2023

  • Horten kommune - motsegn til arealdelen av kommuneplanen 2022-2033 for Horten kommune

    Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje næringsområde N3 i kommuneplan for Horten. Området utgjer eit større areal med dyrka jord av stor verdi, og ei omdisponering til næringsføremål vil vere i strid med den nasjonale jordvernpolitikken. Departementet godkjenner delområde BN14 og BKB4 med føresegner om avsetting av eit areal til anna handel (område # 3 med føresegner). Departementet meiner at etablering av handel i delområda kan aksepterast i høve til regional plan for berekraftig arealpolitikk i Vestfold, men omfanget av tillat handel vert redusert til 3 000 m2 for å tilpassast eit lokalt handelsomland. Departementet godkjenner ikkje handel i delområda BN7 og BN13, da desse delområda i for stor grad er i konflikt med den regionale planen. Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje område TY3 til parkeringsplass. Området ligg i 100-metersbeltet langs sjøen, og forslaget er i strid med statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Departementet legg òg vekt på at Horten kommune har funne eit alternativt areal for parkering. Motsegnene frå Vestfold og Telemark fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er delvis tekne til følgje.

  • Hjelmeland kommune - motsegn til detaljregulering for Puntsnes forretningsområde

    Departementet godkjenner detaljregulering for Puntsnes forretningsområde, med enkelte endringar som tek omsyn til utvikling av Hjelmeland sentrum og området rundt. Planføresegnene blir endra slik at det står tydeleg at daglegvarehandel, handel av varegruppene bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og andre større byggevarer er tillate. Kontor blir ikkje tillate, og for tenesteyting blir det føyd til at publikumsretta eller besøks/-arbeidsplassintensive funksjonar ikkje er lov. Departementet sitt vedtak er i tråd med den løysinga som Statsforvaltaren i Rogaland skisserer i si oversending til departementet, og som statsforvaltaren har kome fram til gjennom dialog med kommunen. Motsegnene vert som følgje av dette delvis tatt til følgje.

  • Vestre Slidre kommune - avgjerd i motsegn til reguleringsplan for gangveg Slidre - E16 med to nye bustadtomter

    Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner reguleringsplan for to nye bustadtomter i Vestre Slidre kommune, med endringar i planføresegnene for å sikre at tilfredsstillande støyforhold vert oppnådd. Motsegna frå Statsforvaltaren i Innlandet er ikkje teken til følgje.

  • Motsegn til detaljregulering Rosta - Lille Rostavatn i Målselv kommune

    Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje detaljregulering Rosta - Rostavatn i Målselv kommune. Forslag til lokalisering av turistanlegget kan få negative konsekvensar for areal som blir nytta av reindrifta. Målselv kommune skal revidere kommuneplanens arealdel. Dette vil gi betre moglegheit for å vurdere plasseringa av eit slikt anlegg med tilhøyrande aktivitetar i ein heilskapleg samanheng. Motsegna frå Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, grunngjeve i omsyn til arealbruken til reindrifta, er tatt til følgje.

  • Tysnes kommune – motsegn til detaljregulering for Elsakervågen industriområde

    Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner reguleringsplan for Elsakervågen industriområde i Tysnes kommune. Departementet legg vekt på at eksisterande næringsverksemd skal få moglegheit til å vekse, og at verknadane for naturmangfaldet er akseptable. Departementet vedtek eit tillegg i planføresegnene som skal sikre at den planlagde utfyllinga tek omsyn til ein førekomst av sukkertareskog. Motsegna frå Statsforvaltaren i Vestland er ikkje teken til følgje.

  • Vedtak av statleg reguleringsplan for Nye Aker sjukehus i Oslo kommune

    I medhald av plan- og bygningslova § 6-4, vedtek Kommunal- og distriktsdepartementet statleg reguleringsplan for Nye Aker sjukehus i Oslo kommune. Den vedtekne reguleringsplanen går fram av plankart og reguleringsføresegner datert 14.12.22.

  • Vedtak av statleg reguleringsplan for Gaustad sjukehusområde i Oslo kommune

    I medhald av plan- og bygningslova § 6-4, vedtek Kommunal- og distriktsdepartementet statleg reguleringsplan for Gaustad sjukehusområde i Oslo kommune med plankart og reguleringsføresegner datert 12.01.23.

  • Larvik kommune – motsegn til kommunedelplan for Larvik by 2021 - 2033

    Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner kommunedelplan for Larvik by 2021 – 2033, men med endringar som følgje av motsegn frå Bane NOR. Endringa inneber at område #3a Indre hamn blir oppretthaldt til baneføremål. Departementet legg vekt på at området vil bli brukt til dette føremålet i lang tid framover. Motsegna frå Bane NOR er med dette teken til følgje.

  • Avgjerd i motsegnsak. Kommuneplanen 2020-2030 i Nome kommune - arealdelen

    Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje bustadområde B15 Ajer i arealdelen til kommuneplan for Nome kommune. Departementet vurderer at omdisponering til bustadføremål på B15 er i stor konflikt med omsynet til jordvern. Departementet legg vekt på at den dyrka jorda har svært god kvalitet, at arealet er ein del av eit større samanhengande areal med god arrondering, og at det er store bustadreserver i kommunen. Motsegnene frå Vestfold og Telemark fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er tatt til følgje.

  • Vestby kommune - motsegn til detaljregulering for Vestby hyttepark II

    Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner detaljregulering for Vestby hyttepark II med endringar for å ta omsyn til kulturminne av nasjonal verdi. Med endringane kan fem av dei sju føreslåtte hyttene realiserast. Motsegna frå Viken fylkeskommune er teken delvis til følgje.

  • Avgjerd i motsegnsak. Kommunedelplan Åsen sentrum 2022-2040, Levanger kommune

    Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje bustadområde B9 Håmmårsvegen i Kommunedelplan Åsen sentrum 2022-2040, Levanger kommune. Departementet vurderer at bustadområdet vil vere i konflikt med omsynet til jordvern, og at det ikkje er dokumentert behov for bustadområdet i planperioden. Motsegna frå Statsforvaltaren i Trøndelag er teken til følgje.

  • Drammen kommune - motsegn til detaljregulering for togparkering på Sundland

    Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner detaljregulering for togparkering på Sundland i Drammen kommune, men utan rekkefølgjekrava som kommunen har vedteke om opparbeiding av gang-/sykkelundergang i Vintergata, opparbeiding av mellombels trasé for Sundlandgata og stenging av mellombels tilkomst frå Vintergata. Departementet meiner at det ikkje er avgjerande å få gjennomført tiltaka før togparkeringa blir etablert, samstundes som rekkefølgjekrava vil føre til forseinking av eit nasjonalt viktig samferdselstiltak. Departementet føreset i staden at Bane NOR og Drammen kommune inngår avtale om finansiering og gjennomføring av desse tiltaka. Departementet godkjenner heller ikkje det føreslåtte rekkefølgjekravet om sikker flaumveg. Departementet føreset likevel at Bane NOR saman med Drammen kommune og NVE avklarar at togparkeringsanlegget sikrar tilfredsstillande lokal handtering av flaum og overvatn, og at bygging av anlegget ikkje vil vere til hinder for etablering av sikker flaumveg til Drammenselva. Motsegna frå Bane NOR er teken delvis til følgje.