Drammen kommune - motsegn til detaljregulering for togparkering på Sundland

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner detaljregulering for togparkering på Sundland i Drammen kommune, men utan rekkefølgjekrava som kommunen har vedteke om opparbeiding av gang-/sykkelundergang i Vintergata, opparbeiding av mellombels trasé for Sundlandgata og stenging av mellombels tilkomst frå Vintergata. Departementet meiner at det ikkje er avgjerande å få gjennomført tiltaka før togparkeringa blir etablert, samstundes som rekkefølgjekrava vil føre til forseinking av eit nasjonalt viktig samferdselstiltak. Departementet føreset i staden at Bane NOR og Drammen kommune inngår avtale om finansiering og gjennomføring av desse tiltaka. Departementet godkjenner heller ikkje det føreslåtte rekkefølgjekravet om sikker flaumveg. Departementet føreset likevel at Bane NOR saman med Drammen kommune og NVE avklarar at togparkeringsanlegget sikrar tilfredsstillande lokal handtering av flaum og overvatn, og at bygging av anlegget ikkje vil vere til hinder for etablering av sikker flaumveg til Drammenselva. Motsegna frå Bane NOR er teken delvis til følgje.

Bakgrunn

Reguleringsplan for togparkering på Sundland i Drammen kommune er sendt til departementet frå Statsforvaltaren i Oslo og Viken i brev 2. mai 2022, på grunn av ei uløyst motsegn frå Bane NOR. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 om motsegna skal takast til følgje.

Føremålet med planen er å sikre areal for parkering av tog på Sundland, og mellombelse anlegg- og riggareal for etablering av anlegget. Formannskapet i Drammen kommune vedtok 8. juni 2021 å leggje planforslaget ut til offentleg ettersyn på vilkår om at det blei innarbeidd rekkefølgjekrav, og at det vert utarbeida ein tredjepartsvurdering for overvatn og flaumfare.

Bane NOR la 28.06.2021 ut eit identisk planforslag, men utan rekkefølgjekrav til offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova §§ 3-7 tredje ledd. Det låg difor to like planforslag ute til offentleg ettersyn samstundes, med unnatak for rekkefølgjekrava (§§ 3.2.5 til 3.2.8) som konflikten i saka gjeld.

Det blei fremja motsegn til begge planforslaga. Viken fylkeskommune fremja motsegn til Bane NOR sitt planforslag, og Bane NOR fremja motsegn til Drammen kommune sitt planforslag. Motsegnene er motstridande, og begge gjeld rekkefølgjekrava §§ 3.2.5 til 3.2.8. Bane NOR sitt planforslag blei ikkje sendt inn til kommunen etter offentleg ettersyn.

Planområdet er omfatta av fleire eksisterande arealplanar, og planforslaget vidarefører arealføremål frå desse. Hovuddelen av planområdet er omfatta av områderegulering for Sundland, vedteken 16.06.2015. Vidare er planområdet omfatta av kommunedelplan for hensetting i Drammensområdet, vedteken 09.02.2021, og kommuneplanen for Drammen 2014-2036, vedteke 05.10.2015. Delar av planområdet er òg omfatta av detaljregulering for Inter City Vestfoldbanen Drammen- Kobbervikdalen, vedteken 24.04.2018.

Rekkefølgjekrava som Drammen kommune har vedteke, og som motsegna frå Bane NOR er knytt til, har følgjande ordlyd :

  • 2.5 Gang- og sykkelundergang Vintergata: Før hensettingsanlegget tas i bruk skal regulert gang- og sykkelundergang Vintergata være ferdigstilt.
  • 2.6 Sundlandgata: Før hensettingsanlegget tas i bruk skal midlertidig trasé for Sundlandgata være ferdigstilt fra Vintergata til dagens adkomst til Sundland.
  • 2.7 Adkomst: Før hensettingsanlegget tas i bruk skal permanent adkomst fra felt o_SKV være ferdig opparbeidet, og midlertidig adkomst fra Vintergata skal være fjernet (motsegna gjeld berre siste del).
  • 2.8 Sikker flomvei: Før hensettingsanlegget tas i bruk skal sikker flomvei til Drammenselva være etablert.

Kommunen meiner togparkeringsanlegget utløyser eit behov for naudsynte infrastrukturtiltak i nærleiken av planområdet. Tiltaka skal avhjelpe eksisterande og hindre nye barrierar som jernbanen skaper i bydelen. Det er òg viktig med trafikksikre løysingar, særleg behovet for trygg skuleveg både på kort og lang sikt. Kommunen meiner det er naturleg med ein kostnadsdeling for infrastruktur i området, som Bane NOR òg må bidra til å dekke.

Kommunen viser til at kravet til sikker flaumveg byggjer på kjent kunnskap frå overordna planar om flaum- og overvassproblematikk i området, og er naudsynt for å ta omsyn til framtidig klimaendring og til samfunnstryggleiken. Kommunen peikar på at NVE har tilrådd ei tilleggsutgreiing før sluttbehandling av planforslaget. Kommunen har vist til at Bane NOR, dersom dei meiner at togparkeringsanlegget ikkje verkar inn på forhold knytt til flaum- og overvatn, kan greie dette ut ytterlegare før rammeløyve for etablering av anlegget blir gitt. Bane NOR kan på denne måten synleggjere at utbygginga er mogleg å realisere og at rekkefølgjekravet er oppfylt.

Bane NOR fremja i brev 9. september 2021 motsegn til Drammen kommune sitt planforslag. Bane NOR meiner rekkefølgjekrava inneber ei urimeleg kopling til jernbaneprosjektet, fordi det ikkje er fysisk eller funksjonell samanheng mellom togparkeringsanlegget og rekkefølgjekrava. Anlegget gjer det difor ikkje naudsynt å gjennomføre dei aktuelle tiltaka før området blir teke i bruk. Rekkefølgjekrava vil medføre kostnader som vil fordyre og forseinke prosjektet.

Krav om gang- og sykkelundergang i Vintergata
Bane NOR meiner at prosjektet ikkje vil auke eller påverke gang- og sykkeltrafikken i området. Det vil difor ikkje vere behov for etablering av ein ny gang- og sykkelundergang i Vintergata som følgje av prosjektet. Bane NOR peikar òg på at jernbanespora for togparkeringa stoppar i god avstand til undergangen. Anlegget vil difor ikkje vere til hinder for at undergangen kan etablerast seinare, og dette vil heller ikkje bli dyrare. Rekkefølgjekravet vil etter Bane NOR si vurdering vere til hinder for at togparkeringsanlegget kan byggjast ut og vere ferdigstilt til opninga av nye Drammen stasjon og dei nye dobbeltspora på Vestfoldbana i juni 2025.

Krav om opparbeiding av mellombels trasé i Sundlandsgata og fjerning av mellombels tilkomst frå Vintergata
Bane NOR meiner at prosjektet ikkje utløyser behov for ein mellombels trasé i Sundlandgata, sidan behovet for denne traséen er knytt til andre utbyggingsprosjekt i området. Det er ikkje hensiktsmessig med ein komplett opparbeiding og ferdigstilling av Sundlandgata før dei tyngste grunnarbeida for seinare bustadbygging er avklart på begge sider av gata. I følgje Bane NOR vil tiltaket fordyre jernbaneutbygginga betydeleg.

Rekkefølgjekravet om fjerning av mellombels tilkomst frå Vintergata må sjåast i samanheng med kravet om mellombels trasé i Sundlandgata. Bane NOR meiner at stenging av tilkomst frå Vintergata betingar at ny Sundlandgate må opparbeidast som ledd i utbygginga. Dette vil vere kostnadsdrivande for jernbaneprosjektet, og forseinke anleggsstart og gjennomføring. Det er eit avgrensa antal bilar som nyttar tilkomsten i dag, og det er føremålstenleg for Bane NOR at tilkomsten frå Vintergata framleis kan nyttast til inn- og utkøyring. Bane NOR meiner at stenging av den mellombelse tilkomsten først bør skje når andre tiltak i området gjer det umogleg å nytte denne tilkomsten.

Sikker flaumveg
Bane NOR viser til gjeldande områderegulering for Sundland, der handtering av lokalt overvatn skal leggjast til grunn ved delprosjektering av tiltak. Togparkeringsanlegget oppfyller kravet om 100 % fordrøying på eige areal, og verkar ikkje negativt inn på dagens overvassituasjon. Bane NOR viser òg til at den lite gjennomtrengelege massen i planområdet vil bli bytta ut og erstatta med drenerande massar innanfor heile togparkeringsområdet. Anlegget vil difor ikkje skape hindringar eller belaste eksisterande bekkar, men derimot betre dagens situasjon både i planområdet og for områda rundt.

Bane NOR meiner rapporten frå Asplan Viak, datert 20. september 2021, om flaumsituasjonen i området, berre vurderer flaum som følgje av utbygging på andre areal. Behovet for sikker flaumveg for andre sitt overvatn kan difor ikkje leggjast på Bane NOR. Etablering av togparkering er ikkje til hinder for at flaumveg blir etablert seinare. Rekkefølgjekravet vil både fordyre prosjektet og forsinka utbygging av anlegget.

Mekling blei gjennomført 7. januar 2022. Gjennom meklinga blei partane samde om ei endring i rekkefølgjekrav om gjennomføring av tilkomst til anleggsområdet. Partane meinte det likevel var føremålstenleg å ikkje gjere endringar i rekkefølgjekrava før oversending til departementet, sidan det ikkje blei oppnådd semje om alle motsegnspunkta.

Drammen kommune vedtok reguleringsplanen 22. mars 2022 med enkelte endringar i plankartet og føresegner etter høyring og offentleg ettersyn. Kommunestyret tok ikkje motsegna til rekkefølgjekrava til følgje.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken rår i oversendingsbrevet 2. mai 2022 å ta motsegna delvis til følgje.

For kravet om gang- og sykkelundergang i Vintergata meiner statsforvaltaren at utbygging av eit togparkeringsanlegg vil forsterke barriereverknadene i bydelen. Dersom undergangen ikkje blir etablert vil dette kunne påverke og vere til ulempe for ei utvikling av området rundt. Statsforvaltaren rår etter ei totalvurdering til at motsegna til dette rekkefølgjekravet ikkje blir teken til følgje, men understrekar at begge partane har gode argument og at vurderinga har vore vanskeleg.

Statsforvaltaren rår vidare til at motsegna til rekkefølgjekravet om ein mellombels trasé for Sundlandgata og for stenging av mellombels tilkomst til anlegget frå Vintergata blir teken delvis til følgje. Statsforvaltaren er samd med kommunen om behovet for tiltaka, men tilrår  likevel at tidspunktet for gjennomføring av rekkefølgjekrava bør endrast slik at desse skal vere oppfylt seinast eitt år etter at anlegget er teke i bruk. Dette er i tråd med kommunen sitt forslag frå meklinga, og er grunngjeve i omsynet til Bane NOR sitt behov for rask framdrift for bygging av togparkeringsanlegget.

Statsforvaltaren rår til at motsegna til sikker flaumveg blir teken til følgje under føresetnad av at Bane NOR kan dokumentere at togparkeringsanlegget ikkje verkar inn på flaum- og overvassituasjonen. Statsforvaltaren meiner at forholdet ikkje er tilstrekkeleg utgreidd, og viser til at statsforvaltaren ikkje har kompetanse til å vurdere om den løysinga Bane NOR har føreslått er tilstrekkeleg.

Møte og synfaring blei gjennomført 21. juni 2022 med deltakarar frå Drammen kommune, Viken fylkeskommune, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Bane NOR, Jernbanedirektoratet, NVE, Samferdselsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Samferdselsdepartementet rår i brev 6. september 2022 til at motsegna frå Bane NOR blir teken til følgje. Departementet viser til at det ikkje er naudsynt samanheng mellom etablering av togparkeringsanlegget og rekkefølgjekrava. Departementet meiner at togparkeringsanlegget ikkje verkar inn på behovet for ny gang- og sykkelundergang i Vintergata og for opparbeiding av mellombels trasé for Sundlandgata. Når det gjeld rekkefølgjekravet knytt til tilkomst til anlegget frå Vintergata, meiner departementet at dette må sjåast i samanheng med krav om opparbeiding av Sundlandgata. Departementet tilrår at motsegna til rekkefølgjekrava blir teken til følgje.

Samferdselsdepartementet viser òg til meirkostnadane knytt til rekkefølgjekrava. Bane NOR har informert Jernbanedirektoratet om at meirkostnadane ved å innfri krava vil vere 370 mill. kr. Dette utgjer ein auke på ca. 45 % av forventa kostnad for togparkeringsanlegget, som er på 813 millionar kr. Vurderinga til Jernbanedirektoratet er at rekkefølgjekrava vil forseinke og fordyre etablering av togparkeringsanlegget. Samferdselsdepartementet deler denne vurderinga, og viser til at saka kan skape presedens som vil kunne fordyre liknande jernbaneprosjekt over heile landet i framtida. Departementet meiner at motsegna òg av omsyn til dette må takast til følgje.

Sikker flaumveg
Departementet er samd i vurderinga til Bane NOR om at togparkeringsanlegget ikkje vil auke utfordringane med flaum og overvatn i området, og at anlegget ikkje bør gjere seinare etablering av sikker flaumveg vanskelegare. Departementet meiner det er uklart om rapporten frå Norconsult, datert 15. juni 2022 og lagt fram av Bane NOR ved synfaringa, er tilstrekkeleg for å imøtekome tilrådinga frå NVE om ei flaumutgreiing. Departementet kjem likevel til at Bane NOR har dokumentert godt korleis togparkeringsanlegget vil verke inn på overvassituasjonen i området. Samferdselsdepartementet tilrår difor at motsegna frå Bane NOR blir teken til følgje.

Drammen kommune v/ ordføraren har i brev til Kommunal- og distriktsdepartementet 22. september 2022 kommentert Samferdselsdepartementet si fråsegn. I brevet hevdar kommunen at meirkostnadene knytt til rekkefølgjekrava er sett i feil kontekst, og viser til at prosjektet inngår i Inter City-prosjektet Drammen - Kobbervikdalen som i 2020 hadde ei styringsramme på 12,7 mrd. Kommunen peikar òg på at Bane NOR har spart milliardbeløp på å leggje togparkeringsanlegget inn i sentrum framfor på utsida. Kommunen har heller aldri forventa at Bane NOR åleine skal betale for rekkefølgjekrava. Kommunen skriv at dei har invitert Bane NOR til forhandlingar om ein utbyggingsavtale, men at Bane NOR ikkje har vore villig til å ha ein dialog om dette. Det blir presisert at saka gjeld kva moglegheit kommunen har til å stille rekkefølgjekrav for å få til ei heilskapleg samfunnsutvikling der alle nye prosjekt tilpassar seg denne heilskapen.

Vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet

Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd ta stilling til om motsegna til reguleringsplanen skal takast til følgje, eller om vedtaket til kommunen skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

I denne saka skal departementet vurdere om reguleringsplanen skal godkjennast med kommunen sine vedtekne rekkefølgjekrav, eller om Bane NOR si motsegn til desse skal takast til følgje. Departementet har vurdert saka ut frå ønsket til kommunen om å få etablert naudsynt infrastruktur i området, opp mot samferdselsinteressene knytt til bygging av togparkeringsanlegget. Departementet har særleg vurdert koplingane mellom rekkefølgje­krava og togparkeringsanlegget, og om rekkefølgjekrava er naudsynte for å kunne gjennomføre det planlagde tiltaket.

Rekkefølgjekravet om gang- og sykkelundergang i Vintergata
Den eksisterande jernbana utgjer ein stor barriere i området. Denne barrieren vil bli ei enda større utfordring når område på begge sider av jernbana skal utviklast til byutviklingsføremål. Departementet har difor stor forståing for kommunen sitt ønskje om betre samband på tvers av jernbanespora.

Kommunen og Bane NOR er i denne saka usamde om det planlagde togparkeringsanlegget vil forsterke barriereverknadane som jernbana skaper. I detaljregulering for Inter City Vestfoldbanen Drammen–Koppervikdalen er det regulert ein gang-/sykkelundergang i Vintergata, og det er i den planen vedteke rekkefølgjekrav om å ferdigstille undergangen før nye Gulskogen stasjon bli teken i bruk. Sjølv om planane for ein ny stasjon no er utsett, meiner kommunen at Bane NOR har forplikta seg til å opparbeide undergangen. Bane NOR meiner på si side at det planlagde togparkeringsanlegget ikkje vil påverke barriereverknaden som skuldast jernbana, og at det ikkje er fysisk eller funksjonell samanheng mellom under­gangen og togparkeringsanlegget. Rekkefølgjekravet vil i følgje Bane NOR fordyre tog­parkerings­anlegget utan grunn, og forhindre utbygging av anlegget i tide.

Etter vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet er det den eksisterande jernbana som utgjer den største barrieren i området. Det planlagde togparkeringsanlegget vil bekrefte og i nokon grad forsterke denne barrieren, men ikkje så mykje at togparkeringsanlegget åleine utløyser eit behov for ein gang-/sykkelundergang i Vintergata. Det finst òg i dag ein gang- og sykkelveg under jernbana, ikkje langt frå planområdet, som inntil vidare kan nyttast. Under synfaringa blei det peika på at ein ny undergang vil vere lettare å byggje når tog­parkerings­anlegget står ferdig.

Departementet har kome til at det ikkje kan seiast å vere så stor samanheng mellom togparkeringsanlegget og behovet for ein ny gang- og sykkelundergang i Vintergata at det bør stillast rekkefølgjekrav om det i detaljreguleringa for togparkeringsanlegget. I vurderinga har departementet òg lagt vekt på at eit slikt krav vil føre til at prosjektet blir forseinka, samstundes som det allereie finst ein gang-/sykkelundergang i nærleiken.

Rekkefølgjekrava om opparbeiding av mellombels trasé for Sundlandgata og stenging av mellombels tilkomst frå Vintergata
Kommunen har grunngjeve rekkefølgjekravet om opparbeiding av mellombels trasé for Sundlandgata med at det er naudsynt å forsterke trafikktryggleiken i området. Området omfattar bustader, skule og idrettsanlegg, og ein trygg skuleveg er spesielt viktig når denne typen anlegg blir lokalisert i nærleiken av eit eksisterande område med bustader.

Bane NOR viser til at behovet for traséen er knytt til utbygging av områda i nærleiken, og ikkje til sjølve togparkeringsanlegget. Bane NOR meiner det ikkje er føremålstenleg med ein komplett opparbeiding av Sundlandgata før dei tyngste grunnarbeida for seinare bustad­bygging er avklart på begge sider av gata.

Departementet er samd i at det er viktig å etablere trafikksikker tilkomst til bustadområde og skule/barnehage. Behovet for ein opparbeidd trasé for Sundlandgata vil etter departementet sitt syn gjere seg gjeldande og forsterkast gjennom den planlagde utbygginga av området, og ikkje berre som ein følgje av togparkeringsanlegget. Departementet finn det difor ikkje rimeleg å knytte rekkefølgjekrav om mellombels opparbeiding av Sundlandgata til detalj­reguleringa for togparkeringsanlegget.

Rekkefølgjekravet må òg sjåast i samanheng med kravet om fjerning av den mellombelse tilkomsten frå Vintergata. Dersom tilkomsten blir fjerna, vil det òg vere eit større behov for veg til ein permanent tilkomst frå Sundlandgata. Det er eit avgrensa tal køyretøy som skal ha tilgang til anlegget i utbyggingsfasen, og det vil ikkje auke når togparkeringsanlegget står ferdig. Anlegget i seg sjølv inneber difor ikkje auka biltrafikk i og rundt planområdet. Sjølv om det er ønskjeleg å avgrense trafikken gjennom eit bustadområde og fram til anlegget, meiner departementet at trafikkmengda ikkje vil vere så vesentleg at tilkomsten må stengast. Departementet meiner difor at det ikkje er grunnlag for å stille eit rekkefølgjekrav i planen om avstenging av den mellombelse tilkomsten frå Vintergata.

Rekkefølgjekrav om etablering av sikker flaumveg til Drammenselva
Det er usemje mellom partane om togparkeringsanlegget vil forsterke framtidige problem knytt til flaum og overvatn, eller om tiltaket vil medverke til å redusere slike problem. Partane er òg usamde i om flaum- og overvassituasjonen i området er tilstrekkeleg utgreidd. Mellom anna skriv statsforvaltaren i sin oversending av saka til departementet at flaum og overvatn ikkje vurderast som tilstrekkeleg utgreidd.

Departementet meiner det er naudsynt å sikre mot flaum og overvatn allereie i utgreiings- og planfasen, og vurderer at kommunen sitt krav om sikker flaumveg er godt grunngjeve. Flaum og overvatn kan ikkje vurderast for planområdet isolert sett, og det er difor behov for ei heilskapleg vurdering av eit større område. Det er i sakshandsaminga utarbeidd fleire rapportar knytt til flaum og overvatn. Det ligg òg føre utgreiingar på overordna plannivå.

NVE har ikkje hatt motsegn til reguleringsplanen, men har i fråsegn mellom anna til tredje­partvurdering utarbeid av Asplan Viak sagt at situasjonen med omsyn til flaum og overvatn er uavklart. NVE viser til at ny flaumveg vil kunne vere en føresetnad for vidare utvikling av området, og at togparkeringsanlegget vil kunne gjere det vanskelegare å etablere sikker flaumveg til Drammenselva på eit seinare tidspunkt. NVE støttar kravet om flaumavleiing.

Under møte og synfaring 21. juni blei det lagt fram ein ny rapport datert 15. juni 2022, utarbeida av Norconsult for Bane NOR. Norconsult opplyser at rapporten er meint som eit tilleggsdokument for å svare ut forslaga til reguleringsføresegner i planen, og må òg sjåast i samanheng med motsegna frå Bane NOR til rekkefølgjekravet. Norconsult meiner at anlegget ikkje ein direkte del av eksisterande barriere for flaumvatn frå Sundland til Drammenselva. Norconsult vurderer, mellom anna etter ein gjennomgang av tidlegare rapportar, at ei utbygging av togparkeringsanlegget med utskifting av eksisterande masser, vil auke kapasiteten til fordrøying av overvatn i planområdet. Norconsult meiner at dette òg vil redusere faren for flaum i områda omkring.

Den aktuelle rapporten utarbeidd av Norconsult for Bane NOR låg føre etter at saka var oversend til departementet for handsaming. Den er såleis ikkje en del av saksdokumenta frå kommunen, og er difor heller ikkje vurdert eller kommentert av Drammen kommune eller NVE. Departementet kan difor ikkje leggje avgjerande vekt på innhaldet i rapporten, sjølv om den peikar i retning av at flaum og overvatn kan handterast på ein akseptabel måte.

Departementet har forståing for at rekkefølgjekravet er krevjande for Bane NOR. Etablering av sikker flaumveg fram til Drammenselva vil vere eit omfattande tiltak som vil gå langt utanfor planområdet, og gjennomføring vil vere avhengig av mange aktørar. Det vil truleg ikkje vere realistisk å gjennomføre eit slik tiltak innan tidshorisonten for etablering av togparkeringsanlegget. Samstundes oppfattar departementet at kommunen sitt viktigaste føremål med rekkefølgjekravet er å sikre at det blir gjennomført grundige utgreiingar av overvatn og flaumfare, basert på den kunnskapen og erfaringane kommunen har om området, slik at naudsynte forebyggande tiltak kan bli gjennomført. Slik departementet oppfattar det, meiner både kommunen, NVE og statsforvaltaren at desse forholda ikkje er godt nok utgreidd.

Departementet har ut frå dette kome til at rekkefølgjekravet om etablering av sikker flaumveg til Drammenselva må erstattast med ein føresetnad om at togparkeringsanlegget sikrar tilfredsstillande lokal handtering av flaum og overvatn, og at etablering av anlegget ikkje vil vere til hinder for etablering av sikker flaumveg til Drammenselva. Kommunen, Bane NOR og NVE må gå saman for å avklare om kunnskapen som føreligg er god nok til å slå fast at sikringa mot flaum og overvatn er god nok, eller om det må ytterlegare utgreiingar og tiltak til. Dette er ikkje til hinder for at tiltakshavar kan sette i gang byggearbeid som ikkje vil påverke flaumsituasjonen i området.

Konklusjon
Departementet har kome til at det ikkje er ein naudsynt samanheng mellom rekkefølgjekrava om etablering av gang- og sykkelundergang i Vintergata, opparbeiding av ein mellombels trasé langs Sundlandgata og ei fjerning av den mellombelse tilkomsten frå Vintergata og tiltaka etter planen. Departementet meiner den forventa forseinkinga rekkefølgjekrava inneber for prosjektet må vege tyngre enn behovet for utbetring av infrastrukturen i området rundt togparkeringsanlegget. Rekkefølgjekrava vil òg kunne gjennomførast når anlegget står ferdig. Departementet legg òg vekt på at nytt togparkeringsanlegg i Drammen, saman med ombygging av Drammen stasjon og dobbeltspor Drammen–Kobbervikdalen og Nykirke–Barkåker, er grunnlaget for ei vesentleg forbetring av togtilbodet til og frå Drammen og Vestfold frå desember 2025, og det er tidskritisk at Bane NOR kan starte opp arbeidet med togparkeringsanlegget med ein gong.

Departementet peikar likevel på at god infrastruktur i området òg er naudsynt for Bane NOR sin tilgang til planområdet. Bane NOR bør difor bidra til utvikling og finansiering av infra­strukturen i området rundt. Departementet føreset difor at Bane NOR og kommunen, parallelt med at byggearbeida tek til, inngår avtale om finansiering og gjennomføring av gang- og sykkelundergang i Vintergata, opparbeiding av ein mellombels trasé langs Sundlandgata og fjerning av den mellombelse tilkomsten frå Vintergata. Partane bør bidra med kvar sin likeverdige del i finansieringa av tiltaka. Drammen kommune bør òg gå i dialog om delbidrag til finansieringa med andre parter som vil ha nytte av tiltaka, eller som medverkar til at det er behov for dei. Tiltaka bør søkast gjennomført kostnadseffektivt, med tilstrekkeleg framdrift for prosjektet og med omsyn til behova til tredjepartar.

Når det gjeld rekkefølgjekravet om sikker flaumveg, føreset departementet at Bane NOR saman med kommunen og NVE snarast mogleg avklarar at anlegget sikrar tilfredsstillande lokal handtering av flaum og overvatn, og at etablering av togparkeringsanlegget ikkje vil vere til hinder for etablering av sikker flaumveg til Drammenselva.

Vurdering etter naturmangfaldlova
Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8–12 leggjast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald. Vurderingane skal gå fram av vedtaket. Den aktuelle planen påverkar ikkje naturmangfald, og ein vurdering etter prinsippa over er difor ikkje relevant.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet detaljregulering for togparkering på Sundland, vedteken av Drammen kommunestyre den 22. mars 2022, med følgjande endring:

Desse rekkefølgjekrava blir tekne ut av planen:

  • 2.5 Gang- og sykkelundergang Vintergata: Før hensettingsanlegget tas i bruk skal regulert gang- og sykkelundergang Vintergata være ferdigstilt.
  • 2.6 Sundlandgata: Før hensettingsanlegget tas i bruk skal midlertidig trasé for Sundlandgata være ferdigstilt fra Vintergata til dagens adkomst til Sundland.
  • Følgjande del av 3.2.7 Adkomst: (…..) og midlertidig adkomst fra Vintergata være fjernet.
  • 2.8 Sikker flomvei: Før hensettingsanlegget tas i bruk skal sikker flomvei til Drammenselva være etablert.

Departementet føreset at Bane NOR og Drammen kommune inngår avtale om finansiering og gjennomføring av gang- og sykkelveg i Vintergata, midlertidig trasé for Sundlandgata og fjerning av midlertidig tilkomst frå Vintergata.

Departementet føreset at Bane NOR saman med Drammen kommune og NVE avklarar at togparkeringsanlegget sikrar tilfredsstillande lokal handtering av flaum og overvatn, og at bygging av anlegget ikkje vil vere til hinder for etablering av sikker flaumveg til Drammenselva.

Departementet ber om at kommunen gjer dei naudsynte endringane i planen. For kunn­gjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 12-12 andre ledd.
 

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi:
Bane NOR SF
Drammen kommune
Samferdselsdepartementet
Viken fylkeskommune