Prop. 103 L (2013–2014)

Endringar i utlendingsloven (politiattest ved tilsetjing i mottak)

Til innhaldsliste

9 Merknader til føresegna

Paragraf 97 nytt første ledd erstattar gjeldande første og andre ledd og slår fast at den som skal tilsetjast i mottak, eller som skal utføre oppgåver for utlendingsmyndigheitene og ha direkte kontakt med mindreårige i mottak, skal leggje fram politiattest som nemnt i politiregisterlova § 39 første ledd (barneomsorgsattest). Det skal altså nyttast slik standardisert attest som politiregisterlova legg opp til. «Den som skal ansettes» gjeld alle tilsette i faste stillingar, vikariat og engasjement, og uavhengig av om den tilsette skal ha kontakt med mindreårige. Kravet til å leggje fram barneomsorgsattest gjeld berre personar ein har til hensikt å tilsetje eller tildele oppgåver.

Omgrepet «statlig asylmottak» har vorte bytta ut med «mottak» og omfattar mottak drifta av både kommunale og private aktørar. Under privat aktør kjem ideelle organisasjonar. Endringa er berre meint som ei klargjering, ikkje ei praksisendring.

Endringa i andre punktum frå «utfører» til «skal utføre» er ein presisjon, slik at første og andre punktum nyttar same tid. Det er ikkje meint å innebere noka realitetsendring. Samstundes klargjer denne endringa at føresegna ikkje skal ha tilbakeverkande kraft.

I nytt første ledd er det, i motsetnad til gjeldande § 97 andre ledd, ikkje lista opp kva for straffebod attesten skal omfatte. Kva for straffebod som er omfatta fylgjer av politiregisterlova § 39 første ledd. Departementet nemner at dette inneber at attestar etter den nye regelen vil omfatte fleire straffebod enn kva utlendingslova § 97 gjev i dag, mellom anna diverse valds- og narkotikabrotsverk. Attesten vil ikkje lenger vere avgrensa til brotsverk der den fornærma er mindreårig.

Omgrepet «barn og unge» er erstatta med «mindreårige» i tråd med omgrepsbruken i politiregisterlova, utan å vere ei realitetsendring.

Vidare inneber den nye regelen i første ledd at det skal innhentast attest også for personar som ikkje skal bli tilsette, men som skal utføre oppgåver som nemnt ovanfor. Dette skil seg frå gjeldande regel i § 97 første ledd, som slår fast at det kan bli kravd attest frå denne persongruppa.

Paragraf 97 nytt andre ledd erstattar gjeldande tredje ledd og regulerer kva som skal vere konsekvensen dersom det vert lagt fram ein attest med merknader. Av første punktum går det fram at den som har vedtatt førelegg eller er dømd for seksuelle overgrep mot mindreårige, ikkje kan bli tilsett i mottak eller gjere slikt arbeid som nemnt i første ledd. Omgrepet «ilagt forelegg» er endra til «vedtatt forelegg» i tråd med ordlyden i politiregisterlova § 39 første ledd første punktum. Yrkesforbodet gjeld altså både for dei som skal bli tilsette ved mottaka, og personar som ikkje er tilsette i mottaket, men som skal utføre andre oppgåver for utlendingsmyndigheitene og ha direkte kontakt med mindreårige. For nærmare informasjon om kva slags aktivitetar som krev attest, sjå punkt 7.4. Omgrepet «seksuelle overgrep mot mindreårige» omfattar alle formar for seksuelle overgrep der den fornærma var under 18 år. Det vil såleis omfatte forhold knytt til straffelova §§ 192, 193, 194, 195, 196, 197, 199, 200 andre ledd, 201 a, 201 bokstav c, 203 og 204 a.

Andre ledd andre punktum regulerer konsekvensen av merknader i politiattesten som ikkje gjeld seksuelle overgrep mot barn, eller der det er merknader om at vedkomande er sikta eller tiltalt for seksuelle overgrep mot mindreårige. I slike tilfelle skal mottaket vurdere konkret om vedkomande kan bli tilsett eller få utføre oppgåver for mottaket, til trass for merknaden. I vurderinga kan mottaket til dømes leggje vekt på kva for straffebod det er tale om, om det ligg føre ulike og gjentekne lovbrot, om det har gått lang tid sidan lovbrotet, vedkomande sin alder og andre omstende rundt lovbrotet, og om vedkomande elles er særskilt kvalifisert.

Dagens fjerde ledd blir nytt tredje ledd.