Vestre Slidre kommune - avgjerd i motsegn til reguleringsplan for gangveg Slidre - E16 med to nye bustadtomter

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner reguleringsplan for to nye bustadtomter i Vestre Slidre kommune, med endringar i planføresegnene for å sikre at tilfredsstillande støyforhold vert oppnådd. Motsegna frå Statsforvaltaren i Innlandet er ikkje teken til følgje.

Bakgrunn

Reguleringsplan for to bustadtomter ved gangveg Slidre – E16 i Vestre Slidre kommune er sendt til departementet frå Statsforvaltaren i Innlandet i brev 13. januar 2023, på grunn av uløyst motsegn frå statsforvaltaren. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 om motsegna skal takast til følgje.

Føremålet med planen er å leggje til rette for to nye bustadtomter innanfor eit område som i gjeldande reguleringsplan er regulert til jord- og skogbruk. Planområdet ligg i utkanten av Slidre sentrum, på kanten av ei skjæring mot Slidrevegen, på austsida av Slidrefjorden. E16 går mellom Slidrefjorden og Slidrevegen, og dei nye tomtene blir liggande ca. 100 meter frå E16, og delvis innanfor gul støysone. Ein liten del av planområdet ligg òg i raud støysone.

Statsforvaltaren i Innlandet fremja i brev 7. oktober 2022 motsegn til planen. Ein større del av planområdet ligg i gul støysone, og statsforvaltaren meiner det ikkje bør opnast for ny støyfølsam busetnad i støyutsette område. Statsforvaltaren meiner at det i planarbeidet må utgreiast om området er egna for bustadbygging, mens kommunen i denne saka har lagt opp til å utsetje kravet om dokumentasjon av støytilhøva til byggesøknaden.

Mekling er ikkje gjennomført.

Vestre Slidre kommune vedtok planen 24. november 2022. Kommunen meiner det ikkje er naudsynt å greie ut i reguleringsplanen om området er eigna for bustadbygging i høve til støy. Byggeområdet ligg i ytterkant av gul støysone, og kommunen meiner at bustadbygging vil være mogleg med enkle støytiltak. Kommunen meiner òg det er rasjonelt å utsette kostnaden med støyutgreiing til ein veit at tomta er godkjent og ein kan relatere støyforhold direkte til eit konkret byggetiltak.

Statsforvaltaren i Innlandet tilrår i oversendingsbrev 13. januar 2023 å ta motsegna til følgje. Statsforvaltaren peiker på at føremålet med ei støyutgreiing i plan nettopp er å gje kommunen eit grunnlag for å avgjere om planområdet er egna for bustadbygging eller ikkje.  

Møte vert gjennomført digitalt 15. februar 2023 med representantar frå Vestre Slidre kommune, Innlandet fylkeskommune, Statsforvaltaren i Innlandet, Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Klima- og miljødepartementet tilrår i brev 22. mars 2023 at departementet ikkje tek motsegna til følgje. Departementet viser til at hovudregelen er at støyutgreiingar skal skje i  planbehandlinga, og ikkje utsettast til byggesak kor det kan bli vanskelegare å finne gode løysingar og sikre at grenseverdiar og kvalitetskriterier vert tilfredsstilt. det vil vere uheldig om det generelt vert opna for ein praksis der støyutgreiing vert utsett til byggesak. Klima- og miljødepartementet viser likevel til at det kan gjerast skjønnsmessige vurderingar i konkrete sakar. I denne saka finn departementet at både støynivå og tomtestørrelsen tilseier at det er mogleg å bygge bustader med tilfredsstillande støyforhold på eigedomen, og at omsynet til støy i kan bli vareteke gjennom planføresegner.

Vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet

Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd ta stilling til om motsegna til reguleringsplan for bustadtomter ved gangveg Slidre - E16 skal takast til følgje, eller om kommunen sitt vedtak skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

Etter retningslinene for handtering av støy i arealplanlegging (T-1442/2021) skal støytilhøve vere avklart på eit tidleg tidspunkt i planlegginga viss det skal etablerast støyfølsam bustad innanfor gul støysone. Sjølv om hovudregelen er at støyutgreiingar skal gjerast i plansaka, kan det likevel gjerast skjønnsmessige vurderingar i konkrete saker.

Departementet vurderer at tomtestørrelsen vil gjere det mogleg å bygge bustader med tilfredsstillande støyforhold på eigedomen. Dei aktuelle tomtene er forholdsvis store, og om lag halvparten av tomtene ligg utanfor gul støysone. Vidare er årsdøgntrafikken på vegen som grenser til tomtene låg. Departementet meiner at dette gjer det mogleg å finne løysingar for plassering og utforming av nye bustader slik at grenseverdiar for utandørs støy i støyretningslina T-1442, vert overhaldt. For å avgrense eventuelle støyulemper på eigedomen har departementet gjort endringar i reguleringsføresegnene, i tråd med råda frå Klima- og miljødepartementet.

Departementet godkjenner med denne endringa reguleringsplan for gangveg Slidre – E16, med to nye bustadtomter. Motsegna frå statsforvaltaren er ikkje tatt til følgje.

Vurdering etter naturmangfaldlova
Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald. Vurderingane skal gå fram av vedtaket. Kommunen har gjennom andre gongs handsaming av planforslaget føretatt ein vurdering av naturmangfaldet etter prinsippa i lova. Det er kartlagt naturtype lågurtskog av svært stor verdi, og tilstanden på naturtypen er vurdert som god. Bygging på tomta ikkje kan gjerast utanom lågurtskogen, og det vil ikkje være mogleg å gjere avbøtande tiltak. Kommunen har òg registrert naturtypen på andre stader, og som har fått høgste verdi. Planen truar ikkje artstypen i vesentleg grad. Departementet vurderer på bakgrunn av dette at krava til naturmangfaldlova §§ 8-12 er oppfylt.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet reguleringsplan for bustadtomter ved gangveg Slidrevegen – E16, vedteken av Vestre Slidre kommunestyre den 24. november 2022, med følgjande endringar:

Ny 3.2 Støysoner skal lyde:

  • Nye bustader skal ha ei stille side der soverom kan plasserast. Støynivå utanfor fasade på stille side skal ikkje overstige 55 dBA.
  • Bustadene skal ha egna opphaldsareal utandørs der støynivået ikkje overstig 55 dBA.
  • Dokumentasjon på at støykrava vil bli innfridd skal ligge føre før det blir gitt byggeløyve.

Departementet ber om at kommunen gjer dei naudsynte endringane i planen. For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 12-12 andre ledd.
 

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi:
Klima- og miljødepartementet
Vestre Slidre kommune