Avgjerd i motsegnsak. Kommunedelplan Åsen sentrum 2022-2040, Levanger kommune

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje bustadområde B9 Håmmårsvegen i Kommunedelplan Åsen sentrum 2022-2040, Levanger kommune. Departementet vurderer at bustadområdet vil vere i konflikt med omsynet til jordvern, og at det ikkje er dokumentert behov for bustadområdet i planperioden. Motsegna frå Statsforvaltaren i Trøndelag er teken til følgje.

Bakgrunn

Kommunedelplan Åsen sentrum 2022 – 2040 i Levanger kommune, er sendt til departementet frå Statsforvaltaren i Trøndelag ved brev 2. september 2022 på grunn av uløyst motsegn. Motsegna er fremja av Statsforvaltaren i Trøndelag som landbruksmynde. Kommunal- og distriktsdepartementet avgjer etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd om motsegna skal takast til følgje.

Motsegna gjeld bustadområde B9 Håmmårsvegen, som er på cirka 15,5 dekar medrekna cirka 13 dekar innmarksbeite og gardstunet på cirka 2,5 dekar. I høyringa var det fremja eit større areal på cirka 44 dekar, med cirka 28 dekar fulldyrka jord i tillegg. B9 har i gjeldande kommuneplan arealføremålet LNFR.

Statsforvaltaren i Trøndelag fremja motsegn til bustadområde B9 Håmmårsvegen i brev 7. juli 2021. Motsegna er grunngjeven i jordlova § 9 og nasjonale føringar for jordvernet, og manglande behov- og alternativvurderingar. Statsforvaltaren meiner det er svært uheldig med eit bustadområde her og at andre alternativ som ikkje legg beslag på dyrka jord burde ha vore vurdert. Det er ikkje eit dokumentert behov for eit bustadfelt her sidan det er sett av to nye bustadområde i Åsen sentrum.

Levanger kommunestyre vedtok kommunedelplan for Åsen sentrum i møte 23. mars 2022. Kommunen viser i brev 29. juni 2022 til at kommunestyret i møte 22. juni 2022 vedtok å sende berre den delen av B9 som var til 1. gongs behandling, til departementet for endeleg avgjerd. Det aktuelle arealet omfattar om lag 13 dekar innmarksbeite og 2,5 dekar gardstun.

Levanger kommune meiner at B9 har ei særs godt eigna plassering med tanke på bukvalitet, korte avstandar, etablert veg med fullverdig gang- og sykkelveg, og infrastruktur for vassforsyning og avlaup. Kommunen meiner at den framtidige omlegginga av E6 vil føre til at det blir mindre trafikk forbi området, og med det mindre støy og støvplage enn i dag.

Samstundes seier kommunen at det er tilstrekkeleg med tilgjengeleg planavklåra areal for bustader i og nær Åsen sentrum for planperioden, og at kommunedelplanen også legg til rette for fortetting. Kommunestyret ønsker likevel at det skal vere eit variert bustadtilbod i Åsen, for å trekkje til seg eit mangfald av innbyggjarar. Kommunen meiner at i dette konkrete tilfellet er føremonene med å ta i bruk området til bustadbygging større enn ulempene dette fører med seg for jordvernet.

Mekling den 25. april 2022 førte ikkje fram.

Statsforvaltaren i Trøndelag rår i brev 2. september 2022 til at motsegna vert teken til følgje. Statsforvaltaren grunngjev tilrådinga med at det skal svært tungtvegande grunnar til før det kan opnast for omdisponering av dyrka mark. Det vert synt til at det å taka i vare jordressursar som kan nyttast i matproduksjon er ei nasjonal interesse og at jordvernet har vorte innskjerpa den seinare tida. Statsforvaltaren peiker òg på at det ikkje føreligg noko vurdering av behov eller alternativ som tilseier at dette bustadarealet er strengt naudsynt på noverande tidspunkt eller i nær framtid.

Møte og synfaring blei gjennomført 24. oktober 2022 med deltakarar frå Levanger kommune, Statsforvaltaren i Trøndelag, Landbruksdirektoratet, Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Landbruks- og matdepartementet skriv i brev 19. desember 2022 at omsynet til jordvernet må veie tungt, og støttar statsforvaltaren si motsegn til bustadområde B9.

Departementet legg vekt på at Åsen i stor grad er omgjeven av dyrka jord, og at ei vidare utvikling av tettstaden difor lett vil kome i konflikt med jordvernet. Av denne grunn er det særleg viktig med høg arealutnytting både gjennom omforming av eksisterande bustad­område og når det vert opna for utbygging i nye område.

Departementet syner òg til at det er avsett tilstrekkeleg med bustadareal ved Åsen, at B9 er omgjeven av dyrka jord og eit gardstun, og at frådeling av gardstunet vil føre til at landbruks­eigedomen vert utan bygnader, og med det lite eigna for gardsdrift. Departementet peikar òg på faren for vidare press mot nedbygging av den fulldyrka jorda på eigedomen. 

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

I denne saka skal Kommunal- og distriktsdepartementet ta stilling til om bustadområde B9 Håmmårsvegen i kommunedelplan for Åsen tettstad i Levanger kommune kan godkjennast, eller om motsegna frå statsforvaltaren skal tas til følgje av omsyn til nasjonale interesser.

Motsegna er knytt til nasjonale føringar for jordvernet, og at det er manglande behovs- og alternativvurderingar til grunn for kommunen sitt vedtak om bustadområde B9. Nasjonale føringar for jordvern er mellom anna gjevne i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019 – 2023, som seier at utbyggingsløysingar som kan redusere nedbygging av dyrka mark skal vurderast i samsvar med det nasjonale jordvernmålet. Det nasjonale jordvernmålet går fram av Stortinget si behandling av oppdatert jordvernstrategi, som seier at årleg omdisponering av dyrka jord skal vere redusert til 3 000 dekar innan 2025. Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet har òg sendt brev til kommunane om betydinga av å ta vare på jordbruksareala over heile landet for å styrke beredskapen, seinast brevet Ta vare på matjorda 23. mars 2022.

Kommunal- og distriktsdepartementet viser til at jordvernpolitikken har vorte innskjerpa dei seinare åra. Departementet vurderer at bygging av bustader på B9 Håmmårsvegen vil kome i konflikt med omsynet til jordvern, både ved at arealet i seg sjølve er rekna å vere verdifullt som grunnlag for landbruksnæring og matproduksjon, men òg grunna i faren for vidare press mot utbygging på den tilgrensande fulldyrka jorda.

Kommunal- og distriktsdepartementet viser òg til at det er sett av tilstrekkeleg med plan­avklåra bustadområde i gjeldande planverk for planperioden for å taka imot den venta veksten i folketalet knytt til Åsen tettstad, som i dag har om lag 650 innbyggjarar.

Departementet ser at plasseringa av B9 i nærleiken til Åsen sentrum, og den allereie opparbeidde infrastrukturen inn mot området, kan vere argument for å leggje til rette for bustadbygging her. Departementet vurderer likevel at det ikkje er godtgjort at det er behov for å setje av arealet B9 til bustadareal for å kunne leggje til rette for nok bustader til å ta imot den venta veksten i Åsen tettstad i planperioden. Departementet legg difor avgjerande vekt på omsynet til jordvern i denne saka.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet ikkje bustadområde B9 Håmmårsvegen i kommunedelplan Åsen sentrum 2022-2040, jamfør vedtak i Levanger kommunestyre 23. mars 2022 og 22. juni 2022.

Departementet ber om at kommunen endrar plandokumenta i samsvar med vedtaket, og at vedtaket blir kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd.
 

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi:
Landbruks- og matdepartementet
Levanger kommune
Trøndelag fylkeskommune