Prop. 1 S (2014 – 2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 1400 – 1482 Inntektskapittel: 4400 – 4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 4
Organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling

10 Organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling

For stillingsoversikt se vedlegg til Prop. 1 S (2014–2015) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet

10.1 Organisering

Klima- og miljødepartementet er overordna styresmakt for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk kulturminnefond og Svalbards miljøvernfond. Frå 1. juli 2013 er Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet slått saman til Miljødirektoratet. Direktoratet har avdelingar i Oslo og Trondheim. Miljødirektoratet har utarbeidd ein gevinstrealiseringsplan for samanslåinga av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet. I samband med dette vart direktoratets driftspost (kap. 1420 post 01) redusert med 15mill. kroner i budsjettet for 2014 (jf. Prop. 1 Tillegg 1 (2013–2014)).

Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke vare på av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen, fylkeskommunane og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, NORAD og Sjøfartsdirektoratet har oppgåver innanfor miljøområdet som Klima- og miljødepartementet styrer.

10.2 Oversikt over fornyingsarbeidet

Informasjonsteknologi

Informasjonsteknologi støttar og medverkar til effektiv samhandling i miljøforvaltninga og med det offentlege publikum. Måla for miljøforvaltninga sin IKT-strategi for 2011 – 2015 er god kunnskapsforvaltning, tydeleg miljøinformasjon og god formidling. Miljøforvaltninga skal vere ei moderne forvaltning med solide fagsystem, god organisering og samordning av miljødataarbeidet. Miljøforvaltninga sikrar oppfølging av den nasjonale IKT-politikken gjennom fokus på samhandling, digitale tenester og verdiskapande data. Miljøforvaltninga skal ha ei koordinert IKT-utvikling som understøttar forvaltninga sine mål og det skal haldast eit tydeleg fokus på informasjonstryggleik.

Nettstader og portalar

Nettstaden www.miljøstatus.no er Noregs største informasjonsbank om miljø. Her blir informasjon om miljøtilstand og utvikling fortløpande oppdatert og tilpassa aktuelle utfordringar. Eit vesentleg mål er å skape forståing for samanhengane mellom miljøtilstanden, kva som påverkar han, konsekvensar og tiltak. Miljødirektoratet er redaktør på vegner av heile miljøforvaltninga.

Nettstaden www.miljøkommune.no er ein vegvisar for kommunane og er ein stadig viktigare kommunikasjonskanal mellom staten og kommunane innan kommunens miljøoppgåver. Nettstaden samlar og legg til rette rettleiing frå miljøetatane til kommunane, og skal medverke til miljøforbetring ved å hjelpe kommunane til å nytte miljømyndet og utføre pliktene på miljøområdet betre og meir effektivt enn i dag. Miljødirektoratet har redaktøransvaret for nettstaden som er eigd av Klima- og miljødepartementet.

Miljødirektoratet driftar òg nettstaden www.erdetfarlig.no – der du finn oversikt over dei mest helse- og miljøskadelege stoffa ein kan finne i vanlege forbrukarprodukt. Vidare får du hjelp til å finne dei mest miljøvennlege alternativa og til å kaste produkta riktig når du skal kvitte deg med dei.

I løpet av dei siste åra har det komme mykje ny kunnskap om klimatilpassing frå forsking, statleg forvaltning og kommunar. Nettportalen www.klimatilpasning.no har som mål å samle aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på ein stad. Portalen er laga hovudsakleg for dei som skal leggje planar og ta avgjerd lokalt og regionalt, men informasjonen skal òg vere lett tilgjengeleg og interessant for alle som er opptekne av kva klimaendringar vil bety for det norske samfunnet. Nettstaden blir drifta av Miljødirektoratet på vegner av Klima- og miljødepartementet. Utvikling av versjon to er i gang.

Miljøforvaltninga arbeider kontinuerleg med å tilpasse og leggje til rette informasjon for ulike brukarar ved hjelp av ny teknologi og i nye kanalar på nett. Miljøstatus.no har mellom anna gjort tilgjengeleg ei rekkje av karttenestene sine for smarttelefonar og nettbrett. Både Klima- og miljødepartementet og fleire underliggjande etatar er til stades og kommuniserer aktivt i sosiale medium. På Facebook og Twitter treffer ein både gamle og nye brukarar på nye måtar.

10.3 Samfunnstryggleik og beredskap

Departementet har eit overordna ansvar for samordning og koordinering av det tverrsektorielle samfunnstryggleik- og beredskapsarbeidet knytt til avløpshandtering, kulturminne og symbol, samt beskyttelse av natur og miljø. Det er nedsett eit utval som skal utgreie konsekvensane av meir overvatn i byane. Utvalet skal greie ut gjeldande lover og rammer for kommunanes handtering av overvatn og kom med forslag til endringar og forbetringar. Samfunnstryggleik- og beredskapsarbeidet er følgt opp internt gjennom årleg revisjon av krise- og beredskapsplanverket, og avdelingane sine ROS-analysar. Departementet har delteke på relevante beredskapsøvingar. Deltaking i nasjonale øvingar og øving av interne beredskapsrutinar vil bli vidareført neste år. Departementet har lagt ned eit stort arbeid med eigen tryggleik i 2014.

10.4 Informasjonstryggleik

I desember 2012 vart det lansert ein ny nasjonal strategi for informasjonstryggleik med tilhøyrande handlingsplan. I strategien blir det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ivareta tryggleiken i sektoren sin IKT-infrastruktur, og for at det førebyggjande arbeidet med informasjonstryggleik i sektoren er tilfredsstillande. I arbeidet med å følgje opp strategi for informasjonstryggleik ber Klima- og miljødepartementet at underliggjande etatar fokuserer spesielt på følgande område:

  • Kritisk infrastruktur i eiga verksemd

  • Førebyggjande tiltak i eiga verksemd

  • Beredskapsplanar og behov for å setje i verk krisehandtering i eiga verksemd

I 2014 ga departementet underliggjande etatar i oppdrag å tilretteleggje dokumentasjon for å oppfylle krava til ISO 27001-standarden «Information Security Management System». Departementet følgjer opp framdrifta i dette arbeidet.

10.5 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltninga

Miljøforvaltninga er pålagt å arbeide aktivt, målretta og planmessig for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. Tabellane 1.1, 1.2 og 1.3 viser kvinnedelen i verksemdene, totalt og på ulike stillingsnivå, samanlikning av kvinner og menn si månadlege gjennomsnittslønn på ulike stillingsnivå, statistikk for menn og kvinner sitt sjukefråvær, delen av menn og kvinner på deltid og mellombels stilling og fordeling av uttak av foreldrepermisjon for 2013. Norsk kulturminnefond har svært få medarbeidarar og er derfor ikkje med i oversiktene.

Tabell 10.1 Oversikt over del kvinner i pst.

Totalt

Topplei.

Mellomlei.

Høgtlønte rådg.

Saksbeh.

Kontor

KLD

57,7

42,8

58,9

38,4

58,5

71,4

Miljødirektoratet

53,8

31,3

45,1

55,6

53,5

85,7

NP

38,1

50,0

42,9

41,6

65,4

80,0

RA

60,0

66,7

62,0

54,0

69,0

60,0

Toppleiar omfattar øvste leiar og leiar av avdelingar (mellomleiarar er leiarar av seksjonar og einingar under avdelingsnivå).

Høgtlønte rådg. omfattar seniorrådgivarar, spesialrådgivarar og tilsvarande stillingar.

Tabell 10.2 Prosentoversikt over kvinnene og mennene si månadlege gjennomsnittslønn

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

K

M

K

M

K

M

K

M

Totalt

96,7

100

96,4

100

94,6

100

97,5

100

Topplei.

96,6

100

100

96,4

100

99,0

73,1

100

Mellomlei.

99,6

100

96,2

100

100

98,0

100

99,6

Høgtlønte rådg.

85,4

100

97,8

100

84,9

100

97,8

100

Saksbeh.

98,9

100

98,0

100

99,8

100

100

99,5

Kontor

100

87,7

100

97,4

100

81,8

100

94,1

Tabell 10.3 Oversikt over deltid, mellombelse stillingar, foreldrepermisjon og fråvær fordelt på kvinner og menn

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

K

M

K

M

K

M

K

M

Deltid1

9,2

3,3

16,8

7,6

6,8

1,4

10,8

3,8

Mellombelse2

6,6

2,9

9,3

2,7

12,4

15,9

12,1

3,8

Legem. fråv. 2013

3,9

0,9

3,4

1,3

2,1

0,4

3,0

1,7

Foreldreperm.3

73,9

26,1

51,0

49,0

0

100

44,0

56,0

1 Pst. del av kvinner/menn på deltid

2 Pst. del av kvinner/menn i mellombels stilling

3 Pst. del av det totale foreldrepermisjonsuttaket som blir teke ut av kvinner/menn

I det følgjande er rapportert status og tiltak i dei enkelte verksemdene.

Klima- og miljødepartementet

Det er små endringar i kjønnsbalansen i departementet i dei ulike stillingskategoriane. Lønnsforskjellane totalt sett har blitt mindre, men det er blitt større forskjell blant høgare lønna rådgivarar. På toppleiarnivå i departementet (departementsråd og ekspedisjonssjefar) er det tre kvinner og tre menn. Departementet har òg ansvar for tilsetjing av direktørane for underliggjande etatar, og blant desse er det ei kvinne og tre menn. Kjønnsfordelinga blant medarbeidarane i departementet sine avdelingar, og innan dei enkelte fagområda, er stort sett jamn, men det er eit fleirtal av kvinner i kontorstillingane. Rekruttering og ny organisering er viktige verkemiddel for å få jamn fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen, saman med tilbod om individuell kompetanse- og karriereutvikling. Ein gjennomgang av alle kunngjorde stillingar i 2013 (mars-desember) viser at av den totale søkjarmassen var 58,4 pst. kvinner. Av medarbeidarane som vart tilsette i desse stillingane var 60,3 pst. kvinner. Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna. Eitt av måla i Klima- og miljødepartementets rekrutteringsstrategi er å auke delane av medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med redusert funksjonsevne. For å oppnå dette skal personar i målgruppene oppfordrast til å søkje på stillingar i departementet, og kvalifiserte søkjarar skal innkallast til intervju. Strategien inneheld òg tiltak for å finne fleire aktuelle kandidatar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, blant anna gjennom samarbeid med NAV og utlysning av stillingar på inkludi.no. Det skal òg satsast på haldningsskapande arbeid internt.

Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har ei relativt jamn kjønnsfordeling på 46,2 pst. kvinner og 53,8 pst. menn etter samanslåinga i 2013, og ein har med det i stor grad utlikna den ubalansen som eksisterte i dei to tidlegare direktorata Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning.

Til tross for ei jamn kjønnsfordeling på etatsnivå, kan det likevel vere vesentleg kjønnsmessig ubalanse i dei enkelte organisasjonseiningane som det kan vere grunn til å arbeide målretta med for å utlikne. Miljødirektoratet har derfor formuleringar i sitt personalreglement som skal sikre at kvinner blir oppfordra til å søke. I søkjargrunnlaget til stillingane totalt sett er det ei jamn kjønnsfordeling, men av dei som blir tilsette er det overvekt av kvinner (66 pst.).

Innanfor dei enkelte stillingsgruppene er det ei etter måten jamn kjønnsfordeling. Unntaket er for gruppa direktør/avdelingsdirektør der det er 36 pst. kvinner og 64 pst. menn og for kontorstillingar der det er ei overvekt av kvinner (90 pst.).

Lønnsmessig er det registrert noko forskjell mellom kjønna totalt, med ein gjennomsnittleg månadslønn for menn på bto 47.413 kroner mot kvinner 44.113 kroner. På stillingsgruppenivå er denne ubalansen reflektert på alle stillingsgrupper unnteke direktør/avdelingsdirektør og på kontorstillingar, der ubalansen er motsett. Dei to sistnemnde gruppene er så marginale at dei i lita grad motverkar ubalansen i de andre stillingsgruppene. Direktoratet vil nytte aktuell lønnsstatistikk som beskriv avlønning fordelt på kjønn som ein del av grunnlaget for dei lokale forhandlingane for å ta vare på likestillingsperspektivet i lønnsutviklinga.

Miljødirektoratet er ei IA-bedrift og vil formulere nye målsetjingar for IA-arbeidet i løpet av 2014 for å redusere sjukefråvær, fremje integrering og auke pensjonsalderen. Sjukefråværet er etter måten lågt med eit legemeldt fråvær på 2,4pst. Kvinner har eit noko høgare fråvær med 3,4pst. mot menns fråvær på 1,3pst. Det totale fråværet inkludert eigemeldt fråvær er på 3,9pst. Ei systematisk oppfølging av sjukefråværet i tråd med retningslinjer frå NAV er eit viktig tiltak for å avgrense sjukefråvær og eventuell uførepensjonering. På det førebyggjande området er det etablert gode kartleggingsrutinar for fysisk og psykososialt arbeidsmiljø. På sistnemnte område nyttar ein statens eige kartleggingssystem, Avant, med tilhøyrande oppfølgingsmetodikk.

Miljødirektoratet arbeider for integrering av arbeidstakarar som har falle utanfor arbeidslivet gjennom å tilby praksisplassar og ha rutinar på å innkalle arbeidstakarar med redusert funksjonsevne til intervju føresett at dei er kvalifiserte. Sidan samanslåinga har 4 pst. av kandidatane vore innan denne kategorien. Ingen har likevel blitt tilsette.

Miljødirektoratet har i sin lønnspolitikk fastsett seniordagar i samsvar med føresegnene i Hovudtariffavtala, der tilsette over 62 år får 13 seniordagar pr. år. Ein eigen livsfasepolitikk vil bli utarbeidd for å ta vare på tilsette i dei enkelte livsfasane, under dette seniorar.

Riksantikvaren (RA)

Tala for 2013 viser små endringar i kjønnsfordeling innanfor fleire stillingskategoriar. I stillingskategori mellomleiing er delen menn redusert frå 44 pst. til 38 pst. mens delen kvinner har auka frå 56 pst. til 62 pst. I stillingskategori kontorstillingar er det ein auke frå 33,4 pst. til 40 pst. for menn mens kvinner er redusert frå 66,6 pst. til 60 pst.

Riksantikvaren har framleis ein stor del kvinnelege toppleiarar (66,7 pst.). Den har vore stabil høg dei siste åra.

Tallene for 2013 viser at forskjell på lønn for toppleiarar mellom kvinner og menn er redusert samanlikna med føregåande år. På mellomleiarnivå er det menn som har størst auke på gjennomsnittleg månadslønn. For høgare lønna rådgivarar og saksbehandlarar har kvinner hatt størst auke i månadslønn frå 2012 til 2013. For høgare lønna rådgivarar ligg no kvinner berre kr. 600,- under i gjennomsnittleg månadslønn for menn. (Differansen i 2012 var på kr. 1100,-) og for saksbehandlarar ligg no kvinner og menn likt på gjennomsnittleg månadslønn. (Differansen i 2012 var på kr. 4'). Totalt for RA har gjennomsnittleg månadslønn for kvinner auka med kr. 2 600,- mens den for menn i same perioden har auka med kr. 500,-. Det er gjort nokre organisatoriske endringar hos RA, som inneber færre personar i leiargruppa. Dette har redusert differansen på månadslønn mellom kjønna. Det har òg vore noko turnover og utskifting på dei andre stillingskategoriane og nokre av endringane heng saman med endringar i samband med nytilsetjingar. Etaten gir kvinner og menn like moglegheiter for kompetanseutvikling, og fleire kvinner enn menn har delteke på større, individuelle kompetansetiltak. I lokale forhandlingar vil ein vere merksam på forholdet mellom menn og kvinner si gjennomsnittslønn. Det blir arbeidd systematisk og målretta for at kjønnsmessige ulikskapar i lønn blir utjamna. Det er blitt sett i verk tiltak for å sikre at gravide kan stå lengre i arbeid. Det er blitt laga ein eigen handlingsplan for IA i 2013. Blant måla her er å halde fram med minimum ein IA-plass og auka tilsetjing av personar med nedsett funksjonsevne. I rekrutteringa er lagt vekt på at verken nedsett funksjonsevne eller framandspråk skal vere hinder for tilsetjing, så lenge vedkommande er kvalifisert. Personar med nedsett funksjonsevne blir oppfordra til å søkje stillingar og det blir lagt til rette for at medarbeidarar med nedsett funksjonsevne kan fungere optimalt (100 pst.) i stillinga. RA har tett samarbeid med NAV Arbeidslivssenter og hjelpemiddelsentral, og det er blitt laga ei lett tilgjengeleg elektronisk HMS-handbok med faste rutinar. RA har fleire medarbeidarar med innvandrarbakgrunn. Mangfald er etterstreva, og personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje på stillingar, vurderte særskilt og kalla inn til intervju om dei innfrir krava til utdanning og praksis. Kompetanseutvikling for seniorar og kompetanseoverføring blir prioritert.

Norsk Polarinstitutt (NP)

Norsk Polarinstitutt vil forsøke å kartleggje grunnen til at kvinner i gjennomsnitt har lågare inntekt og at denne forskjellen aukar, for å kunne jobbe målretta med funn både ved rekrutteringar og i lokale forhandlingar. Eventuelle kjønnsbetinga lønnsforskjellar på alle nivå skal kartleggjast og søkjast utjamna ved dei lokale lønnsforhandlingane. Ny lønnspolitisk plan er utarbeidd i 2012, og likestillingselementet er vektlagt i utforminga av planane.

Etaten har som overordna mål å vere ein arbeidsplass der likestillingsperspektivet er ein integrert del av verksemda. Likestillingsutvalet ved NP har i 2011 utarbeidd reviderte handlingsplanar for likestilling og mot trakassering, og ein intern likestillingskontakt arbeider aktivt for likestilling på alle plan. NP har benyttet seg av kurs i intensivt likestillingsarbeid som Kif-komiteen arrangerte i 2013. Tema var Kjønnsbalanse i forsking. I etterkant av dette seminaret er det utarbeidd ny handlingsplan for likestilling på instituttet. Ved rekruttering skal både ein mannleg og ein kvinneleg kontaktperson oppgivast i kunngjeringsteksten, og begge kjønn skal vere representerte i utvelgingsprosessen. Kvinner/menn blir oppfordra til å søkje om det finst mindre enn 40 pst. av eit kjønn i ein type stilling. Det blir gjennomført utviklingssamlingar for medarbeidarane med fokus på intern kommunikasjon, språk, samspel og relasjonar. NP har laga ein plan for universell utforming, med intensjon om å vere ein arbeidsplass som fremjar like moglegheiter til samfunnsdeltaking og hindrar diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. NP har inngått samarbeidsavtale med INN Tromsø for å integrere utanlandske medarbeidarar i det norske samfunnet på best mogleg måte. I tillegg blir det tilbode norskkurs, både grunnkurs og kurs for vidarekomne. Ved foreldrepermisjon blir det lagt til rette for at mannlege medarbeidarar kan ta ut meir enn fedrekvoten. Tidspunkt for møte og tilstellingar i verksemda blir tilpassa tider for henting av barn i skule og barnehage. Gravide får etter førespurnad tilpassa arbeidsplassen. For permisjonar som er lengre enn 4 månader blir det gjennomført ein obligatorisk medarbeidarsamtale. Eventuelle lønnsskilnader som følgje av kjønn blir kartlagde på alle nivå og forsøkt utjamna ved lokale forhandlingar.

10.6 Likestillingsvurdering på fagbudsjettområda

Offentlege verksemder er i likestillingslova § 1a pålagt å arbeide for likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Dette inneber blant anna å vurdere kjønns- og likestillingsperspektivet på departementets fagbudsjettområde der det er relevant og føremålstenleg.

Naturmangfald og friluftsliv

Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene til dei fleste råd og utval på naturforvaltningsområdet. For å få velfungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre, men kommunar og organisasjonar blir bedne om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.

Det blir lagt inn krav i tildelingsbrevet til Miljødirektoratet og til Fylkesmannen om å sikre at likestillingslova blir følgt ved oppnemning til og nyoppnemning av statlege råd og utval som direktoratet eller Fylkesmannen har ansvar for.

I følgje TNS Gallups Natur- og miljøbarometer (siste tal frå 2004) betyr kjønn lite for nordmenn si interesse for natur, miljø og friluftsliv. Dette avspeglar seg i arbeidet for å bevare norsk natur for kommande generasjonar og leggje til rette for natur- og friluftslivsopplevingar. Både menn og kvinner har i store trekk dei same høva til friluftsliv, og likestillingsperspektivet er her godt ivareteke. Vi ser òg at det er god fordeling mellom kvinner og menn som arbeider med desse spørsmåla i offentleg forvaltning.

Å delta i jakt og fiske har tradisjonelt vore eit område med stor dominans av menn. Menn dominerer framleis, men delen av kvinner som deltek i slike aktivitetar aukar. I løpet av dei siste åra har talet på kvinnelege medlemmer i Noregs jeger- og fiskarforbund auka, og det er etablert eigne kvinnenettverk der jakt og fiske er tema.

Dei fleste budsjettpostane som Miljødirektoratet disponerer innanfor sitt verkeområde er ikkje kjønnsrelevante. Nokre av postane kan likevel nyttast til å fremje likestilling mellom kjønna. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av desse.

Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål og post 71 Tilskot til viltformål

Grunnlaget for desse to postane er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar, og kan ytast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i jakt og fiske. Midlar frå dei to postane er bl.a. nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.

Kap. 1420 post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde og post 78 Friluftslivsformål

Desse postane har indirekte familiefokus ved at midlane dei siste åra har vore retta mot å leggje ut friluftsområde og støtte friluftstiltak i by- og tettstadsnære område, det vil ofte seie i nærleiken av bustader, skular og barnehagar. Ei viktig brukargruppe av desse områda vil vere kvinner og barn. Mange friluftsråd driv aktiv rekruttering av nye befolkningsgrupper gjennom å arrangere turar, kurs o.l.

Internasjonalt klimaarbeid

Noreg arbeider aktivt for å sikre at vedtak under Klimakonvensjonen fremjar likestilling og ikkjediskriminering. Noreg fremjar i forhandlingane aktivt posisjonar som skal styrkje kvinnes og urfolk si involvering og deltaking i klimaarbeidet, særleg knytt til klimatilpassing og skog.

I oppbygging av den internasjonale institusjonelle arkitekturen for klimaarbeid, arbeider Noreg for balansert representasjon av kvinner og menn.

Norges store satsing på å redusere utslepp frå tropisk skog, Klima- og skogsatsinga, arbeider òg målretta med å auke likestillingsfokuset. Særleg viktig i klima- og skogsatsinga er det å ha ei forståing av korleis likestilling kan inkorporerast i nasjonale utviklingsplanar, for slik å få ein effekt under implementering av tiltak. I samarbeid med partnarland, slik som Indonesia, er likestilling søkt inkludert både i avtaleverk og i utvikling og implementering av tiltak. Departementet har drive kompetanseheving og utviklingsarbeid innan likestilling og REDD+, bl.a i samarbeid med Norad og partnarorganisasjonar som FN.

Kulturminne og kulturmiljø

Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og fokuserer på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale og likestillingsaspektet er derfor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, medverke til at det blir sett større fokus på mangfaldet i befolkninga. Som eksempel kan ein nemne verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innanfor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed bl.a. kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

10.7 Oppfølging av IA-avtala

I styringsdialogen med etatane har Klima- og miljødepartementet lagt opp til tett oppfølging av måla i avtala om eit inkluderande arbeidsliv. I samsvar med IA-avtala er det lagt vekt på behovet for førebyggjande tiltak og systematisk HMS-arbeid. IA-måla blir i stor grad utforma av kvar enkelt etat og tilpassa lokale forhold. Klima- og miljødepartementet har laga ein eigen handlingsplan for oppfylling av måla i IA-avtala.

Resultatutvikling og tiltak

Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at verksemdene i miljøforvaltninga hadde eit samla legemeldt fråvær i 2013 på 3,0 pst. Det legemelde sjukefråværet gjekk dermed litt opp i forhold til 2012 (2,4 pst.). Eigemeldt sjukefråvær er ikkje inkludert i tala.

Verksemdene i miljøforvaltninga har sett i gang fleire tiltak for å førebyggje sjukefråvær, spesielt er vektlagt tiltak for å fremje fysisk aktivitet blant medarbeidarane. Andre førebyggjande tiltak omfattar blant anna fysioterapi og tilpassing av arbeidsplassar. I forhold til IA-mål 2 og 3, rekruttering av personar med redusert funksjonsevne og auke i pensjonsalder, har verksemdene sett individuelle mål og sett i verk eigne tiltak, for eksempel tilbod om praksisplassar og karriereutvikling for seniormedarbeidarar.

Til forsida av dokumentet