Prop. 1 S (2014 – 2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 1400 – 1482 Inntektskapittel: 4400 – 4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av Klima- og miljødepartementet sine resultatområde og verkemiddel

7 Innleiing

Klima- og miljødepartementet har gjennom lang tid delt opp miljøpolitikken i resultatområde. På kvart resultatområde er det presentert tilhøyrande nasjonale mål.

Utgangspunktet er at dei nasjonale måla skal spegle kva Noreg vil oppnå på viktige miljøområde. Mange av dei nasjonale måla er sektorovergripande. Dette inneber at alle aktørar i samfunnet, både offentlege og private, har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei overordna måla i klima- og miljøpolitikken blir nådde. Det er utvikla indikatorar som viser grad av måloppnåing. Desse kan ein finne på www.miljøstatus.no.

Miljøprofilen i statsbudsjettet gir ei oversikt over korleis Regjeringa samla sett vil medverke til å nå dei nasjonale måla.

7.1 Endringar i verkemiddelområde og resultatområde

I løpet av det siste året har Klima- og miljødepartementet redusert talet på resultatområde frå 11 til 6 og talet nasjonale mål er òg redusert betrakteleg. Mange av måla er i tillegg omformulerte slik at dei er meir einsarta, kortare, meir presise og enklare å forstå. Ambisjonsnivået i miljøpolitikken blir ikkje påverka av endringa i måla.

Klima- og miljødepartementet arbeider òg med bruk og utvikling av verkemiddel i miljøpolitikken, og deler verkemidla inn i eigne verkemiddelområde. Verkemidla er grunnleggjande føresetnader for å oppnå resultat i miljøpolitikken. For å nå miljømåla på alle dei miljøpolitiske resultatområda er ein heilt avhengig av dei verkemidla miljøforvaltninga og andre sektorar har til disposisjon og tek i bruk.

Kvart resultatområde og verkemiddel gir ei samla framstilling av tilstand, påverknader og politikk for å nå dei nasjonale måla. Dei nasjonale måla blir presenterte i starten på kvart område.

7.2 Bymiljø er eit satsingsområde i klima- og miljøpolitikken

Byane veks, og det må sikrast at denne veksten er berekraftig. Klima- og miljødepartementet har eit særskilt ansvar for å sikre at omsynet til klima, miljø og kulturminne blir teke vare på. Det gjeld både i byar og andre stader.

I byane samlast menneske og verksemder. Då samlast òg utslepp og andre miljøutfordringar. Byane er derfor særs viktige i klima- og miljøarbeidet. Dei kan vere ein del av problemet, men i endå større grad ein del av løysinga.

Befolkninga i Noreg vil truleg vekse med om lag to millionar fram mot 2060. Vi må handtere folkeveksten samtidig som vi skal redusere klimagassutsleppa, unngå forureining og trafikkaos, og ta vare på kulturarven vår óg naturen. 80 pst. av befolkninga i Noreg bur i byar, og store delar av folkeveksten i åra framover er venta å skje her. Kvaliteten på bymiljøet vil derfor vere vesentleg for kvardagen til store delar av befolkninga.

Figur 7.1 Miljøpolitiske resultatområde

Figur 7.1 Miljøpolitiske resultatområde

Byborgaren forureinar ikkje meir enn andre, men på grunn av store folkekonsentrasjonar og sterk vekst representerer byane ei vesentleg kjelde til forureining og klimagassutslepp. Veksten i byane skapar òg eit stort press på vår felles kulturhistorie og grøne og blå «lungar» i byane og naturen i nærleiken. Det er derfor klokt å ha ein målretta bymiljøpolitikk som medverkar til å ta vare på miljøet samtidig med at bukvaliteten for borgarane aukar.

Miljøvennlig transport

Folkevekst gir auka belastning på både kollektivtilbod, vegar og areal i byane, og byane representerer ei vesentleg kjelde til klimagassutslepp, spesielt frå vegtrafikk. Veitrafikken i byane er òg ei vesentleg kjelde til utslepp av NO2 (nitrogendioksid) og svevestøv. Desse utsleppa fører til lokale miljøproblem gjennom dårlegare luftkvalitet, og er i dag eit reelt helseproblem for fleire utsette grupper i storbyområda. Tilsvarande gjeld for støy. Støy og luftkvalitet er nærare omtalt under kapitlet om forureining.

Regjeringas mål om at all ny persontransport i byane skal skje med kollektivtransport, sykkel eller gange er viktig for å redusere utsleppa frå vegtrafikken.

Ei rekkje tiltak for meir miljøvennleg transport er gjennomført i mange kommunar. Til dømes viser tal frå Bergen at biltrafikken i Bergen har gått ned det siste tida. Det same skjer i andre byar. Biltrafikken i områda rundt Bergen har likevel auka. Denne situasjonen er ikkje unik, men illustrerer behovet for godt samordna planlegging på regionalt nivå.

For blant anna å avhjelpe dette problemet blir det no arbeidd med å etablere heilskaplege bymiljøavtaler mellom staten og dei største byane. Målet er å redusere biltrafikk og auke den delen trafikantar som nyttar kollektivttransport, syklar eller går. Føremålet med avtalene er å sjå dei ulike verkemidla i samanheng: arealplanlegging, utbygging av kollektivtilbod og gang/sykkelstigar, og eventuelt restriktive tiltak, som rushtidsavgift og parkeringsrestriksjonar.

Eit godt kollektivtilbod medverkar til å løyse ei rekkje av utfordringane byane står overfor. Samtidig ser vi at ikkje alle som bur i by kan reise kollektivt, og då er elbil eit betre alternativ enn fossildrivne personbilar. Mange byar har allereie investert i bussar, søppelbilar og lastebilar som går på gass. Dersom vi kan produsere gass frå slam og organisk avfall, løyser vi fleire miljøproblem med eitt tiltak. Biogass er nærare omtalt under resultatområde 5 Klima.

Energi i bygg

Energi i bygg er òg eit viktig element for energieffektivisering og for å redusere klimagassutslepp. I dag er det mogleg å byggje hus som produserer meir energi enn dei brukar.

Samtidig må vi passe på å utnytte den miljøressursen som ligg i eksisterande bygningsmasse. 80pst. av bygga i dag vil framleis vere i bruk om 40 år. Det blir viktig å betre eksisterande bygningmasse samtidig som vi tek vare på deira historiske og estetiske kvaliteter. Dersom vi riv mindre og brukar energien meir effektivt, reduserer vi utsleppa våre.

Klimatilpassing

Klimaendringane er venta å vise seg i Noreg mellom anna gjennom mildare vêr og hyppigare og meir intens nedbør. Dette kan resultere i auka risiko for flaum og skred. Havnivåstiging kan også vere ein effekt av klimaendringar. Byane er spesielt utsette sidan det er mange bygningar og mykje infrastruktur samla der, og fordi det er mange tette flater som hindrar regn- og flaumvatn frå å renne unna. Dette stiller store krav til byane både med tanke på å førebyggje og å handtere hendingar. God planlegging som ikkje legg til rette for bygging i område som risikerer å bli ramma av klimarelaterte skadar, og som sikrar god handtering av regnvatn, er spesielt viktig i byområde.

Naturmangfald i bymiljø

Å ta vare på variert vegetasjon og samanhengande blå og grøne strukturar er viktig for naturmangfaldet. Blå og grøne strukturer gir folk i byane ei rekkje viktige gode som bidreg til livskvalitet i byen. Det gir til dømes reinare luft og vatn og mindre støy. Opning av bekkeløp og fleire grøne flater gir både grønare og trivelegare bymiljø. Samtidig handterer det aukande mengder regnvatn og er såleis eit viktig klimatilpassingstiltak. Det er viktig å bevare og fremje desse verdiane for framtida når byene veks.

Framande skadelege organismar er eit aukande problem i byer og tettstader. Talet på introduksjonar og utsetjingar av ei art er ofte høgt, til dømes av mange plantar. Samtidig kan menneskelege aktivitetar føre til vidare spreiing av framande skadelege organismar, som ved utkast av hageavfall eller flytting av jordmassar med frø. Eit regelverk om framande organismar etter naturmangfaldlova vil regulere innførsel og utsetjing og gi krav om aktsemd for ulike aktivitetar og verksemder som omfattar framande organismar. Etter planen skal regelverket tre i kraft 1.1.2015. Framande organismar er meir omtalt under resultatområde 1 Naturmangfald.

Planlegging er viktig

Arealplanlegginga må ta omsyn til framtidige behov for energieffektive bygg og korte reiseavstandar, mindre personbiltrafikk og meir kollektivt. Når byane veks set dette kulturminne, naturmangfald og friluftsliv under press. Samstundes er dette verdier som er vesentlige for at den store delen av folket som bur i byar skal kunne leve gode liv. Byane våre må derfor byggjast slik at vi ikkje byggjer ned parkar, grøne lunger, bymarker, elvebreidder, viktig landbruksareal og riv ned fortida. Ei dynamisk, men balansert utvikling er stikkordet.

I ordninga statleg sikring av friluftslivsområde er friluftslivsområde i nærmiljøet og område som som kan brukast av mange brukargrupper prioriterte. Ordninga har dermed medført at ei rekkje attraktive grøntområde både i og ved byar og tettstader har blitt sikra for allmenta. Regjeringa vil føre vidare denne ordninga og vil framleis prioritere friluftslivsområde som kan brukast av mange og som ligg i nærmiljøet.

Den historiske byen er viktig for trivsel, identitet og stabilitet. I byplanlegginga må vi ta vare på byane sin historiske identitet, gjennom å balansere bevaring og fornying. Kulturminne er ikkje berre viktige for folk sin identitet og tilhørigheit, men er ofte også viktige for turisme og anna verdiskapning.

Miljøutfordringane i byar er samansette, og tiltak for å løyse éi utfordring har gjerne effekt også på andre miljøutfordringar. Byar er ein viktig del av løysinga for ei berekraftig framtid og for eit grønt skifte.

7.3 Sektorovergripande resultatområde

Resultaområda er etablerte for å vise heilskapen i klima- og miljøpolitikken, og for å gjere synleg at klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.

Klima- og miljødepartemntet har eit spesielt ansvar for å samordne miljøinnsatsen til departementa. Statsbudsjettet er fordelt på departement, der det igjen er delt inn i løyvingar til konkrete tiltak. Dette kan vere tiltak som er retta mot fleire resultatområde i klima- og miljøpolitikken. For å gi ei oversikt over Regjeringas samla klima- og miljøtiltak er det eit eige kapittel i starten av Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon som heiter Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet.

Sjølv om klima og miljø er eit ansvar for alle samfunnssektorar har Klima- og miljødepartemtentet eit særskilt ansvar for å sikre ei god og berekraftig miljøforvaltning. Ein stor del av dei budsjettløyvingane som går til etatane i miljøforvaltninga har direkte innverknad på utviklinga innan resultatområda.

8 Verkemiddel

8.1 Kunnskap

Klima- og miljøpolitikken skal vere kunnskapsbasert. Jo meir kunnskap vi har, desto meir presis, effektiv og målretta forvaltning får vi. Kunnskapen blir bygd opp gjennom forsking, kartlegging, overvaking, miljøstatistikk og ulike former for rapportering. Grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata er òg ein føresetnad for god miljøpolitikk. Kunnskapsoppbygging på miljøområdet er derfor heilt avhengig av fagleg samarbeid på tvers av faggrenser og sektorar.

Utviklinga av klima- og miljøpolitikken krev eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag

Kunnskap om klima og miljø er i aukande grad ein viktig føresetnad for avgjerder som blir fatta på mange samfunnsområde.

Vi treng ulike typar kunnskap. For å kunne ta omsyn til viktige miljøverdiar er det naudsynt å ha stadfesta informasjon om arter, naturtypar, kulturminne og landskap, og andre forhold som kan ha innverknad på miljøverdiane.

Vidare treng vi kunnskap om korleis det står til med desse miljøressursane og korleis tilstanden utviklar seg. For å kunne seie noko om dette, treng vi overvakingsdata over lang tid, slik at vi får lange tidsseriar. Miljøovervakinga tek i utgangspunktet for seg kjende problemstillingar og må vere langsiktig, stabil og føreseieleg. Miljøforskinga medverkar til å avdekkje og avklare nye problemstillingar, men er samtidig eit viktig supplement og korrektiv til miljøovervakinga. Vi treng òg overvaking av viktige påverknadsfaktorar. Det er knytt store utfordringar til å forstå samanhengen mellom ulike påverknader og langsiktige utviklingstrendar for arter, naturtypar, kulturminner og landskap. Det pågår ei rekkje overvakingsprogram som gir oss kunnskap om utviklinga i norske økosystem, både i regi av sektorane og miljøforvaltninga. Miljødirektoratet er ansvarleg for å koordinere naturovervakinga i Noreg, Riksantikvaren for overvaking av kulturminner og Norsk Polarinstitutt for overvaking knytt til Arktis. I tillegg går det føre seg ei rekkje kartleggings- og overvakingsaktivitetar gjennom universitet og høgskular, forskingsinstitutt, foreiningar, konsulentar og enkeltpersonar som utfører overvakinga på oppdrag frå offentleg forvaltning.

Rapporteringa skjer til databasar som dekkjer spesielle fagområde, f. eks. Naturbase (naturtypar, arter, statleg sikra friluftslivsområde, naturvernområde), Artskart (i regi av Artsdatabanken), Askeladden (kulturminne), Forureining, Vassmiljø, m. fl. Rapporteringsdata kjem frå både offentlege og private kjelder og kan vere lovpålagte eller frivillige. Spesielt kan nemnast KOSTRA, som skal omfatte all rapportering frå kommunane til staten, med unntak av den rapporteringa til sentrale databasar som allereie er pålagt.

Miljøforvaltninga samarbeider med Statistisk sentralbyrå om utvikling og produksjon av areal- og miljøstatistikk, som i hovudsak er basert på data som er henta inn gjennom overvaking og rapportering. Miljødata er stort sett stadfesta (koordinatbestemte), og det er lagt stor vekt på å utvikle digitale kart og system for å handtere geografisk informasjon. Noreg digitalt har stor betydning for utveksling av stadfesta informasjon på tvers av institusjonar og forvaltningsområde. Miljøstatus i Noreg, miljøstatus.no gir oppdatert informasjonen om tilstand og utvikling for miljøet, og presenterer miljøkunnskap i ein samanheng. Eit vesentleg mål er å skape forståing for samanhengane mellom miljøtilstand, kva som påverkar den, konsekvensar og tiltak. Miljøstatus i Noreg inneheld miljødata for fleire viktige miljøtema. Nettstaden har i tillegg ei eiga kartløysing. Løysinga, som er Noregs mest omfattande samling av oppdatert offentleg miljøinformasjon på kart, vart i 2012 tilpassa for bruk med nettbrett og smarttelefonar.

Ny teknologi gir grunnlag for betre og meir effektiv miljøovervaking. På miljøområdet gjer spesielt nye satellittprogram det mogeleg å overvake store område både til lands og til havs på heilt nye måtar, og Noreg er truleg det landet i verda som vil ha størst nytte av desse nye teknologiane. Nytteverdien for Noreg vil vere stor når det gjeld nordområda, maritim overvaking, miljø, ressursforvaltning, klima, Regjeringa si tropiske regnskogsatsing og forsking. Satellittane vil, meir konkret, overvake og gi ny informasjon om vind, bølgjer, straum, havnivå, skipsaktivitet, oljeutslepp, algeoppblomstring, sjøis, snø, isbrear, permafrost, nedsøkking, skred, vegetasjon, skogforvaltning, arealinngrep, jordbruk, vasskvalitet, luftforureining, metan, ozon- og UV-stråling.

Bruk av satellittar føreset omfattande internasjonalt samarbeid. Noreg deltek derfor aktivt i den globale satsinga i Group on Earth Observations (GEO). GEO er ei frivillig samanslutning av FN-land og internasjonale organisasjonar, med EU, USA, Kina og Sør-Afrika i spissen. Målet er å betre tilgangen til data frå jordobservasjon, både frå fjernmåling og vanleg overvaking (in situ).

Boks 8.1 Miljøovervaking gir grunnlag for å oppdage nye problem og for tiltak

Overvaking av miljøtilstanden gir styresmaktene grunnlag for å setje i gang tiltak for å oppretthalde miljøverdiar, eller førebyggje at dei blir øydelagde. Målet med overvakinga er å skaffe god kunnskap for tiltak og politiske slutningar, og å sikre folk rett til informasjon om tilstanden i miljøet i tråd med miljøinformasjonslova. Gjennom miljøovervaking er det oppdaga ei rekkje miljøproblem som blant anna sukkertaredød, havforsuring, reduserte fuglebestandar og nye miljøfarlege stoff. Det er òg viktig å ha kunnskap om bruken av verkemidla som vert brukte for å ta vare på eller betre miljøtilstanden. Overvakingsprogrammet for verneområde er eit døme på dette. Førebels resultat frå arealrepresentativ overvaking av verneområde syner m.a. at omfanget av tekniske inngrep i verneområde er større enn ein har kjent til tidlegare.

Resultat frå nyare miljøovervaking syner at miljøgifter i større grad kjem frå forbrukarprodukt og folks kvardag. Merksemda i miljøovervakingsarbeidet har derfor i den seinare tida vorte flytt frå lokale utsleppskjelder til internasjonalt reguleringsarbeid. Miljøovervakinga av miljøfarlege stoff er derfor innretta strategisk slik at ein har verktøy for tidleg å kunne oppdage nye stoff som kan vere problematiske.

Gjennom overvakinga av miljøfarlege stoff er det oppdaga nye problem i den seinare tida:

  • Miljødirektoratet sitt screeningprogram har blant anna funne høge nivå av andregenerasjon rottegifter i rovfugl. Etter desse funna stramma Miljødirektoratet inn på bruken av desse stoffa.

  • Forsking og screeningprogrammet har vist at einskilde siloksanar blir oppkonsentrerte i næringskjeda i Mjøsa. Dette er verdifulle data for det internasjonale arbeidet med å regulere miljøfarlege stoff.

  • I 2011 viste screeningprogrammet at bruk av to lusemiddel frå lakseoppdrett gir så høge konsentrasjonar i miljøet at det kan truge krepsdyr som krabbar og reke. Dette førte til ein reduksjon i bruken av stoffa, og det vart oppretta ei departementsgruppe som skal arbeide for å få ned bruken av desse stoffa.

Overvakinga har medverka til å få til internasjonal regulering av flammehemmarane dekabromdifenyletar (deka-BDE) og heksabromsyklododekan (HBCDD). I 2002 synte data frå miljøovervaking auka verdiar av miljøfarlege flammehemmarar nord i Mjøsa. På dette tidspunktet var nokre av desse stoffa allereie oppførte på Noregs liste over stoff som skulle avgrensast eller fasast ut. Eksempla viser kor viktig både regelmessig miljøovervaking og lange tidsseriar er for å leggje til rette for og gjennomføre nødvendige tiltak.

Like viktig som kunnskapsinnhenting er oppgåva med å formidle kunnskapen til allmenta og avgjerdsstakarar. Miljøkunnskap og kunnskap om klima- og miljøutfordringar er eit viktig grunnlagfor avgjerdsprosessar både i offentleg og privat sektor.

Ein betydeleg del av kunnskapsoppbygginga skjer gjennom utdanningsinstitusjonane. Både grunnopplæringa, under dette fagopplæringa, og høgare utdanningsinstitusjonar tilfører nye generasjonar kunnskap, haldningar og dugleik som kan medverke til ei berekraftig utvikling. Media, internett og bibliotek spelar òg ei viktig rolle i formidling av miljøkunnskap. Produktinformasjon og grøne sertifiseringsordningar er òg kjelder til slik kunnskap.

Det er ei plikt som følgjer av Grunnlova § 112, som slår fast at borgarane har rett til kunnskap om naturmiljøet sin tilstand og verknadene av planlagte og iverksette inngrep i naturen. Miljøinformasjonslova gjennomfører denne plikta, og pålegg alle delar av offentleg forvaltning å ha og å gjere kunnskap om miljøtilhøve innanfor eigne ansvarsområde tilgjengeleg for allmenta. Den pålegg òg verksemder – offentlege og private – å ha kunnskap og gi informasjon om forhold ved verksemda. Auka kunnskap i folket om klima- og miljøutfordringar og om samanhengane i naturen og om kulturhistoriske verdiar stimulerer miljøinteressa og medverkar til auka aksept for miljøpolitiske tiltak og verkemiddel.

Kunnskap om klima- og miljøutfordringane er eit ansvar for alle sektorar i samfunnet

Eit kjenneteikn ved klima- og miljøpolitikken er overgripande problemstillingar der heilskapleg tankegang og avveging av ulike samfunnsinteresser er grunnleggjande for å få gjennomslag for tiltak. Kunnskapsoppbygging på området er derfor heilt avhengig av fagleg samarbeid på tvers av faggrenser og sektorar. Mange av klima- og miljøutfordringane er i dag tverrsektorielle når det gjeld styringssystem for opphav, utbreiing og moglege løysingar. Sektoransvaret står sentralt i miljøarbeidet, og miljøomsyn skal takast hand om innan rammene av styresmaktene sitt sektoransvar, inkludert forsking og overvaking. Dette inneber at sektorane har ansvar både for langsiktig kompetanseoppbygging for sektoren, og for meir forvaltningsretta overvakings- og forskingsaktivitetar innanfor miljøansvarsområda i eigen sektor. Felles forståing av røyndomen og kunnskapsgrunnlaget mellom miljøforvaltninga og andre departement og viktige samfunnsaktørar er ein føresetnad for å møte miljøutfordringane på ein heilskapleg måte, og for å få til ein god og konstruktiv dialog.

Miljøforskingsinstitutta har ei sentral og sjølvstendig rolle for utvikling av kunnskap som er naudsynt for god rådgiving i miljøspørsmål. Det er viktig og naudsynt at desse institutta kan tilby ein brei kompetansebase på høgt internasjonalt nivå for løysingar av komplekse problem, at dei samarbeider med dei beste internasjonale miljøa og har kapasitet og utstyr til å møte miljøforvaltninga sine behov.

Miljøforvaltninga tek vare på den langsiktige kompetanseoppbygginga både ved basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta og ved finansiering av visse grunnforskingsaktivitetar innanfor enkelte av forskingsprogramma i departementet sin programportefølje. Departementets eige kunnskapsbehov blir teke vare på ved dei meir handlingsretta forskingsprogramma.

Næringslivet er ein viktig samarbeidspart for utvikling av kunnskap. Det er eit overordna forskingspolitisk siktemål at næringslivet aukar sin forskingsinnsats. Næringslivet har sjølv eit ansvar for kunnskap om miljøeffektar av eigen aktivitet. Det er òg viktig med innsats frå næringslivet for utvikling av miljøteknologi, bl.a. nye miljøvennlege produkt og produksjonsprosessar.

Det internasjonale perspektivet

Ei rekkje av dei miljøutfordringane vi står overfor er grenseoverskridande og dei kan ikkje løysast berre på nasjonalt nivå. Som ei følgje av dette må forskinga i større grad enn tidlegare forankrast i internasjonale aktivitetar. Det er derfor viktig at norske forskingsmiljø deltek i internasjonale forskingsaktivitetar, etablerer internasjonale kontaktar og inngår i internasjonale samarbeidskonstellasjonar der dette er føremålstenleg og kan gi utbytte.

Mange norske forskingsmiljø har i fleire år delteke i internasjonale forskingsprosjekt, og det er viktig å leggje til rette for ei vidareutvikling av internasjonalt forskingssamarbeid. Noreg er fullt medlem av EU sitt åttande rammeprogram Horisont 2020 for forsking og innovasjon. Av størst interesse for miljøforvaltinga er pilaren «Societal challenges» og tema under denne. EU sitt rammeprogram for forsking er Europas viktigaste arena for kunnskapsproduksjon og gir bidrag til vidareutvikling av europeisk politikk for å møte felles utfordringar, ikkje minst på miljøområdet. Norske miljøstyresmakter deltek i styringa av miljøprogram, og norske forskingsmiljø deltek aktivt i eit breitt spekter av forskingsprosjekt.

Forholdet mellom forsking og overvaking

Forsking er nødvendig for å sikre best moglege overvakingsdata, og overvakingsdata (inkl. lange tidsseriar) er et viktig grunnlag for mykje av forskinga. Utforming av program og val av metodar og parameter i overvakinga skjer derfor i samarbeid mellom forvaltning og forskingsmiljø. Kompetansen i forskingsmiljøa er òg sentral når overvakingsresultat skal tolkast.

Miljøforskinga har stor nytte av det kunnskapstilfanget som kjem fram gjennom overvaking. Overvakingsdata gir forskarar høve til å analysere utviklingstrendar i miljøet, då dei same metodane er nytta over lange tidsperiodar. Forsking med utgangspunkt i slike data har derfor stor verdi for miljøforvaltninga.

Mange prosjekt og arbeidsmåtar ligg i grenseland mellom forsking, overvaking og kartlegging. Det er derfor viktig, både fagleg, organisatorisk og økonomisk, å sjå ulike former for kunnskapsinnhenting i samanheng.

Data frå satellittbilete og flyboren laserskanning er eit godt grunnlag for å visualisere landskapsrelaterte problemstillingar. Det er likevel behov for meir kunnskap om korleis slike data kan supplere og rasjonalisere eksisterande metodikk innanfor miljøforvaltninga sine fagområde, og medverke til større målretting og presisjon i nødvendig feltarbeid. Slike data er særleg aktuelle i overvaking av endringar i arealbruk, under dette diverse arealinngrep og arealfragmentering, attgroing, endringar i kulturarven, utvikling i polarområda, utvikling i verneområde og overvaking av klimaendringar.

Kunnskap om naturmangfaldet

Stortinget har vedteke at forvaltninga av naturmangfaldet skal vere kunnskapsbasert. I naturmangfaldlova § 8 og gjennom dei globale måla for å ta vare på naturmangfaldet er nødvendigheita av eit godt kunnskapsgrunnlag framheva. Dette er ein føresetnad for å sikre at gode og effektive miljøtiltak blir gjennomførte på rett stad til rett tid.

Boks 8.2 Naturindeks for Noreg

Naturindeks for Noreg gir eit overordna bilete av korleis det står til med norsk natur, og viser korleis dette utviklar seg over tid. Arbeidet byggjer på internasjonale metodar for liknande indeksar, men det er gjort eit betydeleg arbeid for å utvikle denne metodikken. Noreg var det første landet i verda som innførte ein offisiell naturindeks.

Naturindeksen viser tilstanden og utviklingstrendar for naturmangfaldet i dei store økosystema. Verdien for tilstand er samanlikna med ein referansetilstand (som er sett til 1):

  • havbotn

  • hav-pelagisk (dei opne vassmassane i havet)

  • kystvatn-botn

  • kystvatn-pelagisk (i vassmassane langs kysten)

  • ferskvatn

  • ope lågland (ekstensivt drifta kulturlandskap)

  • skog

  • myr-kjelde-flaummark (våtmark)

  • fjell

For kvart av økosystema er det valt ut eit sett med indikatorar, i dei fleste tilfelle data om enkeltarter. Desse representerer ulike artsgrupper i dei ulike økosystema og omfattar mest vanlege arter, men òg nokre sjeldne og/eller truga arter. Ved å sjå indikatorane i samanheng får ein eit bilete av tilstanden for naturmangfaldet innanfor kvart økosystem, og samla for norsk natur. Naturindeksen består av 309 indikatorar fordelte på dei ni hovudøkosystema.

Kvar indikator er gitt ein verdi mellom 1 og 0. Referanseverdien er sett lik 1. Verdien 1 betyr at tilstanden for indikatoren er svært god («naturtilstand» eller lite menneskepåverka natur), mens 0 betyr at tilstanden er svært dårleg (for eksempel at ei art er utrydda). Ved å sjå på verdien for alle indikatorar som er knytte til eit økosystem, får ein eit gjennomsnittstal som gir eit bilete av tilstanden for naturmangfaldet i dette økosystemet.

Boks 8.3 Definisjon av omgrepet truga arter

Artsdatabanken nyttar følgjande kategoriar i Norsk Raudliste for arter 2010:

Utdøydd (EX): Ei art er utdøydd når det er svært liten tvil om at arta er globalt utdøydd.

Utdøydd i vill tilstand (EW): Arter som ikkje lenger lever fritt, men der det framleis finst individ i dyrehagar, botaniske hagar og liknande.

Regionalt utdøydd (RE): Ei art er regionalt utdøydd når det er svært liten tvil om at arta er utdøydd frå aktuell region (her Noreg). For at arta skal inkluderast må den ha vore etablert reproduserande i Noreg etter år 1800.

Kritisk truga (CR): Ei art er kritisk truga når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for kritisk truga er oppfylt. Arta har då ekstremt høg risiko for å dø ut.

Sterkt truga (EN): Ei art er sterkt truga når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for sterkt truga er oppfylt. Arta har då svært høg risiko for å døy ut.

Sårbar (VU): Ei art er sårbar når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for sårbar er oppfylt. Arta har då høg risiko for å dø ut.

Nær truga (NT): Ei art er nær truga når den ikkje tilfredsstiller nokre av kriteria for CR, EN eller VU, men er nær ved å tilfredsstille nokre av desse kriteria no, eller i nær framtid.

Datamangel (DD): Ei art blir sett i kategori datamangel når uvissa om arta si korrekte kategoriplassering er svært stor, og klart inkluderer heile spekteret av moglege kategoriar frå og med CR til og med LC.

Definisjonane er utarbeidde av den internasjonale naturvernunionen (IUCN). Omgrepet truga arter er eit samleomgrep for kategoriane: kritisk truga, sterkt truga og sårbar.

Kunnskapsgrunnlaget for natur i Norge er styrkt dei seinere åra. Gjennom naturkartlegging får vi kartfesta kunnskap om om arter og naturtypar si utbreiing. Slike data er ein føresetnad for ein berekraftig arealforvaltning kor omsynet til naturmangfaldet er eit viktig premiss i avgjerder knytt til arealinngrep. Eit godt kunnskapsgrunnlag tidleg i prosessen er konfliktdempande. Døme på kartleggingsprosjekt er naturtypekartlegging, kartlegging av framande arter og kartlegging av truga arter.

Overvaking av naturmangfaldet er grunnleggjande for å kunne danne seg eit bilete av utviklinga for arter og område over tid, og for å kunne seie noko om årsaka til utviklinga og om tiltak har ønskt effekt. Døme på overvakingsprosjekt knytt til naturmangfald er overvaking av sjøfugl gjennom programmet SEAPOP, terrestrisk overvaking (TOV) og overvaking av ei rekkje arter/artsgrupper (t.d. hjortevilt, rovvilt, villaks, og fjellrev).

Det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt omfattar dei fire store rovdyra gaupe, jerv, bjørn og ulv, og kongeørn. Rovdata har ansvaret for det faglege innhaldet, formidling, drift og utvikling av overvakingsprogrammet, og er ein uavhengig leverandør av overvakingsdata for dei fem nemnde artene i Noreg. Rovdata har fokus på å styrkje lokal deltaking i overvakinga, og har mellom anna i samarbeid med Artsdatabanken etablert ei nettbasert publikumsløysing for innmelding av observasjonar av dei store rovdyra. Dette er i tråd med rovviltforliket inngått i Stortinget i 2011. Det har vore viktig å vidareutvikle samordninga av overvakingsmetodar og samanstilling av bestandsdata i samarbeid med nabolanda våre.

Ved bruk av eksisterande kunnskap kunne ein i 2010 presentere ein Naturindeks for heile Noreg som gir eit samla bilete av tilstand og utvikling av naturmangfaldet i dei store økosystema, jf. boks8.2. Ein slik indeks er eit viktig barometer for korleis det står til med norsk natur. Kunnskapen om status og trendar i dei store økosystema blir nytta som grunnlag for sette i verk tiltak for å stanse tapet av naturmangfald i Noreg, og til formidling til politikarar, forvaltninga og allmenta. Naturindeksen synleggjer også at kunnskapen om naturmangfaldet på mange område er mangelfull. Kartlegging og overvaking må derfor utviklast vidare for å få meir presis kunnskap slik at vi lettare kan peike på årsaker til endringar, og for at tiltaka skal vere kostnadseffektive og målretta. Ein oppdatering av heile naturindeksen skjer kvart femte år, og den neste kjem i 2015.

Den naturindeksen som vart presentert i 2010 er starten på eit langvarig arbeid med å måle endringar i naturen, og gi eit stadig betre grunnlag for å prioritere kor tiltak for å betre miljøet skal setjast inn og kva som bør prioriterast innanfor kartlegging og overvaking. Men naturindeksen åleine kan ikkje måle om vi når målet om å stanse tapet av naturmangfald. Sjølv om naturindeksen viser betring eller inga endring i naturmangfaldet, kan det likevel vere alvorlege faresignal som ikkje blir fanga opp. Det er derfor viktig å supplere naturindeksen med annan kunnskap som til dømes delindeksar, andre indikatorar for berekraft, raudlister og ny kartlegging, overvaking og forsking. Norsk Raudliste for arter2010 og Norsk Raudliste for naturtypar2011 inneheld spesifikk informasjon om mange truga arter og naturtypar som ikkje inngår i naturindeksen, men som er viktige for forvaltninga av desse artene. Kunnskapsinnhenting knytt til raudlistene held derfor fram med full styrke.

Artsdatabanken, som er ein nasjonal kunnskapsbank for naturmamngfald, har ansvaret for arbeidet med raudlistene og arbeidet med økologiske risikovurderingar av framande arter. Artsdatabanken spelar òg ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere data om mangfaldet i naturen tilgjengelege for brukarar i areal- og miljøforvaltninga. Talet på observasjonar i rapporteringsverktøyet Artsobservasjonar i regi av Artsdatabanken har passert 11 millionar. I tillegg til at denne portalen tilfører kunnskap om førekomstar av arter, er den eit verktøy som aukar engasjement og kunnskap hos brukarane. Artsdatabanken har òg ansvaret for det norske Artsprosjektet kor målet er å sikre langsiktig kartlegging og kunnskapsoppbygging om arter i norsk natur. I løpet av prosjektet sine fem første år vart det oppdaga 1165 nye arter i Noreg. Av desse er truleg ein fjerdedel nye for vitskapen. Arbeidet i prosjektet skjer i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet, og ambisjonen både i Sverige og Noreg er å kartleggje alle fleircella arter av planter og dyr i dei to landa. Artsprosjektet har stort fokus på å gjere kunnskapen lett tilgjengeleg, mellom anna via internett. I 2014 har Artsdatabanken lansert Arter på nett som er ei informasjonskjelde om arter som inneheld kvalitetsikra tekstar, bilete og kartinformasjon. Så langt er dette lansert for 900 sommarfuglar og nærare 200 bier. Fleire artsgrupper vil bli lanserte etter kvart.

Internasjonalt skjer det òg mykje arbeid for å skaffe eit betre kunnskapsgrunnlag om naturmangfald og økosystemtenester. På det 10. partsmøtet for konvensjonen om biologisk mangfald i oktober 2010 vart det vedteke at vi innan 2020 skal ha betre kunnskap, vitskapleg grunnlag og teknologi knytt til biologisk mangfald, verdiar, funksjon, statusutviklinga og trendar. Endeleg vedtak om å opprette eit internasjonalt naturpanel etter modell av klimapanelet (IPCC) vart fatta på møte i regi av FNs miljøprogram i 2012. Naturpanelet skal vere eit vitskapleg uavhengig panel som skal gi kunnskap om jordas naturmangfald og økosystemtenester og fremje forslag til ny politikk. Regjeringa vil arbeide for at FNs miljøprogram og andre relevante FN-organisasjonar støtter opp om naturpanelet sitt arbeid framover. Noreg vil aktivt følgje opp Naturpanelets (IPBES) første arbeidsprogram (2014 – 2018) slik det vart vedteke på møtet i desember 2013 (IPBES-2). I samarbeid med blant anna Noregs forskingsråd blir det viktig å få norske kunnskapsmiljø involverte i dei vedtekne utgreiingane – både for å betre kunnskapsgrunnlaget om naturmangfaldet og for utvikling av norske kunnskapsmiljø. Ei avtale mellom Naturpanelets hovudsekretariat i Bonn og Miljødirektoratet om støtte til kapasitetsbygging i utviklingsland er no på plass.

Kunnskap og kompetanse om kulturminne og kulturmiljø

Kunnskap og kompetanse er grunnleggjande for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø, og for å møte framtidas utfordringar på kulturminneområdet. Det gjeld kunnskap om og oversikt over kulturminne i den enkelte kommune og kompetanse til å kunne forvalte dei på ein god måte. Det gjeld òg kompetanse i arbeidet med å setje i stand og vedlikehalde kulturminna, noko som er avgjerande for å ta vare på dei i eit langsiktig perspektiv. Det er og viktig å ha kunnskap om miljø- og arealbruksendringar og dei konsekvensar dette kan innebere av alt frå fullstendig øydelegging av historiske og naturlege landskap til ei gradvis oppsplitting av kulturmiljø og nedbryting av kulturminne. Det same gjeld for metodeutvikling for kulturmiljøkartlegging og –overvaking, som i aukande grad trengs som grunnlag for integrert planlegging og miljørapportering. Gjennom pågåande miljøovervakingsprosjekt følgjer kulturminneforvaltninga med i kvantitative og kvalitative endringar i kulturminne og kulturmiljø.

Betre grunnlagsdata og utvikling av nye metodar for innsamling av kulturminnedata er ein føresetnad for forvaltninga si deltaking i planprosessane. I Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga (2011 – 2017) vart satt i gang av Riksantikvaren i 2010 blir datagrunnlaget og styringsinformasjonen forbetra, noko som gir grunnlag for ei meir målretta og effektiv forvaltning av midlar på kulturminneområdet.

Kulturminne og kulturmiljø i byar vert utfordra som følgje av kompakt by- og tettstadsutvikling. Her treng vi studiar av kva konsekvensar utviklinga har. Vi har og behov for å vite meir om korleis for eksempel kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som ressursar i by- og stadutviklinga, mellom anna ved å vurdere dei historiske bygningsmiljøa i eit klimaperspektiv. Vi treng og meir kunnskap om korleis kulturarv kan skape kulturelle plattformer for forståing, integrasjon og synleggjering av fellesverdiar som inkluderer ulike minoritetar og etniske grupper i eit multikulturelt samfunn.

Klimaendringane vil krevje tilpassingar i forvaltninga og meir kunnskap om korleis venta klimaendringar vil påverke kulturarven. Det er ei utfordring i dag at vi ikkje har tilstrekkeleg faktabasert og systematisk kunnskap om korleis dei venta klimaendringane vil påverke kulturminna. Kunnskapen om dette skal derfor aukast gjennom å prioritere kulturminneforvaltinga si miljøovervaking. På grunn av manglande oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø som kan bli truga av klimaendringane, vil det bli utarbeidd ein strategi for ei nasjonal kartlegging av desse.

Kunnskap om klimautfordringa og omstilling til klimaendringane

Klimautfordringane

Klimautfordringane stiller samfunnet overfor store langsiktige utfordringar. Kunnskap om korleis konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren kan avgrensast, særleg forsking på utsleppsreduserande teknologiar og praksis, vil spele ei avgjerande rolle. Klimaforskinga er internasjonal, samtidig som kvart land treng tilpassa klimakunnskap for å møte klimautfordringa. Ein god nasjonal forskingsbasis set også Noreg i stand til å medverke vesentleg i den internasjonale klimaforskinga.

Forskingsrådets store program for klimaforskinga, NORKLIMA, vart avslutta i 2013 og blir ført vidare i programmet KLIMAFORSK.

FNs klimapanel vil i 2014 avslutte arbeidet med den femte hovudrapporten. Rapporten understrekar alvoret i klimautfordringa og at det hastar med å redusere utsleppa av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane. Rapporten viser at det har vore ein omfattande kunnskapsproduksjon dei siste åra og at vi aldri tidlegare har hatt eit så godt fagleg grunnlag for klimapolitikken. Klimapolitikken skal vere kunnskapsbasert, og omfanget og tempoet som er nødvendig i den omstillingsprosessen verda står framfor inneber store kunnskapsbehov.

Ein overgang til lågutsleppssamfunnet vil krevje vesentlege omstillingar, og innsatsen for å skaffe nødvendig kunnskap må styrkast. Ressursutnytting, utvikling av grøn teknologi og nye produksjonsmetodar i industrien er viktige kunnskapsområde. Vi treng ei betre forståing av korleis lågutsleppssamfunnet vil sjå ut, kva som kan bringe oss dit, og kva for samfunnsutfordringar som ligg i lågutsleppsutvikling. Vi treng ny kunnskap for ei framtidsretta og moderne byutvikling for å leggje byane til rette for klima- og miljøvennleg transport, meir effektiv energibruk og betre ressursutnytting. Næringslivet er ein nøkkel i omstillinga til lågutsleppsamfunnet. Vi treng meir kunnskap om næringslivet som drivar i omstillinga, kva som stimulerer omstillingsprosessane og om samspelet mellom næringsliv, arbeidsliv og styresmakter. Vi må òg byggje kunnskap om samfunnskonsekvensane av omstillingsprosessen, mellom dette konsekvensar for norsk næringsstruktur og arbeidsliv.

Vi treng nye og betre analysar av kva for gevinstar og moglegheiter som ei lågutsleppsutvikling gir for samfunnet, og meir innsikt i det økonomiske grunnlaget.

Ei omstilling mot lågutsleppsamfunnet krev ein heilskapleg forskings- og innovasjonsinnsats og tverrfagleg samarbeid mellom samfunnsvitskap, humaniora, teknologifaga og naturvitskap. Utdanningane må innrettast slik at dei fagfolka vi utdannar i Noreg blir pådrivarar og sentrale aktørar i omstillinga.

Omstilling til klimaendringane

For å kunne setje i verk målretta og kostnadseffektive tiltak på tvers av samfunnssektorane, må vi ha forskingsbasert kunnskap om effektane av klimaendringar på lokalt, regionalt og globalt nivå.

Meir kunnskap om kortlevde klimadrivarar som svart karbon (sot) og metan er nødvendig for betre å kartleggje reduksjonspotensialet, helseeffektane og den totale klimaeffekten.

Utover i dette hundreåret vil klimaendringane gradvis få aukande innverknad på natur og samfunn, jf. Innst. 497 S (2012 – 2013) om Klimatilpasning i Norge. Kunnskap om klimaendringane er ein føresetnad for effektiv klimatilpassing. Det trengst meir kunnskap om korleis klimaendringane vil påverke det norske samfunnet. Natur og naturbaserte næringar, infrastruktur og busetnad er spesielt utsette. Det trengst kunnskap om korleis sårbare og utsette naturtypar blir påverka av klimaendringar. Det trengst òg meir kunnskap om korleis vi kan forvalte naturen betre, spesielt den delen av naturen som leverer viktige økosystemtenester som flaumvern, mat og drikkevatn, for å verne oss mot uønskte verknader av klimaendringar. Naturen speler ei viktig rolle i klimasystemet. Det trengst meir kunnskap om kva rolle norsk natur og norske havområde spelar, og korleis desse områda kan forvaltast på ein måte som mest mogleg medverkar til å avgrense den globale oppvarminga og tilpasse samfunnet til dei klimaendringane som er uunngåelege.

Vi treng også kunnskap for at kvar enkelt kommune og samfunnssektor skal kunne kartleggje kvar dei er sårbare og gjennomføre høvande tilpassingstiltak tilpassa lokale forhold. Skal vi kunne handtere klimaendringane må vi utvikle klimarobuste løysingar og materiale for både infrastruktur, bygg, anlegg og omgivnader.

Kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Kunnskapsheving er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Regjeringa arbeider for å auke kunnskapen om kjemiske stoff og kartleggje miljøgifter i naturen og i produkt. Auka kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak. Det er svært dyrt å rydde opp når miljøgifter først er spreidde i naturen. I mange av tilfella er det òg svært vanskeleg, då miljøgifter blir spreidde diffust over store område. Det er derfor svært viktig å oppdage spreiing av ulike miljøgifter i tide slik at nødvendige tiltak kan setjast i verk. Gjennomslag i arbeidet med å styrkje internasjonale reguleringar er òg heilt avhengig av at det blir gjort ein betydeleg innsats i å leggje fram god dokumentasjon. Dei grunnleggjande kjemikalieregelverka som REACH, klassifisering og merking, og biocidregelverket framskaffar mykje auka kunnskap når det skal vurderast kor strengt stoff skal regulerast. Overvaking av miljøgifter i naturen for å følgje utviklinga over tid vil framleis vere prioritert. Resultat frå overvakinga har vore avgjerande for at Noreg har fått gjennomslag for strengare regulering av miljøgifter i EU og globalt. Ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter vart opna i 2012.

Boks 8.4 Miljøprøvebanken

Miljøprøvebanken er plassert i Forskingsparken i Oslo og er administrert av forskingsinstitutta i CIENS. Miljøprøvebanken for miljøgifter samlar inn og tek vare på prøver av biologisk materiale. Prøver av til dømes fisk, blåskjel, krabbe, fugleegg, slam og mosar vil bli nedfrosne for seinare analysar og undersøkingar. Innsamlinga skjer frå dei same lokalitetane kvart år. Føremålet er å kunne gjere nye analysar av prøver når det er utvikla betre metodar for å oppdage miljøgifter, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar. Dette vil bli eit svært nyttig verktøy i forvaltning av og forsking på miljøgifter.

Overvakinga av langtransportert luftforureining i luft og nedbør

Overvakinga av langtransportert luftforureining i luft og nedbør omfattar undersøkingar både av tilførsler og effektar av forureiningar. Miljødirektoratet har ansvaret for dei fleste overvakingsprogramma.

Langtransporterte luftforureiningar omfattar forsurande sambindingar (svovel- og nitrogensambindingar), eutrofi (nitrogensambindingar), bakkenært ozon, partiklar og miljøgifter (tungmetall, persistente organiske sambindingar).

Atmosfærisk tilførsel av forureinande sambindingar er overvaka ved måling av kjemiske komponentar i luft og nedbør. Formålet er å registrere nivå og eventuelle endringar i tilførsla av langtransporterte luftforureiningar. Målestasjonane er derfor plasserte slik at dei er minst mogleg påverka av lokale utsleppskjelder (bakgrunnsstasjonar).

Tilførsler av sambindingar i luft som fører til forsuring og eutrofiering er overvaka på fem stasjonar (inkludert Zeppelin-observatoriet på Svalbard). Tilsvarande sambindingar i nedbør er overvaka på 13 stasjonar.

Bakkenært ozon kan skade menneske si helse, vegetasjon og materialar. Atmosfæriske tilførsler av bakkenært ozon er overvaka på seks stasjonar i fastlands-Noreg, og ein på Svalbard.

Atmosfæriske tilførsler av partiklar i luft er overvaka på tre bakgrunnsstasjonar i fastlands-Noreg, og ein på Svalbard. Partiklar kan i særleg grad føre til helseskadar, og til skadar på materialar. Sotpartiklar kan medverke til klimaendringar.

Forsuringsverknader på vasskvalitet er følgt gjennom overvaking av innsjøar og små nedbørfelt. Vasskvaliteten i om lag 80 innsjøar og seks små nedbørfelt blir undersøkt årleg for å gi ei regional/landsdekkjande beskriving av vassforsuringsproblemet og endringar i situasjonen. Det biologiske overvakingsprogrammet følgjer verknader på fisk gjennom regionale undersøkingar, og omfattar fiskebestandar i innsjøar og bekker, og botndyr i innsjøar. Verknader av eutrofiering i terrestrisk miljø (vegetasjonsendringar) er overvaka av Miljødirektoratet som dekkjer delar av dette gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV).

Atmosfæriske tilførsler av miljøgifter er overvaka på tre stasjonar (i luft og nedbør på Birkenes og Andøya og i luft på Svalbard). Førekomstar av langtransporterte miljøgifter er overvaka med nokre års mellomrom i innsjøar (fisk og sediment).

Auka kunnskap om- og for polarområda

Bedre kunnskap er nødvendig for å møte både utfordringene og dei nye høva klimaendringane medfører og for at vi skal kunne drive ei kunnskapsbasert, heilskapeleg og langsiktig forvaltning som sikrar miljøet og livsgrunnlaget i nord.

Bedre kunnskap om klima i Arktis kan både gi oss ei unik innsikt i dei klimaendringane som allereie finn stad, og eit varsel om framtidige regionale og globale konsekvensar av desse klimaendringane.

Ei rekkje miljøgifter blir transporterte langvegs frå med luft-, is- og havstraumar til Arktis. Det er no registrert ein nedgang i dei «gamle» miljøgiftene, til dømes PCB, men samtidig er det påvist fleire nye kjemiske stoff i sediment og ei rekkje arktiske dyrearter.

Auka kunnskap om miljøgifter i Arktis og Antarktis er viktig både for å iverksetje nasjonale tiltak og for å styrkje Noregs rolle og gjennomslag i det internasjonale arbeidet for å stanse bruk og utslepp av miljøgifter.

Norsk Polarinstitutt med senteret ICE (Ice, Climate & Ecosystems) representerer saman med Framsenteret (Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking) sentrale element i den nasjonale forskingssatsinga for å bringe fram meir kunnskap for å møte klima- og miljøfordringane i nord- og polarområda.

Norsk Polarinstitutt og Framsenteret si forsking gir òg viktige kunnskapsbidrag til det internasjonale miljø- og klimaarbeidet.

Norsk forsking i Antarktis gir viktige bidrag inn i det internasjonale samarbeidet om forvaltninga av Antarktis for å verne kontinentets særeigne og svært sårbare miljø. Denne forskinga er òg viktig for å halde oppe verdien av Antarktis som referanseområde og for å auke kunnskapen om området si rolle i dei globale miljøsystema og som indikator for jordas miljøtilstand. Vi har vore eit føregangsland i forskinga i Antarktis, og det er viktig at Noreg bidreg til internasjonal polarforsking med sine spesielle fortrinn med stasjonar både i Antarktis og på Svalbard.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutts forskings- og miljøovervakingsverksemd er konsentrert om dei fem prioriterte tema miljøgifter, naturmangfald, kryosfære, oseanografi og geologisk kartlegging, og har geografisk hovudfokus på Svalbard, havmiljøet i nord og Antarktis med Bouvetøya og omkringliggjande havområde.

Instituttet leier òg overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis og held ved lag lange tidsseriar frå både det fysiske miljøet og økosystemet.

Norsk Polarinstitutts forsking i Antarktis gir viktige bidrag inn i det internasjonale samarbeidet om forvaltninga av Antarktis for å verne kontinentet sitt særeigne og svært sårbare miljø, og til det internasjonale klimaarbeidet.

For Norsk Polarinstitutts senter ICE (Senter for is, klima og økosystem) er havis, isbrear og marine økosystem og oseanografi viktige satsingsområde både i Arktis og i Antarktis.

Norsk Polarinstitutt har dei heilårige forskingsstasjonane Troll i Antarktis og Sverdrupstasjonen og Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund på Svalbard.

Stasjonane utfører kontinuerlege langtidsmålingar av meteorologisk data, kort- og langbølgja radioaktiv stråling frå sola, og måling av overflatealbedo og spektralrefleksjonar. Det blir òg gjort daglege observasjonar av atmosfærisk ozon og UV-stråling med ei rekkje instrument.

Zeppelinstasjonen, der NILU har det faglege ansvaret, spelar ei viktig nasjonal og internasjonal rolle for kartlegginga av klimaendringar; stratosfæreozon- og UV-endringar; miljøgifter og langtransporterte luftforureiningar.

Framsenteret

Framsenteret, Nordområdesenter for Klima- og Miljøforsking, utfører omfattande forsking innanfor dei seks temaområda, kalla «flaggskip»:

  • Havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk – leia av Norsk Polarinstitutt

  • Effektar av klimaendringar på fjord- og kystøkologi i nord – leia av Havforskingsinstituttet.

  • Havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn – leia av Norsk Polarinstitutt

  • Effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk – leia av Universitetet i Tromsø.

  • Miljøgifter – effektar på økosystem og helse – leia av Norsk institutt for luftforskning.

  • Miljøkonsekvensar av næringsverksemd i nord (MIKON) – leia av Norsk institutt for naturforsking

Med forsking som grunnlag formidlar Framsenteret kunnskap til forvaltning, næringsliv og publikum generelt, og gir innspel i klimarelaterte spørsmål. Senteret medverkar òg til å styrkje koplinga mellom forsking og utdanning, og er ein viktig nasjonal og internasjonal møteplass for forskarar og avgjerdstakarar.

Informasjon og kommunikasjon

Miljøforvaltningas kommunikasjonsarbeid byggjer på plikta alle offentlege organ har etter Grunnnlova § 112, Århuskonvensjonen og miljøinformasjonslova til å å ha og gjere kunnskap om miljøforhold tilgjengeleg for allmenta, og på prinsippa i staten sin kommunikasjonspolitikk. Vi legg vekt på å vise fram Regjeringas miljøpolitikk og fakta om miljøtilstanden på ein forståeleg måte. God informasjon er viktig for at innbyggjarane, næringslivet, det offentlege og organisasjonar skal kunne ta omsyn til miljø i kvardagen, at dei skal ha eit godt kunnskapsgrunnlag for å delta i demokratiske prosessar knytte til miljø i samfunnet, og ivareta retten dei har etter Grunnlova § 112 til eit miljø som sikrar helsa, og til ein natur der produksjonsevne og mangfald blir teke vare på.

Informasjonen skal vere tydeleg og tilgjengeleg og nå fram til ulike målgrupper og til dei som tiltaka får innverknad for. Det er viktig å gi informasjon om rettar, plikter og moglegheiter. Kommunikasjonstiltaka skal medverke til at folk blir engasjerte og medvitne på miljøspørsmål og får djupare forståing og kunnskap.

Klima- og miljødepartementet tek i bruk ulike kommunikasjonskanalar. Ein viktig kanal er departementet si nettside regjeringen.no/md. Departementet sine internettsider er ein formidlingskanal i pakt med lov om rett til miljøinformasjon og Regjeringas kommunikasjonsstrategi. Eitt døme er høyringssaker, høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet. Internasjonale standardar for tilgjenge/universell utforming er innarbeidde på internettsidene. Syntetisk tale er tilgjengeleg på alle departement sine nettsider på regjeringen.no.

I tillegg til nettsidene nyttar departementet ulike sosiale medium som Facebook, Twitter, Flickr og YouTube. Konferansar, seminar og kurs er døme på andre kanalar som òg blir nytta til å spreie informasjon.

Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) er inngangsporten til fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøpolitiske resultatområda. Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper. Nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning blir formidla gjennom departementet sine nettsider og gjennom publikasjonane Plannytt og Planjuss.

Miljøkommune.no er ein stadig viktigare kommunikasjonskanal mellom staten og kommunane innan kommunale miljøoppgåver. At fleire etatar samlar sin kommuneretta informasjon på ein felles nettstad gjer informasjonen godt tilpassa kommunale behov.

Klima- og miljødepartementet har sidan 2007 hatt ei eiga satsing på klimainformasjon retta mot folk flest. Nettsida til Klimaløftet har vore navet for informasjon om klimaet og med råd til både bedrifter og folk flest om klimavenlege tiltak. Hovudsatsinga til Klimaløftet har retta seg mot dei unge i skulen, med tilbod om foredragsturnear og andre opplegg. Informasjonstiltak retta mot befolkninga generelt har vore kampanjar, bilag i aviser, støtte til tv- og filmproduksjon og nettsider, og støtte til andre kampanjar som til dømes Earth Hour.

Klimaløftet blir lagt ned i 2014, og frå 1. april 2014 er ansvaret for tiltak knytte til klimakommunikasjon til befolkninga flytta til Miljødirektoratet.

Møte- og debattserien Grøn Agenda som vart etablert i 2013 for å inspirere til diskusjonar om grøne vegval, vil bli ført vidare i 2015. Møta blir arrangerte rundt om i landet, men dei fleste i Oslo.

Miljøforvaltninga si satsing på skule og kunnskapsoppbygging

Føremålet med miljøforvaltninga si skulesatsing er å byggje opp kunnskap om dei samla klima- og miljøutfordringane og skape nyfikne og vitetrong for klimatema, natur og miljø i den oppvaksande generasjonen. Det er viktig å medverke til at berekraftig utvikling blir eit omgrep som alle elevar forstår og har eit forhold til.

Elevar og lærarar treng fleire innfallsvinklar for å setje klima- og miljøfaglege tema på timeplanen. Klima- og miljødepartementet har derfor i samarbeid med skulesektoren utvikla fleire pedagogiske tilbod. Mest ressursar blir nytta på Den naturlege skulesekken som er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Den naturlege skulesekken (DNS) skal medverke til kunnskap om naturen og om berekraftig utvikling.Tiltaket legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag, kroppsøving og mat og helse. Tiltaket legg til rette for samarbeid mellom skular og frivillige miljø- og friluftsorganisasjonar med faglege ressurar skulen har nytte av, og støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket for Kunnskapsløftet. Eit berande pedagogisk omgrep er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til lokalsamfunnet. Den naturlege skulesekken gir elevane variasjon i opplæringa og har fått svært positive tilbakemeldingar og evalueringar.

Andre skuleprosjekt i miljøforvaltninga har som mål å inspirere lærarar og elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skular, og er tilpassa kompetansemåla i læreplanen i ulike fag for desse trinna. Miljødirektoratet har fleire tilbod. Miljøambassadørane held engasjerande føredrag på ungdomsskular og vidaregåande skular. Friluftsliv i skulen tek for seg betydninga av naturoppleving som innfallsport til naturforståing, og nasjonalparksentra er viktige formidlarar til skular i nærleiken av dei aktuelle parkane. I tillegg driv Statens naturoppsyn naturformidling til skulen. Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) vert nytta som verktøy for oppdatert miljøinformasjon i skulen. Riksantikvaren har undervisningsopplegga Rydd eit kulturminne og Minnefinnar, og Polarinstituttet har nettstader og filmar laga for skulen.

Skriftleg materiell utvikla av miljøforvaltninga i Noreg og EU vert distribuert gratis til skulen. Dette er oppdatert materiell som skulane kan nytte til å arbeide med grunnleggjande dugleik i faga samtidig som dei arbeider med kunnskapsmål.

8.2 Regelverk

Det er fleire sentrale prinsipp i forvaltning av miljø. Alt i § 112 i Grunnlova er omsynet til miljø og naturverdiar og borgarane sin rett til miljøinformasjon slått fast: Her heiter det at «Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten. Borgerne har rett til kunnskap om naturmiljøets tilstand og om virkningene av planlagte og iverksatte inngrep i naturen, slik at de kan ivareta den rett de har i første ledd. Statens myndigheter skal iverksette tiltak som gjennomfører disse grunnsetninger».

Føre var-prinsippet som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kultuminnelova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet eller kunnskapen er mangelfull, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade, eller late vere å gjennomføre aktiviteten. Manglande eller utilstrekkeleg kunnskap skal ikkje vere argument for ikkje å setje inn tiltak. Dette kan sjåast på som ei form for forsikring.

Prinsippet om samla belastning står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og arter, når planar skal leggjast og vedtak skal fattast.

Forureinar betaler-prinsippet er òg ein del av forureiningslova og inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, har ansvaret for å rydde opp og å ta kostnadene ved dette. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare skal berast av tiltakshavaren. Kulturminnelova har føresegn om at tiltakshavar skal betale kostnader ved arkeologiske undersøkingar av automatisk freda kulturminne. Svalbardmiljølova har òg slike føresegner.

Samfunnsplanlegging og samordna berekraftig arealbruk medverkar til måloppnåing på ei rekkje miljøområde. Plan- og bygningslova er eit særs viktig verkemiddel i dette arbeidet.

Det er òg eit viktig miljøpolitisk prinsipp at vi skal ta i bruk den til ei kvar tid best tilgjengelege teknologien, i lys av økonomiske forhold, for å løyse miljøproblema. Dette er mellom anna nedfelt i naturmangfaldlova og forureiningslova. Jamfør òg verkemiddelområdet Kunnskap.

Bruken av miljøpolitiske verkemiddel må òg vere styrings- og kostnadseffektiv. Det vil seie at dei må utformast slik at dei medverkar til å nå dei fastsette måla utan unødig bruk av tid eller ressursar. Til saman skal prinsippa og arbeidsmåtane syte for at miljøpolitikken blir effektiv og målretta, og at den blir gjennomført ved hjelp av dei best tilpassa verkemidla. I denne samanhengen er det òg viktig at verkemidla har eit langsiktig perspektiv, og at dei er nokolunde stabile over tid. For at verkemiddel i form av regelverk og skattar og avgifter skal ha god effekt, bør dei vere utforma slik at dei blir opplevd som rimelege og rettferdige. Miljøpolitikken må òg utformast på ein slik måte at den kjem i minst mogeleg konflikt med andre sentrale samfunnsmål. Planlegging etter plan- og bygningslova er eit sentralt verkemiddel for samordning mellom dei ulike samfunnsinteressene og samfunnsmåla. Døme på dette er reglane for kommuneplanens samfunnsdel og at dei fleste fysiske tiltak har krav om at dei skal vere i samsvar med ein godkjend arealplan for å kunne gjennomførast.

Tilsyn er eit viktig miljøpolitisk verkemiddel som avdekkjer brot på lova og verkar til å verne om helse og miljø. Tilsyn sikrar dessutan likskap for lova.

I tillegg til lov- og regelverk blir økonomiske instrument i form av til dømes gebyr og avgifter viktigare i miljøpolitikken. Dei einskilde sektorane har i óg verkemiddel som kan nyttast i miljøet si teneste, anten for å løyse eigne miljøproblem eller som på transportområdet der miljøvenlege transportformer kan erstatte dei som er miljøskadelege.

Klima- og miljødepartementet og miljøforvaltninga har ansvar for å utforme mål og strategiar i miljøpolitikken og for å utarbeide planar for korleis miljøverdiar skal forvaltast. Mål- og resultatstyringssystemet i miljøpolitikken er eit døme på korleis departementet arbeider med dette. Forvaltningsplanane for havområda i nord (Barentshavet og Norskehavet) er døme på heilskapelege planar for større område, og som omfattar fleire sektorar. Arbeidet med forvaltningsplanane viser dessutan Klima- og miljødepartementets pådrivar- og samordningsrolle i høve til andre sektorar. Klima- og miljødepartementets ansvar omfattar òg å skaffe fram fagleg grunnlag for miljøpolitiske vedtak, å overvake utviklinga i miljøtilstanden og å forvalte verkemiddel på dei områda der miljøforvaltninga har hovudansvaret. Ein skal òg analysere verknadene av miljøpolitikken som grunnlag for vidareutvikling og eventuelle endringar i mål og verkemiddel. Klima- og miljødepartementet er både eit sektordepartement og eit samordningsdepartement.

Lov- og regelverk på miljøområdet

Nokre sentrale lover er omtalte nedanfor. For omtale av anna lov- og regelverk, sjå Lovdata og omtale under dei respektive resultatområda.

Figur 8.1 Viktige lover

Figur 8.1 Viktige lover

Plan- og bygningslova – planlegging for ei miljømessig berekraftig utvikling

Kor og korleis vi planleggjer område for bustader, handel, næring, vegar og annan infrastruktur er avgjerande for å nå dei nasjonale miljømåla. Arealpolitikk etter plan- og bygningslova er derfor eit sentralt verkemiddel på miljøområdet. Ved kgl. res. av 13. desember 2013 vart det bestemt at Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal overta Planavdelinga, og dermed eit overordna ansvar for plan- og bygningslova. Klima- og miljødepartementet har med denne endringa fått ei tydlegare rolle som sektorstyresmakt etter plan- og bygningslova på egne ansvarsområde, og vil i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet spele ei viktig rolle i arealplanlegginga for at framtidig samfunnsutvikling og arealbruk kan skje på ein miljømessig berekraftig måte.

Planlegging etter plan- og bygningslova skal mellom anna medverke til å sikre allmenta sin tilgang til areal for rekreasjon, fysisk aktivitet og naturopplevingar langs strandsona, vassdrag og innsjøar. Fjellandskapet skal forvaltast på ein måte som sikrar levedyktige bestandar av villrein, allmenta sin tilgang til attraktive friluftsområde og balanse mellom bruk og vern. Planlegginga skal sikre verdifulle kulturminne og kulturlandskap, og medverke til å sikre god tilgang på dyrka og dyrkbar matjord. Planlegging skal òg brukast til å redusere utslepp av klimagassar og til klimatilpassing, mellom anna knytt til areal-, energi- og transporttiltak. Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er på denne måten eit viktig verkemiddel for måloppnåing innan dei enkelte resultatområda for miljøforvaltninga.

Planavdelinga i Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider no med ei oppfølging av «motsegnprosjektet» som vart avslutta hausten 2013. Eitt av fleire funn i dette prosjektet er at god dialog tidleg i planprosessen er viktig, og at tydelege innspel og avklaringar tidleg i planprosessen reduserer talet på konfliktsaker i sluttfasen av planprosessane.

Klima- og miljødepartementet vil medverke aktivt i den vidare oppfølginga av prosjektet, mellom anna ved å medverke til å tydeliggjere kva som er nasjonalt og regionalt viktige miljøinteresser og ved å styrkje og vidareutvikle opplæringa om miljøinformasjon i planprosessar til statlege etatar, fylkesmenn, fylkeskommunar og kommunar. Departementet vil òg føre vidare arbeidet for å styrkje kunnskapsgrunnlaget og betre tilgjenget til stadfesta informasjon om miljøverdiar.

Desse tiltaka vil gi betre og meir effektive planprosessar, der miljøinformasjon blir trekt inn tidleg og det blir meir dialog og mindre behov for bruk av motsegn. Dette gir òg grunnlag for at lokaldemokratiet kan utøvast på ein miljømessig berekraftig måte innanfor ramma av den nasjonale miljøpolitikken.

Naturmangfaldlova

Lov av 3. april 2009 Om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfaldlova) har til føremål å ta vare på naturen sitt mangfald og dei økologiske prosessane gjennom berekraftig bruk og vern. Lova omfattar all natur, og gjeld for alle sektorar som forvaltar naturmangfald eller tek avgjerder som har konsekvensar for dette mangfaldet. Lova verkar saman med andre lover som påverkar eller regulerer bruk av norsk natur. Då lova gjeld på tvers av sektorar vil ho medverke til ei betre samordning av den samla forvaltninga av naturmangfaldet.

I kapittel II om reglar om berekraftig bruk blir det gitt forvaltningsmål for naturtypar og arter, og det blir stilt krav til kunnskapsgrunnlaget for offentlege avgjerder som påverkar naturmangfaldet. Lova krev vidare at vurderingar av dei miljørettslege prinsippa i § § 8 til 12 skal gå fram av slike vedtak. Ved behandling av planar etter plan og bygningslova vil ei utgreiing i samsvar med naturmangfaldlova kapittel II inngå.

Naturmangfaldlova inneheld fleire nye verkemiddel. Dei viktigaste er ordningane med prioriterte arter og utvalde naturtypar. Kongen i statsråd kan ved forskrift peike ut enkelte arter som prioriterte og naturtypar som utvalde. På den måten kan vi beskytte truga arter og naturtypar og andre arter/naturtypar som har spesielt behov for det, slik at dei kan overleve i norsk natur, og på sikt få ei tilfredsstillande utvikling. Dette er viktige verkemiddel for å nå forvaltningsmåla for arter og naturtypar.

Kapittel V handlar om vern av område på land, i vassdrag og i sjø ut til 12 nautiske mil. I kapittel IV har vi fått reglar som skal medverke til å hindre framande organismar å etablere seg i norsk natur. Innførsle og utsetjing av ein rekkje framande organismar vil krevje løyve, og det er gitt klare reglar om aktsemd for utsetjing og andre verksemder og tiltak knytte til framande organismar. Regjeringa la i 2014 fram ein lovproposisjon om endringar i naturmangfaldlova kap IV som legg til rette for eit enklare og meir føremålstenleg regelverk om framande organismar. Stortinget vedtok våren 2014 Regjeringas forslag om endringar i naturmangfaldlova. Endringane legg rammer for ei vidare utvikling av ei utfyllande forskrift om framande organismar. Forskrift om framande organismar blei send på høyring sommaren 2014, og skal etter planen setjast i kraft 1. januar 2015.

Naturmangfaldlova er den første lova som regulerer forvaltning av genetisk materiale, og uttak og utnytting av genetisk materiale, (kapittel VII).

Forureiningslova

Lov av 13. mars 1981 nr. 6 Om forurensninger og om avfall (forureiningslova) skal verne det ytre miljøet mot forureining og redusere eksisterande forureining. Lova skal òg redusere mengda avfall og fremje betre avfallshandtering. Lova byggjer bl.a. på prinsippet om at forureinar betalar, prinsippet om føre var og prinsippet i lova om at det skal takast utgangspunkt i den teknologien som ut frå ei samla vurdering av noverande og framtidig bruk av miljøet og av økonomiske forhold gir dei beste resultata. Lova skal sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Lova legg til grunn at forureiningsstyresmaktene skal samordne verksemda si med planstyresmaktene slik at planlovgivinga kan brukast saman med forureiningslova for å unngå og avgrense forureinings- og avfallsproblem.

Forureiningslova set eit generelt forbod mot forureinande utslepp, men opnar for at verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. Behandling av utslepp etter forureiningslova tek utgangspunkt i prinsippet om kostnadseffektiv regulering. Vurderinga skal byggje på kunnskap om kostnader og teknologiske moglegheiter basert på informasjon frå aktuelle verksemder, sektorstyresmakter og andre fagmiljø. Økonomiske forhold i verksemda og lokalsamfunnet kan tilleggjast vekt.

Store delar av transportsektoren er unnatekne frå føresegnene i forureiningslova.

I avfallsforskrifta og forureiningsforskrifta, som begge er heimla i forureiningslova, er det gitt utfyllande føresegner om forureining og avfallshandtering. Tilsyn blir nytta for å avdekkje eventuelle brot på regelverket. Det er i stor grad direktorata og fylkesmennene som har ansvaret for å utføre tilsyn etter forureiningslova og anna miljøregelverk. Forureiningsstyresmaktene gjennomfører miljøtilsyn og avdekkjer eventuelle brot på forureiningsregelverket. Informasjon i forkant av, under og etter tilsyn og aksjonar er nyttig for å sikre at regelverket blir etterlevd. Klima- og miljødepartementet er ansvarleg departement for forureiningslova. Miljøstyresmaktene er i forureiningslova delte inn i riksnivå (Kongen, Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet/Statens strålevern), fylkesnivå (fylkeskommunen og fylkesmannen) og kommunalt nivå (kommunen). Kvart nivå er tildelt miljømynde etter forureiningslova.

Kulturminnelova

Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne (Kulturminnelova) er det sentrale statlege verkemiddelet i kulturminnepolitikken. Føremålsparagrafen slår fast at kulturminne og kulturmiljø med deira eigenart og variasjon skal vernast både som del av vår kulturarv og identitet og som ledd i ei heilskapleg miljø- og ressursforvaltning. Det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på desse ressursane som vitskapeleg kjeldemateriale og som varig grunnlag for oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd for nolevande og framtidige generasjonar. Alle typar kulturminne eldre enn frå 1537 og bygningar eldre enn frå 1650 er automatisk freda. Kulturminnelova gir heimel til å frede bygningar og anlegg eller delar av dei, uansett alder. Samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda. Når det etter anna lov blir treft vedtak som påverkar kulturminna, skal det leggjast vekt på kulturminnelova sitt føremål. Lova sitt føremål og internasjonale konvensjonar understrekar òg at vi må ta vare på breidda og mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø. Plan- og bygningslova har fleire verkemiddel for å følgje opp dette i regionale og kommunale arealplanar.

Svalbardmiljølova

Lov av 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard har som føremål å ta vare på eit tilnærma urørt miljø på Svalbard når det gjeld samanhengande villmark, landskapselement, flora, fauna og kulturminne. Svalbardmiljølova er ei rammelov som trekkjer opp hovudprinsipp for forvaltninga av miljøet på øygruppa. Lova og forskriftene regulerer dei fleste delar av miljøvernet på Svalbard, slik som områdevern, naturinngrep, ferdsel, vern av kulturminne, arealplanlegging i busetjingane, lokal forureining og avfall, i tillegg til jakt og fiske. Lova er eit viktig verkemiddel for å oppnå Stortingets høge mål for miljøvernet på Svalbard. Det er særlege reglar for arealplanlegging på Svalbard fastsett i kapittel VI om «Arealplanlegging i planområdene» og plan- og bygningslovas føresegn for verkeområde.

Klimakvotelova

Lov 17. desember 2004 nr. 99 om kvoteplikt og handel med kvoter for utslipp av klimagasser (klimakvotelova) har som formål å avgrense utsleppa av klimagassar på ein kostnadseffektiv måte gjennom eit system med kvoteplikt for utslepp av klimagassar og fritt omsetjelege utsleppskvotar. Lova gjennomfører EUs kvotehandelsdirektiv (direktiv 2003/87/EF). Lova slår fast at kvotepliktig verksemd må innlevere kvotar tilsvarande sine kvotepliktige utslepp. Lova gjeld utslepp av klimagassar frå stasjonære industriverksemder, både landbaserte og på kontinentalsokkelen, og luftfartsaktivitetar. Lova gir heimel til å presisere nærare reglar i forskrift. Dette er gjort ved Forskrift 23. desember 2004 nr. 1851.

Miljøinformasjonslova

I tråd med Grunnlova § 112 som gir borgarane rett til kunnskap om naturmiljøet sin tilstand og om verknadene av planlagte og iverksette inngrep i naturen, fastslår miljøinformasjonslova (lov 9. mai 2003 nr. 31) at offentlege organ har plikt til å ha kunnskap om miljøet innanfor sine ansvarsområde og å gjere den tilgjengeleg for alle. Dei har med enkelte unntak òg plikt til å gi alle som ber om det den miljøinformasjonen dei har. Den pålegg òg offentlege og private verksemder å ha kunnskap om tilhøve ved verksemda, under dette innsatsfaktorar og produkt, som kan medføre ein ikkje ubetydeleg påverknad på miljøet. Verksemdane har med einskilde unnatak òg plikt til å gi ut slik informasjon til alle som ber om det. Lova slår òg fast at allmenta har rett til å delta i avgjerdssprosessar knytte til utforminga av regelverk, planar og program.

Fylkesmannen og fylkeskommunen

Fylkesmannen er staten sin fremste representant i fylket. Ein stor del av den statlege regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmannsembeta, og fylkesmannen ser til at nasjonale miljømål blir følgde opp regionalt og lokalt. Det arbeidet som embeta utfører er ein føresetnad for å gjennomføre miljøpolitikken. Fylkesmannen har ei sentral rolle knytt til samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar viktige delar av lovverket på plan- og miljøområdet. Kommunane har svært varierande kapasitet og kompetanse på plan- og miljøområdet, og fylkesmannen og fylkeskommunane si oppfølging og rettleiing av kommunane er derfor viktig.

Dei prioriterte oppgåvene for fylkesmannen på miljøområdet er knytte til vassforskrifta og heilskapeleg vassforvaltning, å ta vare på miljøomsyn i planprosessar etter plan- og bygningslova og andre større utbyggingssaker, å leggje til rette for å sikre eit best mogleg kunnskapsgrunnlag, tilsyn, arbeid med opprydding i forureina grunn og sjøbotn og skogvern. Andre viktige oppgåver for fylkesmannen er knytte til forvaltning av verneområde og å ta vare på truga og sårbare arter, under dette villaks, rovvilt og villrein, og kjempe mot framande organismar.

Som ei følgje av forvaltningsreforma overtok fylkeskommunen frå 1. januar 2010 dei fleste av fylkesmannen sine oppgåver innanfor friluftsliv, bestandsforvaltning av ikkje truga arter av vilt og innlandsfisk som det kan haustast av og vassregionmyndet. Det betyr at både fylkesmannen og fylkeskommunen har viktige oppgåver innanfor vassforvaltning, og i dei fleste fylka samarbeider dei godt på dette området.

Gjennom forskrift til kulturminnelova har fylkeskommunane sidan 1990-talet hatt ansvar for den regionale kulturminnepolitikken. Fylkeskommunane skal medverke i alt arealplanarbeid for å ta vare på desse interessene, bl.a. gjennom å ha definert motsegnsrett og rett til å påklage kommunale dispensasjonsvedtak m.v. Vidare har fylkeskommunane mynde etter kulturminnelova til å avgjere søknader om dispensasjon og søknader om tilskot. Dei har òg oppgåver innan arkeologi gjennom mynde til å søkje etter og registrere automatisk freda kulturminne og til å drive skjøtsel av desse.

Fylkeskommunane kan òg vedta mellombels freding og dispensere frå slike vedtak. Endeleg har fylkeskommunane fokus på kulturarven i rolla som regional utviklingsaktør, bl.a. når det blir arbeidd med tilrettelegging for friluftsliv og i arbeidet med utvalte kulturlandskap i jordbruket.

Midlar til løn og drift for miljøoppgåvene som fylkesmannen utfører på miljøområdet er budsjetterte på kap. 525 Fylkesmannsembeta under Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett og for fylkeskommunen over kap. 572 , post 60 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Nettbasert rettleiing for kommunane på miljøområdet – www.miljøkommune.no

Kommunane har omfattande ansvar, oppgåver og mynde etter miljølovverket. Nettstaden www.miljøkommune.no er ein vegvisar for kommunane. Nettstaden samlar og legg til rette rettleiing frå miljøetatane til kommunane, og skal medverke til miljøforbetring ved å hjelpe kommunane til å nytte miljømyndet og utføre pliktene på miljøområdet betre og meir effektivt enn i dag. Miljødirektoratet har redaktøransvaret for nettstaden som er eigd av Klima- og miljødepartementet. At fleire etatar samlar sin kommuneretta informasjon på ein felles nettstad gjer informasjonen godt tilpassa kommunale behov, og www.miljøkommune.no er ein stadig viktigare kommunikasjonskanal mellom staten og kommunane.

8.3 Internasjonalt samarbeid

Dei viktigaste miljøproblema, klimaendringar, tap av naturmangfald og spreiing av miljøgifter, er globale. Skadeverknadene kan komme på heilt andre stader enn der problema har sitt opphav. Fattigfolk med låg energibruk og små klimagassutslepp kan bli ramma spesielt hardt av klimautviklinga. Nord- og polarområda blir sterkt påverka av klimaendringar, med surare hav og miljøgifter som skuldast utviklinga i heilt andre delar av verda. Ein kan dessutan ikkje sjå desse problema isolerte frå kvarandre. Endringane vil kunne skape problem både for ville arter og økosystem og for landbruket i viktige område.

Dei store miljøutfordringane kan berre løysast gjennom eit tett samarbeid mellom landa i verda. Her vil dei globale miljøavtalene stå heilt sentralt. På same tid er drivkreftene bak miljøutviklinga ei følgje av den allmenne samfunnsutviklinga nasjonalt og globalt. Samarbeid for å sikre ein god miljøpolitikk må derfor skje innanfor dei organa som har miljø som hovudoppgåve, men òg i fora der ein fastset andre viktige rammevilkår. Drivkreftane bak den allmenne utviklinga i samfunnet og dermed miljøutviklinga blir i aukande grad internasjonaliserte i dagens globale økonomi. Både EU og Verdas handelsorganisasjon set t.d. viktige rammevilkår for utviklinga i Noreg. Det er derfor viktig å arbeide for eit internasjonalt rammeverk som fremjer det grøne skiftet og støtter opp om klima- og miljøpolitikken på nasjonalt, regionalt og globalt nivå, både innanfor dei organisasjonane som har miljø som føremål og innan bilateralt samarbeid og innanfor dei institusjonane som legg rammene for den allmenne utviklinga.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla og indikatorane presenterte.

Internasjonalt samarbeid nasjonalt mål 1: Noreg skal vere ein pådrivar for at EUs politikk- og regelverksutvikling, og samarbeidsorgan på miljøområdet, under dette FNs miljøprogram UNEP og UNESCO, og rammevilkår for handel og investeringar medverkar til sterke miljøkrav og fremjar ei berekraftig utvikling.

Indikatorar:

  • Norsk deltaking i EUs avgjerdsprosessar og forvaltningsregime i tråd med Klima- og miljødepartementets strategi for påverknadsarbeidet overfor EU.

  • Rask avklaring av norske posisjonar på nytt EU-regelverk.

  • Norsk miljøforvaltning deltek i samarbeidsprogram i prioriterte land som mottek støtte frå EØS-midlane (2009 – 2016), og klima- og miljø skal framleis vere prioritert satsingsfelt.

  • FNs miljøprogram som meir autoritativt, relevant og resultatorientert miljøorgan og det faglege tyngdepunktet i FN-systemet på miljøområdet.

  • Målretta arbeid for gjennomføring av strategisk plan for biologisk mangfald 2011 – 2020.

  • Målretta nordisk samarbeid for aktiv påverknad av globalt og regionalt miljøarbeid.

  • Miljøomsyn integrerte i handels- og investeringsavtaler.

  • Eigne miljøkapittel i bilaterale og regionale handelsavtaler.

  • Føresegner i internasjonale avtaler på handels-, investerings- og miljøområdet som byggjer på prinsippet om at avtalene er likestilte og sidestilte.

Internasjonalt samarbeid nasjonalt mål 2: Utviklingspolitikken og samarbeidet med utviklingsland skal medverke til ei grønare utvikling og oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar.

Indikatorar:

  • Styrkt klima- og miljøsamarbeid med Kina, Sør-Afrika, Brasil, India og Myanmar der prosjektporteføljen speglar dei globale miljøutfordringane og medverkar til å styrkje landa si evne til å ta på seg og gjennomføre internasjonale miljøforpliktingar

  • Gjennomføring av St.meld. nr. 14 Mot en grønnere utvikling med vekt på handlingsplanen for miljøretta utviklingsarbeid, miljøpilaren i programmet Olje for Utvikling, Energy + og satsinga Rein Energi for utvikling.

  • Miljøforbetringar som følgje av finansieringa av globale miljøtiltak gjennom det globale miljøfondet (GEF).

Internasjonalt samarbeid nasjonalt mål 3: Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i nord- og polarområda skal reduserast.

Indikatorar:

  • Storleiken på utslepp frå Petsjenga-Nikel.

  • Talet på område med samordna forvaltning mellom Noreg og Russland og kvaliteten på dette samarbeidet.

  • Talet på miljøprosjekt i Nordvest-Russland med norsk samarbeidspartnar.

Internasjonalt miljøsamarbeid skjer under globale miljøavtaler som dekkjer klima (jf. resultatområde 5), naturmangfald (jf. resultatområde 1), forureining (jf. resultatområde 4), polarområda (jf. resultatområde 6) og under det bilaterale miljøsamarbeidet med ein del sentrale utviklingsland, som Kina, India, Brasil og Sør-Afrika. Kapitlet om internasjonalt samarbeid omfattar òg anna relevant samarbeid (ut over dei reine miljøavtalene) innanfor FN, EU, Verdas handelsorganisasjon, anna samarbeid om handels- og investeringspolitikk og OECD. I tillegg er det eit breitt nordisk og europeisk samarbeid, bl.a. program- og prosjektsamarbeid under EØS-midlane, og gjennom samarbeidet i nord- og polarområda. Verkemidla dekkjer både Klima- og miljødepartementets og andre departement sine ansvarsområde.

Klima- og miljøsamarbeid under FN-paraplyen

Ein rapport frå FNs generalsekretær (mai 2010) slår fast at miljøpilaren sakkar akterut samanlikna med dei andre pilarane i berekraftig utvikling. Styrking av internasjonalt styresett for berekraftig utvikling var eit hovudtema på Rio+20-konferansen. Sjølv om det ikkje vart semje i Rio om å oppgradere FNs miljøprogram til FNs miljøorganisasjon vil Noreg framleis arbeide for dette på sikt.

Arbeidet med å realisere Rio-vedtaket frå 2012 om å utvikle universelle berekraftsmål blir no sett under eitt med arbeidet med tusenårsmåla etter 2015. Måla skal vere grunnlag for FNs arbeid med global fattigdom og klima og miljø. Arbeidet med universelle berekraftsmål har skjedd i ei opa arbeidsgruppe og har vist at måla kan komplementere miljøkonvensjonane godt. Måla angår alle dei områda som er viktige for miljøtilstanden. Måla kan derfor styrkje miljø i sektorane og medvitet om naturgrunnlaget si betydning for andre mål. Ikkje minst er det potensial for framgang for klimaarbeidet gjennom viktige delmål då fleire er blitt medvitne om at klimaproblema kan avgjere i kva grad ambisiøse mål kan nåast. Klima- og miljødepartementet vil medverke til at utviklingsland som ønskjer det får støtte frå FN til å utvikle ein grøn og inkluderande økonomi. Gjennom det 10-årige rammeprogrammet for berekraftig produksjon og forbruk forankra i UNEP vil Klima- og miljødepartementet fremje konkret læring i Noreg og i andre land om å foreine vekst og miljø. Departementet vil òg prioritere arbeidet for å styrkje FNs miljøprogram. FNs generalforsamling vedtok i mars 2013 at UNEPs øverste styrande organ skal heite FNs miljøforsamling (UNEA, United Nations Environment Assembly) og med universelt medlemskap frå alle FNs medlemsland. UNEA har møte annakvart år, første gong i juni 2014. FNs miljøprogram må styrkjast i rolla som det viktigaste FN-organet for utforming av politikk på miljøområdet. Frå norsk side vil vi ha spesielt fokus på å forbetre UNEPs styringsstruktur gjennom å gjere UNEP til ein meir medlemslandsstyrt organisasjon, og at UNEA får ei tydlegare rolle i FN-systemet, blant anna som viktig aktør for miljødimensjonen i berekraftig utvikling. Det er òg viktig å lage strategiar for FN-systemet sin samla innsats på miljøområdet. Regjeringa vil arbeide for å styrkje FNs miljøprogram UNEP som FNs fremste miljøorgan, gjennom oppfølging av vedtaka frå FNs miljøforsamling UNEA som fant stad i juni 2014. I 2015 er det viktig å styrkje dei normative og kunnskapsgenerande funksjonane til UNEP, gjennom blant anna aktivt å delta i utarbeidinga av den 6. globale miljøtilstandsrapporten Global Environmental Outlook 6 som skal vere ferdig i 2016. Noreg skal medverke til å sikre ein open, transparent og kvalitetssikra prosess for utarbeidinga av miljøgjennomgangen, nettopp for å sikre ei felles tolking av miljøinformasjonen og leggje til rette for semje om felles tiltak.

Med Noreg som initiativtakar etablerte FN i 2008 The United Nations collaborative initiative on Reducing Emissions from Deforestation and forest Degradation (REDD) in developing countries (UN-REDD). Formålet er å koordinere og styrkje innsatsen frå FNs miljøprogram (UNEP), FNs utviklingsprogram (UNDP) og FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) på klima- og skogområdet i utviklingsland. FNs REDD program støttar skogrike utviklingsland i arbeidet med å redusere klimagassutslipp frå avskoging og skogdegradering.

Havforsøpling kom sterkt på dagsordenen på Rio+20 og har fått auka fokus internasjonalt. UNEA 2014 vedtok at UNEP skal styrkje sitt arbeid med havforsøpling og mikroplast, basert på eit forslag fremja av Noreg. Noreg skal følgje opp UNEPs arbeid med å innhente kunnskap om havforsøpling og mikroplast og medverke til auka bevisstgjering rundt desse problema globalt.

Miljøkriminalitet har komme høgare på dagsordenen i FN-systemet. Noreg skal arbeide for eit breiare perspektiv på miljøkriminalitet som ikkje berre fokuserer på ulovleg handel med flora og fauna, men som òg inkluderer tømmer, ulovleg fiske og omsetjing av farleg avfall og kjemikaliar.

I denne samanhengen er det òg viktig å følgje arbeidet i det nyoppretta høgnivåforumet for berekraftig utvikling som erstattar FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD). Målet er at det nye høgnivåforumet som erstattar kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) skal medverke til å setje berekraftig utvikling høgare på den internasjonale politiske dagsordenen. Forumet som ligg under ECOSOC skal stimulere til oppfølging av internasjonale vedtak og mål på området og styrkje arbeidet for å sjå økonomiske, sosiale og miljøspørsmål i samanheng. Ei av nyvinningane med forumet er regelbundne gjennomgangar (review-mekanisme) frå 2016, av korleis land og FN organisasjonar følgjer opp dei nye berekraftsmåla og post 2015-agendaen. Ei anna nyvinning er at det skal utarbeidast regelbundne «Global Sustainable Development Reports». Målet er å kunne formidle kunnskap (evidensbasert) til dei som utformar politikk, om vi er på rett veg i skiftet mot ein grøn økonomi og ei verktøykasse for å oppnå dette.

Det er viktig å medverke til å utvikle vidare arbeidet kring verdsetjing av naturkapitalen. I samarbeid med Utanriksdepartementet og Finansdepartementet vil Klima- og miljødepartementet følgje opp forslaga frå Rio+20-møtet om å supplere måling av brutto nasjonalprodukt (BNP) med måling av utviklinga i naturkapitalen og befolkninga si reelle velferd. Klima- og miljødepartementet deltek òg i det internasjonale samarbeidet for å styrkje berekraftrapportering frå verksemder. Desse verkemidla vil medverke til bevisstgjering om den økonomiske verdien av å byggje sosial og miljørelatert velferd, ikkje minst i privat sektor, i den enkelte bedrift og i finansmarknaden. Noreg vil òg føre vidare internasjonalt samarbeid knytt til verdiar av økosystemtenester og biologisk mangfald gjennom TEEB-prosjektet (The Economics of Ecosystems and Biodiversity) og arbeid for å synleggjere naturkapitalen gjennom Verdsbankens prosjekt om verdsetting av naturkapitalen (WAVES). Eit anna viktig område vil vere å medverke inn i utviklinga av ein FN-prosess for vern av havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon, basert på ei økosystembasert forvaltning. Departementet vil òg medverke til å følgje opp FNs generalsekretær sitt initiativ om berekraftig energi til alle (Sustainable Energy for All), der den norskinitierte partnarskapen på klima og energi vil vere ein del av iverksettinga. Alle desse tema blir følgde opp i arbeidet med post 2015-agendaen med berekraftsmål, og mellom anna i styrearbeidet i det globale miljøfondet GEF.

I tett samarbeid med dei nordiske landa vil Klima- og miljødepartementet følgje opp arbeidet med det internasjonale panelet for kunnskap om biologisk mangfald og økosystemtenester – Naturpanelet – etter modell av Klimapanelet. Naturpanelet har no meir enn 110 medlemsland, og eit hovudsekretariatet er etablert i Bonn. Noreg har på vegner av Vestgruppa ein av viseformennene i Naturpanelets første periode. Naturpanelet sitt plenumsmøte i desember 2013 vedtok panelets arbeidsprogram for perioden 2014 – 2018. Arbeidsprogrammet omfattar mellom anna utarbeiding av utgreiing om pollinering og matproduksjon i 2015, om forringing og restaurering av jordsmonn i 2016, fleire regionale og subregionale utgreiingar i 2016 og ei global utgreiing i 2018. I tillegg blir det arbeidd med metodar og tilnærmingar til scenario, verdsetjing, data og ulike kunnskapsformer. Samarbeid om bygging av kapasitet hos ekspertar og institusjonar i utviklingsland er viktig for å sikre breidda i Naturpanelets arbeid. Noreg har fått ansvar for å medverke med ein støtteeining for kapasitetsbygging lokalisert i Miljødirektoratet i Trondheim. Eininga vil bli sentral i eit verdsomspennande nettverk av institusjonar og ekspertar innan biologisk mangfald og økosystemtenester.

Viktige internasjonale miljøavtaler

Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet med å utvikle vidare nye globale avtaler for å møte miljøutfordringa og skal vere eit føregangsland i oppfylling og implementering av avtaler.

Nokre internasjonale avtaler dekkjer spesielle og regionale utfordringar, mens andre er globale. Mange av miljøavtalene er underlagt FN, fordi samarbeid over nasjonale grenser er nødvendig for å løyse problema. Miljøforvaltninga deltek i forhandlingar for å utvikle best moglege avtaler, og i arbeid for å medverke til at avtalene blir følgde i praksis. Noreg skal vere ein pådrivar for å sjå miljøutfordringane i samanheng på tvers av det internasjonale samarbeidet for å hindre negative synergieffektar og i staden finne løysingar som er gode for fleire miljøområde på same tid.

Her er det gitt ei kort beskriving av dei viktigaste avtalene på miljøområdet.. Elles viser vi i ein tabell dei viktigaste avtalene for Noreg. Andre internasjonale avtaler har òg stor innverknad på miljøområdet, her er EØS-avtala i ei særstilling. UNESCO-konvensjonen om verdas kultur- og naturarv, Forørkningskonvensjonen om kampen mot forørkning, Antarktistraktaten og Havrettstraktaten er òg sentrale avtaler for Noreg. Noreg har òg underteikna mange bilaterale avtaler og ministererklæringar på miljøområdet. Ei oversikt over alle internasjonale avtaler på miljøområdet finst på www.miljostatus.no.

Figur 8.2 Oversikt over dei viktigaste internasjonale konvensjonane på miljøområdet, og fordeling av hovedansvaret for oppfølging.

Figur 8.2 Oversikt over dei viktigaste internasjonale konvensjonane på miljøområdet, og fordeling av hovedansvaret for oppfølging.

Noreg underteikna i 1992 FNs rammekonvensjon om klimaendring (Klimakonvensjonen), som er det sentrale rammeverket for det internasjonale klimasamarbeidet. Konvensjonen er ratifisert av 195 partar. Gjennom Klimakonvensjonen er partane forplikta til å arbeide for at konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren skal stabiliserast på eit nivå som hindrar ein farleg og negativ menneskeskapt påverknad på klimasystemet. Dette skal gjerast gjennom å etablere nasjonale klimastrategiar og gjennomføre tiltak for å redusere utslepp av klimagassar. Klimakonvensjonen inneheld ingen talfesta utsleppsforpliktingar for partane. I Mexico vart det i desember 2010 oppnådd semje om togradermålet, dvs. at vi saman med andre land har forplikta oss til å redusere omfanget av klimaendringane til ein auke i verdas gjennomsnittlege temperatur på under to grader samanlikna med førindustriell tid.

Kyotoprotokollen frå 1997 er ei juridisk bindande internasjonal klimaavtale under Klimakonvensjonen. På FNs klimakonferanse i Doha desember 2012 vart det vedteke ein ny periode med talfesta utsleppsforpliktingar for ei gruppe land for perioden 2013 – 2020. I tillegg til Noreg er det vedteke nye talfesta utsleppsforpliktingar for Australia, EU, Kviterussland, Island, Kroatia, Liechtenstein, Monaco, Sveits, Ukraina og Kasakhstan. Som eit supplement til nasjonale utsleppsreduksjonar kan landa kjøpe og selje FN-godkjente kvotar og bruke desse til å oppfylle sine utsleppsforpliktingar under Kyotoprotokollen. Dette for å sikre at klimagassutsleppa blir gjennomførte der dei kostar minst, samtidig som målet for dei samla totale utsleppsreduksjonane står fast. Styrken i Kyotoprotokollen er at den har nedfelt bindande kvantitative utsleppstak for kvart land. Den har felles reglar for korleis landa skal rekne, rapportere, måle og bokføre utsleppsreduksjonar og felles retningslinjer for korleis landa skal bokføre bruk av fleksible gjennomføringsmekanismar. Ein stor veikskap med protokollen er at den i seg sjølv ikkje er tilstrekkelig til å nå togradersmålet. I dag er berre om lag 10 – 15 pst. av dei globale klimagassutsleppa omfatta av protokollen. I tillegg har meir enn 80 land fastsett mål om utsleppsreduksjonar fram til 2020, men ambisjonane er for låge til å halde oppvarminga under to grader. Noreg var det ellevte landet som ratifiserte endringane frå Doha 12. juni 2014, og det første landet som er medlem av OECD. På FNs klimakonferanse i Durban i 2011 vart partane til FNs Klimakonvensjon samde om å forhandle fram ei ny bindande avtale som skal gjelde for alle land, frå 2020, for vedtak i Paris i desember 2015. Det vart òg vedteke å lage ein arbeidsplan for å auke ambisjonane før 2020. Noreg arbeider for ei global ambisiøs og bindande avtale som skal avgrense veksten i den globale gjennomsnittstemperaturen til to grader i forhold til førindustrielt nivå.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) er det sentrale internasjonale rammeverket rundt arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet, og seier òg at goda som oppstår gjennom bruk av genetiske ressursar skal fordelast rettferdig. Avtala vart framforhandla i 1992 og er ratifisert av 194 partar. Konvensjonen er ein prosessorientert rammekonvensjon som fastlegg overordna mål, prinsipp og generelle forpliktingar, mens spesielle forpliktingar blir utforma gjennom protokollar, arbeidsprogram og partsmøtevedtak. Sentralt i gjennomføringa av konvensjonen er oppfølging av strategisk plan og dei 20 globale Aichi-måla frå 2010. Dei globale måla skal vere gjennomførte på nasjonalt nivå innan 2020. Det 12. partsmøtet for konvensjonen blir halde i oktober 2014. Sentrale tema på dette møtet er ei midtvegsevaluering av gjennomføring av strategisk plan, mobilisering av ressursar til gjennomføring, bevaring av marint og kystnært maturmangfald, godkjenning av økologisk og biologisk signifikante område (EBSA), tiltak for å redusere stress på korallrev, styrking av internasjonalt samarbeid for å betre overvaking av havforsuring, oppstart av pilotfase for ein frivillig landgjennomgangsmekanisme, vurdering av terminologi knytt til urfolksgrupper og vurdering av korleis REDD+prosjekt best kan medverke til å bevare naturmangfaldet.

Noreg har i ei årrekkje arbeidd for å etablere ein frivillig mekanisme for landgjennomgang (peer-review mechanism) for å støtte gjennomføring av konvensjonen. I 2015 vil dei første landgjennomgangane truleg bli gjennomførte. Noreg vil medverke aktivt i dette arbeidet.

Noreg har sidan 1993 arrangert 7 Trondheimskonferansar om naturmangfald i samarbeid med ei rekkje FN-organisasjonar. Den 7. Trondheimskonferansen som blei arrangert i mai 2013 hadde som mål å medverke til å styrkje gjennomføringa av dei 4 første måla i konvensjonen sin strategiske plan som gjeld styrking av kommunikasjon, innlemming av verdiane frå naturmangfald og økosystemtenester i nasjonale avgjerdsprosessar, skadelege subsidiar og produksjon og forbruk. I 2015 vil førebuingane til den 8. Trondheimskonferansen som skal haldast våren 2016 bli sett i gang. Konferansen skal ta opp tema som medverkar til sektorintegrering av verdiar av naturmangfald, og legg opp til deltaking frå minst 2 sektorar frå kvart land.

Det er i aukande grad nødvendig å handtere miljøutfordringar samla for å sikre effektive og kostnadseffektive løysingar både nasjonalt og internasjonalt. I det internasjonale samarbeidet om å ta vare på naturmangfaldet vil Noreg vektleggje at utfordringar knytte til klimaendringar og tap av naturmangfald blir sett i samanheng, og prioritere arbeid med å vidareutvikle kunnskap og forvaltningsråd for utvikling av naturbaserte løysingar for å møte klimautfordringa.

Konvensjonen om biologisk mangfald har i dag to protokollar. Den eine er Cartagena-protokollen om handel med og bruk av levande genmodifiserte organismar (GMO). Den andre er Nagoya-protokollen om tilgang til genressursar og rettferdig fordeling av fordelar ved bruk av desse, som vart vedteken på det 10. partsmøte i Nagoya, Japan, hausten 2010. Noreg ratifiserte protokollen i oktober 2013. Protokollen trer i kraft 12. oktober 2014, og det første partsmøtet blir halde 13.-17. oktober. I tillegg til samarbeids- og handhevingsprosedyrar er sentrale tema under protokollen blant anna utvikling av ein delingsmekanisme for informasjon (Access and Benefit-sharing Clearing House), eventuell etablering av ein global multilateral fordelsdelingsmekanisme og kapasitetsbygging. Norsk oppfølging av Nagoyaprotokollen er i gang mellom anna ved at eit framlegg til forskrift om uttak og utnytting av genetisk materiale i Noreg heimla i naturmangfaldlova og havressurslova har vore på høyring. Forskrifta skal etter planen bli ferdig i løpet av 2014. I tillegg har Stortinget vedteke Prop. 134 L (2012 – 2013) om endringar i naturmangfaldlova som mellom anna går ut på å ta inn ein ny forskriftsheimel i naturmangfaldlova om tradisjonell kunnskap knytt til genetisk materiale. Etter planen skal ei eiga forskrift om dette vere klar i løpet av 2014.

Bonnkonvensjonen er ei global avtale med 119 partar, og har som mål å verne trekkande arter av ville dyr som regelmessig kryssar nasjonale grenser. Konvensjonen inneheld to lister over arter. Liste I omfattar trekkande arter der heile arta eller delbestandar står i fare for å bli utrydda og forpliktar partane til strengt vern for truga trekkande arter. Liste II omfattar trekkande arter som ikkje er truga av utrydding, men der internasjonalt samarbeid er nødvendig for å sikre eit tilstrekkelig vern. Av avtaler under Bonnkonvensjonen har Noreg underskrive avtaler om vern av flaggermus (EUROBATS), vassfugl i Europa (AEWA) og albatrossar og stormfuglar (ACAP). Noreg har foreslått å inkludere isbjørn på Liste II i Bonnkonvensjonen, og medlemslanda vil på partsmøtet i november 2014 ta stilling til dette forslaget. Bonnkonvensjonen fokuserer òg på utvikling av handlingsplanar for truga arter. Noreg er førande for arbeidet med oppfølging av den internasjonale handlingsplanen for dverggås og samarbeider her med 21 andre land. Noreg har òg teke initiativ til den internasjonale handlingsplanen for Svalbardbestanden av kortnebbgås, der vi samarbeider med 3 andre land. Internasjonale handlingsplanar er òg laga for åkerrikse og svarthalespove.

Bernkonvensjonen har som føremål å verne om europeiske ville dyr og planter og deira levestader. Partane frå 51 medlemsland i Europa, Asia og Afrika legg særleg vekt på truga og sårbare arter. Konvensjonen har fire ulike lister – tre over arter og ein over ulovlege fangstredskap og jaktmetodar.

Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter av vill flora og fauna (CITES) skal sikre berekraftig handel med arter som er omfatta av konvensjonen. Eit stort tal dyr og planter er ettertrakta til bruk i mellom anna medisinar, som utsmykking, til materialar o.a., og internasjonal handel er ein stor trussel mot mange arter. Reguleringa etter CITES-konvensjonen skjer på grunnlag av tre ulike lister etter ulikt behov for vern og ved eit system av løyve. Departementet arbeider no med utkast til ei ny CITES-forskrift. Fleire tilhøve gjer at det er behov for ein revisjon av regelverket, mellom anna auka fokus internasjonalt på ulovleg handel, auka behov for kontroll, behov for å bringe norsk regelverk i samsvar med EUs CITES-regelverk og vedtak frå partsmøte som ikkje er innarbeidde i forskrifta. Utkastet til ny forskrift omfattar òg hald og omsetjing i Noreg som regulerer grensepasserande handel. Dette vil innebere ei utviding frå gjeldande forskrift.

Internasjonalt arbeid er nødvendig for å redusere bruk og utslepp av miljøgifter globalt, både for å redusere mengda langtransportert forureining og for å redusere produksjonen, omsetjinga og bruken av miljøgifthaldige produkt som er produserte utanfor Noreg. Noreg arbeider med å få inn forbod og avgrensingar mot fleire stoff gjennom Stockholm-konvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, og UNECE-protokollane om respektive organiske miljøgifter og tungmetall. Noreg ønskjer òg å styrkje Basel-konvensjonen om farleg avfall, bl.a. for å sikre at ikkje farleg avfall blir dumpa i utviklingsland. Noreg er òg ein pådrivar for streng regulering av bruk og utslepp av kvikksølv i den nye globale konvensjonen om kvikksølv som er ferdigforhandla. Denne konvensjonen blei underteikna hausten 2013. Noreg støttar den globale kjemikaliestrategien SAICM, som medverkar til grunnleggjande kapasitetsbygging for kjemikalieforvaltning i utviklingsland, og er ein viktig del av den norske satsinga for å redusere dei globale utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Noreg skal vere ein pådrivar for gjennomføringa av UNESCOs sentrale kultur- og miljøkonvensjonar tufta på rettferd, blant desse Konvensjon for vern av verdas kultur- og naturarv og Konvensjon for vern av kulturarv i væpna konflikt, og gjennom aktivt og synleg arbeid medverke til klare prioriteringar i det internasjonale samarbeidet, og til at dette blir basert på gode fagvurderingar.

Tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og høve til å klage på domstolsprøving i miljøsaker er heilt sentralt for at allmenta skal kunne medverke til å fremje eit miljø som sikrar helse og trivsel og ei berekraftig utvikling. Grunnlova § 112 gir borgarane rett til kunnskap om tilstanden i miljøet og verknadene av planlagte og iverksette inngrep i naturen. Noreg har derfor slutta seg til UN/ECE-konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, allmenta si deltaking i avgjerdsprosessar og høve til å klage på domstolsprøving på miljøområdet (Aarhuskonvensjonen). Ei viktig drivkraft bak arbeidet har òg vore ønsket om å medverke til demokratiseringsarbeidet i ECE-regionen og då særleg i Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia.

Noregs internasjonale arbeid på havmiljøområdet omfattar mellom anna samarbeid under Konvensjonen om bevaring av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren (OSPAR). OSPAR handlar om eit breitt spekter av havmiljøspørsmål, mellom anna dumping/disponering av avfall i havet, forureining frå kjelder på land, utslepp frå offshore olje- og gassverksemd, og spørsmål knytte til vern av marint naturmangfald. For EUs medlemsland er OSPAR-konvensjonen òg ei viktig regional plattform for ei koordinert gjennomføring av EUs havstrategidirektiv i konvensjonsområdet. For Noreg som tredjeland i gjennomføringa av direktivet er konvensjonen derfor eit viktig forum for samarbeid med EU på dette feltet. Hovudfokus i arbeidet i 2015 vil vere knytt til gjennomføring av tiltak for å bevare truga arter og deira leveområde, utvikling av tiltak for å redusere marin forsøpling i tråd med handlingsplanen som vart vedteken i 2014, vidare arbeid for å sikre eit godt forvalta nettverk av marine beskytta område, og vidareutvikling av felles indikatorar for miljøovervaking.

Skipsfarten er internasjonalt regulert gjennom konvensjonar fastsette av FNs sjøfartsorganisasjon (IMO). IMOs regelverk er svært omfattande, og det er etablert bindande regelverk for alle dei sentrale miljøutfordringane for skipsfarten. Noreg medverkar til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere konvensjonane og syte for god handheving.

Gjennomføring av globale miljømål for bevaring av naturmangfald

På det 10. partsmøtet under Konvensjonen om biologisk mangfald i 2010 i Nagoya, Japan, vart det semje om eit nytt globalt mål: «Effektiv og umiddelbar handling for å stanse tap av biologisk mangfold for å sikre at økosystemene i 2020 er velfungerende og leverer nødvendige økosystemtjenester.» I tillegg vart det vedteke ein strategisk plan med 20 delmål, dei såkalla Aichi- måla, for korleis ein skal oppnå dette overordna globale målet. Dei globale delmåla skal implementerast i den nasjonale politikken i partslanda, og landa rapporterte om dette til partsmøtet i India i oktober 2012. Vidare vart det vedteke at landa skal revidere sine nasjonale handlingsplanar ut frå dei nye globale måla, og at gjennomføringa av slike handlingsplanar skal vere starta seinast innan 2015. Mange av dei globale delmåla er fanga opp av dei nasjonale måla under resultatområde 1 Naturmangfald. Dei globale måla vil liggje til grunn for Regjeringas handlingsplan for naturmangfald som etter planen skal leggjast fram i 2015. Formidling av og innarbeiding av verdiane av naturmangfald i rapporteringssystem, nasjonale avgjerdsprosessar og om mogleg i nasjonalrekneskapar, er vurderte av Regjeringas ekspertutval for verdiar av økosystemtenester som la fram NOU 2013: 10 Naturens goder – om verdier av økosystemtjenester sommaren 2013. NOUen har vore på offentleg høyring, og mange av forslaga vil bli tekne opp i handlingsplanen for naturmangfald.

Partslanda er òg forplikta til å rapportere om implementering av konvensjonen, inkludert status for norske økosystem, drivkrefter og tiltak. Noregs 5. nasjonalrapport blei levert CBD-sekretariatet sommaren 2014. På det 12. partsmøtet i oktober 2014 i Sør-Korea blir det viktig å halde momentum for gjennomføring av den strategiske planen og sikre at partslanda er på rett spor for å nå Aichimåla frå Nagoya.

Finansiering av globale miljømål

Det er stor skilnad på landas kapasitet til å utføre plikter under Konvensjonen om biologisk mangfold. Utviklingslanda er forvaltarar av størsteparten av jordas naturmangfald. Derfor vil finansiering av tiltak for å ta vare på naturmangfald vere sentralt også i 2014. For å sikre ei rettferdig byrdefordeling er dei industrialiserte landa forplikta til å medverke med finansiering, overføring av teknologi og tiltak for rettferdig fordeling av gode. På det ellevte partsmøtet i India i 2012 vart landa samde om ei dobling av internasjonale overføringar til utviklingsland før 2015, og ei vidareføring av minst dette nivået fram til 2020. Gjennomsnittlege internasjonale overføringar for perioden 2006 – 2010 vart vedtekne som utgangspunkt for dette målet som vil bli teke opp til ny vurdering på partsmøtet i 2014. På dette partsmøtet vil det òg vere eit mål å fastsetje eit endeleg mål for behovet for internasjonale overføringar til gjennomføring av Aichimåla.

Noreg brukar bistand aktivt for å sikre utviklingsland større tilgang til internasjonale finansielle ressursar for naturmangfald og klima. Regjeringas klima- og skogprosjekt er den største satsninga på naturmangfald i norsk bistand. Med internasjonale overføringar er det ikkje berre bistand som blir inkludert, men også til dømes bidrag frå privat sektor. Det vart semje på det ellevte partsmøtet om å føre vidare arbeid i eit globalt panel for å vurdere ressursar for å nå måla i den strategiske planen (High level panel on the Global Assessment of Resources for Implementing the Strategic Plan for Biodiversity 2011 – 2020). Noreg er representert i panelet som vil leggje fram ein rapport til partsmøtet i 2014.

Noreg vil fortsetje å arbeide breitt på tvers av tematikk, sektorar og andre institusjonar for å nå måla under den strategiske planen innan 2020. Sjå nærmare omtale under Internasjonalt samarbeid for å beskytte havområda.

For å medverke til å sikre felles globale miljøgode i fattige land har velståande land over to tiår medverka til verdas største miljøfond, Det globale miljøfondet (GEF). Investeringsbehovet er mange gonger større enn GEF-midlane, og det er derfor viktig å bruke desse midlane til å skape størst mogleg spreiingseffekt, bl.a. til å innarbeide miljøomsyn i regelverk og politikk på viktige sektorar. Fondet er ei finansieringskjelde for dei multilaterale miljøavtalene og har særskilt høve til å sjå ulike miljøproblem under eitt. Frå 2014 vart også kvikksølvkonvensjonen innlemma for finansiering av GEF. GEF har fått 10 implementerande institusjonar, men FNs Miljøprogram, FNs Utviklingsprogram og Verdsbanken er fortsatt størst blant dei. GEF har i juni 2014 etter eit års forhandlingar blitt påfylt for fire nye år med 4,4 mrd. US$ og fått nye integrerte program på strategiske område som skog, mattryggleik og råvarekjeder. Programma skal gjere GEF betre i stand til å motverke drivarane bak miljøskadar. Skadane må motarbeidast tidlegare for å lukkast. Men framleis er nasjonalt eigarskap til prosjekt og program høgt prioritert. Landa vil gjerne å sjå lokale utviklingsfordelar av prosjekta, men det er positiv verknad på globale miljøproblem som utløyser støtte fra GEF.

Handel, investeringar og miljø

Ei viktig utfordring er korleis ein skal sikre at dei store handels- og investeringsstraumane støttar ei berekraftig utvikling, medverkar til grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøpolitikken. Forhandlingane om ei ny internasjonal avtale om liberalisering av handel med miljøvarer (Environmental Goods Agreement) mellom ei gruppe WTO-medlemmar (14 forhandlingspartar, blant desse USA, Kina og EU) er eit døme på dette. Eit av formåla med avtala er å styrkje rammevilkåra for den globale handelen med teknologi knytt til fornybar energi slik som vindkraft og solenergi, i lys av klimautfordringa og omstillinga til lågutsleppsamfunnet. Den nye avtala om offentlege anskaffingar mellom ei stor gruppe WTO-medlemmar gjer det heilt klart at det kan stillast miljøkrav ved slike anskaffingar, og det er også vedteke eit arbeidsprogram for å sjå på korleis slike anskaffingar kan gjerast berekraftige. Vidare vil kapitlet om handel og berekraftig utvikling, som er tema i alle EFTA-forhandlingar, utgjere eit viktig bidrag. I dei landa der avskoging er eit problem, spesielt i land Noreg samarbeider med under Klima og skog-initiativet, vil eit slikt kapittel vere viktig for å sikre eit gjensidig støttande forhold mellom klima- og skogsamarbeidet og handelsavtala. Vidare kan òg referansar til tekst i Konvensjonen for Biologisk Mangfald (CBD) i handelsavtala sitt kapittel for immaterielle rettar vere eit nyttig bidrag. Bilaterale og regionale handels- og investeringsavtaler er i sterk utvikling. Fleire andre land legg òg aukande vekt på omsynet til mellom anna klima og miljø i desse avtalene. EU og USA er blant landa som har komme lengst med dette. Dei forhandlar no om ei handels- og investeringspartnarskapsavtale. Ei slik avtale vil leggje sterke føringar også på andre slike avtaler.

Utanriksdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har hovudansvaret for handels- og investeringspolitikken. Klima- og miljødepartementet har ei viktig rolle for at nye bilaterale, regionale og multilaterale handels- og investeringsavtaler blir utforma slik at dei medverkar til grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøpolitikken både nasjonalt og internasjonalt. Det er naudsynt for å gjere det mogleg å løyse dei store globale miljøutfordringane.

EU, EØS og miljøpolitikken

EU er ein pådrivar i internasjonal miljøpolitikk. Internasjonalt samarbeid i globale og regionale miljøfora er ramma både for EU og Noreg når miljøpolitikken blir utforma. Internasjonale konvensjonar er følgde opp og dannar ofte utgangspunkt for meir ambisiøst regelverk i EU. Det gjeld blant anna på område som kjemikaliar, vatn, klima, luft og avfall. Vi har dei seinaste åra sett ein stadig sterkare dynamikk mellom EU og arbeidet i dei ulike konvensjonane der samspelet fremjar ein meir ambisiøs miljøpolitikk. Når utviklinga av globalt regelverk ikkje lykkast, kan EU gå føre ved utvikling av eige regelverk.

Noreg og EU har eit omfattande og forpliktande miljøsamarbeid. I lys av utviklinga sidan avtala vart inngått og den omfattande praksisen som ligg føre i å innlemme EUs rettsakter på miljøområdet, er miljøpolitikken ein sentral del av EØS-samarbeidet. Ein del sentrale miljøpolitiske område er likevel ikkje omfatta av EØS-avtala. Det gjeld naturvern og forvaltning av naturressursar, landbruk og fiskeri. På desse områda er ikkje Noreg forplikta av EUs rettsakter, men EUs regulering av vilkåra for desse sektorane har innverknad for Noreg.

EU/EØS-regelverket er viktig for å sikre felles reglar og for å arbeide for ein høg miljøstandard i heile Europa. Det felles europeiske regelverket har òg betydning i forhold til handel med tredje land, det gjeld til dømes krav til kjemikaliar, avfallshandtering og handel med tømmer.

Miljøsamarbeidet med EU stiller stadig auka krav til Noreg, blant anna som følgje av raskare utvikla og meir sektorovergripande miljøregelverk. EU vedtek no ofte rammeverk som fortløpande blir utvikla vidare og konkretisert i eige regelverk. Aktiv deltaking og påverknad av EUs miljøpolitikk krev god koordinering mellom departementa og rask utvikling av nasjonale posisjonar. Det er viktig å gi konkrete og fagleg godt grunngitte innspel i alle fasar av EUs politikkutvikling. God miljøpolitisk dialog med sentrale aktørar i Europakommisjonen og Europaparlamentet er sentralt. Innlemming og gjennomføring av EU-regelverk i norsk rett er ein viktig del av EU/EØS-samarbeidet. Å delta i relevante EU-komitear gir, i tillegg til tidleg påverknad, høve til å opparbeide naudsynt kompetanse for å innlemme regelverket i norsk rett. Gjennom å delta på dei uformelle miljørådsmøta i EU har Noreg ein god kanal for politisk dialog og påverknad.

Dei pågåande forhandlingane mellom EU og USA om ei avtale om handels- og investeringspartnarskapsavtale har derfor stor betydning også for Noreg. Ei målsetjing med forhandlingane er auka samarbeid om regelverk for å redusere skilnader i reglar som kan gjere det vanskelegare og dyrare å handle mellom landa. Ei avtale mellom EU og USA vil såleis kunne leggje føringer for kva retning regelverksutviklinga i EU tek. EU og USA har ulikt syn på føre var-prinsippet og regulerer område av betydning for helse og miljø ulikt, blant anna gjeld dette kjemikaliar. Samtidig understreker dei at avtala ikkje skal endre vernenivået.

Miljø har ein sentral plass i EUs strategi for berekraftig vekst og auka sysselsetjing, Europe 2020. Auka ressurseffektivitet er sett på som ein føresetnad for å skape ein meir konkurransedyktig grøn og sirkulær økonomi og nye arbeidsplassar. Politikken skal medverke til å nå fleire av EUs mål samtidig, både å redusere klimagassutslepp, verne økosystem og skape berekraftig industri, transport, landbruk og fiskeri. Milestolpane for eit ressurseffektivt Europa i 2020 skal òg gi klare signal til næringsliv og investorar, med stor vekt på betre produksjonsprosessar og innovasjon i næringslivet. Noreg vurderer EØS-relevans og betydning for norsk miljøpolitikk av dei enkelte forslaga til nye og endra verkemiddel og regelverk slik det er foreslått i EUs strategi, det såkalla flaggskipet for ressurseffektivitet.

EU vedtok i desember 2013 det sjuande miljøhandlingsprogram «Living well, within the limits of the planet». Miljøhandlingsprogramma setter mål og prioriteringar for EUs miljøarbeid. Det sjette miljøhandlingsprogrammet har vore ein del av EØS-avtalas protokoll 31, og det sjuande miljøhandlingsporgrammet vil bli vurdert teke inn i avtala på same måte. I det nye miljøhandlingsprogrammet er det laga ein visjon for eit grønt Europa fram mot 2050 og ni prioriterte mål som skal nåast innan 2020. Målsetjinga for EØS-midlane er å medverke til sosial og økonomisk utjamning i Europa. Det er òg eit mål å styrkje bilateralt samarbeid mellom Noreg og mottakarlanda. Mottakarlanda er EUs 12 nye medlemsland frå 2004 og 2007, og i tillegg Hellas, Portugal, Kroatia og Spania. Miljø og klima er eit stort satsingsområde i perioden 2009 – 2014. EØS-midlane er eit viktig miljøpolitisk verkemiddel for Noreg, og midlane er eit bidrag til at dei nye EU-landa gjennomfører vedteken miljøpolitikk i EU. EØS-midlane gir oss òg høve til å styrkje det langsiktige miljø- og kulturarvsamarbeidet med styresmaktene i mottakarlanda, og norsk kunnskap og erfaring har vist seg å vere etterspurt. Miljødirektoratet er involvert i åtte land som programpartner og deltar i seks andre prosjekter, mens Riskantikvaren er involvert som programpartner i fem land og deltar i prosjekter i fire andre land. Denne innsatsen har òg betydning for vårt nasjonale arbeid, og forvaltninga får ny kunnskap gjennom europeisk samarbeid. Det vil bli lagt til rette for å involvere norske kommunar, organisasjonar, forsking og næringsliv i prosjekt og andre former for bilateralt samarbeid. Støtte til kulturarv, energieffektivisering, fornybar energi, og reduksjon av klimagassutslepp har vore viktige satsingar og er det framleis. I tillegg er satsing på klimatilpassingar, naturmangfald, vass- og havforvaltning og miljøgifter viktige område. Det vil vere stor aktivitet i dei fleste programma i 2014. Det har pågått parallelt arbeid med å fastsetje rammene og utforme program for neste periode basert på erfaringar med inneverande periode og prioriteringar frå EUs side.

Nordisk og OECD

Det nordiske samarbeidet er først og fremst eit viktig verkemiddel for å påverke regelverksutviklinga som i dag skjer i EU og i andre internasjonale prosessar. Inn i desse prosessane medverkar dei nordiske landa med fagleg kunnskap som i mange tilfelle har hatt betydeleg innverknad på politikk- og regelverksutviklinga.

Klima- og miljødepartementet vil framleis medverke til at det nordiske miljøsamarbeidet påverkar globalt og regionalt miljøarbeid på prioriterte område som grøn samfunnsutvikling, klima, naturmangfald og kjemikaliar. I tillegg til oppfølging av det nye miljøhandlingsprogrammet for perioden 2013 – 2018 vil oppfølging av Rio+20 og rapporten til dei nordiske statsministrane om Norden – ledende i grønn vekst stå sentralt framover.

Det er òg viktig å medverke til at Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) held fram med å støtte den miljøpolitiske agendaen globalt og medverkar til kunnskapsutvikling saman med andre internasjonale institusjonar. OECD er ein viktig leverandør av fagleg og politisk relevante analysar av høg kvalitet, i tillegg til å utarbeide retningslinjer og normer for økonomisk politikk og internasjonalt samarbeid. Særleg viktig er samarbeidet med sentrale u-land og land med overgangsøkonomiar om utvikling av berekraftig økonomi..

OECD arbeider med grøn vekst, klima, kjemikaliar og verdisetjing av økosystemtenester av stor betydning på miljøområdet. OECD styrkjer òg samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar (FNs miljøprogram, FNs utviklingsprogram og Verdensbanken) om kunnskapsutvikling innan grøn økonomi.

Working Group on Harmonization of regulatory oversight in Biotechnology (WGHROB) arbeider under Biosafety programmet til OECD.

Gruppa utarbeider konsensusdokument om planter, dyr og mikroorganismar som er aktuelle for genmodifisering. Dokumenta er av høg fagleg kvalitet og er viktige under vurdering av risiko ved genomdifiserte variantar. Noreg deltek blant anna i leiargruppa for utarbeiding av eit konsensdokument på atlantisk laks.

Utviklingssamarbeid og bilateralt miljøsamarbeid

Klima- og miljødepartementet har særskilde avtaler om samarbeid med miljøstyresmaktene i dei store utviklingslanda Kina, India, Brasil og Sør-Afrika. Desse landa har stor betydning for utvikling av den globale miljøtilstanden og er heilt sentrale i internasjonalt miljøsamarbeid og i utvikling av globale miljøavtaler. Det bilaterale samarbeidet skal byggje relevant fagleg samarbeid på styresmaktnivå og gi ei plattform for dialogen om internasjonale miljøutfordringar. I alle landa har Klima- og miljødepartementet medverka til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot det enkelte land si evne til å gjennomføre internasjonale forpliktingar under miljøkonvensjonane. Prosjekta er hovudsakleg retta mot forvaltningssamarbeid, der Miljødirektoratet er ein viktig partnar på norske side. Finansiering skjer i hovudsak over Utanriksdepartementets budsjett. I tillegg vert det nytta midlar over Klima- og miljødepartementets budsjett for å setje i gang nye prosjekt og utgreiingar. I Kina er det ekspertsamarbeid innen klima, naturmangfald og forureining. I Sør-Afrika er det innleia samarbeid om utvikling av utslepprekneskap for klima, og samarbeid om havforvaltningsplanar. I India er det samarbeid om eit senter i Chennai for naturressursar og lovgiving og om miljøgifter. I Brasil pågår det eit havmiljøsamarbeid.

Klima- og miljødepartementet er, i tillegg til samarbeidet med dei store utviklingslanda, i tett dialog med Utanriksdepartementet om oppfølginga og etableringa av eit miljøsamarbeid med Myanmar, der samarbeid om vass- og naturressursar og verdsarv er sentralt.

Regjeringa har gjort miljø og klima til sentrale satsingsområde i Noregs bistand til dei fattigaste landa og i samarbeidet med land med rask økonomisk utvikling.

Klima- og miljødepartementet vil, i samarbeid med Utanriksdepartementet, stimulere det grøne skiftet i global økonomi gjennom fleire verkemiddel. Kunnskapsgrunnlaget, nødvendige institusjonar, lover, reguleringar og andre verkemiddel må på plass for å kunne realisere ei grønare utvikling. Mellom anna støttar Regjeringa ulike initiativ som byggjer grøn økonomi-kapasitet i u-landa, i og utanfor FN. Departementet følgjer særskilte initiativ frå Regjeringa i så måte, under dette Regjeringas klima- og energiinitiativ (Energy+) og programmet Rein Energi for utvikling, i tillegg til Regjeringas klima- og skogsatsning (sjå nærare omtale under resultatområde 5 klima). Klima- og miljødepartementet med Miljødirektoratet deltek òg i Olje for Utvikling-programmet, mellom anna i Ghana, Uganda, Sør-Sudan, Sudan og Tanzania. Formålet med programmet er å overføre norsk kompetanse slik at utviklingsland kan forvalte petroleumsressursane på ein måte som medverkar til varig reduksjon av fattigdom og sikrar at ein tek miljøomsyn.

Nord- og polarområda

Ei berekraftig forvaltning av miljøet i nord krev ein målretta nasjonal innsats og eit målretta internasjonalt samarbeid. Slikt samarbeid må famne om både dei landa vi deler naturrikdommane med, og dei landa som driv verksemd i nord. Samarbeidet må òg knytast opp mot globalt samarbeid for å stanse klimaendringar og forureining som trugar miljøet og dei levande ressursane i regionen.

Miljøsamarbeid i nord har òg betydning for Noregs høve til å oppfylle sine plikter under miljøavtaler på område som klima, forureining, naturvern og vern av kulturminne.

Aktiv medverknad i Barentssamarbeidet og Arktisk råd gir gode høve til koordinering av miljøarbeidet i nord når det gjeld forureining og miljøgifter, klimaendringar og bevaring av biologisk mangfald

Arktisk råd

Klima- og miljødepartementet arbeider for at Arktisk råd skal medverke til eit betre kunnskapsgrunnlag om miljøet i Arktis som legg grunnlag for koordinering og samarbeid mellom landa i Arktis i samband med internasjonale konvensjonar. På ministermøtet i Arktisk råd i 2013 vart det lagt fram ny informasjon om viktige miljøsaker, under dette havforsuring, biodiversitet, såkalla kortlevde klimadrivarar som svart karbon og metan, og miljøgifter. Noreg er aktiv i arbeidet med prosjekt og utarbeiding av oppfølgingsplanar på desse områda. Nye oppsummeringar av kunnskap om mellom anna forureining og helse i Arktis blir laga til ministermøtet i 2015. Innanfor Arktisk råd er Noreg viktig for å fremje heilskapleg havforvaltning og beskytte dei arktiske marine områda. Noreg har òg teke initiativ til ei samla utgreiing av dei endringane som skjer i Arktis, og kva dette vil bety for framtidig miljø, aktivitet, forvaltning og behov for tilpassing.

Samarbeid med Russland

Eit breitt og effektivt miljøsamarbeid med Russland står sentralt i Regjeringas nordområdestrategi. Miljøsamarbeidet vil bli ført vidare innanfor den norsk-russiske miljøvernkommisjonen, Barentssamarbeidet og Arktisk råd. Hovudvekta er lagt på det bilaterale samarbeidet, som med arbeidsprogrammet for 2013 – 15 har ei særleg prioritering av havmiljø og samarbeid i grenseområda.

Samarbeidet om naturmangfald i Barentsregionen, reduksjon av forureining og undersøkingar av radioaktiv forureining vert òg ført vidare.

Innan havmiljøsamarbeidet er utviklinga av eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk side av Barentshavet, basert på norske erfaringar med forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten, høgt prioritert. Saman med etableringa av eit felles norsk-russisk miljøovervakingsprogram og vidareutvikling av den felles miljødatabasen Barentsportalen vil dette utgjere viktige premissar for auka verksemd innan fiskeri, skipstransport og olje- og gassverksemd. Risikoanalysar og erfaringsutveksling om kontroll av petroleumsverksemd er òg viktige element i havmiljøsamarbeidet.

I grenseområda er utsleppa frå nikkelverka på Kola framleis den største utfordringa, og styrkt miljøovervaking har derfor ein sentral plass i det grensenære samarbeidet. Noreg vil halde fram med påverknadsarbeid for å få redusert utsleppa.

Mange av prosjekta i det bilaterale miljøsamarbeidet med Russland støttar opp under miljøsamarbeidet under Barentsrådet og Arktisk råd, der Noreg er ein aktiv deltakar. I Barentssamarbeidet fokuserer ein på reinare produksjon i industrien og berekraftig forbruk, forvaltning av naturmangfaldet og av vassressursane i regionen. Ei høgt prioritert oppgåve er å medverke til å løyse dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen, dei såkalla hot spots, som er beskrivne i Arktisk råds miljøovervakingsprogram og The Nordic Environment Finance Corporation (NEFCO) si hot spot-liste frå 2003. Det ligg stor grad av norsk eigeninteresse i å få løyst desse miljøproblema. I denne sammanhang er både NEFCO og Miljøpartnerskapet under den Nordlege Dimensjon (NDEP), viktige verkemiddel som vil bli brukt aktivt frå norsk side.

9 Resultatområde

9.1 Resultatområde 1 Naturmangfald

Presset på naturen frå ei aukande befolkning og auka forbruk har ført til at mennesket har påverka jordas natur meir i løpet av dei siste femti åra enn nokon gong tidligare i mennesket si historie. At arter blir utrydda er ikkje nytt i jordas historie. Problemet er at arter i dag forsvinn mykje raskare enn det som er naturleg. Om utviklinga held fram i same tempo vil kvar tiande dyre- og planteart vere borte om 25 år (Miljøstatus 2009). Dei viktigaste årsakene til at naturmangfaldet går tapt er arealendringar, forureining, overhausting og framande organismar. I tillegg forsterkar klimaendringane belastninga på ein allereie pressa natur, og vil bli ein aukande trussel framover. Dersom gjennomsnittstemperaturen på jorda stig med 2 – 3 grader, vil om lag 30 pst. av artene forsvinne (FNs klimapanel).

Mangfaldet av arter, mangfaldet av naturtypar og det genetiske mangfaldet er grunnlaget for livet på jorda og er den viktigaste livsforsikringa vi kan investere i. Naturen er vår største leverandør av varer og tenester. Dette blir oftast omtalt som den økologiske verdien av naturmangfaldet. Prosessane i naturen reinsar vatnet og lufta, binder CO2, sikrar pollinering av planter, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonnet, dempar flaumar og mykje meir. Mangroveskogane i tropiske strøk dempar bølgjar og stormar. Ein mangfaldig natur gir òg meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, mellom anna klimaendringane.

Menneska er heilt avhengige av naturens goder og tenester, som til dømes fisken vi et, kleda vi har på oss, treverket i husa våre og medisinane vi brukar – alt takka vere velfungerande økosystem. I tillegg gir mangfaldet i naturen grunnlag for opplevingar, rekreasjon og ikkje minst inntekt frå ulike næringar. Mange av desse såkalla økosystemtenestene kostar oss ingenting, til tross for at den økonomiske verdien av dei er enorm. Samtidig har FN slått fast at ca. 60 pst. av økosystemtenestene har blitt reduserte i løpet av dei siste 50 åra.

Naturmangfaldet har òg ein eigenverdi. Vi deler kloden med millionar av arter som alle har ein verdi i seg sjølve. Dette enorme mangfaldet av arter, dei fantastiske tilpassingane og det kompliserte samspelet som har utvikla seg gjennom millionar av år, gir grunn til respekt og audmjuke.

Rapporten Global Biodiversity Outlook frå 2010 åtvarar mot at vi nærmar oss vippepunkt der heile økosystem kan bryte saman og der gjenoppretting kan vere svært vanskeleg eller umogleg. Slike dramatiske endringar i naturen får ikkje berre konsekvensar for planter og dyr, det rammar òg vårt eige livsgrunnlag. Eit døme er korallreva, eit av verdas mest artsrike økosystem, som òg er svært sårbare for endringar. Havforsuring, høgare havtemperatur og andre menneskeskapte påverknader kan få desse systema til å kollapse. Ei rekkje arter vil då forsvinne frå desse områda, noko som òg vil ramme vårt eige matfat.

Nasjonale mål

Resultatområde «Naturmangfald» tilsvarar dei tidlegare resultatområda «Levande hav og kyst», «Livskraftige elvar og innsjøar», «Frodige våtmarker», «Mangfaldige skogar», «Storslått fjellandskap» og kulturlandskapsdelen i «Verdifulle kulturminne og kulturlandskap». Talet på nasjonale mål er redusert kraftig til tre nasjonale mål på naturmangfald.

Dei tre nasjonale måla innan naturmangfald er baserte på dei internasjonale måla som blei vedtekne på det 10. partsmøtet under Konvensjonen om biologisk mangfald i 2010 i Nagoya, Japan, EU sitt vassdirektiv og dei nasjonale måla i budsjettproposisjonen for 2014. Ambisjonsnivået i arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet er det same som tidlegare.

Det overordna internasjonale målet som blei vedteke i Nagoya er: «Effektiv og umiddelbar handling for å stanse tapet av biologisk mangfold for å sikre at økosystemene i 2020 er velfungerende og leverer nødvendige økosystemtjenester.» Fristen for å nå det internasjonale målet er 2020. Vassforskrifta, som er ei oppfølging av EUs vassdirektiv, har 2021 som frist for å nå god tilstand i alt ferskvatn og kystvatn. For å følgje opp det overordna internasjonale målet og vassforskrifta har dei nye nasjonale måla også ein frist innan 2020.

Status for nasjonale mål og indikatorar for 2014 er presenterte på www.miljøstatus.no.

Det vil i løpet av hausten 2014 bli arbeidd med å få på plass indikatorar for dei tre nasjonale måla på naturmangfald som vil gjelde for 2015 og framover slik at indikatorane (gamle og eventuelt nokre nye) er klare til 1. januar 2015. Dei nye nasjonale måla med indikatorar vil vere grunnlag for rapportering i Miljøstatus.no i 2015.

Dei tre nye nasjonale måla er:

  • Nasjonalt mål 1.1: Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Nasjonalt mål 1.2: Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

  • Nasjonalt mål 1.3: Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.

Tilstand i hovudøkosystema

Tilstanden i hav og kystvatn

Dei norske havområda utgjer om lag seks gonger Noregs totale landareal, og har eit rikt naturmangfald med internasjonalt viktige bestandar av fisk, sjøfugl og sjøpattedyr. Korallreva langs norskekysten er unike i global samanheng. Ein viktig grunn til det store mangfaldet er dei grunne havområda slik som Nordsjøen, Barentshavet og kontinentalsokkelen langs kysten. Svært mykje av havets biologiske produksjon går føre seg i slike grunne område. Noreg har Europas lengste kyst. Når vi reknar med alle øyar, holmar, skjer og fjordar, måler kystlinja vår over 100000 kilometer. Miljøtilhøva i kystvatn gjer det mogleg med spesialisering og sameksistens av mange arter som ikkje lever i andre naturtypar.

Dei heilskapelege forvaltningsplanane for kvart av havområda gir ein karakteristikk av miljøtilstanden. Tilstanden i Barentshavet og Norskehavet er generelt god med unntak av nokre sjøfugl- og fiskebestandar. Miljøtilstanden i Nordsjøen og Skagerrak var tidlegare dårlegare enn den er i dag. Likevel er miljøtilstanden bekymringsfull og på mange område ikkje tilfredsstillande.

Det er rekna ut naturindeks for naturmangfaldet (jf. boks 8.2 om Naturindeks for Noreg under verkemiddelområde Kunnskap) knytt til vassmassane (pelagisk) og botnlevande arter i havet. Datagrunnlaget for dei botnlevande artene er vesentleg dårlegare enn for artene i vassmassane. Tilstanden for botnforholda er betre i det djupe Norskehavet enn i dei grunnare områda i Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Naturindeksen for 2010 viser best tilstand i vassmassane i Barentshavet (NI = 0,76), noko dårlegare i Norskehavet (NI = 0,68) og Nordsjøen (NI = 0,62), og dårlegast i Skagerrak (NI = 0,49). Tilstanden i kystvatn er varierande. Tareskogane er blitt reduserte i fleire tiår både i nord og sør, og bestanden av kysttorsk ligg svært lågt.

Fisk er næringsgrunnlag for sjøfugl, og den rike tilgangen på fisk forklarer i stor grad plasseringa til dei største sjøfuglkoloniane. Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet, og sjøfuglartene er sikre indikatorar på miljøtilstanden i havet. Fleire sjøfuglbestandar langs norskekysten har hatt ein urovekkjande tilbakegang. Lomvi er klassifisert som truga på Norsk raudliste for arter 2010, og det kan vere eit spørsmål om tid før den forsvinn som hekkefugl i mange fuglefjell langs fastlandskysten. For fleire sjøfuglarter utgjer bestandane i Noreg ein vesentleg del av den europeiske eller nordatlantiske bestanden.

I kystvatn og på sokkelområda finst spesielt artsrike samfunn knytte til tare, koralldyr og svamp. Desse artene skaper livsmiljø som gir skjul til og levestad for ei rekkje arter som igjen er næring for fisk og sjøfugl langs kysten. Vi veit lite om tilstanden til desse artene totalt sett, men botndyr som korallar, svamp og sjøfjør er særleg utsette for påverknad og belastning frå botnslepande reiskap i fiskeria, som botntrål.

Tareskogane langs kysten er viktige leveområde med stort naturmangfald og høg produksjon. Dei gir mat og ly til viktige arter som det blir hausta av og mange hundre mindre arter som er del av tareskogen sitt økosystem. Tilstanden for tareskogane er framleis varierande og mange stader bekymringsfull. Tilstanden for stortare er i ferd med å betre seg noko. Det er observert at stortare har etablert seg igjen i ytre kystområde nord til Bodø. Lengre nord er det framleis store område som er dominerte av kråkebollar.

Sukkertaren er kjensleg for auka temperaturar i vatnet, men òg auka overgjødsling og tilførsle av slam, og den er delvis forsvunnen frå svenskegrensa til Stadt. Det er tidlegare anslått at om lag 80 pst. av sukkertaren er forsvunnen frå den norske Skagerrakkysten og om lag 40 pst. frå kysten av Rogaland og Hordaland. Nye målingar viser at tilstanden på Skagerrakkysten totalt sett er i betring, men framleis moderat til dårleg på dei fleste målestasjonane.

Noregs naturtypar vart vurderte for første gong av Artsdatabanken i 2011. Av marine naturtypar på djupt vatn er korallrev og muddervulkanbotn døme på truga naturtypar. Vi finn sju naturtypar i kystvatn på Norsk raudliste for naturtypar 2011. Av dei truga artene som er registrerte på Norsk raudliste for 2010 lever 87 arter (3 pst.) i havet. Den låge delen skuldast i stor grad manglande kunnskap, både om enkelte arter og grupper av arter, og det er dermed ikkje grunnlag for å gjere raudlistevurderingar. Døme på truga arter i havet er dvergålegras, europeisk østers, ål, brugde, vanleg uer, klappmyss, narkval og grønlandskval. Blant sjøfuglane er artene krykkje, lomvi, lunde og makrellterne nokre eksempel på truga arter. Isbjørn er òg ei truga art.

Introduksjon og spreiing av framande organismar i det marine miljø har auka betydeleg. Problema oppstår når framande arter konkurrerer ut dei stadeigne artene eller endrar deira naturlege utbreiingsområde. Døme på slike arter i det marine miljøet er japansk drivtang, stillehavsøsters og kongekrabbe. Klimaendringane vil venteleg forsterke dette problemet, blant anna grunna varmare vatn.

Merksemda rundt marin forsøpling som miljøproblem aukar. Avfallet kjem frå kjelder både på land og på sjø og blir spreidd med havstraumar. Hovuddelen av det marine søppelet er plast, som blir sakte nedbrote. Det går for eksempel 450 år før ei plastflaske er broten ned. Det er anslått at 15 pst. av det marine søppelet blir skylt på land, at 15 pst. flyt i havet og at heile 70 pst. endar på havbotnen. Konvensjonen for vern av det marine miljø i nordaust-Atlanteren (OSPAR) har gjennomført undersøkingar av strandsøppel for å vurdere forsøplingssituasjonen i Nordaust-Atlanteren. I undersøkingane er det registrert gjennomgåande høge nivå av søppel. Nordsjøområdet har blant dei høgaste nivåa av marint søppel i Nordaust-Atlanteren. Marin forsøpling kan ha store negative konsekvensar for marint dyreliv. Det er anslått at det på verdsbasis døyr om lag 1 million sjøfugl årleg som følje av plastsøppel. Undersøkingar frå 2013 viste at 90 pst. av sjøfuglen havhest på Svalbard hadde plast i magen. Søppelet reduserer også friluftsopplevingar i kystsona, og kan skape utfordringar for fiskeri og skipstrafikk.

I Barentshavet og Norskehavet er konsentrasjonar av miljøfarlege stoff stort sett låge, med unntak av nokre stoff målt i enkelte arter. Nordsjøen og Skagerrak har høgare konsentrasjonar av miljøgifter enn dei andre norske havområda og tilstanden her er ikkje tilfredsstillande. Mål som omhandlar oljeforureining ligg under resultatområde 4 Forureining.

Overgjødsling (eutrofiering) som følgje av stor tilførsel av næringssalt og nedslamming er ei utfordring i enkelte kyst- og fjordområde, særleg langs Skagerrak og delar av Nordsjøen. Heile indre kyst i Skagerrak er klassifisert som problemområde for overgjødsling ifølgje OSPARs klassifiseringssystem. Kunnskapen om tilstanden langs kysten på Vestlandet er mangelfull, men berekningar indikerer at utslepp av næringssalt ikkje har regionale effektar. Lokale effektar er likevel påvist. Tilstanden med omsyn til næringssalt ved ytre kyst og i opne havområde er vurdert som god.

Tilstanden i elvar og innsjøar

Ferskvatn omfattar innsjøar, elvar, bekkar, dammar og grunnvatn. Vassystema i Noreg er prega av mange små innsjøar og raskt strøymande elvar. Nesten alle dei store vassdraga startar i fjellet, og norske elvar er derfor prega av fossar og stryk. Glomma, Tana og Pasvikelva er dei einaste vassdraga som nærmar seg det ein kan kalle ei flod. Vi finn dei fire djupaste innsjøane i Europa i Noreg. Alle desse er djupare enn 450 meter.

Innhaldet av kalk i ferskvatn og surleiksgraden (pH) i vatnet er ein av dei viktigaste faktorane for kva slag arter av planter og dyr som vil trivast i vatnet. Til dømes har berggrunn og jordsmonn på Sørlandet og Sørvestlandet lita evne til å nøytralisere tilførsler av sur nedbør. For å behalde plante- og dyreliv i vassdraga i desse områda har ein derfor kalka i mange år. Andre viktige miljøfaktorar i ferskvatn er straumtilhøve, temperatur og om det er grus, sand og leire eller fast fjell, store stein og grov grus på botnen.

Om lag 2800 dyrearter lever heile eller delar av livet sitt i ferskvatn. Dette omfattar mange grupper av dyr som pattedyr, fisk, amfibium, insekt, krepsdyr og ei rekkje arter av dyreplankton. Vi finn flest arter av insekt og krepsdyr, og det er registrert 45 arter av ferskvassfisk. Døme på fisk i ferskvatn er aure, røye, åbor og gjedde. Den atlantiske villaksen er nok den fiskearten som flest har eit høve til, som til dømes god mat og som grunnlag for verdiskaping eller naturopplevingar og rekreasjon. Noreg er i dag eit av laksen sine viktigaste leveområde, og vi finn om lag ein tredel av all atlantisk villaks i Noreg. Tana-vassdraget er verdas mest produktive laksevassdrag.

Alle dei seks artene av amfibium i Noreg er knytte til ferskvatn. Stor salamander er avhengig av små dammar utan fisk i for ynglinga si, særleg er gardsdammar godt eigna. I dag er mange gardsdammar grodde eller fylte igjen, og stor salamander er ei truga art, hovudsakleg fordi den har mist svært mange av yngleområda sine. Bever og oter er to arter av pattedyr som lever i eller nært knytt til bekkar og vatn. For om lag 80 fuglearter er ferskvatn viktig føde og/eller reproduksjonsområde. Døme på fugl knytt til ferskvatn er ulike arter av ender og gjæser, fossekall, hegre og trane.

Totalt 97 karplanter er registrerte i ferskvatn. Ulike sumpplanter og planter med blad og blomster i eller rett under vassflata er enklast å få auge på. Døme på slike arter er kvit nøkkerose, ofte kalla vasslilje, og store samlingar av sumpplanter som flaskestarr, elvesnelle og dunkjevle. I tillegg finn vi ei rekkje arter av planteplankton som lever i dei frie vassmassane, og algar og sopp som er festa til botn eller til andre planter og dyr. Planteplankton er den mest artsrike gruppa i ferskvatn med minimum 1050 arter. Ein reknar med at det finst minimum 900 arter av fastsitjande algar i rennande vatn i Noreg. Vi finn mosar i alle storleikar i rennande vatn, frå små såkalla levermosar som er vanskelege å sjå utan lupe, til vanleg elvemose som kan bli eit par meter lang. I mosevegetasjonen er det ein rik fauna av smådyr som til dømes ulike insektlarver og fiskeyngel.

Ifølgje Naturindeksen for Noreg for 2012 er tilstanden for naturmangfald i ferskvatn samla sett god med ein indeks på 0,72. Tilstanden i ferskvatn er betra sidan 1990. Noreg er delt inn i 11 vassregionar frå kyst og fjord til fjell. Vassregionane er igjen delte inn i 105 vassområde og om lag 29 600 vassførekomstar. Av desse er om lag 26 100 vassførekomstar i vassdrag, fordelte på om lag 19 800 vassførekomstar i elv, 6 300 vassførekomstar i innsjø og 1250 vassførekomstar av grunnvatn.

Tabell 9.1 Oversikt over tilstanden i elvar og innsjøar

Tilstand

Svært god

God

Moderat

Dårleg

Svært dårleg

Ikkje kjent

Innsjøar

16%

38%

25%

10%

1%

10%

Elvar

22%

37%

23%

10%

3%

5%

Over halvparten av førekomstane av ferskvatn er vurdert til å vere i god eller svært god økologisk tilstand. Om lag 36 pst. har moderat eller dårleg tilstand, mens den økologiske tilstanden ikkje er definert for ca. 10 pst av vassførekomstane. Kartlegging og overvaking vil vere viktige oppgåver framover for å få meir sikre data om tilstanden i ferskvatn i Noreg.

Om lag 7 pst. (267 arter) av dei truga artene har meir enn 20 pst. av bestanden sin i ferskvatn. Av kransalgane er 17 av 20 arter truga. Også ein stor del av amfibia (67 pst.) og augestikkarane (37 pst.) er med på Norsk raudliste for arter 2010. Døme på truga arter i eller knytte til ferskvatn er karplantene korsandemat og mjukt havfruegras, glasskivesnigel, billa elvesandjeger, edelkreps, elvemusling, oter og damfrosk.

Talet på laksebestandar har gått kraftig tilbake og mange bestandar er truga eller sårbare. Om lag 50 norske laksebestandar er utrydda eller har så få individ at dei står i fare for å bli utrydda. I følgje Miljødirektoratets lakseregister er om lag 45 pst. av dei om lag 400 laksebestandane som er igjen, i svært dårleg eller dårleg tilstand. Vi finn sju naturtypar i ferskvatn på Norsk raudliste for naturtypar 2011. Døme på truga naturtypar er kalksjøar og klare kalkfattige innsjøar.

Om lag 15 pst. av ferskvatnet er verna etter naturmangfaldlova. Elvesandjeger er utpeikt som prioritert art med økologisk funksjonsområde, og kalksjø er utvald naturtype. Gjennom Verneplan for vassdrag er 388 vassdragsområde sikra mot kraftutbygging.

Tilstanden i våtmark

Med våtmark meiner ein her, som i Naturindeksen, myr, kjelde og flaummark, under dette elvedelta. Nye kartanalysar syner at om lag 18 730 km2, eller om lag 5,8 pst, av Fastlands-Noreg består av myr, kjelde og flaummark. Hovuddelen av dette er myr. Til samanlikning var arealet av myr om lag 30000 km2 før siste verdenskrig.

Myr og kjelder er område med høgt nivå av grunnvatn heile eller store delar av året, og her lever arter som er tilpassa eit liv under tilhøve metta av vatn. Flaummark er område langs elvar og innsjøar som blir utsette for overfløyming, erosjon og sedimentering. Naturtypane i våtmarksområda er svært mangfaldige og mange er artsrike. Myrer har høgt nivå av grunnvatn som gir høg markfukt og oksygenfattig miljø nesten heilt opp til overflata. Dette gir dårlege livsvilkår for mange arter. Likevel er det stort mangfald av liv i den øvste delen av torva, ikkje minst av arter som bakteriar, algar og sopp. Torvmosane er spesielt tilpassa eit liv på myr ved at dei veks raskt i spissen av skotet, og døyr nedanfrå. Daude torvmosar utgjer derfor ein stor del av torva i mange myrar. Karplantene som lever på myr har oftast luftvev i stengel og rot (sumpplanter) som til dømes mange arter av starr, myrull og bukkeblad. Andre planter har tilpassa seg ved at dei lever nær overflata der det er god tilgang på oksygen, som til dømes soldogg og tettegras. Desse to artene fangar i tillegg insekt som blir sitjande fast på klistrete blad og dei får på den måten tilleggsnæring.

Vi finn fleire typar av myr i Noreg, med næringsfattige nedbørsmyrer og næringsrike grasmyrer som dei to ytterpunkta. På dei næringsfattige nedbørsmyrene finn vi berre om lag 20 arter av karplanter, mens vi på ei rikmyr finn meir enn 200 arter av karplanter. Insektlivet på myr er heilt spesielt. Mest iaugefallande er dagsommarfuglane og augestikkarane. Ei rekkje insekt lever nesten berre på og i torvmosar, og det øvste laget på torvmyrer inneheld store mengder av edderkopparter og billearter. Vi finn fleire arter av frosk og salamander i myrvatn- og i flaummarksdammar som ikkje er for sure. Slike område har òg ein karakteristisk fuglefauna. Det er særleg mange vadefuglar som er avhengige av våtmark, men òg andre arter som gjæser, ender, riksefuglar og ein del arter av sporvefugl treng slike naturtypar som hekke- og rasteplass, og for nokre er dei òg overvintrings- og fjørfellingsområde.

Kjelder har oksygenrikt grunnvatn som spring fram frå undergrunnen, og dekkjer vanlegvis små areal. Ei rekkje plantearter er karakteristiske for kjelder, til dømes trillingsiv, gulsildre og mange mosearter. Faunaen er meir artsfattig. Fjørmygg, døgnfluger, steinfluger og vasskalvar er typiske insektarter rundt vasskjelder.

Ifølge Naturindeksen for Noreg for 2012 er tilstanden for naturmangfaldet i våtmark middels god med ein indeks på 0,52. Om lag 15 pst. (443 arter) av dei truga artene lever i våtmark. Dei fleste av planteartene på raudlista er knytte til rikmyr. Døme på slike arter er plantene huldrestarr, myrflangre, knottblom og alvemose. Våtmarker er viktige hekkeområde for dverggås, åkerrikse, dobbeltbekkasin, storspove og svarthalespove som alle er med på Den globale raudlista. Dverggåsa har dei seinare åra minka sakte men sikkert, til nokre få attverande par i Finnmark. Av andre dyr er spissnutefrosk og storsalamander arter på Norsk raudliste for arter 2010. Vi finn 16 naturtypar i våtmarksområde på Norsk raudliste for naturtypar 2011. Døme på ein slik naturtype er palsmyr.

Ein god del av dei mest verdifulle areala av våtmark som er att, er verna etter naturmangfaldlova. Gjennom verneplan for myr og våtmark er meir enn 600 naturreservat oppretta. Om lag 18 pst. av myrene er verna. Myrer i fjellet er godt dekte av områdevernet, mens langt færre våtmarker i låglandet i Sør-Noreg er verna. Inkludert Svalbard har vi no 63 våtmarkssystem som blir rekna som internasjonalt viktige våtmarksområde på lista til Ramsarkonvensjonen. Døme på slike område er Stabbursneset (Finnmark), Nordre Øyeren (Akershus) og Åkersvika (Hedmark). Dverggås og svarthalespove er prioriterte arter med økologisk funksjonsområde, og slåttemyr er ein utvald naturtype.

Tilstanden i skog

Skog dekkjer om lag 130000 kvadratkilometer, tilsvarande om lag 34 pst. av fastlands-Noreg. Produktiv skog, som er definert som skog som årleg kan produsere minst ein kubikkmeter tømmer pr. hektar, utgjer om lag 86 500 kvadratkilometer. Grunna ulikt klima varierer skoggrensa mot fjellet i ulike delar av landet, frå havnivå i Finnmark til 1200 meter over havet i innlandsstrøk i Sør-Noreg.

Skog er, forutan fjell, den hovudnaturtypa vi har mest av i Noreg. Hovudtypar av skog er barskog og lauvskog, men desse skogtypane opptrer ofte i blanding. Barskogen er dominert av gran og furu. Furua likar seg på tørr og næringsfattig jord, mens gran trivst best på djup jord med god tilgang på vatn. Den vanlegaste typen av lauvskog er nordleg (boreal) lauvskog med blant anna osp, bjørk, rogn, selje og gråor, og finst ofte i blanding med barskogar. Edellauvskog har varmekjære tre som eik, ask, hassel, svartor, lind og spisslønn, som veks særleg i sørlege og vestlege delar av landet nær kysten. Fjellbjørkeskogen dannar ofte eit belte mellom barskogen og snaufjellet.

Trea gir ein spesielt stor variasjon i strukturar, levestader og miljø med rom for fleire arter enn naturtypar som ikkje har tresjikt. Trekroner, stammer og greiner har sine unike samfunn av arter. Når trea døyr blir det skapt nye livsmiljø, og eit stort tal arter deltek i nedbrytinga av ståande og liggjande tre. Dette er ein viktig grunn til at heile 60 pst. av artene som er kjende i Fastlands-Noreg er knytte til skog.

Dei mest artsrike gruppene av arter i skog er insekt og edderkoppar, sopp, lav og mosar. Velkjende dyregrupper som fugl og pattedyr utgjer mindre enn 1 pst. av alle artene i skog. Eit stort tal sopparter gjer næringa i dødt plantevev tilgjengeleg for andre arter ved å bryte ned cellulose og lignin. Det er enorme mengder sopp i skog, men det aller meste ligg skjult som eit nettverk av «trådar» (hyfar) under bakken og inne i ved og andre plantedelar. Det er først når det blir danna fruktlekam, hattsopp på bakken og kjuker på død ved, at vi legg merke til dei.

Norske skogar har eit stort mangfald av lav og mosar takka vere den kystnære plasseringa med rikeleg nedbør. Mosar og lav dominerer på flater utan jord slik som stein, berg og trestammar der dei slepp å konkurrere med karplanter om plassen. Av karplanter i barskog dominerer ofte ulike lyng- og bærlyngvekstar som røsslyng, blåbær og tyttebær vegetasjonen på bakken. I lauvskogane er blåveis, kvitveis og grasarter som skogsvingel ofte vanlege arter. Av vanlege pattedyr i skog er rådyr, mus, ekorn, rev og elg dei som er lettast å få oppleve. Fjellnære skogsområde er viktige leveområde for mange arter som også lever i fjellet. Ein av desse er kongeørna. Av dei store rovdyra er gaupe, brunbjørn og ulv i hovudsak knytte til skogen.

Naturindeksen for Noreg for 2012 gir tilstanden for naturmangfaldet i skog ein indeks på 0,40. Tilstanden i skog er dårlegast i Midt-Noreg og Hedmark. Om lag 1840 truga arter, eller 50 pst. av dei truga artene, er knytte til skog. Døme på truga arter i skog er orkideen raud skogfrue, lavarten huldrestry, ei rekkje arter av sopp og mose og ei rekkje insektarter i gruppene tovingar og biller. Døme på truga pattedyr som lever i skog er brunbjørn, gaupe, ulv og flaggermusartene breiøyre og børsteflaggermus. Der den truga hubroen finst i innlandet, hekkar den som oftast i skogsterreng. Vi finn 19 naturtypar i skog på Norsk raudliste for naturtypar 2011. Døme på truga naturtypar er kystgranskog, temperert kystfuruskog, olivinskog og kalklindeskog.

Om lag 2,6 pst. av den produktive skogen er verna etter naturmangfaldlova. Dette gjeld strengt vern i naturreservat eller i nasjonalparkar der skogbruk ikkje er tillate. Kalklindeskog er ein utvald naturtype. Raud skogfrue er vedteken som prioritert art med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Eremitt, som er knytt til gamle og hole lauvtre, er òg ei prioritert art.

Tilstanden i fjellet

Om lag 30 pst. av fastlands-Noreg er fjell. Med fjell meiner ein her areal over og nord for skoggrensa. Elvar og vatn i fjellet er ikkje inkluderte i dette. I størstedelen av Noreg er det fjellbjørkeskogen som dannar skoggrensa. Fjellandskapet inkluderer òg berg og grunnlendt mark, det arktiske tundralandskapet og is- og brelandskapet som er særleg utbreidd på Svalbard og Jan Mayen. Noreg har i overkant av 1600 isbrear.

Fjellet representerer ekstreme livstilhøve for alt levande. Faktorar som vind, is, snødekke, store temperatursprang, tørke og fukt i marka, verknad av frost og kalkinnhald i jord og stein påverkar planter og dyr. På grunn av dei ekstreme tilhøva er det mange spesialistar blant planter og dyr i fjellet. Til dømes har fleire sjeldne fjellplanter svært snevre tolegrenser for temperatur eller dei krev høgt kalkinnhald i jorda. For mange pattedyr og fuglar i fjellet er tilgang på føde den viktigaste faktoren for å overleve. På grunn av dei spesielle tilpassingane til ekstreme miljøtilhøve er artene i fjellet svært sårbare når dei blir utsette for ytterlegare påverknader.

Vegetasjonen i fjellet er dominert av dvergbusker, gras- og starrarter, mosar og lav, og stort innslag av urter på kalkrik grunn. Tjukkleik og fordeling av snøen avgjer plantene si fordeling frå avblåst rabbe til snøleie. I snøleia blir snøen ofte liggjande til ut i juli, og ny snø kjem allereie i september/oktober. Dei plantene som veks slike stader må vere raske og effektive for å rekke å blomstre og setje frø før snøen kjem. Døme på planter som veks i snøleie er musøyre, moselyng og polarvier. Dei plantene som veks på rabbane har lita eller inga skjerming frå snøen om vinteren, og må tole vind, enorme variasjonar i temperatur og ofte lite og tørr jord. Døme på slike planter er krekling, greplyng, rabbetust og fleire arter av mose og lav. Den hardføre blomen mogop, som slår ut i full blom mens det enno er skiføre i fjellet, trivst òg i slike område. Dei næringsrike og lett forvitrande bergartene i delar av Dovrefjell har resultert i svært rike plantesamfunn. Insektfaunaen i fjellet er dominert av dei store insektgruppene tovenger, veps, biller og sommarfuglar. Typiske fjellfuglar er heilo, snøsporv, steinskvett, fjellrype og ramn.

Villreinen har gjennom utviklingshistoria tilpassa seg dei barske tilhøva i fjellet, særleg om vinteren. Pelsen er tjukk og svært tett, og sjølv mulen er hårkledd i motsetning til hos dei fleste andre arter i hjortefamilien. For 200 – 300 år sidan levde villreinen i fjellet i heile landet, og i Nord-Noreg var villreinen framleis talrik omkring 1800. Villreinen er ikkje ein truga art, men Norge er nå det einaste landet i Europa som har fjellområde med villrein, og arten blir rekna som ein norsk ansvarsart som vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på. Villrein i Skandinavia finst i dag berre i fjellet i Sør-Noreg som 23 meir eller mindre skilte grupper av individ. Lemen er ein karakteristisk smågnagar i fjellet. Av andre pattedyr er fjellrev og jerv viktige. Fjellreven er kritisk truga, og det er sett i gang ei rekkje tiltak, under dette Avlsprosjektet, for å sikre at fjellreven framleis skal kunne opplevast i norsk natur. Jerven er sterkt truga, og held først og fremst til i fjellområda langs grensa mot Sverige og Finland frå Hedmark og nordover.

I følgje naturindeksen for Noreg 2012 er tilstanden for naturmangfald i fjellet samla sett god med ein indeks på 0,63, men i enkelte sentrale fjellområde i Sør-Noreg er tilstanden dårlegare. Berre 4,2 pst. (147 arter) av dei truga artene lever i fjellet. Dette betyr ikkje nødvendigvis at den negative påverknaden på naturmangfaldet her er mindre enn i andre system, men heller at delen av arter knytt til fjellet er låg. Døme på truga arter i fjellet er plantene masimjelt, knuthørapp, aksveronika og brannmyrklegg, og fugleartene dobbeltbekkasin og snøugle. Døme på truga naturtypar i fjellet er fuglefjell, jordpyramide og polarørken.

Om lag 75 pst. av areala i nasjonalparkane ligg i fjellområde. I tillegg finn vi om lag 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata i fjellet. Med unntak av dverggås er det førebels ingen prioriterte arter eller utvalte naturtypar i fjellområda.

Vi finn ein stor del av den inngrepsfrie naturen i fjellområda. Det var ein nedgang i bortfall av inngrepsfri natur frå perioden 1988 – 1994 og fram til og med perioden 1998 – 2003, mens det i dei to siste måleperiodane (2003 – 2008 og 2009 – 2013) har vore ein auke frå periodane før. Bortfallet av inngrepsfri natur i siste periode (2009 – 2013) var på om lag 900 km2. Om lag 1/3 av bortfallet var i fjellområda.

Fjellområda er viktige område for friluftsliv for mange, både for fotturar om sommaren og/eller på ski om vinteren. Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking for 2011 viser at i løpet av eit år er åtte av ti nordmenn på fottur i skogen eller på fjellet. 55 pst. har vore på ein lengre fottur i skogen eller på fjellet dei siste tolv månadene. Deltakinga i fotturar i fjellet har auka betydeleg sidan 1970 og fram til i dag, frå 38 pst. deltaking i 1970, 47 pst. i 2001 til 56 pst. i 2011.

Tilstanden i kulturlandskapet

Det opne og svært artsrike kulturlandskapet er eit resultat av menneskelege aktivitetar, og er avhengig av slik aktivitet for å haldast ved like. Utrekningar gjennomførte ved Norsk institutt for skog og landskap indikerer at om lag 20 pst. av arealet i Sør-Noreg viser klar påverknad frå jordbruksverksemd. Til samanlikning dekkjer det aktive produksjonsarealet, dvs. jordbruksområde med innmark, tun og hagar, om lag 3,6 pst. av det totale arealet i Noreg.

Både ekstensive og meir intensivt drivne jordbruksareal har viktige funksjonar som kulturlandskap, leveområde for arter, korridorar og buffersonar. Ekstensive areal som gamle kulturmarker leverer mange viktige fellesgode, som til dømes pollinering, mat, genressursar, opplevingar, identitet i landskapet og historie. Døme på gamle kulturmarker er eng og åker, dammar, strandeng, kystlynghei, haustingsskog, slåttemark og open beitemark. Engvegetasjon, som har oppstått som resultat av slått og/eller beite, er blant dei mest artsrike livsmiljøa i Norden. I Noreg finn vi mellom 650 og 700 plantearter i slike enger, og om lag halvparten av dei finst ikkje andre stader.

Om lag 500 truga arter held til i kulturlandskapet. Dette er i hovudsak sopp, karplanter, biller og sommarfuglar. Døme på truga arter i kulturlandskap er orkideen svartkurle, solblom og billa eremitt. Åkerrikse, svarthalespove og sanglerke er døme på truga fuglearter, mens slåtteeng og kystlynghei er døme på truga naturtypar. Rundt 70 pst. av dagsommarfuglar er knytte til open eng.

I følgje naturindeksen for Noreg har ope lågland (der kulturlandskapet i jordbruket utgjer ein stor del) og skog den dårlegaste tilstanden av alle dei store økosystema med ein indeks på 0,40 i 2012. Samla sett er tilhøva i kulturlandskapet i jordbruket mest bekymringsfullt. Mange areal er pressa av utbygging, gjengroing, driftsendringar og nedlegging.

Dragehovud, honningblom og klippeblåvinge er prioriterte arter, mens slåtteeng og hole eiker er utvalde naturtypar i kulturlandskapet.

Det kulturpåverka landskapet med kulturminne, naturmangfald og naturlege landskapselement skapar karakteristiske og verdifulle landskap med stor opplevingsverdi. Det er òg ein viktig del av «merkevara Noreg» og det turistane kjem for å sjå og oppleve.

Påverknadar

Hav og ferskvatn

Påverknadene på dei marine økosystema og kystsona skuldast menneskelege aktivitetar i havområda slik som fiskeri, skipsfart og petroleumsverksemd, og påverknader utanfrå som langtransportert forureining, havforsuring og klimaendringar som medfører stigande havtemperatur og auka issmelting. Risiko for ulykker og utslepp som kan påverke miljøverdiar er òg ein del av den samla belastninga på dei marine økosystema. I grunne område i kystsona har endringar i arealbruk størst påverknad på naturmangfaldet.

Dei viktigaste truslane mot økosystema og artene i elvar og innsjøar er fysiske inngrep og endringar i arealbruk eller vassføring, forsuring, avrenning frå jordbruket, spreidd avløp og introduksjonar av framande organismar.

I kystsona omfattar arealendringar alle former for nedbygging, utfylling og omdisponering av naturmark til andre formål. For dei mange artene av algar og virvellause dyr som lever på godt beskytta stader i kystsona, i fjordbasseng eller i brakkvatn medfører mudring i strandsona, båthamner, veganlegg og fritidsbusetnad store påverknader. Slike beskytta område er òg viktige gyte- og oppvekstområde for kystbestandar av fisk.

I ytre kystområde og ope hav kan viktige leveområde bli skadde ved fiske med botntrål. Trålinga kan skade eller øydeleggje viktige leveområde og endre karakteren på samfunn av botndyr. Særleg utsett er fastsitjande organismar som korallrev, korallskogar, sjøfjør og svampsamfunn. Spesielt korallane er svært sakteveksande, og ny oppbygging vil ta lang tid. Kartleggjing av havbotn har påvist mange område med sårbare og trua naturtypar, og det er samtidig registrert førekomstar med skadar etter slepande botnreiskapar. Det er strenge restriksjonar på bruk av botntrål i territorialfarvatnet.

I ferskvatn er vassdragsutbygging den viktigaste arealtrusselen. Om lag 1/3 av innsjøarealet er påverka av vasskraftutbygging, og 15 av Noregs 20 høgaste fossefall er regulerte. Etablering av ny vasskraft, og då særskilt små vasskraftverk, har auka betrakteleg dei siste åra. Det er gitt totalt 917 konsesjonar for småkraftverk (1 – 10 MW), og det er bygd om lag 550 mini- og mikrokraftverk (opp til 1 MW). Det ligg i dag i tillegg ein stor mengd konsesjonssøknader i kø hos Noregs vassdrags- og energidirektorat. Mens ein tidlegare har trudd at små vasskraftverk har små miljøkonsekvensar, blir den samla utbyggingsmengda likevel ein reell trussel mot mange miljøkvalitetar som naturmangfald, landskaps- og friluftsinteresser og i nokre tilfelle også kulturminne og kulturmiljø. Inngrep i form av vegar, drenering og gjenfylling er ein trussel mot mindre vassførekomstar.

Hausting er den aktiviteten som har størst direkte påverknad på marine fisk og sjøpattedyr. Ei berekraftig forvaltning av fiskebestandane betyr at det er produksjonsoverskotet i bestanden som det blir hausta av. Når bestandane likevel varierer, kan det komme av at rekrutteringa til bestandane varierer. Dei store kommersielle bestandane, slike som lodde, sild og nordaustatlantisk torsk blir i dag berekraftig utnytta. For kysttorsk og nokre mindre bestandar som blålange og vanleg uer er fiskepresset for stort.

Forureining påverkar miljøtilstand både i marine område, langs kysten og i ferskvatn. Tilførsel av næringssalt (overgjødsling) er eit betydeleg forureiningsproblem, særleg i område med tett busetnad og jordbruksintensive område i kystsona og langs vassdrag. Dei viktigaste tilførslene kjem frå jordbruk, fiskeoppdrett, kommunalt og spreidd avløp og industri.

Forureining frå miljøgifter har vore og er framleis eit stort problem i mange kyst- og fjordområde og i ope hav, sjølv om tiltak gjennom mange år har medverka til å redusere problema. I nordområda er det spesielt problem med miljøgifter som vert transporterte over lange avstandar med luft og havstraumar, og som kjem inn i dei arktiske næringskjedene der dei endar opp i isbjørn, sel og sjøfugl. Mange typar av utslepp til havet når strendene med større eller mindre effekt. Langtransportert forureining via luft- og havstraumar og diffuse utslepp frå land er dei viktigaste kjeldene til miljøfarlege stoff i norske havområde. Oljeforureining kan skuldast operasjonelle utslepp eller utilsikta utslepp frå skip, petroleumsverksemd og landbasert industri. Særleg sjøfugl, sjøpattedyr og strandområde er sårbare for akutte utslepp av olje.

Havet og kysten blir tilført store mengder menneskeskapt avfall. Avfallet kjem frå kjelder både på land og i sjø, og blir spreidd med havstraumar. Gjenstandar av plast, gummi og andre materialar som er vanskelege å bryte ned kan bli verande i miljøet i hundrevis av år, og skader dyr og menneske. Sjølv om det tek lang tid før plast blir broten ned, vil alt materiale av plast som blir utsett for sol, bølgjer, vêr og vind over tid bli delt opp i bitte små bitar som blir omtala som mikroplast. Mikroplast kan òg bli skyld ut i havet gjennom avløp, til dømes som restar frå kosmetikkprodukt eller vaskevatn frå vask av fleeceprodukt. Mikroplast har evna til å overføre miljøgifter til dyr i havet, og det er aukande bekymring for at mikroplast som blir eten av dyreplankton og andre små organismar kan førast vidare til større dyr som et dyreplankton slik at både mikroplasten og miljøgiftene blir transporterte oppover i næringskjeda. Sjøfugl er særleg utsett for plastforsøpling ved at den forvekslar plastfragment med mat. I tillegg følgjer økonomiske og sosiale effektar, som kostnader relaterte til opprydningsarbeid langs kysten, skadar på båtar, tapt fiskeutstyr og reduksjon av kystnaturen sin estetiske verdi.

I ferskvatn er nivået for forsuring som følgje av sur nedbør framleis over tolegrensa i 8 pst. av Noregs landareal, sjølv om forsuringssituasjonen har blitt betre dei 10 – 15 siste åra. Det er særleg område på Sørlandet og Vestlandet som framleis er påverka av forsuring. Forsuring har gjennom fleire tiår ført til store skadar på plante- og dyrelivet i ferskvatn. Mange sniglar og amfibium er gått tapt i store areal på Sørlandet, og det er anslått at 94 pst. av totalt 47 kjende bestandar av elvemusling i Vest- og Aust-Agder er borte. For enkelte grupper av vassplanter er meir enn 50 pst. av dei opphavlege artene tapt frå delar av dei mest forsura vassdraga i Sør-Noreg.

Klimaendringane vil ha store effektar på enkelte arter både i havet og i ferskvatn. Ved auka sjøtemperatur vil arter med nordleg utbreiing bli påverka direkte ved at livsvilkåra blir dårlegare. For tareskogen kan auka sjøtemperatur få alvorlege konsekvensar fordi artene av tare er tilpassa eit relativt kaldt klima. Temperaturauke medverkar saman med overgjødsling og nedslamming til at sukkertaren blir borte. Forsuringa av det marine miljøet vil på sikt kunne få store konsekvensar for ei rekkje marine arter. I kystsona vil høgare vasstand gi endringar i leveområde, og meir hyppig uvêr og sterkare vind vil påverke både planter og dyr.

Spreiing av framande organismar har auka betydeleg dei siste 30 åra. I dei marine områda skuldast dette særleg auke i skipstrafikk mellom ulike havområde og tømming av ballastvatn. Også oppdrett basert på framande organismar har skapt problem ved uønskt spreiing, og ved spreiing av andre organismar som utilsikta har følgt med. Klimaendringane vil venteleg forsterke dette problemet, blant anna grunna varmare vatn.

Også i elvar og vatn er spreiing av framande organismar eit alvorleg trugsmål, og lakseparasitten Gyrodactylus salaris og signalkreps er døme på arter som har hatt negative konsekvensar på økosystema i ferskvatn.

Dei historiske truslane mot dei ville laksestammene, som til dømes sur nedbør, vasskraftutbygging og andre inngrep i vassdrag, blir i dag motverka på ein effektiv måte og vil truleg ikkje føre til ytterlegare nedgang i laksestammene. Også lakseparasitten Gyrodactylus salaris kan handterast, men her må innsatsen for å nedkjempe parasitten førast vidare. Hovudutfordringane for villaksen i dag er i følgje Vitskapeleg råd for lakseforvaltning lakselus og innblanding av oppdrettslaks i dei ville stammene. I nokre tilfelle er hausting òg ei utfordring.

Fleire sjøfuglarter er i sterk tilbakegang, og sjøfuglane er døme på arter som blir påverka av ei rekkje truslar. Klimaendringar, konkurranse med fiskeria og oljeforureining er pekt på som dei viktigaste påverknadar på sjøfugl. Matmangel på grunn av konkurranse mellom sjøfugl og fiskeri er identifisert som ei viktig årsak til problema for mange sjøfuglbestandar, der det blir fiska på dei same bestandane som er sjøfuglane sin mat. Konkurransen er ofte forseinka og indirekte, og vi treng meir kunnskap for å forstå mekanismane og kvantifisere samanhengane. Sjøfugl blir òg påverka av bifangst og forureining.

Natur på land – våtmark, skog, fjell og kulturlandskap

Fysiske inngrep og endra arealbruk er den viktigaste trusselen for arter og naturtypar på land. Minst 1/3 av det opphavlege arealet av myr under skoggrensa er brukt til landbruks- og utbyggingsføremål. I låglandet i Sør-Noreg er ein endå større del av myrene øydelagde som naturlege økosystem. I Vestfold, Østfold og Akershus er så godt som alle større myrer som ikkje er verna øydelagde eller sterkt påverka av tekniske inngrep.

Heilt sidan midten av 1700-talet og fram mot år 2000 har ein i Noreg drive med grøfting av myr for å auke arealet av dyrka mark og for å auke skogproduksjonen. I perioden 1919 – 1996 blei det gitt tilskot til oppdyrking av om lag 2000 km2 myr, og meir enn 4000 km2 myr er grøfta for skogplanting. For slike landbruksføremål er rikmyrene best eigna, og det er no berre att små areal av rikmyrer i låglandet. Bruk av myr til torvstrø og brenntorv har gått hardast ut over nedbørsmyrene. I tillegg kjem nedbygging til vegar, idrettsanlegg, tomtegrunn og vassmagasin knytte til kraftutbyggingar. Mange arter i flaummark er blitt sjeldne som følgje av kraftutbyggingar. Døme på dette er karplantene sibirstjerne, småjonsokblom og kveinhavre. Billa elvesandjeger og fuglen fjellmyrløpar er døme på sjeldne dyr.

Fjellområda har dei siste tiåra vore utsette for fleire store fysiske inngrep som følgje av vasskraftutbyggingar som gir store inngrep utanom sjølve vassdraget i form av blant anna vegar og neddemming av areal. Bygging av vegar og kraftlinjer fører til fragmentering av område og påverkar trekkmønsteret til villrein og truleg og andre dyr som trekkjer over større område. Hyttebygging skjer som oftast i randsonene av fjellet, men gir òg ringverknader oppover i fjellet. Fjellområde med reisetid inntil 3 – 4 timar frå dei større byane har hatt ein sterk vekst i talet på fritidsbustader dei seinare åra, og fleire stader er det konflikt og vanskelege avvegingar mellom natur- og friluftsinteresser og utbyggingsinteresser. Det er eit generelt press for utbygging inn mot fleire verneområde.

Skoglandskapet blir i dag i stor grad forma av bestandsskogbruket med hogstflater, plantefelt og skogsvegar. Bestandsskogbruket inneber at bartre blir hogde ved ein alder på ca. 80 år, mens den økologiske alderen er opptil 500 år for gran og 7 – 800 år for furu. Nokre stader i høgare liggjande skogstrøk ligg store areal med hytter og alpinanlegg. I låglandet kring byar og tettstader har skogen nokre stader måtta vike for ny busetnad og industri. Samla sett har det totale tømmervolumet auka mykje dei siste tiåra, mellom anna som følgje av storstilt treplanting og skogskjøtsel sidan 1950-talet.

Skogbruk er i Norsk raudliste for arter 2010 oppført som negativ faktor for meir enn 1400 av dei truga artene i skog. Det er særleg hogst som er ein negativ faktor for mange arter, men treslagsskifte og skogsvegar påverkar òg eit betydeleg tal arter negativt. Når tre blir hogde blir strukturen og samansetninga av skogen endra. Ved flatehogst er endringane spesielt store i og med at nesten alle trea blir fjerna. Få tre blir ståande til dei blir fleire hundre år gamle, og mengda av død ved blir i eit skogbruksareal vesentleg redusert samanlikna med naturskogar. Ein stor del av dei truga artene i skog lever i eller av død ved. Mange av dei er avhengige av spesielle kvalitetar av død ved, som til dømes av grove dimensjonar og ulike nedbrytingsstadium. Ein annan effekt av hogst og planting er at dei lokale klimatilhøva endrar seg. Først blir det skapt lysopne, varme og tørre hogstflater som seinare blir til mørke og kjølige plantefelt. Bygging av nye skogsvegar kan vere problematisk for ulike typar av naturverdiar, og fører ofte til hogst i gamal skog som er levestad for truga arter.

Kulturlandskapet, dei mange kulturhistoriske verdiane og det store naturmangfaldet ein finn her, er heilt avhengig av menneskeleg aktivitet for å kunne haldast ved like. Fråflytting, nedlegging av bruk og omdisponering av areal til utbyggingsføremål påverkar i stor grad kulturminne og naturmangfaldet i kulturlandskapet.

Endra driftsformer i jord- og skogbruket er òg ein særs viktig påverknad for utviklinga i jordbrukets kulturlandskap. Det gamle arealkrevjande jordbruket er erstatta med intensiv drift på dei mest produktive areala, særleg i dei sentrale strøka. Faktorar som har påverka om lag 25 pst. av dei truga artene i desse områda er mellom anna pløying, gjødsling, bruk av sprøytemiddel og manglande eller for høgt beitetrykk.

Naturmangfaldet i våtmark, skog og fjell blir òg påverka av dei nye driftsmetodane i jord- og skogbruk. Myrer og flaummarker har gjennom generasjonar vore hausta gjennom husdyrbeite og utmarksslått, men i 1950-åra blei det slutt på slik bruk. Resultatet i dag er attgroing og store endringar i dei artsrike, kulturprega naturtypane. Ei rekkje arter som krev mykje lys og open vegetasjon, som til dømes den truga orkideen svartkurle, får problem med å overleve.

Sjølv om få menneske bur fast i fjellområda, er ei rekkje av desse områda sterkt prega av og forma av mennesket. Husdyrbeite i fjellet og fjellbjørkeskogen er ein gammal aktivitet som etter kvart utvikla seg til å bli ein viktig del av jordbruket gjennom etablering av setrar i fjell og fjellnære strøk. Frå om lag 100000 setrar som var i drift i 1850, var vi nede i om lag 1000 setrar i 2013. Kulturpåverka naturtypar knytte til seterbruk er derfor i sterk tilbakegang. Sjølv om seterdrifta er kraftig redusert, er det framleis omfattande husdyrbeiting i fjellområda. Moderat beite har ein positiv effekt for mange arter, men dei økologiske effektane av beite varierer avhengig av type beitedyr og mengda av dei. Utrekningar frå Hardangervidda viser at enkelte område har beitegrunnlag for meir sau, mens det i Setesdalsheiane er område med meir sau enn det er beite til. Finnmarksvidda er eit viktig vinterbeite for tamrein, og her er lavdekket blitt betydeleg redusert som følgje av overbeite. I områda langs skoggrensa har reduksjon i hogst og slått og endring i husdyrbeite ført til gjengroing. Den tradisjonelle bruken og stølsdrifta går framleis tilbake, og tregrensa er flytta høgare opp mange stader.

Styving og lauving av haustingsskogane er døme på ei gamal driftsform som har gitt arter nye og attraktive leveområde. Dei er særleg rike på mosar, sopp og lav fordi trea blir så gamle grunna styvinga og lauvinga. I dag finst denne driftsforma berre nokre få stader i Sør-Noreg.

Framande organismar skader naturmangfaldet ved at dei konkurrerer ut dei artene som høyrer naturleg heime i økosystemet, og dei medverkar på den måten til å endre struktur og samansetjing i økosystemet. Det er over lang tid nytta eit stort tal framande treslag i skogbruket, også utanlandske treslag som høyrer heime på andre kontinent. Det er dokumentert at desse utplanta framande treslaga spreier seg i stor grad i norsk natur, noko som mellom anna er ein trussel mot verneverdiane i fleire verneområde. Framande organismar kan òg truge naturmangfald i kulturlandskapet og produksjonen i landbruket.

Klimaendringar vil mellom anna gi mildare klima, lengre vekstsesong og meir nedbør. Dette vil på sikt påverke samansetninga av arter i økosystem på land, og nokre arter og naturtypar vil få problem med å overleve. Mange av artene som er tilpassa fjellmiljøet vil få det spesielt vanskeleg. Ettersom temperaturen aukar kan dei «flytte» til høgareliggande område, men etterkvart har dei ingen stader å flytte til. Eit anna døme er dei nordlege bjørkeskogane som ikkje er spesielt artsrike, men som representerer ein særeigen skogstype for Norden. Bjørkeskogen vert normalt angripen av målarlarver med om lag ti års mellomrom. Kraftige angrep fører til at skogen døyr, og blir fornya over store areal. Klimaendringar kan føre til endringar i frekvens og lokalisering av desse insektangrepa, med konsekvensar også for andre arter som lever i dei nordlege bjørkeskogane. Endra miljø for enkelte nøkkelarter kan føre til endringar i næringsnettet. Eit døme på dette er smågnagarar som tidlegare hadde toppar med 3 – 5 års mellomrom i nordleg del av Skandinavia. Dei siste tiåra har smågnagarsyklusane vore betydeleg svakare med mindre toppar og lengre tid mellom toppane. Dette påverkar dei artene som lever av smågnagarar. Eit særtrekk ved påverknad frå klimaendringar er at dei forsterkar negative effektar av andre truslar, til dømes endra driftsformer, forureining og framande organismar. Eit varmare klima aukar òg prosessen med gjengroing.

Av truslar frå forureining er miljøgiftene den viktigaste for artene på land. Effektane av miljøgifter blir nærare omtalt under resultatområde 4 Forureining.

Aukande motorferdsle påverker kvaliteten på norsk natur som tur- og turistobjekt, både innanfor og utanfor verneområda. Det totale talet på snøskuterar har auka jamt frå om lag 53 500 i 2003 til om lag 76 400 ved utgangen av 2013. Auken frå 2012 til 2013 er på om lag 3000. Talet på barmarkskøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til 44 774 pr. 31. desember 2013. Talet har auka med nær 12000 berre dei tre siste åra. Dette betyr at omfanget av motorferdsle i utmark har auka kraftig.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdslelova og den nasjonale forskrifta viser at det i 2013 vart behandla 120 151 søknader om dispensasjon for motorferdsle i utmark. Av desse vart 96 pst. godkjende, ein stor del av desse handla om motorferdsle i fjellet. I tillegg kjem dispensasjonar som er gitt for fleire år, slik at det i 2013 var 25 931 aktive dispensasjonar. For barmarkskøyring vart det totalt godkjent 1351 søknader i 2013.

Undersøkingar viser at for mange, ikkje minst utanlandske turistar, er stille noko av det som er oppfatta som unikt ved den norsk natur. Motorferdsle har negative effektar på dyre- og plantelivet òg. I sårbare område med liten tilvekst, spesielt i fjellområda, gjer barmarkskøyring stor skade. Sår i terrenget brukar lang tid på å lækjast, nokre gror aldri til. For planter og annan vegetasjon er skadane langt mindre for snøskuter enn for barmarkskøyring. Men også køyring på vinterføre kan gi mekaniske skadar på dvergbjørk og vier i lynghei og dvergbjørkhei, av den direkte kontakten mellom skuter og buskene. Køyring med snøskuter på mark som ikkje er snødekt gir stor skade på vegetasjonen og øvre jordlag. Snøskuteren sin store fart og evne til å komme fram over alt aukar stressbelastninga på dyrelivet, og opnar for tilgjenge til tidlegare uforstyrra område. Forstyrringar gir mindre beitetid og mindre tid for inntak av mat for mellom anna villrein, kongeørn og andre rovfuglar. Hekkande rovfuglar kan oppleve mislykka hekkingar på grunn av auka bruk av snøskuter.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald

Arbeidet med Nasjonal handlingsplan for naturmangfald

På det 10. partsmøtet under Konvensjonen om biologisk mangfold i Nagoya i 2010 blei det vedteke ein ny strategisk plan (2011 – 2020) med nye globale mål for biologisk mangfald fram mot 2020. Den langsiktige visjonen er at «i 2050 er det biologiske mangfaldet verdsatt, bevart, restaurert og bærekraftig brukt på en måte som vedlikeholder økosystemtjenester, opprettholder en sunn planet og gir livsviktige goder til alle mennesker». Det meir kortsiktige målet fram mot 2020 gjeld mellom anna effektiv og rask handling for å stanse tapet av biologisk mangfald. Det er òg gitt konkrete mål om restaurering av økosystem med dårleg tilstand og om å ta vare på eit representativt utval av natur. Eit viktig element i den strategiske planen fram mot 2020 er at alle land innan 2015 skal ha «utviklet, vedtatt og begynt gjennomføringen av en nasjonal strategi og handlingsplan for biologisk mangfold som er effektiv, oppdatert og basert på medvirkning.»

Nagoyamåla krev samla sett at Noreg har ein strategi for å nå god tilstand i økosystema, under dette startar restaureringsarbeid i visse område, reverserer trenden for truga natur og sikrar eit representativt utval av norsk natur. Regjeringas politikk for å følgje opp dette vil bli operasjonalisert i den nasjonale handlingsplanen for naturmangfald. Arbeidet med handlingsplanen er starta, og vil etter planen liggje føre våren 2015. Arbeidet krev eit breitt sektorsamarbeid.

Heilskapeleg forvaltning av havområda – forvaltningsplanar

Dei heilskapelege forvaltningsplanane for havområda er Regjeringas verktøy for å samordne berekraftig bruk og skjerming av dei marine økosystema i dei norske havområda. Forvaltningsplanane dekkjer havområda frå grunnlinja og utover i ope hav og påverknader som følgje av menneskeleg aktivitet i desse områda. Formålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystemtenester i havområda, og samtidig halde oppe struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald i økosystema.

Eit godt kunnskapsgrunnlag er sentralt i utarbeiding, oppdatering og revidering av forvaltningsplanane. Kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO, har gitt betydeleg ny kunnskap om marin natur, og vil bli ført vidare i 2015. Kartleggings- og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP, har skaffa viktige data om sjøfuglbestandane og grunnar til nedgangen i desse. Dette programmet vil òg bli ført vidare.

Klimaendringar og havforsuring er av dei største utfordringane havmiljøet står overfor i tida framover. Forsking på verknadene av havforsuring er i startgropa, men vi veit at endringar skjer raskast i dei kalde farvatna i nord og at dyr som er avhengige av kalkskal vil vere særleg sårbare. Det er derfor viktig å skaffe betre kunnskap om utviklinga i forsuringa i havet og om effektane av forsuring både på enkeltarter, i næringskjeda og på økosystema. For å oppnå dette er det avgjerande å halde ved lag ei dekkjande og langsiktig overvaking.

Marine verneområde

Oppretting av marine verneområde etter naturmangfaldlova og marine beskytta område er eit viktig verkemiddel innanfor ein heilskapleg havmiljøpolitikk og økosystembasert forvaltning. I tillegg til å hindre tap av naturmangfald og sikre ressursgrunnlaget er målet med dette å bevare eit representativt utval av marin natur for kommande generasjonar og som referanseområde for forsking og miljøovervakning. Det blei i 2004 identifisert 36 kandidatområde for marint vern. Dei tre første marine verneområda vart oppretta sommaren 2013. Det blir vurdert nye marine verneområder for mulige vedtak i 2014 og 2015

Tiltak mot marin forsøpling

Innsatsen for å halde nede marin forsøpling er trappa opp. Frivillige organisasjonar, velforeiningar, skuleklassar og enkeltpersonar gjer ein stor innsats med å rydde søppel frå strender og i skjergarden. Regjeringa vil støtte opp om frivillige oppryddingstiltak, haldningsskapande arbeid og lokalt engasjement i arbeidet mot marint søppel, mellom anna ved å medverke til vidareføring av den årlege strandryddedagen i regi av Hald Noreg Reint. Tiltak for å redusere tilførsel av plastavfall og anna søppel er ein del av avfallspolitikken og er omtalt under resultatområde 4.

Regjeringa vil prioritere gjennomføring av tiltak under handlingsplanen mot marin forsøpling under OSPAR-konvensjonen. Innanfor OSPAR har Noreg teke leiaransvar på utvikling av tiltak for reduksjon av plastavfall frå fiskerinæringa og utgreiing av best tilgjengelege teknikkar for reinsing av mikroplast i kloakkreinseanlegg. Oppfølging av det norske forslaget om mikroplast som blei vedteke av FNs miljøforsamling UNEA i 2014, har òg høg prioritet.

Heilskapleg vassforvaltning

Gjennomføring av EU sitt vassdirektiv som er nedfelt i vassforskrifta om heilskapeleg vassforvaltning, er eit viktig verktøy for å sikre god tilstand i norske vassførekomstar. I samsvar med vassforskrifta skal regionale vassforvaltningsplanar, som har vore på høyring i 2014, bli vedtekne av dei aktuelle fylkestinga og godkjende ved kongeleg resolusjon i løpet av 2015. For vassområde som har vore med i pilotfasen frå 2009, og som no gjennomfører sine tiltaksprogram, blir planane rullerte og innlemma i dei nye planane. Ved utgangen av 2012 var nær halvparten av om lag 1500 tiltak som vart vedtekne i 2010 sette i verk, og resten vert i stor monn sett i verk i 2014 – 15.

Vassdirektivet stiller krav om etablering av eit system for vassovervaking. Ein gjennomgang då vassdirektivet vart innlemma i EØS-avtala i 2007, jf. St. prp. 75 (2007 – 2008), syner blant anna at dette føreset at ein måler på andre stader og på andre kvalitetselement enn det vi gjer i dag. Gjennomgangen synte behov for ei vesentleg auke i løyvingar til vassforvaltning og overvaking av vassførekomstane. Tilstandsvurdering basert på godt datagrunnlag finst i dag for om lag 7 pst. av vassførekomstane. Regjeringa aukar løyvinga til vassforvaltning noko i 2015, og vil samtidig vurdere behovet for endringar i overvakinga av vassførekomstane for å ivareta krava i vassdirektivet.

Forvaltning av villaksen

Eit godt vassmiljø er ein føresetnad for god tilstand for dei artene som lever der. Dette er likevel ikkje tilstrekkeleg. I tillegg til økosystemforvaltninga, blir det arbeidd med ein del tiltak som er konkret retta mot enkelte arter.

For å ta vare på dei nordatlantiske villaksstammene har det i mange år vore gjennomført ei rekkje ulike tiltak. Viktige tiltak i 2015:

  • Kalking av laksevassdrag som er ramma av forsuring vil halde fram i 2015.

  • Arbeidet med å utrydde parasitten Gyrodactylus salaris vil bli ført vidare i tråd med oppdaterte faglege tilrådingar.

  • I Raumaregionen vil arbeidet med reetablering av fiskestammene bli starta i 2015. Oppfølging av Lærdals- og Vefsnregionane vil bli prioritert med blant anna overvaking og vidare oppbygging av fiskestammene.

  • Første rotenonbehandling i Skibotnregionen er planlagt i 2015.

  • Arbeidet med oppbevaring og oppbygging av lokale fiskestammer i genbank vil halde fram.

  • Det er sett i gang ein prosess for å gjennomgå reguleringane i laksefisket, med sikte på at ny forskrift om laksefiske i sjø og elv skal tre i kraft i 2016. Ei ny avtale med Finland om fisket m.v. i Tanavassdraget skal etter planen tre i kraft i 2016.

Kvalitetsnorm for villaks skal vere eit verktøy både for miljøstyresmaktene og for andre styresmakter i forvaltninga av saker som er viktige for villaksen. I 2015 vil Klima- og miljødepartementet føre vidare arbeidet med å klassifisere dei viktigaste bestandane etter norma. Norma vil vere eit hjelpemiddel for å identifisere tilstanden til dei ulike laksestammene, og vil verke saman med målemetodar og grenseverdiar for lus og rømming innan oppdrett som Nærings- og fiskeridepartementet utviklar. Arbeidet med å kvalitetssikre risikovurderingar knytte til påverknader frå lakselus og rømt oppdrettsfisk vil halde fram. Tiltak mot lakselus og rømming er òg omtalt i Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon.

Berekraftig vasskraftproduksjon

Internasjonale juridiske forpliktingar gjennom fornybardirektivet og tidlegare vedtekne verkemiddel som elsertifikatordninga, har ført til stor auke i talet på omsøkte og konsesjonsgitte små vasskraftverk. Talet på nye konsesjonssøknader som er til behandling i Noregs vassdrags- og energidirektorat tyder på at det fram mot 2020 truleg vil bli gitt konsesjon og bygd ytterlegare fleire små vasskraftverk.

Noreg har allereie bygd ut mange vasskraftverk, og vasskraftproduksjon gir i dag den tredje største påverknaden av vassdrag i Noreg. Sjølv om miljøkonsekvensane i kvart enkelt småkraftverk ofte er relativt avgrensa, fører mange nye, små vasskraftverk til store utfordringar i arbeidet med å gjennomføre gode vurderingar av konsekvensar for viktige miljøverdiar og den samla belastninga på arter og økosystem i og ved vassdrag og for vassdragslandskapet. Miljøforvaltninga arbeider med å betre kunnskapsstatus og metodeutvikling for å auke kvaliteten på vurderingar av same belastning. Noregs vassdrags- og energidirektorat har òg starta ein praksis med å gjennomføre meir samtidige og samla vurderingar av fleire søknader om små vasskraftverk som er lokaliserte innanfor same område. Dette gjer det lettare for styresmaktene og allmenta å vurdere den samla belastninga av mange nye inngrep.

Det blir arbeidd kontinuerleg med å betre kunnskapen om miljøverdiane i vassdraga. Dei vassforvaltningsplanane som blir vedtekne i 2015 inneheld mellom anna ein beskriving av miljøtilstanden, tiltak som er nødvendige for å rette opp tilstanden der denne ikkje er god nok og kven som skal syte for at tiltaka blir gjennomførte.

Miljødirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat har tidlegare gjennomført ein kartlegging av kor det i allereie utbygde vassdrag vil vere viktig å betre og rette opp tidlegare skader på vassdragsmiljøet som følgje av vasskraftutbyggingar. I dei nasjonale føringane for arbeidet med vassforvaltningsplanane er dette følgt opp med råd om kva for slags vassdrag som bør prioriterast med tiltak for miljøforbetring, tiltak som òg vil kunne føre til noko redusert kraftproduksjon. Slike miljøtiltak i utbygde vassdrag vil bli vurderte av nasjonale styresmakter når dei aktuelle konsesjonane kjem opp til vilkårsrevisjon. Her vil samfunnsnytten som ulike miljøgevinstar av tiltaket bli vurdert opp mot samfunnkostnaden i form av redusert kraftproduksjon. Ei oversikt utarbeidd i samarbeid mellom Noregs vassdrags- og energidirektorat og Miljødirektoratet viser allereie no at potensialet for miljøforbetring i mange av dei utbygde vassdraga er stort med relativt avgrensa reduksjonar i kraftproduksjonen. Mange tiltak for å betre miljøet kan òg gjennomførast i utbygde vassdrag utan at det vil føre til redusert kraftproduksjon. Vassforvaltningsplanane vil gi ei viktig samla oversikt over miljøforbetrande tiltak som bør gjennomførast av ulike nasjonale sektorstyresmakter, kommunar og private aktørar som er ansvarlege for negativ påverknad på vassdragsmiljøet.

Miljøstyresmaktene kan òg i mange tilfelle med heimel i eksisterande konsesjonsvilkår påleggje konsesjonseigar undersøkingar om miljøeffektane av tidlegare vasskraftutbyggingar, og også påleggje ulike miljøforbetrande og avbøtande tiltak. Behovet for miljøforbetrande tiltak i allereie utbygde vassdrag aukar i takt med mange nye inngrep i vassdragsmiljøet.

Sikring av verneverdiane i nasjonalparkane og andre verna område

Dei verna områda representerer store ressursar og høve til opplevingar, samtidig som dei sikrar naturverdiar og områda sin funksjon som leveområde for planter og dyr. God forvaltning i desse områda som byggjer opp under verneformålet slik at verneverdiane ikkje blir reduserte eller øydelagde som følgje av inngrep eller bruk som ikkje er berekraftig er ein føresetnad, både for å ta vare på dei økosystema som er sikra for framtidige opplevingar og for verdiskaping i utmarkskommunane no og i framtida.

Forvaltninga må vere kunnskapsbasert og ha ei god lokal forankring. Der det er naudsynt skal alle verneområde ha skjøtsels- og forvaltningsplanar. Slike planar gir konkrete forvaltnings- eller bevaringsmål for området, retningslinjer om bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging. På den måten medverkar forvaltningsplanane til å oppretthalde og fremje naturverdiane i verneområda. Dei siste åra har forvaltningsplanar for Ramsarområde blitt prioriterte, og dei fleste eldre Ramsarområda har no ein ferdig forvaltningsplan, eller ein slik plan er under arbeid. Arbeidet med å utarbeide forvaltningsplanar for alle Ramsarområda som vart melde inn til Ramsarkonvensjonen i perioden 2011 – 2013 vil halde fram i 2015. Det skal òg utarbeidast forvaltningsplanar for dei verna våtmarksområda som ikkje er Ramsarområde. Ein del verna våtmarksområde har ei avgrensing som vart vurdert som riktig på vernetidspunktet, men som vi med ny kunnskap vurderer som for små til at dei økologiske funksjonane i områda kan bli oppretthaldne. Miljødirektoratet har starta ein gjennomgang av prioriterte Ramsarområde for å vurdere om det er behov for ei anna avgrensing. Samtidig blir dei gamle verneforskriftene vurderte og oppdaterte i tråd med naturmangfaldlova.

Skjøtsel og tilrettelegging er viktige tiltak for å ta vare på verneverdiane. Ulike miljøverkemiddel i landbruks- og miljøforvaltninga medverkar til skjøtsel og istandsetjing av naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet. Det er behov for å arbeide vidare med målretting og samordning av desse. Ein viktig føresetnad er eit godt samarbeid mellom naturforvaltninga, landbrukssektoren og grunneigarar. Miljøverkemidla som blir innvilga over jordbruksavtala skal utgreiast med sikte på meir målretting og forenkling. Utgreiinga skal òg sjåast i samanheng med verkemiddel på Klima- og miljødepartementet sitt område, som til dømes utvalde naturtypar og prioriterte arter.

Skogreservat er oftast lite skjøtselkrevjande, og i mange tilfelle gir fri utvikling av skogen best resultat for naturmangfaldet. For ein del område er det likevel behov for tiltak, til dømes fjerning av framande treslag. Dette er mellom anna utanlandske treslag som sitkagran, som tidlegare er planta ut i skogbruket og som no spreier seg i stor grad både innanfor og utanfor verneområde. Det er prioritert å fjerne slike treslag før skadane på stadeigne arter og naturtypar i verneområda blir uopprettelege, og før spreiinga kjem ut av kontroll.

Lokal forvaltning av verneområde

Modellen for lokal forvaltning av nasjonalparkane og dei store verneområda er no i all hovudsak etablert. Det er etablert 43 nasjonalpark-/verneområdestyre, det er tilsett 48 nasjonalpark-/verneområdeforvaltarar og det er etablert 37 forvaltningsknutepunkt. Om lag 80 pst av det verna arealet på fastlandet blir no forvalta lokalt gjennom nasjonalpark- og verneområdestyra.

Klima- og miljødepartementet følgjer fortløpande opp forvaltninga av verneområda for å sikre at forvaltninga skjer innanfor ramma av naturmangfaldlova, verneforskrifter og forvaltningsplanen for det enkelte området. Departementet vil arbeide aktivt for å sikre ei tydeleg rolledeling mellom nasjonalpark-/verneområdestyra, Fylkesmannen og nasjonalparkforvaltaren. Dei fagleg rådgivande utvala er ein viktig føresetnad for at grunneigarar og andre brukarinteresser skal ha medverknad i forvaltninga. Departementet vil derfor sikre at det blir oppretta fagleg rådgivande utval slik som føresett, og slik at desse utvala utnyttar den viktige rolla dei er meint å ha i forvaltninga av verneområda.

Riksrevisjonen har som del av ein internasjonal samarbeidsrevisjon om forvaltning av nasjonalparkar (Riksrevisjonens administrative rapport nr. 1 2014), undersøkt nasjonalparkane som blir forvalta av nasjonalparkstyre, jf. modellen som blei innført for lokal forvaltning av nasjonalparkar og andre store verneområde gjennom behandlinga av Prop. 1 S (2009 – 2010), side 218 – 226. I sin rapport peikar Riksrevisjonen på at modellen har gitt større grunnlag for medverknad og betre samhandling lokalt, at motsetningar er dempa og konfliktar førebygde. Modellen har medverka til at både erfaringsbasert, lokal kunnskap, og vitskapeleg og forskingsbasert kunnskap nå er lagt til grunn i forvaltninga.

Riksrevisjonen gjer merksam på at innføringa av modellen ikkje fullt ut er i samsvar med Stortingets vedtak når det gjeld kven som nemner opp styra. I Prop. 1 S (2009 – 2010) er det fastsett at styra skal veljast av kommunestyra, og at det i tillegg til representantar frå kommunane skal oppnemnast representantar frå fylkestinget frå den/dei aktuelle fylkeskommunane. Vidare står det at Sametinget skal oppnemne representant(ar) i område med samiske interesser. Styra er likevel omtalt som «interkommunale styre». I ettertid ser departementet at dette er ei noko misvisande omtale av styra i lys av at dei òg består av representantar frå fylkeskommunar og representantar oppnemnt av Sametinget.

Departementet ser òg at Prop. 1 S (2009 – 2010) er upresis når det gjeld omtala av kven som skal oppnemne styra. Det framgår på den eine sida at «styrene velges av kommunestyrene». På annan plass står et at styremedlemmer skal oppnemnast av fylkestinget og Sametinget. Sidan medlemmer òg blir oppnemnde av andre organ enn kommunar, blir det ikkje rett å leggje til grunn at styra skal oppnemnast av kommunan(e) åleine. Det er vidare ein føresetnad i Prop. 1 S (2009 – 2010) at det ved etablering av det enkelte styret skulle vurderast om det var behov for spesielle lokale tilpassingar i samansetjinga av styret. Det har i fleire tilfelle vore usemje mellom kommunane eller mellom kommunane og Sametinget om kor mange representantar den enkelte kommunen eller Sametinget skal ha i styra. Slike situasjonar vil bli vanskelegare å løyse dersom styra blir oppnemnde direkte av berørte kommunestyre. Då styra òg skal bestå av representantar oppnemnde frå andre organ enn berørte kommunar, og sidan det kan vere behov for lokale tilpassingar, bør oppnemning skje frå overordna organ, etter innstilling frå kommunane, fylkestinget og Sametinget. Departementet har derfor lagt til grunn ein slik praksis. Departementet kan ikkje sjå at avviket mellom Prop. 1 S (2009 – 2010) og dagens praksis for styreoppnemning har fått praktiske konsekvensar for innføringa av den lokale forvaltningsmodellen, eller ført til følgjefeil i forvaltninga av verneområda.

Riksrevisjonen skriv vidare i sin rapport at forvaltninga av nasjonalparkane ser ut til å ha blitt lite tids- og kostnadseffektiv fordi det blei innført tre nivå i samanheng med klagebehandling av vedtak fatta av nasjonalpark-/verneområdestyret. Klima- og miljødepartementet vil derfor delegere klagemyndet for vedtak fatta av styra til Miljødirektoratet.

I sin omtale av tids- og kostnadseffektivitet trekker Riksrevisjonen fram at finansieringa av nasjonalparkforvaltninga er fragmentert. Departementet vil her vise til at alle midlar til forvaltninga av verneområde er samla under budsjettet til Miljødirektoratet (kap 1420), med unntak for midlane til nasjonalpark-/verneområdeforvaltarane som frå og med 2014 er plasserte på kap 525 Fylkesmannsembeta under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Mens drifta av styra blir finansiert frå Miljødirektoratets budsjett over kap. 1420, post 21 Spesielle driftsutgifter, blir konkrete forvaltningstiltak i verneområda finansierte over kap. 1420, post 31 Tiltak i verneområde. Miljødirektoratet ved Statens naturoppsyn gjennomfører ein bestillingsdialog med verneområdestyra om fordelinga av hovuddelen av midlane på post 31. Bestillingsdialogen med Statens naturoppsyn er naudsynt for å kunne gjennomføre ei riktig nasjonal prioritering og fordeling av ressursane som er tilgjengelege for forvaltning av verneområda. Nasjonalpark-/verneområdestyra prioriterer sjølve bruken av dei tildelte midlane. Det er ein føresetnad at alle tiltak skal vere i tråd med godkjent forvaltnings/skjøtselsplan for verneområda og andre relevante styringsdokument.

Naturinformasjonssentra og verdiskaping

Formidling og informasjon er eit viktig verkemiddel for å sikre naturverdiane. Miljødirektoratet har autorisert til saman 24 naturinformasjonssenter fordelt på nasjonalparkar (15), rovvilt (3) og våtmark (5), inkludert Stiftelsen Norsk Villreinsenter med dei to driftseiningane på Skinnarbu i Tinn kommune og på Hjerkinn i Dovre kommune. Sentra skal formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av natur- og verneområde. Villreinsentret formidlar kunnskap om villrein og medverkar til ei god forvaltning av villreinen i Noreg. Rovviltsentra er faglege, nøytrale kunnskapsarenaer om rovdyr i norsk natur – bjørn, ulv, jerv og gaupe. Våtmarkssentra sprer kunnskap om verdiane og økosystemtenestene frå våtmark, spesielt til barn og unge.

Arbeidet med å utvikle ein merkevare- og kommunikasjonsstrategi for nasjonalparkar er starta, og held fram i 2015. Merkevarestrategien skal mellom anna medverke til å gi nasjonalparkane ein meir tydeleg identitet, sikre meir heilskapleg informasjon om nasjonalparkane sine verdiar og attraksjonar og informasjonssentra sine tilbod. Strategien skal og medverke til å styrkje nasjonalparkane som attraksjonar for besøkande gjennom høg kvalitet på tilbodet i og rundt parkane. Målet er at fleire skal bruke nasjonalparkane, og at den lokale verdiskapinga, mellom anna i reiselivet, kan auke. Samtidig skal naturverdiane i parkane sikrast på ein endå betre måte.

Parallelt med merkevarestrategien skal eit utval nasjonalparkar utvikle besøksstrategiar, planar for korleis besøkande kan takast i mot, opplevingskvaliteten kan aukast og verneverdiane oppretthaldast, for å førebu seg på auka besøk. Dei fire utvalde er Rondane, Jotunheimen, Varangerhalvøya og Hallingskarvet nasjonalparkar. Slike besøksstrategiar vil vere eit viktig tillegg til dagens forvaltningsplanar.

Arbeidet i nasjonalparkkommunar og nasjonalparklandsbyar held fram i 2015, og vil bli tettare koordinert enn tidlegare. Desse ordningane gir kommunane ein kanal til å samarbeide for at verneområda skal skape positive ringverknader i lokalsamfunna.

Sikring av truga arter og naturtypar

Det viktigaste tiltaket for å sikre truga arter og naturtypar er å ta vare på leveområda og førekomstar gjennom mellom anna vern og andre verkemiddel for å sikre område. Andre viktige verkemiddel er å gi arter status som prioriterte arter og naturtypar status som utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på truga arter og naturtypar. Arbeidet med å ta vare på truga og sårbare arter vil halde fram. I Regjeringas nasjonale handlingsplan for naturmangfald vil vurdering av verkemiddel for å ta vare på truga natur bli eit viktig tema.

Kunnskap om kor dei truga artene lever og korleis dei skal takast vare på er avgjerande for å kunne vurdere tiltak. Satsinga på kartlegging og overvaking, med tilgjengeleggjering av kunnskap bl.a. gjennom Artskart og Naturbasen, vil bli ført vidare.

Rovviltforvaltning

Dagens forvaltning av våre rovviltarter byggjer på rovviltforliket frå 2004 og 2011. Forvaltninga skal skje i samsvar med internasjonale forpliktingar og innanfor ramma av naturmangfaldlova. I rovviltforliket frå 2011 blei den todelte målsetjinga om å ta vare på høvesvis beitenæring og rovvilt vidareført.

Det viktigaste verkemiddelet for å nå måla er ei arealdifferensiert forvaltning der ulike geografiske område blir prioriterte til høvesvis beitedyr og rovvilt. Det er rovviltnemndene i dei ulike forvaltningsregionane som gjennom sine forvaltningsplanar har ansvaret for den geografiske differensieringa i sin region. Unntaket er for ulv, der Stortinget har avgrensa forvaltningsområdet for ynglande ulv.

I tråd med føringane i rovviltforliket frå 2011 vil Regjeringa i 2015 fremje ei sak for Stortinget om bestandsmål for ulv, og avgrensing av forvaltningsområde for ynglande ulv. Bestandsmåla skal nåast i prioriterte rovviltområde. I tråd med rovviltforliket frå 2011 vil arbeidet med å halde bestandane av brunbjørn, ulv, jerv og gaupe så nær bestandsmålet som mogleg bli ført vidare. Lisensfelling av ulv, jerv og brunbjørn og kvotejakt for gaupe, er dei viktigaste verkemidla i reguleringa av bestandane. Det vil bli lagt vekt på å få breiast mogleg aksept for rovviltpolitikken. For å komme nærare det nasjonale bestandsmålet for jerv har miljøstyresmaktene dei siste åra sett seg nøydd til å gjennomføre ekstraordinære uttak av jerv før beitesesongen. Forvaltninga vil framleis gjennomføre slike uttak der det er naudsynt. I tråd med rovviltforliket vil styresmaktene i større grad enn tidlegare vurdere slike uttak før lisensfellingsperioden er over. Vidare skal det framleis vere fokus på å auke kompetansen hos jegerane, slik at lisensfellinga blir meir effektiv.

Det skal leggjast vekt på å gi realistiske lisensfellingskvotar, som skal setjast i verk så langt råd er. Vidare vil alle forvaltningstyresmakter i rovviltforvaltninga ha høg beredskap og tett oppfølging med beitenæringa slik at vi så langt det er mogleg sikrar at uttak av skadegjerande rovvilt blir gjennomført i prioriterte beiteområde.

Rovviltnemndene skal arbeide for ei meir tydeleg soneinndeling mellom prioriterte beiteområde og prioriterte rovviltområde. Ved val av prioriterte rovviltområde skal det leggjast vekt på mellom anna dei store rovdyra sin biologi, noverande utbreiing og kva som er eigna leveområde for dei ulike artene. Område som blir prioriterte for beitebruk skal vere samanhengande og ha ei arrondering som gir føreseieleg forvaltning. Rovviltnemndene skal søkje å få til ei best mogleg geografisk samordning i grenseområda mellom regionane.

Rovviltnemndene skal vidare prioritere overlappande yngleområde for dei ulike rovviltartene der dette er føremålstenleg. I dei prioriterte rovviltområda skal hovuverkemiddelet vere effektive førebyggjande tiltak og driftsomlegging.

Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet vil arbeide for å skaffe fram mest mogleg kunnskap om årsaker til tap i husdyr- og tamreinnæringa, noko som kan setje forvaltninga betre i stand til å medverke til både å redusere tapet som faktisk skuldast rovvilt og tap som skuldast andre årsaker. Dette vil òg medverke til at vi får ei mest mogleg riktig erstatningsutmåling for dei som taper husdyr/tamrein til rovvilt.

Betring av kunnskapsgrunnlaget om naturmangfald

Naturforvaltninga skal vere kunnskapsbasert. Dersom natur skal takast vare på og bli teken omsyn til må ein ha tilstrekkeleg kunnskap. Det er òg viktig at denne kunnskapen er lett å finne og at den vert brukt av dei som tek avgjerder. Naudsynt kunnskap omfattar stadfesta informasjon om arter, naturtypar og landskapstypar og kunnskap om arters økologi og levestader, om samspelet i naturen og om økosystemtenester som naturen leverer. Vidare treng vi kunnskap om kva for arter som finst, kvar dei lever, tilstanden og utviklinga i økosystema over tid (lange tidsseriar frå overvaking) om årsaker til påverknader og endringar som finn stad. Slik kunnskap får vi frå data frå forsking, kartlegging og overvaking. I tillegg vert det utarbeidd ulike typar risikovurderingar, synteserapportar, kartdatabasar og innsynsløysingar som utgjer sentrale kunnskapskjelder for forvaltninga og andre brukarar. Eksisterande aktivitetar på desse områda vil bli vidareførte og vidareutvikla.

Eit ekspertutval om verdiar av økosystemtenester la fram NOU 2013:10 Naturens goder – om verdier av økosystemtjenester i august 2013. Utvalet diskuterte til dømes tilstand og utvikling for norske økosystem og økosystemtenester, og samtidig metodar for betre å synleggjere verdiar av økosystemtenester. Utvalet konkluderer mellom anna med at tilstanden til norske økosystem er relativt god, men at det òg er eit stort behov for meir forsking og kunnskap om naturmangfald (både arter, naturtypar og landskap) og kva for økosystemtenester dei norske økosystema faktisk leverer, vidareutvikling av indikatorar og utvikling og testing av metodar for verdsetjing av økosystemtenester. Forslaga frå utvalet og innspel frå dei om lag 50 høyringspartane vil bli brukte i det vidare arbeidet med å styrkje kunnskapsgrunnlaget og innretninga på forskinga gjennom Noregs forskingsråd.

Nye verneområde

Gjennomføringa av nasjonalparkplanen og dei fylkesvise verneplanane er på det næraste sluttført. Pr. september 2014 gjenstår fire verneplanar i nasjonalparkplanen og ein fylkesvis verneplan. Det har dei siste åra komme fleire lokale initiativ til å opprette nye nasjonalparkar. Føresetnaden for at slike forslag skal kunne følgjast opp er mellom anna at dei inneheld naturtypar som er underrepresenterte blant eksisterande verneområde, at naturverdiane i områda oppfyller vilkåra for områdevern i naturmangfaldlova og at det er lokalpolitisk semje om framlegga. Lofotodden i Nordland og Jomfruland og Raet i Telemark og Aust-Agder er døme på slike område som vil vere i prosess i 2015. Det kan òg vere aktuelt å revidere eksisterande verneområde, anten ved endring av vernekategori eller grense- og forskriftsendringar.

Som ei oppfølging av Stortingets vedtak i 1999 om å opprette Regionfelt Austlandet og kompensere dette med restaurering og vern av naturverdiane på Dovrefjell, er det starta verneplanprosess med utviding av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark som eit ledd i tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt til naturleg tilstand.

Arbeidet med skogvern skjer i hovudsak ved frivillig skogvern på privat grunn, og ved vern av skog eigd av Statskog SF og av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar). Ein auke i løyvinga til frivillig vern i 2013 blei gjennomført for å avvikle køen av frivillige verneområde. Køen som hadde bygd seg opp er no fjerna, og løyvinga er sett på same nivå som i 2012. Dette gjer det mogleg å halde fram med å verne skog på om lag same nivå som tidlegare.

Framdrifta i arbeidet med vern av skog på statsgrunn som involverer allmenningsstyre og fjellstyre har ikkje vore slik ein la til grunn i mellom anna Prop. 1 S (2011 – 2012). Miljødirektoratet har vurdert korleis framdrifta i dette arbeidet kan betrast. Erfaringane frå perioden 2008 – 2014 viser at frivillig vern på statsallmenning i liten grad har ført fram, og direktoratet viser til at det ikkje er motteke tilbod frå fjellstyre eller frå allmenningar som er oppretta etter lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningane. Klima- og miljødepartementet vil i Nasjonal handlingsplan for naturmangfald leggje fram tiltak for å betre framdrifta i arbeidet med skogvern på statsgrunn i tråd med føresetnadene.

For 2015 er hovudelementa i skogvernarbeidet:

  • Frivillig skogvern på privat grunn: Føre vidare arbeidet med vern av tilbodne område, og inngå nye avtaler for område med viktige verneverdiar.

  • Vern av skog eigd av Statskog SF og Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar): Halde fram med verneprosessar som er i gang og starte opp nye verneprosessar. Følgje opp Statsskog sitt sal av eigedommar ved å bruke forkjøpsretten på areal som er viktige for vern eller makeskifte.

  • Gjennomføre systematiske kartleggingar mellom anna i kystfuruskogar og kalkskogar som grunnlag for skogvernarbeidet.

Berekraftig skogbruk

Berekraftig skogbruk inneber blant anna at skogen blir driven slik at arter og naturtypar som finst naturleg på staden blir tekne vare på. I følgje Norsk raudliste for arter 2010 gir skogbruk ein negativ påverknad for om lag 1400 av dei truga og nær truga artene i skog, og det er særleg hogst som påverkar mange arter negativt. I dei seinare åra er det sett inn tiltak i skogbruket for å redusere negative effektar ved å unngå eller tilpasse hogst på areal som er særleg viktige for raudlista arter. Det blir arbeidd vidare med å utvikle eit berekraftig skogbruk, blant anna ved å sikre at hogst ikkje skjer i område som har viktige verneverdiar og ved å vidareføre kartlegging av viktige leveområde for raudlista arter gjennom Miljøregistreringar i skog (MiS).

Regjeringa har fjerna formelle bindingar til inngrepsfrie naturområde (INON) i regelverk. Likevel er det eit mål å ta vare på dei miljøverdiane som er knytt til dei større samanhengande naturområda. Til dømes skal viktige område for friluftsliv og opplevingar i naturen og viktige område for naturmangfald framleis takast omsyn til i arealforvaltninga. Skogbruket vektlegg også dette ved bygging av nye skogsvegar. Norsk PEFC skogstandard har følgjande føring: «I større sammenhengende skogarealer som har spesielle verdier for miljøvern og friluftsliv i kraft av lite omfang av tekniske inngrep, skal nye veganlegg søkes unngått.»

Utplanting av utanlandske treslag er frå 1. juli 2012 regulert i ei ny forskrift under naturmangfaldlova om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål. Forskrifta krev løyve frå ansvarleg styresmakt (Fylkesmannen) til utsetjing av utanlandske treslag og gir derfor betre kontroll med nye utplantingar av utanlandske treslag, men regulerer ikkje spreiing frå tidlegare utplantingar. Føremålet med forskrifta er å hindre at utsetjing av utanlandske treslag medfører eller kan medføre uheldige følgjer for naturmangfaldet. Det er òg forbode å setje att tre (livsløpstre) av utanlandske treslag ved hogst. Forskrift om innførsle og utsetjing av framande organismar som er under arbeid, vil gi krav til aktsemd og tiltak for å unngå spreiing av andre framande organismar i skog. Utanfor verneområde har skogstyresmaktene og skogbruket ansvar for å hindre spreiinga frå gamle utplantingar av utanlandske treslag.

Internasjonalt skogarbeid

EU-forordninga om omsetjing av tømmer og tømmerprodukt vart vedteken hausten 2010 og tredde i kraft 3. mars 2013. Forordninga inneber at den som første gong plasserer tømmer og tømmerprodukt på EUs indre marknad, skal sikre seg at tømmeret er lovleg hogd i samsvar med lovgivinga i opphavslandet. Forordninga er EØS-relevant, og Regjeringa vil setje i verk forskrifter for å regulere omsetning av tømmer og tømmerprodukt i samsvar med EU-regelverket så snart dette regelverket er endeleg innlemma i EØS-avtala. Stortinget gav sitt samtykke i desember 2013. Importørar og eksportørar er informerte om regelverket.

Økonomiske verkemiddel for å ta vare på naturmangfald

Økosystemtenesteutvalet foreslo bruk av ei rekkje økonomiske verkemiddel for å ta vare på naturmangfald og økosystem på ein betre måte. Arbeidet i Grøn skattekommisjon kan medverke til vurderingar om dette. Nasjonal handlingsplan for naturmangfald vil òg vere viktig for å følgje opp tilrådingane i NOU 2013: 10. Noreg vil føre vidare internasjonalt samarbeid knytt til verdiar av økosystemtenester og naturmangfald.

Tiltak mot uønska spreiing av framande organismar

Det er viktig å få på plass eit regelverk for å motverke dei negative effektane som framande organismar har på naturmangfaldet i Noreg. Regjeringa la i 2014 fram ein lovproposisjon om endringar i naturmangfaldlova kap IV som legg til rette for eit enklare og meir føremålstenleg regelverk om framande organismar. Etter planen skal forskrifter etter lova tre i kraft frå 1. januar 2015.

I norske havområde er det særleg kongekrabba som skaper problem, samtidig som den blir utnytta som ressurs. Det er dokumentert at krabba påverkar havbotnen negativt der den har vore lenge. Miljøforvaltninga vil medverke til å auke kunnskapen om desse påverknadene. Klima- og miljødepartementet samarbeider nært med Nærings- og fiskeridepartementet for å stoppe spreiinga av kongekrabba vest- og sørover.

Noreg har tiltredd konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatnkonvensjonen). Konvensjonen er nær ved å tre i kraft internasjonalt, og dette vil medverke til at risikoen for introduksjon av framande organismar frå skip vil bli betydeleg redusert. Ei nasjonal forskrift om handtering av ballastvatn tredde i kraft 1. juli 2010. Forskrifta stiller krav om at ballastvatn skal skiftast ut i bestemte avstandar frå kysten eller i bestemte soner for å hindre introduksjon av framande arter. Etter at konvensjonen har tredd i kraft internasjonalt, vil det òg bli innført obligatoriske krav om reinsing av ballastvatnet før det blir sloppe ut.

Sikring av villreinen

For villreinen, som er ei norsk ansvarsart, er større samanhengande og lite forstyrra område ein føresetnad for å overleve. 11 fylkeskommunar med i alt 61 kommunar har utarbeidd regionale villreinplanar, som vil bli lagt til grunn for vidare regional og kommunal planlegging. Dei regionale villreinplanane gir hovudtrekka i arealbruken og drøftar høve til lokal verdiskaping og utvikling. Handlingsprogramma i dei regionale planane gir grunnlaget for vidare arbeid. Det skal òg gjennomførast forsøk knytt til avbøtande tiltak i fokusområde. Vidare vil naturvitskaplege data som er og vil bli samla inn i regi av lokale/regionale FoU-prosjekt bli analyserte og tekne i bruk. I 2015 skal ei arbeidsgruppe leggje fram ein rapport som skal konkretisere korleis vi kan bruke den norske og europeiske villreinhistoria til auka medvit om villreinen si betydning og auka verdiskaping.

Hjorteviltforvaltning

Økosystembasert og berekraftig hjorteviltforvaltning føreset god kunnskap om økosystema i skog og god kompetanse hos jegerane og i dei ulike forvaltningsorgana. Ei vidare utvikling av Hjorteviltportalen har som mål at alle aktørar frå jeger til forvaltning skal ha god tilgang til relevante data, oppdatert kunnskap basert på forsking og gode høve til utveksling av kunnskap. Hjorteviltstrategien skal følgjast, under dette skal bestandar av hjortevilt haldast på eit nivå som ikkje verkar negativt på naturmangfaldet.

Bevaring av naturmangfald som klimatiltak

Å ta vare på økosystem kan medverke både til å dempe negative effektar av klimaendringar og til å minske utsleppa av klimagassar. Økosystema kan òg fungere som karbonlager eller ta opp i seg karbon. Skogane i Noreg tek opp om lag 60 pst. av dei årlege klimagassutsleppa, og er i seg sjølve eit enormt karbonlager. Å ta vare på skogen som økosystem er derfor også eit viktig klimatiltak.

Intakte våtmarkar har ein flaumdempande effekt. I tillegg bind intakte våtmarkar effektivt karbon. Ved drenering eller anna øydelegging slepp våtmarkene ut karbon langt raskare enn ein fangar opp karbon ved restaurering. Det er derfor mest effektivt å sikre at dei våtmarkene vi har held fram med å vere intakte, men vi bør òg restaurere der det er mogleg. Som det går fram av Stortingsmeldinga om klimatilpassing er restaurering av våtmark eit viktig tiltak for å møte og tilpasse seg klimaendringane også nasjonalt. Drenert og dyrka myr representerer ei vedvarande kjelde til utslepp av CO2. Klimakur 2020 trekkjer frem restaurering av dyrka myr som eit tiltak som kan gi betydelege klimagassreduksjonar samtidig som det er kostnadseffektivt. Restaurering av myr som er teken ut av drift av naturlege årsaker kostar om lag 168 kroner pr. tonn CO2-ekvivalentar, og tiltaket gir ein netto årleg reduksjon på 1,1 tonn CO2-ekvivalentar pr. dekar. I 2015 set Regjeringa for første gong av midlar spesielt til lukking av grøfter i drenerte myrer som tidlegare har vore forsøkt dyrka eller omgjort til skogsareal. Desse skal nyttast på areal utpeikt av Miljødirektoratet. Lokalitetar der restaurering har låg kostnad og stort potensiale for klimagassreduksjon og betring i økologisk status, vil bli prioriterte.

Snøheimvegen

Som det går fram av omtale av saka i Prop 1 (2013 – 2014) vil Klima- og miljødepartementet og Forsvarsdepartementet halde ved lag ordninga med stenging av vegen for privatbilar, og vidareføre bruk av skyttelbuss inn til Snøheim i perioden 2014 – 2017, med samtidig overvaking av og innhenting av kunnskap om trafikk og ferdselsutvikling i området. Endeleg avgjerd om Snøheimvegen blir teken på bakgrunn av dette i 2017, som er siste frist dersom Forsvarsbygg skal rekkje å fjerne vegen som del av sitt restaureringsprosjekt.

Genmodifiserte organismar (GMO) nasjonalt og internasjonalt

Bruken av genmodifiserte organismar aukar i omfang i mange land, men norske styresmakter har så langt ikkje gitt løyve til genmodifiserte organismar for dyrking eller anna form for utsetjing i naturen. Spørsmål om løyve blir vurdert frå sak til sak. I tillegg til å vurdere spørsmål om helse og miljø, legg ein ved behandling av marknadsføringsløyve for GMO òg til grunn kriteria i genteknologilova om samfunnsnytte, berekraftig utvikling og etikk. EU vurderer å inkludere samfunnsnytteperspektiv i si GMO-lovgiving, og Noreg medverkar no aktivt inn i denne prosessen. Noreg er òg ein pådrivar for å utvikle den internasjonale Cartagena-protokollen om handel med og bruk av GMO i tråd med den norske genteknologilova. Særleg gjeld dette rettleiing for risikovurderingar og vurderingar av samfunnsnytte.

Dei vitskaplege vurderingane på GMO-området har metodisk mykje til felles med vurderingar knytte til framande arter, mikroorganismar og handel med truga arter. For å sikre ei best mogleg samla og kunnskapsbasert forvaltning av naturmangfaldet i Noreg, vil Klima- og miljødepartementet leggje fleire av desse vitskaplege vurderingane til eitt organ.

Genressursar

Regjeringa starta i 2014 arbeid med ei forskrift om tradisjonell kunnskap knytt til genetisk materiale som etter planen skal sendast på høyring våren 2015. Dette er eit ledd i gjennomføringa av Nagoya-protokollen under Konvensjonen om biologisk mangfald, om tilgang til genressursar og ei rettferdig og likeverdig fordeling av fordelar som følgjer av bruken av desse ressursane. Forskrifta skal leggje til rette for at urfolk og lokalsamfunn sine interesser blir tekne vare på og respekterte ved tilgang til og utnytting av kunnskap om genetisk materiale som er utvikla, overført og bevart av eit urfolk eller lokalsamfunn. Det blir òg arbeidd med ei forskrift om uttak og utnytting av genetisk materiale under naturmangfaldlova og havressurslova. Det vil bli etablert effektive sjekkpunkt i samsvar med reglane i Nagoya-protokollen for å kontrollere utnytting av genetisk materiale frå utlandet til Noreg.

9.2 Resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø

Landskap og naturressursar har alltid skapt både moglegheiter og lagt avgrensingar for menneskja sin livsførsel og samsfunnsutvikling. Alle landskap har dermed ein historisk dimensjon som er representert i form av fysiske kulturminne og kulturmiljø, eller i form av kunnskap, erfaringar og hendingar nedfelt i forteljingar og tradisjonsbasert bruk.

Gjennom om lag tolv tusen år har menneske levd, verka og sett slike spor etter seg i det som i dag er Noreg. Dei kulturpåverka trekka i landskapet dannar grunnlag for kunnskap om den historiske utviklinga i dei fysiske omgivnadene, korleis naturen og ressursane i brei forstand er blitt forstått, tatt i bruk og forvalta opp gjennom tidene, og om menneska sitt forhold til kvarande og naturen.

For å sikre denne heilskapen er det naturleg at natur og kulturminne blir sett i samanheng. På denne måten sikrar vi at dei verdiane vi ønskjer å ta vare på, inngår i ein forståeleg samanheng og ikkje blir forvalta som ein fragmentert mosaikk av verdiar.

Kulturminne og kulturmiljø er likevel ikkje berre historie, dei er òg høgst aktuelle i dag, som del av eit levande samtidsmiljø. Dei gir kontinuitet og karakter til det fysiske miljøet, og skapar tilhøyrsle. Kulturminne og kulturmiljø har verdi som bruksressursar. Dei kan auke kvaliteten i våre omgivnader og ha stor betyding for reiselivsnæringa. Slik kan kulturarven ha positiv verknad på nærings- og distriktsutviklinga. Desse perspektiva utgjer verdigrunnlaget i kulturminnepolitikken der målet er å forvalte dei kulturhistoriske verdiane som eit kulturelt og miljømessig ressursgrunnlag for morgondagens samfunn.

Kulturminne og kulturmiljø er ikkjefornybare ressursar. Blir dei øydelagde eller fjerna, er dei tapt for alltid. I dag forsvinn kulturminna eller dei blir skadde i høgt tempo og stort omfang, mellom anna på grunn av raske endringar og omstillingar på mange felt. Å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane er eit framtidsprosjekt, der utfallet er avhengig av korleis vi vel å møte dagens utfordringar.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla for resultatområde Kulturminner og miljø presenterte.

  • Nasjonalt mål 2.1. Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Innan 2020 skal det liggje føre oversikter over verneverdige kulturminne og kulturmiljø for kvar kommune som grunnlag for å prioritere eit utval som skal takast vare på.

  • Nasjonalt mål 2.2. Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

  • Nasjonalt mål 2.3. Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

  • Nasjonalt mål 2.4. Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Status for dei nasjonale måla og indikatorar på måloppnåing er presenterte på www.miljøstatus.no.

Tilstand

Kunnskap om tilstanden til kulturminna og kulturmiljøa er avgjerande for å vite kor ressursane skal setjast inn i arbeidet med å ta vare på desse miljøverdiane i dag og for kommande generasjonar. Gjennom Riksantikvarnes 10 bevaringsprogram blir ulike kategoriar kulturminne og kulturmiljø sette i stand. Statusrapportering frå programma gir ei oversikt over tilstanden til dei ulike kulturminna og kulturmiljøa. Sjå meir om bevaringsprogramma i avsnitt «Politikk for å nå dei nasjonale måla» under.

Pr. juni 2014 er det registrert ca. 295 457 arkeologiske enkeltminne, fordelte på rundt 144 783 lokalitetar. Undersøkingar viser at for kvart arkeologisk kulturminne som er registrert kan det vere meir enn 20 ukjente. Nokre er lett synlege, som gravhaugar og fangstanlegg. Andre ligg skjult i jorda, som for eksempel buplassar frå steinalder og gater og strukturar frå mellomalderen. Arkeologiske kulturminne er svært utsette for tap og øydelegging, særleg i samband med bygg- og anleggsverksemd og i område der jordbruket er intensivert.

Bevaringsprogrammet for utvalte arkeologiske kulturminne har bidratt til en auke i talet på arkeologiske kulturminne som er sikra og som er gjort tilgjengelege for publikum. 93 av dei 450 lokalitetene som programmet omfattar, og der kvar lokalitet kan omfatte fleire kulturminne, har no eit tilfredsstillande vedlikehaldsnivå, og av desse er 75 pst. også tilrettelagt for publikum.

Bergkunsten i Noreg består av bilete som vart hogde, slipte eller måla på berg og kan vere opp til 9000 år gamle. I kulturminnedatabasen Askeladden er det pr. juni 2014 registrert 1 765 automatisk freda bergkunstlokalitetar, som omfattar over 30000 figurar eller grupper av figurar. Bergkunsten er utsett for både naturleg nedbrytning og menneskeskapt øydelegging. Gjennom skjøtsel og sikringstiltak er tilstanden til mykje av bergkunsten betra, med ein betydeleg auke frå 2012 til 2013. Gjennom bevaringsprogrammet for bergkunst er 96 bergkunstlokalitetar sette i stand til eit tilfredsstillande vedlikehaldsnivå, og av desse er 23 pst. også tilrettelagt for publikum. Blant prosjekta kan nemnast at sikring og tilrettelegging av unike hellemaleri på Honnhammar i Tingvoll i Møre og Romsdal vart fullført i 2013, etter fleire års innsats. Ein større installasjon for formidling av den sårbare og sjeldne slipte bergkunsten ved Fykanvatn i Glomfjord i Nordland vart òg ferdigstilt.

Det er rundt 123 ruinar frå mellomalderen i Noreg. Det er flest kyrkjeruinar, dernest ruinar etter kloster-, borg- og festningsanlegg. Ein del av desse er i svært dårleg stand. Gjennom bevaringsprogrammet for ruinar er 86 mellomalderruinar tilstandsvurderte. 45 av desse er valde ut og skal sikrast gjennom dokumentasjon, konservering, skjøtsel og tilrettelegging. Til no er det utført arbeid på 18 anlegg i form av konservering, skjøtsel av murane og området omkring, skilting og tilrettelegging, og 14 mellomalderruinar er ferdig konserverte.

I mellomalderen fanst det mellom 1000 og 2000 stavkyrkjer i Noreg og dei var sterkt prega av forfall på grunn av mangelfullt vedlikehald då bevaringsprogrammet for stavkyrkjer starta i 2007. Til no er det gjennomført eit omfattande og kostbart arbeid med å setje i stand stavkyrkjene, som også er inkludert interiør, kyrkjekunst og dekor gjennom bevaringsprogrammet for stavkyrkjer. Istandsetjingsarbeidet er i rute og vil bli avslutta i 2015. Dei 28 kyrkjene skal då framover berre ha behov for årleg ordinært vedlikehald. For at brannsikringa av stavkyrkjene skal oppretthaldes på et forsvarleg nivå er det behov for ei styrking av innsatsen til vedlikehald og utskifting.

Når det gjeld brannsikring er det dessutan særleg tette trehusmiljø med verneverdig bygningar som har behov for auka innsats.

Det finst rundt 248 profane (ikkjekyrkjelege) trebygningar frå mellomalderen som er omfatta av bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. Dette kan vere stabbur, bur, loft og stover på gamle gardsanlegg. Dei vart sette i stand på 1990-talet, og fekk då òg utstyr til brannslokking. I løpet av dei fire siste åra er i overkant av 20 bygningar sette i stand, men framleis har om lag 12 pst. behov for store utbetringar og 62 pst. har behov for moderate utbetringar.

Totalt er det freda i overkant av 6500 enkeltbygningar i Noreg, noko som utgjer om lag ein promille av alle bygningane i landet. Dei fleste av dei vel 3300 freda bygningane som er i privat eige er tilstandsvurderte, og alle inngår i bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. 41 pst. av freda bygningar i privat eige har ordinært vedlikehaldsnivå. Det reelle talet kan vere høgare, fordi fylkeskommunane kan ha eit visst etterslep i registrering av tilstand. 18 pst. av bygningane har behov for moderate utbetringar og 41 pst. har behov for større utbetringar. Sidan 2012 har 27 pst. av dei freda bygningane forbetra tilstandsgrad.

Samiske kulturminne som er eldre enn hundre år er automatisk freda. Ei systematisk kartlegging av samiske freda bygningar og tilstanden deira starta i 2011, og vil etter planen vere ferdigstilt i 2017. Registreringsprosjektet inngår som eit delprosjekt i Riksantikvaren sitt overordna prosjekt Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga.

Eit representativt utval tekniske og industrielle anlegg, knytt til våre viktigaste næringsvegar og som har hatt ei vesentleg betydning for regional og nasjonal industri- og teknikkhistorisk utvikling, skal takast vare på gjennom bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne. Desse kulturminna representerer særlege tekniske og økonomiske utfordringar når det gjeld istandsetjing og vedlikehald. Til no er åtte av i alt 15 utvalde anlegg sette i stand til eit ordinært vedlikehaldsnivå.

Om lag 240 fartøy har status som verna skip på Riksantikvarens verneliste. Av desse er 10 freda, og dei fleste i god stand. Fartøy er svært vedlikehaldskrevandje, og tilstanden vil raskt forverrast om fartøyet ikkje blir halde ved like.

Når det gjeld verneverdige kulturminne er det, som en del av den overordna satsinga Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga, ei særleg satsing på at kommunane skal få betre oversikt over sine verneverdige kulturminne gjennom registrering og verdivurdering av dei. Det er òg eit mål å utvikle eit system for å overvake dei verdeverdige kulturminna for å kunne sjå korleis kommunane tek vare på verneverdige kulturminne over tid.

Påverknader

Raske samfunnsendringar og omstillingar på mange felt skaper store utfordringar i arbeidet med å ta vare på kulturminne og kulturmiljø for framtida.

Nedbygging av areal til bustad-, nærings- og samferdselsformål er sterkt medverkande til tap og skade på kulturminne og kulturmiljø. I dei neste to tiåra vil folkevekst og urbanisering vere blant dei sterkaste trendane. Det vil setje press på areal og infrastruktur i byar og tettstader, der historiske strukturar og enkeltbygningar representerer store kulturhistoriske verdiar.

Mens store og mellomstore norske byar opplever press i retning av vekst og utvikling, blir andre område fråflytta. Mykje av den tradisjonelle industrien blir også lagt ned. Kulturhistorisk viktige enkeltbygningar og bygningsmiljø, industrilokale og anlegg vert ståande utan bruk. Dei kan forfalle raskt dersom dei ikkje blir sette i stand og haldne ved like.

Det gamle arealkrevjande jordbruket er erstatta med intensiv drift på dei mest produktive areala, særleg i dei sentrale strøka. Endring av pløyedjup, drenering eller anna jordarbeiding står for ein stor del av skadane på dei arkeologiske kulturminna under bakkenivå.

Endringar i busetjingsstrukturen og omleggingane i landbruket fører òg med seg opphøyr av gardsdrift. Svært mange kulturminne og kulturmiljø i Noreg ligg i eksisterande og tidlegare landbruksareal som i dag gror igjen. Indirekte kan gjengroing endre den historiske landskapskonteksten kulturminna ligg i, og høvet til oppleving, formidling og verdiskaping blir svekt.

Klimaendringane vil utgjere ei tilleggsbelastning for mange kulturminne. Eit fuktigare klima vil utsetje treverk for større risiko for råte og skadedyrangrep. Om lag fire av fem freda bygningar i Noreg er trebygningar, og så godt som alle mura hus har òg treverk i takkonstruksjonar eller bjelkelag. Endringar av havnivået og auka stormflaummål vil òg føre til skadar på kulturarven. Eit handfast teikn på klimaendringane er at hundrevis av arkeologiske gjenstandar, som har vore innfrosne i fleire tusen år, har smelta fram frå fonner i høgfjellet. Gjenstandane blir raskt brotne ned når dei kjem fram i dagen.

Klimaendringane har òg indirekte konsekvensar som følgje av at energieffektiviserande tiltak i den eksisterande bygningsmassen blir stadig viktigare. Dersom desse tiltaka blir utførte på gal måte, kan verneverdige bygningar få både bygningsskadar og miste sin kulturhistoriske verdi. Samtidig er det viktig at verneverdige bygningar blir energieffektiviserte, både med omsyn til klimaet og slik at dei blir brukbare og attraktive også i framtida.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Stortinget behandla den førre meldinga om kulturminnepolitikken – St.meld. nr. 16 (2004 – 2005) Leve med kulturminner, for ni år sidan. Meldinga hadde eit høgt ambisjonsnivå og klare mål fram mot 2020.

I juni 2013 slutta eit samstemt Storting seg til Meld. St. 35 (2012 – 2013) Framtid med fotfeste der både ambisjonsnivået og måla Stortinget vedtok i 2005 er oppretthaldne og førte vidare. Det betyr at målet om at ein skal ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping blir ført vidare. Det same gjeld målet om at eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø som dokumenterer geografisk, sosial, etnisk, næringsmessig og tidsmessig breidde skal ha varig vern innan 2020.

I meldinga går det fram kva som er gjort så langt på kulturminnefeltet for å nå 2020-måla, korleis vi skal målrette innsatsen dei kommande åra, og korleis vi skal forvalte kulturminneverdiane i lys av dei utfordringane vi vil stå overfor i framtida. Meldinga gir òg eit godt svar på dei risikoelementa som er nemnde i Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon frå 2009.

Vi har komme eit godt stykkje på veg. Særleg gjeld det gjennomgangen av tilstanden til dei freda kulturminna og arbeidet med å setje dei i stand til eit ordinært vedlikehaldsnivå.

Det gjenstår likevel fleire utfordringar før 2020-måla kan nåast. I den nye meldinga er det fremja ei rekkje tiltak som skal medverke til at vi når måla, medrekna ulike tiltak som omfattar meir effektive måtar å arbeide på og meir målretta bruk av midlane. Medrekna er òg satsing på kunnskap og betre register og oversikter, slik at ein lettare kan følgje utviklinga og raskt kan setje inn korrigerande tiltak og styre ressursane inn der behovet er størst.

Langsiktig bevaring

Kulturminne og kulturmiljø representerer miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske verdiar og ressursar for samfunnet både i dag og for framtida. Det er likevel verken mogleg eller ønskeleg å ta vare på alt. For å sikre at eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø blir teke vare på for framtida, må tilgjengelege verkemiddel brukast på best mogleg måte, og prioriteringane vi gjer må vere baserte på kunnskap. Vi må kunne vise kva kulturminne og kulturmiljø som er verneverdige. Om vi lykkast er avhengig av kunnskap om, og oversikt over kulturminna, både i dei ulike offentlege forvaltningsnivåa og blant eigarar og allmenta. Kunnskapsløftet saman med dei ti bevaringsprogramma, fredingsstrategien og den strategiske planen for forvaltning av dei arkeologiske kulturminna og kulturmiljøa er viktige verktøy i dette arbeidet.

Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga (2011 – 2017)

Kunnskapsløftet vart sett i gang av Riksantikvaren i 2010 som eit svar på Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon, Dokument 3:9 (2008 – 2009). I Kunnskapsløftet blir datagrunnlaget og styringsinformasjonen betra, noko som gir grunnlag for ei meir målretta og effektiv forvaltning av midlar på kulturminneområdet. Det blir utvikla eit forvaltnings- og saksbehandlingssystem for framtida, der digitale verktøy blir nytta til å standardisere, forenkle og effektivisere arbeidsprosessar på tvers av forvaltningsnivåa. Vidare medverkar satsinga til likebehandling og meir føreseieleg saksbehandling.

Kunnskapsløftet omfattar òg ei styrking av kommunane sin kompetanse, blant anna gjennom støtte til arbeid med registreringar, utarbeiding av kulturminneplanar i kommunene og gjennom tilskot til etablering av byantikvarstillingar i kommunane.

Kunnskapsløftet byggjer opp ny kunnskap om kulturminna i dei samiske områda gjennom registrering av automatisk freda samiske bygningar. Formålet er å etablere eit godt grunnlag for kunnskapsbasert forvaltning av denne kulturarven.

Dei 10 bevaringsprogramma

Dei 10 bevaringsprogramma er den fremste satsingen for å nå dei nasjonale måla på kulturminneområdet og fangar opp dei tyngste forpliktingane knytte til 2020-måla. Det er òg her behovet for ressursar er størst.

Bevaringsprogramma legg vekt på å få fram synlege resultat gjennom tilskot til istandsetjing av freda og fredingsverdige kulturminne. Tilskota blir i hovudsak tildelte private eigarar av kulturminne og kulturmiljø. Nokre av programma har òg som mål å gjere kulturminna meir tilgjengelege for publikum.

Sidan oppstarten i 2007 har det vore lagt ned ein betydeleg innsats innanfor kvart av dei ti programma. Fleire bevaringsprogram er i rute, til dømes programma for stavkjyrker og for tekniske og industrielle kulturminne. Vidare er mange ruinar konserverte og det er betydeleg auke i talet på bergkunstlokalitetar og arkeologiske kulturminne som er skjøtta og tilrettelagde.

Handtverkskompetanse

Riktig handverkskompetanse er avgjerande for å kunne vedlikehalde bygningar og fartøy. I dag har vi for få utøvarar med kompetanse i tradisjonelle handverk, noko som fører til risiko for tap av og skade på dei kulturhistoriske bygningane.

I mai 2011 tok Klima- og miljødepartementet initiativ til å opprette ei interdepartemental arbeidsgruppe, som vurderer etablering av eit tilbod for etter- og vidareutdanning i bygningsvern og restaurering innanfor dagens utdanningssystem. På bakgrunn av dette arbeidet er det etablert eit samarbeid med høgskulen i Sør-Trøndelag for å sjå på høvet til å opprette ei ny bachelorutdanning innan utøvande tradisjonshandverk. Studiet var planlagt med oppstart hausten 2014. Det har vist seg å vere vanskeleg å rekruttere tilstrekkeleg med søkjarar til eit heilt nytt studium med den tidsramma høgskolen hadde. Studiet vil derfor ha oppstart hausten 2015.

Bygg og Bevar

Prosjektet Bygg og Bevar, vart etablert i 2009 i samarbeid med Byggnæringens landsforening. Prosjektet skal medverke til å nå målet på kulturminneområdet om å redusert årlege tapet av kulturminne og kulturmiljø og målet om at alle freda bygningar og anlegg skal vere sikra eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Nettportalen Bygg og Bevar er ein god arena for samarbeid mellom det offentlege og private eigarar og medverker til å betre rammevilkåra for eigarar av kulturhistoriske bygnader. Gjennom nettportalen kobles eigarar saman med handverkarar med rettkompetanse. Den inneheld også generelt veiledningsmateriale, produkt- og bransjenøytral informasjon om mellom anna val av materiale og restaurering av vindauge. Nettportalen er også en kanal for spredning av den betydelige kunnskapen som Kulturminneforvaltninga har om korleis den eldre bygningsmassen kan energirehabiliterast på ein god måte, slik at ein kan møte behovet for redusert energibruk, samtidig som bygningane sine kultlurhistoriske verdiar blir tekne vare på. Prosjektet Bygg og Bevar skal sluttførast innan 2015.

Tilskot til verneverdige kulturminne og kulturmiljø i privat eige

Norsk kulturminnefond forvaltar økonomiske verkemiddel som skal medverke til å ta vare på verneverdige kulturminne og kulturmiljø i privat eige. Målgruppa for tilskotsmidlane frå kulturminnefondet er dei private eigarane av verneverdige kutlurminne som ikkje er omfatta av Riksantikvarens tilskotsmidlar. Tilskot utløser ein betydeleg eigensinnsats/dugnad og private midlar, og medverkar til å sikre den viktige breidda i kulturminnearbeidet. Midlane medverkar òg til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Verdensarv

Noreg har gjennom Meld. St. 35 (2012 – 2013) styrkt gjennomføringa av Unescos verdsarvkonvensjon. Meldinga presenterer ein offensiv og heilskapleg politikk på verdsarvområdet og omtaler hovudsatsingar i åra framover. Gjennom dette er det gitt klar prioritering om å styrkje forvaltninga av dei verdsarvområda vi har i dag. Vidare er det lagt vekt på betre organisering av forvaltninga, fremje lokal forankring og engasjement, styrkje formidling av og kunnskap om verdsarven, betre samordning mellom statlege styresmakter med ansvar for verdsarven og leggje til rette for tettare samarbeid mellom nasjonale, regionale og lokale styresmakter. I tillegg er det gitt prioriteringar for Noregs internasjonale innsats på området.

Gjennom ei fleirårig satsing skal det etablerast lokale verdsarvsenter ved dei norske områda. Dette er sett på som eit viktig tiltak for å auke befolkninga sin kunnskap om verdsarven, styrkje den lokale eigarskapen og leggje til rette for god informasjon til besøkande for å sikre berekraftig bruk av verdsarven i tråd med forpliktingane i konvensjonen.

Det er sett i gang ein brei gjennomgang av organiseringa av forvaltninga av verdsarven. Målet er at dei ulike styresmaktene nasjonalt, regionalt og lokalt blir best mogleg koordinerte i forvaltninga av sine verdsarvområde, at roller og ansvar er avklart og at kompetanse, ressursar og kvalitet er sikra.

Fredingsatrategien (2014 – 2020)

Innanfor lovverket i dag er freding det sterkaste verkemidlet kulturminneforvaltninga har for å sikre at nasjonalt viktige kulturminne blir tekne vare på for ettertida. Riksantikvaren er i ferd med å sluttføre arbeidet med ein fredingsstrategi(2014 – 2020), på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Fredningsstrategien skal syte for ei målretta styring av pågåande og nye fredingssaker. Den gir tydelege føringar for kva slag kulturminne og kulturmiljø som skal prioriterast for freding og skal dermed medverke til å nå det nasjonele målet om at eit meir representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere freda innan 2020. Fredingsstrategien skal føre til ein meir effektiv, føreseieleg og ikkje minst eigarinkluderande fredingsprosess. I sistnemnde ligg òg at det skal etterstrevast eit partnarskap mellom det offentlege og eigarane av dei freda kulturminna, både ved nye og ved eksisterande fredingar. Prinsipp for ei meir løysings- og eigarorientert forvaltning er derfor ein viktig del av strategien.

Nasjonal verneplan for fartøy (2010 – 2017)

For fartøy er det utabeidd ein eigen verneplan, Nasjonal verneplan for fartøy (2010 – 2017), som legg grunnlag for ei planmessig freding av fartøy etter kategoriar. Dei freda fartøya skal i hovudsak vere offentleg tilgjengelege, ha allmenn interesse, lokal forankring og ei realistisk økonomisk ramme for å kunne setjast og haldast i stand.

Strategisk plan for forvaltning av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (2011 – 2020)

Riksantikvaren la i 2011 fram Strategisk plan for forvaltning av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (2011 – 2020). Den medverkar til å målrette prioriteringane på arkeologifeltet og fremjar eit heilskapleg perspektiv der pågåande og planlagde tiltak blir sette i ei ramme. Fleire tiltak er sette i gang. Blant desse er tiltak som inngår i Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga knytte til sikring av eit godt datagrunnlag for forvaltninga, tiltak knytte til rutinar for budsjettering av arkeologiske registreringar og utgravingar. Det er òg utarbeidd kriterium for vurdering av potensial for funn av arkeologiske kulturminne i samband med etablering og lokalisering av vindkraft. Det skal vidare utarbeidast ein felles registreringsstandard ved arkeologiske registreringar og ein plan som skal sikre ei god forvaltning av utvalte arkeologiskkulturminne frå tida etter 1537, som ikkje har eit formelt vern gjennom kulturminnelova.

Vern, bruk og utvikling

Kulturminne og kulturmiljø er viktige miljøressursar. Dei har betydning for menneske sin identitet og trivsel, og dei representerer viktige ressursar i eit berekraftsperspektiv. Kulturminne og kutlurmiljø gir stader særpreg og eigenart og kan, saman med andre lokale ressursar, danne grunnlag for utvikling av næringsliv og lokalsamfunn, og for verdiskaping innan reiselivsmarknaden.

Boks 9.1 Båtbyggjeria på Moen i Aust-Agder

Riksantikvaren har gjennom fleire år støtta trebåtbyggjeria på Moen. Saman med Aust-Agder fylkeskommune og Norsk kulturminnefond er det gitt midlar til å bevare bygningar og båtar, og i dei siste åra også til verdiskapingstiltak som gir kulturmiljøet fleire bein å stå på. Sjølv om staten medverkar økonomisk er det eigarane som tek det største løftet.

I over hundre år har det vore kontinuerleg drift på Moen. Fem store båtbuer, fleire mindre bygningar som smie og kontorbygning og fleire bryggjer blir tekne vare på og haldne vedlike. Det første båthuset vart oppført på Hammeråker i 1875 og det siste båtbyggjeriet kom til i 1943. I alle er det bygd både store og små båtar. Ein minesveipar, ei bilferje, tallause redningsskøyter, fiskebåtar og fritidsbåtar er sjøsette frå beddingane her.

I nokre av buene er det framleis tradisjonell verksemd. Men etterspørselen etter klinka eller kravellbygde trebåtar er ikkje lenger kva den var, og i tillegg er det auka konkurranse om oppdraga. Det trengst derfor inntekter frå anna verksemd òg. Formidling, kunnskapsoverføring og oppleving er blitt viktigare for å kunne tene pengar som igjen kan pløyast tilbake til bygningsmiljøet.

Verdiskapingsmidlar har medverka til at eigarane har sett i stand bryggjer og bygningar og lagt dei til rette for ny verksemd. Moen er no arena for marknader og selskap, arrangement under Trebåtfestivalen og kystkulturdagar, og det blir halde kurs i småbåtbygging. Dette skaper ringverknader hos lokale handverkarar, kunstnarar, overnattings- og serveringsbedrifter.

Verdiskaping på kulturminneområdet

Det er eit mål at kulturminnefeltet skal bli betre integrert i lokale og regionale plan- og utviklingsprosessar. Innsats og verkemiddel frå fleire sektorar kan verke saman for å oppnå felles mål, og samtidig medverke til at viktige kulturminne og kulturmiljø blir tekne vare på. Her møtest ulike sektorar og interesser. Dette er arenaer der det ligg godt til rette for samarbeid med eldsjeler, eigarar, frivillige, næringsliv og lokalsamfunn.

Å stimulere kommunane til å utarbeide og vedta kulturminneplanar og å utvikle gode oversikter og register over lokale kulturminneverdiar inngår som ein viktig del av sastinga på auka kommunal kompetanse gjennom i Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga. Dette er nødvendige verktøy for å integrere kulturarven i lokalsamfunnsutvikling og verdiskaping.

Med utgangspunkt i erfaring frå Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet 2006 – 2010 og Naturarven som verdiskapar utarbeider seks departement ein Nasjonal strategi for verdiskaping basert på natur- og kulturarven. Mandatet for arbeidet er å kartleggje verkemiddel som støttar opp under verdiskaping og utvikling av lokalsamfunn, og å identifisere faktorar som må til for å lykkast med verdiskaping.

Boks 9.2 Utvalgte kulturlandskap i jordbruket

Satsinga Utvalgte kulturlandskap i jordbruket omfattar 22 område over heile landet. Felles for dei er at dei har svært store verdiar knytte til både naturmangfald og kulturhistorie, og at det finst motiverte og aktive grunneigarar og brukarar som fører vidare den drifta og forvaltninga som har skapt verdiane. Arbeidet er forankra i frivillige avtaler mellom staten og brukarane, og er finansiert i eit spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmakter. Langsiktige avtaler, fleksible løysingar lokalt og føreseielege vilkår for brukarane er sentralt. I jordbrukslandskapet heng natur, kultur og drift uløyseleg saman, og satsinga femner nettopp denne heilskapen. Bøndene er nøkkelaktørane, men satsinga føreset òg medverknad frå kommunane og eit nært samarbeid mellom landbruks-, natur- og kulturminneforvaltning regionalt og sentralt. Satsinga er leia av Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Aktørane samlast jamleg for å utveksle erfaringar. Oppstart var i 2009, og i løpet av det siste året vart Utvalte kulturlandskap evaluert. Evalueringa viser stor tilfredsheit med ordninga, og at den medverkar til å nå nasjonale mål om å ta vare på jordbrukets kulturlandskap. Ingen andre ordningar erstattar den heilskaplege områdetilnærminga. Både departement og direktorat tilrår at satsinga blir ført vidare. I tida framover vil blant anna bli lagt vekt på synleggjering og formidling av resultat.

By- og tettstadsområde med kulturhistoriske verdiar

Viktige delar av nasjonen si historie ligg i byane si struktur, kulturmiljø og bygningar. Kulturminna tilfører byromma kvalitet, variasjon og historisk kontinuitet. Dei er vesentlege for bylandskapet sitt særpreg, og gjer byar og tettstader attraktive som buplass og reisemål. Kulturminna i byane og tettstadene våre har òg eit stort potensial for verdiskaping og er viktige i eit berekraftperspektiv.

Riksantikvaren arbeider med å utvikle vidare og formidle dei moglegheitene som ligg i koplinga mellom formelle og faglege verktøy som for eksempel databasen NB!-registeret. Dette er ein database over byar og tettstader i Noreg med kulturmiljø av nasjonal interesse. Registeret omfattar 77 byar der spora etter tusen års byhistorie er kartfesta i 245 delområde. NB!-registeret medverkar til auka kunnskap og gjer planleggingsprosessar meir føreseielege.

Samarbeid er ein føresetnad for god integrering av dei ulike sektorinteressene i utviklinga av byregionane.I prosjektet Våre nasjonale gater og plassar samarbeider Riksantikvaren og Statens Vegvesen mot eit felles mål om god byutvikling. Prosjektet starta i 2011 og hovuddelen av prosjektet blir lansert i 2015. Føremålet er å skape auka medvit om den betydninga gater og offentlege rom i byane har som sosial og offentleg arena, og løfte fram føredøme med store bruksvise, visuelle og meiningsberande kvalitetar. Målet er òg å utvikle byane som nasjonale og internasjonale reisemål med betydning for lokalt næringsliv. Tilrettelegging for både kollektivtrafikk, gåande og syklande, med universell utforming som prinsipp, skal vere ein integrert del av denne utviklinga.

Boks 9.3 Gjenbruk av industrimiljø

Ny bruk av eldre bygningsmasse som for eksempel hamneanlegg og industriområde er viktige element i eit berekraftperspektiv og viser korleis kulturminne kan brukast som ressursar i byutviklinga. Internasjonalt finst det mange døme på byar som har brukt rehabilitering av eldre hamne- og industrianlegg til å skape seg ein tydeleg eigenprofil. Gjennom prosjektet Transformasjon av industrimiljø i by har Norsk institutt for kulturminneforsking og Norsk institutt for by- og regionforsking undersøkt korleis bruken av kulturminne og kulturmiljø kan inngå som premiss og ressurs i byutviklinga. Prosjektet har samanlikna transformasjonsprosjekt i tre byar: Papirbreidda i Drammen, Hammerdalen i Larvik og tre område langs Akerselva i Oslo. Desse eksempla viser korleis kommunar, kulturminneforvaltninga og utbyggjarar kan samarbeide i transformasjonsprosessar for å tilføre byane nye kvalitetar gjennom ansvarleg bruk av kulturminneverdiane. NIKU-rapport 58 viser korleis dialog mellom dei involverte aktørane og kulturminneforvaltninga har ført til vellykka resultat. Felles for desse utviklingsprosjekta er at dei kombinerer fleire funksjonar, gjerne i form av kultur og rekreasjon, næring og bumiljø. Plansamarbeid gjennom ulike partnarskapsmodellar er blitt vanleg planpraksis i mange norske bykommunar.

9.3 Resultatområde 3 Friluftsliv

Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga av og interessa for å ta vare på naturverdiar og kulturminne. I dag har vi om lag 1930 statleg sikra friluftsområde i Noreg, og ein unik allemannsrett til ferdsle i utmark. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturoppleving, og at friluftsliv ikkje treng å ha noko konkurranseelement. Særs viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurde arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen.

Alle vil kunne finne ein eller fleire friluftslivsaktivitetar som dei kan utøve og finne meining i, og som gir både fysisk aktivitet og naturoppleving.

Nordmenn er svært aktive friluftslivsutøvarar. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og nordmenn sitt nære tilhøve til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av mange nordmenn sine liv.

Ein viktig grunn til at friluftsliv er så utbreidd i Noreg er at naturen – både den som er tilrettelagt og den som ikkje er tilrettelagt – er lett tilgjengeleg over heile landet, også frå byar og tettstader. Den lovfesta retten i friluftslova til å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten), og at ferdsle og opphald i naturen er gratis, er andre viktige grunnar til at nordmenn må kunne kallast friluftslivsmenneske. Stadig fleire frå andre land søkjer til Noreg for å få unike natur- og friluftslivopplevingar.

Nasjonale mål

Nedanfor er dei nasjonale måla presenterte. Status for nasjonale mål og indikatorar er presentert på www.miljøstatus.no

  • Nasjonalt mål 3.1: Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

  • Nasjonalt mål 3.2: Område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på.

  • Nasjonalt mål 3.3: Allemannsretten skal haldast i hevd.

Tilstand og påverknad

Natur og naturmangfald gir opplevingar, identitet og tilhøyring. Vår generasjon har eit ansvar for å gi kommande generasjonar like godt høve til naturopplevingar som vi sjølve har fått.

Friluftslivet har ei sterk stilling i Noreg. Ei undersøking frå 2011 viser at 76 pst. av befolkninga driv med friluftslivsaktivitetar minst ein gong i måneden. Dette er ein liten auke sidan 2007 (Breivik og Rafoss). To tredelar av befolkninga ønskjer å drive meir fysisk aktivitet i naturen og nærmiljøet (Synovate 2010), og i ei undersøking frå 1999 svarte 19 av 20 nordmenn at naturen er viktig for «det gode liv». Det er først og fremst fred og ro, og det å komme ut i frisk natur folk ønskjer når dei går på tur. Ein stor del av det norske friluftslivet handlar om store og små naturopplevingar som blir minne for livet.

Allemannsretten sin sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Stadig fleire flytter til byar og tettstader, og då får naturen i og ved slike område ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og naturopplevingar. Samtidig er allemannsretten truga av kommersialisering, privatisering og ikkje minst ulovlege stengsel i strandsona. Mange enkeltinngrep langs kysten, spesielt rundt Oslofjorden og på Sørlandskysten, har redusert tilgangen til attraktive strandområde. Liberal dispensasjonspraksis etter plan- og bygningslova i 100-metersbeltet langs sjøen er ei av årsakene. Mange stader har dette ført til auka hytte- og bustadbygging i område som tidlegare var attraktive for friluftslivet. Samtidig med utstrekt utbygging har det skjedd auka privatisering av strandsona. Slik privatisering kan både vere lovleg og ulovleg. Den ulovlege privatiseringa er kjenneteikna av at hovudmålet er å halde allmenta borte frå område der den har lovleg tilgang til ferdsle og opphald.

Det blir no sett i gang mindre bygging i strandsona enn tidlegare. Til trass for mindre nybygging krympar likevel dei delane av strandsonearealet som ikkje er påverka av fysiske inngrep, og dermed potensielt tilgjengeleg for friluftsliv. I perioden 2000 – 2012 har delen av strandsoneareala som ligg nærare enn 50 meter frå ein bygning blitt fordobla. I 2000 var talet 8,3 pst. mot 16,7 pst. i starten av 2012.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at befolkningstettleiken aukar i byar og tettstader. Dette er i samsvar med nasjonale mål om ei meir konsentrert utbygging av omsyn til arealbruk, transport og klima. I mange byar skjer det ei lite medviten fortetting som inneber at areal som kan brukast til leik og rekreasjon blir nedbygde. Samanhengande turdrag blir brotne eller smalna inn og mister verdien for turar inærmiljøet og til nærliggjande, større naturområde. Dette svekkjer høvet til å drive friluftsliv i nærleiken av bustadområda. Natur- og miljøbarometeret frå 2012 viser at av personar over 15 år har om lag 80 pst. i stor grad tilgang på natur- og grøntområde innanfor 1 km frå der dei bur. Delen av befolkninga med god og trygg tilgang til rekreasjonsareal minka med 3 pst. i perioden 1999 – 2009 (SSB). Det er dei som bur i byområde som har dårlegast tilgang på slike areal. Der folketalet er over 100000 er det i gjennomsnitt berre 65 pst. som har god tilgang på slike område. Norske byar og tettstader har likevel ein unik nærleik til grøntområde i høve til andre land vi kan samanlikne oss med.

Sidan 1958 har staten medverka til å sikre folk tilgang til friluftslivsområde gjennom kjøp av grunn eller avtaler om bruk og tilrettelegging. I dag har vi om lag 1930 offentlege friluftsområde i Noreg. Dette er område som kommunane og staten i samarbeid har sikra og tilrettelagt for allmenta sitt friluftsliv. I tillegg kjem mange mil med viktige ferdselsårer for friluftsliv der mange gir auka tilgjenge til attraktive område. Eit døme på dette er kyststigar som git betre allmenn tilgang til strandsona. Mange slike turstigar er knytte til kystleiene og rimelege overnattingstilbod på fyrstasjonar og hytter ved sjøen.

Motoriserte framkomstmiddel i utmark og vassdrag vil i mange tilfelle vere nyttig og naudsynt, som for eksempel i redningstenesta eller i reindrifta. Samtidig fører motorferdsle i naturen til ei rekkje ulemper og skadar, som støy, terrengskadar, forstyrring av dyrelivet og konfliktar med friluftslivet, jf. resultatområde 1 Naturmangfald

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Sikre allemannsretten

Friluftslova er grunnleggjande for å halde allemannsretten i hevd og sikre høve til friluftsliv for alle. Endringane i friluftslova som tredde i kraft 1. januar 2012 har medverka til ei generell styrking av allemannsretten. Endringane inneber mellom anna at det blir tillate å ferdast til fots på veg eller stig gjennom innmark som leier til utmark, og at det blir tillate å ferdast varsamt i skogplantefelt også om sommaren. Endringane i lova gir vidare betre høve til inngrep overfor ulovlege stengsel og skilt som hindrar allmenn ferdsel, opphald og hausting.

I 2013 blei det starta eit arbeid med å sjå nærare på enkelte restriksjonar for nye friluftsformer i verneområda. Dette arbeidet vil halde fram i 2015. Det pågår mellom anna forsking på nye ferdselsformar og fugl, og det blir gjennomført eit forskingsprosjekt på fuglefredingsområda på Lista og Jærstrendene. Vidare er det på Mølen i Vestfold under utarbeiding ein forvaltningsplan som tek sikte på både å ta vare på fuglefredingsområdet og opne opp for blant anna brettsegling og kiting innanfor avgrensa område. I 2015 vil det i tillegg bli starta forsking på kva slag påverknad hesteriding og sykling har på verneverdiane.

Sikring, ivaretaking og tilrettelegging av friluftsområde

Det er stadig behov for å sikre nye område for friluftsliv, anten ved kjøp eller gjennom avtaler om varig bruksrett. Arbeidet for å opne ulike typar av statseigedom for allmenta vil halde fram. Dette er område som til dømes Forsvaret, Jernbaneverket, Statsskog eller andre statlege instansar ikkje lenger har bruk for.

I arbeidet med statleg sikring og tilrettelegging av friluftslivsområde skal område som kan nyttast av mange brukargrupper prioriterast, også inne i byar og tettstadar. Målet er at dei sikra områda skal generere mest mogeleg aktivitet. Det skal framleis òg sikrast viktige friluftslivsområde utanfor byar og tettstader, med hovudvekt på strandsoneområde og område ved innlandsvassdrag. Sikring og tilrettelegging av område for fritidsfiske har òg høg prioritet.

Fylkeskommunane og staten medverkar gjennom skjergardstenesta økonomisk til driftsordningar i Oslofjordområdet, i Skjergardsparkane på Sørlandet og i Vestkystparken i Rogaland og Hordaland. Elles skal lokalt driftsansvar framleis vere ein føresetnad for statleg medverknad til sikring av friluftsområde.

Å ta vare på friluftslivsområde er ein viktig del av den løpande arealforvaltninga i landets kommunar. Særleg kystområda ved dei store byane og sentrale fjellområde i Sør-Noreg opplever eit stort press på utbygging av hytter. Dette har resultert i at mange friluftsområde er bygde ned og privatiserte, jf. omtale under resultatområde 1 Naturmangfald. Det er viktig at statlege føringar for å ta vare på viktige friluftsområde blir følgt i kommunanes arealforvaltning, og at statlege og fylkeskommunale styresmakter følgjer opp og rettleier kommunane om dette.

Fylkeskommunane har etter forvaltningsreforma fått auka ansvar for å sjå til at kommunane følgjer opp friluftsliv i planlegginga si. Fylkeskommunane og kommunane legg til rette for friluftsliv ved mellom anna å ta vare på og utvikle område for grønstruktur, og gjennom ulike stimuleringstiltak. Miljødirektoratet har eit nært samarbeid med fylkeskommunene i friluftslivsarbeidet.

2015 er siste året for prosjektdelen av Miljødirektoratets nærmiljøsatsing. Målet med prosjektet er å kartleggje kva slag tiltak som fungerer best for å få befolkninga i byar og tettstader til å drive med friluftsliv i nærmiljøet. Dette er gjennomført ved utvalde pilotprosjekt. Prosjektet har i første rekkje sett på fysiske tiltak, som til dømes vurdering av kva slag område som det bør satsast på og korleis desse bør leggjast til rette. Kartlegging av kva slag stimuleringstiltak som fungerer best overfor ulike målgrupper har òg inngått i satsinga. I 2015 skal prosjektdelen av satsinga avsluttast, og arbeidet med å formidle resultat og erfaringar frå satsinga til fylkeskommunar, kommunar, frivillige organisasjonar og friluftsråd skal styrkjast.

Eit fleirårig prosjekt for kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde blei starta i 2014 for å få kommunane til å kartleggje og verdsetje sine friluftslivsområde. Hovudmålet med prosjektet er å unngå at viktige friluftslivsområde grunna mangel på kunnskap blir bygde ned eller forringa på annan måte. Prosjektet blir leia av Miljødirektoratet, og skal gjennomførast i samarbeid med fylkeskommunane. Resultata skal leggjast inn i offentleg tilgjengelege databasar, slik at alle kan få tilgang til registreringane.

Oslomarka er næraste turområde for om lag 1,2 millionar menneske. Arbeidet med å forvalte Marka i samsvar med markalova er høgt prioritert, blant anna gjennom ordningane med at alle reguleringsplanar og kommuneplanar som vedkjem Marka må bli stadfesta av Klima- og miljødepartementet. I 2015 vil det bli ferdigstilt forvaltningsplanar for dei fire områda som blei verna etter markalova i 2013.

Stimulering til friluftsliv

Friluftslivet si sentrale stilling i det norske samfunnet skal bestå og forsterkast. Friluftsliv er eit sentralt verkemiddel i folkehelsearbeidet og er ein viktig del av norsk nasjonal identitet og kulturarv. Koblinga mellom fysisk aktivitet og naturoppleving ei viktig kjelde til livskvalitet og folkehelse for svært mange menneske.

Stimulering og opplæring til naturvennleg friluftsliv er ein viktig del av arbeidet med å auke deltakinga i friluftsliv blant barn og unge. Det er mellom anna viktig at barn og unge blir tekne med ut i naturen gjennom barnehage, skule og tilbod frå frivillige organisasjonar, og på den måten både lærer å ferdast i naturen og får gode naturopplevingar og betre helse. Det er òg viktig at det blir lagt til rette for at menneske med bakgrunn frå andre kulturar får innføring i den norske friluftslivstradisjonen. Staten skal i større grad søkje å samordne innsats og verkemiddel frå ulike sektorar innanfor friluftsliv, slik at desse får større effekt.

Barn, unge og dei som i dag er lite fysisk aktive er hovudmålgruppene for den statlege friluftslivspolitikken. For å nå denne målgruppa skal friluftsliv i og ved byar og tettstader prioriterast sterkare, både i form av aktivitetsmidlar, sikring og ivaretaking av natur- og friluftsområde og i form av tilrettelegging.

Regjeringa vil utarbeide ei ny stortingsmelding om friluftsliv. Meldinga skal handle om heile friluftslivsfeltet, men vil ha særleg merksemd på korleis talet på dei som utøvar friluftsliv kan aukast, friluftsliv i nærmiljøet og friluftsliv blant barn og unge. Vidare vil meldinga drøfte friluftslivet sin plass i barnehagar og skule, koplinga mellom friluftsliv og reiseliv basert på natur- og kulturarven, nye friluftsformer og korleis talet som driv med haustingsaktivitetar i naturen kan aukast. Etter planen skal meldinga fremjast 1. halvår 2016.

Regjeringa vil satse på kulturminne i naturen som opplevingsressurs og motivasjonsfaktor i friluftsliv. Blant anna har Riksantikvaren og Den Norske Turistforeining gått saman om prosjektet Historiske vandreruter. Mange ulike aktørar er involverte i dei enkelte vandrerutene, som blant anna lokale turistforeiningar og friluftsråd. Statens naturoppsyn har òg ei sentral rolle i fleire av vandrerutene. Målet med prosjektet er å auke kjennskapen til og bruken av dei gamle ferdselsvegane som turvegar. Gjennom prosjektet blir kunnskap om kulturminne og kulturhistorie knytt til rutene innhenta og formidla. Rutene skal merkjast og skiltast, og det vil bli sett opp informasjon om kulturminne og kulturhistorie undervegs.Fleire av rutene vil bli opna og prosjektet vidareutvikla i 2015.

Friluftslivsaktivitetar og friluftslivstiltak i regi av organisasjonane skal prioriterast høgt, under dette støtte til IKT-baserte produkt og tenester som kan medverke til at fleire tek del i friluftsliv.

Det skal arrangerast eit nytt Friluftslivets år i 2015. Kommunane og friluftsorganisasjonane vil ha ei sentral rolle i gjennomføring av året, og Norsk Friluftsliv (tidlegare FRIFO) har ansvaret for den daglege leiinga av planlegging og gjennomføring av året. Viktige tema i året vil vere friluftsliv i nærmiljøet, fritidsfiske og kulturminne som opplevingsverdi i friluftsliv. Barn, unge og barnefamiliar skal ha særleg prioritet. Målet med året er å skape tiltak og friluftslivsaktivitet i heile 2015, gi friluftsliv auka merksemd, og at fleire vil utøve friluftsliv også etter at året er over.

Det blir arbeidd med å utvikle ein merkevare- og kommunikasjonsstrategi og besøksstrategi for nasjonalparkane. Målet med strategiane er å få ei meir samordna profilering av nasjonalparkane, leggje til rette for auka bruk til friluftsliv og auke opplevingskvaliteten for dei besøkande, blant anna med tilrettelegging i og ved nasjonalparkane. Arbeidet vil bli vidareutvikla i 2015. Sjå nærare omtale under resultatområde 1 Naturmangfald.

Satsinga Den naturlege skulesekken har som hovudmål at skulane skal utnytte nærmiljøet som læringsarena for å utvikle elevane og lærarane si nyfikne og kunnskapen deira om natur, gi medvit om berekraftig utvikling og miljøengasjement, gi kunnskap om helse og livsstil og gi gode friluftslivsopplevingar. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Kunnskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og ei rekkje natur- og friluftsorganisasjonar.

Samarbeid med friluftsorganisasjonar og andre

Departementet og den offentlege friluftslivsforvaltninga samarbeider nært med interkommunale friluftsråd og frivillige organisasjonar innanfor friluftsliv. I mange sikra friluftsområde er det friluftsråd som har ansvaret for drifta. Friluftsråda og organisasjonane har mange viktige prosjekt og tiltak både for å stimulere og lære opp til friluftsliv, og for å forvalte og ta vare på viktige friluftsområde.

Samarbeid og dialog med friluftsorganisasjonane vil framleis vere eit prioritert område og ein integrert del av departementet sitt arbeid med friluftsliv. I alle viktige saker som gjeld friluftsliv vil friluftsorganisasjonane bli involverte eller høyrde, og i mykje av arbeidet har organisasjonane ei direkte og konkret rolle. Til dømes vil friluftslivsorganisasjonane ha ei sentral rolle i gjennomføringa av Friluftslivets år 2015, og vere viktige bidragsytarar i arbeidet med den nye stortingsmeldinga om friluftsliv.

Det finst ei rekkje tilskotsordningar for friluftslivsaktivitet og sikring av natur- og friluftsområde. Nokre av ordningane er det fylkeskommunen som forvaltar og fordeler på vegner av staten. Kulturdepartementet forvaltar viktige støttemidlar for friluftsliv i form av spelemidlane, i samarbeid med fylkeskommunar, kommunar og dei sentrale friluftsorganisasjonane.

Motorferdsle i utmark og vassdrag – auka lokal forvaltning innanfor nasjonale retningslinjer

Det er viktig å regulere motorferdsle i utmark for å ta vare på naturmiljøet, fremje trivsel og sikre stille og ro i naturen. Det er Regjeringas mål å få til auka lokal forvaltning av motorferdsle i utmark. I 2014 har eit forslag til endringar i reglane for motorferdsle i utmark som gir kommunane mynde til å etablere løyper for fornøyelseskøyring med snøskuter vore på høyring. Motorferdslelova med forskrifter vil gi retningslinjer for kvar kommunane kan leggje løypene, kva slag omsyn kommunane må ta og kva slag prosessar kommunane skal følgje når løypene skal etablerast.

Det blei sett i gang ei forsøksordning med mynde for kommunane til å lage løyper for fornøyelseskøyring hausten 2013. Etter ei samla vurdering vart ordninga avvikla våren 2014, men erfaringane frå ordninga er nytta i utforminga av høyringsforslaget, og vil saman med resultat frå høyringa bli eit viktig grunnlag for utforminga av det endelege lovforslaget som etter planen skal leggjast fram for Stortinget hausten 2014.

Regjeringa vil i 2015 leggje vekt på auka kontroll av motorferdsle i utmark, både av Statens naturoppsyn og politiet.

Ved lovendring 21. juni 2013 vart reglane i småbåtlova om bruk av vasskuter endra. Endringa tredde i kraft 1. juli 2013. Endringa inneber at bruk av vasskuterar no er tillate utanfor definerte forbodsbelte langs kysten. Forbodsbelta er særleg grunngitte med omsynet til tryggleik og miljø. Bakgrunnen for endringa er eit ønske om å forenkle regelverket, samtidig som vi held oppe eit høgt beskyttelsesnivå. Endringa vil òg gi større tryggleik for at dei norske reglane om bruk av vasskuter er i samsvar med EØS-avtala.

Meir detaljerte reglar er fastsette i dåverande Miljøverndepartementets forskrift 21. juni 2013 om bruk av vasskuter, som tredde i kraft 1. juli 2013. Det er her fastsett forbodsbelte på 400 meter frå land og verneområde i sjø, og 500 meter frå land og verneområde i ferskvatn. Det er tillate med transportkøyring i låg fart for å komme seg ut gjennom forbodsbelta. I 2015 vil erfaringane med det nye regelverket bli vurderte.

9.4 Resultatområde 4 Forureining

Alle har rett til eit miljø som tryggjer helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir tekne vare på. Medvitet vårt om helse- og miljøfarlege stoff aukar når det for eksempel blir påvist slike stoff i barneleiker. I framtida bør alle produkt vi omgjer oss med vere trygge for helse og miljø. Eit reint miljø er ein føresetnad for eit rikt dyre- og planteliv, og for at vi fritt skal kunne bruke naturen og hauste av naturressursane. Mykje av norsk verdiskaping og produksjon er òg avhengig av eit reint miljø.

Miljøgifter er helse- og miljøfarlege kjemikaliar som blir sakte nedbrotne i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Luft og havstraumar transporterer miljøgifter til område langt frå utsleppskjelder, og miljøgifter utgjer derfor også ein risiko for livet i arktiske område.

Ressursane i avfallet skal takast vare på og nyttast om igjen i størst mogleg grad. Sluttbehandling av avfall, anten ved forbrenning eller deponering, skal skje slik at miljøet blir minst mogleg påverka. Dette gjeld òg dei radioaktive avfallsstraumane.

Sur nedbør kryssar landegrensene. Gjennom målretta internasjonalt samarbeid er tilførslene av sur nedbør vesentleg reduserte. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover dersom ikkje utsleppa i Europa blir ytterlegare reduserte.

God luftkvalitet reduserer faren for helseskadar, særleg for sårbare grupper som eldre, barn, foster og menneske med eksisterande lidingar. I Noreg finn vi stort sett den reine, klare lufta som er ein føresetnad for menneskeleg helse og trivsel, og som er nødvendig for at planter og dyr skal trivast. Dei høge konsentrasjonane av helseskadelege stoff vi har målt i lufta i fleire av byane våre, viser at situasjonen framleis ikkje er god nok. Overskridingar av dei nasjonale måla for lokal luftkvalitet i fleire norske byar kjem blant anna av utslepp frå mange bilar konsentrerte på eitt område, og mange personar som fyrer med ved eller olje på kalde vinterdagar.

Når det gjeld ozonlaget, som vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola, har dei relaterte utsleppa vore kraftig reduserte dei siste åra. Likevel vil det ta lang tid før ozonlaget kan friskmeldast.

Støyforureining kan vere eit problem der menneske ferdast og bur. Fråvær av støy har ein positiv innverknad på menneske sitt ve og vel, og oppleving av stille er ein viktig del av kvalitetane i friluftsområde og kulturmiljø. Den største støykjelda i Noreg er vegtrafikk. Støy stel i følgje Verdas helseorganisasjon mange friske år av liva til menneske.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla presenterte. Status på mål og indikatorar er presentert på www.miljøstatus.no

  • Nasjonalt mål 4.1: Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast, med intensjon om å stanse utsleppa innan 2020.

  • Nasjonalt mål 4.2: Risiko for utslepp og bruk av kjemikaliar som er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.

  • Nasjonalt mål 4.3: Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

  • Nasjonalt mål 4.4: Sediment i sjø som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

  • Nasjonalt mål 4.5: Operasjonelle utslepp til sjø skal ikkje føre til helse- eller miljøskadar eller auka bakgrunnsnivå av olje eller andre miljøfarlege stoff. Risikoen for akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og ein skal kontinuerleg forsøke å redusere risikoen ytterlegare.

  • Nasjonalt mål 4.6: Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan vere årsak til helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte.

  • Nasjonalt mål 4.7: Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

  • Nasjonalt mål 4.8. Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljøvist fornuftig nivå.

  • Nasjonalt mål 4.9: Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

  • Nasjonalt mål 4.10: Helse og miljø skal ikkje ta skade av luftforureining frå SO2, NOx, VOC, ammoniakk eller partiklar.

  • Nasjonalt mål 4.11: Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM10) skal ikkje overskride 50 µg/m3 meir enn 7 dagar pr. år.

  • Nasjonalt mål 4.12: Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal ikkje overskride 150 µg/m3 meir enn 8 timar pr. år.

  • Nasjonalt mål 4.13: Det skal ikkje vere forbruk av følgjande ozonreduserande stoff: HKFK, halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK.

  • Nasjonalt mål 4.14: Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i høve til 1999. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i høve til 2005.

Tilstand

Miljøgifter

Kjemikaliar bidreg i stor grad til auka velferd og til viktige produkt og tenester i samfunnet. Samtidig kan bruk og utslepp av nokre kjemikaliar medføre ein uakseptabel risiko for helse og miljø. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan gi både akutte effektar og langtidseffektar. Helse og miljøfarlege kjemikaliar kan framkalle ulike sjukdomar som t.d. kreft og allergiar eller skade forplantningsevne og arvestoff. Miljøgifter er helse- og miljøfarlege kjemikaliar som blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Dyr på toppen av næringskjedene er særleg utsette for miljøgifter. Miljøgiftene er derfor ein alvorleg trussel mot naturmangfald, matforsyning og kommande generasjonar si helse.

Mykje er gjort for å redusere risikoen for helse og miljø frå ulike kjemikaliar, men det er ikkje tilstrekkeleg for å møte dei langsiktige utfordringane. Nivåa i miljøet av enkelte kjente miljøgifter som PCB er på veg ned, og forbod nasjonalt og internasjonalt har gitt viktige resultat. Industriutsleppa av miljøgifter er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land, og dei samla utsleppa av prioriterte miljøgifter er vesentleg reduserte dei siste 15 åra.

Utviklinga i risiko frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan gi skade på helse og miljø er meir uviss. Det er utvikla ein ny indikator som viser bruk av kjemiske produkt basert på bruksmengder i Produktregisteret og rapporterte utsleppsdata frå industrien i perioden 2003 – 2012. Indikatoren viser ulik utvikling i bruken for ulike stoff. Indikatoren vil bli utvikla vidare ved å inkludere nye stoff i grunnlaget, og det er for hormonforstyrrande stoff særleg stor uvisse på grunn av at grunnlaget for desse er basert på eit mindre tal stoff.

Miljøgifter frå tidlegare tider ligg mange stader som forureiningar i grunnen på land eller i botnsediment i sjø og ferskvatn. Miljøgifter i forureina sediment og grunn spreier seg vidare oppover i næringskjeda, og det er derfor viktig å rydde opp for å hindre ytterlegare spreiing.

Sjølv om vi har ført ein effektiv kamp mot ei rekkje forureinande utslepp dei siste tiåra, gjenstår framleis store oppgåver. Produkt vi nyttar til dagleg er ei aukande kjelde til utslepp av miljøgifter. Noreg mottek òg betydelege langtransporterte tilførsler av miljøgifter via luft- og havstraumar. Arktis er spesielt utsett for langtransporterte tilførsler av miljøgifter på grunn av dei dominerande hav- og luftstraumane. Dette går særleg ut over dyr høgt i næringskjeda, som isbjørn, polarmåke og spekkhoggarar.

Oljeforureining

Oljeforureining kan skuldast operasjonelle eller utilsikta utslepp frå skip, petroleumsverksemd og landbasert industri. I tillegg kjem utilsikta utslepp frå landtransport, bunkeranlegg og nedgravne oljetankar. Miljøtilstanden i hav- og kystområde er omtalt under resultatområde 1 Naturmangfald.

Boks 9.4 Kvikksølv – ei ny global avtale

Kvikksølv er blant dei farlegaste miljøgiftene. Det blir transportert over store avstandar langt frå utsleppskjeldene og utgjer ein trussel mot miljøet og menneske si helse. Kvikksølv kan blant anna skade nervesystemet, og foster og barn er særleg utsette.

Dei samla utsleppa av kvikksølv til luft, jord og vatn frå norske kjelder vart reduserte frå om lag 6 tonn i 1985 til 2,5 tonn i 1995 og vidare til om lag 0,9 tonn i 2010. Det nasjonale utsleppet til luft er i dag betydeleg mindre enn dei mengdene som blir førte til Noreg via luftstraumar frå andre land. Mattilsynet har gitt kosthaldsråd for enkelte arter av ferskvassfisk på grunn av høgt innhald av kvikksølv, og undersøkingar av kvikksølv i ferskvassfisk i Sør-Noreg (åbor og aure) har vist auka konsentrasjonar av kvikksølv.

Tiltak internasjonalt er nødvendig for å få redusert global spreiing av kvikksølv. Noreg var derfor ein av initiativtakarane til ei ny global avtale om redusert bruk og utslepp av kvikksølv, som det vart semje om i januar 2013 og som vart underteikna i oktober 2013. Noreg er òg ein aktiv pådrivar i å få på plass streng regulering i EU.

Avfall

Avfallsmengdene aukar framleis, og er ei kjelde til utslepp av miljøgifter og klimagassar. Det var ein reduksjon i avfallsmengdene frå 2008 til 2009, men veksten har halde fram etter den tid. Dei siste åra har veksten i avfallsmengdene vore noko større enn den økonomiske veksten. Det meste av avfallet blir materialgjenvunne eller energigjenvunne. Verkemidla på avfallsområdet skal sikre ein samfunnsøkonomisk og miljøvis god balanse mellom det som blir gjenvunne som material, og det som blir brent eller deponert. Det er innført fleire verkemiddel for å stimulere til material- eller energigjenvinning, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for fleire typar avfall. Det er etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar, mellom anna for elektrisk og elektronisk avfall, batteri, bilvrak, PCB-haldige isolerglasruter og fleire typar emballasjeavfall. Svært gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad samtidig som miljøgifter i avfallet blir sikra ei forsvarleg behandling.

Mengda farleg avfall aukar òg, men stadig mindre blir handtert på ukjent måte. Det er likevel mogleg å auke innsamling og kontroll med farleg avfall.

Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvenleg teknologi medverka til betydelege reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall.

Radioaktive stoff

Radioaktive stoff har liknande eigenskapar og potensielle skadeverknader på det ytre miljøet som tungmetall og andre miljøgifter, og kan ha samverkande effekt med andre miljøgifter, noko som kan gi ein gjensidig forsterkande effekt. Det er låge nivå av radioaktiv forureining i Noreg.

Tabell 9.2 Definisjonar

Viktige omgrep

Definisjon

Farleg avfall

Avfall som ikkje kan behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr

Gjenvinning

Fellesnemning for eit kvart tiltak der hovedresultatet er at avfall kjem til nytte ved å erstatte materialar som elles ville vorte brukte eller at avfall er vorte førebudd til dette, under dette førebuing til ombruk, materialgjennvinning og energiutnytting

Materialgjenvinning

Utnytting av avfall slik at materialet blir teke vare på heilt eller delvis, f.eks. produksjon av skrivepapir frå returpapir

Miljøgift

Lite nedbrytelege helse- og miljøfarlege kjemikaliar som hopar seg opp i næringskjedene og i miljøet, eller andre stoff som gir tilsvarande grunn til bekymring

Langtransportert luftforureining

Utsleppa av svovel og nitrogen i Europa er reduserte med høvesvis rundt 60 pst. og 20 pst. sidan 1990 og tilførslene til Noreg er reduserte omtrent tilsvarande.

Tolegrensa for forsuring av overflatevatn var i 2010 overskriden i om lag 8 pst. av Noregs areal. Dette omfanget er redusert frå om lag 29 pst. i 1980, 16 pst. i 1990, og 12 pst. i 2000, men har ikkje endra seg vesentleg etter 2010. Det er ingen overskridingar av tolegrenser for forsuring av skog i Noreg.

I store område i Sør-Noreg er mykje av dyrelivet i ferskvatn sterkt skadd. Skadane på botndyr og krepsdyr er framleis store og situasjonen er ustabil. På 80-talet var rundt 15000 fiskebestandar tapte eller sterkt skadde som følgje av forsuring. Vasskvaliteten er blitt betre dei seinare åra. Det er teikn til betring med omsyn til fiskebestandar sidan 1990, sjølv om mange innsjøar framleis er fisketomme.

Areal med overskridingar av tolegrensene for overgjødsling av vegetasjon (terrestriske økosystem) minka i perioden 1980 – 1995, men har ikkje endra seg etter dette. Anslag basert på dei nyaste kartleggingane av tolegrenser viser at desse i perioden 2007 – 2011 var overskridne i ca. 21 pst. av Noregs areal. Nitrogenavsetningane har ført til endringar i det biologiske mangfaldet både i Noreg og i Europa. I næringsfattig ferskvatn fører auka nitrogentilførsler til auka plantevekst og endringar i det biologiske mangfaldet.

Lokal luftkvalitet

Svevestøv (PM10 og PM2,5) og nitrogendioksid (NO2) er dei mest dominerande stoffa i lokal luftforureining. Luftkvaliteten har generelt sett blitt betre sidan 1990-talet, men det var framleis overskridingar av nasjonalt mål for svevestøv (PM10) og NO2 i 2013. Det er ikkje berre dei største byane som har vanskar med å nå nasjonalt mål. Også mindre byar og tettstader har fleire overskridingar enn det som er tillate i forhold til nasjonalt mål for svevestøv.

Når det gjeld NO2 vart nasjonale mål overskridne i dei største byane. I kuldeperiodar om vinteren kan det bli stilleståande luft og høge forureiningsnivå nær dei mest trafikkerte vegane. Det er òg vanleg at slik vinterkulde endar opp med inversjonslokk som hindrar utluftinga. Ofte varer slike lokk berre nokre timar, men dei kan nokre gonger vare fleire dagar i enkelte større byar, slik som for eksempel Oslo og Bergen vinteren 2009/2010. Under slike forhold kan store delar av befolkninga bli eksponerte.

I tillegg kan stoff som svoveldioksid (SO2), bakkenær ozon (O3), karbonmonoksid (CO), PAH og benzen bidra til dårleg lokal luftkvalitet.

Ozonreduserande stoff

Episodar med høgare ozonkonsentrasjonar i Noreg førekjem gjerne når det er høgtrykk over kontinentet, som fører til transport av forureina luft nordover. Dei høgaste verdiane blir normalt målte på strekninga frå Vest-Agder til Oslofjorden. Høge ozonkonsentrasjonar førekjem ofte som episodar over nokre timar eller dagar, som regel om våren og tidleg på sommaren. EUs grense for melding til befolkninga blir sjeldan overskriden i Noreg (sist i 2006).

Målsetjingsverdien for vern av landbruksvekstar mot ozonskadar blir overskridne enkelte år, mens verdien som omfattar skog sjeldan blir overskriden i Noreg.

Støy

Støy er eit miljøproblem som rammar svært mange menneske i Noreg i dag. Om lag 1,4 million menneske er utsette for eit gjennomsnittleg støynivå over 55 dB ved bustaden sin. Dette omfattar støy frå veg, fly, jernbane, industri, og anna næringsverksemd. Bortimot ein halv million menneske er mykje eller sterkt plaga, og rundt 200000 menneske har problem med nattesøvnen som følgje av støy.

Vegtrafikk er den største støykjelda i Noreg og står for nesten 80 pst. av utrekna støyplager.

Ifølgje statistikk frå Statistisk sentralbyrå har talet på personar som er utsette for støy i Noreg auka med 225000 sidan 1999. I tillegg til folketalsvekst i dei støyutsette områda er det trafikkvekst og auka del tungtrafikk som er dei viktigaste årsakene til at talet på støyutsette har auka i denne perioden.

Påverknader

Miljøgifter

Kjemikalieutsleppa stammar frå produksjon av råstoff og ferdigvarer i industrien, frå bruk av produkt i heimen, i industri og arbeidsliv, frå spreiing av gammal forureining lagra i grunn og sjøbotn og frå avfallsbehandling. Det er titusenvis av kjemikaliar på den europeiske marknaden, og desse går inn i talrike produkt og avfall. For mange av desse kjemikaliane har vi avgrensa kunnskap om deira helse- og miljøverknader. Talet på stoff med moglege helse- og miljøskadelege verknader er stort, og det er aukande utfordringar frå nye stoff. Produkt vi omgir oss med, som reingjeringsmiddel, klede, møblar, leiketøy, hobbyprodukt, PC-ar og mobiltelefonar, kan innehalde stoff vi har liten eller ingen kunnskap om helse- og miljøverknaden av. Vi veit for lite om stoff med hormonforstyrrande eigenskapar, og også om kva samla verknader ved eksponering for mange kjemikaliar kan føre med seg. Det siste blir ofte populært kalla «cocktail»-effekten. Uvisse om mogleg helse- og miljørisiko ved auka bruk av nanomaterialar er òg ei utfordring, og det er naudsynt med auka kunnskap.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn vil kunne føre til at helse- og miljøskadelege stoff blir spreidde til omgivnadene. Kjemikaliar som er hamna i jordmassar lek sakte ut til omgivnadene og kan takast opp i dyr og planter og komme inn i det biologiske kretsløpet. Forureiningar som ligg avleira i sjøbotnen, kan spreiast til omgivnadene gjennom bl.a. oppvirvling, opptak i plantar og beiting og utgjer då først og fremst ein trussel mot planter og dyr i sjøen. Forureiningar blir førte vidare gjennom næringskjedene i sjøen og kan ende opp i fisk og skaldyr som folk et.

Avfall

Sluttbehandling av avfall vil òg kunne føre til fare for utslepp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Avfallsdeponi er strengt regulerte og deponia må samle opp sigevatnet og greie ut reinsebehovet. Reinsekrav blir fastsette for kvart enkelt deponi etter ei konkret vurdering. Krav til oppsamling av deponigass og forbodet mot deponering av nedbryteleg avfall gir reduserte utslepp av klimagassen metan. Utsleppskrava til avfallsforbrenning er svært strenge, og utsleppa frå avfallsforbrenningsanlegga er i dag låge. Dei potensielle miljøskadane frå avfallsbehandling gjer det viktig å minimere mengda avfall som blir sluttbehandla. I tillegg inneheld mange typar avfall material som det kan vere miljøvist gunstig å nytte om igjen. Ved å stimulere til meir gjenbruk og gjenvinning, reduserer vi mengda avfall som går til sluttbehandling samtidig som vi utnyttar ressursane i avfallet betre. Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke om ein ikkje lukkast med å førebyggje avfall.

Det blir produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Auka kunnskap og større medvit om miljøgifter gjer òg at nye stoff og produkt blir klassifiserte som farleg avfall. Dette medverkar til at mengdene farleg avfall som oppstår aukar. For å medverke til å førebyggje farleg avfall er det viktig å arbeide for at det blir utvikla meir miljøvennlege produkt. Farleg avfall kan ikkje behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Det er likevel framleis noko farleg avfall som går til ukjent behandling og det er viktig med kontinuerleg innsats for å auke innsamlinga av det farlege avfallet.

Radioaktive stoff

Nivået på radioaktiv forureining generelt er lågt. Utslepp og avfall er nært knytt til aktiviteten i ulike sektorar. Noreg har vesentleg høgare utslepp av produsert vatn frå petroleumsverksemda enn dei andre nordsjølanda. Dei norske utsleppa av produsert vatn er kjelde til om lag 50 pst. av dei totale radioaktive utsleppa frå petroleumsindustrien i dei områda som er omfatta av Oslo-Pariskonvensjonen (OSPAR) om vern av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren.

Radioaktive stoff er nytta til mellom anna behandling av pasientar på sjukehus og i forsking og utdanning. Dette kan medføre utslepp av radioaktive stoff. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt som for eksempel røykvarslarar. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan òg oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri, og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall følgjer av oppkonsentrering av naturleg førekommande radionuklidar som finst i berggrunnen, slik som ved utvinning av olje og gass, og ved framstilling av radioaktive stoff og drift av forsøksreaktorane til Institutt for energiteknikk (IFE). Radioaktiv forureining av norske land- og havområde er vidare frå internasjonale kjelder, slike som historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Framtidige ulykker knytte til anlegg i nærområda våre, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland, vil kunne ha store konsekvenser for Noreg.

Langtransportert luftforureining

Sur nedbør er resultatet av utslepp av blant anna svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx) og ammoniakk (NH3). Noreg er særleg utsett for forsuring av vassdrag som følgje av tilførsle av svovel og nitrogen som kjem frå grenseoverskridande luftforureiningar. Utslepp som skjer i eitt land kan føre til betydeleg skade i andre land. Nedfallet av svovel og nitrogen i Noreg stammar først og fremst frå andre land i Europa som Storbritannia, Tyskland og Polen og frå internasjonal sjøfart i dei nære havområda.

Forsuring gir redusert vasskvalitet og har ført til at mange fiskebestandar er reduserte eller har gått tapt, særleg i Sør-Noreg. Anna dyre- og planteliv er òg påverka av sur nedbør. Sjå nærare omtale under resultatområde 1 Naturmangfald.

Nitrogen verkar òg som gjødsel og kan medverke til overgjødsling og endringar i vegetasjonen. Resultat frå norske overvakingsprogram viser klare koplingar mellom atmosfærisk avsetning av nitrogen og artssamansetning, og at nitrogennedfall påverkar markvegetasjon og algevekst negativt.

Høge konsentrasjonar av ozon ved bakken kan føre til skadar på helse, avlingar, annan vegetasjon og materiell.

Små, helseskadelege partiklar kan transporterast over lange avstandar og på tvers av landegrenser.

Sotpartiklar og andre luftforureiningar kan medverke til klimaendringar. Og klimaendringar kan ha verknad på miljøeffektane av luftforureiningar.

Lokal luftforureining

Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er trafikk med eksos og asfaltstøv frå piggdekk, vedfyring og langtransportert forureining. Den viktigaste kjelda til utslepp av NO2 er vegtrafikk.

Helserisikoen knytt til lokal luftforureining avheng av kor høg konsentrasjonen av dei forureina stoffa er og kor lenge vi blir utsette for dei. Det er i hovudsak astmatikarar og personar med luftvegslidingar eller hjarte- og karsjukdommar som opplever helseeffektar frå luftforureining i Noreg. Av stoffa som medfører lokal luftforureining er det størst helserisiko knytt til svevestøv. Det er òg helserisiko knytt til nitrogendioksid (NO2).

Det er venta at konsentrasjonen av svevestøv vil bli redusert på grunn av reinare bilpark, omnar som brenn reinare og redusert bruk av piggdekk, men det vil framleis vere overskridingar av dei nasjonale måla i ei rekkje byar i åra framover. Nivåa varierer sterkt frå år til år, avhengig av meteorologiske faktorar. For NO2 er det ikkje venta store endringar i konsentrasjonane med dagens verkemiddelbruk, men trenden for NO2 er meir usikker enn for svevestøv. Auka kunnskap om kva som er dei reelle NOx-utsleppa og betre kunnskap om korleis NO2/NOx-delen vil endre seg med ny bilteknologi vil kunne medføre endra prognosar for framtidige utslepp.

Ozonreduserande stoff

Utslepp av ozonreduserande stoff har svekt ozonlaget dei siste 30 åra. Bruken av stoffa er kraftig redusert, men ozonlaget kan truleg ikkje friskmeldast før i 2050 – 2070. Ozonlaget vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola. Auka stråling kan blant anna føre til alvorlege sjukdomar, så som hudkreft og augesjukdomar, reduserte avlingar, svikt i matvareproduksjonen, og det kan skade havets økosystem.

Støy

Vårt moderne samfunn er ei kjelde til auka støy for mange menneske. I fleire tiår har vi hatt ei utvikling med stadig meir transport. Dette gir mykje støy. Støy verkar ofte saman med andre stressfaktorar som for eksempel luftforureining. Opplevinga av å bli forstyrra under kvile og avkopling, i samtaler, eller i ein arbeidssituasjon medverkar til mistrivsel og redusert velvære og påverkar derfor folks åtferd og helsetilstand. Langvarig irritasjon over støy kan medverke til sjukdom, særleg hos dei som elles er disponerte for sjukdom. Det er påvist at støy kan gi kortvarige fysiologiske forandringar som er typiske for psykisk stress. Stress kan vere ei medverkande årsak til ulike helseplager, for eksempel muskelspenningar og muskelsmerter, som er svært vanlege årsaker til sjukemelding og uførleik. Det finst òg ei rekkje undersøkingar som viser auka risiko for høgt blodtrykk og utvikling av hjarte- og karsjukdommar.

Forstyrra søvn blir rekna blant dei meir alvorlege negative verknadene av støy. Uforstyrra søvn er ein føresetnad for god fysiologisk og mental helse. Støy vil kunne endre det naturlege søvnmønsteret, gjere det vanskelegare å sovne og føre til at ein vaknar. Konsekvensar av utilstrekkeleg søvn er trøyttleik, nedsett sinnsstemning, redusert yteevne og auka risiko for ulykker. Vidare er det studiar som tyder på at mangelfull søvn er forbunde med auka risiko for ei rekkje helseproblem som angst, depresjon, type 2-diabetes og hjarte- og karsjukdommar.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Miljøforvaltninga har hovudansvaret for gjennomføring og oppfølging av forureiningslova. Miljøforvaltninga har ansvaret for å motverke skadelege verknader av kjemikaliar på naturmiljøet og på forbrukarane. Påverknad av arbeidstakarane si helse er arbeidsmiljøstyresmaktene sitt ansvarsområde. Miljøforvaltninga sitt ansvar for helsepåverknad er òg avgrensa til enkelte bruksområde for kjemikaliane. Vidare er ansvaret avgrensa til enkelte eigenskapar ved stoffa. Brann- og eksplosjonsfare ved bruken av kjemikaliar fell utanfor miljøforvaltninga sitt ansvar. Miljøstyresmaktene på kjemikalieområdet er Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet og Fylkesmannen.

Miljøstyresmaktene har hovudansvaret for avfallspolitikken. Enkelte verkemiddel ligg likevel under andre departement sine ansvarsområde. Miljøstyresmaktene på avfallsfeltet er Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Fylkesmannen og kommunen.

Miljøforvaltninga har òg ansvar for å verne det ytre miljøet mot skadelege verknader av radioaktiv forureining, blant anna frå utslepp og frå radioaktivt avfall. Miljøstyresmaktene på radioaktivitetsfeltet er Klima- og miljødepartementet og Statens strålevern.

Forureiningslova og tilhøyrande forskrifter er sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp til luft og støy. Hovudregelen i forureiningslova er at forureining er forbode. Dermed har ingen lov til å forureine utan at det er gitt løyve til det, anten gjennom individuelt løyve til ei verksemd eller i forskrift.

Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit tverrgåande verkemiddel som set rammer for måloppnåinga. Kommunal, regional og statleg planlegging skal mellom anna medverke til at helse og miljø ikkje tek skade av luftforureining og at støyplagene blir reduserte. Det er gitt konkrete retningslinjer for behandling av luftkvalitet og støy i arealplanlegginga gjennom TA-2842/2011 og T-1442/2012. Sjå òg verkemiddelområdet Regelverk for nærare omtale.

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking er eit viktig og nødvendig grunnlag for resultatområdet. God lokal luftkvalitet og fråvær av støy er òg ein føresetnad for eit godt bymiljø, blant anna er planlegging av kor ulike verksemder skal leggjast og innretning av kollektivtilbod svært viktig.

Miljøgifter

Verkemiddelbruken har som formål å redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. For miljøgifter er det lagt til grunn at bruk og utslepp skal stansast innan 2020. Ein viktig del av arbeidet vidare er å identifisere fleire miljøgifter som er omfatta av målet, og følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker.

Det er behov for ein særleg innsats fram mot 2020 for å nå målet. For å sikre ein effektiv og samordna innsats i å stanse utslepp av miljøgifter vil Klima- og miljødepartementet leggje fram ein eigen strategi for arbeidet med miljøgifter.

Miljøgifter blir transporterte over store strekningar med luft- og havstraumar, og gjennom handel med produkt og avfall. Derfor er både nasjonalt og internasjonalt arbeid svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Nasjonalt er forureiningslova og tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp, bl.a. utslepp av kjemikaliar.

Streng regulering av utslepp av farlege kjemikaliar frå industri og prosessar er lagt til grunn gjennom forvaltninga etter forureiningslova. Som hovudregel blir pålegg etter forureiningslova òg nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina grunn og forureina botn i sjø og vatn. For forureina grunn er plan- og bygningslova òg ein nyttig reiskap. For å sikre ein samla og effektiv verkemiddelbruk i oppryddingsarbeidet er det i tillegg utarbeidd ein eigen handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn, basert blant anna på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn i dei 17 høgast prioriterte områda i landet.

I tillegg til forureiningslova er produktkontrollova og forskrifter gitt i medhald av denne sentrale juridiske verkemiddel på kjemikalieområdet. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og EU. I 2008 vart det innført eit nytt og svært omfattande kjemikalieregelverk i EU/EØS om registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket). Vidare utvikling av dette regelverket er svært viktig i kjemikaliepolitikken. Noreg bidreg aktivt i arbeidet for å styrkje regelverket både med å foreslå regulering av stoff og ved gjennomgangen av regelverket som no går føre seg, inkludert endringar for å betre handteringa av nanomaterialar under REACH. Noreg spelte i 2013 inn fem konkrete forbetringspunkt til EU. Eitt av dei fem punkta er at det må vere eit mål å stanse utslepp av miljøgifter innan 2020, i tråd med norsk mål for dette.

Det må òg gjerast meir for å møte nye utfordringar med hormonforstyrrande stoff og nanomaterialar. Det er særleg viktig å arbeide for at Kommisjonen får lagt fram felles kriterium for hormonforstyrrande stoff, og Noreg har teke opp dette med Kommisjonen. Det at menneske og miljø blir utsette for mange helse- og miljøfarlege stoff samtidig, er heller ikkje reflektert i regelverket i dag. I tillegg må kvaliteten på den informasjon som industrien leverer under regimet i dag forbetrast kraftig. Vidare er informasjon eit viktig verkemiddel for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald i produkt. Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency), som har sete i Helsinki, er viktig i EUs kjemikaliearbeid. ECHA er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget og er sentralt i arbeidet med nye reguleringar for å beskytte helse og miljø. Noreg har ein nasjonal ekspert tilsett i byrået og er representert i alle komitear og i styret i ECHA. Vi har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar, og nytt regelverk er nylig innført.

Globalt er Noreg aktivt med i arbeidet under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Basel-konvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar og miljøgiftsprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa (ECE). Noreg støttar òg den globale kjemikaliestrategien SAICM. Vidare tek Noreg aktivt del i arbeidet med kjemikaliespørsmål innan FNs Sjøfartsorganisasjon (IMO) og FNs miljøprogram (UNEP). Under FNs miljøprogram vart det i 2013 sluttført forhandlingar om ei ny global avtale for å redusere bruk og utslepp av kvikksølv. Noreg har spelt ei sentral rolle for å få dette resultatet. På bakgrunn av norsk forslag vart det i 2013 òg semje om forbod mot miljøgifta HBCD under Stockholm-konvensjonen. Noreg har i 2013 òg foreslått endå ei ny miljøgift til denne konvensjonen; miljøgifta deka-BDE. Det aller meste av transport av kjemikaliar globalt skjer med skip. Det er gjennom MARPOL-konvensjonen etablert svært strenge globale krav for å unngå miljøskadelege utslepp frå slik transport. I tillegg har IMO etablert ein eigen konvensjon som regulerer bruk av miljøgifter i botnstoff brukt på skip. Denne konvensjonen forbyr bruk av organotinn. Mjukare verkemiddel enn reguleringar, slik som informasjon, er viktig for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald i produkt. Avgifter blir òg nytta for å avgrense bruk av enkelte stoff.

Kunnskapsheving gjennom forsking, kartlegging av potensielt farlege stoff i produkt, avfall og utslepp, og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Auka kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar, under dette nanomaterialar, er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø, og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak på eit tidleg tidspunkt. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtaler for å redusere utslepp av miljøgifter. Data frå Arktis er svært nyttig fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.

Opprydding i forureina grunn og sjøbotn er kostbart og tidkrevjande. Tiltak for å rydde opp i sjøbotn er fremja gjennom fylkesvise tiltaksplanar og prioritering av område som skal ryddast opp. I hovudsak er det prinsippet om at forureinar betaler som skal leggjast til grunn og bruk av pålegg etter forureiningslova er eit viktig verkemiddel for å sikre nødvendig opprydding av forureina grunn og sjøbotn. Statlege styresmakter vil likevel kunne medverke med finansiering der dette er nødvendig. Det er behov for at statlege bidrag til finansieringa kan bli meir føreseielege, og det er derfor gjennom ei særskild fullmakt lagt til rette for at styresmaktene kan inngå avtaler om finansiering utover løyvinga på oppryddingspostane i det aktuelle året.

Oljeforureining

Oljeforureining skuldast både akutte og operasjonelle utslepp frå offshore olje- og gassverksemd, skipsfart og landbasert verksemd.

Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff frå petroleumsverksemnda. Nullutsleppsmålet gjeld for heile norsk sokkel. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Det er behov for ytterlegare tiltak for enkelte innretningar for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd òg for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn. Konvensjonen for vern av det marine miljø i nordaust-Atlanteren (OSPAR) har vedteke ei ny tilrådning om ei risikobasert tilnærming til handtering av produsert vatn. OSPARs tilråding stadfester det norske nullutsleppsarbeidet og medverkar til forsterka innsats nasjonalt for å redusere risiko frå produsert vatn. Nye risiokovurderingar og vurderingar av beste tilgjengelege teknologi (BAT) vil bli gjennomført dei næraste åra, noko som Miljødirektoratet vil nytte som grunnlag for eventuelle krav om tiltak. Ved boring i område med korallar eller sårbar botnfauna, vil det bli stilt strenge krav for å hindre nedslamming som kan føre til skade på faunaen.

Verksemd som kan føre til akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i høve til risikoen for akutt forureining. Miljødirektoratet stiller krav etter forureiningslova til kommunar, petroleumsverksemd og anna privat verksemd om beredskap mot akutt forureining.

Skipsfarten er internasjonalt regulert gjennom konvensjonar fastsette av FNs sjøfartsorganisasjon (IMO). Noreg medverkar til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere konvensjonane og syte for god handheving. Sjøfartsdirektoratet står for handheving av desse krava av norskregistrerte skip i alle farvatn, og av utanlandske skip i norsk farvatn gjennom hamnestatskontroll.

Avfall

Det overordna målet med avfallspolitikken er å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Det er viktig å minimere utslepp av lokal forureining, klimagassar og miljøgifter frå avfall. Samtidig ønskjer ein å auke utnyttinga av ressursane i avfallet. Politikken på avfallsfeltet skal medverke til at meir avfall blir halde i krinsløp og kjem til nytte som råvarer.

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Fleire verkemiddel skal stimulere til material- eller energigjenvinning, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for fleire typar avfall.

Eit rammedirektiv for avfall (2008/98/EF) vart i 2011 innlemma i EØS-avtala. Norsk avfallsregelverk er vurdert å vere i tråd med rammedirektivet. Klima- og miljødepartementet vil foreslå enkelte endringar i forureiningslova, med sikte på å bringe omgrepa i avfallsregelverket meir i samsvar med EU-retten. Når det gjeld returordninga for innsamling av elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall), har EU vedteke nye reglar i direktivet for elektrisk og elektronisk avfall for å effektivisere ordningane og auke innsamlingsmåla. Endringane tredde i kraft i EU i 2012 og vil medføre enkelte endringar i avfallsforskrifta kapittel 1. Departementet har òg teke initiativ til å endre reglane i avfallsforskrifta om berekning av avfallsgebyr for å førebyggje ulovleg kryssubsidiering i avfallssektoren og tydeleggjere reglane for sjølvkostrekneskapen. Miljødirektoratet har gjort ein gjennomgang av retursystemet for drikkevareemballasje.

Klima- og miljødepartementet si avfallsstrategi inneheld både ein avfallsplan og eit program for avfallsførebygging i tråd med krava i rammedirektivet for avfall. Strategien løfter fram enkelte prioriterte område som miljøstyresmaktene vil arbeide med framover. Dette er blant anna avfallsførebygging, der matavfall er høgt prioritert, betre utnytting av ressursane i avfallet gjennom meir materialgjenvinning av blant anna plast og tekstil, og auka kunnskap om miljøgifter frå bilvrak. Andre prioriterte område er auka innsamling av elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) og innføring av ei produsentansvarsordning for fritidsbåtar. Innsamling og handtering av farleg avfall er òg høgt prioritert.

Den tidlegare avgifta på forbrenning av avfall vart innført i 1999 og avvikla i 2010. Avgifta vart innført for å stimulere til auka materialgjenvinning og reduserte avfallsmengder. Ved avviklinga var eit av måla å sikre like konkurransevilkår for forbrenning i norske og svenske anlegg, då Sverige hadde vedteke å fjerne si avgift. No har miljøkonsekvensane ved avviklinga vore evaluerte. Evalueringa gir ikkje grunnlag for å seie at avviklinga har hatt negativ effekt på mengda avfall som går til materialgjenvinning og biologisk behandling. Etter 2010 har dei norske forbrenningsanlegga styrkt konkurranseevna si noko. Mengda eksportert avfall til Sverige er derfor truleg noko lågare enn om avgifta hadde halde fram.

Etter at deponiforbodet for biologisk nedbrytbart avfall vart innført har ikkje avgifta på deponering lenger betydning for å unngå deponering av avfallsfraksjonar som ein ønskjer å styre til andre behandlingsformer. Miljøomsyn gir derfor ikkje lenger grunn til å oppretthalde avgifta, og den vert foreslått avvikla.

Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema når produkta blir avfall. Det er viktig å halde fram den store innsatsen som allereie blir gjort internasjonalt for å redusere innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff i nye produkt. Farlege kjemikaliar i produkt endar før eller seinare opp som avfall. For å redusere mengdene farleg avfall som oppstår blir innhaldet av farlege kjemikaliar og miljøgifter i produkt regulert gjennom produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Enkelte stoff eller produktgrupper er forbodne eller avgrensa i forskrift.

Det har vore eit mål om at genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå. Dette målet har vist seg vanskeleg å oppnå. Ein av grunnane til dette er dei store mengdene farleg avfall som blir generert i industri-, bergverks-, og petroleumssektoren. Generert mengde farleg avfall her heng nært saman med aktivitetsnivå. Så lenge aktivitetsnivået er høgt eller aukande i desse bransjane er det lite truleg at generert mengd farleg avfall vil bli redusert. Så lenge aktivitetsnivået er høgt eller aukande i desse bransjane er det lite truleg at generert mengd farleg avfall vil bli redusert. Samtidig kan mengda farleg avfall som oppstår frå kasserte produkt reduserast på lang sikt gjennom systematisk innsats for å få ned innhaldet av farlege stoff i produkta. Arbeidet med å redusere og hindre utslepp av slike stoff er allereie godt dekt av kjemikaliepolitikken og dei nasjonale måla for miljøgifter og helse- og miljøfarlege stoff. Det nasjonale målet om at farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet dekkjer både at vi skal sikre innsamling av det farlege avfallet som oppstår, og at vi skal sikre at avfallet går til ei miljøvis god behandling utan at vi er avhengige av eksportløysingar. Dette målet og dagens indikator, saman med måla i kjemikaliepolitikken, vil dekkje innsatsen mot farleg avfall. Det er på denne bakgrunn ikkje behov for eit eige mål om generering av farleg avfall, som derfor er fjerna frå 2015.

Sjølv om stadig meir farleg avfall blir forsvarleg teke hand om er det likevel farleg avfall som går til ukjent behandling. Det blir gjort ein særleg innsats for å auke innsamlinga av prioritert farleg avfall og å sikre forsvarleg handtering. Auka innsamling av avfall som inneheld olje er prioritert, og informasjon til bransjen og tilsyn er styrkt. Informasjon til befolkninga, bedrifter og kommunar er òg ein viktig del av styresmaktene sitt arbeid for å auke innsamlinga av farleg avfall. Tilsyn med farleg avfall og samarbeid mellom involverte etatar er vesentleg styrkt dei siste åra, og dette arbeidet skal halde fram. Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere illegal import og eksport, særleg eksport til fattige land. Forslag til ei lovendring for å skjerpe reaksjonane mot ulovleg eksport og import av farleg avfall vert vedteke av Stortinget 16. juni 2014. Klima- og miljødepartementet vurderer fortløpande utviklinga på området, om verkemidla fungerer etter intensjonen og behovet for nye verkemiddel. For eksempel er det behov for å vurdere om det er mogleg å utnytte ressursane i det farlege avfallet utan at dette fører til auka risiko for helse og miljø.

Noreg tok i 1999 opp miljøproblema knytte til opphogging av skip, og fremja etableringa av eit internasjonalt bindande regelverk i regi av FNs sjøfartsorganisasjon. Dette fekk Noreg tilslutning til, og i 2009 vart ein ny konvensjon om sikker og miljøforsvarleg opphogging av skip (Hong Kong-konvensjonen) fastsett. Stortinget samtykte i å tiltre konvensjonen 14. mai 2013. Krava i konvensjonen er ikkje venta å tre i kraft før tidlegast i 2020.

EU la i 2011 fram ein strategi for auka ressurseffektivitet med forslag til både sektorvise og sektorovergripande tiltak. EU har gått vidare på avfallsfeltet i 2014, og Kommisjonen la 2. juli fram forslag til endringar i fleire avfallsdirektiv. Endringane er særleg knytte til auka ambisjonar for ombruk og materialgjenvinning. Noreg har halde seminar om miljøgifter og materialgjenvinning av plast i Brussel i 2014, og har delteke i relevante høyringar. Generelt følgjer Klima- og miljødepartementet aktivt med på EUs arbeid for auka ressurseffektivitet, og gir innspel på avfalls- og gjenvinningsområdet der vi har relevant erfaring å bidra med.

Radioaktive stoff

Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte. Noreg har i forureiningslova ein god reiskap for å nå måla med å redusere utslepp og risiko for utslepp nasjonalt og for å sikre eit heilskapeleg og miljømessig forsvarleg system for handtering av radioaktivt avfall. Innføringa av eit deklarasjonssystem for radioaktivt avfall har vore eit viktig verkemiddel for å sikre kartlegging av avfallet. Gjennomføring av regelverket med særleg vekt på tilsyn, og å sikre ei god avfallshandtering er høgt prioritert. Eit godt utbygd overvakingssystem er sentralt for å sikre god og oppdatert kunnskap om tilstanden. Arbeidet med å få betre kunnskap om ulike kjelder til radioaktiv forureining, om miljøeffektane av dei og eit betre grunnlag for overvaking skal òg førast vidare. Det er òg prioritert å vidareføre forsking på den verknaden radioaktiv stråling har i det ytre miljøet. For å redusere utslepp og risiko for utslepp av radioaktive stoff frå andre land har Noreg dialog og samarbeid med dei landa der det finst kjelder som kan påverke Noreg.

Ei atomhending kan føre til betydelege konsekvensar for miljøet. Også enkelte tiltak for å beskytte samfunnet kan føre til forureining av miljøet. Tiltak i akuttfasen må derfor vurderast også med tanke på konsekvensar i seinfasen, og det er viktig med eit godt planverk. For å sikre god forankring og gjennomføring av planverk på området i miljøforvaltninga og grunnlag for vidareutvikling, er det planlagt ein ekstra innsats frå 2015 på 2mill. kroner over 3 år. Ei slik satsing vil òg gi rom for å forsterke arbeidet med beredskapsøvingar.

Langtransportert luftforureining

Internasjonale avtaler

Målet om at helse og miljø ikkje skal ta skade av luftforureining frå SO2, NOx, VOC, ammoniakk eller partiklar kan berre nåast gjennom internasjonalt samarbeid for å redusere langtransportert forureining. Takka vere dei internasjonale avtalene under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining, er tilførslene av sur nedbør til Noreg vesentleg reduserte sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover dersom tilførslene av svovel og nitrogen ikkje blir ytterlegare reduserte.

Langtransportert luftforureining fører òg til overgjødsling av vegetasjon og til høge konsentrasjonar av bakkenært ozon som kan skade både helse, vegetasjon og materialar. Landa som deltek i samarbeidet under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining er i forskjellig grad råka av ulike skadar som følgje av luftforureiningar. Ettersom dei ulike skadane stort sett skuldast dei same stoffa og utsleppskjeldene, har konvensjonen sine partar valt å gå saman om å finne heilskaplege løysingar på dei forskjellige miljøproblema. Ei lang rekkje land har påteke seg forpliktingar om å redusere sine samla utslepp av luftforureiningar, sist gjennom Gøteborgprotokollen av 1999 om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon.

Landa som er partar til Gøteborgprotokollen vart i 2012 samde om endringar i protokollen. I tillegg til dei opprinnelege utsleppsforpliktingane som gjeld frå 2010, tok partane til protokollen på seg nye utsleppsforpliktingar som skal oppfyllast innan 2020. Noreg har teke på seg følgjande forpliktingar om utsleppsreduksjonar innan 2020, med 2005 som basisår: svoveldioksid (SO2): 10 pst., nitrogenoksid (NOx): 23 pst., flyktige organiske sambindingar unnateke metan (HNMVOC): 40 pst., ammoniakk: 8 pst. og små partiklar (PM2,5): 30 pst.

Noreg deltek aktivt i det internasjonale samarbeidet under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining med mål om å redusere tilførslene av luftforureiningar, slik at ein unngår skadar på helse og miljø. Det er viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til den reviderte Gøteborgprotokollen. Noreg vil i arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining òg leggje vekt på at landa skal redusere forureinande utslepp som medverkar til klimaendringar, mellom anna svart karbon (sot).

EU har innlemma forpliktingane i Gøteborgprotokollen av 1999 i sitt miljøregelverk. Det vart i desember 2009 bestemt å innlemme EUs direktiv om nasjonale utsleppstak for forureiningar til luft, «takdirektivet» i EØS-avtala. Kommisjonen la i desember 2013 fram forslag til eit nytt direktiv om reduksjon i forureinande utslepp til luft. Forslaget inneber gjennomføring i EU av dei nye utsleppsforpliktingane i den reviderte Gøteborgprotokollen av 2012. Kommisjonen foreslår i tillegg nye utsleppsforpliktingar som skal gjelde frå 2030. Forslaget til nytt direktiv er til behandling i EU.

Kunnskapsgrunnlaget

Arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er basert på omfattende kunnskap gjennom overvaking, forsking og analysar av utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar og strategiar for å redusere utslepp i tråd med felles miljømål.

Overvakinga av langtransportert forureining i luft og nedbør omfattar undersøkingar både av tilførsler og effektar av forsurande sambindingar (svovel- og nitrogensambindingar), eutrofiering (nitrogensambindingar), bakkenært ozon, partiklar og miljøgifter (tungmetall, persistente organiske sambindingar). Miljødirektoratet har ansvaret for desse overvakingsprogramma i Noreg, sjå nærare omtale under kapittel 19 Kunnskap.

Noreg samarbeider internasjonalt om å betre kunnskapen om utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar gjennom Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP) og gjennom dei internasjonale samarbeidsprogramma for miljøeffektar under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining. Landa samarbeider òg innanfor ramma av denne konvensjonen om å utvikle kunnskapsgrunnlaget for val av tiltaksstrategiar for å redusere miljøskadar som følgje av langtransportert luftforureining, bl.a. kunnskap om moglege utsleppsreduserande tiltak og kostnader ved desse.

Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforskning og Norsk institutt for vannforskning medverkar i vesentleg grad til denne kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining. I tillegg til Miljødirektoratet deltek òg andre norske fagmiljø som Landbruksdirektoratet, Folkehelseinstituttet, Statistisk sentralbyrå og Norsk institutt for skog og landskap i ekspertgrupper under konvensjonen.

Ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga i 2015 blir å betre metodane for berekning av utslepp av luftureiningar i tråd med nye internasjonale retningslinjer for dette. Løyvinga til dette arbeidet vil bli auka med 500000 kroner.

Arbeidet med å overhalde Noregs internasjonale utslippsforpliktingar

Noreg har i Gøteborgprotokollen skyldnader om å halde dei samla årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar unnateke metan (NMVOC) og ammoniakk (NH3) under talfesta nivå frå 2010. Ved innlemming av direktivet om nasjonale utsleppstak for forureiningar til luft («takdirektivet») har Noreg i EØS-avtala teke på seg å halde dei same utsleppstaka som dei vi har i Gøteborgprotokollen. Regjeringa ser det som svært viktig å overhalde dei internasjonale forpliktingane på dette området.

Utsleppstal for 2012 og foreløpige utsleppstal for 2013 publiserte av Statistisk sentralbyrå og Miljødirektoratet, viser at Noreg i begge desse åra overheldt utsleppsforpliktingane for både SO2 og NMVOC. Utsleppa av NOx som er omfatta av Gøteborgprotokollen låg i 2012 og 2013 om lag på høvesvis 10000 tonn og 4000 tonn over forpliktinga Noreg har i protokollen om eit maksimalt årleg utslepp på 156000 tonn frå 2010. Ammoniakkutsleppa var i 2012 og 2013 om lag 4000 tonn høgare enn dei internasjonale forpliktingane som gjeld frå 2010 om å halde dei årlege utsleppa på maksimalt 23000 tonn. Berekningane av utslepp av ammoniakk frå jordbruk er blitt forbetra og det er dette som forklarer at utsleppa no er høgare enn det Noreg har forplikta seg til.

Hovudinnsatsen framover innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining er å redusere utsleppa av NOx og ammoniakk i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen. Av utsleppa som er omfatta av protokollen, blir utslepp av SO2, NOx og NMVOC regulerte i utsleppsløyve etter forureiningslova og i tråd med føresegnene i relevante EU-direktiv som er innlemma i EØS-avtala. Slik regulering har dei seinare åra vore særleg viktig for å redusere utsleppa av NMVOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen. På bakgrunn av utsleppsforpliktinga i Gøteborgprotokollen underteikna Klima- og miljødepartementet og Norsk Industri i 2001 ein intensjonsavtale om å redusere svovelutsleppa. Utslepp av SO2 frå den enkelte verksemda blir regulerte i utsleppsløyve frå Miljødirektoratet. Klima- og miljødepartementet og Norsk Industri forlenga i 2013 intensjonsavtala ut 2018. Tilleggsavtala har som formål å sikre at dei årlege utsleppa av SO2 frå prosessindustrien ikkje skal overstige 11000 tonn.

Utslepp av SO2, NOx og VOC er òg regulerte i forskrifter etter forureiningslova, produktkontrollova og relevant sektorlovgiving. Til dømes er utsleppa av NOx frå køyretøy regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krav til kvaliteten på bensin og autodiesel til køyretøy, ikkje-veggåande maskiner og landbrukstraktorar er bestemt i forskrift til produktkontrollova. Innhaldet av svovel i fyringsolje er regulert i forskrift til forureiningslova. Krav til utslepp av VOC frå lagring, distribusjon og påfylling av bensin, frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg, og VOC i maling og lakk er regulerte i forskrifter til forureiningslova og produktkontrollova.

Nærare 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. For å oppfylle Noregs forpliktingar i Gøteborgprotokollen om utslepp av ammoniakk, har Landbruks- og matdepartementet innarbeidd strengare krav til utforming av husdyrrom og gjødsellager for ekstra store svine- og fjørfebesetningar i forskrift om gjødselvarer m.v., av organisk opphav. Som følgje av endringane i utsleppsrekneskapen og oppjusteringa av Noreg sine utslepp av ammoniakk, vil Regjeringa no sjå nærare på korleis ein kan redusere utsleppa av ammoniakk frå handtering av husdyrgjødsel ytterlegare gjennom å stimulere til bruk av nye metodar for lagring og spreiing av gjødsla.

Avgiftspolitikken er òg viktig for å stimulere til reduserte utslepp til luft. Noreg har i fleire år hatt avgift på svovelinnhaldet i mineraloljer. Avgifta medverkar til å redusere svovelutsleppa. NOx-avgifta og Miljøavtala mellom Klima- og miljødepartementet og næringsorganisasjonane av 2008 om reduksjon av NOx-utsleppa er særleg viktige verkemiddel for å redusere desse utsleppa. Klima- og miljødepartementet og næringsorganisasjonane forlenga i 2010 NOx-avtala for perioden 2011 – 2017. Miljødirektoratet har som oppgåve å sjå til at organisasjonane overheld sine forpliktingar i NOx-avtala. Direktoratet har stadfesta at organisasjonane oppfylte reduksjonsforpliktingane på 2000 tonn for 2008, 4000 tonn for 2009, 5000 tonn for 2010, 10000 tonn for 2011 og 2000 tonn for 2012. For perioden 2013 – 2014 er forpliktinga å gjennomføre tiltak som vil redusere dei samla årlege utsleppa med 4000 tonn.

Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. I 2008 fastsette IMO nye krav til utslepp av NOx gjennom endring i vedlegg VI til MARPOL-konvensjonen. Frå 1. januar 2011 skal skip bygde og maskineri installert etter denne datoen ha 15 – 22 pst. lågare utslepp enn dei tidlegare krava. Det er òg vedteke krav til utslepp av NOx frå eksisterande maskineri over 5000 kW og sylindervolum over 90 liter installert på skip bygde i perioden 1990 – 1999. Regjeringa vurderer, saman med dei andre Nordsjølanda, å søkje IMO om å gi Nordsjøen status som spesiell region med strengare krav til utslepp av NOx.

Gjennom MARPOL-konvensjonen, vedlegg VI, er det etablert eit svovelkontrollområde i Nordsjøområdet. Dette inneber at skip må nytte drivstoff med maksimalt 1,0 vektprosent svovel i dette området, mens den alminnelege grensa i MARPOL er 3,5 vektprosent svovel.

Det er vedteke at svovelkravet i svovelkontrollområda skal vere 0,1 vektprosent frå 2015 og at kravet i andre havområde skal vere 0,5 vektprosent frå 2020. Svovelkrava for skipsfarten vil truleg medføre ein sterk reduksjon i bruken av tungolje samtidig som det vil stimulere til at fleire skip blir bygde med gassmotorar.

Lokal luftkvalitet

Føresegnene om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er det sentrale verkemiddelet på området lokal luftkvalitet. I forskrifta er kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta gir grenseverdiar for konsentrasjonar av ei rekkje stoff i luft og stiller krav til målingar, utrekningar, utgreiingar av tiltak og rapportering. Lovgivinga har sitt utspring i EUs rammedirektiv for luftkvalitet, og er innlemma i EØS-avtala. Noreg deltek i styringsgruppa som drøftar EUs vidare strategiar og politikk for å redusere langtransporterte og lokale luftforureiningar.

Noreg mottok 6. november 2013 eit formelt opningsbrev frå ESA om brot på luftkvalitetsdirektivet. Noreg svarte på brevet frå ESA 13. januar 2014. Den 26. april kunngjorde likevel ESA at dei gjekk vidare med saka mot Noreg for brot på luftkvalitetsdirektivet. Noreg fekk same dag òg avslag på søknad om å utsetje fristen for å nå grenseverdiane for NO2 for alle byar utanom Bergen, som fekk unntak fram til 1.1. 2015.

ESA viser til at Noreg i perioden frå 2008 til 2012 har rapportert ei rekkje overskridingar av direktivet sine grenseverdiar for SO2, NO2 og PM10. Desse overskridingane er ikkje avviste frå Noregs side, og utgjer brot på direktivet. Vidare peiker ESA i sitt brev på manglar ved kommunane sine tiltaksutgreiingar. ESA viser òg til at målekvaliteten for sone 7 (Troms og Finnmark) i 2009 og 2010 ikkje var i samsvar med direktivet sine krav.

Den grunngitte uttala vart svara på den 26. mai 2014, og ESA vurderer no svaret frå Noreg. Dersom ESA ikkje finn svaret tilfredsstillande, kan dei velje å bringe saka inn for EFTA-domstolen.

Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere luftforureiningar ligg utanfor Klima- og miljødepartementets myndeområde. Klima- og miljødepartementet har likevel ei pådrivarrolle i forhold til andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining. Dei siste åra har det vore viktig å utvide verktøykassa til kommunar og anleggseigarar slik at det kan setjast i verk tiltak i periodar med overskridingar av grenseverdiane i forureiningsforskrifta. Rettleiar TA-2842 frå 2011 klargjer ansvarsforhold ved innføring av tiltak, og når desse skal innførast.

Det nasjonale målet er strengare enn krava i forureiningsforskrifta. For å få ein luftkvalitet som ikkje berre tilfredsstiller krava i forskrifta, men som òg betrar luftkvaliteten mot nasjonale mål fekk Miljødirektoratet i oppdrag å utarbeide eit forslag til innskjerpa grenseverdiar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet. Formålet med ei slik eventuell innskjerping er å gi kommunar og anleggseigarar eit større insitament til å betre lokal luftkvalitet. Miljødirektoratet avga si tilråding 28. februar 2014. I tilrådinga føreslår Miljødirektoratet ei trinnvis innstramming av grenseverdien for partiklar, basert bl.a. på nyare forsking om helseeffektar. Tilrådingane frå direktoratet er til vurdering i departementet. I 2012 kom ei retningslinje for behandling av luftkvalitet i arealplanlegging. Retningslinja er eit viktig verkemiddel for å sikre at kommunar når nasjonale mål og grenseverdiane i forskrifta på sikt.

For å kunne gjennomføre tiltak som reduserer nivåa av lokale forureiningar er det nødvendig å dokumentere effekten av tiltak, og det er behov for betre berekningsverktøy på dette området. Geografisk kartlegging av forureining er òg viktig for å få vite kor mange menneske som er utsette for høge nivå. Det er derfor sett i gang eit arbeid med å utvikle og etablere eit nasjonalt berekningsverktøy for lokal luftkvalitet.

Ozonreduserande stoff

Noreg har oppnådd gode resultat i reduksjon og stans i bruk av ozonreduserande stoff. Vi oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen og vi har ei målsetjing om å utvikle dette avtaleverket vidare til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff både nasjonalt og internasjonalt. Bindande internasjonale avtaler er avgjerande for å løyse dei globale og grenseoverskridande miljøutfordringane.

Miljøstyresmaktene arbeider òg aktivt med å fase ut all bruk av ozonreduserande stoff i Noreg. Det er likevel framleis attståande utfordringar som må følgjast opp for at ozonlaget skal restituerast innan rimeleg tid. Blant anna gjeld dette slutt på bruk også av gjenvunnen HKFK, og å sikre at stoff som ikkje lenger er i bruk blir forsvarleg tekne hand om og destruerte. Noregs og EUs mål er at bruken av HKFK skal vere fasa ut innan 2015. Frå 1. januar 2015 er det ikkje lenger tillate å etterfylle HKFK-gass på anlegg og utstyr som inneheld denne gassen. Det vart ikkje importert HKFK for bruk i Noreg i 2013, men svært små mengder av stoffet vart importerte til laboratorieformål, og omlag 12 tonn HKFK og om lag 5 tonn KFK vart eksporterte for destruksjon i Sverige. Import og eksport for desse formål er unnatekne frå forbodet i norsk og internasjonalt regelverk. Det vart importert 1,4 kilo ozonreduserande stoff i 2013 for bruk i laboratorium, som ikkje medfører utslepp av betydning. Vidare vart det eksportert om lag 30 kilo halon for bruk i luftfartøy. Dette bruksområdet er òg unnteke frå forbodet i norsk og internasjonalt regelverk.

Montrealprotokollen er ei internasjonal avtale som forpliktar medlemslanda til utfasing av bruk og til betydelege reduksjonar i utslepp av gassar som er skadelege for ozonlaget. Utfasingsregimet er strengast for dei rikaste landa, som har stått for størsteparten av utsleppa. FNs miljøprogram, UNEP, har rekna ut at utan Montrealprotokollen ville mengda av ozonreduserande gassar i stratosfæren i år 2050 ha vore fem gonger større enn i dag. Det har vore arbeidd aktivt frå Noregs side dei siste åra for eit vedtak om rask og effektiv nedfasing av produksjon og forbruk av HFK-gassar gjennom Montrealprotokollen.

Støy

Regjeringa vil arbeide for å redusere støyplager gjennom å følgje opp nasjonale og internasjonale forpliktingar. Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt.

Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav til gjennomføring av utbetringstiltak for personar som er utsette for innandørs støy over 42 dB i gjennomsnitt over døgnet. Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere støyplager ligg utanfor myndeområdet til Klima- og miljødepartementet. Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre at støyplaga blir redusert innanfor sin samfunnssektor, og å medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Klima- og miljødepartementet har likevel ei pådrivarrolle overfor andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er kanskje det viktigaste verkemiddelet for å førebyggje støyproblem. Det er gitt ei felles retningslinje (T-1442/2012) for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene.

Mange av dei mest støyutsette bustadane har fått fasadeisolering og støyskjerming jf. forureiningsforskrifta, men for å nå måla må vi i tillegg redusere støyen der han oppstår. Støyreduserande tiltak i trafikksamanheng kan vere å leggje støysvake vegdekke på norske vegar, tiltak for å auke salet av støyreduserande bildekk og køyretøy, lågare fartsgrenser med meir. Krav til støy frå køyretøy og bildekk er fastsette i forskrift om godkjenning av bil og tilhengar og i køyretøyforskrifta. Gjennom dekkmerkeforskrifta er det innført ei obligatorisk merkeordning for bildekk, som blant anna gjeld støy. Skal ein nå det nasjonale støymålet trengst det likevel nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken. Klima- og miljødepartementet har i 2014 oppdatert den nasjonale handlingsplanen mot støy ut 2015 saman med sektordepartementa og med innspel frå etatane.

EU arbeider òg med å avgrense støy frå ulike kjelder som køyretøy, fly og flypassar, og frå ei rekkje maskiner til utandørs bruk. Ny rettsakt om støy frå køyretøy vart fastsett i mai 2014. EUs direktiv 2002/49/EF er teke inn i forureiningsforskrifta, og i tråd med dette skal anleggseigarar utarbeide støykart og handlingsplanar for å redusere støy.

9.5 Resultatområde 5 Klima

Innleiing

Klimaet er i ferd med å endre seg. Menneskeleg påverknad er ei hovudårsak. Auka utslepp av klimagassar frå mellom anna forbrenning av kol, olje og gass, fører saman med auka avskoging til global oppvarming på grunn av opphoping av klimagassar i atmosfæren. Klimaendringar har allereie betydelege konsekvensar. Jo varmare det blir, jo større verknader. Utan store kutt i klimagassutsleppa, risikerer vi ei global oppvarming på 4 – 5 °C i løpet av dette hundreåret, samanlikna med førindustriell tid.

Ein auke i temperaturen på 4 °C eller meir jamført med førindustrielt nivå vil ha svært alvorlege verknader som kan vere irreversible (sjå meir om temperaturendringar og konsekvensar under). Allereie ved to til tre grader vil omfanget av klimaendringar kunne truge mattryggleik, vassforsyning, helse og levevilkår for verdas befolkning. Endra nedbørsmønster, smeltande snø og is påverkar vasskvalitet og vasstilgang i mange regionar. Klimarelaterte ekstremhendingar, som hetebølgjer, tørke, flaumar, syklonar og skogbrannar, har store kostnader og alvorlege konsekvensar. Samtidig kan risikoen ved alvorleg global oppvarming og ekstremhendingar reduserast gjennom tilpassing og snarlege utsleppsreduksjonar.

Leiarane i verda er samde om at den globale temperaturauken må haldast under 2 °C jamført med førindustrielt nivå. Togradersmålet er lagt til grunn i internasjonale klimaforhandlingar og i norsk klimapolitikk. Det er svært krevjande å nå dette målet. Omfattande og snarlege utsleppsreduksjonar må til, og alle sektorar blir berørte. Ifølgje FNs klimapanel har vi allereie sloppe ut nærare to tredelar av den totale mengda CO2 som vi kan sleppe ut, dersom vi skal overhalde togradersmålet. Det langsiktige svaret på klimautfordringa er at Noreg og andre land blir lågutsleppsamfunn, i tråd med tolegrensene for mengda klimagassar i atmosfæren.

Etter klimamøta i København og Cancún har om lag 100 land vedteke klimamål for tida fram til 2020. Desse måla er ikkje nok for å sikre ei utsleppsbane i tråd med togradersmålet. Det er òg mange land som ikkje har klimamål. Derfor vart det bestemt i 2011 å framforhandle ei klimaavtale som skal gjelde for alle land, under FNs klimakonvensjon. Avtala skal vere ferdig i 2015 og ha effekt frå 2020. I tillegg er det sett i gang eit særskilt arbeid for å utløyse større utsleppsreduksjonar før 2020.

Det enkelte land har eit ansvar for å føre ein aktiv nasjonal politikk for å redusere utsleppa av klimagassar. Derfor må vi redusere utsleppa i Noreg, samtidig som vi arbeider for ei internasjonal avtale som gir utsleppskutt i andre land òg. Regjeringa byggjer sin klimapolitikk på forvaltaransvaret og føre var-prinsippet. Den kloden vi skal overlate til barna våre skal vere i minst like god stand som vi overtok den frå våre forfedrar. Noreg må ta ansvar for kommande generasjonar sitt livsgrunnlag ved å medverke til internasjonalt forpliktande utsleppsavtaler og ved å investere i forsking og utvikling av ny teknologi som kan medverke til å realisere eit lågutsleppssamfunn. Regjeringa vil føre ein ambisiøs nasjonal klimapolitikk med ei langsiktig omstilling til eit lågutsleppssamfunn innan 2050.

Vi må òg tilpasse oss dei klimaendringane vi allereie ser og dei som vi veit vil komme.

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, mellom desse karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O), og fluorhaldige gassar (f-gassane HFK, PFK og SF6). Resultatområdet omfattar både nasjonal klimapolitikk og internasjonal klimainnsats, som forhandlingar om ei ny klimaavtale, reduserte utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland, kvotekjøp, kortliva klimadrivarar og andre innsatsområde for å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt. Vidare omfattar resultatområdet klimatilpassing og internasjonal klimafinansiering. Frå 2008 har det vore sett av midlar i budsjettet til klima- og skogsatsinga. Satsinga inneber mellom anna at Noreg betaler for arbeid med reduksjonar i CO2-utslepp i utviklingsland gjennom skogbevaring og mot avskoging. Gjennom satsinga er Noreg ein pådrivar internasjonalt for å få til utsleppsreduksjonar også før ei internasjonal avtale er på plass.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla presenterte.

  • Nasjonalt mål 5.1: Noreg skal vere karbonnøytralt i 2050.

  • Nasjonalt mål 5.2: Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar i andre land svarande til norske utslepp i 2030.

  • Nasjonalt mål 5.3: Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå.

  • Nasjonalt mål 5.4: Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Nasjonalt mål 5.5: Noreg skal oppnå lågare utslepp av klimagassar gjennom redusert avskoging og skogdegradering i utviklingsland, og medverke til berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon.

  • Nasjonalt mål 5.6: Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Status på mål og indikatorar er presentert på www.miljøstatus.no

Tilstand

Global oppvarming og klimaendringar til no

Oppvarming av klimasystemet er utvitydig og den menneskelege påverknaden er klar, ifølgje den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel. Sidan 1880 har global gjennomsnittstemperatur stige med 0,85 °C, og temperaturauken har gått raskare dei siste 60 åra. Klimaet har endra seg betydeleg allereie. Snødekket på den nordlege halvkula har blitt redusert og utbreiinga av havis i Arktis har minka med 3,5 – 4,1 pst. pr. tiår frå 1979 – 2012. Både innlandsisen på Grønland og på Antarktis har tapt masse dei siste tjue åra. Over nesten heile verda held isbrear fram å minke. Mykje av den globale oppvarminga er blitt absorbert i verdshava, som har blitt varmare. Havnivået har stige, og havnivåstigninga har vore raskare dei siste tiåra. Havnivåstigninga skuldast både oppvarminga, avsmelting frå isbrear og smelting frå ismassane på Grønland og Antarktis. Havet har òg blitt surare som følgje av opptak av CO2. Surare havvatn vil på sikt kunne ha stor negativ verknad på livet i havet, mellom anna for korallreva.

Temperaturen aukar meir over land enn over havområda. Auken i temperaturen er særleg sterk ved polane, og den er raskare enn andre stader i Arktis. Dersom utviklinga held fram som no, risikerer vi ei oppvarming på 7 – 9 °C i Arktis, sjølv om den globale gjennomsnittsauken er på 4 – 6 °C. Dei siste ti åra er det observert dramatiske endringar i isdekket i Arktis. Både område som er dekte av sjøis og snø, og kor lang tid dei er dekte, minkar. Temperaturauken i nordområda er ekstra alvorleg – konsekvensane her medverkar til å forsterke den globale oppvarminga. Isen reflekterer sollyset. Når isen smeltar, blir det mindre refleksjon av sollys. Den globale oppvarminga blir forsterka.

Det same skjer med sot som legg seg på snø, og dermed ikkje reflekterer sollyset. I Arktis medverkar sot som legg seg på snø og is til nedsmeltinga av is i Arktis, og dermed òg til den globale oppvarminga. Temperaturar i permafrosten har auka med opp til 2 °C. Området med permafrost på den nordlege halvkula kan bli redusert med opptil 80 pst. i høve til i dag, i løpet av dette hundreåret. Om permafrosten tinar, kan store mengder av den sterke klimagassen metan bli frigjorte frå bakken og ytterlegare forsterke og skunde fram klimaendringane. Overvakinga av klimagassar på Svalbard viser ein markant auke i konsentrasjonen av metan dei siste fem åra. Det er foreløpig uvisst om dette har samanheng med smelting av permafrost. Forskarar anslår at ein temperaturauke på 3,5 °C på Svalbard vil føre til introduksjon av om lag 80 – 100 nye plantearter, ein auke på 50 – 70 pst. Arter som er spesielt tilpassa polarklimaet vil få store problem.

Dei globale utsleppa av klimagassar

I 2010 var globale menneskeskapte utslepp av klimagassar 49 milliardar tonn CO2-ekvivalentar (klimaeffekt av ulike klimagassar omrekna til klimaeffekt av CO2) mens dei i 1970 var 27 milliardar tonn CO2-ekvivalentar. Frå 2000 til 2010 auka årlege globale utslepp frå om lag 40 til 49 milliardar tonn CO2-ekvivalentar. Dette tilsvarer ein gjennomsnittleg årleg vekst på 2,2 pst. og er raskare enn veksten dei føregåande tre tiåra. Utslepp av CO2 frå forbrenning av fossile brensler og industriprosessar medverka til 78 pst. av dei samla utsleppa.

Global økonomisk vekst, befolkningsvekst og aukande energibehov med auka bruk av kolkraft har drive utsleppa oppover.

Figur 9.1 Totale årlige menneskeskapte klimagassutslipp per gass 1970 – 2010

Figur 9.1 Totale årlige menneskeskapte klimagassutslipp per gass 1970 – 2010

Kjelde: Miljødirektoratet

Truleg vil over to tredelar av utsleppsauken framover komme frå mellom- og låginntektsland – utviklingsland som er i gang med ei velstandsutvikling. Kina har allereie gått forbi USA som landet med størst samla utslepp i verda.

Det er framleis dei rike industrilanda som har størst utslepp pr. person, men store framveksande økonomiar (øvre mellominntektsland) som Kina er på om lag same nivå. Låginntektsland har framleis dei lågaste utsleppa og har heller ikkje hatt vekst i utsleppa i same tidsrom.

Figur 9.2 Globale utslepp CO2 frå fossilt brensel og sementproduksjon per region, 1990–2012

Figur 9.2 Globale utslepp CO2 frå fossilt brensel og sementproduksjon per region, 1990–2012

Kjelde: Oliver JGJ, Jansens-Maenhout G, Muntean M and Peters JAHW (2013), Trends in Global CO” emissions; 2013 report, The Hague: PBC Netherlands Environmental Assessment Agency Ispra: Joint Research Centre

Utsleppa av klimagassar i Noreg

Dei norske klimagassutsleppa var i 2013 på 52,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar, omtrent det same som i 2012. Dette ifølgje dei foreløpige utsleppstala frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Bortsett frå i 2009, då utsleppa gjekk ned som følgje av låg økonomisk aktivitet, har ikkje utsleppa vore lågare sidan 1995. Utsleppa låg i 2013 knapt 5 pst. over 1990-nivå. Petroleumverksemda er ifølgje Statistisk sentralbyrå den største utsleppskjelda i Noreg og stod i 2013 for 27 pst. av dei totale klimagassutsleppa, mens industri sto for 22 pst. og vegtrafikk for 19 pst. Innanriks luft- og sjøfart og annan transport stod for 13 pst., mens ulike andre utslepp stod for 19 pst. i 2013.

Skog og landareal har i Noreg dei siste åra teke opp mellom 22 og 27 mill. tonn CO2 årleg. Det utgjer om lag halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar.

Boks 9.5 Klimagassutslepp og klimaendringar

Den naturlege drivhuseffekten er livsnødvendig for menneske og dyr på jorda. Utan denne ville gjennomsnittstemperaturen på jorda ha vore 18 kuldegrader. Verdshava ville ha vore dekte av is. Klimagassar i atmosfæren slepp gjennom det meste av energien frå sola, som kjem i form av kortbølgja stråling. Samtidig reduserer dei tilbakestrålinga frå jorda i form av infraraud langbølgja varmestråling. Utslepp av klimagassar frå menneskeskapt aktivitet har auka konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren. Konsentrasjonen av CO2, metan og lystgass har auka med høvesvis 40 pst., 150 pst. og 20 pst. sidan førindustriell tid. Større konsentrasjonar av klimagassar fører derfor til auka temperatur i den nedre delen av atmosfæren, kalla troposfæren. Global gjennomsnittstemperatur har auka med 0,85 °C sidan 1880. FNs klimapanel seier det er svært truleg at klimagassutsleppa frå menneskeleg aktivitet er den viktigaste årsaka til temperaturauken på jorda dei siste 60 åra. Rapporten konkluderer òg med at klimagassutsleppa våre har varma opp havet, smelta snø og is og heva det globale havnivået frå 1950 og til i dag.

Figur 9.3 Utslepp av klimagassar i Noreg 1990–2013

Figur 9.3 Utslepp av klimagassar i Noreg 1990–2013

Kjelde: Statistisk Sentralbyrå og Miljødirektoratet

Figur 9.4 Utslepp av klimagassar etter kjelde (Noreg)

Figur 9.4 Utslepp av klimagassar etter kjelde (Noreg)

Kjelde: Statistisk Sentralbyrå og Miljødirektoratet

Påverknader og konsekvensar

Kor store klimaendringar vi vil få i framtida, avheng av kor store dei globale utsleppa av klimagassar blir. Dersom vi skal ha ein rimeleg sjanse til å kunne avgrense global oppvarming til under to grader, må dei globale utsleppa av klimagassar reduserast med 40 – 70 pst. i 2050 samanlikna med 2010-nivået, og det må deretter bli negative utslepp (dvs. netto opptak av klimagassar) fram mot 2100. Det betyr at årlege utslepp må reduserast frå 49 mrd. tonn CO2-ekvivalentar i 2010 til 15 – 30 mrd. tonn CO2-ekvivalentar i 2050.

I den femte hovudrapporten viser klimapanelet til fire utviklingsbaner, som representerer heile spekteret av utslepp av klimagassar, kor raskt og kor mykje utsleppa blir reduserte og kor store klimaendringar vi vil få. Utviklingsbana med lågast utslepp gir ein gjennomsnittleg temperaturauke på 0,9 – 2,3 grader. Dette vil gi om lag 43 pst. reduksjon i havisdekke i Arktis i september, redusere volumet av isbreane i verda med 15 – 55 pst., redusere utbreiinga av permafrost med 35 pst. og gi ei gjennomsnittleg havnivåstigning på ca. 0,4 m.

Ei utviklingsbane som følgjer dagens utsleppstrend, og som dermed gir dei høgaste utsleppsnivåa, vil gi ein auke i gjennomsnittstemperatur på 3,2 – 4,5 grader. Dette vil venteleg redusere isdekket i Arktis i september med 94 pst., redusere verdas isbrear med 35 – 85 pst., redusere utbreiinga av permafrost med 81 pst. og gi ei gjennomsnittleg havnivåstigning på 0,63 m.

Å oppnå nødvendige utsleppsreduksjonar for å avgrense den globale oppvarminga til under to grader krev raskare forbetring av energieffektiviteten, ei tre- til firedobling av fornybar energi eller annan energi med null eller låge utslepp. Teknologien for desse løysingane eksisterer stort sett i dag. Togradersmålet krev òg omfattande bruk av «karbonnegative» løysingar i siste halvdel av hundreåret. Karbonnegative løysingar vil seie at CO2 blir fjerna frå atmosfæren, for eksempel ved å fange CO2-utslepp eller auka lagring av karbon gjennom skogplanting.

Handlingsrommet blir mindre dersom vi ventar. I scenario der utsleppa stig til over 55 mrd. tonn CO2-ekvivalentar i 2030, ei venta utvikling utan nye tiltak, må utsleppa reduserast langt raskare frå 2030 til 2050 for å overhalde togradersmålet. Klimapanelet påpeiker at dette blir dyrare og vanskelegare, og sjansen for å lykkast er mindre. Vi må derfor handle raskt. Det er viktig å sikre at investeringane som skjer i dag i infrastruktur og produkt med lang levetid er «grøne», og at vi ikkje låser oss til høge framtidige utslepp.

Kostnaden ved å gjennomføre tiltak som avgrensar temperaturauken til to grader er at forbruksveksten blir redusert med 0,06 prosentpoeng pr. år. Då er ikkje gevinstane ved å unngå klimaendringar tekne med – dvs. gevinstane ved at vi unngår meir ekstremvêr, flaum, hetebølgjer og vassmangel.

Snarlege tiltak mot avskoging er nødvendig for å oppnå målet om at auken i den globale middeltemperaturen skal haldast under 2°C jamført med førindustrielt nivå. Klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland utgjer ifølgje FNs Klimapanels vurderingar om lag 10 pst. av dei årlege globale utsleppa av klimagassar. Dette er noko lågare enn Klimapanelet la til grunn i 2007, men ein reduksjon i desse utsleppa er framleis eit viktig og føremålstenleg tiltak i innsatsen mot global oppvarming. Tiltak mot avskoging og degradering av skog i utviklingsland er kostnadseffektive og kan gi store og relativt raske utsleppsreduksjonar. Klimaforlika frå 2008 og 2012 har etablert ei brei politisk semje om ei norsk satsing på inntil 3 mrd. kroner årleg for slike tiltak.

Avskoging og skogdegradering i utviklingsland er eit utslag av marknadssvikt – skogen sin samfunnsverdi har ikkje motsvar i ein finansiell verdi. Med andre ord, hogd skog har på kort sikt større økonomisk verdi enn ståande skog. I tillegg er avskoging ofte eit resultat av styringssvikt, fordi skogforvaltninga i mange utviklingsland generelt tilgodeser særinteresser heller enn fellesskapet sitt beste. Eit verkemiddel mot avskoging er derfor å bidra med insentiv til utviklingslanda for å gjennomføre reformprosessar i si arealforvaltning som endrar denne dynamikken. Summen av eksterne og interne insentiv må gjere det truverdig for avgjerdstakarar i utviklingsland at å redusere avskoging og degradering av skog er økonomisk og politisk handterbart på kort sikt, og samfunnsøkonomisk lønnsamt på mellomlang og lang sikt. Den norske klima- og skogsatsinga rettar seg mot å skape slike insentiv.

For å nå togradermålet vil det òg vere viktig å rette større merksemd mot kortliva klimadrivarar som svart karbon (sot), metan og bakkenært ozon. Dette er partiklar og gassar med kort atmosfærisk levetid som òg medverkar til oppvarming. Ein effektiv reduksjon i globale utslepp av kortliva klimadrivarar dei neste 20 åra vil kunne redusere den venta temperaturstigninga med om lag 0,5 °C fram mot 2050, noko som vil kunne gjere det mogeleg å halde stigninga i den globale middeltemperaturen under 2°C ut hundreåret.

Reduksjon i utslepp av kortliva klimagassar som svart karbon og metan vil både redusere oppvarminga og ha ein positiv helseeffekt. Internasjonalt har Noreg medverka til å styrkje arbeidet på nordisk plan og innan Arktisk Råd. Under Arktisk Råd er det sett ned ei arbeidsgruppe som våren 2015 skal leggje fram forslag til vedtak om tettere samarbeid mellom landa for å få ned utsleppa av svart karbon og metan i Arktis. Noreg tek òg aktivt del i arbeidet under Climate and Clean Air Coalition (CCAC). Noreg har bl.a. arbeidd for eit tettare samarbeid mellom styresmakter og industri om å redusere utslepp av metan og sot frå olje- og gassektoren. I tillegg leier Noreg koalisjonen sitt arbeid for å fremje helsegevinstane av utsleppsreduksjonar, saman med Verdas helseorganisasjon.

Noreg arbeider for eit vedtak om rask og effektiv nedfasing av HFK-gassar gjennom Montrealprotokollen. HFK-gassar er kraftige, kortliva klimagassar som er nytta til avkjøling i industriprosessar og i luftkondisjoneringsanlegg. Dersom tiltak for å redusere produksjon og bruk av HFK ikkje blir sette i verk, er det venta kraftig vekst i utslepp av desse gassane i åra framover. Tiltak for å redusere utslepp av HFK har generelt låge kostnader.

Nasjonalt er det sett i gang ein prosess for å utarbeide ein nasjonal handlingsplan for reduksjon i utslepp av kortliva klimadrivarar. Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeidd ein underlagsrapport som vurderer klima-, helse- og miljøeffektane ved å redusere norske utslepp av kortliva klimadrivarar innan 2030. Klima- og miljødepartementet vil følgje opp denne analysen.

Konsekvensar av klimaendringar globalt

Klimaendringane vi har sett dei siste tiåra har hatt verknader på natur og menneske på alle kontinent og hav. Endra nedbørsmønster og smelting av snø og is har påverka kvalitet og tilgang på vatn i mange regionar. Økosystema vert endra ettersom mange dyr og planter flytter på seg eller endrar åtferd. Vi observerer både gradvise endringar som smelting av is, havnivåstigning og havforsuring, og oftare ekstremvêr som flaum, varmebølgjer og ekstrem nedbør. Dette kan gjere enkelte område umoglege å bu i. Skadeverknader frå flaum og erosjon vil auke i kystområda, og for lågtliggjande land og mindre øystatar vil tilpassingskostnadene kunne svare til mange prosent av bruttonasjonalproduktet i landet. Samtidig anslår FNs Food and Agricultural Organization at matbehovet i verda vil auke med rundt 50 pst. i løpet av dei neste tiåra på grunn av folkeauke og auka velstand. Samla kan endringar i produksjonsvilkår for mat og auka behov for mat få dramatiske konsekvensar for mattryggleiken. Kva slag konsekvensar klimaendringane får avheng av kor sårbart samfunnet er i utgangspunktet. Mange fattige land er svært sårbare, og har låg beredskap og eit svakt forvaltningsapparat for å handtere dagens omfang av klimaendringar. Framtidige klimaendringar vil forsterke eksisterande problem. Endringar i nedbørsmønster og smelting av is og snø påverkar tilgang til vassressursar, og kan gi flaumproblem. Tørke, hetebølgjer og endra nedbørsmønster påverkar jordbruksproduksjonen negativt mange stader. Ekstremvêr som hetebølgjer, flaum og syklonar har betydelege konsekvensar.

Ein reknar med at klimaendringar på det afrikanske kontinentet særleg vil føre til reduserte vassressursar, redusere produktivitet i jordbruket og til større problem med vassborne og vektorborne sjukdommar. I Asia og Europa er særleg auka førekomst av stormflod og flaum viktig. Økonomiske tap og helseskadar på grunn av hetebølgjer, tørke og ekstremvêr er også venta å auke. Talet på hetebølgjer har auka i delar av Europa, Asia og Australia, noko som kan tilskrivast klimaendringar, og det er oftare kraftig nedbør på land i fleire regionar.

Nyare forsking knyter no enkelthendingar, som den ekstreme kulda og varmen Europa opplevde i 2011, til klimaendringane. Det same gjeld tørken i Aust-Afrika. Dette er konsekvensar av ei global oppvarming på under ei grad. Åtvaringa frå forskinga er klar. Ei global oppvarming over to grader kan bli ei for stor utfordring å handtere for verda.

Konsekvensar av klimaendringar i Noreg

Den gjennomsnittlege årstemperaturen for fastlands-Noreg har auka med om lag 0,8 grader dei siste hundre åra, mens årsnedbøren har auka med knappe 20 pst. sidan 1900. I Noreg er temperaturen venta å stige ytterlegare med mellom 2,3 og 4,6 °C fram til slutten av dette hundreåret, avhengig av kor mykje klimagassutsleppa blir reduserte. Det er vidare venta ytterlegare auke i årsnedbøren på mellom 5 og 30 pst. Ei rekkje andre endringar vil òg ha innverknad på natur og samfunn: Stigande havnivå, lengre vekstsesong, endra risiko for ekstremhendingar som flaum og skred, høgare havtemperatur, eit surare hav og kortare snøsesong.

Det er venta endringar i alle naturtypar i Noreg som følgje av klimaendringar. Fragmentert natur og det at vi har mange truga arter med låg genetisk variasjon gjer tilpassing vanskeleg, spesielt då klimaendringane skjer relativt raskt. Særleg sårbare er arter og økosystem i Arktis og i høgfjellet som ikkje kan tilpasse seg når leveområda deira blir endra. Eit eksempel er villreinen som er truga av varmare og fuktigare klima om sommaren som gir grobotn for sjukdommar og parasittar, og mildare vintrar med meir ising. Aukande nedbør fører til meir avrenning som påverkar vassdraga, og i ein del vassdrag kan sommartemperaturen bli så høg at arter som laks og aure får problem med å overleve. Endringar i nedbørsmønsteret påverkar forureiningssituasjonen, med auka tilførsel av miljøgifter, partiklar og næringssalt til mange vassdrag og sjøar. Auka CO2-konsentrasjon i lufta gjer òg at CO2 konsentrasjonen har auka, og havet blir surare. Havforsuring er eit tema der ein førebels ikkje veit sikkert kva konsekvensane vil bli, men undersøkingar syner at havforsuring kan ha stor negativ verknad på livet i havet.

Klimaendringane vil påverke heile samfunnet og kvar enkelt av oss, og vil forsterke utfordringar vi allereie har og gi nye. Endringar i flaum og skred kan føre til at stader der det tidlegare har vore trygt å byggje, kan bli meir usette. Allereie utsette område kan bli endå meir utsette fordi flaumar kjem oftare enn før. Meir og meir intens nedbør kan føre til auka problem med overvatn, flaum og skred som samla kan auke kostnadane knytte til utbygging, sikring og vedlikehald. Eit fuktigare klima vil òg føre med seg auka fukt og ròte i hus og bygningar. Samtidig vil meir nedbør kunne gi auka inntekter frå vasskraftproduksjon. Eit varmare klima kan påverke drikkevasskvaliteten og auke faren for sjukdommar som blir spreidde av flått og andre varmekjære arter. For landbruket og fiskeri og oppdrett vil eit endra klima gi andre føresetnader for produksjon og drift. Føresetnadene for fritidsinteresser utandørs og friluftsliv vil òg endrast, særleg aktivitetar knytte til snø og is. På viktige område vil klimaendringane endre føresetnader for næringsutvikling og samfunnsplanlegginga. Klima må derfor bli eit viktigare omsyn når planar blir lagt og avgjersler skal takast.

Klimaendringane skaper òg utfordringar i forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø. Endringane går i to ulike retningar; ein gradvis påverknad som kysterosjon og råteskadar eller ekstreme hendingar som flaum, ras og storm. Det er venta at klimaendringane vil føre til at tap, skade og nedbryting av kulturminne går raskare og at bevaringsforholda blir endra. Varme og fukt stimulerer biologiske og kjemiske nedbrytningsprosessar og medfører auka risiko for råte- og soppskadar og skadedyrangrep på trebygningar. Om lag 80 pst. av den freda bygningsmassen er bygd av tre. Ein lengre og varmare vekstsesong vil komme til å endre tradisjonelle landskap.

Mange kulturminne vil vere utsette for ekstreme vêrhendingar som storm, overfløyming og flaum. Vestlandet og kystområda vil truleg merke klimaendringane mest. Fram til neste hundreårskifte ventar ein ei havstigning på 80 cm i dei mest utsette områda, minst 20 pst. meir nedbør og truleg meir storm. På Svalbard vil tining av permafrosten skape utfordringar både i forhold til erosjon og bevaringsforhold. Klimaendringane vil derfor ha betydning for bygningar, for arkeologisk materiale og for kulturmiljø og landskap i form av auka tap, større skadar og endra bevaringsforhold. Gode klimaførebyggjande tiltak er mellom anna å ha godt vedlikehalden bygningsmasse, drive førebyggjande arbeid, sikring, kartlegging og overvaking. Det er viktig å tileigne seg kunnskap om klimaendringane lokalt, men òg på sektornivå. Noreg er eit land som har gode føresetnader for å tileigne seg slik kunnskap og ein må leggje til rette for at dei ulike sektorane kan nytte kunnskapen på ein best mogleg måte, mellom anna i planleggings- og vedtaksprosessar.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Klima- og miljødepartementet sitt overordna ansvar for klima- og miljøpolitikken

Klima- og miljødepartementet har ansvar for arbeidet med nasjonal og internasjonal klimapolitikk, medrekna FNs klimaforhandlingar. Klimautfordringa går på tvers av sektorar og krev derfor samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane. Klima- og miljødepartementet har eit overordna ansvar for gjennomføringa av klima- og miljøpolitikken i samsvar med vedtekne politiske mål, og relevant internasjonalt regelverk slik som utsleppsrapportering til FNs klimakonvensjon, og internasjonal kvotehandel. I tråd med sektoransvaret har den enkelte sektor òg ansvar for implementeringa i sin sektor. Klima- og miljødepartementet har ei viktig rolle som pådrivar og koordinator overfor alle sektorar og aktørar. Departementet leier og koordinerer Noregs arbeid med internasjonal klimapolitikk, under dette dei internasjonale klimaforhandlingane, i tett samarbeid med aktuelle departement. Dette inneber koordinering og utforming av norske posisjonar og kontakt med andre land. Departementet har i tillegg ansvar for ei rekkje eigne verkemiddel i klima- og miljøpolitikken. Mellom anna er forureiningslova og klimakvotelova sentrale verkemiddel innanfor resultatområdet. Klima- og miljødepartementets viktigaste etat innan resultatområdet er Miljødirektoratet.

Grunnlaget for Regjeringa sin klimapolitikk

Klimameldinga (Meld. St. 21 (2011 – 2012) Norsk klimapolitikk) vart lagt fram 25. april 2012. Ved behandlinga av meldinga i Stortinget vart det den 8. juni 2012 gjennom innstillinga frå Energi- og miljøkomiteen, Innst. 390 S (2011 – 2012), inngått eit breitt klimaforlik i Stortinget. Klimaforliket forsterkar bruken av verkemiddel i den nasjonale klimapolitikken. I regjeringsplattforma for regjeringa Solberg er det slått fast at klimaforliket skal forsterkast. Regjeringa vil føre ein ambisiøs nasjonal klimapolitikk med ei langsiktig omstilling til eit lågutsleppsamfunn innan 2050. Sjå meir om oppfølging og forsterking av klimaforliket under.

Regjeringa arbeider med utforming av ny indikativ utsleppsforplikting for Noreg, i klimaavtala som skal gjelde frå 2020. Eit norsk innspel skal sendast inn til klimaforhandlingane i løpet av første kvartal 2015. Sjå nærare omtale av dette under Internasjonalt klimaarbeid.

Miljødirektoratet skal hausten 2014 levere innspel til arbeidet med klimapolitikken ut over 2020 og mot 2050. Miljødirektoratet har óg fått i oppdrag å utgreie overgangen til eit lågutsleppsamfunn. Vidare blir det utarbeidd oppdaterte framskrivingar og analysar av opptak og utslepp av CO2 og andre klimagassar i skog og på andre landareal. Dette vil vere ein bakgrunnsrapport for det vidare arbeidet med klimapolitikken.

Grunnleggjande prinsipp og økonomiske verkemiddel i den nasjonale klimapolitikken

Gjennom mange år har Noreg vore blant dei landa i verda som har brukt dei sterkaste klimapolitiske verkemidla. Noregs mangeårige prioritering av klimapolitikk og vår samla innsats ute og heime, gir oss truverd som pådrivar og brubyggjar i det internasjonale klimaarbeidet. Generelle økonomiske verkemiddel som CO2-avgift og kvotesystem er sentrale i den nasjonale klimapolitikken, sjå meir om EUs kvotesystem under. Sektorovergripande økonomiske verkemiddel legg grunnlag for desentraliserte, kostnadseffektive og informerte tiltak, der forureinar betaler. Desse verkemidla set ein pris på utslepp av klimagassar og bidreg dermed til å endre produksjons- og forbruksmønster over tid. Avgifter og kvotar gir insentiv til at utsleppsreduksjonane blir gjennomførde til lågast mogleg kostnad for samfunnet. En pris på utslipp er også viktig for at ny klimavennlig teknologi skal bli utviklet og for at den blir tatt i bruk. I tillegg til kvotar og avgifter blir det nytta andre verkemiddel, mellom anna direkte regulering, standardar, avtaler og subsidiar av utsleppsreduserande tiltak. Satsing på forsking og utvikling er òg viktig.

Eit viktig prinsipp i norsk klimapolitikk er prinsippet om at forureinar skal betale. Norsk klimapolitikk er òg preget av ei marknadsbasert tilnærming. Noreg meiner i utgangspunktet at den beste måten å redusere utslepp på globalt nivå er å etablere ein global karbonpris. Etter utvidinga av EUs kvotesystem i 2013 er rundt 80 pst. av alle klimagassutsleppa i Noreg underlagt økonomiske verkemiddel. Om lag 30 pst. av dei samla utsleppa er berre pålagt CO2-avgift. Avgifta omfattar i hovudsak drivstoff til transport og mineralolje til oppvarming. Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om CO2-avgifta. Frå 2013 er om lag 50 pst. av norske utslepp omfatta av kvotesystemet. EU ETS er frå 2013 langt meir harmonisert enn det har vore tidlegare. Miljødirektoratet har ansvaret for kvoterekneskapen som held oversikt over innleverte kvotar og om dei kvotepliktige bedriftene held kvoteplikta si. Dei har òg ansvaret for å utferde utsleppsløyve og tildele kvotar til dei kvotepliktige verksemdene etter heimel i klimakvotelova og forureiningslova. I overkant av 20 pst. av dei samla utsleppa er berre pålagt kvoteplikt. Petroleumssektoren, som står for om lag 25 pst. av utsleppa, har både kvoteplikt og betaler CO2-avgift. På område som er underlagt generelle verkemiddel, er Regjeringas utgangspunkt at ein som hovudregel skal unngå ytterlegare regulering. Samtidig vil Regjeringa føre vidare det høvet vi har i dag til å nytte andre verkemiddel i tillegg til kvotar og avgifter, også i desse sektorane.

Aktuelle klimatiltak kan ha negative effektar for naturmangfald og andre viktige miljøverdiar. Det er etablert politikk at ein skal prioritere tiltak som har positiv effekt for å motverke klimaendringar og positiv eller akseptabel effekt for bevaring av naturmangfald og andre viktige miljøverdiar. Internasjonalt er Noregs satsing på å bevare regnskog eit godt eksempel på eit slikt vinn-vinn-tiltak med positiv effekt både i klimasamanheng og for bevaring av naturmangfaldet. Også nasjonalt vil ein søkje å finne denne typen vinn-vinn-tiltak.

Om EUs kvotesystem og forholdet til Kyotoprotokollen og EUs klima- og energipakke for 2030

EUs kvotesystem er eit sentralt verkemiddel for å sikre at våre forpliktingar under Kyotoprotokollen blir innfridde. For det første gir kvotesystemet eit prissignal som gjer det meir lønnsamt å redusere utslepp i Noreg. For det andre kan EU-kvotesystemet innrettast på ein slik måte at når verksemdene innleverer EU-kvotar medverkar det direkte til staten si oppfylling av Kyotoprotokollen. I perioden 2008 – 2012 var EU-systemet kopla saman med kvotesystemet som vart oppretta gjennom Kyotoprotokollen. Ei slik samankopling inneber at kvar EU-kvote som bedriftene brukar til å oppfylle kvoteplikta i EU-systemet samtidig vil vere ein Kyoto-kvote som staten kan nytte til å oppfylle Kyotoprotokollen. Det totale talet kvotar Noreg utferda til kvotepliktige verksemder gjennom vederlagsfri tildeling og sal, var vel 20 mill. tonn lågare enn verksemdene sine samla utslepp i perioden. Dette førte til at bedriftene over perioden måtte importere vel 20 mill. kvotar til Noreg. Som følgje av samankoplinga mellom EUs kvotesystem og kvotesystemet under Kyoto-protokollen, kunne tilsvarande mengd kvotar nyttast av staten til å oppfylle Kyotoprotokollens første forpliktingsperiode. På denne måten medverka EU-systemet i perioden 2008 – 2012 i vesentleg grad til staten si oppfylling av Kyotoprotokollen. EUs kvotesystem for perioden 2013 – 2020 vil etter alt å dømme bli samankopla med kvotesystemet som blir oppretta gjennom Kyotoprotokollens andre forpliktingsperiode. Detaljane rundt ei eventuell samankopling er ikkje avklarte. Det er derfor for tidleg å seie noko om i kva grad verksemdene si innlevering av kvotar i EU-systemet vil kunne medverke til Noregs oppfylling av Kyotoprotokollens andre forpliktingsperiode.

I januar 2014 la EU-kommisjonen fram forslag om nytt klimamål for EU: ein samla reduksjon i utsleppa på 40 pst. fram til 2030, samanlikna med 1990. Forslaget til nytt klimamål byggjer på at reduksjonen på 40 pst. blir gjennomført innanfor EU. Det har lenge vore eit stort overskot av kvotar, noko som har ført til låge kvoteprisar. Ulike tiltak har vore drøfta i EU sine organ, og våren 2014 vart det vedteke å utsetje salet av til saman 900 million kvotar til slutten av inneverande fase i EUs kvotesystem. Noreg har støtta tiltak for å auke kvoteprisane. Høgare kvoteprisar trengst for å gi insentiv til omstilling og teknologiutvikling. Kommisjonen foreslår å innføre ein marknadsstabiliserande reserve for å sikre høgare kvoteprisar. Det er òg lagt fram forslag om å redusere kvotemengda raskare frå 2020.

EU er vår næraste samarbeidspartnar i klimaforhandlingane. Vår klimapolitikk er, bl.a. gjennom kvotesystemet, tett knytt til EUs klimapolitikk. Nesten 50 pst. av Noregs utslepp er omfatta av EUs kvotesystem. Regjeringa har sendt innspel til EU, med våre synspunkt på forslaget til klima- og energipakke for 2030. Vi tilrådde at EU bør velje eit klart mål for reduksjon av klimagassutslepp i 2030 som samsvarer med togradersmålet. Eitt overordna utsleppsmål vil vere kostnadseffektivt og ein unngår overlappande mål og verkemiddel. Gjennomføringa av eit ambisiøst mål for samla utsleppsreduksjonar vil gi ein høg CO2-pris i EU. Regjeringa er positiv til forslaget om å redusere kvotemengda i kvotesystemet raskare frå 2021, men meiner det òg er behov for å setje i verk permanente tiltak tidlegare. Regjeringa har påpeikt at eit ambisiøst tak for kvotesystemet, samtidig som kvotesystemet omfattar flest mogleg sektorar og klimagassar, vil leggje grunnlaget for omstillinga til eit låutsleppsamfunn i Europa. Godt fungerande energimarknader i Europa må saman med eit sterkt kvotesystem leggje grunnlaget for meir fornybar energi i Europa.

Regjeringa har ein ambisjon om å realisere minst eitt fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering innan 2020. At verda lykkast med CO2-fangst og lagring i stor skala er ein føresetnad for at vi effektivt skal klare å redusere klimagassutsleppa. På kort sikt vil ikkje kvotesystemet gi tilstrekkeleg insentiv til å utvikle CO2-fangst og lagring. Regjeringa har derfor i det norske innspelet tilrådd EU å utvikle vidare arbeidet med å realisere fullskala CO2-fangst og lagring, gjennom eit stramt kvotesystem kombinert med eit fleksibelt regelverk for transport og lagring av CO2. Regjeringa har òg tilrådd eit EU-krav om CO2-fangst og lagring på alle nye kolkraftverk etter 2020.

Oppfølging og forsterking av klimaforliket

Regjeringa vil forsterke klimaforliket (Innst. 390 S (2011 – 2012)) frå 2012.

I forliket heiter det at: «Flertallet viser til at basert på Statens forurensningstilsyns (nå Klima- og forurensningsdirektoratet) tiltaksanalyse, de sektorvise klimahandlingsplanene, samt eksisterende virkemiddelbruk, ble det i den forrige klimameldingen anslått som realistisk å ha et mål om å redusere utslippene i Norge med 13–16 millioner tonn CO2-ekvivalenter i forhold til referansebanen slik den er presentert i Nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Dette innbærer i tilfelle at om lag halvparten og opp mot to tredjedeler av Norges totale utslippsreduksjoner tas nasjonalt. Stortingets behandling av klimameldingen innebar en ytterligere opptrapping av klimatiltakene (klimaforliket). Basert på en skjønnsmessig vurdering ble det lagt til grunn at de nye tiltakene i klimaforliket gjør det realistisk å anta ytterligere utslippsreduksjoner i Norge, og at intervallet for utslippsreduksjoner kunne økes til 15–17 millioner tonn CO2-ekvivalenter i forhold til referansebanen slik den er presentert i Nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Flertallet har merket seg at regjeringen i stortingsmeldingen fastslår at mindre fremgang enn forventet i utvikling av klimavennlig teknologi, høyere kostnader ved klimatiltak innenlands, høyere innvandring og sterkere økonomisk vekst og større utslipp frå oljesektoren vil ha betydning for når klimamålene blir nådd, men at disse forholdene ikke endrer ambisjonen om å redusere de nasjonale utslippene.» Ein rapport frå Miljødirektoratet viser at utan nye verkemiddel vil utsleppa i 2020 være høgare enn dette.

Regjeringa Stoltenberg II la i klimameldinga fram forslag om etablering av Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging. Forslaget fekk tilslutning i Klimaforliket, jf. Innst. 390 S (2011 – 2012), der det vart vedteke at fondskapitalen skal utgjere 50 mrd. kroner innan 2016. Regjeringa har beslutta å auke den årlege avkastninga frå fondet betydeleg. I Revidert nasjonalbudsjett 2014 vart det årlege kapitalinnskotet auka til totalt 9,25 mrd. kroner. Regjeringa vil òg foreslå tilsvarande kapitalinnskot i 2015 og 2016. Med desse innskota aukar fondet til 62,75 mrd. kroner i 2016, mot 50 mrd. kroner som er ambisjonen i klimaforliket. Den auka avkastninga frå fondet er ein del av regjeringas strategi for å leggje til rette for at bedrifter og forbrukarar kan medverke til og dra nytte av det grøne skiftet som er i gang. Regjeringa vil komme nærare tilbake til bruken av den auka avkastninga frå og med budsjettåret 2016 i den ordinære budsjettprosessen.

Elektrifisering av olje- og gassutvinning offshore

Ved handsaminga av Innst. S. nr. 114 (1995 – 1996) vedtok Stortinget at det ved alle nye feltutbyggingar skal leggast fram ei oversikt over energibehov og kostnadene ved å nytte kraft frå land framfor gassturbinar. Kraft frå land skal evaluerast av operatøren og følgjast opp av myndigheitene i samanheng med behandling av kvar enkelt ny plan for utbygging og drift. Ein føresetnad for ei løysing med kraft frå land er at det kan skje utan negative effektar på kraftsystemet. Samtidig må ein ta i vare naturmangfaldet og omsynet til tiltakskostnadene.

Gjennom klimaforliket vart det sett som mål å auke elektrifiseringa av olje- og gassutvinning offshore med kraft frå land ved nye utbyggingar. For å gi selskapa auka insentiv for elektrifisering vart CO2-avgifta for petroleumsverksemda auka med 200 kroner pr. tonn ved inngangen av 2013. Det er nesten ei dobling av avgifta som no er tilbake på nivået frå før petroleumsverksemda i 2008 vart ein del av kvotesystemet.

Miljøvennleg transport

Vegtrafikk er ein av dei store bidragsytarane til norske utslepp av klimagassar. Med behandlinga av Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk stilte Stortinget seg bak målet om at veksten i persontransporten i storbyområda skal skje ved kollektivtransport, sykkel og gange. Målet vart òg stadfest i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal Transportplan 2014–2023, jf. Innst. 450 S (2012–2013). Regjeringa følgjer opp dette punktet mellom anna gjennom arbeidet med dei heilskaplege bymiljøavtalene som skal inngåast. Regjeringa legg opp til ei gradvis utbygging av InterCity-strekningane. Regjeringa vil ferdigstille samanhengande dobbeltspor til Tønsberg, Seut/Fredrikstad og Hamar innan 2024 og planlegg vidare med sikte på ferdigstilling av InterCity-strekningane i 2030. Jamfør Innst. 390 S (2011–2012) skal bilavgiftene framleis nyttast til å bidra til ein meir klima- og miljøvennleg bilpark, og avgiftsfordelane for reine nullutsleppsbilar blir førte vidare ut neste stortingsperiode (2017), så framt talet på slike bilar ikkje overstig 50000.

Energieffektive bygg og utfasing av oljefyring

Energikrava i byggjeforskrifta skal skjerpast til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringa arbeider med å fastsetje reglar som definerer passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Avgjerd om kravnivå vert teken på bakgrunn av utgreiingar av samfunnsøkonomiske og helsemessige konsekvensar og kompetansen i byggjenæringa. Bruken av oljekjelar i hushald og til grunnlast skal fasast ut. I samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2011 – 2012) Norsk klimapolitikk, bad Stortinget Regjeringa innføre forbod mot fyring med fossil olje i hushald og til grunnlast i andre bygningar i 2020. Regjeringa arbeider med å utforme eit slikt forbod. I klimaforliket er det semje om at fossil fyringsolje som grunnlast må bli fasa ut av alle statlege bygg innan 2018. Regjeringa har som ambisjon å fase ut oljefyring som grunnlast i alle Statsbygg sine eigedommar innan utgangen av 2016 og foreslår å løyve 15 mill. kroner til dette i 2015. Regjeringa foreslår å styrke Enova si støtteordning til energiomlegging i bustader.

Klimatiltak i skog og biogass

Regjeringa vil følgje opp klimaforliket si målsetjing om å halde ved lag eller auke karbonlageret i skogen gjennom aktiv, berekraftig skogpolitikk blant anna gjennom styrkt innsats innan skogplanteforedling, auka plantetettleik og styrking av skogvernet.

Eit viktig punkt i oppfølginga av klimaforliket er planting av skog på nye areal som klimatiltak. I 2013 konkluderte Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet (daværende Statens Landbruksforvaltning) og Skog og landskap i ein etatsrapport med at minst 50000 dekar kan tilplantast per år over ein 20-årsperiode, med akseptable effektar for naturmangfald og andre miljøverdiar. Arbeidet må vere tufta på grundige faglige avvegiingar mellom klima-, miljø- og næringshensyn. Regjeringa legg derfor opp til ein treårig pilotfase, med mål om å hauste erfaringar med mellom anna klimaeffekt, miljøkriterier og gjennomføring før oppskalering og utvida implementering av tiltaket. I 2015 legg Klima- og miljødepartementet opp til å bruke 3 millionar kroner på dette arbeidet.

Ved behandlinga av Meld. St. 21 (2011 – 2012) Norsk klimapolitikk forutsatte Stortinget at omsynet til naturmangfoldet blir ivaretatt.

For å sikre god klimaeffekt, naturomsyn og lågt konfliktnivå vil pilotfasen bare omfatte (i) planting av norske treslag, (ii) planting på åpne areal og areal i tidleg gjengroingsfase, (iii) planting på areal med høg produksjonsevne og der det er forventa låg negativ endring i albedoeffekten og (iv) planting på areal som ikkje er viktige for naturmangfaldet, friluftslivsinteresser, viktige kulturhistoriske verdiar eller verdifulle kulturlandskap. Innretninga på kriteria vil bli vurdert etter at den treårige pilotfasen er gjennomført. Dersom evalueringa av pilotfasen viser at planting av skog som klimatiltak er føremålstenleg, vil ein i neste fase vurdere korleis det er hensiktsmessig å fremme auka skogplanting.

Dei same etatane leverte våren 2014 òg ein rapport om målretta gjødsling av skog som klimatiltak. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet har rapporten til vurdering og vil komme tilbake til oppfølginga.

Som eit ledd i oppfølginga av punktet om å auke karbonlageret gjennom berekraftig skogpolitikk er det gitt i oppdrag til Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Skog og landskap å belyse problemstillingar knytta til vern av skog som klimatiltak.

I regjeringsplattforma står det at det skal leggjast fram ein nasjonal biogasstrategi. Biogasstrategien er ei oppfølging av klimaforliket. Regjeringa vil leggje fram strategien hausten 2014. Regjeringa tar i strategien sikte på å lyse ut ein konkurranse gjennom Innovasjon Norge om tilskot til eit pilotanlegg for biogass på inntil 8 millionar kroner og forsking knytt til dette anlegget på 2 millionar kroner. Øvrige verkemiddel vil gå fram av strategien. I klimaforliket frå 2012 vart det semje om at Regjeringa i dei kommande statsbudsjetta skal auke løyvingane til Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) og opprette eit FME-senter for geotermisk energi.

I 2015 vil Noregs Forskingsråd utlyse i ei ny runde av FME-ordninga. Forskingsrådet vil da kunne gje forprosjektstøtte til område der det i dag ikkje er oppretta eit FME-senter, eksempelvis geotermisk energi.

Eiga klimalov

Basert på erfaringane med lovgiving og verkemiddelbruk i dag vil Regjeringa vurdere om det er føremålstenleg å utarbeide ei eiga klimalov.

Internasjonalt klimaarbeid

Regjeringa følgjer òg opp dei internasjonale punkta i klimaforliket, og vil arbeide for ei brei og ambisiøs klimaavtale. Regjeringa vil medverke til reduserte utslepp av kortliva klimadrivarar som svart karbon (sot) og metan internasjonalt gjennom eit styrkt engasjement, blant anna gjennom den globale koalisjonen for klima og rein luft (CCAC). Nasjonalt vil det mellom anna bli viktig å følgje opp utkastet til nasjonal handlingsplan frå Miljødirektoratet.

Regjeringa vil òg medverke til at Det grøne klimafondet kjem over i ein operasjonell fase. Fondet er no ope for bidrag, og det er lagt opp til at interesserte givarar skal annonsere bidrag hausten 2014. Ressursmobiliseringsprosessen opna formelt med eit møte i Oslo i juni 2014.

Andre verkemiddel i Noreg for reduksjon av klimagassutsleppa

Regjeringa satsar på fangst og lagring av CO2

Klimaendringane og verdas aukande energibehov er bakgrunnen for Regjeringas satsing på fangst og lagring av CO2. Regjeringa har utarbeida ein strategi for arbeidet med CO2-handtering, denne er omtalt i Olje- og energidepartementets Prop. 1 S (2014–2015). Regjeringa sine tiltak omfattar eit breidt spekter av aktivitetar. Strategien inkluderer forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering.

Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad står sentralt i denne satsinga. Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. Stønad til forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for fangst og lagring av CO2 får også høg prioritet gjennom CLIMIT-programmet som blir forvalta av Noregs forskningsråd i samarbeid med Gassnova.

Regjeringa har ein ambisjon om å realisere minst eitt fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering innan 2020. Det er utfordrande å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg i Noreg, blant anna fordi det er få eigna punktutslepp. Det vil bli arbeida vidare med å kartleggje alternativa for fullskala demonstrasjon av CO2-handtering i Noreg. Vidare vil regjeringa løpande vurdere kva alternativ for fullskala demonstrasjon av CO2-handtering som finst i utlandet. Regjeringa vil vurdere verkemiddel og gjennomføre studiar av mogelege fangstprosjekt i Noreg og alternativ for transport og lagring til potensielle fangstprosjekt. Regjeringa vil arbeide vidare med å fremje CO2-handtering internasjonalt.

Avgifter

CO2-avgifta skal bidra til kostnadseffektive reduksjonar av utslipp av CO2. Avgifta omfattar mineralolje, bensin og gass og utslipp frå petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen.

Avgifta på klimagassane HFK og PFK skal redusere utsleppa av desse gassane ved å stimulere til bruk av gassar med lågare klimaeffekt og utvikling av ny teknologi. Ein viser til Finansdepartementets Prop. 1 LS (2014—2015) Skatter, avgifter og toll 2015 for detaljane om denne avgifta. Avgifta er supplert med ei refusjonsordning for brukt HFK og PFK som blir levert inn til destruksjon.

CO2-avgifta og avgifta på HFK og PFK blei auka betydeleg frå 2014. Mellom anna blei avgifta på HFK og PFK og dei generelle satsane for mineralolje og gass i CO2-avgifta auka med om lag 100 kroner per tonn CO2-ekvivalentar.

F-gassforordninga

EU har vedteke ei ny forordning (forordning (EU) nr. 517/2014) som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 (F-gassar). Forordninga gjeld frå 1. januar 2015 og er ei vidareføring og skjerping av krava i EUs førre F-gassforordning (forordning (EF) nr. 842/2006). Dei viktigaste nye elementa er eit nedfasingsregime for HFK og ein overgang frå metriske tonn til GWP-tonn (tonn basert på globalt oppvarmingspotensial) som måleeining. Det foreslegne nedfasingsregimet for HFK legg opp til ein trinnvis reduksjon av tilgangen på ny gass i marknaden (produksjon og import) frå 2015 til 2030. Forordninga er enno ikkje innlemma i EØS-avtala.

Støtteordningar

Noreg har omfattande statlege støtteordningar, mellom anna i Enova, som medverkar med midlar til utsleppsreduserande prosjekt i industrien.

Ei CO2-kompensasjonsordning for industrien blei etablert hausten 2013. Ordninga er forvalta av Miljødirektoratet, og gjeld for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020. Etableringa av kvotesystemet i EU i 2005 har gitt auka kraftprisar i Noreg. EU har vedteke retningslinjer for statsstøtte som opnar for å gi kompensasjon for industrien sine indirekte kvotekostnader. Formålet er å hindre auke i globale utslepp ved å hindre karbonlekkasje frå industrien i Europa til land med mindre stram klimapolitikk. Den norske CO2-kompensasjonsordninga er regulert i forskrift og er knytt tett opp mot metoden for utrekning av støtte som er angitt i EUs retningslinjer. Ordninga omfattar alle dei 15 sektorane som har krav på støtte i medhald av EUs retningslinjer. Dette inkluderer blant anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling. Ordninga er avgrensa til å gjelde kraftavtaler inngått frå og med 2005, året då kvotesystemet vart etablert. Dette inkluderer kraftavtaler som er inngått før 2005, men som er selde vidare på marknadsvilkår f.o.m. 2005. I tillegg er omfatta andre kjøp av kraft i spotmarknaden. Industrien sin eigen kraftproduksjon skal komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. Ordninga vart godkjend av EFTA sitt overvakingsorgan ESA i september 2013.

Betre samordning av areal- og transportpolitikken

Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit tverrgåande verkemiddel som set rammer for måloppnåing. Kommunal, regional og statleg planlegging skal mellom anna leggje til rette for ein samordna areal- og transportpolitikk som medverkar til låge klimautslepp. Kommunal arealplanlegging medverkar til å redusere samfunnet si sårbarheit for klimaendringar ved å integrere klimatilpassing i planlegginga, kartleggje risiko og sårbarheit, og setje fokus på førebyggjande og utbetrande tiltak. Sjå òg verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging for nærare omtale.

Med heimel i plan- og bygningslova er det fastsett ei statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane. Denne pålegg kommunane å innarbeide tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar og sikre meir effektiv energibruk og miljøvennleg energiomlegging i kommuneplanen eller i eigen kommunedelplan. Kommunane er viktige aktørar på dette området fordi dei kan påverke utsleppa frå ei rekkje sektorar, representere ei positiv drivkraft i klimaarbeidet, og vere ei viktig inspirasjonskjelde for innbyggjarane i kommunen.

Fylkeskommunen skal òg gjere denne typen planlegging innanfor sitt ansvars- og påverknadsfelt.

I dei nasjonale forventingane til regional og kommunal planlegging går det fram at revisjon av dei kommunale og regionale klima- og energiplanane skal vurderast minst kvart fjerde år i arbeidet med dei regionale og kommunale planstrategiane. Det er sett i gang eit arbeid for ytterlegare å styrkje det kommunale arbeidet på dette området, gjennom bl.a. ei kartlegging av kommunane sine erfaringar og utfordringar med klima- og energiplanlegging. Det vil som oppfølging av kartlegginga bli utarbeidd konkret rettleiing til kommunane på dette området.

Ei god areal- og transportplanlegging kan medverke betydeleg til å redusere utsleppa frå transport ved tettare utbygging og lokalisering av bustader, handel og offentleg og privat service og arbeidsplassar langs trasear og i knutepunkt på kollektivsystemet. Hovudprinsippa er til dømes brukt i arbeidet med regional planstrategi for Oslo og Akershus.

Næringslivet og det grøne skiftet

Departementet vil analysere nærare korleis ein meir aktiv politikk for det grøne skiftet og næringslivet kan utviklast.

Det er fleire EU-initiativ for å fremje det grøne skiftet under Europa 2020-strategien for smart, inkluderande og berekraftig vekst. Europakommisjonen la blant anna fram ei melding om indre marknad for grøne produkt i april 2013. Målet er auka integrasjon av miljøomsyn i den indre marknaden og utvikling av grøne verdikjeder og sektorovergripande tiltak. Europakommisjonen har etablert treårige pilotar for Product Environmental Footprint (PEF) og Organisational Environmental Footprint (OEF). Noreg deltek i styringskomiteen.

Europakommisjonen la i juli 2014 fram ein omfattande politikkpakke til støtte for ein ressurseffektiv og sirkulær økonomi. Pakken skal medverke både til å oppnå klimamål, auka ressurseffektivitet og fremje økonomisk vekst og sysselsetjing. Visjonane for eit ressurseffektivt Europa skal òg gi klare signal til næringsliv og investorar, med stor vekt på utvikling av miljøteknologi, betre produksjonsprosessar og innovasjon i næringslivet. Ressurseffektivitet er òg eit satsingsområde i det nordiske miljøhandlingsprogrammet 2013 – 2018.

FNs 10 års rammeprogram for berekraftig produksjon og forbruk (2012 – 2022) er det mest forpliktande området i Rio-erklæringa frå 2012. Målsetjinga er å utvikle berekraftig forbruk og produksjon og ressurseffektivitetsinitiativ, på nasjonalt og regionalt nivå. Klima- og miljødepartementet er nasjonalt kontaktpunkt i Noreg. Verksemder sitt miljømessige samfunnsansvar inneber at omsynet til miljø og ressursbruk er integrert i økonomiske avgjerder. I tillegg til å etterleve nasjonale og internasjonale miljøkrav bør både private og offentlege verksemder ta offensive grep for å redusere sin negative miljøpåverknad ut over det som følgjer av slike krav. Dette kan medverke til kostnadsreduksjonar, betre strategiske utgangspunkt for verksemda på lang sikt og nye marknadshøve. Høge miljøstandardar hos leverandørar og i verdikjeda er òg sentralt i eit miljømessig samfunnsansvar.

Miljøleiing bør vere ein del av den strategiske styringa av verksemda. Eit miljøleiingssystem sikrar at verksemda har oversikt over dei mest vesentlege klima- og miljøbelastningane den står for, og gjennomfører tiltak for å redusere desse.

Berekraftsrapportering er eit verkemiddel i utviklinga av selskapa sitt arbeid med miljøleiing og måling av resultat. Krav om informasjon til det offentlege er i aukande grad lovregulert, bl.a. gjennom rekneskapslova og miljøinformasjonslova. Noreg er medlem av vennegruppa til § 47 om berekraftsrapportering som viser til denne paragrafen i Rio+20-erklæringa. Gruppa, som vart oppretta i 2012, skal fremje betydninga av bedrifter si berekraftsrapportering.

Innkjøpspolitikken er eit viktig verkemiddel for å nå ei rekkje samfunnsmål. Det er rom for å bruke innkjøpspolitikken aktivt som verkemiddel for å få til grøn vekst og for å oppnå klimamåla våre – både nasjonalt og internasjonalt. Klimapanelet (IPCC) tilrår bruk av miljøkrav i offentlege anskaffingar som klimapolitisk verkemiddel. Offentleg sektor har marknadsmakt i kraft av å vere den største forbrukaren i økonomien med rundt 400 mrd. kroner årleg i Noreg.

EU har nyleg vedteke tre nye direktiv om offentlege anskaffingar som blir bindande for Noreg gjennom EØS-avtala. Direktiva skal fremje fleire sidestilte samfunnsformål og samtidig sikre effektiv bruk av samfunnsressursane ved anskaffingar. Dei reviderte direktiva opnar for at offentlege anskaffingar i større grad enn før kan brukast som strategiske verkemiddel for å fremje miljø og innovasjon.

Nasjonalt system for berekning og rapportering av klimagassar

På Klimakonvensjonens partsmøte i 2001 (vedtak 20/CP 7) vart det vedteke at alle industriland må etablere eit nasjonalt system som sikrar at utslepp og opptak av klimagassar er berekna, rapporterte og arkiverte i tråd med Kyotoprotokollens regelverk. Eit slikt nasjonalt system skal inkludere institusjonelle, legale, prosedyrebaserte og finansielle ordningar for alle institusjonar som er involverte, og ei nasjonal eining med eit overordna ansvar for klimagassrekneskapen og rapporteringa. Det norske systemet har i den første forpliktingsperioden under Kyotoprotokollen vore basert på eit samarbeid mellom Miljødirektoratet, Statistisk sentralbyrå og Norsk institutt for skog og landskap. Miljødirektoratet har vore den nasjonale eininga for systemet.

Frå og med 2015 går Noreg inn i ein ny forpliktingsperiode. Det er lagt opp til at det norske nasjonale systemet skal byggje på ei vidareføring av dagens system gjennom eit samarbeid mellom Miljødirektoratet, Statistisk sentralbyrå og Norsk Institutt for skog og landskap. Desse tre institusjonane er kvar for seg ansvarlege for at eigne bidrag inn i det nasjonale systemet er i tråd med klimakonvensjonens retningslinjer om berekning og arkivering av informasjon om klimagassutslepp- og opptak. Miljødirektoratet vil framleis vere den nasjonale eininga med hovudansvaret for klimagassrekneskapen og rapporteringa. Finansieringa av arbeidet knytt til utsleppsrekneskapen blir tildelt over statsbudsjettet.

Internasjonalt klimaarbeid

Bakgrunn

Berre ved å handle i fellesskap og meir målretta kan vi unngå dei verste konsekvensane av global oppvarming. Dette er bakgrunnen for opprettinga av FNs klimakonvensjon, som vart vedteken i 1992 og er det sentrale rammeverket for internasjonalt samarbeid for reduksjon i utslepp av klimagassar og tilpassing til klimaendringar. Klimakonvensjonen har som mål å stabilisere konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren på eit nivå som vil hindre farleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet. I tråd med dette har partane til Klimakonvensjonen blitt samde om ei målsetjing om å halde auken i den globale middeltemperaturen under 2 °C samanlikna med førindustrielt nivå.

Det inneber at dei totale globale utsleppa av klimagassar må reduserast betydeleg framover. Ifølgje FNs klimapanel må dei globale utsleppa vende nedover før 2020 dersom ein skal vere rimeleg trygg på å halde global oppvarming under to grader. Dagens avtaler og klimamål er ikkje tilstrekkelege. Andre forpliktingsperiode under Kyotoprotokollen som gjeld for 2013 – 2020, omfattar om lag 10 prosent av dei globale utsleppa. For Noreg inneber vedtaket ei ny utsleppsforplikting som svarar til målet om 30 pst. utsleppsreduksjon innan 2020, i høve til 1990-utsleppa. Det var politisk semje på FNs klimakonferanse i 2012 i Doha om at landa skulle starte gjennomføringa av andre forpliktingsperiode frå 1. januar 2013. Andre forpliktingsperiode under Kyotoprotokollen vert først rettsleg bindande når 144 land har ratifisert endringane i Kyotoprotokollen. Noreg ratifiserte endringane i Kyotoprotokollen 12. juni 2014, som det ellevte landet.

Noreg har òg på vilkår lagt fram eit mål om 40 pst. reduksjon frå 1990-nivå før 2020 dersom det kan medverke til semje om ei ambisiøs klimaavtale der dei store utsleppslanda tek på seg konkrete utsleppsforpliktingar. Desse føresetnadene er ikkje til stades i dag. Regjeringa vil vurdere om vilkåret for å auke den norske utsleppsforpliktinga kan verte oppfylt ved at det no skal framforhandlast ei ny klimaavtale, som skal vedtakast i Paris.

Vedtaka under Cancúnavtala frå 2010 har stadfest målsetjingar for utsleppsreduksjonar fram til 2020 frå om lag 90 land. Det betyr at om lag 100 land ikkje har klimamål til 2020. Sjølv om innhaldet i måla ikkje er einsarta og til dels uavklarte, er det klart at det ikkje er tilstrekkeleg for å halde global oppvarming under to grader.

Boks 9.6 The New climate economy

Ei av dei store utfordringane økonomien står overfor i dag er korleis økonomisk vekst kan foreinast med å motverke klimaendringar. Sju land, blant dei Noreg, har gått saman om å opprette The Global Commission on the Economy and Climate. Kommisjonen er uavhengig, og består av tidlegare statsleiarar, finansministrar og andre frå økonomi og næringsliv. Kommisjonen skal hjelpe styresmakter, næringsliv og det sivile samfunnet med å fatte kunnskapsbaserte avgjerder som både tek økonomiske omsyn og klimaomsyn.

Kommisjonen lanserte i september 2013 prosjektet The New Climate Economy. Rapporten syner korleis en aktiv og fornuftig klimapolitikk også er positiv for den økonomiske utviklinga til land. Prosjektet innhentar kunnskap frå avgjerdstakarar i privat og offentleg sektor i eit utval av land, gjennom nye analysar frå leiande forskingsinstitusjonar verda over, og frå eksisterande kunnskap frå forskings- og analysemiljø. Rapporten vart utgitt i september 2014, og finst på http://newclimateeconomy.net.

Derfor vart det i 2011 i Durban, Sør-Afrika, bestemt å framforhandle ei ny klimaavtale innan 2015, som skulle gjelde for alle land og med verknad frå 2020. Dei rike industrilanda sin samla del av dei globale utsleppa er no under halvparten og delen blir gradvis mindre, sjølv om få av landa har klart å redusere utsleppa vesentleg sidan 1990. Den største veksten i globale utslepp skriv seg no frå raskt vaksande økonomiar, spesielt utviklingsland i Asia. Samtidig er det industrilanda som har stått for dei største utsleppa av klimagassar til no og har økonomisk evne til å gå føre i kampen mot klimaendringar. Rike land må derfor gå føre i å ta på seg forpliktingar om kraftige utsleppsreduksjonar. Forhandlingane om ei ny avtale må vere baserte på desse realitetane, samtidig med at ein tek tilstrekkeleg omsyn til at det står igjen betydelege utfordringar i arbeidet for ei berekraftig utvikling.

For å byggje opp under landa sin vilje til å forplikte seg innkalla FNs generalsekretær statar, privat næringsliv og sivile samfunnsaktørar til eit toppmøte i New York i september 2014. Fleire aktørar kom med viktige klimaløfte som førebur vegen mot semje om ein ny klimakonvensjon i 2015.

Ny klimaavtale 2015

Noreg vil vere ein pådrivar og konstruktiv partnar i forhandlingane med sikte på å vere leiande i arbeidet med å styrkje det internasjonale klimaregimet under FN.

Regjeringas overordna mål er å medverke til at forhandlingane under FNs klimakonvensjon fører til ei brei og ambisiøs klimaavtale. Det er behov for ei avtale som har eit langsiktig perspektiv, og som medverkar til auka innsats over tid. Regjeringa vil arbeide for ei avtale som er folkerettsleg bindande for alle land, men der innhaldet i forpliktingane kan variere mellom land. Avtala bør leggje til rette for at utsleppsreduksjonar gjennomførast på ein samfunnsøkonomisk best mogleg måte. Kjernen i avtala bør vere forpliktingar om utsleppsreduksjonar.

Arbeidet med tilpassing til klimaendringar er òg eit sentralt element i ei ny klimaavtale. Regjeringa vil arbeide for at alle land skal ha eit tydelegare ansvar for å tilpasse seg og førebyggje negative konsekvensar av klimaendringar. Eit slikt ansvar bør understøttast av finansiering, teknologi og kapasitetsbygging for sårbare utviklingsland. I arbeidet med ei ny klimaavtale vil det vere viktig å byggje på dei gode systema og institusjonane som allereie er etablerte under FNs klimakonvensjon.

Finansiering er eit viktig element i å finne løysingar på klimautfordringa, og Noreg vil spele ei sentral rolle også for den nye avtala. Under klimatoppmøtet i København i 2009 forplikta i-landa seg til kollektivt å mobilisere 100 mrd. USD pr. år innan 2020 frå ulike typar finansieringskjelder, både offentlege, private og innovative. Det vil vere viktig å byggje vidare på det gode arbeidet som allereie er gjort, mellom anna med å etablere institusjonar og mekanismar for finansiering under Klimakonvensjonen

Det grøne klimafondet vil kunne ha ei viktig rolle i åra framover. Noreg har spelt ei sentral rolle i opprettinga av fondet, og Noreg var vertskap då Ressursmobiliseringsprosessen opna formelt med eit møte i Oslo 30.6 – 1.7 2014. Det vart avgjort å arrangere eit møte i siste halvdel av november, der land og andre aktørar blir inviterte til å lansere sine bidrag til fondet. Det gir håp om at kapitaliseringsprosessen blir vellykka og at fondet kan bli eit instrument for omstillinga til lågutleppsamfunn og klimarobuste samfunn slik fondet sitt styrande instrument skriv.

Noregs prioriterte område i forhandlingane om ei ny klimaavtale er:

  • Ambisiøse mål om utsleppsreduksjonar for alle store utsleppsland, og ein samla innsats i tråd med togradersmålet.

  • Finansiell støtte til utsleppsreduksjonar og tilpassing i utviklingsland, slik at dette gir best moglege resultat for gjennomføring av utsleppsreduserande tiltak og tilpassing til klimaendringar.

  • Vere leiande i arbeidet med å redusere avskoging i utviklingsland.

  • Gode system som kan etterprøvast for at land innfrir skyldnadene sine, inkludert felles internasjonale reglar for måling, rapportering og verifikasjon av klimagassutslepp.

  • Vere ein pådrivar for å setje ein internasjonal pris på karbon og utvikling av fleksible gjennomføringsmekanismar og globale karbonmarknader.

  • Regjeringa vil arbeide for ein avtale som legg til rette for at utsleppsreduksjonar vert gjennomført på ein samfunnsøkonomisk best mulig måte.

Sjå elles omfattande omtale av klimaforhandlingane i Revidert nasjonalbudsjett 2014.

Førebuing av Noregs klimaforplikting i 2015-avtala

På klimakonferansen i Warszawa i 2013 vart det bestemt at alle land skal utarbeide nasjonalt bestemte bidrag til avtala. Desse bidraga skal sendast inn i god tid før FNs klimakonferanse i Paris i desember 2015, og helst innan første kvartal 2015 for dei landa som er klare. Bidraga vil danne grunnlag for forhandlingar om endelege forpliktingar i avtala som skal ferdigstillast i Paris.

Det viktigaste elementet er å sende inn ei indikert forplikting om utsleppsreduksjonar i den nye klimaavtala. Regjeringa har derfor sett i gang arbeidet med å definere omfang og ambisjonsnivå for Noreg for perioden etter 2020, og vil leggje fram ei indikativ og vilkårsbunden utslippsforplikting for Noreg, innan utgangen av første kvartal 2015.

Regjeringa vil leggje kunnskapsgrunnlaget frå FNs klimapanel til grunn ved utforminga av ei ny utsleppsforplikting. Det er viktig at vårt innspel er kvantifiserbart, føreseieleg og kan etterprøvast internasjonalt. Bruk av anerkjent og etablert metodikk, mellom anna for berekning av utslepp og utsleppsreduksjonar, er viktig for å skape tillit.

I utforming av eit norsk innspel til utsleppsforplikting vil det bli lagt vekt på å bruke tilnærmingar som vi meiner vil vere gode allmenne løysingar for utsleppsforpliktingar i ei internasjonal avtale, slik som bruk av etablert metodikk frå FNs klimapanel.

Regjeringa vil føre ein ambisiøs nasjonal klimapolitikk med ei langsiktig omstilling til eit lågutsleppsamfunn innan 2050. I omstillinga til eit lågutsleppsamfunn i 2050 vil det vere behov for styrkt teknologiutvikling, ei meir klimavennleg samfunnsplanlegging og ei langsiktig tilnærming til omstilling i alle sektorar. Dette er ein viktig grunn til at Regjeringa har valt å forsterke klimaforliket bl.a. gjennom ei styrking av fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging. Dersom vi ikkje får til denne styrkinga, vil det kunne gjere den nødvendige omstillinga til eit lågutsleppsamfunn vanskelegare. Ein ambisiøs politikk nasjonalt må vidare medverke til å redusere utsleppa globalt. Dette inneber at det blir teke omsyn til konsekvensane av kvotesystemet, faren for karbonlekkasje og til industrien si konkurranseevne når politikken blir utforma. Dette gir føringar for verkemiddelbruken for å redusere nasjonale utslepp, og det viser betydninga av å få ei brei, internasjonal klimaavtale.

Noreg har som mål å vere karbonnøytralt innan 2050. Vi har òg sagt oss villige til å ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030, som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar. Karbonnøytralitet inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp.

Forpliktingar om utsleppsreduksjonar bør sikre ei kontinuerleg samla avgrensing og reduksjon i dei globale utsleppa. Det skjer best gjennom ei forplikting som kan bli omtalt som eit utsleppsbudsjett, der alle gassar og alle utsleppskjelder tel med, og der forpliktinga dekkjer ein samla tidsperiode. Eit utsleppsbudsjett legg godt til rette for bruk av internasjonale kvotemarknader. I arbeidet med å utforme ei indikativ forplikting med atterhald vil Noreg som hovudtilnærming ta utgangspunkt i ei forplikting fastsett som eit utsleppsbudsjett.

Den nye klimaavtala bør utformast slik at den gir riktige insentiv for alle sektorar både på kortare og lengre sikt, og slik at det blir føreseieleg for investorar og avgjerdstakarar. Avtala bør òg ha nokre felles, overordna mål, som kan leggje grunnlaget for ambisjonane framover. Målet om å avgrense global oppvarming til under to grader er vesentleg.

Utforminga av regelverket for opptak og utslepp frå skog og andre landareal i ei ny avtale er viktig for Noreg. Frå norsk side vil vi arbeide for løysingar som er opne, som kan samanliknast mellom land, som kan etterprøvast, er føreseielege og som gir insentiv til tiltak med reell effekt på klimaet. Den internasjonale avtala bør byggje på eit felles internasjonalt regelverk som gir gode insentiv for alle land til å gjennomføre tiltak for å redusere avskoging, og tiltak som kan auke karbonlageret i skog. Det er òg viktig å sjå reglane for skog i eit lengre tidsperspektiv.

Skal verda lukkast med å redusere utsleppa i tråd med togradersmålet, må det etablerast ein internasjonal pris på karbon. Det betyr at vi treng omfattande og effektive karbonmarknader i åra som kjem. Gjennom det statlege kvotekjøpsprogrammet som Klima- og miljødepartementet forvaltar, medverkar Noreg til å utvikle marknaden for kvotehandel, jf. Prop. 1 S (2013 – 2014) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2013 – 2014). Kvotekjøpsprogrammet er også omtalt under programkategori 12.70, kap 1481. Det vil vere viktig for Noreg at ei ny klimaavtale gir gode høve til å bruke fleksible mekanismar. Dei fleksible mekanismane medverkar til å redusere klimagassutsleppa der kostnadene ved dette er minst. Ein ny periode under Kyotoprotokollen vil sikre at alle dei tre fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen vert ført vidare. Samtidig har Noreg arbeidd for etablering av nye marknadsbaserte mekanismar som ein del av ei større klimaavtale. Nye fleksible mekanismar vil utvide karbonmarknaden. Noreg har mellom anna argumentert for å opprette sektorbaserte mekanismar. Ei utvikling av slike nye marknadsbaserte mekanismar vil óg bidra til å utvikle ulike lands kapasitet for måling og rapportering av utslepp. I tillegg blir det forhandla om etableringa av eit internasjonalt rammeverk for å utvikle meir generelle standardar eller prinsipp for internasjonal handel med utsleppsrettar. For å sikre reelle utsleppsreduksjonar er det viktig å etablere felles reglar for måling, rapportering og verifikasjon av internasjonale marknadsbaserte mekanismar.

I det norske innspelet skal det klargjerast at nivået på nye klimaforpliktingar vil vere avhengig av tilgang på fleksible mekanismar. Bruk av fleksible mekanismar vil redusere kostnadene og gjere det mogleg å oppnå større samla utsleppsreduksjonar enn dersom det ikkje blir lagt opp til slikt samarbeid mellom land.

Regjeringa vil derfor arbeide for ei avtale som inneber at kvotemarknader blir utvikla vidare som viktig reiskap for å fremje kostnadseffektivitet og auka ambisjonar. Både tilbod og etterspørsel etter kvotar kan endre seg i ei ny klimaavtale. Det er òg usikkert om den nye klimaavtala vil vere basert på ei felles «utsleppseining» som kan kjøpast og seljast mellom land, slik Kyotoprotokollen er. Vi ser i dag ei utvikling i retning av fleire regionale kvotemarknader, som på sikt kan tenkjast å bli knytt saman. For Noreg er det viktig at avtala har eit godt opplegg for kontroll med utferding og overføring av kvotar, slik at ein hindrar dobbelteljing av utsleppsreduksjonane.

Utsleppsreduksjonar i Noreg og kjøp av kvotar for å oppfylle den norske forpliktinga vil innebere kostnader for staten, næringslivet og den enkelte, men kan òg innebere gevinstar. Den viktigaste gevinsten av ei ambisiøs global klimaavtale, er at den vil hindre endå større klimaendringar enn det vi allereie må rekne med, og dermed redusere risiko for alvorlege konsekvensar.

Ein del av klimaforhandlingane har knytt seg til å utvikle eit regelverk for REDD+ (Reducing Emissions from Deforestation and Forest Degradation). Dette arbeidet fekk eit betydeleg gjennombrot under klimapartsmøtet i Warszawa i desember 2013. FNs klimakommisjon vedtok då ein pakke med sju vedtak («Warsawarammeverket») knytte til reduksjon av utslepp frå skog i u-land. Saman etablerer vedtaka frå Warszawa eit komplett rammeverk som definerer korleis REDD+ aktivitetar kan gjennomførast, korleis resultat kan målast, rapporterast og verifiserast, og korleis betaling for reduserte utslepp kan kanaliserast. Rammeverket gir ei klar oppfordring til Det grøne klimafondet om å medverke med resultatbasert finansiering for REDD+. Rammeverket set tydelege krav til at u-land må ha rapportert på korleis dei oppfyller miljømessige og sosiale vilkår før dei kan ta imot resultatbaserte betalingar. Noreg fekk gjennomslag for viktige prinsipp knytte til uavhengig verifisering av referansenivå og rapporterte utsleppsreduksjonar, og at resultatbasert finansiering er avhengig av rapportering på miljømessige og sosiale sikringsmekanismar.

Gjennom klima- og skogsatsinga har Noreg sidan 2008 bidrege i stor skala til at utviklingsland skal kunne redusere CO2-utslepp gjennom skogbevaring og redusert avskoging. Warsawarammeverket vil kunne få stor betydning i åra framover og medverke til auka oppslutning og framdrift i arbeidet med å redusere utslepp frå skog i utviklingsland. Ferdigstillinga av det tekniske rammeverket vil òg leggje til rette for at tropiske skogland kan ta på seg konkrete forpliktingar om å redusere avskoging i ei ny klimaavtale og dermed kunne medverke til å auke det totale ambisjonsnivået i den nye klimaavtala som skal vedtakast i Paris i 2015.

Togradersmålet krev større utsleppsreduksjonar også før 2020

Den internasjonale innsatsen som er mobilisert for å redusere utslepp er betydeleg, men likevel langt ifrå nok. Ifølgje FN sitt miljøprogram, UNEPs «Emissions Gap Report» frå 2012, vil full gjennomføring av desse måla likevel ikkje levere meir enn om lag ein tredjedel av det som er nødvendig før 2020 for å hindre auka temperaturar over to grader. I Durban blei det derfor òg vedteke å arbeide for større utsleppsreduksjonar før 2020 og før ei ny avtale er planlagt å ha effekt.

Meir enn 100 land har ikkje fastsett noko mål om utsleppsreduksjonar eller -avgrensingar før 2020. For å dekkje utsleppsgapet er det viktig at fleire land set seg mål, og høvet til å auke dei noverande ambisjonane må vurderast.

I tillegg må ein utnytte internasjonale felles initiativ som kan medverke med betydelege, raske utsleppsreduksjonar. Noreg deltek i mange av desse initiativa og Regjeringa vil føre vidare og styrkje dette arbeidet. Særleg prioritert er område der vi har nasjonale interesser og kompetanse, og der det er mogleg å oppnå utsleppsreduksjonar raskt. Hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet vil vere:

  • den internasjonale klima- og skogsatsinga,

  • innrettinga av internasjonal klimafinansiering i den nye klimaavtala,

  • utvikling av internasjonale kvotemarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensel,

  • kortliva klimadrivarar og rein energi i utviklingsland.

EU har starta arbeidet med ei ny forplikting for åra etter 2020. EU-kommisjonen har lagt fram eit forslag til ein klima- og energipakke for 2030. Kommisjonen foreslår eit mål på 40 pst. som skal gjennomførast innanfor EU-området.

Internasjonal skipsfart

På bakgrunn av eit norsk initiativ vedtok FN sin sjøfartsorganisasjon IMO i 2011 globale og juridisk bindande klimakrav til internasjonal skipsfart. Desse krava omhandlar krav til energieffektiv utforming av nye skip og krav til energieffektiv drift av alle skip. Krava tredde i kraft 1. januar 2013. Etablering av desse krava er eit svært viktig resultat i vanskelege forhandlingar, og det er eit første steg i arbeidet med å redusere utslepp frå skipsfarten. I 2014 vedtok ein å utvide energieffektivitetskrav til fleire skipstypar. Arbeidet i IMO går vidare med sikte på vidare reduksjon av klimagassutslepp frå skipsfarten. Regjeringa vil halde fram med Noregs rolle som pådrivar i IMO sitt arbeid med reduksjon av klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart.

Boks 9.7 Kva gjer privat sektor for skogane i verda?

Engasjementet frå privat sektor har medverka til å skape eit nytt momentum for redusert avskoging. Privat sektor kan medverke til å redusere avskoginga direkte gjennom marknadspress, anten i form av høgare betalingsvilje for berekraftige råvarer eller i form av innkjøpspolitikk som ekskluderer produsentar som ikkje kan dokumentere nullavskoging. I tillegg til å rydde opp i eigne verdikjeder har selskapa oppmoda styresmakter til å arbeide for ei global klimaavtale under FNs klimakonvensjon, som òg omfattar finansiering av utsleppsreduksjonar.

I 2011 annonserte Consumer Goods Forum (CGF) at dei ville bidra til å eliminere avskoging frå dei fire sentrale råvarekjedene innan 2020 (soya, storfekjøt, palmeolje og papir/papirmasse). CGF er ei global bransjeforeining av multinasjonale selskap med medlemmer som Unilever, Nestle og Walmart og eit samla årleg sal på om lag 20000 mrd. norske kroner.

I 2013 slutta Noreg seg til Tropical Forest Alliance 2020 (TFA 2020). Alliansen er sentrert rundt CGF-selskapa sitt mål om avskogingsfrie verdikjeder. Det er eit privat-offentleg partnarskap mellom CGF-selskapene og USA, Noreg, Storbritannia, Nederland, Liberia, Colombia og Indonesia, og ei rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar. Det blir arbeidd med å få fleire skogland som medlemmer. Alliansen handlar først og fremst om delte mål og frivillige individuelle og felles tiltak og rettar seg mot kjernen i avskogingsproblemet – ekspansiv og ineffektiv landbruksproduksjon. Den har eigarskap på toppnivå i nokre av verdas største selskap, og på leiarnivå i heile Consumer Goods Forum som representerer hovuddelen av internasjonal etterspørsel etter relevante råvarer. Den fører privat sektor inn som del av løysinga på avskogingsproblemet. Internasjonalt næringsliv kan påverke lokalt næringsliv i dei viktigaste skoglanda på ein meir direkte og effektiv måte enn landa sine eigne eller utanlandske regjeringar, både ved å redusere etterspørselen etter ikkje berekraftige produkt og ved å demonstrere at grøn vekst utan avskoging er mogleg. Eigarskap hos lokalt næringsliv kan igjen skape grobotn for nødvendige reformer i høve til arealplanlegging, styresett og respekt for lover, konsesjonsprosessar, landreform osv. Alliansen kan dermed potensielt medverke til storskala utsleppsreduksjonar.

Palmeoljeindustrien er i dag ein av dei viktigaste årsakene til avskoging og øydelegging av karbonrik torvmyr. Wilmar er Asias leiande jordbruksindustriselskap og står for 45 pst. av handelen med palmeolje i verda. I desember 2013 etablerte Wilmar ein intern policy om berekraftig palmeolje med tre hovudprinsipp for eiga og underleverandøranes verksemd: inga avskoging, inga etablering av oljepalmeplantasjar på torvmyr, og inga utnytting av menneske og lokalsamfunn. Andre tunge aktørar i palmeoljeindustrien, som Golden Agri Resources og Cargil, og ei rekkje forbrukarvareselskap, har følgt Wilmars eksempel. Dette kan medverke til ei grunnleggjande endring på produksjonssida i palmeoljesektoren.

Soya og biffkjøt er andre råvarer med stor etterspørsel som utgjer ein trussel mot skog. Soyaproduksjonen i Amazonas i Brasil har sidan 2006 vore omfatta av eit moratorium. Dei viktigaste industriorganisasjonane gjekk saman om å ikkje drive handel eller eksport av soya produsert i Amazonas på land avskoga etter 2006. Moratoriet har så langt blitt forlenga til desember 2014, men det rår stor uvisse om det vil bli ytterlegare forlenga. Studien «Slowing deforestation through public policy and interventions in beef and soy supply chains» i tidsskriftet Science (Nr 1118, 2014) viser at Noregs innsats har vore viktig, og vil vere endå viktigare framover på grunn av auka etterspørsel etter varene. Forskarane konkluderer bl.a. med at dei norske bidraga kan bli nødvendige for å sikre vidare redusert avskoging i Brasil i framtiden. Dette mellom anna fordi storbønder bl.a. i Brasil treng eit tilstrekkeleg insentivsystem for at dei skal motstå avskoging, og i staden dyrke på allereie avskoga område.

Klima- og skogsatsinga

Klima- og skogsatsinga vart lansert under FNs klimaforhandlingar på Bali i desember 2007, som eit bidrag til den internasjonale innsatsen med å redusere utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD+). Initiativet var ein del av det første klimaforliket i Stortinget i 2008, og er ført vidare og styrkt gjennom det andre klimaforliket i 2012.

I 2014 er to evalueringar av klima- og skogsatsinga publiserte. Norad har, sidan satsinga starta, gjennomført ei følgjeevaluering av satsinga. I tillegg er det gjennomført ei evaluering av klima- og skogsatsinga si strategiske betyding. Begge evalueringane er tilgjengelege på departementets heimesider.

Dei to evalueringane er i all hovudsak svært positive til klima- og skogsatsinga sine resultat og betyding. Satsinga er beskriven som av avgjerande betyding for at det globale arbeidet med klima- og skog har komme så langt som det har gjort, samanlikna med anna internasjonalt klimasamarbeid. Spesielt er framheva betydinga av viljen til å gå inn med storskala og føreseieleg finansiering i ambisiøse, langsiktige, resultatbaserte partnarskap med sentrale skogland. Ein hovudkonklusjon i evalueringane er at dagens hovudretning for satsinga – under dette den sterke og aukande vekta på storskala, resultatbaserte partnarskap med sentrale tropiske skogland – har vore viktig for satsinga si måloppnåing, og bør førast vidare. Sjå boks 6.1 med hovudfunn og anbefalingar i evalueringane i del II. Begge evalueringane er tilgjengelege på departementets heimesider.

Fleire tiltak for å styrkje satsinga sine system for innhenting og formidling av resultat og måloppnåing er sette i verk, bl.a. som oppfølging av kritiske merknader frå Riksrevisjonen i Dok 1 for budsjettåret 2013. Desse tiltaka, mellom anna utarbeiding av ein regelmessig resultatrapport frå satsinga, vil bli førte vidare. Tiltak for ytterlegare å styrkje satsinga sine system for planlegging og resultatrapportering vil bli sette i verk. Dette vil innehalde kriteria for utveljing av land. Regjeringa har gjennom samlinga av klima- og skogsatsinga i Klima- og miljødepartementet og ved å underleggje Norad Klima- og miljødepartementet s mynde i saker som vedgår satsinga, rydda opp i tidlegare uklare punkt vedrørande ansvarsforhold i satsinga. Desse endringane meiner ein òg har styrkt grunnlaget for ei heilskapleg effektiv leiing og drift av satsinga. På same måten har Regjeringa avklart forholdet mellom tilskotsforvaltning under satsinga og økonomiregelverket, jf. orientering i revidert nasjonalbudsjett 2014.

Regjeringa vil prioritere følgjande område framover for klima- og skogsatsinga:

Betaling for utsleppsreduksjonar og der det er relevant for tidlege styresettreformer som medverkar til utsleppsreduksjonar. Partnarskap med sentrale tropiske skogland – basert på prinsippet om betaling for resultat (første og fremst betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog) – skal framleis utgjere satsinga sitt primære fokus. Fungerande partnarskap med andre land for finansiering av REDD er viktig for auka og berekraftig REDD-satsing i framtida. Det tyske REDD+ Early Movers (REM) programmet, Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility Carbon Fund og BioCarbon Fund Tranche 3 vil vere sentrale kanalar for denne innsatsen. Der robuste nasjonale resultatbaserte fond for REDD+ er etablerte i samsvar med internasjonale standardar, til dømes Brasils Amazonasfond, bør desse utgjere den primære kanalen for norsk støtte. Det blir lagt vekt på arbeid for å få fleire land til å medverke med auka midlar til betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar frå avskoging og degradering av skog. I innleiande fasar, fram til land er klare for eit samarbeid basert på betaling for utsleppsreduksjonar, skal bruken av betaling for resultat i form av nødvendige reformer styrkjast. Varig skogbevaring føreset institusjonar som fremjar god skogforvaltning. Å bidra til å styrkje slike institusjonar og til betre skogforvaltning, og til å etablere strategiar for gjennomføring vil hindre forseinkingar, føre til raskare utbetalingar og sikre langsiktige framfor kortsiktige utsleppsreduksjonar. Slik støtte føreset sterk politiske vilje i mottakarlanda til å ta på seg forpliktingar, og ei innretting av pengebruken mot tiltak av strategisk betydning for landet sine klima- og skogreformer.

Samarbeid med privat sektor vil vere ein gjennomgåande strategi for satsinga. Målet med eit slikt samarbeid er å skape alliansar der økonomiske og andre insentiv kan medverke til endring i spesifikke område. Viktig i denne samanhengen er å samarbeide direkte med dei relevante skoglanda og private aktørar for å få på plass dei rammevilkåra som er nødvendige for at privat sektor skal kunne produsere verdiar utan å medverke til avskoging. Der det er føremålstenleg kan dette arbeidet supplerast med å setje opp finansieringsinstrument som styrkjer og byggjer opp under privat sektor sin innsats (subsidiering av privat sektor sin aktivitet må unngåast). Betydelege ressursar må setjast inn på å utvikle vidare og styrkje eit globalt offentleg-privat klima- og skogpartnarskap mot avskoging og degradering av skog. FNs klimatoppmøte i New York i september 2014 – der eit stort tal likesinna land, private selskap og frivillige organisasjonar samla seg om The New York Declaration on Forests – viser at Noreg si tilnærming til desse spørsmåla no har brei internasjonal tilslutning. Sjå meir her www.un.org/climatechange/summit

Integreringa av klima- og skoginnsatsen i ein breiare 'grøn vekst'-agenda vil bli prioritert. Dette gjeld ikkje minst på landnivå, der det å arbeide for og stille analysekapasitet til disposisjon for å integrere klima- og skoginnsatsen i nasjonale utviklingsstrategiar vil vere avgjerande for å få breitt politisk gjennomslag for nødvendige reformer. Global Green Growth Institutes bidrag i Indonesia og Etiopia, og New Climate Economy-studiens bidrag i Brasil, Etiopia, India og Kina er døme på ein type arbeid som vil bli ein stadig viktigare prioritet for klima- og skogsatsinga. For å sikre gradvis breiare oppslutning om klima- og skogagendaen er det avgjerande å etablere fleire gode døme på bakken. Mellom anna gjennom Verdsbankens BioCarbon Fund Tranche 3 vil klima- og skogsatsinga arbeide saman med sentrale og lokale styresmakter i tropiske skogland, med andre donorar, med det private næringslivet og med det sivile samfunnet for å etablere fleire døme på at visjonen om at auka jordbruksproduksjon og redusert avskoging og degradering av skog kan gå hand i hand, kan omsetjast i praksis.

Støtta til det sivile samfunnet skal førast vidare og blir vurdert styrkt. Eit aktivt sivilt samfunn er avgjerande for å lykkast med å redusere avskoging og degradering av skog globalt, bl.a. for å sikre opne, deltakande og demokratiske avgjerdsprosessar. For perioden 2016 – 2020 vil vekt bli lagt på støtte mellom anna til urfolk og andre lokalsamfunn sitt arbeid for å sikre rettar til og kontroll over eigne landområde, til samarbeid mellom sivilt samfunn og privat sektor om å etablere avskogningsfrie forsyningskjeder, til tiltak for auka openheit og betre styresett og til vidare konsensusbyggjande arbeid rundt den globale klima- og skoginnsatsen. Spesielt når det gjeld urfolks høve til å hevde sine rettar og delta i prosessar og avgjerder som gjeld dei direkte, er det no ein tydeleg positiv tendens i sentrale skogland, særleg i Indonesia. Dette moglegheitsrommet bør utnyttast, tilpassa det enkelte skoglands lokale kontekst, og urfolkskomponenten i sivilsamfunnssatsinga vil derfor bli styrkt, i tillegg til den støtta vi gir indirekte gjennom styresmakter i samarbeidslanda våre.

Halde fram med å bidra til global kunnskapsbase om REDD+ og arealbruk. Regjeringa vil medverke til kunnskapsutvikling på REDD+-området gjennom evalueringar, analysar og forsking. Regjeringas bidrag til REDD+-relevant forsking vil bli styrkt i perioden 2016 – 2020, og tiltak for å oppnå dette blir sette i gang i 2015.

Auka vekt på kommunikasjon. Klima- og skogsatsinga si kommunikasjonsverksemd – ute og heime – skal styrkjast. Eit særskilt fokus vil bli retta mot informasjonstiltak knytte til framgangen i arbeidet hos våre mest sentrale partnarland og multilaterale organisasjonar og fond.

Innsatsen i følgjande område blir ført vidare og styrkt: Indonesia, Vietnam, Myanmar og regionalt i Mekongbassenget, Etiopia, Liberia, Brasil, Guyana, Peru, Colombia og Ecuador. Regjeringa vil òg vurdere å styrkje innsatsen i land i Kongobassenget. Desse landa dekkjer til saman 58 pst. av skogane i verdas utviklingsland, og har alle – om enn i varierande grad – vist vilje og evne til å ta tak i problemet med avskoging og degradering av skog. Det er lagt opp til gradvis å trappe ned bidraga til multilaterale institusjonar sin innsats for å støtte REDD+-førebuingar i eit stort tal land, til fordel for auka innsats i land som viser reell vilje og evne til framdrift mot målet om å generere utsleppsreduksjonar. Innsatsen for å betre koordineringa og effektiviteten i dei multilaterale institusjonane sitt arbeid vil bli trappa opp.

Nasjonal klimatilpassing

Klimaet er i endring, og endringane vil påverke både natur og samfunn. Menneskeskapte klimaendringar kan skje for raskt til at økosystem får tid til å tilpasse seg. Naturbaserte næringar kan få rammevilkåra sine endra, både med tanke på vekstsesong, nye skadedyr og bakteriar, vasstilførsel og vasstemperatur. Samtidig kan naturen beskytte samfunnet sin infrastruktur mot for eksempel flaum- og skredskadar, som det er venta at vil bli større risiko for med mildare vér og hyppigare og meir intens nedbør i Noreg. Bygningar og infrastruktur som straumnett, vegar og jernbane, óg kulturminnar, kan på ulike sett ta skade av ekstremvér eller andre effektar av klimaendringane. Særleg tettbygde område er sårbare for klimaendringane, både fordi mykje viktig infrastruktur er samla på eit avgrensa område, men òg fordi asfalterte overflater hindrar regnvatn i å trengje ned i grunnen. Mange bygningar ligg i vasskanten eller i skredutsette område.

Alle har eit ansvar for klimatilpassing

Klimaendringane rammar samfunnet i full breidde. Statlege styresmakter, næringsliv, kommunar og enkeltindivid har alle eit ansvar for klimatilpassing. Det ansvaret alle har for eigedommen sin, tenesteyting, produksjon eller anna, ligg fast òg under endra klimatiske forhold, men kan krevje tiltak for å tilpasse seg dei nye føresetnadene. Kunnskap om korleis endringane vil slå ut lokalt står sentralt, slik at ein kan førebu og tilpasse seg og verksemda si.

Kommunane har ei sentral rolle når det gjeld klimatilpassing, ettersom dei både er store forvaltarar av eigedom og infrastruktur, og i tillegg har ansvar for ei rekkje verksemder og tenester som kan bli påverka av klimaendringane. Enkelte kommunar har allereie utarbeidd planar for klimatilpassing, men det er behov for ytterlegare rettleiing og kunnskap i kommunane for at lokalsamfunn skal vere best mogleg tilpassa eit endra klima. Arealplanlegging er eit viktig verktøy for å sikre at samfunn blir bygde slik at skadeverknadene av klimaendringane blir minst moglege. Både fylkeskommune og fylkesmann har viktige ansvarsområde knytte til dette, inkludert rettleiing, og bistand i å sikre heilskapleg og regionalt koordinert tilpassingsarbeid.

Fleire statlege etatar har ansvar som er knytt opp mot klimatilpassingsarbeidet. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap arbeider med samfunnstryggleik, og følgjer mellom anna opp kommunar og fylkeskommunar i deira risiko- og sårbarheitsanalysar. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for flaum og skred.

Klima- og miljødepartementet har ansvar for å leggje til rette regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Frå 1. januar 2014 har Miljødirektoratet vore den fagetaten som støttar Klima- og miljødepartementet i dette arbeidet. Det medfører å koordinere det heilskaplege klimatilpassingsarbeidet, men grip ikkje inn i dei ansvarsområda som ligg under andre styresmakter. Som nasjonal koordinator medverkar Miljødirektoratet til at regjeringa sitt arbeid med klimatilpassing blir teke vare på så langt råd er i forvaltninga og i samfunnet. For å sikre at arbeidet med klimatilpassing blir godt forankra og at erfaring og kunnskap frå andre direktorat og sentrale fagmiljø blir tekne omsyn til, skal Miljødirektoratet i arbeidet med klimatilpassing syte for å involvere aktuelle direktorat, lokale og regionale styresmakter og fagmiljø. I tillegg skal Miljødirektoratet søkje samarbeid med næringslivet og bransjeorganisasjonar der klimaendringar vil ha særleg betydning.

Statlege klimatilpassingstiltak

Stortingsmelding om klimatilpasning i Norge (Meld. St. 33 (2012 – 2013)) beskriv klimatilpassingsarbeidet i Noreg. Det skal utarbeidast nye klimaframskrivingar og havnivådata for Noreg i 2100, kunnskap om klimaendringane og klimatilpassingstiltak skal innhentast og formidlast, statlege planretningslinjer for klimatilpassing skal utarbeidast og eit ekspertutval utarbeider oversikt over regelverk på overvassområdet. Miljødirektoratet har ei sentral rolle i alt dette.

Miljødirektoratet skal òg utgreie verknadene av klimaendringar på naturmangfaldet i Noreg, basert på utsleppsbanene skisserte av FNs klimapanel, og vurdere tiltak og verkemiddel for å ta vare på naturmangfaldet i eit klima i endring.

Då alle har ansvar for klimatilpassing og arbeidet går føre seg i ulike sektorar er det ei viktig oppgåve for Miljødirektoratet å samle, halde oversikt over og rapportere om klimatilpassingsarbeidet i Noreg. Noreg er gjennom Klimakonvensjonen (UNFCCC) forplikta til å rapportere status og framdrift.

Miljødirektoratet vil bistå Klima- og miljødepartementet i det internasjonale arbeidet med klimatilpassing, under dette støtte arbeidet med FNs klimapanel og klimakonvensjon, i EU/EØS arbeid og anna bilateralt og multilateralt klimatilpassingsarbeid.

9.6 Resultatområde 6 Polarområda

Innleiing

Dei nasjonale måla som gjeld for Svalbard, Antarktis og Jan Mayen er no samla under resultatområde 6: Polarområda. Polarområda i både sør og nord har andre naturtypar enn fastlands-Noreg. Flora og fauna består av andre arter, og arter som berre finst i polarområda. Det er utvikla eit eige verkemiddelapparat for miljøforvaltninga med svalbardmiljølova og tilhøyrande forskrifter, og forskrift om miljøvern og tryggleik i Antarktis. På Svalbard er bevaring av villmark viktig, og det er gjennom fleire stortingsmeldingar fastsett høge miljømål for øygruppa. Dei raske klimaendringane og aukande aktivitet i Arktis har gjort det meir krevjande å nå desse måla. Det er blitt stadig viktigare å ta vare på det sårbare miljøet og sikre ei forsvarleg forvaltning av naturressursane i Antarktis. Noreg har gjennom ratifiseringa av Miljøprotokollen til Antarktistraktaten saman med antarktislanda forplikta seg til eit omfattende vern av miljøet i Antarktis og avhengige og tilknytta økosystem, og utpeike Antarktis til eit verneområde som skal vere vigd fred og vitskap.

Svalbard har ein både nasjonalt og internasjonalt viktig og verdifull natur- og kulturarv, og bevaring av Svalbards særeigne villmarksnatur er eitt av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk. Størsteparten av Noregs totale verna område er på øygruppa, og Noreg forvaltar her nokre av Europas siste villmarker. Dei tilnærma urørte naturområda er viktige for bevaring av det sårbare biologiske mangfaldet som finst her, og har òg stor verdi som kjelde til kunnskap og naturoppleving. Svalbard er ein av dei stadene i verda der klimaendringane er venta å bli størst. Ein må rekne med store økologiske endringar, og betydelege utfordringar i arbeidet med bevaring av naturmangfaldet. På grunn av liten lokal påverknad er Svalbard ein svært veleigna stad for å studere verknadene av klimaendringar på arter og økosystem i Arktis. Svalbard er derfor viktig som referanseområde for klima- og miljøforsking.

Svalbard har òg unike kulturminne frå mange generasjonar og nasjonars verksemd. Dette representerer ein eineståande kulturarv også i internasjonal sammenheng. Kulturminna på Svalbard er hovudsakleg samla langs kysten der det var lettast å komme til og rikast tilgang på mat- og fangstressursar. På grunn av klimaet er 300 – 400 år gamle kulturminne til dels godt bevarte og har eit informasjonspotensiale som ofte er borte frå anna materiale frå same tid i Europa. Øygruppa har òg ei rekkje interessante og unike kulturminne frå nyare tid, knytt til fangst, vitskapeleg utforsking og industriell verksemd. Den største trusselen mot naturmangfald og kulturminne på Svalbard er klimaendringane.

I Antarktis finst nokre av dei siste store urørte naturområda i verda. Det er blitt stadig viktigare å ta vare på dette sårbare miljøet og sikre ei forsvarleg forvaltning av naturressursane i Antarktis. Det internasjonale samarbeidet under Antarktistraktaten, Miljøprotokollen og CCAMLR (Convention on the Conservation of Antarctic Marine Living Resources) der Noreg deltek aktivt er viktig i så måte, og har gitt konkrete resultat i desse områda. Samtidig er presset på Antarktis i dag større enn nokon sinne. Vi står overfor ei rekkje miljøutfordringar knytte til auka aktivitet i området, men det er forhold som er eit resultat av aktivitetar utanfor kontinentet som har mest betydning for miljøutviklinga i Antarktis. Det gjeld først og fremst dei storskala globale klimaendringane. Kontinentet er òg eit viktig referanseområde for klima- og miljøforsking.

Behovet for eit godt kunnskapsgrunnlag for forvaltninga av kontinentet og erkjenninga av at Antarktis har stor betydning for det globale miljø og vår felles framtid er viktige årsaker til at Noreg held ved lag ein betydeleg forskingsinnsats her.

Nasjonale mål

  • Nasjonalt mål 6.1: Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet og motorisert ferdsel, og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking skal sikrast.

  • Nasjonalt mål 6.2: Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvaltning.

  • Nasjonalt mål 6.3: Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Tilstand

Svalbard

Svalbard med tilgrensande hav- og drivisområde står i dag fram som lite påverka av lokal aktivitet, og miljøtilstanden på Svalbard er i hovudsak god. Med unntak av nokre få busetjingar og nærområda deira er Svalbard framleis eit stort, samanhengande villmarksområde. Dyrelivet er i utgangspunktet freda, og det skjer avgrensa jakt og fangst berre på enkelte arter. 65 pst. av Svalbards landområde og 87 pst. av territorialfarvatnet er i dag freda som naturreservat og nasjonalparkar. Også dei delane av Svalbard som ikkje er verna er godt skjerma gjennom svalbardmiljølova. Den gode miljøtilstanden i dag er resultatet av eit målretta vern av arter og område sidan Noreg fikk overhøgd over øygruppa i 1925. Før dette vart dyre- og fuglelivet på Svalbard i fleire hundre år utsett for omsynslaus jakt og fangst, noko som reduserte fleire bestandar kraftig. Etter mange års freding, har fleire arter hatt ein kraftig vekst, men nokre av pattedyr- og fugleartene har ikkje klart å komme tilbake til tidlegare nivå. Raudlista for Svalbard er frå 2010 og inneheld 46 arter av planter, pattedyr og fuglar. Av desse er ti arter kritisk truga, 14 arter er sterkt truga og 22 arter er sårbare. I tillegg er 24 andre arter kategoriserte som nær truga.

Samtidig vert miljøet på Svalbard påverka på ein meir gjennomgripande måte gjennom klimaendringar. Ein kan allereie sjå effektar av varmare klima og mindre is på utbreiinga av arter som har sjøisen som leveområde, slike som isbjørn og sel. Ein kan òg sjå at reiselivet allereie er påverka av effektane av klimaendringane. Vintrar med lite fjordis gjer at etablerte ruter for ferdsel ikkje lenger kan nyttast. Lite fjordis gjer òg at isbjørn og sel får innskrenka sine leveområde samtidig som motorisert ferdsel i nokre tilfelle blir konsentrert til dei same islagte områda. Dette inneber ein fare for at dei utfordringane desse artene allereie har blir forsterka.

Sjølv om det er lite folketal og låg næringsaktivitet i høve til Svalbards areal, påverkar lokal verksemd miljøet både gjennom inngrep, forstyrringar og slitasje knytte til ferdsel, og i utslepp til vatn, luft og grunn. Den lokale påverkinga frå dagens verksemd er moderat og særleg knytt til områda kring busetjingane og gruveområda. Avfall som driv i land på strendene på Svalbard er eit betydeleg miljøproblem. Det gjeld særleg plastavfall som har svært lang nedbrytingstid. Årleg blir det samla opp 150 kubikkmeter avfall frå strender på øygruppa. Ei nyleg undersøking viste at 90 pst. av havhestane som vart obduserte hadde plastbitar i magen.

Ei rekkje miljøgifter som blir transporterte langvegs frå med luft-, is- og havstraumar til Arktis er framleis ei miljøutfordring. Kvikksølv, PCB, bromerte flammehemmarar og perfluorerte organiske sambindingar er blant dei miljøgiftane som er rekna som mest problematiske. Desse finst i til dels høge konsentrasjonar i artene på toppen av dei marine næringskjedene i Arktis, som isbjørn og sjøfugl. Mens nivåa av miljøgifter som PCB og bly fell, aukar nivåa av enkelte andre miljøgifter. Målingar av miljøgiftenivåa på Svalbard viser at desse stoffa blir transporterte over lange strekningar og ser ut til å hope seg opp i næringskjeda. Dette gir styrkt fagleg dokumentasjon for å stanse bruk og spreiing av stoffa.

Kulturminne på Svalbard frå før 1946 er automatisk freda, og talet er stort. Det er meir enn 1800 kjente lokalitetar, og det spenner frå ei enkelt tuft til heile gruvebyar som Grumant. Det er innlagt 1870 Svalbardlokalitetar i Askeladden (den offisielle databasen over freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg) med til saman 2684 enkeltminne, og det er registrert 376 bygningar.

Det går føre seg kontinuerleg sikring, vedlikehald og istandsetjing av bygningar og anlegg, men nokre kulturminne må òg overlatast til påverknaden frå naturkreftene, og vil bli brotne ned over tid. Dette er ei naturleg utvikling som det for eit stort tal kulturminne verken er praktisk mogleg eller ønskeleg å setje inn tiltak mot.

Jan Mayen

I 2010 vart heile Jan Mayen og territorialfarvatnet freda som naturreservat, med unntak ov områda rundt stasjonen og flyplassen.

Denne vulkanske øya har ein geologi og natur som er unik i norsk samanheng. Som einaste øy i denne delen av norskehavet er Jan Mayen òg eit viktig hekkeområde for sjøfugl, med store bestandar av blant anna havhest og polarlomvi. 27 fuglearter hekkar fast på øya. Øya har ein spesiell og ofte sårbar vegetasjon dominert av mosar, med fleire endemiske arter som berre finst på Jan Mayen. Mens Jan Mayen tidlegare normalt var omgitt av drivis i månadene februar-mai, har det dei siste tiåra ikkje vore is sjølv om vinteren. Dette heng saman med klimaendringane og skrumpande sjøis. Klappmyss og grønlandssel har framleis viktige yngleplassar i drivisen nordvest for Jan Mayen. Dei to kommersielt mest verdifulle marine ressursane rundt øya er reke og haneskjell.

På Jan Mayen har alle dei freda bygningane som er prioriterte for bevaring blitt heilt eller delvis restaurerte gjennom 2000-talet.

Ei lokal avfallsfylling inneheldt betydelege mengder PCB. På 2000-talet vart det gjennomført tiltak for å hindre forureining frå deponiet. Det er i dag inga avfallsdeponering på Jan Mayen. Avfallet blir sortert, pakka og transportert til fastlandet.

Antarktis

Med unntak av ein tidlegare fangstperiode har menneskeleg aktivitet i Antarktis vore relativt avgrensa, og ein kan sjå på kontinentet og havområda utanfor som urørte.

Vegetasjonen på det antarktiske kontinentet består i hovudsak av algar, lav og mose. Sjøfuglane i Antarktis er nært knytte til det marine miljøet og hentar all si næring her. Dei er heile livet på havet, og er berre på land i hekketida. Det er ei rekkje selarter i Antarktis, og desse er i stor grad avhengige av is. Klimaendringar som fører til mindre is synest allereie å påverke fleire pingvinarter. Chinstrap-pingvinane har vanskar med å finne nok mat, og i nordvest på den antarktiske halvøya er bestanden av adeliepingvinar redusert med 65 prosent dei siste 25 åra. Keisarpingvinane er ei anna art som er påverka, og det kan ventast ein stor nedgang i bestanden ved minkande isbremmar rundt kontinentet. Keiserpingvinane tilpassar seg sakte endringar i miljøet, og klimaet endrar seg raskt.

Luft- og havstraumar fører med seg miljøgifter sørover til Antarktis. For eksempel har ein sidan 1960-åra funne restar av DDT i marine organismar i Antarktis. Det er òg funne PCB i sørjo og sel. Fleire undersøkingar viser likevel at nivået på miljøgiftene er lågt, og lågare enn nivået målt i planter og dyr på den nordlege halvkula.

I dei norske områda i Antarktis er det ingen norske kulturminne på ATCMs (Antarctic Treaty Consultative Meeting) HSM-liste (Historic Sites and Monuments List). I andre område av Antarktis finst ni norske objekt på lista. Kulturminnemiljøet i Whalers Bay som inngår her er årleg eit av dei to mest besøkte stadene i Antarktis. Det er ikkje lenger mogleg aktivt å bevare heile eller delar av anlegget. I staden blir det satsa på informasjon til dei besøkande.

Påverknader

Svalbard

Den største trusselen mot naturmangfaldet på Svalbard er klimaendringar og havforsuring. Temperaturane i Arktis har dei siste tiåra stige dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Dette kan òg merkast på Svalbard. Stigande temperatur, raskt minkande sjøis og meir nedbør vil føre med seg store endringar i økosystem og i livsvilkåra for arktiske arter. Dette gjeld særleg arter som har sjøisen som leveområde. På lengre sikt er det fare for at desse artene vil forsvinne frå svalbardområdet. Endringar i permafrosttemperatur og tjukkleik på det aktive øvste jordlaget kan endre hydrologien og vilkåra for plante- og dyrelivet. Arktiske farvatn er òg utsette for konsekvensar av havforsuring, fordi kaldt vatn tek opp mest CO2.

Klimaendringane kan òg føre til at påverknad frå fiskeria aukar etter kvart som kommersielle fiskeslag kan bevege seg nordover og inn i Svalbards kystfarvatn. Det føregår eit betydeleg rekefiske ved Svalbard, men i verneområda er bruk av reketrål berre tillate på djup større enn 100 meter.

Langtransporterte miljøgifter er framleis ei betydeleg utfordring for artene på toppen av næringskjedene. Kvikksølv, PCB, bromerte flammehemmarar og perfluorerte organiske sambindingar er blant dei miljøgiftene som er rekna som mest problematiske.

Svalbard blir òg stadig lettare tilgjengeleg på grunn av mindre havis. Utviklinga går i retning av ei stadig veksande cruiseverksemd både i og utanfor verneområda. Til dømes auka talet på turistar som besøkte Svalbard med fly frå 40 100 til 47 600 mellom 2012 og 2013, mens det er ein svak nedgang frå 2012 til 2013 i talet på passasjerar som besøker Svalbard med oversjøiske cruiseskip. Skipa hadde òg færre seglingar til Svalbard i 2013 i høve til 2012. Talet på personar om bord på dagsturbåtar i Isfjorden har auka i same perioden. Det same har talet personar på ekspedisjonscruiseskip på Svalbard. Talet på stader for å stige i land har auka frå 209 i 2012 til 229 i 2013, og talet på personar i land har i same perioden auka frå omlag 120000 til 136 500.

Kulturminna som ligg utanfor busetjingane på Svalbard er først og fremst truga av klimaendringar og naturleg nedbryting. Over tid bryt naturlege prosessar som vindslitasje, elve- og stranderosjon, råte, erosjon og isbjørnbesøk ned kulturminne, og kan til og med fjerne dei heilt på relativt kort tid. Kulturminneverdiane er òg påverka av auka utbygging i busetjingane og ferdsel i terrenget. Den aukande ferdselen, også til meir fjerntliggjande område, kan føre til auka slitasje. Det harde klimaet på Svalbard er i seg sjølv ein konstant trussel mot bygningar og utstyr som ikkje er i bruk. Endringar i klimaet kan forsterke denne trusselen.

Jan Mayen

Det er ein risiko for lekkasje av olje frå tankanlegget på land, men denne er først og fremst knytt til røyr og ventilar. Den største trusselen for miljøet er vurdert å knyte seg til søl direkte i sjøen. Dermed vil sjøfugl vere mest utsett. Andre truslar mot Jan Mayens naturmiljø er langtransportert forureining, klimaendringar og overfiske. Det er i dag inga organisert turistverksemd på Jan Mayen, og det er ikkje tilrettelagt fasilitetar for mottak av turistar.

Antarktis

Den største påverknaden av naturmiljøet i Antarktis i dag skjer gjennom dei menneskeskapte globale klimaendringane. Pågåande og venta klimaendringar i dei kommande tiåra påverkar, og vil halde fram med å påverke, storskala prosessar med effektar på klimasystemet både i og utanfor Antarktis. Isen i Antarktis har stor betydning ikkje berre regionalt, men òg i global klimasamanheng. Innlandsisen representerer meir enn 90 prosent av all is på jorda si overflate. Saman med isen på Grønland har dette avgjerande betydning for havnivået i framtida. Konsekvensane av klimaendringane i Antarktis er fleirfaldige. På sikt er det venta at havisen vil trekkje seg tilbake, og at smeltande isbrear vil medverke sterkt til havnivåstigning. Og ikkje minst vil livsvilkåra for planter og dyr endre seg.

Kvar og ein av påverknadsfaktorane i Antarktis utgjer ikkje ein stor trussel mot det antarktiske miljøet, med unntak av klimaendringane. Men det er uvisse rundt spørsmålet om dei samla verknadene av ei rekkje negative påverknadstrendar som går parallelt og integrert med kvarandre.

Den er ein stadig aukande aktivitet i Antarktis i form av turisme, skipsfart og fiskeri. Fleire menneske besøker Antarktis no enn for berre nokre få år sidan, og særleg har turismen auka jamt i omfang. Dei fleste ilandstigingane skjer i dei områda som har spesielle natur- eller kulturminneverdiar rundt Antarktishalvøya. Berre eit lite tal turistar besøker andre delar av Antarktis, men her òg har tilgjenget med åra blitt større og med det også presset på tidlegare heilt urørte område.

Den vitskapelege verksemda med forskingsekspedisjonar og faste stasjonar har òg auka kraftig. Mange av stasjonane ligg rundt dei biologisk mest attraktive områda på og ved Antarktishalvøya. Samtidig blir det bygd fleire nye stasjonar i dei meir aude områda på kontinentet.

Det er i dag det aukande fiskeriet i Sørishavet som utgjer den mest openberre påverknadssfaktoren på det marine økosystemet i Antarktis. Bifangst har vore ei tilleggsutfordring ved fiskeriaktiviteten. Det er særleg sjøfugl som blir offer for bifangst. Dette er no betydeleg redusert gjennom tiltak som er sette i verk innanfor ramma av CCAMLR. Fleire albatross- og petrellarter er raudlista som truga arter. Tiltak som er sette i verk innanfor ACAP (Agreement on the Conservation of Albatrosses and Petrells), som også Noreg er part til, og tiltak sette i verk innanfor ramma av CCAMLR er venta i fellesskap å medverke til å sikre framtida for desse truga artene.

Introduksjon og spreiing av framande arter er eit aukande globalt problem, då stadig nye arter finn vegen ut av sitt naturlege leveområde og inn i nye. Meir transport og fleire menneske som besøker Antarktis aukar òg faren for innføring av framande organismar. Framande arter kan gjere betydeleg skade der dei etablerer seg, og kan vere årsak til viktige økosystemendringar. Introduserte arter kan òg bere med seg sjukdom som kan slå ut eit naturleg system som ikkje har bygt opp immunforsvar mot desse sykdommane. Både turistnæringa og forskingsaktørane har sett denne utfordringa og arbeider aktivt for å setje i verk tiltak for å avgrense risikoen for ubevisst innførsel av framande organismar.

Ballastvatn er kjent som ei betydeleg årsak til introduksjon av framande arter. Antarktistraktatsystemet har på bakgrunn av dette vedteke retningslinjer for utveksling av ballastvatn i Antarktisområdet som eit føre var-tiltak for å redusere risiko. Framande organismar kan òg overførast ved å vere festa på skipsskroga og i diverse holrom i skroget. I Antarktis kan sjøis medverke til at slike organismar blir skurte av skroget og sleppte ut i miljøet.

Verksemd i Antarktis krev eit tungt logistisk apparat til transport og drift av stasjonar for forskingsformål og som i stor grad nyttar fossile drivstoff som slepp ut forureinande stoff og drivhusgassar til atmosfæren og omkringliggjande område. I den store globale samanhengen er utsleppsnivåa relativt ubetydelege, men for enkelte område, spesielt der det er høgt aktivitetsnivå, kan belastninga bli relativt stor. Landa arbeider no aktivt for å finne mest mogleg innovative og effektive måtar for å redusere forbruket av fossilt brensel og dermed redusere utsleppa. Det er allereie innført eit forbod mot at skip som går i Antarktis, brukar tungolje som drivstoff.

Det harde klimaet i Antarktis er i seg sjølv ein konstant trussel mot bygningar og utstyr som ikkje er i bruk. Endringar i klimaet kan forsterke denne trusselen. I tillegg til naturlege nedbrytingsprosessar er auka ferdsel, spesielt knytt til turistnæringa, ein ny trussel mot kulturminna.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for polarområda

Svalbard

Det er ei viktig utfordring å regulere cruisetrafikken og forskingsaktiviteten både i og utanfor verneområda, blant anna for å sikre verneområda sin verdi som referanseområde for klima- og miljøforsking. Miljøstyresmaktene har utarbeidd forvaltningsplan for dei store naturreservata på Aust-Svalbard og fastsett ny forskrift om større naturvernområde og fuglereservat på Svalbard. Den nye forskrifta gir saman med forvaltningsplanen tydelege rammer for bruken for lokalbefolkninga, reiselivet, forskinga og forvaltninga. Samtidig blir naturmiljøet teke vare på i ei tid der klimaendringar gjer naturen, dyrelivet og kulturminna ekstra sårbare for påverknad og forstyrring. Arbeidet med slike forvaltningsplanar for nasjonalparkane er starta opp.

Isbjørn er særleg sårbar for effektane av klimaendringar, og under leiing av Norsk Polarinstitutt har ei gruppe ekspertar frå alle dei fem isbjørnnasjonane laga ein felles plan for overvaking av isbjørn, Det er òg utarbeidd ein nasjonal handlingsplan for isbjørn. Arbeidet med å implementere planen har starta. Norsk Polarinstitutt skal i samarbeid med russiske kollegaer gjennomføre ei ny teljing av Svalbard/Barentshavbestanden av isbjørn i 2015. Isbjørn er ein av dei mest klimasårbare artene i Arktis. Den nye teljinga kan indikere om det har skjedd drastiske endringar sidan siste teljing i 2004, etter ein periode med mange år med dårlege isforhold og tap av sjøishabitat. Ei slik teljing vil òg gi eit sentralt referansepunkt for å følgje med i bestandsutviklinga i kommande år med store klimaendringar. Resultata vil òg vere av stor internasjonal interesse fordi dei vil gi viktig informasjon om kva som vil skje med bestandane i andre delar av Arktis etter kvart som havisen trekkjer seg tilbake).

Det vil vidare i 2015 bli gjennomført ei vurdering av dagens artsforvaltning med hovudfokus på haustbare arter og raudlistearter.

Miljøforvaltninga vil i 2015 sjå nærare på ferdsel og konsekvensar av dette for dyrelivet, særleg i fjordane på Vest-Spitsbergen. Det er òg ei utfordring å førebyggje introduksjon og spreiing av framande arter, og rydde opp i lokale forureiningar til luft, jord og vatn.

Ein handlingsplan mot framande arter på Svalbard vil bli ferdigstilt, og arbeidet med å implementere planen vil starte opp.

I Kulturminneplan for Svalbard 2013 – 2023 er det utarbeidd ei samla liste over dei ca. 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa, der 50 har særleg høg prioritet. Oppfølginga av dei prioriterte objekta varierer frå berre tilsyn, forslag til freding, sikring i arealplan og til omfattande restaurering og vedlikehald. For enkelte kulturminne med særleg stor kulturhistorisk og/eller opplevelsesmessig verdi, vil det vere aktuelt å setje i verk førebyggjande tiltak, for eksempel for å motverke råteskade eller erosjon. Dei industrielle kulturminna er ei særleg utfordring. Desse er viktige symbolstrukturar for Longyearbyen og Svalbard.

Det blir arbeidd med å betre parametra for miljøovervaking av kulturminna. Arbeidet skjer som ein del av MOSJ (Miljøovervaking på Svalbard og Jan Mayen). Tilstandsrapportering på dei enkelte kulturminna skjer gjennom oppdateringar i Askeladden.

Gjennom lovgiving og samarbeid som ledd i internasjonale avtaler og konvensjonar forvaltar Noreg Svalbards natur- og kulturminneverdiar for ettertida på ein berekraftig måte. Svalbard er oppført på Noregs tentative liste til Unescos verdsarvkonvensjon. Arbeidet som er starta opp med å utgreie Svalbard som eit mogeleg verdsarvområde vil halde fram.

Antarktis

Norsk antarktispolitikk har som eit av fleire mål å sikre at dei unike natur- og miljøverdiane blir tekne vare på for framtidige generasjonar og som viktig referanseområde for forsking på globale miljøsystem. Innanfor denne ramma skal det vere rom for miljøforsvarleg forsking, turisme og næringsdrift.

Noreg skal arbeide aktivt gjennom Antarktistraktaten (ATCM) for å sikre at dei unike natur- og miljøverdiane i Antarktis blir tekne vare på for framtidige generasjonar og for forsking på globale miljøsystem. Noreg skal framleis vere ein aktiv pådrivar for å sikre at klimaendringar er eit viktig punkt på dagsordenen i ATCM, og for oppfølging av tilrådingane frå det særskilte ekspertmøtet om klimaendringar i Antarktis som vart halde i Svolvær i 2010.

Det er store utfordringar knytte til sikring og istandsetjing av kulturminna. Bevaringstiltak blir gjennomførte i samsvar med fagleg grunngitt og avgrensa prioriteringsliste. Det er løyvd midlar til bevaringsarbeid på bl.a. Borchgrevinks hytter på Kapp Adare. Gjennom ei avtale mellom Noreg og Storbritannia om samarbeid om norsk-britiske kulturminne i Antarktis og sub-Antarktis (Syd-Georgia) blir det løyvd midlar til bevaringstiltak i perioden 2012 til 2014.

Norsk Polarinstitutt har ei nøkkelrolle i norsk antarktisadministrasjon både som nasjonal operatør for tilrettelegging for forsking og som myndigheit etter forskrift om miljøvern og tryggleik i Antarktis. Som ein aktiv part i Antarktistraktaten pliktar Noreg å drive solid og aktiv forsking i Antarktis. Norsk Polarinstitutt legg til rette for slik forsking ved å tilby logistikkstøtte (transport, fasilitetar, m.v.) til forskingsprosjekt som har utspring i Noreg. Norsk Polarinstitutt er òg hovudleverandør av vitskapeleg kunnskap om Antarktis.

Norsk Polarinstitutt er òg nasjonal myndigheit etter forskrift om miljøvern og tryggleik i Antarktis. Dei viktigaste oppgåvene som følgjer denne myndigheita er bl.a. vurdering og behandling av meldingar om – og miljøkonsekvensvurderingar for planlagt norsk aktivitet i Antarktis, og å gjennomføre tilsyn på aktivitetar for å sikre at dei blir utførte i tråd med regelverket. Klima- og miljødepartementet er ansvarleg styresmakt når det gjeld vurdering og godkjenning av Norsk Polarinstitutts verksemd i Antarktis. Riksantikvaren er fagleg rådgivar for Norsk Polarinstitutt i kulturminnesaker.

Til forsida av dokumentet