordninga er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy gir produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er ein del av kapittel 4 i avfallsforskrifta om kasserte køyretøy. Sjølv om ansvaret er lagt på produsentar og importørar, vil Regjeringa inntil anna er avgjort vidareføre dagens statlege avgifts- og panteordning.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til å auke innlevering av bilvrak slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte.

Tildelingskriterium

Vrakpanten blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling.

Ordinær vrakpant for 2015 er sett til 3000 kroner, same nivå som frå siste halvår av 2013, jf. Prop. 150 LS (2012 – 2013).

Oppfølging og kontroll

For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant blir vrakmeldinga kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Rapport 2013

I 2013 vart det samla inn i overkant av 156000 bilvrak, som er ein auke på 28,4 pst. frå 2012, då det vart samla inn nær 122000 bilvrak. Dette skuldast at svært mange bilar vart vraka i 2013 som følgje av ein betydelig auke i vrakpanten.

Ressursbruken under tilskotsordninga var i 2013 retta mot dei nasjonale måla 9.1, 9.2, 9.3, 9.7 og 9.8 under det tidlegare resultatområdet Giftfritt miljø.

Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving

Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområde 4 Forureining og 5 Klima. Posten dekkjer dessutan utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøstyresmaktene har behov for i samband med administrering av ordningane.

Posten er auka med 36 mill. kroner. Av aukinga er 30 mill. kroner knytte til ordninga for refusjon av smøreolje som følgje av oppheving av avgiftsfritak for spillolje.

Den resterande auken på 6 mill. kroner har samanheng med ordninga for refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK) og skuldast auka avgifter på desse gassane. I tillegg er det forventa ei auking i tilbakelevering av desse gassane.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St. Prop. nr. 1 (2007 – 2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71.

Frå 2015 foreslår ein at spillolje vert ilagt CO2-avgift, svovelavgift og grunnavgift på mineralolje. Refusjonsordninga er viktig for samle inn spillolja. For å oppretthalde mengda innlevert spillolje foreslår ein å auke tilskotet som blir gitt ved innlevering av spillolje til godkjent mottak med 1,31 kroner pr. liter utover ordinær prisjustering. Smøreoljeavgifta blir auka med 0,61 kroner pr. liter ut over ordinær prisjustering. Verknaden av opphevinga av avgiftsfritaket for spillolje og auka tilskot skal evaluerast etter to år. Ein må vurdere ytterlegare tiltak dersom det då blir påvist ei negativ utvikling.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.

Tildelingskriterium

Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer med meir) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av blant anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte opp mot førehandstilsegna.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir teken vare på gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.

Rapport 2013

Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i underkant av 90 pst. og har vore stabil dei siste åra. I 2013 vart det totalt samla inn 23 116 m3 som har krav på refusjon, medan tilsvarande mengd var 25 125 m3 i 2011 og 25 581 m3 i 2012. Det vart i 2013 utbetalt om lag 48,6 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,15 kroner pr. liter.

Refusjonen har gjort det attraktivt å levere inn spillolje som eigaren elles måtte betale for å levere, og har derfor medverka til å gi oss ein høg innsamlingsgrad

Ressursbruken under tilskotsordninga var i 2013 retta mot dei nasjonale måla 9.7 og 9,8 under det tidlegare resultatområdet Giftfritt miljø.

Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)

Mål

Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og den er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.

Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 1. januar 2000 pålagt avgift, jf. St. Prop. nr. 1 (1999 – 2000) Skatte, avgifts- og tollvedtak. Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Det har dei siste åra vore svært få utbetalingar gjennom ordninga som følgje av at bruken av ny TRI er kraftig redusert, og det er ikkje venta vesentlege endringar i framtida.

Tildelingskriterium

TRI-haldig avfall skal leverast til godkjent mottak eller behandlingsanlegg for farleg avfall, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kroner pr. kilo, noko som utgjer under halvparten av avgiftssatsen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga skjer gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Anlegg som tek imot farleg avfall og gjenvinningsverksemda skal vere godkjende av Miljødirektoratet.

Avgifta har medverka til ein kraftig reduksjon i etterspørselen etter ny TRI. På grunn av dei små mengdene som er i bruk og som er omfatta av refusjonssystemet, vil eit forslag om å oppheve refusjonsordninga verte sendt på høyring.

Rapport 2013

Det har ikkje vore søknadar om utbetaling av refusjon korkje i 2012 eller i 2013. I 2011 var det éin søknad om refusjon. Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 9.7 og 9.8 under det tidlegare resultatområde 9 Giftfritt miljø.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)

Mål

Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. Hydrofluorkarbon (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege hjelpemedium og mindre bruk av dei mest skadelege HFK/PFK-gassane, stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for ordninga er aktørar som har HFK- og PFK-haldig avfall.

Tildelingskriterium

Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er leverte.

Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3. Mengd HFK/PFK som blir samla inn og sendt til destruksjon varierer mykje frå år til år. Grunnen er at gassen blir innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir den sendt til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir sendt til destruksjon utløyser om lag 3 – 5 mill. kroner til utbetaling i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.

Rapport 2013

I 2013 vart to tankar med gass levert til destruksjon med eit samla refusjonsbeløp på om lag 8,5 mill. kroner. Det vart samla inn fire tankar i 2012.

Innhaldet i tankane er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, då PFK-gassar er svært lite brukte i Noreg. Ressursbruken under ordninga var i 2013 retta mot dei nasjonale måla 10.9 og 11.2 under dei tidlegare resultatområda 10 Rein Luft og 11 Stabilt klima.

Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m. m.

Posten er firedelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot resultatområda 1 Naturmangfald, 3 Friluftsliv, 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda. Frå nedlagt post 81 under kap. 1400 er det flytta 1 mill. kroner til posten i samband med tiltak for å bringe miljø nær folk.

Tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet.

Tilskotsordningane til frivillige miljøorganisasjonar og tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk er sett i samanheng og vart lagt om i statsbudsjettet for 2012. Ein del av omlegginga innebar at frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar med ei utprega forureiningsfagleg avgrensing vart flytta til denne ordninga.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Ordninga omfattar tilskot til:

  • Norsk vassforeining

  • Norsk foreining mot støy

  • Tilskot til LOOP

  • Avfall Noreg sin «Hald Noreg Reint»-kampanje

For 2015 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2014. Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot. Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar bli følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.

Rapport 2013

Midlane er brukte til grunnstøtte til drift, opplæringstiltak og informasjonstiltak og førebyggjande arbeid generelt i dei ulike organisasjonane.

Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon

Mål

Miljømerking er eit viktig ledd i ein førebyggjande miljøpolitikk og gir informasjon til og bevisstgjering av forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder om miljøvennlege val. Miljømerking er òg viktig for å fremje miljøtiltak langs heile produktkjeda, frå uttak av råvarer til produktet blir avfall. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagte krav. Ordningane er nærare omtalte i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon.

Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking.

Kriterium for måloppnåing

Klima- og miljødepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med utvikling av miljøkriterium slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning, slik at forbrukarane får betre høve til å gjere miljørette val. Dette vil blant anna vere produktgrupper der innhald av helse- og miljøfarlege stoff og utslepp av klimagassar er eit problem. Det skal òg fokuserast på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor dei områda der det er utvikla kriterium og til å gi forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på Stiftelsen Miljømerking sitt resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2013

Midlane er brukte til å auke kunnskapen om, kjennskapen til og aksepten av miljømerkinga si betydning.

Naturfaglege organisasjonar

Mål

Ordningane under posten skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innan natur- og forureiningsområda for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Det er rekna med tilskot til:

  • Foreininga Våre Rovdyr

  • Norsk Biologforeining

  • Norsk Botanisk Foreining

  • Norsk Entomologisk Foreining

  • Norsk Ornitologisk Foreining

  • Noregs Sopp- og nyttevekstforeining

  • Norsk Zoologisk Foreining

For 2015 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2014. Tilskot til den einskilde organisasjonen blir utbetalt etter søknad.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2013

Midlane vart nytta til informasjonsverksemd og prosjekt innanfor dei ulike organisasjonane sine område.

Tilskot til tiltak/prosjekt for å bringe miljø nær folk

Mål og målgruppe for ordninga

Ein stor del av den norske befolkninga har eit høgt miljømedvit, men ikkje så stor miljøhandlingsvilje. Utfordringa er å gjere miljøvenlege val til løysingar som folk vil vere med på, og gjere miljøinformasjon lett tilgjengeleg for folk.

Føremålet er å informere og engasjere enkeltmenneske til miljøvennleg åtferd. Målgruppe for ordninga er organisasjonar, stiftingar og faglege nettverk.

Det er satt av 1 mill. kroner under denne ordninga i 2015.

Tildelingskriterium

Midlane kan nyttast til tiltak og prosjekt som er nyskapande og skal òg medverke til å gjere miljøinformasjon og miljøkunnskap tilgjengeleg. Det er viktig å nå breitt ut til befolkninga.

Oppfølging og kontroll

Det vert rapportert fagleg og økonomisk på tildelta midlar. Tilskotsmottakarar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.

Rapport 2013

Midlar er nytta til ei rekke prosjekt som til dømes kampanjar, informasjonsverksemd og prosjekt i det offentlege rom.

Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde 3 Friluftsliv, spesielt dei nasjonale måla 3.1, 3.2, og 3.3.

Posten er i 2015 auka med 30,69 mill. kroner til 137,28 mill. kroner. Som ledd i Regjeringas arbeid med å forenkle tilskotsordningar og søknadsprosessar, er 20 mill. kroner flytta til posten frå Helse- og omsorgsdepartementets tilskotsordning «Fysisk aktivitet» under kap. 719 post 73. Til posten er det òg flytta 10 mill. kroner frå kap. 1420 post 30, sjå nærare omtale under post 30. Desse midlane er planlagt tilbakeførte til post 30 i 2016.

Frå posten er det overført 0,2 mill. kroner til kap. 1420 post 01, for å styrkje ramma til lønn og administrative utgifter for prosjektet for kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 3 mill. kroner på posten til anskaffingar i samband med kjøp og reparasjonar av båtar i Skjergardstenesta, jf. forslag til vedtak VI.

Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtala under.

Friluftslivsaktivitet

Tilskot til friluftslivsaktivitet har ei økonomisk ramme på 37 mill. kroner, ein auke på 7,71 mill. kroner frå 2014.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 3 Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til materiell og utstyr som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetar. Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:

  • Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.

  • Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.

  • Tiltak som inkluderar ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuelle målgrupper.

  • Tiltak som inneber utvikling av nye metodar.

Personar som er lite fysisk aktive, barn, unge og barnefamiliar, personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn blir prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2013

Totalt vart det i 2013 gitt 21,7 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 10,9 mill. kroner direkte frå Miljødirektoratet, mens lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 7,5 mill. kroner frå fylkeskommunane. I tillegg ble det gitt midlar til direktoratets nærmiljøsatsing frå posten. Totalt ba 545 søkjarar om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var 77 mill. kroner.

Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til deltaking i friluftslivsaktivitetar, til dømes personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg, og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminne. Eksempel på tiltak er DNT sitt prosjekt «Saman for et godt nærmiljø», Kristen Idrettskontakts prosjekt «Aktivitet under open himmel», Noregs Jeger- og Fiskarforbund sine prosjekt «Friluftsliv i skuleverket» og «Sportsfiskets år», og Noregs Orienteringsforbunds prosjekt «Turorientering».

Nærmiljøsatsinga vart ført vidare som planlagt i 2013. Dei sju pilotprosjekta som er tilknytte satsinga vart tett følgde i heile perioden, og mottok økonomisk støtte frå Miljødirektoratet på til saman 1,95 mill. kroner. Pilotane har hatt progresjon i høve til planar, og fleire av prosjekta er vedtekne utvida i perioden.

Ressursbruken under tilskotsordninga var i 2013 retta mot dei nasjonale måla 8.1 og 8.3 under det tidlegare resultatområdet Aktivt friluftsliv.

Friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn

Ordninga har ei samla ramme på 5 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn, og medverke til å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 3 Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til utstyr og materiell som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetan.

Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:

  • Tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege.

  • Tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

  • Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.

  • Tiltak som inkluderar ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuell målgruppe.

  • Tiltak som inneber utvikling av nye metodar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2013

Ordninga var ny frå 2013, med ei ramme på 3 mill. kroner. Totalt var det 19 søkjarar som til saman søkte om 7 mill. kroner. 17 lag og organisasjonar vart til saman tildelt 3 mill. kroner i tilskot.

Tiltaka omfatta tilbod om turar, men òg opplæring av personar med innvandrarbakgrunn til å bli leiarar i lag og organisasjonar. Tanken er at leiarar med innvandrarbakgrunn er viktige for vidare rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn.

Eksempel på tiltak er Syklistanes Landsforeinings prosjekt «Sykkelopplæring for innvandrarkvinner», Wild X sitt ungdomsprosjekt «Wild X» med opplæring og tilbod om turar knytte til jakt, fiske og anna friluftsliv, Den norske Turistforening/Raudekrossens «Til Topps lokalt», 4 H Noregs «Ingen grenser, ingen terskel – Ja til fargerikt fellesskap» og Skiforeininga sitt tiltak «Friluftsglede for alle». I tillegg kjem Noregs Jeger- og fiskarforbund som gjennom 8 lokallag har gjennomført opplæring i ulike friluftsaktivitetar med målsetjing om at personar med innvandrarbakgrunn skal få tilstrekkeleg med kunnskap til å utøve friluftsliv på eiga hand.

Ressursbruken under tilskotsordninga var i 2013 retta mot dei nasjonale måla 8.1 og 8.3 under det tidlegare resultatområdet Aktivt friluftsliv.

Driftsstøtte til friluftslivsorganisasjonar

Ordninga har ei økonomisk ramme på 24,5 mill. kroner, ein auke på 1,2 mill. kroner frå 2014, på grunn av at Wild X frå og med 2015 får administrasjonsstøtte frå ordninga.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmenta sine interesser for deltaking i friluftsliv gjennom det arbeidet som skjer gjennom dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar.

Friluftsrådenes Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda, og har i dag 23 tilslutta interkommunale friluftsråd. Det er satt av 10,75 mill. kroner i administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda. Det er eit mål at flest mogleg kommunar er med i eit interkommunalt friluftsråd.

Norsk Friluftsliv (tidligare Friluftslivets fellesorganisasjon) er paraplyorganisasjonen for 15 friluftslivsorganisasjonar med til saman 724 500 medlemsskap. FL, Norsk Friluftsliv og Samarbeidsrådet for naturvern (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). Det er satt av 4,07 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Norsk Friluftsliv og 8,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til FNF.

Organisasjonen Wild X tilbyr friluftslivsaktivitetar med personar med innvandrarbakgrunn i alderen 12 – 25 som hovudmålgruppe. Det er satt av 1,2 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Wild X.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 3 Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane og friluftsråda sitt arbeid med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege møte med FL, friluftsråd som ikkje er knytta til FL, FNF, Norsk Friluftsliv og Wild X.

Rapport 2013

Totalt vart det i 2013 tildelt 9,75 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL og til å utvide FLs engasjement geografisk. Det er ein markert auke i interessa for interkommunalt samarbeid om friluftsråd. I 2013 vart Lofoten friluftsråd og Grenland Friluftsråd etablert slikt at det no er 24 interkommunale friluftsråd med 208 medlemskommunar. I tillegg er det nye kommunar som melder seg inn i eksisterande friluftsråd. Desse femner vel 70 pst. av landet si befolkning.

Det er m.a. inngått avtale med grunneigarar om 270 km med nye turstigar, skiløyper og turvegar, og friluftsråda har saman med medlemskommunane arbeidd med sikring av 50 nye friluftsområde. Det er tilrettelagt 86 km med nye turstigar og friluftsråda har vore pådrivarar og koordinatorar i arbeid om ytterlegare 344 km. Fokus på turstigar i nærmiljøa er ein viktig del av friluftsråda si folkehelsesatsing.

Friluftsråda har hatt opne turar med 19 800 deltakarar – ein auke på 3 300 frå 2012. I tillegg har 63000 vore med på turar der friluftsråda har vore medarrangørar, òg det ein auke på om lag 3000. Friluftsråda har framleis stor innsats retta mot friluftsliv og bruk av naturen i læringsarbeidet i barnehage og skole. Friluftsråda engasjerer seg i arbeidet med å ta vare på arealgrunnlaget for friluftsliv gjennom verdikartlegging av friluftsområde, deltaking i dei fylkesvise Forum for natur og friluftsliv og gjennom uttale i ulike arealsaker.

Friluftsråda forvaltar over 500 offentleg eigde friluftsområde med omfattande oppgåver knytt til m.a. skjøtsel, vask av toalett og bosshandtering.

FRIFO (frå mai 2014 Norsk Friluftsliv) vart i 2013 tildelt 3,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte. FRIFO fordeler aktivitets- og prosjektmidlar frå Miljødirektoratet for vidare tildeling til FRIFO sine medlemsorganisasjonar. FRIFOs arbeid innanfor friluftsliv er i stor grad påverknads- og informasjonsarbeid overfor offentlege styresmakter og andre organisasjonar, med sikte på å skape best mogleg vilkår for friluftslivet og at flest mogleg i befolkninga utøvar eit aktivt friluftsliv. I tillegg driv FRIFO fleire prosjekt, blant anna fekk FRIFO i 2013 ansvaret for dagleg leiing av planlegging og gjennomføring av Friluftslivets år 2015.

Forum for Natur og friluftsliv (FNF) vart i 2013 tildelt 7,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte. I 2013 har sentralgruppa blant anna gjennomgått og revidert styringsdokumentet for drift av FNF. Styringsdokumentet tydeleggjer oppgåver, roller, ansvar og rutinar for samarbeidet i FNF. Alle fylke har ein eigen FNF-koordinator, og litt over halvparten av fylka har fulle koordinatorstillingar (80 – 100 pst. stilling). FNF-koordinatorane gjer eit betydeleg og viktig arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.

Ressursbruken under tilskotsordninga var i 2013 retta mot dei nasjonale måla 8.1, 8.2 og 8.3 under det tidlegare resultatområdet Aktivt friluftsliv.

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Ordninga har ei økonomisk ramme på 23,07 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til naturvennleg, fysisk tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftslivsområde og i område verna som friluftsområde etter markalova, slik at områda blir tilgjengelege og attraktive.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 3 Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Tildelingskriterium

Det blir tildelt tilskot til tilrettelegging som har eit eller fleire av følgjande mål:

  • Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Ivareta kvalitetane for oppleving i området og leggje til rette for gode naturopplevingar

  • Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring av plante- og dyrelivet, kulturminne og kulturmiljø.

Tilskot kan berre bli gitt der tiltaket inngår i ein gjeldande og godkjent forvaltningsplan knytt til tilrettelegging av statleg sikra friluftslivsområde. For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2013

Budsjett for 2013 var 23,8 mill. kroner, som vart tildelt fylkeskommunane for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. Det er ulik tildeling av budsjettmidlar mellom fylka, og fordelinga vart utført på grunnlag av omfanget av statleg sikra friluftslivsområde og om det låg føre forvaltningsplanar for friluftslivsområda som dokumenterer behov for tiltaksmidlar. I gjennomsnitt vart fylka i 2013 tildelt 1,25 mill. kroner.

Totalt mottok fylkeskommunane 258 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 60 mill. kroner. Tiltaka var totalt kostnadsberekna til 109 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det vart i 2013 gitt statleg støtte til omkring 220 tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging slik at fleire grupper av befolkninga får moglegheit til å nytte områda. Mange av tilretteleggingstiltaka stimulerer til aktivitet, som til dømes etablering og merking av turvegar og stigar.

Eksempel på tiltak som fekk statleg støtte i Telemark fylke i 2013 er opparbeiding av turveg i Rognstranda friluftslivsområde i Bamble kommune, opparbeiding av det nye området Evjudalen i Bø kommune med stigar, leike- og grillplass, og nytt toalett i Bærø Paradisbukt i Kragerø kommune. I Vest-Agder fylke har Midt-Agder friluftsråd fått støtte til oppgradering og utviding av parkeringsplass for bilar og syklar i Paradisbukt i Søgne kommune, og Kristiansand kommune har fått støtte til etablering av bru, turveg og baderampe for personar med nedsett funksjonsevne på Østre Randøya. I Troms fylke har Tromsø kommune fått tilskot til skilting, turveg og universell tilrettelegging i Tromsdalen og Fagereng friluftslivsområde. I tillegg vart det gitt statleg støtte til tiltak som generelt betrar tilgjenget til friluftslivsområda, som parkering, tilkomstvegar og bruer, og til tiltak som kan stimulere til aktivitet, som for eksempel turvegar, kyststigar og badebryggjer.

Ressursbruken under tilskotsordninga var i 2013 spesielt retta mot det nasjonale målet 8.2 under det tidlegare resultatområdet Aktivt friluftsliv.

Skjergardstenesta

Ordninga har ei økonomisk ramme på 20,2 mill. kroner.

Mål

Ordninga gir statlege budsjettmidlar til drift av skjergardstenesta, inkludert kjøp og større reparasjonar av båtar knytte til tenesta.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 3 Friluftsliv.

Måloppnåinga blir vurdert ut frå aktiviteten til skjergardstenesta.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkesmannen og skjergardstenesta i dei tre regionområda, og skal rapporterast i samband med søknader om tilskot kommande år.

Rapport 2013

Skjergardstenesta hadde i 2013 eit relativt normalt driftsår, og gjorde ein god jobb og oppnådde gode resultat i alle driftseiningar. Det vart ikkje teke i bruk nye arbeidsbåtar i 2013, men det vart inngått kontraktar for bygging av nye båtar i to område (Friluftsrådet Vest og Bærum kommune) som blei klare til sesongen 2014. Eit oppdrag om evaluering av skjergardstenesta vart utført av Norsk institutt for by- og regionforsking og sluttrapporten lagt fram i mars 2013. Som ei oppfølging av rapporten vart det arrangert ein konferanse i mai 2013 for å presentere resultata frå rapporten, og drøfte vidare utvikling av skjergardstenesta. Ein del tilrådingar i rapporten vart utførte hausten 2013, og fleire tiltak ble utført i 2014. Mellom anna er det gjort fleire tiltak på kompetansesida og tiltak for å styrkje styrings- og rapporteringsrutinane.

Ressursbruken under tilskotsordninga var i 2013 spesielt retta mot det nasjonale målet 8.2, men òg 8.1 og 8.2 under det tidlegare resultatområdet Aktivt friluftsliv.

Andre friluftslivstilskot

7,5 mill. kroner er satt av til Norsk Friluftsliv til arbeidet med dagleg leiing og planlegging av Friluftslivets år 2015. Midlane skal gå til informasjonsarbeid, markedsføring, kampanjer, løn og administrative utgifter.

15 mill. kroner er satt av til aktivitet og tiltak i samband med Friluftslivets år. Midlane er knytte til ei eiga tilskotsordning i samband med markeringa som vart lyst ut i 2014. Midlane i ordninga vart fordelte i 2014, og blir utbetalte i 2015.

Det er sett av 5,0 mill. kroner i tilskotsmidlar til prosjektet som skal stimulere til kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde i heile landet, som hadde oppstart i 2014. Dette er ein auke på 1,8 mill. kroner frå 2014. Til leiing av prosjektet er det sett av midlar under kap. 1420 post 01.

Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

Utgiftene på posten må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under post 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområde 4 Forureining, i hovudsak nasjonalt mål 4.4. Sediment i sjø som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem, men er òg viktig for å nå nasjonalt mål 4.3 Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. I dei fleste områda som får støtte stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79 er derfor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap/verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og gjennomføre oppryddingstiltak i grunn og sjøbotn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff.

Kriterium for måloppnåing

For forureina sjøbotn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Sediment skal ikkje føre til alvorleg forureining».

For forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Miljøgifter frå forureina grunn skal stansast».

Tildelingskriterium

Posten skal nyttast til delfinansiering av utgreiings- og oppryddingskostnader. Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn ved vurdering av om det skal givast tilskot.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer bl.a. gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.

Rapport 2013

Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn er godt i gang. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta. Omfattande tiltak i sjø er gjennomført i Kristiansand, Oslo, Tromsø og Harstad. I Trondheim er den viktigaste tilførselskjelda på land (Killingdal gruver) stansa. To av dei 17 prioriterte områda med forureina sjøbotn er no rekna som ferdig rydda – Tromsø og Oslo. I 2013 er det gjennomført ei stor opprydding i sjøbotnen i Harstad hamn. I Harstad er miljøoppryddinga samkøyrt med Kystverkets mudring av farlei (som er ein del av Nasjonal transportplan), noko som har vore svært vellykka. Gjennom å samkøyre oppryddingsprosjekt med andre planlagde aktivitetar sikrar ein framdrift, og ein oppnår ei heilskapleg gjennomføring med både miljøvise og økonomiske fordelar. Det er òg gjennomført pilotprosjekt og planlegging av oppryddingstiltak i sjøbotnen i Trondheim hamneområde. Sjølve oppryddinga er planlagt gjennomført i perioden 2014 – 2016. Planlegging av oppryddingstiltak i sjøbotnen er òg gjennomført i Bergen, og i Oslo hamn vart nokre små gjenståande arbeid ferdige i starten av 2014.

Òg i dei andre av dei 17 prioriterte kyst- og fjordområda er det blitt arbeidd aktivt, både med kartlegging av forureining, planlegging av tiltak, overvaking og gjennomføring av tiltak i delområde. Arbeidet held òg fram med opprydding i forureina grunn på mange lokalitetar.

Ressursbruken under ordninga var i 2013 spesielt retta mot dei nasjonale måla 9.3 og 9.4 under det tidlegare resultatområdet Giftfritt miljø.

Post 81 Verdsarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv, kan overførast, kan nyttast under post 21

Posten gir tilskot til tre føremål: Forvaltningstiltak i verdsarvområde (10,166 mill. kroner), utvalde kulturlandskap (7,413 mill. kroner) og verdiskaping basert på naturarven (7,942 mill. kroner). Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald.

Forvaltningstiltak i verdsarvområde

Mål

Målet med tilskot til forvaltningstiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap.

Tildelingskriterium

Dei aktuelle verdsarvområda er Vegaøyan som vart tekne inn på UNESCOs verdsarvliste i 2004, og det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden som vart ført på lista i 2005. Mottakarar er stiftingane Vegaøyan Verdsarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429 post 79 Tilskot til Verdsarven.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2013

Oppfølging av norske verdsarvområde med naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftelsar på staden som mottek tilskot til drift og gjennomføring av forvaltningstiltak innanfor rammer sett i forvaltningsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2013 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvaltning i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar blant anna forvaltningsplanlegging og utarbeiding av skjøtselsplanar. Det er utarbeidd miljøanalysar og gjennomført vegetasjonskartlegging for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for naturovervaking og målretta skjøtsel. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og utvikla vidare gjennom tiltak retta mot barn og unge og besøkande. Initiativ med målsetjing å utvikle betre besøkshandtering, redusert forureining og miljøsertifisering er sette i gang eller førte vidare.

Ressursbruken var i 2013 spesielt retta mot dei nasjonale måla 6.5, 6.6 og 6.8 under det tidlegare resultatområdet Verdifulle kulturminne og kulturlandskap.

Utvalde kulturlandskap

Mål

Målet med tilskotet er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap med særskilt høge verdiar knytte til naturmangfald og kulturminneverdiar. Dette gjeld Utvalde kulturlandskap i jordbruket og prioriterte område i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap i jordbruket og prioritering av nasjonalt verdifulle kulturlandskap.

Tildelingskriterium

Om lag 6 mill. kroner av kulturlandskapsmidlane skal nyttast i utvalde kulturlandskap i jordbruket. Eit nasjonalt sekretariat leia av Landbruksdirektoratet, med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer forvaltninga av områda i samarbeid med fylka. Fylka har ansvaret for administrasjon, tilskotsforvaltning og prioritering av tiltak i samråd med områdeutval i dei enkelte områda. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltningsplanar. Om lag 1 mill. kroner frå posten blir nytta til tiltak i område prioritert i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet for å sjå til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2013

Midlane til utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei spleiseordning med landbruket, der årlege løyvingar dei siste fire åra har vore til saman 14 mill. kroner, 6 mill. kroner over denne posten og 8 mill. kroner over jordbruksavtala.

Den samla potten av midlar til ordninga for utvalde kulturlandskap blir fordelt på tiltak innafor planlegging/prosess, kulturminne, naturmangfald og landskapsskjøtsel, overvaking/dokumentasjon, formidling og andre tiltak (næringsutvikling, seterdrift, turstiar m.m.).Om lag 6 mill. kroner av totalpotten vart nytta til tiltak for å ta vare på miljøverdiar knytte til naturmangfald og landskap i områda i 2013.

I 2013 vart det løyvd støtte til tiltak i 17 område prioriterte i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. I begge ordningane bidreg midlane til å hindre attgroing, gjennomføre skjøtsel av biologisk viktige areal og gjennomføre heilt naudsynte tiltak for å ta vare på verdiar knytte til heilskaplege kulturlandskap. Områda i begge ordningane mottek òg tilskot frå andre ordningar innan miljø eller landbruk. Ressursbruken var i 2013 spesielt retta mot dei nasjonale måla 6.6, 6.7 og 6.8 under det tidlegare resultatområdet Verdifulle kulturminne og kulturlandskap.

Verdiskaping naturarv

Mål

Målet med ordninga er å medverke til at verneverdiane i verneområda blir haldne opp eller aukar slik at verneområde og andre verdifulle naturområde framleis kan vere ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til tilrettelegging for ferdsel, ulike typar informasjon, naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder og til tiltak for å betre samarbeid og kunnskap om verneområde i koplinga mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn. Tilskotet skal mellom anna gå til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar, dvs. blant anna til nasjonalparksenter, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparkkommunar. Tilskot blir tildelt konkrete tiltak knytte til verdiskaping som har naturarven som utgangspunkt, og det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot og gjennom at Fylkesmannen deltek i dei styrande organa for prosjekta, der det vert fatta avgjerder bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap.

Rapport 2013

Posten finansierte til og med 2013 verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar. Bruken av løyvinga for 2014 og 2015 skjer i forlenginga av dette programmet og dei erfaringane det gav. Naturarven som verdiskapar gjekk over ein 5-årsperiode, frå 2009 til 2013 og besto av 15 prosjekt. Årleg blei det generert resultatrapport for verdiskapingsprogrammet. Resultata indikerer ei positiv utvikling, spesielt gjeld dette talet på bedrifter som har utvida verksemda si som følgje av programmet. Følgjeevalueringa viser at programmet nådde målet om bred verdiskaping, økt forståing for vernet og å samtidig bidra til lokalsamfunnsutvikling og økt inntening til bedriftene som var med. Programmet hadde 15 prosjekter, 80 delprosjekt (praktiske tiltak) og ca 100 bedrifter med økt omsetting eller økt besøk. Dei prosjekta som byggjer vidare på tidlegare satsingar har komme lengst når det gjeld økonomisk verdiskaping. Det var eit krav om 50 pst. eigenfinansiering i prosjekta. Dei viktigaste finansieringskjeldene var kommunar og fylkeskommunar. Fleire finansieringskjelder har vore involverte, mellom anna reiselivsbedrifter, andre næringsaktørar og Innovasjon Noreg. Dette er teikn på auka lokal involvering og medverknad. Miljøvis og økonomisk verdiskaping har blitt høgt prioritert i prosjekta. Kulturell og sosial verdiskaping har òg høg prioritet, men noko lågare enn den økonomiske og miljøvise. Verdiskapingsprogrammet blir evaluert av Telemarksforsking og evalueringsrapport vil liggje føre i løpet av hausten 2014.

Ressursbruken var i 2013 retta mot det nasjonale målet 5.1 under det tidlegare resultatområdet Storslått fjellandskap.

Post 82 Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

 

(i 1000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

82.1

Tilskotordning – truga arter

11 271

19 127

22 888

82.2

Tilskotordning – truga naturtypar

19 064

13 962

10 551

Sum post 82

30 335

33 089

33 439

Posten er oppretta som følgje av naturmangfaldlova og er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald. Posten er delt i to underpostar, ein for truga arter, og ein for truga naturtypar. Underposten for truga artar omfattar mellom anna tilskot til prioriterte arter og deira økologiske funksjonsområde og arter som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for arter 2010. Underposten for truga naturtypar omfattar mellom anna tilskot til utvalde naturtypar og naturtypar som er særskilt verdifulle, til dømes fordi dei inneheld eit stort artsmangfald eller mange truga arter. Tiltak for bevaring av hubro er òg inkludert i posten med fokus på tiltak mot elektrokusjon.

Som eit innsparingstiltak er posten redusert med 7,5 mill. kroner. Frå post 21 er det flytta 7 mill. kroner i samband med fjellrev-arbeidet, jf underpost 1. Posten er gitt ei samla prisjustering på 0,9 mill. kroner.

Truga arter, inkludert hubro

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på truga plante- og dyrearter, under dette arter som er valt ut som prioriterte arter. Ordninga inkluderar òg økologiske funksjonsområde for prioriterte arter.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til truga arter. Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet stolpar/konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utvikling i hubrobestanden i desse områda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, biotopforbetrande tiltak. restaurering, aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som er nødvendige for å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for prioriterte arter, gjerding, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging i knytt til tiltak og tiltak for hindre at hubro dør som følgje av at dei brukar straumstolpar som sitjeplass.

Oppfølging og kontroll

Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2013

I 2013 kom det inn 102 søknadar til tilskotsordninga for prioriterte arter (unnateke hubro). Det vart utbetalt midlar til 63 tiltak, i alt omlag 8 mill. kroner (unnateke hubro). Midlane er gitt til konkrete tiltak, som f. eks. skjøtsel av lokalitetar med svartkurle, raud skogfrue og honningblom. Vidare er det gitt tilskot til biotopforbetrande tiltak som f. eks. salamanderdammar, og styrking av bestandar av elvemusling og edelkreps, gjerding og informasjon. 6, 6 mill. kroner av midlane gjekk til tiltak retta mot artane elvemusling, edelkreps og storsalamander. Tiltaka er sette i verk innanfor utarbeidde handlingsplanar og faggrunnlag, noko som skal styrkje artene sine høve til å overleve i lokalitetane.

Tiltaka knytte til hubro er retta mot å unngå elektrokusjon, som gjer at hubroen døyr. Dei ulike nettselskapa nyttar i tillegg eigne midlar, slik at det blir gjennomført ei vurdering av aktuelle linjestrekk der hubroen er utsett. I dei høva selskapa sjølve ikkje finn løysingar som er bra for hubroen, kan det søkjast tilskot til konkrete tiltak. I 2013 vart 14 tiltak finansierte med delvise tilskot for om lag 2,8 mill. kroner. I tillegg nytta nettselskapa om lag 3,2 mill. kroner på dei same strekningane.

Ressursbruken under ordninga i 2013 hadde samanheng med dei nasjonale måla 1.5, 2.4, 3.3, 4.4, 5.3 og 6.8 under dei tidlegare resultatområda Levande hav og kyst, Livskraftige elvar og innsjøar, Frodige våtmarker, Mangfaldige skogar, Storslått fjellandskap og Verdifulle kulturminne og kulturlandskap.

Truga naturtypar

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak og aktiv skjøtsel av truga naturtypar, under dette naturtypar som har status som utvalte naturtypar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til førekomstar av truga naturtypar.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, restaurering, gjerding, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og utvikling av skjøtsels-/tiltaksplan for tiltaket.

Oppfølging og kontroll

Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltaka blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2013

I 2013 kom det inn 435 søknadar til tilskotsordninga for utvalde naturtypar. Alle fylke i landet er no med i oppfølgingsarbeidet for handlingsplan for slåttemark, som òg gjeld for lauveng og slåttemyr. Ved utgangen av 2013 var rundt 500 verdifulle svært viktige (A) eller viktige (B) lokalitetar av slåttemark (inkludert lauveng og 11 slåttemyrar) under oppfølging. Målet i handlingsplanen er at alle A-områda og dei fleste B-områda skal skjøttast, noko som utgjer om lag 1000 område med slåttemark innan 2015. Det er laga 460 skjøtselsplanar og inngått 320 langsiktige avtaler med grunneigarar. Handlingsplanarbeidet så langt viser at både tilbakeføring av slåtteenger under gjengroing, og framhalden hevd på lokalitetar som er i god hevd frå før gir gode resultat med omsyn til å bevare ein god tilstand av naturtypen.

68 område med kystlynghei har fått tilskot til skjøtsel, restaurering, planlegging, informasjon og investeringar i tråd med tilskotsreglane i 2013. Fire område med haustingsskog har motteke tilskot til restaurering, skjøtsel og til informasjon i 2013.

Det er gjennomført trepleie/skjøtsel av ca. 90 hole eiker, det er gitt tilskot til gjerding kring ein kalksjølokalitet, og til skjøtsel av ein lokalitet med kalklindeskog. Det er òg gitt midlar til å vidareføre eit større prosjekt med skjøtsel av ein lokalitet med ålegraseng.

Ressursbruken under ordninga i 2013 hadde samanheng med dei nasjonale måla 1.4, 2.1, 3.1, 4.1, 5.1 og 6.5 under dei tidlegare resultatområda Levande hav og kyst, Livskraftige elvar og innsjøar, Frodige våtmarker, Mangfaldige skogar, Storslått fjellandskap og Verdifulle kulturminne og kulturlandskap.

Post 84 Internasjonale avtaler og medlemskap

Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda 1 Naturmangfald, , 4 Forureining, men òg til 3 Friluftsliv, 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar, klima, og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)

  • Conseil International de La Chasse (CIC)

  • International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)

  • Wetlands International (WI)

  • BirdLife International (BI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den norske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)

  • Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)

  • Working Group on Harmonization of regulatory oversight in Biotechnology (WGHROB) under Biosafety-programmet til OECD

  • Konvensjon om langtransportert luftforurensning, kjerneoppgåver som ikkje blir omfatta av bidraget til EMEP-protokollen

  • Common Forum on Contaminated Land

  • The European Union Network for the Implementation and International Transaction Log (IIL)

  • Enforcement of Environmental Law (IMPEL)

  • Organization of Economic co-operation and Development(OECD)

Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske organisasjonen for laksevern, North Atlantic Salmon Conservation Organization (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Rapport 2013

Midlane dekte i 2013 medlemskontingenten i NKV, EUROPARC ,IUCN,WI og ProGEO. I tillegg vart det gitt støtte til IUCN World Parc Congress 2014, bidrag til Bernkonvensjonens arbeid og støtte til ProGEO News.

Post 85 Naturinformasjonssenter, kan overførast

Tilskotsordninga på posten er i hovudsak retta mot resultatområda 1 Naturmangfald og 3 Friluftsliv. Naturinformasjonssentra skal vere spydspissar i kvalitetsformidling av kunnskap om nasjonalparkar, villrein, våtmark, rovdyr, fugl og villaks til lokalbefolkninga og tilreisande, spesielt barn og unge. Posten er styrkt med 1 mill. kroner til auka grunntilskot for dei autoriserte sentra og autorisering av våtmarkssenter. Samstundes har posten fått ei prisjustering på 1 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til drift, utvikling og etablering av naturinformasjonssenter.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing for sentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentra viser at dei fyller autorisasjonskrava.

Tildelingskriterium

Autoriserte nasjonalpark- og naturinformasjonssenter kan søkje om eit årleg grunntilskot til aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing m.m.. Grunntilskotet i 2015 er auka til 850000 kroner pr. senter. Autoriserte senter kan i tillegg søkje om tilskot for å etablere ekstra tilbod for publikum i senter som har stort potensial for stor publikumstilstrøyming og samarbeid med reiselivet. Autoriserte senter kan óg søke kompetansetilskot til oppgåver som nøytrale kunnskapsformidlarar/kompetansesenter. Både autoriserte senter, andre som arbeider med naturinformasjon (for eksempel museum og stiftelsar) og naturinformasjonssenter som ikkje er autoriserte, kan søkje om tilskot til utstillingar og informasjonstiltak.

Tabell 6.2 Type senter

Tema for senter

(i 1000 kr)

Nasjonalparksenter og forvaltningsknutepunkt

26 070

Villreinsenter

6 600

Våtmarkssenter

6 250

Rovviltsenter

6 700

Klimapark 2469

1 100

Laksesenter, Namsos

1000

Sum

47 720

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer årsmelding og revidert rekneskap, og budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentra rapporterer tal på besøkande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukarundersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret, og på andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.

Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til nasjonalparksenter på 2 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2013

Det vart i 2013 gitt grunntilskot til 15 autoriserte nasjonalparksenter. Det vart etter søknad gitt tilskot til fornying av utstillingar og informasjonstiltak, og til opparbeiding og tilrettelegging av forvaltningsknutepunkt. Under autorisasjonsordninga for rovviltsenter og våtmarkssenter vart Polar Zoo i Bardu autorisert som rovviltsenter i 2013, slik at til saman tre rovviltsenter fekk tilskot. Fem våtmarkssenter fekk òg tilskot. Det er vidare gitt tilskot til senter for laks, Norsk villreinsenter og til informasjonstiltak gjennom Klimapark 2469 med fokus på klimaendringar og naturfaglege aspekt og verneverdiar i Jotunheimen nasjonalpark.

Liste over alle sentra som fekk tilskot i 2013 er: Norsk Villreinsenter, Kunnskapssenter for laks og vassmiljø, Polar Zoo, Namskogan familiepark, Bjørneparken i Flå, Breheimsenteret, Femundsmarka nasjonalparksenter, Folgefonna nasjonalparksenter, Halti nasjonalparksenter, Hardangervidda nasjonalparksenter, Hardangervidda natursenter, iNasjonalparkar, Jostedalsbreen nasjonalparksenter, Lierne nasjonalparksenter, Nordland nasjonalparksenter, Norsk Bremuseum, Norsk Fjellmuseum, Stabbursnes naturhus og museum, Ytre Hvaler nasjonalparksenter, Øvre Pasvik nasjonalparksenter, Balsfjorden våtmarkssenter – Midt-Troms museum, Dokkadelta våtmarkssenter, Lista Fuglestasjon, Runde miljøsenter, Stiftinga Sunnmøre Museum avdeling Sykkylven, Naturhistorisk Museum, Gjesværstappan – informasjonssenter for sjøfugl, Kvikne nasjonalparksenter og Bunova i Vingelen.

Ressursbruken under ordninga hadde i 2013 samanheng med dei nasjonale måla 3.1, 4.1, 5.1 under dei tidlegare resultatområda Frodige våtmarker, Mangfaldige skogar og Storslått fjellandskap.

Kap. 4420 Miljødirektoratet

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Oppdrag og andre ymse inntekter

382

1 363

1 401

02

Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

957

04

Gebyr, forureiningsområdet

44 040

29 759

34 587

06

Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

20 546

27000

27 752

07

Gebyr, kvotesystemet

3 019

10 600

10 895

08

Gebyr, naturforvaltningsområde

3 211

4 298

4 618

09

Internasjonale oppdrag

48 391

29 084

7000

Sum kap. 4420

120 546

102 104

86 253

Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter På posten er det budsjettert med enkelte ulike oppdragsinntekter og leigeinntekter som direktoratet har i samband med utleige av nokre kontorlokale og sitt konferansesenter i Oslo. Oppdragsinntektene er hovudsakeleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog. På posten blir òg ført ymse inntekter, som frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1420 post 23 Driftsutgifter.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 04 Gebyr, forureiningsområdet

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet. Posten er auka med 4 mill. kroner i samband med den nye sertifiseringsordninga for fluorerte klimagassar. I tillegg er posten prisjustert med om lag 1 mill. kroner. Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:

  • gebyr frå utferding av sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (forskrift om fluorerte gassar). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til blant anna lekkasjetesting og kvalifikasjonar til teknisk personell. EU vedtok 16. april 2014 ei revidert forordning som utvider sertifiseringsordninga til óg å gjelde personell som handterer kjølebilar og GIS-anlegg. Dette står bak aukinga på posten med 4 mill. kroner.

  • gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta)

  • gebyr for tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av forskrift om klassifisering og merking m.v. av farlege kjemikaliar

  • gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kjøp av tenester ved drift av systemet

  • gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret), i medhald av avfallsforskrifta. Alle som importerar og produserar elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg pliktar å vera medlem av eit godkjent returselskap. Returselskapa finansierer drifta av EE-registeret gjennom eit gebyr som avheng av deira marknadsdel.

  • gebyr for eksport og import av avfall. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall må ha løyve til dette. Gebyret er basert på Miljødirektoratet sin timebruk og timekostnad til handsaming av søknadar om eksport og import av avfall

  • I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, som for eksempel gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidprodukt.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 06 Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

Posten omfattar inntekter til Fylkesmannen frå gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 07 Gebyr, kvotesystemet

Miljødirektoratet forvaltar kvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene sine årlege utsleppsrapportar blir kontrollerte og verifiserte av Miljødirektoratet.

I tråd med føresegnene i kap. 39 i forureiningsforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved utarbeiding av løyve til kvotepliktige utslepp finansierast av gebyr.

I tråd med føresegnene i kap. 9 i kvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved godkjenning av utsleppsrapportar finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Miljødirektoratet har òg ansvaret for å drifte det elektroniske kvoteregisteret.

Post 08 Gebyr, naturforvaltningsområde

Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, til utgifter i samband med merkjepliktig vilt, og til utgifter ved kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftskonsesjonar.

Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1420 post 23 Driftsutgifter til å drive eksamensordninga. Utover den generelle prisutviklinga har utgiftene til drift av jegerprøven auka på grunn av utvikling av nye elektroniske løysingar tilpassa dagens behov. Ein gjer derfor framlegg om å auke gebyret med 20 kroner til 300 kroner.

Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret har vore 400 kroner pr. individ sidan 2005. Ut frå den generelle utviklinga av kostnader gjer ein framlegg om å auke gebyret til 450 kr pr individ.. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1420 post 01.

Miljødirektoratet tok i 2012 i bruk sin heimel til å krevje refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova § 57-58 og den enkelte konsesjon.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten kjem frå andre statsinstansar og skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420 post 23 til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, for eksempel institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare og trappa opp. Posten er foreslått redusert med 27 mill. kroner, fordi dei andre statsinstansanes budsjettposter vil bli belasta direkte ved bruk av belastningsfullmakter for dei fleste av oppdraga. Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

15372

15000

12803

21

Spesielle driftsutgifter

29670

30600

26072

70

Tilskot til fiskeformål, kan overførast

11100

11500

11000

71

Tilskot til viltformål, kan overførast

25258

27600

27600

Sum kap. 1425

81400

84700

77475

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområde1 Naturmangfald, men involverer òg resultatområde 3 Friluftsliv gjennom tilrettelegging for jakt og fiske.

Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01 og kap. 1410 post 50 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet, post 71 Jeger- og fellingsavgifter og post 72 Fiskaravgifter.

Samla sett er løyvingane reduserte med 7,2 mill. kroner i høve til 2014. Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015, er 4,7 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett. Dette skal ikkje innverke på aktivitetsnivået finansierte frå postane. Anna reduksjon er primært knytt til ei markant nedgang i talet på innbetalte fiskaravgifter.

Både jeger- og fiskaravgiftene blir foreslått auka som følgje av prisstigninga, men det er samstundes gjort ei avkorting i aukingane på 228000 kroner som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. Fordi det òg er ein viss reduksjon i innbetalte jegeravgifter, gir ikkje prisjusteringa auka inntekter til finansiering av vilttiltak, berre ei vidareføring om lag på dagens nivå.

For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 1420, 5578 og inntektene til dei to fonda, viser vi til omtale under kap. 5578.

Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Fylkesmannsembeta.

Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 21 går til føremål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga. For at det skal vere ei tydeleg og kontrollerbar deling mellom tilskot som blir løyvde til enkeltpersonar og organisasjonar over 70-postar på den eine sida, og på den andre sida spesielle driftsutgifter der ein regionalt eller sentralt set ut oppdrag til andre, vart det oppretta ein ny post 21 i 2013.

Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Føremålet med drøftingane er å sikre at midlane blir nytta på ein kostnadseffektiv måte og i tråd med måla innan vilt- og fiskeforvaltninga. Dette må sjåast i nær samanheng med arbeidet for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på bl.a. driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå ei samla målsetjing.

Store delar av dei midlane som blir løyvde til vilt- og fisketiltak blir nytta ved at brukarar, organisasjonar og lag søkjer om midlar til konkrete tiltak. Frå 2009 har ein kunna søkje om tilskot til vilttiltak og fisketiltak i eit nettbasert søknadssenter i regi av Miljødirektoratet. Føremålet har vore å sikre lik behandling og betre utnytting av resultata frå tiltaka som blir utførte. Det er no obligatorisk for søkjarar å sende inn søknad til dette søknadssenteret. Frå 2014 er det òg lagt til rette for at allmenta skal kunne ta del i søknader og resultat for dei einskilde tiltaka som mottek midlar.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområda1 Naturmangfald og 3 Friluftsliv.

Posten dekkjer utgifter til lønn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga slik som det nasjonale jegerregisteret i Brønnøysund, utarbeiding av jaktstatistikk, og utgifter til utvikling og drift av betalingstenesta for jeger- og fiskaravgiftene, under dette trykking, porto og informasjonstiltak.

Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015, er 1,7 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett. Som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform er posten redusert med 75000 kroner. Resterande reduksjon i posten skuldast nedgang i talet på avgiftsinnbetalingar til fonda.

Rapport 2013

Løyvinga er brukt til vidareutvikling av villaksportalen.no og til drift av betalingstenesta for fiskaravgift. Løyvingane innanfor viltforvaltinga er nytta til å oppretthalde verksemda i dei statlege villreinnemndene, slik at desse kan behandle den løpande bestandsforvaltinga og vere ein aktør i høve til andre sektorar som nyttar areal i villreinområda. Utover dette er den aktiviteten som blir driven i samband med jegerregisteret oppretthalden på same nivå, og at Statistisk Sentralbyrå produserer statistikken over jegerar og jaktutbytte, og slik bidreg til overvaking av bestandar og deira utvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Naturmangfald og 3 Friluftsliv.

Posten vart oppretta i 2013 for å etablere ei tydelig deling mellom på den eine sida tilskot som blir løyvde til enkeltpersonar og organisasjonar over 70-postar, og på den andre sida spesielle driftsutgifter som blir sette ut som oppdrag til andre eller utførte av statlege verksemder. Til posten vart det i 2013 tilført midlar frå post 01, post 70 og post 71.

Posten skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av direktoratet eller fylkesmenn. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene posterast på post 21. Dette gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, forsking og utgreiing.

Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015, er 3,1 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett. Som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform er posten redusert med 153000 kroner. Resterande reduksjon i posten skuldast nedgang i talet på avgiftsinnbetalingar til fonda.

Rapport 2013

Løyvinga er brukt til utviklingsarbeid knytt til gytebestandsmål for villaks, overvaking i Tanavassdraget, utvikling og drift av fangststatistikken og overvakingsprogram for rømt oppdrettsfisk. Innanfor viltforvaltinga er midlane nytta til forsking og utgreiing som gir eit betre kunnskapsunderlag for forvalting av både haustbare arter og arter med meir usikre bestandstilhøve.

Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområda 1 Naturmangfald og 3 Friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak.

I 2015 er posten foreslått redusert med 0,5 mill. kroner. Dette skuldast nedgang i talet på innbetalte fiskaravgifter. Ein viser til nærare omtale av fiskaravgiftene og fondet under kap. 5578 post 72 Fiskaravgifter.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å sikre og utvikle bestandar av vill anadrom laksefisk og leggje til rette for og motivere til fiske.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga bidreg til å nå målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Tiltak som kan få tilskot er tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og røye, under dette kultiveringstiltak, driftsplanlegging, praktisk nytta forsking og overvaking. Det kan vidare bli gitt tilskot til tiltak som betrar tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta og tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Rapport 2013

I 2013 har det vore eit sentralt mål å gje tilskot til ei rekkje tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte opp mot informasjon og forvaltning av anadrom laksefisk. Det er òg ytt tilskot til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske. Det er vidare gitt tilskot til anvend forsking og overvaking.

Ein stor del av tilskotsposten er disponert av fylkesmennene for å støtte tiltak som informasjon, anvend forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Det er totalt gitt tilskot til 147 lokale tiltak i 2013. Samla har dette medverka til betre forvalting av laks, sjøaure og sjørøye, og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.

Løyvingane til tilskot i 2013 og behandlinga av den einskilde søknaden har samla sett bygd opp under det nasjonale målet 2.6 under det tidlegare resultatområdet Livskraftige elvar og innsjøar. Dei som nyttar tilskotsordningane eller resultata har eigeninteresse i å medverke til å oppnå måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne oppretthalde hausting.

Ressursbruken under ordninga hadde i 2013 samanheng med dei nasjonale måla 2.1, 2.5, 2.6 under det tidlegare resultatområdet Livskraftige elvar og innsjøar.

Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast

       

(i 1000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

71.1

Hjortevilttiltak

3296

3250

3250

71.2

Villreintiltak

2518

2850

2850

71.3

Lokale vilttiltak m.v.

17494

17000

17000

71.4

Viltovervaking

1950

4500

4500

Sum post 71

25258

27600

27600

Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Naturmangfald og 3 Friluftsliv.

Utgifter knytte til tiltak der Miljødirektoratet eller fylkesmenn kjøper oppdrag frå andre er flytta til ein ny post 21 frå 2013. Utgifter knytte til tiltak der fylkeskommunane er ansvarlege er framleis budsjetterte under post 71. Samstundes vert det streka under at post 21 og post 71 må sjåast i samanheng dersom ein vil ha heilskapen i løyvingane til vilttiltak. På same måten må ein sjå løyvingar frå fylkeskommunar, fylkesmenn og Miljødirektoratet samla, ettersom desse forvaltar ulike delar av artsomgrepet. Samla sett er løyvingane til vilttiltak baserte på inntekter frå avgiftene, jf. omtale under kap 5578 post 71.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskot av viltet, og at naturens produktivitet og mangfald blir teke vare på nasjonalt og regionalt.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga gjennom støtte til god forvaltning av viltet på nasjonalt og regionalt nivå medverkar til at det blir eit haustingsverdig overskot og slik at produktivitet og artsmangfald i naturen blir teke vare på. Tiltaka som blir sette i verk skal medverke til å gi eit betre kunnskapsunderlag om arter og bestandar, eller om korleis dei kan haustast på beste vis. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Det blir gitt tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jaktmoglegheiter, kartlegging av viltressursane/viltets leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar, innarbeiding av viltets leveområde og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova, iverksetjing av tiltak der målet er betre bestandsoversikt, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarar sitt driftsplanarbeid, forskings- og studentoppgåver og andre særleg prioriterte viltformål. Søknader om tilskot til tiltak som inngår som ein del av eit planmessig arbeid blir prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. I 2012 vart det gjennomført ein forvaltningsrevisjon av Riksrevisjonen for desse ordningane. Dei manglane som vart påpeika der vil bli retta.

Rapport 2013

Løyvingane er i 2013 nytta omtrent som tidlegare år. For 2013 vart det levert 824 søknadar om vilttiltak i søknadssenteret. Av desse behandla direktoratet 143 søknadar, fylkesmennene 361 søknadar, og fylkeskommunane 320 søknadar.

Det har vore ytt tilskot til dei fleste aktørar og grupper som arbeider med viltforvaltning. Ordninga har gitt støtte til tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag, og medverkar i relevante større prosjekt der andre har hovudfinansieringa. Ordninga er òg nytta til å støtte studentprosjekt, der dette inneber at det blir gjennomført fagleg relevante undersøkingar.

Ordninga er med på å auke tiltaksvolumet, stimulere ungdom og andre til friluftsliv og uteaktivitet, og gir eit utvida kunnskapsgrunnlag både for økosystem og arter.

Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskotsmidlane skal verte tilgjengelege for alle interesserte, og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellykka former for tiltak. Frå 2013 er alle rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat lagt inn i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Løyvingane til tilskot og behandlinga av den einskilde søknaden skal samla sett underbyggje dei nasjonale måla for området. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar vil det vere ei stor breidd i type tiltak, og i kva ein kan oppnå på eit enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betalar avgift som nyttar høvet til å søke tilskot, eller nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Det er vidare slik at ressurstilgangen samla sett er vurdert å vere god nok i forhold til dei prioriterte tiltaka. Dei som nyttar tilskotsordningane eller resultata har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonal måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne oppretthalde haustinga, og ha eit tilstrekkeleg godt kunnskapsunderlag for forvaltinga.

Ressursbruken under ordninga hadde i 2013 samanheng med dei nasjonale måla 4.5, 5.4 og 5.5 under dei tidlegare resultatområda Mangfaldige skogar og Storslått fjellandskap.

Underpost 71.1 Hjortevilttiltak

Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvaltning av hjortevilt. Midlar blir nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m.

Underpost 71.2 Villreintiltak

Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak.

Underpost 71.3 Lokale vilttiltak m.v.

Midlane skal nyttast til tilskot i form av vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskotsmidlane som fylkeskommunane nyttar samla på denne underposten. I samband med regionreforma har fylkeskommunane fått forvaltningsansvaret frå fylkesmannen for enkelte arter. Den einskilde fylkeskommunen gir etter søknad midlar frå posten til praktiske tiltak knytte til desse artene. Ettersom fylkesmannen på same tid forvaltar tilskotsmidlar innanfor sitt forvaltningsområde er det krav om god samordning av bruken av midlane.

Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning.

Underpost 71.4 Viltovervaking

Midlane blir nytta som tilskot til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

71

Jeger- og fellingsavgifter

16817

75200

74982

72

Fiskaravgifter

77600

18000

15684

Sum kap. 5578

94417

93200

90666

I tillegg til å finansiere utgifter under kap. 1425, dekkjer kap. 5578 postane 71 og 72 òg noko av utgiftene til vilt- og fiskeforsking under kap. 1410 post 50, og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01.

Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til fonda i 2014 og 2015, jf. omtale under kvart fond nedanfor.

Post 71 Jeger- og fellingsavgifter

Jeger- og fellingsavgiftene som blir innbetalte til Viltfondet er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

I dette framlegget er løyvinga om lag uendra i høve til 2014. Det er venta same nivå på innbetalingane i 2015 som i 2014. Avgiftene blir prisjusterte i 2015, men det er trekt frå 218000 kroner som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. Det som trekker mest ned er likevel at det er venta færre innbetalingar ettersom talet på aktive jegerar og tal felte elg er redusert.

Nærare om Viltfondet

Mål

§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».

Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:

Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.

I den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt.

I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Omleggingsarbeidet blir følgt opp fortløpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar frå innbetalte avgifter føregåande år blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet.

Jeger- og fellingsavgiftene vart sist endra i 2013. Ein gjer framlegg om å prisjustere desse for 2015. Satsane for dei ulike avgiftene er oppgitte i tabell 6.3.

For oversikta sin del er dei økonomiske konsekvensane for kommunane i 2015 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.

Tabell 6.3 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2015 (tal i heile kroner)

Type avgift:

Storleiken på avgifta i 2015

Estimert tal på innbetalingar

Venta innbetalt totalbeløp

Inntektsført

Jegeravgift generelt:

316

195000

61620000

Viltfondet

Jegeravgiftstillegg hjortevilt:

84

92000

7728000

Viltfondet

Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk:1

195

20000

3900000

Viltfondet

Gebyr ekstra jegeravgiftskort:

64

2000

128000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen rein:

279

5 100

1422 900

Viltfondet

Fellingsavgift reinkalv:

163

2000

326000

Viltfondet

Sum statlege avgifter:

75124 900

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen elg:

510

23 700

12087000

Kommunane

Fellingsavgift elgkalv:

300

11 200

3360000

Kommunane

Fellingsavgift vaksen hjort:

390

27 100

10569000

Kommunane

Fellingsavgift hjortekalv:

236

9000

2124000

Kommunane

Sum kommunale avgifter:

28140000

Kommunane

1 Innkrevjing skjer etterskotsvis i 2015 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2013/2014. Talet er vurdert til om lag 20000.

Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 6.4.

Tabell 6.4 Berekning av kapital i Viltfondet i 2015

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.13:

3 955

Budsjettert innbetalt i 20141:

75 337

Budsjettert refusjon i 2014 (utbetalingar frå fondet):

-75 200

Budsjettert saldo pr. 31.12.14:

4 092

Budsjettert innbetalt i 20152:

75 525

Budsjettert refusjon i 2015 (utbetalingar frå fondet):

-74 982

Budsjettert saldo pr. 31.12.15:

4 635

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Viltfondet blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.

Inntektene over kap. 5578 post 71 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1425 postane 01 og 71, kap. 1420 post 01, og forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50. I budsjettet for 2015 gjer ein framlegg om at 5,14 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysundregistra for drifta av Jegerregisteret. Planlagt bruk av inntektene går fram av tabell 6.5.

Tabell 6.5 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2015

(i 1000 kr)

Formål

Drift av villreinnemndene, drift av jegerregisteret, offentleg jaktstatistikk og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltning (kap.1425.01):

12 477

Meirverdiavgift som føres under Finansdepartementet

1 591

Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.v. (kap. 1425.21):

24 183

Meirverdiavgift som føres under Finansdepartementet

2 852

Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1):

3 250

Villreintiltak (kap. 1425.71.2):

2 850

Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3):

17000

Viltovervaking (kap. 1425.71.4):

4 500

Sum under kap. 1425:

68 703

Viltforsking, NINA (kap.1410.50):

2 998

Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet (kap 1420 post 01):

3 281

Totalsum:

74 982

Spesielt om hjortevilt og fallvilt

Sjølv om kommunane har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar til finansieringa av nødvendige nasjonale oppgåver.

Når det gjeld fallvilt, er det behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må gjennomførast av Miljødirektoratet. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er derfor budsjetterte under kap. 1425 post 21 Spesielle driftsutgifter. For dei artene der fallviltet har ein salsverdi etter at naudsynte analysar av dyra er gjennomførte, omset Miljødirektoratet skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.

Spesielt om lisensfelling av rovvilt

Lisensfelling av rovvilt vart innført i 2005. I 2006 vart det innført ei ordning slik at dei som deltek i lisensfelling registrerer seg særskilt i Jegerregisteret. Det er førebels ikkje lagt opp til at denne gruppa jegerar skal betale særskilte avgifter slik som hjorteviltjegerar.

Post 72 Fiskaravgifter

Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Posten er foreslått redusert med 2,3 mill. kroner i høve til 2014, sjølv om fiskaravgiftene blir auka grunna prisstigninga. Reduksjonen skuldast nedgang i talet innbetalingar. Det skal òg nemnast at prisjusteringa av avgiftene er avkorta med 52000 kroner som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform

Nærare om Statens fiskefond

Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrom laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål.

Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.

Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember og vart sist justerte i 2013. For 2015 gjer Regjeringa framlegg om å endre avgiftene tilsvarande prisstigninga i perioden.

Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag i 2015 blir 247 kroner for enkeltpersonar, mens familieavgifta blir 394 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 18 og 20 år.

Fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli har ei årsavgift på 616 kroner, mens satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli er på 374 kroner.

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabell 6.6.

Tabell 6.6 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2015

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.13:

1 658

Budsjettert innbetalt i 20141:

15000

Budsjettert refusjon i 2014 (utbetalingar frå fondet):

-15000

Budsjettert saldo pr. 31.12.14:

1 658

Budsjettert innbetalt i 20151:

15 684

Budsjettert refusjon i 2015 (utbetalingar frå fondet):

-15 684

Budsjettert saldo pr. 31.12.15

1 658

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Statens fiskefond blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 01, 21 og 70) og kap. 1420 (post 01), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50.

Planlagt bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabell 6.7.

Tabell 6.7 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Statens fiskefond i 2015

(i 1000 kr)

Formål

Administrasjon m.v. (kap. 1425.01):

326

Meirverdiavgift som føres under Finansdepartementet

71

Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21)

1 889

Meirverdiavgift som føres under Finansdepartementet

219

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

11000

Sum under kap. 1425:

13 505

Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet(kap. 1420.01)

1 196

Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50):

983

Totalsum

15 684

Spesielt om lokale tiltak

I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø og omfattar verksemda til Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond.

Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2015 på om lag 619,7 mill. kroner. Dette er ein auke på 5,5 mill. kroner netto, samanlikna med saldert budsjett for 2014. Løyvingane på kulturminneområdet går til å følgje opp intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004 – 2005) Leve med kulturminner og Meld. St. 35 (2012 – 2013) Framtid med fotfeste. I sistnemnde melding, som vart behandla av Stortinget i 2013, er både ambisjonsnivået og måla som Stortinget vedtok i 2005 haldne ved lag og førte vidare. Målsetjinga er å ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Det er også eit mål at eit utval av kulturminne og kulturmiljø som dokumenterer geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsmessig breidde skal ha varig vern innan 2020, ved freding. Løyvinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø og midlar til å føre vidare arbeid med verdiskaping knytt til kulturminne og kulturmiljø.

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1429

Riksantikvaren

535 594

550 519

554 166

0,7

1432

Norsk kulturminnefond

63 590

65 487

3,0

Sum kategori 12.30

535 594

614 109

619 653

0,9

Kap. 1429 Riksantikvaren

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

124 955

135 348

130 159

21

Spesielle driftsutgifter

72 954

37 735

67 953

50

Tilskot til samisk kulturminnearbeid

3 195

3 307

3 399

60

Kulturminnearbeid i kommunane

2000

4000

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

30 005

29 605

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

120 402

114 375

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

252 994

58 821

50 432

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

14 274

41 997

44 997

74

Tilskot til fartøyvern, kan overførast

47 812

56 712

56 329

75

Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

1 439

6 726

6 726

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast

9 471

8 264

7 964

78

Tilskot til sikring og forvaltning av arkeologiske kulturminne, kan overførast

8 500

79

Tilskot til verdsarven, kan overførast

49 202

38 227

Sum kap. 1429

535 594

550 519

554 166

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og Klima- og miljødepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminneforvaltning. Innsats og verkemiddel er særleg knytte til gjennomføring av 10 bevaringsprogram for nasjonalt viktige kulturminne, til prosjektet Kunnskapsløft for kulturminneforvaltninga og til verdiskaping på kulturminneområdet. Riksantikvaren skal i partnarskap med eigarar og næringsliv stimulere til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allmenta og næringslivet.

I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet til fylkeskommunane, Sametinget, forvaltningsmusea og Sysselmannen på Svalbard som regionale styresmakter for kulturminne. Tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.

Post 01 Driftsutgifter

Hovuddelen av løyvinga dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltninga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429 post 02 og 09.

Posten dekkjer òg driftsutgifter for Nasjonalt Pilegrimssenter i Trondheim. Senteret er finansiert av Klima- og miljødepartementet og Kulturdepartementet. Som ein del av arbeidet med den nasjonale pilegrimssatsinga vart det i 2014 rammeoverført 5,682 mill. kroner frå Kulturdepartementet til Klima- og miljødepartementet. Desse midlane skal gå til drift av fem regionale pilegrimssenter som vart etablerte i 2010.

Posten er redusert med om lag 5,2 mill. kroner. Endringa er samansett og består av både utgiftsauke som lønns- og priskompensasjon og utgiftsreduksjonar. Reduksjonane på posten skuldast i hovudsak innføring av ordninga med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga, prioritering av andre formål og en foreslått flytting av midlar til drift av Kongsvoll fjellstove til post 21. Sistnemnde for å skilje beløpet frå Riksantikvarens eige driftsbudsjett.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429, post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlar på denne posten blir nytta til kjøp av digitale utviklingstenester, støtte til registreringsarbeid og til å utvikle og etablere kompetansetiltak innanfor prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga (2011 – 2017) – ei omfattande satsing som er sett i gang av Riksantikvaren som eit svar på Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon, Dokument 3:9 (2008 – 2009).

Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltningsansvar for.

Riksantikvaren lyser ut Forskings- og utviklingsmidlar innanfor denne potten, og bestiller utgreiingar bl.a. på klima- og energifeltet.

Posten dekkjer òg kjøp av utviklingstenester for nett og arkiv.

Riksantikvaren har eit ansvar for å medverke til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, markere Noreg som ein viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innanfor fagfeltet og som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av bygningar i tre. Post 21 inkluderer prosjektmidlar til fagleg samarbeid med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid. Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten.

Posten er auka med om lag 30,2 mill. kroner.

Auken består i 26,5 mill. kroner som er foreslått flytta frå tilskotspostane 70, 71, 72, 73, 74, 77 og 79 til post 21. Desse midlane skal nyttast til kjøp av vedlikehald- og istandsetjingstenester i prosjekt der Riksantikvaren står som tilsegnshavar og gjennomfører prosjekta.

Auken omfattar også ein styrking av arbeidet med brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer med 20,0 mill. kroner. Av desse er 6,0 mill. kroner satt på post 21 og 14,0 mill. kroner på post 73. Vidare omfattar auken ein styrking av innsatsen i prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga med 3,0 mill. kroner.

Midlar til drift av Kongsvoll fjellstove, som har vore belasta post 01, er foreslås flytt til post 21 for å skilje midlane frå Riksantikvarens eige driftsbudsjett. Det foreslås også å omdisponere 2 mill. kroner til post 60 som gjeld styrking av kommunal kompetanse.

Andre endringar skuldast innføring av nøytral meirverdiavgift i staten.

Post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid

Midlane er stilte til disposisjon for Sametinget, og skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål frå kap. 1429 post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap.

Mål

Å setje i stand og synleggjere samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane under post 50 er relaterte til dei nasjonale måla 2.1 – 2.4.

Kriterium for måloppnåing

  • Tal på registrerte freda, samiske kulturminne i privat eige i kulturminnedatabasen Askeladden.

  • Tal på freda, samiske bygg i privat eige med ordinært vedlikehaldsnivå.

  • Opplysningar om tiltak retta mot freda, samiske kulturminne.

Tildelingskriterium

Målgruppa er private eigarar av samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane blir tildelte større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, men går òg til skjøtsel, sikring, istandsetjing og formidling, etter søknad til Sametinget.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skal skje overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle kan det vere aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Post 60 Kulturminnearbeid i kommunane

Posten var ny i 2014 og oppretta som eit ledd i ei særskilt satsing, frå 2. halvår 2014 til 1. halvår 2016, på kommunal kompetanse. Midlane på posten er tilskot, som saman med midlar frå kommunane, skal initiere til etablering av byantikvarstillingar i 10 kommunar.

Posten er auka med 2 mill kroner. Dette er midlar foreslått flytte frå post 21 til post 60 for å styrkje arbeidet med kommunal kompetanse.

Mål

Målet er å etablere ein kommunal faginstans som skal sikre at kommunane har kunnskap om, og gode oversikter over kulturhistoriske verdiar i eigen kommune, og planar for å ta vare på eit utval av desse på ein god måte. Midlane på posten er relaterte til nasjonalt mål 2.1: Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Innan2020 skal det liggje føre oversikter over verneverdige kulturminne og kulturmiljø for kvar kommune som grunnlag for å prioritere eit utval som skal takast vare på.

Kriterium for måloppnåing

  • Tal på kommunar som har oppretta stillingar som byantikvar

Tildelingskriterium

Målgruppa er store og mellomstore bykommunar. Kommunane som er i NB!-registeret (http://nb.ra.no/nb), og som ikkje har byantikvar frå før, er inviterte til å søkje om tilskot til oppretting av byantikvarstillingar.

Kommunar med særskilt behov for å styrkje kulturminnekompetansen, mellom anna grunna stort press på areal, freda kulturmiljø, mange område regulerte til bevaring eller omsynssoner, utfordringar knytte til brannsikring eller til klimaendringar, vert prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane skal rapportere om bruken av midlane til Riksantikvaren.

Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

Posten erstattar post 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak m.m., 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne og 78 Tilskot til sikring og forvalting av arkeologiske kulturminne i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012 – 2013).

Posten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak og når særlege grunnar ligg føre.

Delar av midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for bergkunst og for utvalde, arkeologiske kulturminne.

Posten dekkjer òg tilskot til arkeologiske museum, sjøfartsmuseum og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).

Posten er òg nytta til finnarløn.

0,4 mill. kroner er foreslått flytt frå posten til post 21 og skal nyttast til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester i prosjekt der Riksantikvaren står som tilsegnshavar og gjennomfører prosjekta.

Mål

Medverke til forvaltning av, og ivaretaking av kunnskapen om, automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.

Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål 2.2: Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan2020.

Kriterium for måloppnåing:

  • Tiltak retta mot sikring, tilrettelegging og dokumentasjon av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne i bevaringsprogrammet for bergkunst og bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne

  • Tiltak retta mot sikring av kunnskap om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne

Tildelingskriterium

Målgruppa for tilskotet er tredelt:

Ei målgruppe er private tiltakshavarar. Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak og dersom det ligg føre særlege grunnar, jf. kulturminelova § 10.

Ei anna målgruppe er eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne. Tilskota blir i hovudsak nytta til oppfølging av dei to bevaringsprogramma utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø og bergkunst. Tilskot kan mellom anna gå til skjøtsel, restaurering og formidling, og til tiltak som gir auka tilgjenge eller som medverkar til å avgrense slitasjen på kulturminna. Tiltak der mellom anna lokalt engasjement eller særlege opplevings- og formidlingsverdiar er knytte til kulturminna skal prioriterast. Midlane blir tildelte etter søknad til Riksantikvaren.

Den siste målgruppa er forvaltingsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrift. Midlane kan nyttast til nødvendig fagleg assistanse til fylkeskommunane og Sametinget i forvaltingssaker. Midlane skal òg dekkje nødvendig fagleg assistanse frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) i samband med forvaltning av oppgåver der Riksantikvaren er rett styresmakt. Midlane skal vidare nyttast til å dekkje utgifter til nødvendige undersøkingar for å sikre det vitskaplege kjeldematerialet og til anna arbeid for å sikre kulturminnet på staden, og til hjelp i kulturminnekriminalitetssaker, ved dei arkeologiske forvaltningsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved sjøfartsmusea.

Posten dekkjer òg finnarløn som blir fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal kontrollere at tiltakshavar oppfyller kriteria for å få tilkjent dekning av registreringar og utgravingar. Riksantikvaren overfører midlar til dei arkeologiske forvaltningsmusea og til regional kulturminneforvaltning etter framlegging av rekneskap over forskotterte midlar og etter framlagt sluttfaktura.

Eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne leverer sluttrapportar på utført arkeologisk arbeid til Riksantikvaren som kontrollerer at arbeidet er utført i samsvar med dei aktuelle vilkåra. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Forvaltningsinstitusjonar rapporterer om bruk av tildelte midlar.

Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap

Posten erstattar post 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg i privat eige, 72.4 Kystkultur og 72.5 Vern og sikring av freda og særleg verdifulle kulturmiljø og landskap i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012 – 2013). Delar av midlane under posten er retta mot Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige.

6,0 mill. kroner er foreslått flytt frå posten til post 21 og skal nyttast til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester i prosjekt der Riksantikvaren står som tilsegnshavar og gjennomfører prosjekta.

Mål

Freda og andre særleg verdifulle kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål 2.4: Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Tiltak retta mot freda bygningar og anlegg i privat eige

  • Tiltak retta mot freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten

  • Tiltak retta mot freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap

Tildelingskriterium

Ei målgruppe er private eigarar og forvaltarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er vedtaksfreda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Kulturminna må vere heilt eller delvis i privat eige. Tilskot skal dekkje meirutgifter, heilt eller delvis, i samband med antikvarisk sikring, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av freda kulturminne og kulturmiljø, som er i samsvar med fredingsføremålet. Følgjande prioriteringar gjeld: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.

Andre målgrupper er private eigarar og forvaltarar av freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn.

Siste målgruppe er private eigarar og forvaltarar, i første rekkje knytt til dei åtte freda kulturmiljøa, men òg til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap. Tilskota skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltnings- og skjøtselsplanar.

2 mill. kroner er øyremerkte sikring og istandsetjing av samiske bygningar. Midlane vil bli utbetalte av Riksantikvaren etter oppmoding frå Sametinget. Riksantikvaren vil gi nærare føringar for bruken av tilskotet.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til fylkeskommunen/Sametinget som skal sjå til at arbeidet er utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Fylkeskommunen/Sametinget skal rapportere til Riksantikvaren.

Når det gjeld siste målgruppa og tilskot til dei åtte freda kulturmiljøa, og til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap, skal tilskotsmottakaren levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som skal sjå til at arbeida blir utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen/Sametinget.

I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

Posten erstattar post 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012 – 2013). Midlane skal rettast mot arbeidet med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne.

Posten er redusert med 8,4 mill kroner.

0,4 mill. kroner er foreslått flytt frå posten til post 21 og skal nyttast til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester i prosjekt der Riksantikvaren står som tilsegnshavar og gjennomfører prosjekta.

Mål

Dei 10 opphavlege anlegga i bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan utgangen av 2015, mens dei fem anlegga som er inkluderte i programmet i ettertid, blant dei Bredalsholmen dokk/anlegg, skal vere sette i stand i løpet av tre til fem år. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål 24. Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Dei prioriterte tekniske og industrielle kulturminna som er sette i stand

  • Tilskot for å vedlikehalde dei prioriterte tekniske og industrielle kulturminna

Tildelingskriterium

Midlane på posten skal gå til bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne og blir primært brukte til sikring, vedlikehald og istandsetjing av anlegga. Det kan òg bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer Noregs tekniske og industrielle historie.

Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar. Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setje i stand anlegga skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det kan òg ytast tilskot til vedlikehald. Det skal leggjast vekt på at kulturminna skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. Oppfølging på staden er særleg aktuelt, og viktig for å sikre at arbeidet vert utført etter antikvariske retningslinjer.

Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring

Posten erstattar post 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen og post 73 Brannsikring og beredskapsarbeid i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012 – 2013). Tilskotsordninga er knytt til dei fire bevaringsprogramma; stavkyrkjer, ruinar, freda bygningar i privat eige og brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer.

11,0 mill. kroner er foreslått flytt frå posten til post 21 og skal nyttast til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester i prosjekt der Riksantikvaren står som tilsegnshaver og gjennomfører prosjekta. Arbeidet med brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer er styrkt med 20,0 mill. kroner. Av desse er 14,0 mill. kroner satt på post 73 og 6,0 mill. kroner på post 21.

Mål

Dei 28 stavkyrkjene skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015. Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø, skal unngåast. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål 2.2 Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan2020 og nasjonalt mål 2.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Tiltak retta mot stavkyrkjer, profane bygningar og prioriterte ruinar frå mellomalderen, og opplysningar om tilstandane til desse kulturminna.

  • Brannsikringstiltak i tette trehusmiljø og stavkyrkjer.

  • Eventuell brann eller branntilløp i stavkyrkjer og om tilfelle av brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø.

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen, og av utvalde tette trehusmiljø. Midlane skal gå til vern, sikring og beredskapsarbeid. Dette inkluderer brannsikringstiltak, istandsetjing av stavkyrkjene og sikring og konservering av verdifull kyrkjekunst i desse kyrkjene. Det skal òg ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.

Istandsetjingstiltak skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.

I medhald av St.meld. nr. 26 (2006 – 2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand skal 45 av ruinane inkludert dei 12 – 15 største anlegga takast vare på. Vidare skal ruinar som engasjerer lokalmiljøet prioriterast.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren som òg omfattar ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Kontroll på staden er òg aktuelt.

Post 74 Tilskot til fartøyvern

Posten er vidareført frå gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012 – 2013). Midlane skal gå til bevaringsprogrammet for fartøy.

0,4 mill. kroner er foreslått flytt frå posten til post 21 og skal nyttast til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester i prosjekt der Riksantikvaren står som tilsegnshavar og gjennomfører prosjekta.

Mål

Freda fartøy og eit utval fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern, skal vere sette i stand innan 2020. Tilskotsordninga er relatert til nasjonalt mål 2.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Talet på freda og verna fartøy som er sette i stand.

  • Opplysningar om restaurerings- og istandsetjingstiltak på verna og freda fartøy.

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda fartøy, og fartøy der det er inngått avtaler med eigarar om vern. Riksantikvaren fordeler midlane etter søknad til konkrete restaurerings- og istandsetjingsarbeid. I tillegg kan Riksantikvaren sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt. Eit grunntilskot til Norsk Foreining for Fartøyvern blir utbetalt over denne posten etter søknad frå foreininga.

Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter følgjande prioriteringar: allmenn interesse, offentleg tilgjengelege, økonomisk gjennomføringsvilje og -evne, potensial for lokalt engasjement, særlege opplevings- og formidlingsverdiar knytt til fartøyet. I tilegg skal tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og fartøy som det finst få av prioriterast. Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av omfattande og kompliserte istandsetjingstiltak skal det i startfasen gjerast ei god planlegging og prioritering av tiltaka.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar leverer sluttrapport på utført arbeid, som også omfattar ein økonomisk rapport til Riksantikvaren. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollere at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Oppfølging på staden er særleg aktuelt, og viktig for å sikre at arbeidet vert utført etter antikvariske retningslinjer.

Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

Posten erstattar post 72.7 Fartøyvernsenter i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012 – 2013). Midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for fartøy.

Mål

Hjelpe dei tre utvalde fartøyvernsentra i deira funksjon som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av freda og verna fartøy, jf. nasjonalt mål 2.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om tiltak der det er ytt tilskot til fartøyvernsenter.

Tildelingskriterium

Målgruppa er Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen, Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund og Bredalsholmen Fartøyvernsenter utenfor Kristiansand.

Tilskot kan ytast som driftstilskot for å dekkje sentra sine kostnader med fellestenester knytte til forsking, dokumentasjon og fagleg rådgiving. Tilskotet skal primært medverke til å finansiere stillingar knytte til dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjingsarbeid på fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget skal sjå til at tilskotsmottakaren leverer sluttrapportar på utført arbeid, og at arbeida blir utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra, for å sikre til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet. Oppfølging på staden og i samarbeidsfora med dei tre fartøyvernsentra er viktig. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsenteret.

Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast

Posten er vidareført frå gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012 – 2013).

0,3 mill. kroner er foreslått flytt frå posten til post 21 og skal nyttast til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester i prosjekt der Riksantikvaren står som tilsegnshavar og gjennomfører prosjekta.

Mål

Kulturminne og kulturmiljø skal takast i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling. Tilskotsordninga er relatert til dei nasjonale måla 2.1 – 2.4.

Kriterium for måloppnåing

  • Verdiskapingsresultat for næringsliv og lokalsamfunn.

  • Talet på verdiskapingsprosjekt/-tiltak som er integrert i større utviklingsprosessar.

  • Talet på kommunar og fylkeskommunar som deltek i verdiskapingsprosjekt med støtte frå post 77.

  • Talet på kulturminne, kulturmiljø og landskap som er involverte, og kva prosjekta betyr for desse.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til satsingar som tydeleggjer og integrerer kulturminnefeltet i lokal og regional utvikling og som samstundes siktar mot ei koordinert og langsiktig forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Samhandling med aktørar og verkemiddel som støtter opp om dette vil bli prioritert. Det skal leggjast vekt på prosjekt som ser kulturarv og naturverdiar i samanheng og som involverer eigarar, bedrifter, frivillige, styresmakter og institusjonar for utvikling lokalt og regionalt. Det er ein føresetnad at fylkeskommunane og kommunane er aktive deltakarar. Arbeidet med Pilegrimsleia og Kultur- og naturreise vil bli prioritert.

Oppfølging og kontroll

I tillegg til gjennomgang av årlege prosjektrapportar og revisorstadfesta årsrekneskapar, vil prosjekta bli følgt opp i prosjektåret, både med sikte på bistand til nødvendig koordinering av verkemiddel frå fleire sektorar og for å synleggjere og formidle effektar av verdiskaping.

Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast

Posten erstattar post 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012 – 2013). Midlane under posten skal nyttast i bevaringsprogrammet for verdsarven, og er relaterte til dei nasjonale måla 2.1 –2.4.

8,0 mill. kroner er foreslått flytt frå posten til post 21 og skal nyttast til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester i prosjekt der Riksantikvaren står som tilsegnshavar og gjennomfører prosjekta.

Posten er elles redusert med 3,0 mill. kroner.

Mål

Stadene på Unescos verdsarvliste i Noreg skal forvaltast i tråd med forpliktingane i Unesco verdsarvkonvensjon og dei internasjonale retningslinjene frå Unesco.

Kriterium for måloppnåing

Tiltak retta mot verdsarvstader i Noreg.

Tildelingskriterium

Målgruppa er stadene i Noreg som står på eller er under nominasjon til Unescos verdsarvliste. Det gjeld sju stader og for tida er det sett i gang arbeid med to nye nominasjonar. I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av disse stadene

Tilskot skal ytast i tråd med forpliktingane som følgjer av Unescos verdsarvkonvensjon og i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå Unesco.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Kap. 4429 Riksantikvaren

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

02

Refusjonar og ymse inntekter

1 600

4 020

4 152

09

Internasjonale oppdrag

1 404

1 139

1 176

15

Refusjonar vedr. arbeidsmarknadstiltak

140

16

Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar

575

17

Refusjon av lærlingar

300

18

Refusjon av sjukepengar

836

Sum kap. 4429

4 855

5 159

5 328

Post 02 Refusjonar og diverse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt, og inntekter frå Det nasjonale pilegrimssenteret og driftsvederlag frå Kongsvoll fjellstove. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1429 Riksantikvaren: Rekneskap og rapport for 2013 jf. poststruktur i Prop. 1S (2012 – 2013).

Poststrukturen i kap. 1429 Riksantikvaren er endra og er gjeldande frå 2014. Her følgjer rekneskap og rapport for 2013 i samsvar med gammal poststruktur, jf. Prop. 1S (2012 – 2013).

Post 01 Driftsutgifter

Rapport 2013

Størsteparten av midlane er lønnskostnader. I perioden frå 2010 til 2013 har talet på faste årsverk vore uendra, mens lønnsbudsjettet har auka med rundt 20 pst. Veksten i lønnsbudsjettet skuldast generell lønnsauke og bruk av mellombels tilsette og ekstrahjelp. I den same tidsperioden har budsjettposten for andre driftsutgifter auka med rundt 5 pst. Dette skuldast blant anna auke i faste lisens- og vedlikehaldsavtaler knytte til utvikling og drift av fagsystem, prisstigning og auka driftskostnader i samband med pilegrimssenteret.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73

Rapport 2013

18,6 mill. kroner av post 21 er nytta i prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga i 2013.

Tabell 6.8 Aktivitet i Kunnskapsløftet for Kulturminneforvaltninga i 2013

Aktivitet

Forbruk (i 1 000 kr)

Kulturminneportalen

1 100

Lønn, reise og kompetansemidlar

900

Lokale kulturminneregistreringar og arbeid med kulturminneplanar i kommunane

4 700

Fylkeskommunane sitt arbeid med kompetansemodellar for kommunar i eigen region

1 800

Systematisering og digitalisering av eldre analog dokumentasjon

4 800

Sametingets registreringar av automatisk freda samiske bygningar

3 400

Digitale verktøy og tekniske tilretteleggingar

1 500

Miljøovervaking, verneverdige

400

Sum

18 600

0,1 mill. kroner er nytta i prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar til freding av eigedommar tilknytte Landbruks- og matdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Det er òg gjennomført høyring av freding for eigedommar knytte til Kunnskapsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.

0,7 mill. kroner er nytta i prosjektet Fredingsgjennomgangen.

0,8 mill. kroner er nytta til pilegrimsleia gjennom Nasjonalt pilegrimssenter. Midlane på posten er elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltaransvar for.

I 2013 har Riksantikvaren gitt støtte til fleire FOU-prosjekt. Blant desse prosjekta er bruk av høgteknologi i overvaking, husbukkangrep i eldre trehus og eit norsk forskingsprosjekt under Joint Programme Initiative – Cultural Heritage (JPI-CH). Direktoratet har òg administrert ein informasjonspakke om kulturminne og havnivåstigning frå CIENS-institutta, på bestilling frå Klima- og miljødepartementet.

Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast

Tabell 6.9 Rekneskap 2013 Post 72

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013 (i 1000 kr)

72.1

Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak

12 703

72.2

Vern og sikring av freda bygningar og anlegg

81 074

72.3

Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen

24 395

72.4

Kystkultur

14 884

72.5

Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap

4 580

72.6

Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

3 684

72.7

Fartøyvernsenter

7 550

72.8

Tekniske og industrielle kulturminne

59 216

72.9

World Heritage List, nasjonale oppgåver

44 908

Sum post 72

252 994

Underpost 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak m.m.

Mål

Å sikre og ta vare på vitskapeleg kjeldemateriale knytt til automatisk freda arkeologiske kulturminne.

Rapport 2013

Det er gjennomført ei rekkje arkeologiske undersøkingar i 2013 knytt til ordninga der staten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar i samband med mindre, private tiltak, og dersom det ligg føre særlege grunnar.

Midlar frå posten er nytta til å dekkje utgifter som fell inn under ordninga for mindre private tiltak, herunder til eit prøveprosjekt med delegert mynde der fylkeskommunane gjennomført arkeologiske undersøkingar med føremål å forenkle og effektivisere saksbehandlinga og redusere utgifter i saker som krev dispensasjon frå kulturminnelova.

Midlar frå posten er i 2013 mellom anna òg brukt til å dekkje nødvendige utgifter til sikringstiltak i samband med flaumskadar på ein mellomalderkyrkjegard på Listad i Sør-Fron kommune i Oppland.

Tabell 6.10 Tiltak for å sikre og ta vare på kunnskap om automatisk freda kulturminne 2013

Tiltak

Tal på saker

Tilskot (i 1000 kr)

Merknader

Mindre private tiltak. Direkte tilskot frå RA

34

6 652

Midlane blir betalte ut til den institusjonen som gjennomfører utgravinga

Mindre, private tiltak. Tilskot til fylka i samband med prøveprosjekt med delegert mynde.

14

1 276

Særlege grunnar. Direkte tilskot frå RA

8

2 737

Sikring av arkeologiske kulturminne og vitskapleg kjeldemateriale

6

2 199

Miljøovervaking

1

100

Vågen i Bergen

Finnarlønn

14

33

Sum

77

12 995

Underpost 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg i privat eige

Midlane på posten går til bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige.

Mål

Målet er at alle freda bygningar i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Rapport 2013

I 2013 vart det brukt 69 mill. kroner i bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. Hovuddelen av posten ble fordelt til fylkeskommunar som vil setje i gang eit utval prioriterte prosjekt. På den måten vil midlane blir meir konsentrerte, slik at fleire prosjekt blir avslutta og effekten av den offentlege innsatsen blir tydelegare.

Det er gjort ei særskilt satsing på dei tre fylka Oppland, Hordaland og Telemark, som samla mottok 22,8 mill. kroner i tilskot i 2013. I desse fylka er utdanning av handverkarar godt i gang og satsinga som vil halde fram i nokre år, vil medverke til utviklinga av handverkskompetanse og gi fylka tid og kapasitet til å handtere fleire prosjekt.

Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen

Midlane på posten går i hovudsak til dei tre bevaringsprogramma; ruinar, stavkyrkjer og freda bygningar i privat eige.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å verne og sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå mellomalderen, slik at dei oppnår eit ordinært vedlikehaldsnivå i 2020. Under dette skal eit utval ruinar sikrast og gjerast tilgjengeleg for publikum innan 2020, og dei 28 stavkyrkjene skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015.

Rapport 2013

Det er brukt 11, 6 mill. kroner bevaringsprogrammet for ruinar (Ruinprosjektet) i 2013. Då er det utført arbeid på 18 anlegg; konservering, skjøtsel av murane og området omkring, skilting og tilrettelegging.

Det er utført dokumentasjon og forsking med vekt på gjenfinning og stadfesting av ruinar over og under bakken, og på lokalisering av steinbrot. Her kan nemnast undersøkingar med georadar på Ytre Giske ruin i Møre og Romsdal, og undersøkingar av steinbrot ved Selje kloster og Reinskloster.

Innan informasjon og formidling kan nemnast filmen Stein på stein – ein digital rekonstruksjon av Bergens steinbygningar i mellomalderen og kurs for murarar.

I bevaringsprogrammet for stavkyrkjer er det brukt 11,1. mill. kroner i 2013. Av dette gjekk 2,7 mill. kroner til konservering av kyrkjekunst og dekor. 23 av 28 kyrkjer er no ferdig sette i stand. I 2013 vart arbeida i Undredal stavkyrkje ferdigstilte og det er sett i gang arbeid med istandsetjing i Høyjord, Ringebu og Haltdalen stavkyrkje. Det er gjennomført større konserveringsarbeid i Kvernes, Ringebu og Undredal. Vidare er det blitt utarbeidd vedlikehaldsplanar for ein del av dei ferdigstilte kyrkjene, og ein er i gang med sluttrapportar for fleire kyrkjer.

Tilskot til hus frå mellomalderen blir òg henta frå denne posten. Istandsetjing av desse inngår i bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. I 2013 vart det brukt 2 mill. kroner til omfattande restaureringsarbeid ved ei mellomalderstove i Numedal og til mindre arbeid ved 6 andre tømmerhus frå mellomalderen. Arbeida spenner frå større utbetringar av lafteverk til tradisjonell taktekking og refundamentering.

Underpost 72.4 Kystkultur

Mål

Å sikre og setje i stand freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten.

Underpost 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap

Mål

Å verne og sikre freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.

Rapport 2013

Tilskot til freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap går primært til skjøtsel av landskapet for å ta vare på heilskapen i kulturmiljøa. Midlane bidreg òg til at kunnskap om gamle driftsmåtar blir halden ved lag. Tildelinga frå posten er sett i samanheng med dei andre postane under post 72 Vern og sikring av freda kulturminne og kulturmiljø.

I 2013 har fire av dei åtte freda kulturmiljøa motteke tilskot etter søknad til fylkeskommunane. Dei fire er Birkelunden, Havråtunet, Sogndalstrand og Sør-Gjeslingan.

Andre særleg verdfulle kulturmiljø og landskap har fått tilskot til skjøtsel, mellom anna bidrag til forvaltningsplan for hagen til Nicolai Astrup, Sogn og Fjordane, Lyngheisenteret i Hordaland, Dyrøy kystgard i Nordland og Falstadsenteret i Nord-Trøndelag.

Elles har midlar frå posten vore bidrag til mellom anna Utvalte jordbrukslandskap, NRK- serien Levende Landskap, og grunnlagsanalysar for forvaltning av trehusbygningane ved Kongsvinger festning.

Tabell 6.11 Tilskot til freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap i 2013

Mottaker/tiltak

Tilskot (i 1000 kr)

Havråtunet kulturmiljø, Hordaland

2 074

Lyngheisenteret, Hordaland

460

Buførevegen/Pilgrimsvegen, Ullensvang kommune, Hordaland

300

Sør-Gjeslingan kulturmiljø, Nord- Trøndelag

600

Falstadsenteret, Nord- Trøndelag

100

Utstein kloster kulturmiljø, Abbedens hus, Rogaland

500

Sogndalstrand kulturmiljø, Rogaland

300

Kystgården Dyrøy, Lurøy kommune, Nordland

26

Ottadalsreinen – bokprosjekt, Oppland

20

Kongsvinger – grunnlagsanalysar, Hedmark

100

Forvaltningsplan for hagen til Nicolay Astrup, Sogn og Fjordane

100

NRK- serien Levende Landskap

200

Sum

4 780

Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Midlane på posten går til Bevaringsprogramma utvalte arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK) og bergkunst (BERG).

Mål

Eit utval automatisk freda arkeologiske kulturminne og kulturmiljø og bergkunstlokalitetar skal dokumenterast, sikrast og gjerast tilgjengeleg for publikum innan 2020 gjennom skjøtsel og tilrettelegging.

Rapport 2013

I 2013 har 37 prosjekt (til saman 107 lokalitetar i Askeladden) som inngår i bevaringsprogrammet for utvalte, arkeologsike kulturminne, motteke tilskot på til saman 2,5 mill. kroner. I dei ulike prosjekta er det utført skjøtsel og tilrettelegging av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø over heile landet. Midlar frå posten er òg brukt til fullføring av ein tilstandsanalyse som omfattar nærare 3000 kulturminne i 2013.

Gjennom bevaringsprogrammet for bergkunst er det i 2013 utført dokumentasjon, skjøtsel, tilrettelegging og sikring av bergkunstlokalitetar over heile landet, og det er gjennomført tiltak og prosjekt innan metodeutvikling og formidling. I 2013 er det gitt tilskot på 4,92 mill. kroner til fylkeskommunar/Sametinget og forvaltingsmuse for tiltak på 101 bergkunstlokalitetar.

Underpost 72.7 Fartøyvernsenter

Midlane på posten er tilskot til fartøyvernsenter.

Mål

At dei tre utvalde fartøyvernsentra kan fungere som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy.

Rapport 2013

I 2013 er 6,5 mill. kroner fordelt til dei tre fartøyvernsentra Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båthuset på Gratangen, Hardanger fartøyvernsenter i Nordheimsund og Bredalsholmen Dokk og farøyvernsenter. Tilskota har mellom anna finansiert stillingar knytte til dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjingsarbeid på fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Tilskota har vidare medverka til generell rådgivning, opplæring og kompetansebygging ved sentra og overfor fartøyeigarar.

Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne

Midlane blir brukte på bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne.

Mål

Å setje i stand og vedlikehalde dei prioriterte tekniske og industrielle anlegga innan 2015.

Rapport 2013

I 2013 omfatta bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne 14 prioriterte anlegg, der ambisjonen er at desse anlegga skal oppnå normalt vedlikehaldsnivå.

I 2013 vart det brukt 56,2 mill. kronar i bevaringsprogrammet tekniske og industrielle kulturminne. Tilskotsfordelinga frem til i dag har hatt ein positiv effekt for å nå målsetjinga om normalt vedlikehaldsnivå, og åtte av dei 14 anlegga var ferdigstilte ved utgangen av 2013. Definisjonen «ferdigstilt» skal likevel ikkje likestillast eller forvekslast med sluttført. Tekniske og industrielle anlegg vil også etter at dei har oppnådd normalt vedlikehaldsnivå ha behov for tilskot for å dekkje vedlikehald og eventuelle skadar.

For å sikre framdrift i måloppnåinga har Riksantikvaren i 2013 arbeidd med å definere omfanget til kvart enkelt anlegg.

Riksantikvaren starta i 2013 opp igjen Industrianleggas Fellesråd, og vil arbeide med å utvikle forumet vidare. I 2013 vart også den pålagte sikringa av Odda smelteverk sett i gang, og vil bli fullført i 2014.

Tabell 6.12 Tilskot til dei 14 prioriterte tekniske og industrielle kulturminna i 2013

(i 1000 kr)

Anlegg

Investering

Forvalting, drift og vedlikehald

Tilskot totalt

Fetsund lenser, Fetsund

300

2800

3 100

Sjølingstad Uldvarefabrikk, Lindesnes

100

2000

2 100

Klevfoss Cellulose- & papirfabrikk, Løten

6 200

1 300

7 500

Næs Jernverksmuseum, Tvedestrand

1 300

1 300

Norsk Vasskraft- og industristadmuseum, Tyssedal

1000

2000

3 000

Norsk Fiskeindustrimuseum/ Neptun sildoljefabrikk, Melbu

1 400

1 400

Spillum Dampsag & Høvleri, Namsos

2 100

2 100

Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter, Salhus/Bergen

1 200

1 900

3 100

Folldal Gruver, Folldal

2 900

1 100

4000

Kistefos-museet, Jevnaker

1 100

1 100

Rjukan-banen, Rjukan

4 600

2 100

6 700

Haldenkanalen

900

1 600

2 500

Atlungstad Brenneri

1 500

1 400

3000

Odda smelteverk

21000

21000

Sum

61 800

Tabell 6.13 Tilskot til andre tekniske og industrielle anlegg i 2013

Anlegg

Tilskot (i 1000 kr)

Sellevåg Treskofabrikk

519

Thamshavnbanen – tilstandsrapport kisvogner

365

Sporveishistorisk Forening

650

Eidsvoll Gullverk

15

Lokaltrafikkhistorisk Forening

400

Sum

1 949

Underpost 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver

Mål

Sikre og setje i stand dei norske stadene på Unescos verdsarvliste.

Rapport 2013

I 2013 vart det brukt 56,2 mill. kroner på arbeid med verdsarven.

Tabell 6.14 Tilskot til verdsarvområda i 2013

Verdsarvområda

Tilskot (i 1000 kr)

Bryggen i Bergen

32000

Røros bergstad og Circumferensen

15 100

Bergkunsten i Alta

2 200

Vegaøyan

2000

Vestnorsk fjordlandskap

2 800

Urnes stavkyrkje, omgivnader

Struves meridianboge

Anna

2 100

Sum

56 200

Post 73 Brannsikring og beredskap, kan overførast, kan nyttast under post 21

Mål

Tilskotsordninga skal sikre eit utval trehusmiljø og dei 28 stavkyrkjene mot brann.

Rapport 2013

Totalt er det nytta ca. 25 mill. kroner på brannsikring av stavkyrkjene i 2013. Vedlikehald og oppgradering av brannsikringa i stavkyrkjene har høg prioritet, og det er derfor ikkje gitt tilskot til brannsikring av tette trehusmiljø, som posten òg omfattar, i 2013.

Post 74 Fartøyvern, kan overførast

Midlane på posten går til bevaringsprogrammet for fartøy.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand eit utval av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern.

Rapport 2013

Riksantikvaren gir økonomiske bidrag til antikvarisk istandsetjing og vedlikehald av freda og verna fartøy gjennom bevaringsprogrammet for fartøy. I 2013 vart 47,8 mill. kroner gitt i tilskot, i hovudsak til freda fartøy, igangverande prosjekt, større fartøy som sto i fare for å miste sertifikata utan utbetringar og fartøy som fekk høve til å komme av slipp og/eller ut av dokk. Tilskota utgjer 28 pst. av den totale søknadssummen.

1,7 mill. av post 74 gikk som grunnstøtte til Norsk Foreining for Fartøyvern.

Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innanfor fagfeltet og som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av bygningar i tre.

Rapport 2013

Hovuddelen av posten, 997000 kroner, blei utbetalt som tilskot til førebuingar av vidareutdanningskurset ICWCT (International Course on Wood Conservation Technology), som inngår i UNESCOs internasjonale kursportefølje. Posten har òg medverka med støtte til ICOMOS og komitéene CIAV - Internasjonal vitskapleg komité (53 000 kroner) og ICOMOS Polarkomité (50 000 kroner). Aktivitetane er med på å markere Noreg som eit land med særleg kompetanse på forvalting av bygningar i tre, og som ein viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innanfor fagfeltet.

Post 77 Verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21

Mål

Stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling.

Rapport 2013

Det er brukt 9, 4 mill. kroner til verdiskapingsarbeid over post 77 til prosjekt som dekkjer eit vidt spekter av kulturminne, mellom anna veganlegg, industrianlegg, historiske bymiljø, landbruksmiljø og landskap.

Tilskot frå post 77 utgjer om lag ein tredel av dei totale prosjektbudsjetta, fylkeskommunane og Sametinget har òg gitt tilskot tilsvarande ein tredel, mens den siste tredelen er spleiselag mellom andre offentlege midlar og private tilskot.

Tabell 6.15 Tilskot til verdiskaping i 2013

Tiltak/område

Tilskudd (i 1000 kr)

Kultur- og naturreise

1 050

Andre verdiskapingsprosjekt1

8 179

Kompetansetiltak, nettverk o.a. prosjektoppfølging

242

Sum

9 471

1 Andre verdiskapingsprosjekt omfattar 25 prosjekt

Post 78 Tilskot til sikring og forvaltning av arkeologiske kulturminne, kan overførast, kan nyttast under post 21

Posten er tilskot til arkeologiske museum, sjøfartsmuseum og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).

Mål

Sikre og styrkje forvaltninga av arkeologiske kulturminne.

Rapport 2013

Tabell 6.16 Tiltak for å sikre og forvalte arkeologiske kulturminne i 2013

Tiltak

Tal på saker

Sum tilskot (i 1000kr)

Sikring av arkeologiske kulturminne og vitskapleg kjeldemateriale

14

2 741

Tilskot saksbehandling m.m. ved sjøfartsmusea

5

4 600

Tilskot til musea for bistand til fylka, NIKU og RA, og miljøkrim

5

1 159

Sum post 78

24

8 500

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 20131

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

63 590

65 487

Sum kap. 1432

63 590

65 487

1 Norsk Kulturminnefond vart frå og med 2013 omdanna frå eit fond til eit forvaltningsorgan. I den samanhengen vart løyvinga for 2013 på 61,4 mill. kroner ved ein feil ikkje overført frå Klima- og miljødepartementet til Norsk Kulturminnefonds oppgjerskonto i Noregs bank. Overføringa har ikkje skjedd som føresett i etterkant av tildelingsbrevet våren 2013. Norsk Kulturminnefond har inngått nye forpliktingar i tråd med føresetnadene, og har nytta avsetjingar til å dekkje fortløpande utgifter. Beløpet vart gjenløyvt i 2014.

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Norsk kulturminnefond er eit forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og til drift av administrasjonen og styret.

Kulturminnefondet har i hovudsak ansvaret for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Posten er auka med om lag 1,9 mill. kroner. Endringa består i hovudsak av priskompensasjon.

Mål

Medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål 2.1: Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Innan 2020 skal det liggje føre oversikter over verneverdige kulturminne og kulturmiljø for kvar kommune som grunnlag for å prioritere eit utval som skal takast vare på.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om tiltak retta mot verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.

Rapport 2013

Det vart brukt 15 mill. kroner til drift av Norsk kulturminnefond i 2013. Det vart gitt tilsegner på til saman inntil 62,1 mill. kroner, fordelt på 342 søknader.

Tildelingskriterium

Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Den primære målgruppa er private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Tilskota blir i hovudsak tildelte istandsetjing og sikringsprosjekt. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet er prioriterte. Dette er òg prosjekt som gir synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I mange tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Midlane frå Kulturminnefondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til Riksantikvaren.

Kap. 4432 Norsk kulturminnefond

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

90

Fondskapital

1 400000

Sum kap. 4432

1 400000

Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.

Regjeringa prioriterer høgt å styrkje forsking og overvaking i polarområda. Dette skal betre kunnskapen om klimaendringane og effektane av desse i nord og samtidig medverke til auka forståing av konsekvensane for det globale klimaet. Vidare er styrkinga av kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga av norske nord- og polarområde viktig. Hovudinnsatsen vil vere retta mot klimaendringar, miljøgifter og biologisk mangfald og kunnskap om miljøkonsekvensar av næringsverksemd. Det er òg behov for å framskaffe ny kunnskap om viktige delar av Barentshavets økosystem, bl.a. påverknaden frå klima, miljøgifter og hausting. Kunnskap til forvaltninga av isbjørnbestanden, arter som er sentrale for forvaltninga av Svalbard som villmarksområde, og raudlistearter som har regelmessig opphald på Svalbard, vil ha prioritet. Eit av dei viktigaste tiltaka i 2015 er ny teljing av isbjørnbestanden som kan gi indikasjonar på om det har skjedd drastiske endringar sidan 2004, ein periode med mange år med dårlege isforhold og tap av sjøishabitat. Ei slik teljing vil òg gi eit sentralt referansepunkt for å følgje med bestandsutviklinga i kommande år med store klimaendringar. Langtransporterte miljøgifter og miljøgifter frå kjelder med lokal betydning vil òg ha fokus. Vidare er verneområda på Svalbard viktige referanseområde for klima, miljøgift og økologisk forsking, og det er behov for auka kunnskap som grunnlag for forvaltning og vern av desse områda. Noreg har dessutan eit ansvar for å bringe fram kunnskap om og verne kulturminne som viser den menneskelege verksemda i polarområda gjennom tidene.

Framsenteret i Tromsø omfattar i dag 20 norske institusjonar, og det er full fagleg aktivitet som gir fortløpande resultat på alle dei seks tematiske flaggskipsområda (ref. kap. 1474). Framsenteret har nasjonal og internasjonal status som kompetansemiljø, og er attraktivt for lokalisering av nasjonale initiativ og for internasjonale sekretariat som Noreg har ansvaret for, bl.a. Sekretariatet for Arktisk Råd.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1471

Norsk Polarinstitutt

260 088

275 943

280 528

1,7

1472

Svalbard miljøvernfond

16 817

12 320

14 650

18,9

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

37 362

52 298

52 177

-0,2

Sum kategori 12.60

314 267

340 561

347 355

2,0

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

191 622

205 903

213 872

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

67 968

69 542

66 160

50

Stipend

498

498

496

Sum kap. 1471

260 088

275 943

280 528

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992 – 93) Norsk polarforskning, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.

Instituttet skal vidare:

  • halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse på områder der miljøforvaltninga har eit direkte forvaltningsansvar i nord- og polarområda eller har ein heilt sentral pådrivarrolle både nasjonalt og i internasjonale prosessar. Det omfattar klimaprosessar og klimaendringar og effektane av desse på naturen og viltforvaltning, område- og habitatvern, og miljøgift/forureiningsproblematikk

  • ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis

  • utvikle, revidere og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis

  • medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader

  • følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis

  • ta hand om forvaltningas kunnskapsbehov

  • fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan det bilaterale norsk-russiske miljøsamarbeidet

  • utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet

  • delta i sekretariatet for Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av norske havområde

  • representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø

  • medverke til å styrkje Framsenteret

  • utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg

  • drive utovervend informasjon om polarområda, blant anna gjennom samarbeid med Polaria

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd, inklusive satsinga på ICE (Senter for is, klima og økosystem).

Som nemnt over er posten auka med 10 mill. kroner til ei ny teljing av isbjørnbestanden i Barentshavet i 2015. Den er også styrkt med 1,5 mill. kr til instituttet sitt arbeid med heilskapeleg forvaltning av norske havområde med særlig vekt på Barentshavet. Midlane er omdisponerte frå kap. 1400 post 21.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Rapport for 2013:

Polarinstituttet har i 2013 brukt ca. 80 pst. av løyvinga si til driftsutgifter, dvs. lønn, drift av bygningar på Svalbard og i Tromsø, Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund og drift av forskingsfartøyet R/V Lance. Resterande 20 pst. er brukt til forsking på områda forvaltningsplan for Barentshavet, miljøgifter og i ICE (Senter for is, klima og økosystem). Av forbruket på denne posten korresponderer omlag 55 mill. kroner med inntekter på kap. 4471 som gir Polarinstituttet høve til tilsvarande auke på utgiftssida. Dette er nesten alt saman knytt til ekstern finansiering av forskingsaktivitet frå mellom anna Forskingsrådet og EU.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 6 Polarområda. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.

Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande Miljøprotokoll til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Noreg deltek òg i viktige klimaforskingsprosjekt. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.

I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs nærvær i Antarktis er styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Rapport for 2013:

Av midlane på denne posten vart ca. 65 pst. brukt til lønn for dei som arbeider på Troll-stasjonen og drift av bygningar i Antarktis, fartøyleige og helikopterleige. Resterande del av løyvinga, ca. 35 pst. går til forsking. Av forbruket på denne posten korresponderer ca. 13 mill. kroner med inntekter på kap. 4471 som gir Polarinstituttet høve til tilsvarande auke på utgiftssida.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda.

Mål

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Rapport for 2013:

Av 87 søknader vart 50 finansierte med totalt 2,4 mill. kroner. Av dette var 498.000 kroner midlar frå Norsk Polarinstitutt og 1,9 mill. kroner frå Forskingsrådet i Noreg.

Dei viktigaste norske institusjonane som får støtte var Universitetet i Tromsø, Universitetsstudia på Svalbard, Noregs Teknisk Naturvitskapelege Universitet og Universitetet i Oslo. Halvparten av prosjekta (26 av 50) vart plasserte heilt eller delvis i Ny-Ålesund.

Kriterium for måloppnåing

Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Oppfølging og kontroll

Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Sals- og utleigeinntekter

9 085

10 038

10 368

03

Inntekter frå ymse tenesteyting

46 030

55 327

57 144

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

981

18

Refusjon av sjukepengar

782

21

Inntekter, Antarktis

13 809

12 358

12 764

Sum kap. 4471

70 687

77 723

80 276

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1472 Svalbard miljøvernfond

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Overføringar til Svalbard miljøvernfond

16 817

12 320

14 650

Sum kap. 1472

16 817

12 320

14 650

Svalbards miljøvernfond er føresett oppretta i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005.

Fondet er sett saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for kort og for felling i samband med hausting, avgift for elektronisk eksamen ved jegerprøva, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Svalbards miljøvernfond har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond.

Inntektene til fondet gir grunnlag for tildeling til dei formåla som skal dekkjast av fondet i samsvar med svalbardmiljølova.

Svalbards miljøvernfond har vore operativt sidan 2007, og i 2014 var eit nytt styre på plass etter at det første styret har sete ut si tenestetid. Hovudinntekta til fondet er ei avgift for alle tilreisande til Svalbard. Kvart år tildeler fondet no 10 – 16 mill. kroner til ulike prosjekt etter søknad frå private og offentlege verksemder, privatpersonar og organisasjonar. Midlane går til ulike tiltak og prosjekt innanfor undersøkingar og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, kartleggje årsaker til miljøpåverknad og miljøverknader av verksemder, gjenoppretting av miljøtilstanden, tilskot til skjøtsel og vedlikehald og overvaking av kulturminne og informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak.

Rapport for 2013:

I 2013 vart det gitt 44 tilsegner til ulike prosjekt. Opplysningar om desse prosjekta finst på heimesida til fondet: http://www.sysselmannen.no/Svalbards-miljovernfond/. Sidan fondet blei operativt i 2007 har det gitt støtte til 349 prosjekt med ein samla sum på 67,8 mill. kroner.

Post 50 Overføringar til fondet

Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Sektoravgifter under Svalbard miljøvernfond

16 817

12 320

14 650

Sum kap. 5578

16 817

12 320

14 650

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m.

Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

4 298

50

Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 70

22 498

20000

24 177

70

Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 50

14 864

28000

28000

Sum kap. 1474

37 362

52 298

52 177

Midlane under dette kapitlet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø og om miljøkonsekvensar av ny næringsverksemd i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte, og sikre at ny næringsverksemd på dette området skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Framsenteret vart opna i september 2010, og har no 20 deltakande institusjonar. Aktiviteten er delt inn i seks faglege satsingsområde (flaggskip). Dei er:

  • havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord, leiar: Havforskingsinstituttet

  • effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk, leiar: Universitetet i Tromsø

  • havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • miljøgifter – effektar på økosystem og helse, leiar: Norsk Institutt for Luftforsking

  • miljøkonsekvensar av næringsverksemd i nord (MIKON), leiar: Norsk institutt for naturforsking. Dette flaggskipet er nytt i 2014, og er i gang med 17 ulike prosjekt.

I 1. halvår 2015 vil Regjeringa komme tilbake til spørsmåla om eit nybygg for Framsenteret i Tromsø når det er gjort ein ny gjennomgang av kostnadene og behova.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

  • Denne posten er lagt ned frå 2015. Midlane er overførte til post 50.

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål

Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål å gjennomføre forvaltningsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid innanfor rammene av den faglege hovudsatsinga for senteret. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.

Kriterium for måloppnåing

  • Framskaffe ny kunnskap av framifrå kvalitet som kan publiserast.

  • Etablert forskarutdanning og mastergradsutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgre utdanning på klima og miljø.

  • Etablert fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshol» og gi nasjonal meirverdi.

  • Etablerte gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt, og samarbeid med dei andre FoU-miljøa i landsdelen.

  • Fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse.

  • Faglege produkt i rett tid og form til bruk for politikkutforming, og som kan nyttast til å redusere risiko og sikre at ny verksemd skjer på ein berekraftig måte.

  • Formidle forskingsresultat til brukarane, som til dømes næringsliv, skuleverk, andre relevante brukarar og eit breitt publikum.

Tildelingskriterium

Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, og vere kvalitetssikra av Noregs Forskingsråd. I tillegg må dei vere tverrfaglege. Etter at Senterets eigne organ har valt ut den årlege prosjektporteføljen, skal Klima- og miljødepartementet godkjenne denne før prosjekta kan starte opp.

Oppfølging og kontroll

Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda (Flaggskipsleiarane) er pålagt saman med dei andre deltakarane i flaggskipa å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang og oppnådde resultat innan 30. november.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same føremåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling, oppfølging og kontroll er dei same. Sjå elles omtala under post 50 ovanfor.

Rapport for 2013

Framsenteret har vore involvert i betydeleg nasjonal og internasjonal forskingsaktivitet i 2013. Forskingsmiddel frå flaggskipa har finansiert 57 forskingsprosjekt.. I tillegg kjem 15 prosjekt finansierte på tvers av flaggskipa, med gjennomgåande middel og insentivmiddel. Prosjekta hadde deltakande forskarar frå 17 land og 53 ulike institusjonar (Noreg inkludert) i 2013. Produksjonen av vitskapelege publikasjonar (60 i alt) og rapportar har vore betydeleg, og forskarar frå Framsenteret har delteke og presentert si forsking på ei lang rekkje nasjonale og internasjonale konferansar og workshops. Gjennom Framsenteret AS har forskinga i Framsenteret vore kommunisert til ei rekkje besøk frå ulike land og ambassadar, forskingsinstitusjonar, statlege organ, utdanningsinstitusjonar og media. Forskingsformidlinga har òg vore betydeleg blant anna gjennom Fram Forum (2. årgang i 2013). Fram Forum er engelskspråkleg og blir utgitt i papirform og i elektronisk utgåve med global distribusjon. I tillegg vert tre nettsider drifta, og forskinga vert formidla gjennom ei rekkje kanalar som Youtube (framshorts.com), framsyningar, dei nasjonale forskingsdagane og stands ved ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar.

Programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid

Utgiftene under programkategori 12.70 gjeld resultatområde 5 Klima. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet med kjøp og sal av kvotar som vart overførte frå Finansdepartementet i 2014. Kategorien omfattar òg departementet sitt arbeid med klima- og skogsatsinga, der løyvinga vart flytta til Klima- og miljødepartementet frå Utanriksdepartementet ved Stortinget si behandling av Prop. 1 S Tillegg 1 (2013 – 2014).

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2015 er på 3 309 230 mill. kroner på utgiftsida og 335 500 mill kroner på inntektssida.

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1481

Klimakvotar

313 300

316 546

1,0

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 865 900

2 992 684

4,4

Sum kategori 12.70

3 179 200

3 309 230

4,1

Kap. 1481 Klimakvotar

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter, kan overførast

5 500

8 746

22

Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

306 300

306 300

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

1 500

1 500

Sum kap. 1481

313 300

316 546

Regjeringa sitt mål i klimapolitikken er å redusere nasjonale klimagassutslepp samtidig som Noreg medverkar internasjonalt i forhandlingar og gjennom direkte tiltak til å redusere utsleppa av klimagassar i andre land. Deltaking i EU sitt kvotesystem (EU-ETS), CO2-avgift og andre klimagrunngitte skattar og avgifter er hovudverkemidla i arbeidet med å redusere nasjonale klimagassutslepp.

Staten kjøper berre FN-godkjende klimakvotar og kvotekjøpa skjer på grunnlag av dei fleksible mekanismane i Kyoto-avtala, først og fremst Den grøne utviklingsmekanismen (Clean Development Mechanism, CDM). Den grøne utviklingsmekanismen omfattar prosjektsamarbeid i utviklingsland og stimulerer til klimavennlege investeringar i utviklingsland der det ikkje er ein pris på utslepp av CO2. I tillegg medverkar prosjekta til teknologioverføring og kapasitetsbygging både i offentleg og privat sektor.

FNs kontroll for å sikre at utsleppsreduksjonane er oppnådde i samsvar med dei godkjende prosjektdokumenta er grundig og ressurskrevjande. FN krev at utsleppsreduksjonane er verifiserte av ein uavhengig, FN-godkjend tredjepart. Gjennomføringa av prosjekt vert systematisk overvaka gjennom målingar og rapportering av relevante data. CDM-prosjekt og verifiserte utsleppsreduksjonar må godkjennast av styret i CDM (CDM Executive Board), som òg utferdar kvotane.

I løpet av den første Kyotoperioden (2008 – 2012) inngjekk staten avtaler om kjøp av klimakvotar med ei forventa levering på om lag 22,3 mill. kvotar. Ved utgangen av august 2014 var nær 22,1 millionar av desse leverte inn på statens konto i kvoteregisteret. Førebelse overslag tyder på at staten har behov for 21,2 mill. kvotar for å nå målet om ei overoppfylling på 10 pst. i den første Kyotoperioden. Kvotar som ikkje vert nytta i den første Kyotoperioden (2008 – 2012) kan overførast til neste periode (2013 – 2020).

Ei oppdatert oversikt over kontraktar som er inngått ligg på heimesida til Klima- og miljødepartementet.

Staten har òg inngått avtalar om kjøp av kvotar som er genererte etter 2012, og som skal nyttast til å oppfylle den andre Kyotoperioden. Desse kjem først og fremst frå fond som staten deltek i, mellom anna to fond som Verdsbanken administrer, Prototype Carbon Fund (PCF) og Carbon Partnership Facility (CPF) og to fond som det nordiske miljøfinansieringsselskapet NEFCO administrerer, NEFCO Carbon Fund (NeCF) og Norwegian Carbon Procurement Facility (NoRCAP).

I slutten av september 2013 inngjekk staten ein avtale med NEFCO om forvaltninga av statens program for kjøp av kvotar frå såkalla sårbare prosjekt. Dette er utsleppsreduserande prosjekt som står i fare for å bli avvikla fordi sal av klimakvotar ved dagens låge prisar ikkje gir nok inntekter til å dekkje driftskostnadene. Kjøp skjer gjennom ein anbodsprosess, og ved utgangen av august var det inngått avtaler med forventa levering på nær 16millionar kvotar.

Staten har fått levert om lag 3 mill. kvotar gjennom eit anna NEFCO-fond, NeCF, som kan nyttast i den første Kyotoperioden, og vil fram til 2020 få levert nær 400000 kvotar som kan nyttast i den andre Kyotoperioden.

Gjennom si deltaking i Prototype Carbon Fund vil staten til saman få levert omlag 1,3 mill. kvotar som kan nyttast i den første Kyotoperioden og om lag 100000 kvotar som kan nyttast i den andre perioden. Det blir ikkje inngått nye avtalar i dette fondet. Carbon Partnership Facility, der staten har forplikta seg til kjøp innanfor ei ramme på 35 mill. euro, inngår fortløpande avtaler om kjøp frå nye prosjekt. Ein ventar at staten i perioden fram til 2020 vil få levert om lag 4,7 mill. kvotar frå prosjekt som er avtalte pr. 1. september 2014.

Rapport 2013

Ansvaret for forvaltninga av statens kjøp av klimakvotar vart 1. januar 2014 overført frå Finansdepartementet til Klima- og miljødepartementet, jf. Prop. 1S Tillegg 1 (2013 – 2014). Ein viser derfor til rapportering for 2013 i Prop. 1 S (2014 – 2015) Finansdepartementet, kap. 1638 når det gjeld postane 01, 22 og 23.

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Post 01 Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester som kommersiell og juridisk rådgiving, og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp og sal av kvotar. Departementet foreslår at det blir løyvd 8,7 mill. kroner under posten. Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015 er 0,7 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett.

Post 22 Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

Strategien for kjøp av klimakvotar i perioden 2013 – 2020 er drøfta i Revidert nasjonalbudsjett 2013. Der legg ein vekt på at staten gjennom sitt kvotekjøp skal medverke til utviklinga og legitimiteten til den internasjonale marknaden for klimakvotar. Kjøpsstrategien byggjer på FN-systemet, og ein vil i store trekk føre vidare strategien frå første Kyotoperiode (2008 – 2012). Staten vil spesielt kjøpe kvotar frå allereie registerte prosjekt som står i fare for å avvikle drifta og frå nyutvikla prosjekt. Ein vil i utgangspunktet ikkje kjøpe kvotar frå registerte prosjekt som har inntekter som dekkjer dagleg drift, sidan slike prosjekt mest truleg vil halde fram å generere utsleppsreduksjonar uavhengig av statens kvotekjøp. I samsvar med EUs regulering av kvotehandelssystemet vil staten ikkje kjøpe kvotar frå hydrofluorkarbonprosjekt og frå kolbasert energiproduksjon utan karbonfangst og -lagring. Klima- og miljødepartementet legg til grunn at staten framleis skal kjøpe kvotar frå FNs tilpassingsfond, eit fond som finansierer nødvendige tilpassingstiltak i utviklingsland som følgje av klimaendringar.

Det er inngått avtale med NEFCO om den operative forvaltninga av eit program for kjøp av inntil 30 mill. kvotar frå prosjekt som står i fare for å avvikle drifta med dagens låge kvoteprisar, såkalla sårbare prosjekt.

Kjøp av kvotar frå nye prosjekt skjer i dag i første rekkje gjennom fond i Verdsbanken og NEFCO, men samarbeid med andre institusjonar og kjøparar vert òg vurdert, samtidig som det kan bli aktuelt å inngå avtalar direkte med prosjekteigarar.

Gjennom Verdsbankfondet Carbon Partnership Facility skal ein i tillegg til å kjøpe kvotar frå FN-godkjende prosjekt òg teste ut nye marknadsmekanismar. Departementet vurderer òg andre samarbeidsformer for testing av nye marknadsmekanismar. Innanfor ramma av klimaforhandlingane er det vedteke å etablere nye mekanismar som kan nyttast til oppfylling av skyldnader enkeltland har teke på seg. Det er ikkje utvikla noko regelverk og det er derfor uvisst om avtaler om kjøp av kvotar frå slike mekanismar gir kvotar som kan brukast til oppfylling av norske skyldnader. Det er derfor ein risiko for at staten må betale for kvotar ein ikkje kan bruke i oppgjeret for utslepp i den andre Kyotoperioden.

Klimakvotar vert normalt leverte over ei rekkje år, etter kvart som det enkelte prosjektet generer utsleppsreduksjonar som vert godkjende av FN. Departementet betaler først når kvotane er overførde til statens konto i kvoteregisteret. Det er derfor behov for fullmakt til at departementet kan pådra staten skyldnader for åra etter det aktuelle budsjettåret. For 2014 har Klima- og miljødepartementet såleis fått fullmakt til å inngå avtalar om kjøp av klimakvotar med framtidig levering og betaling innanfor ei samla ramme på 2000 mill. kroner. Det er også for 2015 behov for ei fullmakt på 2000 mill. kroner. Denne ramma vil omfatte betalingar som knyter seg til avtalar som er inngått i 2014 og tidlegare år, og som vil gje utbetalingar i 2016 og/eller seinare år, og nye avtalar som vert inngått i 2015 og som fører til utbetalingar i 2016 og seinare år, jf. forslag til romartalsvedtak IV.

Seinare betalingar enn lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet for 2014 fører truleg til at løyvinga for 2014 ikkje vil verte nytta fullt ut. Regjeringa vil derfor vurdere å foreslå ein reduksjon i denne løyvinga når den legg fram proposisjonen om nysaldering av statsbudsjettet 2014.

I visse høve vil det vere ønskjeleg å betale ein viss del på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken og NEFCO. I samsvar med tidlegare praksis kan det òg bli aktuelt å betale eit mindre forskotsbeløp for å dekkje ymse administrasjonskostnader for andre kjøp. Forvaltningskostnader til NEFCO, Verdsbanken og eventuelle andre forvaltarar vert òg ført på denne posten.

Det kan vere føremålsteneleg å endre samansetjinga av porteføljen til staten. Det kan ein gjere ved å selje vidare kontraktar for enkelte prosjekt, ved å selje framtidige volum frå enkelte prosjekt, eller ved å selje kvotar i marknaden for kvotar med garantert levering (andrehandsmarknaden). Den slags sal kan vere ønskjeleg for å gjere tilpassingar i porteføljen, for eksempel for å få betre risikospreiing ved å kjøpe frå prosjekttypar og land som er underrepresenterte i porteføljen, eller for å tilpasse volumet til oppdaterte overslag over levering og kjøpsbehov. Det kan òg vere aktuelt å styre denne eksponeringa gjennom avleidde instrument, for eksempel bytteavtaler. Klima- og miljødepartementet ber derfor om fullmakt til å selje kvotar og å nytte salsinntekta til å kjøpe nye kvotar utover det som er løyvd, jf. forslag til romartalsvedtak III.

Post 23 Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

Ordninga med kvotekjøp for statstilsette sine flyreiser vart gjeninnført i 2013 etter at EU sitt opplegg for kvoteplikt for fly vart innskrenka til berre å omfatte flyreiser innanfor EØS-området. Det vil derfor verte kjøpt kvotar for statstilsette sine reiser som ikkje er omfatta av kvoteplikt. På bakgrunn av at alle flyreiser innan EØS-området er omfatta av kvoteplikt, er omfanget av reiser det skal kjøpast kvotar frå, avgrensa. Regjeringa foreslår at det vert løyvd 1,5 mill. kroner for å dekkje kjøp av kvotar for flyreiser statstilsette gjer på strekningar som ikkje er omfatta av kvoteplikt.

Kap. 4481 Sal av klimakvotar

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Salsinntekter

335 500

Sum kap. 4481

335 500

Post 01 (Ny) Salsinntekter

EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, vart innlemma i EØS-avtala i juli 2012. Reglane er harmoniserte på EU-nivå og inneber m.a. at kvoteplikta skal utvidast til å gjelde fleire sektorar og klimagassar. Kvotar som ikkje vert tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noregs del av totalt salsvolum er om lag 0,75 prosent.

Sal av klimakvotar skal frå 2013 skje ved hjelp av auksjonar. Noreg skal delta på ei felleseuropeisk auksjonsplattform der kvotane vert selde til høgstbydande gjennom jamlege auksjonar. Prosessen med å knytte seg til denne auksjonsplattforma, som for tida er European Energy Exchange (EEX) i Leipzig, har teke lengre tid enn føresett. Dette skuldast mellom anna diskusjonar omkring EØS-rettslege spørsmål. Basert på kommisjonens overslag vert det lagt til grunn eit sal på 5,6 mill. kvotar i 2015. I tillegg kjem sal av luftfartskvotar. Eit vedtak i EU om ei førebels utsetjing av salet av 900 mill. kvotar fører for Noregs del til at 2015-volumet vert redusert med 2,2 mill. kvotar. Dersom det ikkje er mogeleg å få til ei avtale med EEX om tilknyting til auksjonsplattforma i løpet av 2014, vert det lagt til grunn at kvotane som skulle seljast i 2014, til saman 12,9 mill., blir selde i 2015 saman med 2015-volumet. Med utgangspunkt i prisane sommaren 2014 har ein i budsjettet lagt til grunn ein kvotepris på om lag 54 kroner. Prisane i denne marknaden svingar sterkt, og overslaget er derfor usikkert.

Rapport 2013

Ansvaret for sal av klimakvotar vart overført frå Finansdepartementet til Klima- og miljødepartementet i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2014, jf. Prop. 93 S (2013 – 2014). Ein viser derfor til Prop. 1 S (2014 – 2015) Finansdepartementet, kap. 4638 når det gjeld rapportering for 2013.

Kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

71 900

82 686

73

Klima- og skogsatsinga, kan overførast

2 794000

2 909 998

Sum kap. 1482

2 865 900

2 992 684

* I 2013 var midlane plasserte på kap. 166, post 01 og post 73 på Utanriksdepartementets budsjett

Frå 2014 er forvaltinga av klima- og skogsatsinga samla i Klima- og miljødepartementet. Dagens organisering der ansvaret for satsinga er samla i eitt departement er vurdert som effektiv og å gi klarare ansvarsforhold enn tidlegare delt organisering mellom Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane på posten låg tidlegare under Utanriksdepartementets kap. 166 Miljø- og bærekraftig utvikling. Midlane vart flytta til nytt kapittel 1482 under Klima- og miljødepartementet i Tillegg 1 til Prop. 1 S (2013-1014).

Posten omfattar driftsmidlane knytte til Regjeringas klima- og skogsatsing. Posten dekkjer alle driftskostnader til satsinga, under dette lønn, administrasjon, reiseutgifter, informasjonsverksemd m.v. i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet (med ambassadane) og Norad.

I tillegg vil løyvinga dekkje kjøp av varer og tenester knytte til drift, slik som utgreiingar, verifiseringsoppdrag, konsulenttenester, seminar og internasjonale møte m.v.

For 2015 er det foreslått ei løyving på 82,6 mill. kroner på posten. I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 01 er godkjent som utviklingshjelp. Posten er auka med 10,8 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2014. Auka på posten er samansett. Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015 er 7,3 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett. Det er óg flytta 16,0 mill. kroner frå post 73 under same kapittel, som heng saman med riksrevisjonens merknader i Dok. 1 til budsjettåret 2013 og evalueringane av satsinga som er publiserte i 2014 og som viste eit behov for å styrkje forvaltninga av klima- og skogsatsinga. Dette gjeld organisasjonen i Noreg og dei norske ambassadane som forvaltar midlar for satsinga. Klima- og skogsatsinga er eit internasjonalt nybrottsarbeid. Å drive dette arbeidet framover er krevjande, både politisk og fagleg. Det krev betydeleg reiseverksemd som er knytt både til arbeidet for å skape global oppslutning om redusert avskoging og skogdegradering som klimatiltak og for å følgje opp tiltak som mottek norsk støtte. Tilgang til variert og høg kompetanse og kapasitet gjennom målretta bruk av eksterne fagmiljø er avgjerande for å lykkast. Dette gjeld både for å drive det globale arbeidet med løysingsutvikling og klimapolitisk konsensusbygging vidare, og for å kunne støtte partnarland sitt arbeid med å utvikle og implementere sine klima- og skogstrategiar, jf. tilrådingane i evalueringane. Nokre av midlane på posten har vore brukte til å finansiere tiltak som er ein del av Noregs avtaler med andre land eller organisasjonar

Rapport 2013

Midlane på posten vart i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013 – 2014) flytta frå Utanriksdepartementets kap. 166, post 01 til nytt kap 1482, post 01. Midlane på kap 166, post 01 har blitt nytta til løns- og driftsutgifter for klima- og skogsatsinga. Midlane dekka løns-, drifts- og reiseutgifter til satsinga i Utanriksdepartementet, dåverande Miljøverndepartementet, Norad og ved norske utanriksstasjonar som forvaltar midlar for klima- og skogsatsinga.

Klima- og skogsatsinga samarbeider med ei rekkje partnarland og organisasjonar internasjonalt. Dette inneber å delta på og arrangere internasjonale møte og konferansar, og prosessar for å etablere internasjonalt samarbeid, ofte med fleire aktørar. Midlar på posten har vore brukt til å dekkje utgifter knytte til å fremje slike arrangement, medverke til konsensusbygging, utvikle analysar og løysingar m.m. Midlar har òg vore brukte til å innhente eksterne vurderingar av partnarlands framdrifts- og utsleppsrapportar. Klima- og skogsatsinga inngjekk i 2013 ei rekkje bilaterale og multilaterale avtaler om norsk støtte til arbeid for skogbevaring og mot avskoging. Bl.a. for å gjennomføre avtaleforhandlingane og etablere avtalene har det vore behov for å kjøpe konsulenttenester internasjonalt. Tenestene har i hovudsak vore finansierte over driftsposten.

Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overføres

Midlane på posten låg tidlegare under Utanriksdepartementets kap. 166 Miljø- og bærekraftig utvikling. Midlane vart flytta til nytt kap. 1482 under Klima- og miljødepartementet i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013 – 1014).

For 2015 er foreslått løyvd 2 910 mill. kroner på posten. Regjeringa prioriterer å halde oppe nivået på klima og skogsatsinga, som er eit bidrag til den internasjonale innsatsen med å redusere utslipp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog og foreslår derfor å auke budsjettet med 116 mill. kroner.

I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 73 er godkjent som utviklingshjelp.

Mål

Tilskotet skal medverke til:

  • at utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD+) inngår i ei ny internasjonal klimaavtale

  • kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland

  • å bevare naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon

Desse måla skal vere styrande for ressursbruk og prioriteringar, og vedtak om igangsetjing, vidareføring eller endring av støtte. Det er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk å medverke til berekraftig utvikling og reduksjon av fattigdom. For norsk klimapolitikk er det eit overordna mål å medverke til å få på plass eit globalt, bindande og langsiktig regime for reduksjon i utslepp av klimagassar. Desse er derfor naturlege overordna mål for klima- og skogsatsinga. Langsiktig bevaring av skog er avhengig av at det blir oppnådd resultat også på andre område enn reduserte utslepp av klimagassar. Klima- og skogsatsinga skal derfor gjennom arbeidet òg medverke til bevaring av naturskog, berekraftig utvikling og styrking av politisk og økonomisk styresett i naturressursforvaltninga og arbeide for å sikre rettane til lokalsamfunn og urfolksgrupper. I arbeidet for å nå måla skal klimapolitikken og utviklingspolitikken underbyggje kvarandre.

Tildelingskriterium

Tilskotet dekkjer tre kategoriar av tiltak: betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, finansiering av program- og prosjektporteføljar og fondsoppbygging. Kategoriane vart etablerte i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett for 2014. Kriterium for utbetaling av tilskot i kvar kategori er beskrive under.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar

Eitt av klima- og skogsatsinga sine hovudmål er reduksjon av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Tildelingskriterium for tilskotsmidlar er verifiserte reduksjonar av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Utbetaling er avhengig av effektive og robuste system for å måle og verifisere resultat, og storleiken på utbetalinga må stå i eit rimeleg forhold til det oppnådde resultatet. Blir det ikkje levert dokumentasjon på unngåtte utslepp eller auka klimagassopptak i skog, skal midlane ikkje utbetalast. Sjå boks 6.2 om måling, rapportering og verifisering (MRV) under rapport for 2013.

Finansiering av program- og prosjektporteføljar

For å nå måla om utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av naturskog er det i mange land behov for førebuande innsats for å starte dei nødvendige prosessane, etablere strategiar og arenaer. For å få resultat av satsinga og sikre framdrift i arbeidet, er eit godt forvaltningsregime ein føresetnad. Klima- og skogsatsinga vil derfor søkje å styrkje gjennomføringstakten og hindre forseinkingar ved å medverke til reformer og institusjonsbygging i mottakarlanda. Dette vil òg imøtekomme forventningar og behov i mottakarlanda og styrkje moglegheitene for varig betra skogforvaltning.

Målgruppe for tilskot er styresmakter, organisasjonar og grupper som blir påverka av tiltak for reduksjon i avskoging og effektane av reduserte klimautslepp, og andre aktørar som kan medverke til måloppnåing.

Midlane skal nyttast til prosjekt eller program som fremjar institusjonsbygging, planprosessar, kartleggingsarbeid, kompetansebygging, kunnskapsutvikling eller liknande, som medverkar til at måla for tilskotsposten blir nådde. Utbetaling direkte til mottakar finn stad når det er behov for å dekkje faktiske utgifter over ein periode på normalt seks månader eller mindre, og vilkåra elles i avtalen er oppfylde.

Fondsoppbygging (multilaterale satsingar) for framtidige utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar

I enkelte internasjonale organisasjonar kan det vere vanskeleg for Noreg å få gjennomslag for å følgje våre reglar om utbetaling etter behov og i terminar. Primært vil dette vere i tilfelle der fondsforvaltar ønskjer forskotsvise utbetalingar for å inngå juridisk forpliktande avtaler med tropiske skogland om framtidig kjøp av verifiserte utsleppsreduksjonar. Når Noreg ikkje finansierer klart avgrensa prosjekt, blir det vurdert om Klima- og miljødepartementet skal få høve til å tilpasse utbetalingane til den enkelte organisasjonen sitt regelverk. Slik utbetaling krev unntak frå føresegnene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetaling av gitte tilskotsløyvingar. Sjå forslag til romartalsvedtak VIII. Klima- og skogsatsingas krav om at midlane skal rapporterast som bistand vil stå fast, og andre krav i økonomireglementet til forvaltning av tilskot vil bli følgde.

Fondsoppbygging skal vurderast separat for kvart enkelt tilfelle, og berre når følgjande kriterium er oppfylte:

  • Betaling for resultat. Unntak bør avgrensast til initiativ der Noreg medverkar til å byggje opp fond med eksplisitt formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.

  • Noregs rolle er ikkje av ei slik art at vi åleine kan bestemme utbetalingspraksis. Nye unntak skal berre vurderast for initiativ der Noreg må ta omsyn til ein eller fleire andre store bidragsytarar og/eller multilaterale samarbeidspartnarar sin praksis og behov. Noreg skal i forhandlingar først ha forsøkt å få gjennomslag for at midlane blir utbetalte til fondet etter at utsleppsreduksjonane er oppnådde.

  • Forsvarleg forvaltning. Det må etablerast juridiske rammeverk knytte til fonda som sikrar god forvaltning av midlane. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltningskrav som sikrar effektiv forvaltning.

Oppfølging og kontroll

For kvar utbetaling skal det rapporterast på oppnådde resultat i samsvar med til dei inngåtte avtalene og dei klimapolitiske måla. Tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar skjer etterskotsvis. Utbetalingane vil skje til fond, som vil vere tilskotsmottakar. I tilfelle med delegert samarbeid med andre givarar der etterskotsvis betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar er praktisert, vil tilskotsmottakar vere den parten som er delegert forvaltninga. Klima- og miljødepartementets skyldnader knytte til oppfølging av midlane er derfor avgrensa til oppfølging av avtala mellom Noreg og mottakar. Mottakaren sine vidare tilskotsavtaler er ikkje regulerte av reglane om tilskotsforvaltning i det norske økonomiregelverket. Eit eksempel på eit slikt fond er Brasils Amazonas-fond, administrert av Den brasilianske utviklingsbanken.

Avtaler om utbetalingar til fond må gi høve til kontroll og tilbakebetaling av tilskotet innanfor eit rimeleg tidsrom dersom det ikkje er forvalta i tråd med intensjonen. Alle utbetalingar under klima- og skogsatsinga skal kunne klassifiserast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Ved utbetalingar til fond må det avtalast at fondet berre kan bruke norske midlar på tiltak som er godkjente som offisiell bistand. I tillegg skal avtalene fastslå at tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar i deira vidare utbetalingar til ODA-godkjente aktivitetar, og at det blir rapportert på oppnådde resultat. Avtalene skal vidare medverke til klima- og skogsatsinga sine mål om biologisk mangfald, berekraftig utvikling og urfolk sine rettar. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltningskrav som syter for effektiv forvaltning.

Oppfølging og kontroll skal skje i medhald av regelverket for tilskotsforvaltning elles i bistandsforvaltninga. Som følgje av at Klima- og miljødepartementet overtok forvaltninga av midlane på posten i 2014 vart det etablert eit nytt ordningsregelverk for ordninga.

Boks 6.1 Resultat av klima- og skogsatsinga, evalueringar

Følgjeevaluering

Norad gjennomfører ei følgjeevaluering av Klima- og skogsatsinga, som har resultert i 5 rapportar. Siste rapport vart utgitt i august 2014, og oppsummerer bl.a. resultat av Klima- og skogsatsinga frå 2008 – 2013 sett opp mot satsinga sine hovudmål. Hovedfunna under dei enkelte måla er som følgjer:

Utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD+) skal inngå i ei ny internasjonal klimaavtale

Satsinga sitt arbeid for å inkludere REDD+ i det framtidige klimaregimet er vurderte som ein suksess. Norsk støtte, både finansiell og ikkje-finansiell, har medverka til at eit stort tal land har engasjert seg i arbeidet med REDD+. Gjennom bidrag til forhandlingane rundt ei ny klimaavtale og ved erfaringar framskaffa gjennom bilaterale partnarskap har satsinga medverka til å utvikle eit internasjonalt rammeverk for REDD+ og tilhøyrande finansieringsmekanismar. Dei store betalingsløfta for utsleppsreduksjonar, spesielt til Brasil og Indonesia, er vurderte til å ha medverka til å skape internasjonal framdrift og utløyse brei politisk støtte.

Kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av i utviklingsland.

Satsinga er vurdert å ha gitt gode bidrag til tidlege tiltak («early action») for å oppnå kostnadseffektive reduksjonar i klimagassutslepp som kan verifiserast. Dette er spesielt klart i dei mest effektive bilaterale partnarskapa, særleg Brasil og Indonesia. I Brasil har klima- og skogsatsinga medverka til utviklinga av eit nasjonalt lågkarbon-rammeverk, og gjennom betalinga til Amazonasfondet lagt til rette for vedvarande, framtidige utsleppskutt. I Indonesia har satsinga medverka til framgang i readinessarbeidet. Mens evalueringa påpeiker at det er oppnådd viktige resultat og erfaringar i partnarskapa med Tanzania og Guyana, blir det òg understreka at det i desse landa framleis er mykje ugjort. Rapporten framhevar at dei beste resultata er oppnådd i mellominntektsland der det finst ei reell evne og politisk vilje til innsats i forkant av økonomiske bidrag. Gjennom støtta til multilaterale organisasjonar har mange land komme i gang med førebuande REDD+arbeid, men foreløpig har få land komme til fasen med utsleppsreduksjonar. Evalueringa peiker på at tida det tek før REDD-land oppnår utsleppskutt gir grunn til bekymring. Det er framheva at satsinga har gitt viktige bidrag til utviklinga av system for måling, rapportering og verifisering (MRV) av utsleppsreduksjonar og at støtta som er gitt til sivilsamfunnet har gitt verdifulle bidrag til etableringa av sosiale og miljøvise sikringsmekanismar og breiare styresettreformer.

Bevare naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon

Klima- og skogsatsinga har gitt eit solid bidrag til å bevare naturskogar gjennom pilotprosjekt, og til å etablere nye verneområde for skog. Indonesias moratorium mot nye konsesjonar for konvertering av skog er sett på som eit viktig steg i riktig retning. Sikringsmekanismar for naturskog er blitt utvikla og innførte med norsk støtte gjennom både bilaterale og multilaterale kanalar. Dette er sett på som å ha medverka til etableringa av rammeverk og verktøy for REDD+-aktivitetar som vil føre til at naturskogane blir tekne endå betre vare på.

Satsinga skal medverke til berekraftig utvikling og reduksjon av fattigdom

Satsinga er vurdert å ha gitt viktige bidrag til dei breiare måla for norsk utviklingsbistand. God skogforvaltning er implementert i heile prosjektporteføljen til klima- og skogsatsinga, inkludert tiltak mot korrupsjon og kriminalitet i skogsektoren. Sikringsmekanismar for å beskytte og ta vare på rettane til urfolk og andre lokalsamfunn har stått sentralt i klima- og skogsatsinga sine aktivitetar, både i bilaterale og multilaterale kanalar og i støtta til organisasjonar i det sivile samfunn. Satsinga har gitt eit breitt og kraftig bidrag til berekraftig utvikling. Mens rettane til urfolksgrupper har fått mykje merksemd, påpeiker evalueringa at rettane til andre folkegrupper enn urfolk krev styrkt innsats. Mens kjønnsperspektivet er blitt understreka og adressert i satsinga sine bidrag, har framdrift på dette området vore avgrensa på grunn av manglande forståing hos fleire samarbeidspartnarar av korleis dette temaet skal følgjast opp.

Evalueringa sine tilrådingar

Evalueringsrapporten inneheld òg omfattande vurderingar av organisering og arbeidsformer for satsinga, og om innsatsar og resultat i fire utvalte samarbeidsland (Brasil, Indonesia, Guyana og Tanzania) og gjennom multilaterale kanalar. Dette er viktige bidrag for vidare vurderingar av innretninga på satsinga i det heile, og i dei enkelte partnarskapa og finansieringskanalane.

Rapporten munnar ut i ein serie tilrådingar for det vidare arbeidet med satsinga:

  • Klima- og skogsatsinga sin overordna strategi bør reviderast i lys av evalueringa og anna relevant materiale, under dette vurderingar av den globale status for REDD+, analysar av framdrift i enkeltland og ein analyse av dei viktigaste manglane i den globale innsatsen. Ein revidert strategi bør innehalde ein formalisert endringsteori kopla til eit resultatbasert rapporteringsrammeverk (tilråding 1 og 2).

  • Det bør etablerast ei felles tilnærming med andre givarland til dei multilaterale organisasjonane for å auke effektiviteten og resultatoppnåinga for organisasjonane. Satsinga sitt noverande samarbeid med andre givarar og med multilaterale organisasjonar bør vurderast. Det bør takast omsyn til dei ulike organisasjonane sine mandat, avgrensingar og høvet til synergieffektar med satsinga (tilråding 3).

  • Av ulike årsaker har det vore avgrensa framdrift i Guyana og Tanzania. Begge landa bør bli besøkte av fleirfaglege team for å diskutere årsaker til svak framdrift og korleis støtta evt. bør førast vidare (tilråding 4).

  • Satsinga bør gi meir merksemd til kommunikasjon. Det bør spreiast meir informasjon om framdrift og resultat gjennom eit breitt spekter av kanalar. Det bør omfatte, men ikkje avgrensast til, ei omfattande nettside med linkar til rapportar og annan informasjon. Innsatsen for meir gjennomsiktige pengestraumar, særleg der midlar blir kanaliserte gjennom multilaterale partnarar, bør halde fram (tilråding 5).

Strategisk evaluering

Som eit supplement til Norads følgjeevaluering har departementet fått utført ei strategisk evaluering, gjennomførd av Jonathan Lash, av klima- og skogsatsinga sine resultat og klimapolitiske betyding fram til no, inkludert betraktningar om satsinga si strategiske betyding i åra framover (Lash-rapporten).

Rapporten frå denne evalueringa vart lansert i mars 2014 og er tilgjengeleg på departementet si nettside. Konklusjonane om måloppnåinga i satsinga er i hovudsak samanfallande med dei positive konklusjonane frå Norads følgjeevaluering. Rapporten framhevar at løfta om storskala betaling for utsleppsreduksjonar har vore avgjerande for satsinga si måloppnåing. Økonomiske løfter, politisk engasjement på høgt nivå i Noreg og partnarskapstilnærming, har samla skapt politisk rom i skoglanda til å forbetre skogforvaltninga. Forfattarane peiker i tillegg på at Noreg har medverka til å forandre synet på og retorikken rundt bevaring av skog i utviklingslanda. Det er mindre vanleg å sjå på regnskogbevaring og økonomisk utvikling som motstridande mål i dag enn for fem år sidan.

REDD+ har motivert skoglanda til å forbetre oversikta over eigne skogar. Dette vil kunne ha stor betyding for deira utviklingsplanar og forvaltninga av naturressursar, uavhengig av om REDD+ blir del av ei internasjonal klimaavtale. REDD+ har, mykje takka vere Noregs leiarskap, bidrege til å konsolidere (Brasil) og katalysere (Indonesia) nødvendige endringar i viktige land sine styresett for og forvaltning av skogsektoren. Støtte til sivilsamfunnet sine organisasjonar har vore viktig. Den har medverka til meir opne nasjonale prosessar og dialog, og dermed til betre avgjerder med større legitimitet. REDD+, slik det er praktisert av Regjeringas klima- og skogsatsing, opnar for nye høve til samarbeid og dialog mellom grupper som tradisjonelt har hatt ein fastlåst kommunikasjon.

Rapporten gir råd og anbefalingar om vegen vidare:

  • Hovudtilrådinga er at Noreg held fram med satsinga, og helst på eit høgare nivå enn dagens satsing. Evalueringa understrekar òg at Noreg har eit ansvar for å følgje opp dei store forventningane som er skapt i skoglanda.

  • Den resultatbaserte tilnærminga bør utviklast vidare gjennom å auke bruken av betaling for utvikling og implementering av relevante reformer i perioden før den tekniske kapasiteten til å gjennomføre utsleppsreduksjonar, og verifisere desse, er på plass, jf. tilnærminga som er brukt i Indonesia. Ei rekkje land, spesielt låginntektsland, kan neppe forventast å vere klare for betaling for utsleppsreduksjonar dei næraste åra.

  • Satsinga gjennom multilaterale organisasjonar som UN REDD og Verdsbanken bør halde fram, og utvidast til fleire land.

  • Engasjement på høgt politisk nivå, og godt samarbeid mellom dei involverte myndigheita i Noreg er viktig for fortsett suksess.

  • Samarbeidet med både privat sektor og lokale sivile samfunnsorganisasjonar bør styrkast.

  • Før ein global klimaavtale er på plass bør samarbeidet mellom givarland styrkast og formaliserast («coalitions of the willing»).

  • Målsetningar, resultat og erfaringar frå klima- og skogsatsinga bør kommuniserast betre til omverda.

Regjeringas forslag til vidare innretting av klima- og skogsatsinga er omtalt i Del III under resultatområde 5 Klima.

Rapport 2013

I 2013 låg midlane på kap. 166, post 73 under Utanriksdepartementets budsjett.

Nedanfor følgjer rapportering på klima- og utviklingseffekten av klima- og skogsatsinga sin innsats i 2013. I 2014 lagast ein eigen statusrapport for satsinga som vil være å finne på departementet si heimeside. Måla for 2013 er dei same som er foreslått for 2015.

Brasil

Noreg har gitt ein lovnad om å betale inntil 1 mrd. dollar til Brasil innan utgangen av 2015, basert på Brasils reduserte avskoging. Så langt er 4,55 mrd. kroner utbetalt. Dei norske pengane blir betalte til Amazonasfondet, som igjen løyver pengar til tiltak som fremjar utvikling og god skogforvaltning. Arbeidet har det siste tiåret retta seg både mot å betre naturforvaltninga, beskytte naturskog, regenerere degradert naturskog og å auke jordbruksproduksjon gjennom meir effektiv heilskapleg arealbruk og meir effektiv jordbrukspraksis. Mange av prosjekta dreier seg om å finne alternative inntektskjelder for fattige som hogger ned skogen for å overleve. Amazonasfondet har bl.a. støtta opplæring i å drive berekraftige økonomiske aktivitetar og berekraftig produksjon. Mykje av støtta frå Amazonasfondet går òg til å handheve miljølovgiving for å hindre ulovleg hogst.

I 2013 oppnådde Brasil sitt nest lågaste avskogingsresultat sidan målingane begynte i 1988, dei var noko høgare i 2013 enn i 2012. Eit svært konservativt anslag på utsleppsreduksjonane som er oppnådde sidan partnarskapen vart inngått med Brasil er 2,6 mrd. tonn. Union of Concerned Scientists har forsøkt å berekne ei meir realistisk mengde utsleppsreduksjonar, og meiner utsleppa har blitt reduserte med 3,6 mrd. tonn i same perioden. Dette svarer til om lag 65 gonger Noregs årlege utslepp.

I 2013 betalte Noreg for Brasils oppnådde resultat i skogåret 2012. I 2012 reduserte Brasil avskoginga i Amazonas-regionen med 77 pst. samanlikna med årleg gjennomsnittleg avskoging i perioden 1996 – 2005. Den drastiske reduksjonen i avskoging som Brasil har oppnådd er av stor betydning for arbeidet med å redusere effektane av dei globale klimaendringane, som i sin tur kan ha ein positiv påverknad for dei 25 mill. menneska som bur i Amazonas-regionen, spesielt for urfolk og lokalsamfunn i og nær skogområde.

I den Norad-bestilte oppsummerande følgjeevaluering av Klima- og skogsatsinga (heretter følgjeevalueringa), er støtta til Brasil omtalt som viktig både for Brasil og for REDD-agendaen globalt. Dei norske pengane gav aksept for dei nasjonale reformene som allereie var i gang for å takle avskoging, og truleg styrke til å halde fram i denne positive retninga.

Evalueringa peiker på at kjønnsperspektivet ikkje er tilstrekkeleg teke vare på i samarbeidet. I tillegg saknar evalueringa betre rapportering på Amazonasfondets samla effekt. Eit anna viktig moment som rapporten peiker på er at berre avskoginga i Amazonas er dekt av avtala. Det gjer at potensiell lekkasje av avskoging til andre geografiske område ikkje blir fanga opp av avtala.

Samarbeidsavtala mellom Noreg og Den brasilianske utviklingsbanken (BNDES) om støtte til Amazonasfondet vart fornya 17. september 2013. Noregs totale utbetaling til Amazonasfondet i 2013 var på om lag 3,89 mrd. kroner. Av dette var 2,79 mrd. kroner allereie løyvd til Brasil for oppnådde resultat i perioden 2008 – 2011 og hadde stått på gjeldsbrevkonto i Noreg. Pr. 31.12.13 var 50 prosjekt blitt godkjente for støtte frå Amazonasfondet.

I tillegg til støtta gjennom Amazonasfondet, opererer totalt 22 prosjekt under sivilsamfunnsløyvinga i Brasil.

Det har teke tid å setje i verk prosjekt finansierte av dei norske midlane som er utbetalte for utsleppsreduksjonar. Den brasilianske utviklingsbanken arbeider kontinuerleg med denne problematikken, og forpliktingsgraden og utbetalingstakten i Amazonas-fondet aukar. Banken har strenge prosedyrar for å sikre at bidrag til fondet ikkje blir misleghaldne.

Figur 6.1 Avskoging i brasiliansk Amazonas 1988 – 2013

Figur 6.1 Avskoging i brasiliansk Amazonas 1988 – 2013

Indonesia

Samarbeidet med Indonesia har i første fase hatt som mål å etablere strukturar for god skog- og torvmyrforvaltning. Noreg skal betale for verifiserte utsleppsreduksjonar i tredje fase, som etter planen blir sett i gang i 2017. Samarbeidet er no i ferd med å gå over i iverksetjingsfasen (fase to), der Noreg skal medverke til å finansiere Indonesias handlingsplanar for redusert avskoging, særleg på lokalt nivå. Det vart i 2013 utbetalt 54 mill. kroner frå kap. 166, post 73 i støtte til Indonesia.

Indonesia har dei siste tiåra hatt høg avskoging. Det er ikkje etablert gode system for å måle og verifisere avskogingstal i Indonesia, men overslag tyder på at om lag 800000 hektar urørt regnskog forsvinn årleg. I fase 2 av partnarskapen skal Indonesia ferdigstille eit rammeverk for måling og verifisering av utsleppsreduksjonar – ein føresetnad for at Noreg skal betale Indonesia for utsleppsreduksjonar (i fase 3).

Indonesia har sidan 2011 vedteke stans i nye konsesjonar for hogst og plantasjar i primærskog i eit område på storleik med Frankrike («moratoriet»), for å gi styresmaktene tid til å implementere reformer for å begynne å redusere avskoginga. I 2013 vart moratoriet forlenga med ytterlegare to år. Moratoriet har blitt kritisert for å vere for lite omfattande og å gi for svakt skogvern.

Indonesia har utvikla strategiar for å redusere avskoginga og skogdegradering og øydelegging av karbonrik torvmyr, både på nasjonalt nivå og i elleve provinsar. Hausten 2013 vart det etablert ei spesialeining for REDD+ som koordinerer landets REDD+-innsats (REDD+ Agency). Ein finansieringsmekanisme for REDD+ i Indonesia er under etablering.

Tre ulike uavhengige evalueringar har nyleg blitt publiserte om klima- og skogpartnarskapen med Indonesia (Lash-rapporten februar 2014, Norads følgjeevaluering i august 2014 og konsulentselskapet Gaia hausten 2013). På overordna nivå konkluderer alle evalueringane med at Indonesia som del av samarbeidet har hatt betydeleg framgang i å etablere strukturar som vil vere nødvendige for positive styresettreformer i skogsektoren. Norad- og Lash-rapportane framhevar det at Noreg ga lovnad om støtte og at Indonesias president forplikta seg til ambisiøse utsleppsreduksjonar, har bidrege til den gode framgangen i Indonesia. Lash framhevar at klima- og skogomsyn no «i forbløffande grad» har blitt ein del av Indonesias utviklingsagenda i staden for å vere ein trussel mot den.

Norads følgjeevaluering fastslår at det har vore god framgang i det førebuande REDD+-arbeidet, deriblant arbeidet med å få på plass rammeverk for å måle og verifisere utsleppsreduksjonar. Dei framhevar at utviklingspolitiske omsyn har blitt godt tekne vare på, at partnarskapen har medverka til grunnleggjande prosessar for å sikre rettane til urfolk, og til forbetringar i landet si skogforvaltning. Dei viser til god framgang i å integrere kjønnsperspektivet i politikkutforming og planlegging, men at det er for tidleg å seie noko om dei endelege effektane av dette.

Både Lash’ og Norads rapportar peiker på at kommunikasjonen om partnarskapen må bli betre. I tillegg blir det etterlyst større nærvær og fleire tilsette for å betre oppfølginga frå norsk side. Rapportane peiker på kor politisk sårbar resultatoppnåinga i Indonesia er og framhevar vidare behovet for samordning mellom ulike institusjonar og initiativ i Indonesia.

Boks 6.2 Hva er MRV?

Forkortinga står for Måling, Rapportering og Verifisering. Overordna inneber MRV:

Måling – Kort fortalt er dette å måle omfanget av klimagassutslepp frå skogen. Ein må blant anna måle kor store område som blir skadde gjennom avskoging og degradering av skog, og kor mykje karbon som blir sloppe ut på grunn av denne skaden. Til saman blir denne informasjonen kalla ein klimagassrekneskap. Klimagassutslepp kan komme frå øydelegging av tre, greiner og blad over bakken, eller frå røter under bakken, og jorda trea stod på.

Rapportering – Når eit land har gjort sine målingar og utrekningar, skal resultata av dette rapporterast til dei som skal betale for dei reduserte klimagassutsleppa. I desse rapportane skal ein sjølvsagt rapportere resultatet, men òg kva slags metodar og matematiske formlar som er nytta i utrekningane. Dette er nødvendig for at neste trinn i prosessen – verifiseringa – skal bli best mogleg.

Verifisering – For at dei som betaler for redusert avskoging skal vere trygge på at resultata er truverdige, må rapportane verifiserast. I ei verifisering blir metodane og utrekningane som vart brukt i rapportane grundig vurderte av ein uavhengig tredjepart. I tillegg til å sjekke at alt stemmer, kan dei som utfører verifiseringa gi nyttige råd og tilrådingar om korleis neste rapport kan bli endå betre. I heile MRV-prosessen er det viktig at aktørane er opne og gir innsyn i kva metodar og materiale som ligg bak resultata. Dette gjer det mogleg for bl.a. sivile samfunnsaktørar og akademia å følgje med på prosessen og gå MRV-styresmaktene etter i saumane. Dette er spesielt viktig under Verifiseringsprosessen.

Kongobassenget

Kongobassenget utgjer verdas nest største regnskogsområde etter Amazonas, og dekkjer seks land i Sentral-Afrika. Avskogingstakten er låg, men aukande. I 2013 er norskfinansierte tiltak i fleirgivarfond som medverkar til institusjonsbygging, godt styresett, og nasjonale REDD-strategiar i regionen førte vidare. Midlane er bl.a. forvalta av Afrikabanken, Verdsbanken og FNs REDD-program. Det blir òg gitt midlar til fleire sivile samfunnsorganisasjonar i området gjennom klima- og skogsatsinga si ordning for sivilt samfunn. Det blir gitt støtte til organisasjonar som arbeider for godt styresett, eigedomsrettar, offentleg tilgjengeleg informasjon om aktivitetar i skogsektoren, antikorrupsjon og tiltak mot ulovleg hogst og miljøkriminalitet, og sivilsamfunnets og urfolks deltaking i REDD+, inkludert det sivile samfunn.

Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo) oppnådde i perioden 2009 til 2012 framgang i REDD+-arbeidet, spesielt sett i lys av dei store styresett- og fattigdomsutfordringane. Som ein del av Verdsbanken og DR Kongos nye, forpliktande samarbeid medverka satsinga i Kongobassenget i 2013 til auka fokus på berekraftige økonomiske reformer. Samarbeidet inkluderer, etter forslag frå Noreg, viktige reformer for arealbruksplanar, eigedomsrettar og miljøstandardar for å redusere dei negative verknadene av olje- og gruvedrift i regnskogen. Det vart i 2013 inngått eit nytt samarbeid med U.S. Agency for International Development (USAID), der Noreg i 2013 medverka med 47 mill. kroner til eit regionalt skogprogram i DR Kongo og Republikken Kongo. Programmet si todelte målsetjing er redusert avskoging og vern av biologisk mangfald. Det har vore arbeidd med å etablere system og kapasitet for god skogforvaltning i Kongobassenget. Arbeidet har teke lengre tid enn planlagt.

Gjennom Kongobassengfondet (Congo Basin Forest Fund, CBFF), eit fond i Den afrikanske utviklingsbanken (The African Development Bank – AfDB), støttar Noreg, Storbritannia og Canada prosjekt innan berekraftig skogforvaltning og REDD+ i dei ti landa i Kongobassenget som er medlem av Den sentralafrikanske skogkommisjonen (The Central African Forest Commission). Det har vore store utfordringar ved forvaltninga av fondet, og det er gjennomført tiltak for å betre fondsforvaltninga. Eit nytt resultatrammeverk vart utarbeidd i 2013 i samarbeid mellom givarar og sekretariatet i Afrikabanken. Norads følgjeevaluering framhevar at det er vanskeleg å sjå kva resultat fondet har hatt, men at betringar i rapporteringa den seinare tida kan gjere det lettare å sjå kva resultat fondet har ført til. Det vil ikkje bli utbetalt nye, norske midlar til fondet. Fokus ligg no på å syte for at allereie innbetalte midlar blir nytta på ein forsvarleg måte.

Tanzania

Norads følgjeevaluering viser at REDD-prosjekta i Tanzania har ført til betre skogforvaltning og redusert avskoging. Men den politiske viljen i landet har vore svak, samtidig som partnarskapen ikkje har struktur for å sikre strategisk og politisk dialog og framdrift, noko som har ført til manglande resultat i arbeidet.

Det vart i 2013 utbetalt 41,3 mill. kroner frå kap. 166, post 73 til støtte i Tanzania. Bl.a. vart støtta til ni REDD+-pilotar ført vidare. Ein av desse sluttførte sitt arbeid i 2013, mens to av pilotane vart avslutta på grunn av misleghald. Ein foreløpig konklusjon er at den norske støtta til pilotane har ført til auka kunnskap og praktisk erfaring knytt til gjennomføring av REDD+ på lokalt nivå. Fleire av pilotane gjennomførte test-karbonutbetalingar på grunnlag av reduserte utslepp i prosjektområda.

Norads følgjeevaluering peiker på at det sivile samfunn og lokale aktørar har vore godt involverte i det nasjonale klima- og skogarbeidet. Pilotprosjekta har òg lagt vekt på å bidra til utvikling av alternative inntektskjelder, som for eksempel produksjon av honning, for å kompensere for inntektstap for dei som tidlegare hadde sitt utkomme knytt til skogprodukt.

Den nasjonale strategi og handlingsplan for REDD+ vart godkjent av nasjonalforsamlinga i 2013. Følgjeevalueringen viser at den norske innsatsen i Tanzania ikkje har hatt stor effekt for arbeidet med nasjonal måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp (MRV). Prosjekta Noreg har støtta har gitt både statstilsette, forskarar og sivilt samfunnsaktørar kunnskap om metodar for MRV-arbeidet, men det har vore politisk motstand mot å nytte dei i nasjonal skala i Tanzania.

Noregs opphavlege løfte om støtte til Tanzania er nær innfridd. Eit eventuelt vidare engasjement i landet vil bli vurdert i lys av evalueringa og viljen til eit resultatbasert samarbeid framover.

Vietnam

Vietnam har vist politisk vilje til å redusere klimagassutslepp frå skogsektoren og er eitt av få utviklingsland med konkrete planar om å redusere eigne klimagassutslepp fram mot 2020 før ei ny internasjonal klimaavtale trer i kraft.

Samarbeidet med Vietnam har retta seg mot kapasitets- og kompetansebygging på nasjonalt og provinsnivå med sikte på framtidig betaling for utsleppsreduksjonar. Den norske støtta til fase 2 (iverksetjingsfasen) er samla på 180 mill. kroner og blir kanalisert gjennom FNs klima- og skogprogram (UN-REDD). I juli 2013 vart det nasjonale programdokumentet for UN-REDD fase 2 godkjent og arbeidet sett i gang. Gjennomføring av faste to er venta å ta tre år.

Vietnam er kritisert for manglande presse- og ytringsfridom av menneskerettsorganisasjonar. I REDD-prosessen har likevel sivilsamfunnsaktørar, under dette minoritetsgrupper, blitt inkluderte i prosessen på ein god måte. For eksempel var Vietnam det første av UN-REDD-landa til å utvikle og setje i verk ein prosess for Free Prior and Informed Consent (FPIC) som skal sikre sjølvstendig og open deltaking frå lokale grupper. Dette er noko som er trekt fram som særleg positivt i Norads følgjeevaluering av klima- og skogsatsinga.

Etiopia

Klimaambisjonane i Etiopia er svært høge, og vil krevje ei omfattande omlegging og modernisering av nasjonaløkonomien. Ei modernisering vil òg vere positiv sett frå eit utviklingsperspektiv. Matproduksjon og lokal energiforsyning kan ikkje lenger baserast på vidare avskoging, tvert i mot er det akutt behov for restaurering av avskoga område. Det vil òg vere eit stort behov for teknologi- og kunnskapsinvesteringar for å skape nye jobbar i byane. Dette føreset integrering av klimatiltak og -omsyn i nasjonale utviklingsplanar.

Som del av klimapartnarskapen mellom Noreg og Etiopia som vart inngått i 2011, inngjekk Noreg i 2013 formelt ei fleirårig bilateral avtale om støtte til gjennomføring av Etiopias nasjonale REDD-arbeid. Avtala forpliktar Etiopia til å gjennomføre sitt nasjonale REDD+-arbeid i tråd med internasjonale retningslinjer. Den tangerer fleire grunnleggjande spørsmål som landrettar, deltaking, ressursfordeling og likestilling. Noreg forpliktar seg til å betale for oppnådde resultat. Viktige milepælar vart nådde i 2013. Det vart etablert eit eige miljø- og skogdepartement med samla ansvar for REDD+, skogforvaltning, klimaforhandlingane og gjennomføring av den nasjonale strategien for grøn vekst. Styresmaktene utarbeidde òg eit vegkart for etablering av eit system for måling, rapportering og verifisering av utslepp frå skogsektoren (MRV), noko som er ein føresetnad for å kunne generere framtidige inntekter frå resultatbasert REDD+. Dei bestemte vidare å utvikle eit regionalt pilotprogram i delstaten Oromia som etter planen skal kunne levere det første storskalabidraget av verifiserte utsleppsreduksjonar frå REDD+ i løpet av 2016/2017.

Noreg har i 2013 samarbeidd tett med Verdsbanken og Storbritannia, og forplikta seg til å finansiere heile den førebuande fasen av REDD+.

Amazonas

I Amazonas utanom Brasil har Noreg arbeidd tett saman med Tyskland og Storbritannia for å gjere det mogeleg med eit samarbeid med Colombia, Ecuador og Peru om samarbeid basert på resultat i form av verifiserte utsleppsreduksjonar eller sentrale reformer.

I Ecuador har det i 2013 vore forhandlingar om potensiell støtte basert på målte og verifiserte utsleppsreduksjonar frå 2014, gjennom eit tysk program for finansiering av reduserte klimagassutslepp frå skog i utviklingsland: REDD Early Movers program. Rapportering på sosiale og miljøvise sikringsmekanismar, og at dei utbetalte midlane skal medverke til ein lokal berekraftig utvikling, vil stå sentralt i eit eventuelt samarbeid.

Noreg, Tyskland, Storbritannia og Colombia erklærte under Klimatoppmøtet i Warszawa i 2013 at ein ønskte å sjå på høvet til å samarbeide om redusert avskoging i colombiansk Amazonas. Colombia er i ferd med å utvikle ein ambisiøs plan for berekraftig utvikling i Amazonas, som vil leggje grunnlag for samarbeidet. Noreg har ein god dialog med Tyskland om eit mogleg samarbeid gjennom REDD Early Movers program også her.

I Peru har det i 2013 vore framgang i den nasjonale prosessen for å setje opp eit fungerande system for å redusere avskoging. Blant anna vart planen for investeringar i redusert avskoging gjennom Forest Investment Programme godkjent i programmets styre. Peru hausta her særleg heider for konsultasjonane med urfolk.

Guyana

Norads følgjeevaluering viser at den norske støtta har medverka til at Guyana har utvikla eit velfungerande system for måling, rapportering og verifisering (MRV) av utslepp frå avskoging gjennom bevaring av naturskog, og at dette systemet har hatt stor verdi for nasjonal ressursforvaltning elles. Guyanas avskoging auka betydeleg i 2012 og var då på 0,079 pst. (0,05 pst. i 2011). Gjennomsnittsraten for avskoging i utviklingsland er på 0,52 pst, så globalt sett er Guyanas avskoging fortsatt svært låg. I forhold til det avtalte referansenivået i Guyana er det unngått utslepp på i overkant av 13 mill. tonn CO2. Dette er likevel ein auke frå tidlegare år og medfører ein avtalefesta reduksjon av utbetalingsgrunnlaget på omkring 19 mill. US$. Forhandlingar om utbetaling for resultata i 2012 heldt fram hausten 2014. Det vart ikkje utbetalt pengar til Guyana i 2013.

Gjennom Guyana REDD+ Investment Fund (GRIF) er det sett i gang fleire REDD-prosjekt, der to rettar seg mot utvikling i urfolks landsbyar og avklaring av landrettar. Følgjeevalueringa peiker på at utbetalingstakten frå fondet likevel er låg, og at arbeidet med å gjere fondet meir eigna for resultatbasert klimafinansiering er utfordrande.

Ei hovudårsak til forseinkingane er arbeidet med Amaila Falls, eit vasskraftverk som ved realisering vil levere straum til heile Guyana basert på fornybar energi. Prosjektet vil gi direkte effekt på Guyanas utslepp av CO2 og vere av stor betydning for sosial og økonomisk utvikling i Guyana. Noreg deltek indirekte i forhandlingane om å etablere ein finansieringsstruktur for Amaila Falls. Prosjektet har vore utfordrande, og er betydeleg forseinka. Det vil like fullt, dersom det lykkast, bringe partnarskapen eit stort steg framover og også medverke til auka utbetalingstakt og til at Noregs uteståande forpliktingar, jf. manglande betaling i 2013, kan oppfyllast.

Guyana har gjennom avtala med Noreg knytt seg til fleire internasjonalt anerkjente prosessar som rettar seg mot betre styresett og auka transparens i skogsektoren. Guyana forhandlar med EU om ei avtale som skal stanse eksport av ulovleg hogd tømmer og landet har hatt uavhengige revisjonar av regelverk og praksisar i tømmerindustrien. Begge desse prosessane har god framgang. Guyana har gjennom avtala med Noreg forplikta seg til eit samarbeid med Extractive Industries Transparency Initiative (EITI). EITI medverkar til auka økonomisk transparens i utvinning av naturressursar, for eksempel gruveindustri og skogdrift. Dette arbeidet har gått sakte over tid og er betydeleg forseinka. På grunn av auka gullprisar har gruvedrifta i landet fått sterkare fotfeste og er i dag den største trusselen mot Guyanas regnskog. Norads følgjeevaluering peiker på at fleire tiltak bør rettast mot gruveindustrien, og dette er òg eit område som er prioritert av klima- og skogsatsinga i dialogen med Guyana.

Myanmar

Myanmar er eit av landa i Søraust-Asia med mest skog og har tredje størst karbonvolum i skogen i regionen, etter Indonesia og Papua Ny-Guinea. Dei siste tiåra har det vore ei dramatisk avskoging i Myanmar og mellom 2000 og 2012 forsvann ca. 15000 km2 med skog, noko som tilsvarer eit område på størrelse med Buskerud fylke.

Noreg har ikkje eit etablert bilateralt skogsamarbeid med Myanmar, men støttar arbeid innan klima- og skog gjennom FNs klima- og skogprogram. Myanmar vart teke opp som medlemsland av programmet i 2011 og ferdigstilte hausten 2013 sin vegkartrapport for utarbeiding av eit nasjonalt REDD Program. Vegkartrapporten legg opp løpet for å etablere eit nasjonalt REDD-program i landet. Ei vidareføring og eventuell styrking av Noregs innsats vil bli vurdert og konkludert seinast i løpet av 2015.

Boks 6.3 Fokus på styresettforbetringar

Klima- og skogsatsinga har aktivt fremja utviklingsmål knytte til forbetringar av politisk og økonomisk styresett og fattigdomsreduksjon. Dette er utviklingsmål som direkte og indirekte medverkar til klimaresultat. Det heng saman med at viktige drivarar bak avskoging i utviklingsland er knytte til styresettproblem, manglande institusjonell kapasitet og fattigdom. Norads følgjeevaluering i 2014 viser at klima- og skogsatsinga har hatt størst utviklingseffekt på styresettområdet.

REDD+ kan medverke til utvikling på fleire område, men Norads følgjeevaluering viser at utviklingsgevinstane er særleg tydelege på to felt: gjennom bidraget til levedyktige lokalsamfunn og gjennom bidrag til betre styresett. Det siste er i stor grad er ein føresetnad for det første. At satsinga har hatt effekt på styresettområdet er eit resultat av ei systematisk vektlegging og prioritering av tiltak for forbetring av styresettet knytt til naturressursforvaltning i våre partnarland.

Følgjeevalueringa viser at satsinga medverkar til å bevare levebrødet for skogavhengige lokalsamfunn, men òg til ny økonomisk aktivitet, som i sin tur skaper grobotn for utvikling.

Med eksempel frå blant anna Indonesia og Brasil viser Norads evaluering at klima- og skogsatsingas arbeid med styrking av urfolks rettar, betre arealplanlegging, tilgang til informasjon, kartlegging av landrettar og bidrag til kampen mot korrupsjon og kriminalitet i skogsektoren har skapt konkrete utviklingspolitiske resultat. Arbeidet med forbetring av politisk styresett handlar i stor grad om katalytiske innsatsar som medverkar til politiske prosessar, tverrsektorielt samarbeid og reformer i naturressursforvaltninga, noko samarbeidet med Indonesia er eit godt eksempel på. I siste instans er arbeidet for betre styresett i naturressursforvaltninga eit vesentleg bidrag til statsbygging i skogland.

Klima- og skogsatsinga har støtta tiltak for likestilling, både i våre landpartnarskap, gjennom multilaterale organisasjonar og organisasjonar i det sivile samfunnet. Dette arbeidet er krevjande, og konklusjonane frå følgjeevalueringa viser at det bør vurderast å trekkje på erfaringar frå anna likestillingsarbeid for å styrkje innsatsen.

Multilaterale satsingar

Noreg har over fleire år gitt støtte til ulike multilaterale program gjennom FNs klima- og skogprogram (UN-REDD), Verdsbanken (FCPF og FIP) og Afrikabanken (CBFF), og medverka aktivt i utforminga av programma sin policy og implementering. Totalt deltek meir enn 50 skogland i større eller mindre grad. Noreg har, som ein av dei største og mest aktive givarane til UN-REDD programmet og Forest Carbon Partnership Facility (FCPF), vore ein pådrivar for at FNs ulike organisasjonar skal operere som eitt FN på landnivå («delivering as one») og for betre samordning og samarbeid mellom FN-organisasjonane og Verdsbankens arbeid med skog og klima. Norads følgjeevaluering framhevar at arbeid under Verdsbankens skogpartnarskap har i stor grad positivt påverka klimaforhandlingane om REDD, særleg på områda måling, rapportering og verifisering. I mange land har ein for første gong skapt ein nasjonal politisk dialog på høgt nivå om skogforvaltning som inkluderer eit breitt spekter av sektorar (landbruk, vasskraft og gruveindustri). Følgjeevalueringa konkluderer med at multilateral innsats har styrka REDD-landas forståing av REDD + som eit viktig klimatiltak, og ført til forpliktingar som sikringsmekanismar (bevaring av naturskog og omsyn til urfolk).

Men evalueringa peiker òg på at samarbeidet mellom dei tre FN-organisasjonane, og med Verdsbankens FCPF, ikkje er godt nok og har høge transaksjonskostnader. Få land har komme vidare i arbeidet, og for mange land er utsleppskutt framleis langt fram i tid. Evalueringa framhevar manglande tryggleik rundt finansiering framover som den største risikoen for REDD-arbeidets framtid. Når landa som er i gang med førebuande REDD-arbeid tek til med å levere resultat må finansieringa aukast betrakteleg.

FCPF, som er administrert av Verdsbanken, består av eit kapasitetsfond (Readiness Fund) som gir støtte til 44 skogland for innleiande strategiarbeid og kapasitetsbygging, og eit karbonfond (Carbon Fund) som er sett opp for å betale for utsleppsreduksjonar i stor skala. Både rapporten frå Verdsbankens interne evlueringseining og KoS’ følgjeevaluering viser at FCPF, og UN-REDD, har spela ei viktig rolle i landa sitt arbeid med å etablere standardar for REDD+ i klimaforhandlingane under FNs klimakonvensjon, og dermed medverka til klima- og skogsatsinga sitt første hovudmål. FCPF har òg gitt viktig støtte til system for måling, rapportering og verifisering (MRV) av klimagassutslepp, og desse systema har hatt stor meirverdi i form av betre ressursforvaltning og arealplanlegging. Noreg, Tyskland og Finland gav eller lova i 2013 betydelege nye tilskot til fondet, og totalen er no på om lag 2 130 mill. kroner. Noreg gjorde ingen nye utbetalingar til fondet i 2013, men forplikta seg til å utbetale 600 mill. kroner til FCPF Readinessfondet.

I 2013 vart styret i FCPFs karbonfond etter to års forhandlingar einig om metoderammeverket som utgjer spelereglane for korleis REDD-land kan få betalt for utsleppsreduksjonar. Costa Rica underteikna fondet sin første intensjonsavtale (LoI) og skogrike land som Indonesia og Den demokratiske republikken Kongo presenterte sine første programutkast til storskala utsleppsreduksjonar. Storbritannia lova auka bidrag på inntil 600 mill. kroner. Fondet er i positiv utvikling og milepålane over medverkar til alle hovudmål i skogsatsinga.

FNs klima- og skogprogram (UN-REDD) er eit samarbeidsprogram mellom FNs miljøprogram (UNEP), FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) og FNs utviklingsprogram (UNDP) som skal bistå utviklingslanda innanfor følgjande prioriterte område: måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog (MRV), urfolk og lokalsamfunns rettar, biologisk mangfald, grøn økonomi, godt styresett og antikorrupsjon. Colombia og Bangladesh vart i 2013 tekne opp som nye programland og 18 land mottek no direkte støtte til nasjonale program. Omkring 440 mill. kroner er sett av til nasjonale program. Rundt 600 mill. kroner er nytta for å støtte alle 49 deltakande land og til globale aktivitetar. I 2013 medverka Noreg med 258 mill. kroner, og i tillegg gav Danmark, EU og Luxembourg tilskot til programmet. Indonesia, Tanzania og Vietnam avslutta sine nasjonale program. Ei evaluering av UN-REDD konkluderer med at programmet har oppnådd moderat suksess. Programmet har særleg lykkast med å inkludere eit stort tal land i REDD-arbeidet, og gitt fagleg og praktisk rådgiving om landa sitt arbeid med sikringsmekanismar, eit viktig område i klimaforhandlingane. Utfordringar for programmet er betre samarbeid mellom organisasjonane og auka effektivitet i resultatoppnåinga. Organisasjonane har slutta seg til tilrådingane og er i ferd med å innføre tiltak.

Under klimakonvensjonens møte i Warszawa i desember 2013 vart det lansert eit nytt, multilateralt samarbeid gjennom Verdsbankens BioCarbon Fund (BioCF), i første omgang støtta av Noreg, Storbritannia og USA. EU vurderer også å delta. Sjølve fondet vart etablert allereie i 2004 som eit offentleg-privat sektor-initiativ for å mobilisere finansiering til karbonprosjekt i skog- og landbruksbaserte økosystem. Det var den gongen verdas første karbonfond, og har sidan etableringa medverka til ei rekkje prosjekt som har endra landskapsområde og støtta tiltak for fattige bønder. BioCF er slik forløparen til dei andre karbonfonda Verdsbanken forvaltar, og blir no tilpassa regelverk og mål for REDD+. BioCF vil supplere Karbonfondet som ein fleksibel og innovativ resultatbasert mekanisme for å betale for og dermed auke etterspørselen etter verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Fondet skal i første omgang gjennomføre pilotprogram i 4 – 5 geografiske område. Desse er valt ut på bakgrunn av ein langt kommen førebuingsfase, demonstrert evne og vilje til å drive ei integrert landskapstilnærming for REDD+ og/eller har særskilte utfordringar knytte til arealpress frå store, mobile og ressurskrevjande råvareinvestorar/-selskap.

The Forest Investment Program (FIP) er eit klima- og skogfond under Verdsbanken. Styret godkjente i oktober 2013 finansiering av dei første 4 prosjekta av den lovande privat sektor-mekanismen (inntil 300 mill. kroner). Dei første utbetalingane for å gi direktestøtte til urfolk og lokalsamfunn si deltaking i nasjonalt REDD-arbeid vart òg vedtekne i 2013. Framdrifta har vore svakare enn venta, men Verdsbanken vurderer at takten for å setje i verk prosjekt vil auke i 2014. FIP-styret har godkjent 38 prosjekt med ein samla verdi på 2,5 mrd. kroner. Av desse er 11 blitt tildelt midlar med ein samla verdi på ca. 1,2 mrd. kroner. Noreg utbetalte i 2013 dei resterande 220 mill. kroner av vårt totale løfte på 900 mill. kroner til programmet.

Aktivitetar i det sivile samfunn

Noreg har gjennom si støtte til klima- og skogsatsingas ordning til det sivile samfunn medverka til å styrkje sivil samfunnsdeltaking i nasjonale REDD-prosessar og finansiert tiltak på eit tidleg stadium. Støtta har blant anna medverka til lovendring og påverka nasjonalt arbeid på sikringsmekanismar. Dette går fram av Norads evaluering av støtta til sivilsamfunnsorganisasjonar for perioden 2008 – 2012. Etter tilrådingar frå evalueringa har 2013 – 2015-porteføljen ei meir heilskapleg strategisk innretning. Det inneber fagleg konsentrasjon rundt fire strategisk viktige tematiske område, med auka innsats mot drivarar bak avskoging og arbeid opp mot privat sektor. Norads følgjeevaluering av klima- og skogsatsinga slår fast at støtta til sivilt samfunn har medverka positivt til utvikling av sikringsmekanismar og breiare spørsmål knytte til styresett. Ifølgje evalueringa medverkar støtta positivt til å nå klima- og skogsatsinga sine utviklingsmål og er komplementær til dei nasjonale partnarskapa. I tillegg har støtteordninga god framdrift og oppfølging.

I 2013 var tilskotet til sivilsamfunnsorganisasjonane på rett under 300 mill. kroner, fordelt på 42 prosjekt i totalt 33 land. Landa med flest prosjekt er Indonesia (30), Brasil (19), DR Kongo (11) og Vietnam (9). Mange av prosjekta går føre seg i fleire land og mange har også, delvis eller fullstendig, ein global komponent.

Hausten 2013 arrangerte klima- og skogsatsinga konferansen Oslo REDD exchange. Over 400 internasjonale deltakarar frå frivillige organisasjonar, styresmakter, privat næringsliv og forskingsmiljø var samla for å dele erfaringar og kunnskap, og å diskutere korleis aktørane kunne medverke til å utvikle vidare arbeidet framover. I tilknyting til Oslo REDD Exchange arrangerte Norad eit møte for alle tilskotsmottakarane i den nye porteføljen (2013 – 2015) for å medverke til informasjonsdeling og erfaringsutveksling. Det vart utarbeidd og lansert ein eigen nettportal for klima og skog/sivilt samfunnsporteføljen på norad.no i samband med konferansen. Portalen har eit søkbart kart der ein finn alle dei 42 prosjekta under land, kategori og underkategori, prosjekttype og fokusområde. Målgruppe for nettsida er aktørar som arbeider med REDD+ og som vil å lære om andre prosjekt. I første omgang inneheld nettsida det søkbare kartet med kort informasjon om dei 42 prosjekta i den nye porteføljen, ein analyse av porteføljesamansetninga, lenker og nyttig informasjon om prosessane og regelverk for ordninga, og innrapporterte resultat og erfaringa frå den gamle porteføljen. Dette er òg eit ledd i kunnskapsforvaltninga og rapporteringa av porteføljen.

Til forsida av dokumentet