Prop. 103 L (2013–2014)

Endringar i utlendingsloven (politiattest ved tilsetjing i mottak)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovforslaget

2.1 Historikk

I 2009 sende dåverande Justis- og politidepartementet brev til dei andre departementa med oppmoding om å vurdere behovet for endringar i spesiallovgivinga som følgje av ny politiregisterlov, som da var under førebuing. Det vart særleg pekt på behovet for endringar på grunn av forslaget om såkalla barneomsorgsattester – ei politiattest for personar som har omsorg for eller oppgåver knytt til mindreårige. Bakgrunnen for dette forslaget var mellom anna eit ynskje om einskapleg vandelskontroll for denne gruppa.

Føresegna om barneomsorgsattest i politiregisterlova gjev ikkje i seg sjølv heimel for å krevje slik politiattest, det regulerast i særlovene. Det var difor nødvendig å gjennomføre føresegna i dei særlovene som gir heimel for å krevje politiattest til den personkrinsen det her er tale om, som til dømes utlendingslova § 97.

2.2 Høyringa

Justis- og beredskapsdepartementet sende forslag om endring i utlendingslova på høyring 17. desember 2013, til fylgjande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)

  • Barneombodet

  • Datatilsynet

  • Domstoladministrasjonen

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Nasjonalt identitets- og dokumentasjonssenter (NID)

  • Norad

  • Politidirektoratet (POD)

  • Politiets tryggingsteneste (PST)

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Språkrådet

  • Stortingets ombodsmann for forvaltninga

  • Utlendingsdirektoratet (UDI)

  • Utlendingsnemnda (UNE)

  • Fylkesmennene

  • Advokatforeningen

  • Akademikerne

  • Amnesty International Noreg

  • Antirasistisk Senter

  • Arbeidarpartiet

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Bispedøma (11 stykk)

  • Demokratane

  • Den norske dommerforening

  • Den norske kyrkja – Kyrkjerådet

  • Det liberale folkepartiet

  • Fagforbundet

  • Fagleg forum for kommunalt flyktningarbeid

  • Flyktninghjelpen

  • Framstegspartiet

  • Helsingforskomitéen

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Human Rights Service (HRS)

  • Høgre

  • Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)

  • Islamsk Råd

  • Juridisk Rådgiving for Kvinner (JURK)

  • Juss-Buss

  • Jussformidlinga

  • Kontoret for fri rettshjelp

  • Kristeleg Folkeparti

  • Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA)

  • Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS)

  • Kystpartiet

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)

  • Miljøpartiet Dei Grøne

  • MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

  • Norges Juristforbund

  • Noregs Kommunistiske Parti

  • Noregs politilederlag

  • Norsk Folkehjelp

  • Norsk Innvandrerforum

  • Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS)

  • Norsk senter for menneskerettar (SMR)

  • Norsk Tjenestemannslag (NTL)

  • Næringslivets hovudorganisasjon (NHO)

  • Organisasjonen mot offentleg diskriminering (OMOD)

  • Pensjonistpartiet

  • Peoplepeace

  • Politiets Fellesforbund

  • Politijuristane

  • PRESS – Redd Barna Ungdom

  • Redd Barna

  • Rettspolitisk foreining

  • Raude Kors

  • Raudt

  • Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

  • Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)

  • Seniorsaken

  • Senterpartiet

  • SOS Rasisme

  • Sosialistisk Venstreparti

  • UNHCR Stockholm

  • Unio – Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede

  • Venstre

  • Vergeforeningen

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

Då høyringsfristen gjekk ut 14. februar 2014, hadde fylgjande instansar uttalt seg om realiteten i forslaget:

  • Advokatforeningen

  • Amnesty International Noreg

  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)

  • Barneombodet

  • Driftsoperatørforum

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Norsk senter for menneskerettar (SMR)

  • Næringslivets hovudorganisasjon (NHO)

  • Politidirektoratet (POD)

  • Politiets Fellesforbund

  • Politiets tryggingsteneste (PST)

  • Riksadvokaten

  • Redd Barna

  • Utlendingsdirektoratet (UDI)

  • Vergeforeningen Følgesvennen

Fylgjande høyringsinstansar svarte utan merknader:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)

  • Datatilsynet

  • Den norske kyrkja - Kyrkjerådet

  • Domstoladministrasjonen

  • Fagforbundet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse og omsorgsdepartementet

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

  • Jussformidlinga

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Mellomkyrkjeleg råd

  • Miljøverndepartementet

  • Regjeringsadvokaten

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet