St.meld. nr. 8 (2007-2008)

Kulturell skulesekk for framtida

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

7.1 Dagens fordelingsmodell

Den kulturelle skulesekken er ei frivillig, ikkje lovpålagd ordning finansiert av overskotet til Norsk Tipping. Spelemidlane til Den kulturelle skulesekken utgjer i 2007 i alt 167 mill. kroner. Som Stortinget vedtok i samband med handsaminga av St. meld. nr. 38 (2002-2003) Den kulturelle skulesekken , jf. Innst. S. nr. 50 (2003-2004), er 80 prosent av midlane øyremerkte lokale og regionale tiltak, medan 20 prosent av midlane går til sentrale tiltak.

I 2007 er dei lokale og regionale midlane på i alt 134 mill. kroner fordelte slik:

  • 122 mill. kroner er fordelte til gjennomføringa av Den kulturelle skulesekken i grunnskulen over heile landet og vert forvalta av fylkeskommunane. Midlane vert fordelte etter ein fordelingsnøkkel som tek omsyn til elevtal, geografiske avstandar og kulturell infrastruktur i fylket, sjå nærare fordeling i tabell 5.1. Fylkeskommunane skal nytte 1/3 av midlane til kunst- og kulturtilbod, produksjonar og formidling av desse i fylket. 1/3 av midlane skal fordelast til kommunane. Midlane til kommunane vert fordelte etter fordelingsnøkkelen for kvalitetsutviklingsmidlar i grunnopplæringa. Kommunane må skrive ein kortfatta plan for korleis dei ynskjer å arbeide med Den kulturelle skulesekken i kommunen. Denne planen utløyser spelemidlane. Den siste 1/3 av midlane kan fylkeskommunen nytte til Den kulturelle skulesekken slik det høver best i det einskilde fylket. Sjå også omtale i punkt 4.3.

  • 6 mill. kroner er i 2007 fordelte til dei seks vitensentera Bergen vitensenter, Nordnorsk vitensenter i Tromsø, Innlandets vitensenter på Gjøvik, Jærmuseet, Midtnordisk vitensenter i Trondheim og Norsk Teknisk Museum i Oslo. Midlane skal nyttast til utviklingstiltak og tilbod i Den kulturelle skulesekken. Sjå også omtale i punkt 4.3.6.

  • 6 mill. kroner er i 2007 fordelte til ei prøveordning for utviding til vidaregåande opplæring i fylka Vest-Agder, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hedmark, Oppland og Troms. Det er også sett av kr 500 000 til ei evaluering av prøveordninga. Sjå nærare omtale i punkt 6.1.

I 2007 er dei sentrale midlane til Den kulturelle skulesekken fordelte til tiltak for å styrkje kunst- og kulturområde med særlege utfordringar. I 2007 utgjer dei sentrale midlane 33 mill. kroner, som er fordelte til satsingsområda musikk, film, scenekunst og visuell kunst. Ingen sentrale prosjektmidlar blir i dag brukte til områda litteratur og kulturarv. Midlane er fordelte slik:

  • 19 mill. kroner er fordelte til Rikskonsertane til formidling og produksjon av skulekonsertar.

  • I alt 6 mill. kroner er fordelte til produksjon og formidling av scenekunst. Av desse forvaltar Norsk kulturråd 3 mill. kroner til ei støtteordning for nyproduksjonar og Norsk scenekunstbruk disponerer 3 mill. kroner til formidling av produksjonar frå frie sceniske grupper.

  • 5 mill. kroner er fordelte til produksjon og formidling av visuell kunst. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design forvaltar 2 mill. kroner, medan Nordnorsk kunstnersenter, Norsk Form, Trondheim kunstmuseum, Lillehammer kunstmuseum, Sørlandets kunstmuseum og Rogaland kunstmuseum disponerer 0,5 mill. kroner kvar.

  • 3 mill. kroner vert forvalta av Norsk filminstitutt til ei støtteordning for produksjon og formidling av film i Den kulturelle skulesekken.

7.2 Ny fordelingsmodell for å finansiere utvidinga til vidaregåande opplæring

Kostnadene ved å innføre ein kulturell skulesekk i den vidaregåande skulen er avhengige av kva ambisjonsnivå ein legg seg på – både kor mange kunst- og kulturuttrykk det er ynskjeleg at elevane skal møte, og kor ressurskrevjande desse møta skal vere. Ein faktor er òg korleis ein planlegg og organiserer tilboda.

Fylkeskommunane er skuleeigar for vidaregåande opplæring. Dei vidaregåande skulane er også færre og større enn skulane i grunnopplæringa. Dette skulle tilseie at det vil vere enklare å implementere Den kulturelle skulesekken i vidaregåande opplæring og at ressursbehovet per elev vil vere mindre. Det må også vere mogeleg å samordne tilbod i grunnskulen og i vidaregåande opplæring der dette er føremålstenleg. Departementet ser likevel at for å utvide Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring, vil det vere trong for å endre dagens fordelingsmodell av spelemidlane. Det vil også vere trong for å auke midlane til Den kulturelle skulesekken monaleg.

Regjeringa gjer framlegg om at spelemidlane som i 2007 vert nytta til sentrale tiltak, til vitensentera og til ei prøveordning i vidaregåande opplæring, over nokre år vert nytta til å finansiere utvidinga av Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring. Innfasinga skal skje slik: Ved fordeling av spelemidlar våren 2008 vil ein del institusjonar som mottek sentrale midlar, og vitensentera få halvert sine tilskot. Midlane skal dekkje haustsemesteret 2008. Resten av spelemidlane går til utvidinga i vidaregåande opplæring.

Ved fordeling av spelemidlar i 2009 og i 2010 vil ytterlegare midlar fasast over til utvidinga. Samstundes vert det avsett midlar på Kultur- og kyrkjedepartementets ordinære budsjett for å styrkje aktørar som mister spelemidlar, men som framleis skal medverke i arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Dette inneber ein auke på 19,5 mill. kroner i 2009 og ytterlegare 19,5 mill. kroner i 2010 over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett. Om denne planen kan følgjast, vil vere avhengig av budsjettsituasjonen dei neste åra.

Det må vurderast nærare korleis ein skal fordele nedtrappinga av spelemidlar og auken i løyvingane over statsbudsjettet, og om det er behov for å tilføre midlar utover den omlegginga som er skissert i tabell 7.1. Det vil tvillaust måtte leggjast til rette for at viktige institusjonar og tiltak på kulturområdet har tilstrekkjelege rammer for å vidareutvikle innhaldet i Den kulturelle skulesekken.

Kva for aktørar som er best eigna til å medverke til nyskaping og nyutvikling, må vurderast fortløpande i den ordinære budsjettprosessen frå år til år. Aktørar og miljø som har vist at dei kan og vil vere kreative vidareutviklarar i arbeidet med Den kulturelle skulesekken, bør prioriterast særskilt.

Tabell 7.1 Prognose for endring i fordeling av midlar til Den kulturelle skulesekken 2007-2010 (mill. kroner)

  2007 Spelemidlar 2008 Spelemidlar 2009 Spelemidlar 2009 Budsjett 2010 Spelemidlar 2010 Budsjett
DKS i grunnskulen 122 000 122 000 122 000 122 000
DKS i vidaregåande 6 000 25 500 25 500 45 000
Sentrale tiltak og vitensentera 39 000 19 500 19 500 19 500 39 000
Spelemidlar totalt 167 000 167 000 167 000
Midlar over statsbudsjettet t 19 500 39 000

7.3 Økonomiske og administrative konsekvensar for kommunesektoren og staten

Alle fylkeskommunane har valt å delta i Den kulturelle skulesekken og har teke på seg ansvaret for å forvalte spelemidlar til føremålet. Alle kommunane i landet samarbeider med fylkeskommunane om Den kulturelle skulesekken. Fire kommunar har valt å ikkje vere med i den fylkeskommunale ordninga. Desse fire kommunane får difor direkte tildeling av sin relative del av dei spelemidlane som fylket mottek. Fram til no har det vore eit krav at kommunen må ha over 30 000 innbyggjarar for å få spelemidlane direkte. Departementet gjer no framlegg om å endre på dette. Alle kommunar som ynskjer det kan få tildelt spelemidlar direkte, dersom dei er i stand til å sikre måla og prinsippa med Den kulturelle skulesekken. Vilkåret er at kommunen vert samde med fylkeskommunen om korleis ordninga skal gjennomførast. Sjå nærare omtale i punkt 2.3 og 5.4.

I samsvar med Stortinget sine føringar i handsaminga av St. meld. nr. 38 (2002-2003) Den kulturelle skulesekken , skal spelemidlane i størst mogeleg grad nyttast til meir kunst og kultur til den einskilde eleven. Spelemidlane skal ikkje nyttast til administrasjon eller kompetanseheving. Dette må fylkeskommunane og kommunane sjølve dekkje av eigne midlar. Dette inneber også at kommunar som vel å organisere alle tilboda i Den kulturelle skulesekken på eiga hand, også må syte for dei administrative kostnadene som dette fører med seg. Kompetanseheving skal dekkjast av ordinære midlar til kompetanseheving både i kultur- og i opplæringssektoren.

Sekretariatet for Den kulturelle skulesekken har i samarbeid med fylkeskommunane utarbeidd eit rapporteringssystem for Den kulturelle skulesekken. Rapporteringa gjev eit bra oversyn over fylkeskommunane sine utgifter og inntekter i samband med Den kulturelle skulesekken, medan ein førebels ikkje har tilstrekkjeleg kvalitetssikra tal for kommunane. Sekretariatet vil arbeide vidare med å betre rapporteringa i Den kulturelle skulesekken, og særleg vil det vere naudsynt å få eit betre grunnlag for å vurdere kommunane sin bruk av spelemidlar til ordninga. Rapporteringa skal haldast på eit slikt nivå at staten har oversyn over korleis spelemidlane er brukte, men utan at det fører til ei for stor rapporteringsbør for kommunesektoren. Sjå også omtale i punkt 6.5.

Det er rimeleg å vente at fylkeskommunane vil nytte ytterlegare midlar og eigeninnsats når Den kulturelle skulesekken vert utvida til vidaregåande opplæring. Det er forventa at dei fylkeskommunane som ynskjer å utvide ordninga til vidaregåande opplæring vil nyttiggjere seg røynsler dei har fått gjennom innføringa av Den kulturelle skulesekken i grunnskulen. Dette skulle tilseie at innføringa av Den kulturelle skulesekken i vidaregåande opplæring kan skje på ein smidig og god måte.

Tabell 7.2 Rekneskapssamandrag for fylkeskommunane 2006/2007

Inntekter  
Spelemidlar 122 157 038
Eigne midlar/eigeninnsats 45 517 930
Refusjonar frå RK og NSKB* 27 353 322
Eigendelar frå kommunane 17 039 498
Renteinntekter 1 878 730
Anna 915 993
Sum 214 862 511
Utgifter
Formidling/innhald/produksjon 106 833 239
Overføringar til kommunane 53 560 242
Nettverk/kompetanseutvikling – kulturtorg 1 982 517
Nettverk/kompetanseutvikling – anna 2 912 035
Administrasjon – lønskostnader 29 922 212
Administrasjon – anna 5 761 040
Annet 1 245 582
Sum 202 216 867

*Rikskonsertane (RK) og Norsk Scenekunstbruk (NSKB)

Kjelde: Sekretariatet for Den kulturelle skulesekken

Tab. 7.2 syner førebelse tal frå fylkeskommunane sine rekneskap når det gjeld kunst- og kulturformidling for skuleåret 2006 – 2007. I kategorien eigne midlar/eigeninnsats ligg lønskostnader og midlar til produksjon og formidling i fylkeskommunane eller i institusjonar som fylkeskommunen er ansvarleg for. Fylkeskommunane får refundert utgifter til produksjon av skulekonsertar etter avtale med Rikskonsertane. For å nytte førestillingar formidla gjennom Norsk scenekunstbruk får fylkeskommunane også refusjonar frå Scenekunstbruket, jf. nærare omtale i punkt 4.3.3.

Mange fylkeskommunar har ei abonnementsordning som kommunane kan velje å delta i gjennom å betale ein eigendel. Også Rikskonsertane nyttar eit prinsipp med eigendelar frå kommunane. For Rikskonsertabonnementet går eigendelane til Rikskonsertane, men for dei andre kunstuttrykka går eigendelen til fylkeskommunane.

Tala viser at fylkeskommunane overfører 53 mill kroner av spelemidlane til kommunane. Dette er meir enn den tredelen som fylkeskommunane skal fordele til kommunane, etter gjeldande fordelingsprinsipp i Den kulturelle skulesekken. Det vil seie at ein del fylkeskommunar har funne det tenleg å overføre meir spelemidlar til kommunenivået enn det dei formelt er pålagde. Fylkeskommunens administrasjonskostnader omfattar også administrasjon av andre kunstformidlingstiltak enn dei som er finansierte av spelemidlane.

I samsvar med Stortingets føringar etter handsaminga av St. meld. nr. 38 (2003-2004) Den kulturelle skulesekken , er ordninga prega av relativt låg statleg styring. Sekretariatet har berre hatt to tilsette i perioden, sjå nærare omtale av sekretariatet i punkt 5.1.1.

Prinsippet om låg statleg styring vil også gjelde i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken.

I meldinga vert det gjort framlegg om å flytte sekretariatet for Den kulturelle skulesekken frå ABM-utvikling til Kultur- og kyrkjedepartementet. Dette vert gjort for å knyte arbeidet med Den kulturelle skulesekken tettare til dei samla forvaltingsoppgåvene i departementet og lyfte fram arbeidet med born og unge. Faglege nettverk bør få ei viktigare rolle som pådrivarar i den vidare utviklinga av ordninga, medan sekretariatet bør arbeide på eit meir overordna nivå.

Det er ikkje lagt opp til at utvidinga av Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring vil ha ytterlegare administrative konsekvensar for staten. Dei økonomiske konsekvensane for staten er nærare skildra i punkt 7.2.

7.4 Innføring av ny tippenøkkel i 2009

I 2009 skal det innførast ein ny tippenøkkel der kultur vil få ein mindre del (36,5 prosent) av spelemidlane enn i dag (50 prosent). I St.meld. nr. 39 (2006–2007) Frivillighet for alle er det lagt til grunn at den totale avsetninga likevel vil verte stor nok til å sikre at overskotsmottakarane opprettheld sine tilskot. Innanfor kulturdelen vil fordelinga vere den same som i dag: 2/3 skal fordelast av Stortinget og 1/3 av Kongen. Av den delen av spelemidlane som vert fordelt av kongen vil 40 prosent gå til Den kulturelle skulesekken, 30 prosent til kulturbygg og 30 prosent til Frifond. Regjeringa legg til grunn at spelemidlane til Den kulturelle skulesekken vil liggje på line med årets beløp på 167 mill. kroner. Dersom beløpet skulle vise seg å verte mindre, må utvidinga til vidaregåande opplæring avpassast mot tilgjengelege midlar.

Til forsida av dokumentet