Horten kommune - motsegn til arealdelen av kommuneplanen 2022-2033 for Horten kommune

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje næringsområde N3 i kommuneplan for Horten. Området utgjer eit større areal med dyrka jord av stor verdi, og ei omdisponering til næringsføremål vil vere i strid med den nasjonale jordvernpolitikken. Departementet godkjenner delområde BN14 og BKB4 med føresegner om avsetting av eit areal til anna handel (område # 3 med føresegner). Departementet meiner at etablering av handel i delområda kan aksepterast i høve til regional plan for berekraftig arealpolitikk i Vestfold, men omfanget av tillat handel vert redusert til 3 000 m2 for å tilpassast eit lokalt handelsomland. Departementet godkjenner ikkje handel i delområda BN7 og BN13, da desse delområda i for stor grad er i konflikt med den regionale planen. Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje område TY3 til parkeringsplass. Området ligg i 100-metersbeltet langs sjøen, og forslaget er i strid med statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Departementet legg òg vekt på at Horten kommune har funne eit alternativt areal for parkering. Motsegnene frå Vestfold og Telemark fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er delvis tekne til følgje.

Bakgrunn

Arealdelen for kommuneplan for Horten kommune 2022-2033 er sendt til departementet frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i brev 21. desember 2022, grunna uløyste motsegner frå Vestfold og Telemark fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd om motsegnene skal takast til følgje.

Planforslaget blei sendt på høyring og lagt ut for offentleg ettersyn i perioden 17. februar til 8. april 2022. Horten kommune ønskjer i arealplanen å leggje til rette for at delområde N3 blir avsett til næringsføremål og at det innafor delområda BN7, BN13, BN14 og BKB4 blir avsett eit område kalla # 3 med føresegner om avsetting av eit samla areal på 7 000 m2 til «anna handel». Planen legg òg til rette for at delområde TY3 blir avsett til parkeringsføremål. Det er desse forholda dei uløyste motsegnene er knytt til.

Delområde N3 til næring og delområda BN7, BN13, BN14 og BKB4 med føresegner om avsetting av eit samla areal på 7 000 m2 til anna handel (område # 3 med føresegner)
Områda ligg langs riksveg 19 i Skoppum, cirka 8 km sørvest for Horten sentrum, og i direkte tilknyting til nye Horten stasjon. E18 ligg cirka 1 km vest for stasjonsområdet.

Delområde N3 er på 18 dekar og består i sin heilskap av fulldyrka jord. Området er tidlegare nytta til massedeponi ved utbygging av E18, og er i reguleringsplan for E18 Kopstad – Gulli regulert til «spesialområde – massedeponi, permanent landbruk». Etter at E18 vart ferdig er området tilbakeført til LNF-område. Området grenser til fulldyrka jord i sør, ei bustadtomt og to frådelte gardstun i vest og riksveg 19 i nord. I aust grenser N3 til innfartsparkeringa og stasjonsområdet for nye Horten stasjon. Området er i planforslaget sett av til næring.

På nordsida av Riksveg 19, rett overfor nye Horten stasjon, ligg òg delområda BN7, BN13, BN14 og BKB4. I kommuneplanen er delområda avsett til område # 3 med føresegner om avsetting til anna handel, og at det kan bli etablert eit varehus med eit samla areal på 7 000 m2.

I regional plan for berekraftig arealpolitikk i Vestfold sine planføresegner følgjer at det ikkje kan bli etablert handelsverksemd innafor eit belte på 1 km på kvar side av E18. Forbodet gjeld likevel ikkje for område som er knytt til eksisterande byar og tettstader, og der unntaka i retningslinene R6 og R7 kan leggast til grunn. Blant anna kan kommunen etter ein konkret vurdering sette av eit areal for etablering av handel på inntil 3 000 m2. Andre område for handel skal vere knytt til overordna, planmessig avklåring med tilhøyrande handelsanalyse.

Område TY3
Område TY3 ligg rett nord for Horten sentrum, i direkte tilknyting til Indre Havn sjukeheim. Området er på cirka 1,5 dekar. I kommuneplanen sin arealdel for 2019-2031 er området sett av til grønstruktur med underføremål friområde. I forslaget til ny kommuneplan er området sett av til offentleg føremål med parkering.

Vestfold og Telemark fylkeskommune fremja i brev 7. april 2022 motsegn til planen av omsyn til fleire nasjonale og regionale interesse. Fylkeskommunen meiner at disponering av område N3 til næring vil vere i strid med dei nasjonale føringane for jordvern. Fylkes­kommunen finn ikkje at det føreligg andre tungtvegande grunnar som gjer at dei nasjonale omsyna til jordvern kan bli sett til side.

Fylkeskommunen meiner vidare at ei disponering av delområda BN7, BN13, BN14 og BKB4 med føresegner om anna handel vil kome i konflikt med den regionale planen for berekraftig arealpolitikk i Vestfold. Delområda BN7 og BN13 ligg innafor eit belte på 1 km frå E18, og handelsetablering på desse delområda vil vere i strid med planføresegner og retningsliner til den regionale planen. Fylkeskommunen har òg vist til at ei handelsetablering på Skoppum vil vere eit brot på ei langvarig einsemd i Vestfold om handelsetablering i fylket.

Vestfold og Telemark fylkeskommune meiner at endring av delområde TY3 frå friområde til parkering vil vere i strid med omsynet til strandsonevern og med det generelle byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen. Fylkeskommunen peiker òg på at det ved framtidig fortetting i sentrum vil bli større behov for grøntareal.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark fremja i brev 8. april 2022 motsegn til plan­forslaget. Statsforvaltaren meiner at forslag om disponering av område N3 til næring er i konflikt med nasjonale og vesentlege regionale jordverninteresse. Statsforvaltaren viser til at samfunnsnytta av planen skal vurderast, og at alternative areal skal være utgreidd, før jordbruksareal blir vurdert omdisponert. Det aktuelle området har jordsmonn av god kvalitet. Området grenser òg direkte til fulldyrka jord i sør, og er ein del av eit større samanhengande jordbrukslandskap i Skoppum. Statsforvaltaren meiner òg at ei utviding av næringsareal i området kan auke utbyggingspresset på dei kringliggande jordbruksareala.

Sjølv om kommunen i planforslaget har føreslått ei tilbakeføring av 15 dekar dyrka jord i Borre til LNF-føremål, finn ikkje statsforvaltaren at dette tilstrekkeleg grad veger opp for dei ulempa ei nedbygging av dyrka jord på Skoppum medfører.

Mekling blei gjennomført 13. september 2022, men førte ikkje fram.

Horten kommune vedtok planen 9. november 2022. Kommunen har blant anna ein strategi i arealplanen med å leggje til rette for knutepunktutvikling i tilknyting til den nye jernbane­stasjonen, og å sikre areal til næring og vekst. Delområde N3 ligg rett vest for innfarts­parkeringa til stasjonsområdet, og næringsområdet vil få enkel tilgang til riksvegen via ei etablert rundkøyring. Kommunen meiner den sentrale plasseringa gjer arealet svært attraktivt for arbeidsplassintensive verksemder, og området vil vere eit viktig bidrag til utvikling av knutepunktet nye Horten stasjon.

Horten kommune har i dag ingen areal som er tilrettelagt for etablering av eit større varehus, og kommunen har difor sett av delområda BN7, BN13, BN14 og BKB4 med føresegner om avsetting til anna handel (område # 3 med føresegner). Kommunen viser til at delområda i all hovudsak er avklarte byggeområde, og om lag halvparten av areala ligg lengre enn 1 km frå E18. Etter kommunen si vurdering er det difor ikkje relevant å legge dei regionale plan-retningslinene til grunn for den austlege halvdelen av området. Kommunen meiner òg at dei viktigaste føresetnadene for å følgje opp dei regionale retningslinene er følgd opp i arealdelen.

Vidare har kommunen sett av delområde TY3 i tilknyting til Indre Havn sjukeheim til parkering. Arealet blei i planprosessen vurdert å vere det einaste nærliggande arealet som kunne dekke behovet for parkeringsplassar i området. I etterkant av motsegna har kommunen likevel funne anna areal til parkering, og viste under synfaringa til at det likevel ikkje var naudsynt å regulere TY3 til parkering.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark rår i oversendingsbrevet 21. desember 2022 å ikkje ta motsegna til delområde TY3 til følgje. Statsforvaltaren meiner etter ei samla vurdering at kommunen sitt ønske om god infrastruktur i samband med drift av sjukeheimen må vege tyngre enn strandsonevernet. Statsforvaltaren har inga tilråding til motsegna knytt til delområde N3 og til delområda BN7, BN13, BN14 og BKB4 med føresegner om avsetting til handel.

Møte og synfaring blei gjennomført 8. februar 2023 med representantar frå Horten kommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Landbruksdirektoratet, Landbruks- og matdepartementet, Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Landbruks- og matdepartementet rår i brev 7. mars 2023 å ta motsegnene til N3 til følgje. Departementet meiner det bør ligge føre samfunnsinteresse av stor tyding for å tillate nedbygging av dyrka jord. Det nasjonale målet om å redusere årleg omdisponering av dyrka jord tilseier at man må være tilbakehalden med å godkjenne utbygging på dyrka jord før det er absolutt naudsynt. Jorda i delområde N3 er ein del av eit større samanhengande jordbruksområde med stor verdi. Departementet meiner difor at omsynet til jordvern må vege tungt.

Klima- og miljødepartementet rår i brev 17. mars 2023 å ta motsegnene frå Vestfold og Telemark fylkeskommune til følgje. Departementet meiner at forslaget om å opne for eit 7 000 m2 stort varehus på eit areal sett av til bygg og anlegg, er i strid med føringane i dei statlege planretningslinene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og med regional plan for berekraftig arealpolitikk i Vestfold. Handelsverksemd og andre tenestetilbod retta mot publikum bør vere lokalisert ut frå ei regional heilskapleg vurdering. Departementet meiner at eit stort varehus ved den nye togstasjonen i hovudsak vil vere bilbasert, og i tillegg trekke til seg kundar frå eit større område i regionen. Departementet meiner at verknaden av ein auka bilbasert handel avgrensar samfunnsnytta, og at dei statlege retningslinene og den regionale planen må bli tillagt stor vekt ved lokalisering av ny handelsverksemd.

Departementet meiner ei disponering av friområde i strandsona til parkeringsområde er i konflikt med dei statlege planretningslinene for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen. Området TY3 er ein del av eit samanhengande grøntområde, og ligg innafor bygge­grensa mot sjøen i gjeldande kommuneplan. Departementet viser òg til at Horten kommune har funne ein alternativ plassering av parkeringsplassen. Departementet tilrår å ta motsegna til følgje.

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd ta stilling til om motsegna til delområde N3, delområda BN7, BN13, BN14 og BKB4 med føresegner og delområde TY3 i kommuneplanen sin arealdel skal takast til følgje, eller om kommunen sitt vedtak skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

Næringsområde N3
Nasjonale føringar for jordvern går fram av den nasjonale jordvernstrategien. Ved Stortinget sin behandling av jordvernstrategien i 2021, blei det satt eit nasjonalt mål om at årleg omdisponering av dyrka jord skal vere redusert til 3 000 dekar innan 2025. I oppdatert jordvernstrategi frå 2023 er det nasjonale jordvernmålet skjerpa til 2000 dekar. Vidare går det fram av Landbruks- og matdepartementet sitt brev 1. oktober 2018 at det i motsegnsaker skal leggast vekt på om arealet er av nasjonal eller vesentleg regional verdi, under dette om det er lettdrive og om det er ein del av eit større samanhengande jordbruksareal. Den nasjonale jordvernpolitikken tilseier difor at kommunane må føre ein restriktiv praktisering av jordvernpolitikken i sin arealforvaltning.

Kommunal- og distriktsdepartementet har forståing for kommunen sitt ønske om knutepunkt­utvikling rundt stasjonsområdet. Ønske om å avsette området til næring må likevel vurderast opp mot dei nasjonale måla om eit styrka jordvern. Motsegna til næringsområde N3 gjeld eit areal der omsynet til jordvern står sterkt. Det aktuelle området består i dag av 18 dekar dyrka jord. Området ligg òg i direkte tilknyting til eit anna område med dyrka jord. I samband med utbygging av E18 blei området brukt som massedeponi, men var òg før utbygginga nytta til jordbruk. Etter tilbakeføring til dyrka mark har jorda vore jordsmonn-kartlagd, og er dokumentert å ha svært god jordkvalitet.

Området var òg føreslått til næringsareal i kommunedelplanen for Skoppum i 2021. Motsegna frå statsforvaltaren blei då løyst ved at kommunen omdisponerte eit areal sør for innfartsparkeringa til næringsføremål, mot at delområde N3 blei teken ut av kommunedel-planen. Departementet viser òg til at kommunen sjølv har som eit eige arealstrategipunkt i kommuneplanens samfunnsdel at dyrka mark og dyrkbare areal skal bli varetekne.

Kommunal- og distriktsdepartementet har etter ei samla vurdering kome til at ei disponering av N3 til næringsføremål ikkje kan godkjennast ut frå omsynet til jordvern.

Delområda BN7, BN13, BN14 og BKB4 med føresegner om anna handel (område # 3 med føresegner)
Etter dei statlege planretningslinene for samordna bustad,- areal- og transportplanlegging bør utbyggings­mønster og transportsystem samordnast for å fremje utvikling av kompakte byar og tettstader, redusere transportbehovet og leggje til rette for klima- og miljøvenlege transportformer. Det må bli lagt vekt på effektive løysingar slik at transportbehovet blir avgrensa, og planlegginga skal bidra til å styrke kollektivtransport, sykkel og gange som transportform. Rammene for utbyggingsmønster og transportsystem bør bli fastsett i regionale planar i tråd med desse retningslinene. Regionale planar bør mellom anna avklare lokalisering av regionale handels- og service­funksjonar og hovudtrekka i transportsystemet. Både dei statlege planretningslinene og regionale planar må bli tillagt vekt ved lokalisering av ny handelsverksemd.

Den regionale planen for berekraftig arealpolitikk i Vestfold har som føremål å utforme ein felles og forpliktande arealpolitikk som bidreg til ei berekraftig samfunnsutvikling. Planen skal gje grunnlag for attraktive og levande byar og tettstader. Av planføresegna til planen følgjer at det ikkje kan bli etablert handelsverksemd innafor eit belte på 1 km på kvar side av E18. Forbodet i planføresegna gjeld ikkje for område som er knytt til eksisterande byar og tettstader, og der unntaka i retningslinene R6 og R7 kan leggast til grunn. Blant anna kan kommunen etter ei konkret vurdering sette av eit areal for etablering av handel på inntil 3 000 m2.

Etter departementet si vurdering støtter planen slik den er vedteken av kommunen ikkje opp under målet om eit redusert transportbehov og lokalisering av handelsverksemder. Avstanden til Horten sentrum er om lag 8 km, og det er ikkje eit tilstrekkeleg kollektivtilbod mellom Horten sentrum og Skoppum. Det må difor forventast at mykje av handelen vil bli bilbasert. Om lag halvparten av området ligg innafor ei grense på 1 km frå E18, og er i direkte konflikt med planføresegna i den regionale planen. Eit stort varehus på 7 000 m2 ved den nye togstasjonen, og i kort avstand frå E18, vil òg tiltrekke seg kundar frå eit større omland.

Under meklinga opna fylkeskommunen for å fråfalle motsegna om handel blei avgrensa til delområda BN14 og BKB4. Fylkeskommunen peika på at desse områda ikkje er i konflikt med avstandsgrensa til E18 i den regionale planen, og at dei heng fysisk saman og ligg aust for jernbanelina. Med ein tydeleg grense mellom areal til handel og areal til anna næring vil det vere lettare å avgrense handelsomfanget til det som er tilpassa Skoppum sitt behov.

Departementet har etter ei samla vurdering kome til det kan godkjennast noko handel i området, men at dette må tilpassast eit lokalt behov. Delområda BN14 og BKB4 vil vere best egna til dette, og departementet godkjenner difor at det kan etablerast handel innanfor desse områda. Samstundes blir omfanget av maksimalt tillate handel redusert frå 7 000 m2 til 3 000 m2 for å være tilpassa eit lokalt behov. Etter departementet si vurdering vil dette vere i tråd med retningslinene i den regionale planen, som seier at kommunen etter ei konkret vurdering kan sette av eit område på inntil 3 000 m2  til handel. Innafor delområda BN7 og BN13 tillatast ikkje handel.

Parkeringsområde TY3
Etter plan- og bygningslova § 1-8 skal det takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesse i 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag. Statlege planretningsliner for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen utdjupar den nasjonale arealpolitikken i 100-metersbeltet langs sjøen. Målet er å sikre ålmenta sine interesse, og å unngå uheldig bygging langs sjøen.

Horten kommune ligg i sone 1 i retningslinene, kor byggeforbodet i 100-metersbeltet skal praktiserast strengt. Departementet viser òg til at Horten kommune har utgreia alternativ for parkering, og at området difor ikkje vil bli nytta til parkeringsføremål i tråd med planforslaget. Departementet godkjenner etter dette ikkje område TY3.

Vurdering etter naturmangfaldlova
Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald. Vurderingane skal gå fram av vedtaket. Motsegna er ikkje grunna i omsynet til naturmangfald, og det er vurdert at planen ikkje fører til konsekvensar for naturverdiane i området. Kommunal- og distriktsdeparte­mentet finn at kunnskapsgrunnlaget med omsyn til naturmangfald er tilstrekkeleg.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd godkjenner ikkje Kommunal- og distriktsdepartementet avsetting av delområde N3 til næringsføremål og delområde TY3 til parkeringsføremål i arealdelen til kommuneplanen for Horten kommune 2022-2033, vedteken av Horten kommunestyre den 9. november 2022.

I delområda BN14 og BKB4 tillatast samla inntil 3 000 m2 handel. I delområda BN7 og BN13 tillatast ikkje handel.

Departementet ber om at kommunen gjer dei naudsynte endringane i planen. For kunn­gjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd. Kommunen er orientert om vedtaket gjennom kopi av dette brevet.

Departementet sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. plan- og bygningslova § 11-16, siste ledd.

Med helsing

Erling Sande

 

Kopi:
Horten kommune
Klima- og miljødepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Landbruksdirektoratet
Miljødirektoratet
Vestfold og Telemark fylkeskommune