Motsegn til detaljregulering Rosta - Lille Rostavatn i Målselv kommune

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje detaljregulering Rosta - Rostavatn i Målselv kommune. Forslag til lokalisering av turistanlegget kan få negative konsekvensar for areal som blir nytta av reindrifta. Målselv kommune skal revidere kommuneplanens arealdel. Dette vil gi betre moglegheit for å vurdere plasseringa av eit slikt anlegg med tilhøyrande aktivitetar i ein heilskapleg samanheng. Motsegna frå Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, grunngjeve i omsyn til arealbruken til reindrifta, er tatt til følgje.

Bakgrunn

Detaljregulering for eit reiselivsanlegg ved Lille Rostavatn i Målselv kommune er sendt til departementet frå Statsforvaltaren i Troms og Finnmark i brev av 3. juni 2022, på grunn av ei uløyst motsegn frå statsforvaltaren. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd om motsegna skal takast til følgje.

Reguleringsplanen legg til rette for utbygging av eit reiselivsanlegg med restaurant, service­bygg, ishotell, hyblar for tilsette, hundegard og inntil 40 utleigehytter. Hovudmålet er vinter­turisme med turar på truger, hundekøyring og oppleving av nordlys. Anlegget skal ikkje vere i drift om sommaren. Forslagsstillar vurderer at drifta vil kunne skape kring 60 årsverk.

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark fremja motsegn i brev 30. november 2020. Motsegna var grunngitt i omsyn til reindrift, naturmangfald og skogbruk. Motsegnene knytt til naturmang­fald og skogbruk er løyst i prosessen, med endring av planområdet og føresegner som tar omsyn til skogdrifta og verdifull natur.

Statsforvaltaren grunngir motsegna med at verknadene for reindriftsnæringa vil bli svært negative. Reindriftsnæringa i Troms vil miste eit viktig vinterbeiteområde og den einaste flyttleia til området. Opphald av hundar og utstrekt hundekøyring i og utanfor planområdet vil gi store negative verknadar for reindrifta. I følgje konsekvensutgreiinga vil aktiviteten på turistanlegget forstyrre kalvingslandet til dei svenske samebyane Lainiovuoma og Könkämä i så stor grad at det gir kritisk negativ konsekvens. Statsforvaltaren meiner at ei føresegn om avgrensing i tid er vanskeleg å handheve. Bruken av anlegget vil òg kunne bli endra over tid, til dømes med ynskje om heilårsaktivitet. Statsforvaltaren meiner at det ikkje er utført ei tilstrekkeleg vurdering av alternative plasseringar av anlegget, og at slike overordna avklaringar må gjerast i kommuneplanen.

Mekling vart gjennomført 17. juni 2021, utan at partane kom til ei løysing.

Målselv kommune v/ kommunestyret vedtok reguleringsplanen i møte 20. januar 2022. Kommunen viser til at prosjektet har brei lokal støtte og vil gje nye arbeidsplassar. Prosjektet er i samsvar med næringsplanen og er eit viktig tiltak innan reiseliv.

Planområdet er i kommuneplanens arealdel 2012–2025 avsett til LNFR-område. Kommunen meiner det er utfordrande å ta høgde for slike anlegg i overordna plan. Kommunen har vurdert moglege plasseringar innanfor godkjende byggeområde i kommuneplanen, men sameksistens av dette konseptet med fritidsbustader og lyssette vegar er vanskeleg. Kommunen meiner at planføremål og føresegner i reguleringsplanen sikrar omsyn til reindrifta og driftsforma ved eit eigarskifte.

Kommunen er òg ueinig i vurderingane i konsekvensutgreiinga når det gjeld tiltaket si påverknad på reindrifta. Konsekvensutreiinga tar utgangspunkt i at det kan kome ynskje om heilårsdrift, men planen skal berre opne for aktivitet om vinteren. Kommunen meiner òg at tiltaket ikkje vil påverka Lainiovuoma sameby, då dei ikkje har beiterettar i området om vinteren, når anlegget vil vere i drift.

Statsforvaltaren rår i oversendinga av saka til departementet at motsegna blir tatt til følgje. Statsforvaltaren framhevar at området har stor verdi for reindrifta, og at planføresegnene kan bli utfordrande å handheve. Statsforvaltaren viser òg til at det ikkje er halde lokal konsultasjon med reindrifta, som det er krav om etter endringane i konsult­asjonsreglane i samelova. Statsforvaltaren peiker vidare på at ei eventuell godkjenning av planen må bli vurdert i forhold til dei pågåande forhandlingane om ny reindriftsavtale mellom Noreg og Sverige.

Møte og synfaring blei gjennomført 8. september 2022 med representantar frå Målselv kommune, forslagsstillar, Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Landbruksdirektoratet, representantar frå Lainiovuoma Sameby, Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Landbruks- og matdepartementet tilrår i brev av 17. oktober 2022 at motsegna blir tatt til følgje. Departementet meiner at lokalisering av eit turistanlegg av eit slikt omfang må bli avklart i overordna plan, som grunnlag for ei seinare detaljregulering. Den komande revisjon av kommuneplanen gir moglegheit for å vurdere anlegget i ein heilskapleg samanheng. Konsultasjonsordninga må bli brukt aktivt for å finne gode løysingar med reindrifta. Landbruks- og matdepartementet byggjer sin tilråding på fagleg fråsegn frå Landbruks­direktoratet, som mellom anna vurderer at kunnskapsgrunnlaget om reindrift i konsekvensutgreiinga er riktig.

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd avgjera om motsegna til reguleringsplanen skal bli tatt til følgje, eller om kommunen sitt vedtak skal godkjennast. Departementet skal i denne saka ta stilling til om reguleringsplanen for reiselivsanlegget ved Lille Rostavatn kan bli godkjent i samsvar med vedtaket i Målselv kommune, eller om verknadene for reindrifta er så store at motsegna frå Statsforvaltaren i Troms og Finnmark må bli tatt til følgje. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

Departementet vurderer at konsekvensutgreiinga i saka om reindrift kan leggjast til grunn for handsaming av saka. Dette er òg i samsvar med Landbruks- og matdepartementet si vurdering. Ifølgje konsekvensutgreiinga kan vinterbeite, kalvingsland og flyttlei med høg verdi for reindrifta bli påverka av tiltaket. Områda ved Čavárri er vinterbeiteområde for Nord-Senja reinbeitedistrikt. Anlegget vil ligge nær kalvingsområder som blir brukt av Lainiovuoma sameby (svensk reinbeitedistrikt). Könkämä sameby sitt kalvingsland på nordsida av Rostadalen vil òg kunne bli påverka. Planen vil òg kunne stenge flyttleia som er tilkomst for rein frå kysten til Čavárri via Tamokdalen.

Under møte og synfaring i saka kom det fram at det er aktivitet som hundekøyring og opphald av hundar ved turistanlegget som er utfordringa for reindrifta, og ikkje sjølve bygningane. Det blei òg stilt spørsmål ved om planføresegner om å avgrense anlegget sine opningstider var mogleg å handheve. Det blei vidare frå statsforvaltaren peika på at sjølv om Nord-Senja reinbeitedistrikt ikkje nyttar vinterbeite i dag, er det naudsynt for framtida å ta vare på desse områda på grunn av klimaendringar og nedising av beiter ved kysten. Lainiovuoma Sameby meiner at friluftsaktivitetar er vanskeleg å handtere, og erfarer konfliktar mellom anna med snøkiting på svensk side av grensa. Sjølv om tiltakshavar berre ønsker å tilby korte turar i nærområdet, er det på grunn av allemannsretten ingen garanti for at turane med sledehundar på sikt ikkje vil gå innover i reinbeiteområda. Reindrifta blir utfordra frå alle kantar av auka aktivitet, og dette området bør ikkje ha auka aktivitetsnivå som trugar reindrifta.

Departementet har vurdert om det er mogleg å finne eit kompromiss i saka, for eksempel å berre godkjenne den delen av planen som legg til rette for utleigehytter og restaurant, og som ikkje er knytt til hundekøyring. Men tiltakshavar har framheva at prosjektet er heilt avhengig av at dei kan tilby hundekøyring. Det blei i møtet drøfta moglegheit for å redusere storleiken på anlegget, men tiltakshavar ynskte å få godkjent heile prosjektet nå, sjølv om det vil bli bygd ut trinnvis. Departementet vurderer difor at det ikkje ligg føre alternative løysingar i saka.

Statsforvaltaren har peikt på at lokaliseringa ikkje er vurdert heilskapleg i overordna plan. Kommunen på si side meiner det er vanskeleg å planlegge for denne type turistanlegg i overordna plan. Det er reindrift i store delar av kommunen sitt areal, og den aktuelle lokaliseringa har minst konfliktar med reindrifta. Sjølv om det er gjort nokre vurderingar av plassering i samband med reguleringsplanen, er departementet likevel einig med stats­forvaltaren i at det er naudsynt med grundigare vurderingar av alternative lokalitetar. På møtet opplyste Målselv kommune at dei er i oppstartsfasen med ein ny samfunnsdel og at arbeidet med ein ny kommuneplan startar ved nyttår. Departementet meiner at revisjon av kommuneplanen gir moglegheit for å vurdere eit slikt anlegg i ein heilskapleg samanheng. Departementet viser til reglane i samelova og legg til grunn at det i samband med arbeidet med kommuneplanen blir gitt tilbod om konsultasjonar med reinbeitedistrikta. Konsultasjonar bør bli heldt tidleg i planprosessen.

Departementet har tilbydd konsultasjonar med reinbeitedistrikta. Det er avhalde møter med Lainiovuoma sameby den 27. februar 2023 og Nord Senja reinbeitedistrikt den 2. mars 2023. Protokoller frå møta er godkjent og lagt ved saka.

Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 bli lagt til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald. Vurderingane skal gå fram av vedtaket. Departementet vurderer at kunnskapsgrunnlaget om naturmangfald i planen er godt. Sidan planen ikkje blir godkjent, går ikkje departementet nærmare inn i vurderingane.

Konklusjon
Kommunal- og distriktsdepartementet har etter ei samla vurdering kome til at motsegna til detaljregulering for eit reiselivsanlegg ved Lille Rostavatn blir tatt til følgje, då eit turistanlegg som tilbyr hundekøyring her kan få negative konsekvensar for reindrifta. Departementet ser positivt på at kommunen ønsker å leggje til rette for naturbasert reiseliv, men meiner at lokalisering av eit turistanlegg av denne storleiken bør bli avklart i overordna plan. Revisjon av kommuneplanen gir moglegheit for å vurdere anlegget i ein heilskapleg samanheng. Konsultasjonsordninga i samelova må bli brukt aktivt for å finne gode løysingar med reindrifta både i Noreg og Sverige.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd godkjenner ikkje Kommunal- og distriktsdepartementet detaljregulering for Rosta - Lille Rostavatn i Målselv kommune.

For kunngjering av vedtaket gjeld plan- og bygningslova § 12-12 andre ledd.
 

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi:
Lainiovuoma sameby
Landbruks- og matdepartementet
Landbruksdirektoratet
Målselv kommune
Nord Senja reinbeitedistrikt