Avgjerd i motsegnsak. Kommuneplanen 2020-2030 i Nome kommune - arealdelen

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje bustadområde B15 Ajer i arealdelen til kommuneplan for Nome kommune. Departementet vurderer at omdisponering til bustadføremål på B15 er i stor konflikt med omsynet til jordvern. Departementet legg vekt på at den dyrka jorda har svært god kvalitet, at arealet er ein del av eit større samanhengande areal med god arrondering, og at det er store bustadreserver i kommunen. Motsegnene frå Vestfold og Telemark fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er tatt til følgje.

Bakgrunn

Arealdelen til kommuneplanen for Nome kommune er sendt til departementet frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i brev 29. september 2022, på grunn av uløyste motsegner frå Vestfold og Telemark fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Kommunal- og distriktsdepartementet avgjer etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd om motsegna skal tas til følgje.

Arealdelen til kommuneplan 2020-2030 for Nome kommune var på høyring og offentleg ettersyn fram  til 15. august 2020. Nome kommune ønsker gjennom arealplanen å leggje til rette for at område B15 Ajer blir avsett til bustadføremål. Området ligg i Lunde, cirka 1 mil vest for kommunesenteret Ulefoss. Ved høyring blei B15 Ajer med eit samla areal på 73,4 dekar avsett til bustadføremål. Etter høyring og varsel om motsegn er arealet redusert til 40,5 dekar.

Vestfold og Telemark fylkeskommune fremja i brev 21. september 2020 motsegn til planen fordi ei omdisponering av B15 Ajer til bustadføremål er i strid med nasjonal jordvernpolitikk. Fylkeskommunen meiner det er viktig at dei verdifulle landbruksområda i Nome vert sikra for framtidig matproduksjon. Området består av fulldyrka jord av god kvalitet, og ei omdisponering vil òg gjere at eit areal på naboeigedomen på cirka 5 dekar blir lite drivverdig. Fylkeskommunen peiker òg på at kommunen har ei samla bustadreserve på over 500 dekar, og at omlag 168 dekar av dette ligg innafor tettstadavgrensinga til Lunde. Det bør difor vere mogleg å finne områder som ikkje er på dyrka mark. Etter ei samla vurdering finn fylkeskommunen at omsynet til jordvernet bør veie tyngre enn samfunnsnytta av ei bustadutbygging.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark fremja i brev 18. august 2020 motsegn til B15 Ajer. Statsforvaltaren meiner at ei omdisponering av området til bustadføremål er i konflikt med nasjonale og vesentlege regionale jordverninteresser. Statsforvaltaren peiker på at planforslaget inneheld fleire eksisterande og nye bustadområde nær Lunde sentrum, og meiner difor at omsynet til nasjonal jordvernpolitikk må veie tyngre enn samfunnsnytta av ei omdisponering av arealet til bustadutbygging.

Nome kommune vedtok planen 2. mars 2021, med etterfølgjande vedtak 14. desember 2021. Kommunen viser til at området allereie i 2002 blei lagt inn i arealdelen av kommuneplanen  til framtidig bustadføremål, og vidareført i kommuneplanen i 2009. Sjølv om området er unntatt frå rettsverknad på grunn av uløyste motsegner, blei det oppgradert med infrastruktur påkosta av Nome kommune. Kommunen viser òg til at området ligg i gangavstand til skule, idrettsplass, sentrum og jernbanestasjon. Vidare ligg det i tilknyting til øvrige bustadområde i Ajer. Kommunen meiner at dei allereie har etterkome motsegna ved å ta ut omlag 33 dekar frå det opphavlege forslaget.

Mekling blei gjennomført 11. mars 2022, utan at partane kom til einigheit om ei løysing. Ved brev av 22. august 2022 fastheld kommunen sine tidlegare vedtak og ber statsforvaltaren oversende saka til departementet for endeleg avgjerd.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark rår i oversendingsbrevet 29. september 2022 til å ta motsegnene til følgje på grunn av omsynet til jordverninteressene i saka.

Møte og synfaring blei gjennomført 7. desember 2022 med representantar frå Nome kommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Landbruksdirektoratet, Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Landbruks- og matdepartementet rår i brev 30. januar 2023 til å ta motsegnene til følgje. Departementet viser til Landbruksdirektoratet si vurdering i saka, der det går fram at arealet på Ajer er verdifullt for landbruksnæring og matproduksjon. Arealet er stort og av svært god kvalitet, og det er lettdrive grunna god arrondering. Ei omdisponering og nedbygging av den fulldyrka jorda kan òg gje drifts- og miljømessige ulempe for arealet på naboeigedomen. 

Landbruks- og matdepartementet støttar Landbruksdirektoratet si vurdering. Departementet viser til den nasjonale jordvernstrategien, som seier at det skal føreligge tungtvegande samfunnsinteresser dersom omsynet til jordvern skal fråvikast. Departementet meiner difor at ei omdisponering av område B15 Ajer til bustadføremål ikkje bør godkjennast.

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd ta stilling til om område B15 Ajer i arealdel av kommuneplanen for Nome er i ein slik konflikt med jordvernet at motsegnene skal tas til følgje, eller om kommunen sitt vedtak skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

Nasjonale føringar for jordvern går fram av den nasjonale jordvernstrategien. Stortinget behandla oppdatert jordvernstrategi i 2021, og det blei då sett eit nasjonalt jordvernmål om at årleg omdisponering av dyrka jord skal vere redusert til 3000 dekar innan 2025. Vidare går det fram av Landbruks- og matdepartementet sitt brev 1. oktober 2018 at det i motsegnsaker skal leggjast vekt på om arealet er av nasjonal eller vesentleg regional verdi, herunder om det er lettdrive og om det er ein del av eit større samanhengande jordbruksareal. Den nasjonale jordvernpolitikken tilseier difor at kommunane må føre ein restriktiv praktisering av jordvernpolitikken i sin arealforvaltning.

Nome kommune har vist til at det er avgrensa tilgang på attraktive tomter for bustadbygging i Lunde. Det aktuelle området ligg i nær tilknyting til skule og idrettsanlegg, og i gangavstand til Lunde sentrum. Kommunal- og distriktsdepartementet har forståing for kommunen sitt ønske om å tilby attraktive bustadareal. Departementet viser likevel til at ønske om utbygging må vurderast opp mot dei nasjonale måla om eit styrkt jordvern. Avsetting av B15 Ajer til bustadføremål vil føre til ei omdisponering av 40,5 dekar dyrka jord av høg kvalitet. I tillegg vil eit areal på cirka 5 dekar på naboeigedomen, som ligg i direkte tilknyting til området, bli lite drivverdig.

Departementet viser òg til at det er store bustadreserver i kommunen, sjølv om delar av desse areala er mindre attraktive, og ikkje like lette å nytta til bustadføremål. Departementet meiner at andre område bør vurderast for bustadbygging  før ein vurderer utbygging som inneber omdisponering av dyrka jord.

Kommunal- og distriktsdepartementet har etter ei samla vurdering kome til at ei omdisponering av 40 dekar dyrka jord av så stor verdi som på område B15 Ajer, ikkje kan forsvarast ut frå omsynet til jordvern. Departementet godkjenner difor ikkje omdisponering av B15 Ajer til bustadføremål. Motsegnene frå fylkeskommunen og statsforvaltaren er tatt til følgje.

Vurdering etter naturmangfaldlova
Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald. Vurderingane skal gå fram av vedtaket. Motsegna er ikkje grunna i omsynet til naturmangfald, og det er vurdert at planen ikkje fører til konsekvensar for naturverdiane i området. Kommunal- og distrikts­departementet finn at kunnskapsgrunnlaget med omsyn til naturmangfald er tilstrekkeleg.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd godkjenner ikkje Kommunal- og distriktsdepartementet omdisponering av område B15 Ajer til bustadføremål i Kommuneplan 2020-2030 for Nome kommune, vedteken av Nome kommunestyre den 2. mars 2021.

Departementet ber om at kommunen gjer dei naudsynte endringane i planen. For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd.
 

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi:
Landbruks- og matdepartementet
Landbruksdirektoratet
Nome kommune
Vestfold og Telemark fylkeskommune