Tysnes kommune – motsegn til detaljregulering for Elsakervågen industriområde

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner reguleringsplan for Elsakervågen industriområde i Tysnes kommune. Departementet legg vekt på at eksisterande næringsverksemd skal få moglegheit til å vekse, og at verknadane for naturmangfaldet er akseptable. Departementet vedtek eit tillegg i planføresegnene som skal sikre at den planlagde utfyllinga tek omsyn til ein førekomst av sukkertareskog. Motsegna frå Statsforvaltaren i Vestland er ikkje teken til følgje.

Bakgrunn

Detaljregulering for Elsakervågen industriområde er send til Kommunal- og distrikts­departementet i brev datert 25. august 2022 frå Statsforvaltaren i Vestland, på grunn av ei uløyst motsegn. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd om motsegna skal takast til følgje. Motsegna er fremja av Statsforvaltaren i Vestland som miljøstyresmakt.

Føremålet med planforslaget er å leggje til rette for utvikling av eit eksisterande nærings­område. Verksemda som held til i området i dag er base for servicebåtar for oppdretts­næringa og utfører vedlikehald på slike båtar. Kommunen ønskjer å leggje til rette for at verksemda kan utvikle drifta med sjønære næringsareal og eit utvida kaiområde. Planforslaget legg òg til rette for utviding av vegen.

Planområdet er om lag 153 dekar stort, og av dette er ca. 50 dekar sett av til industriformål. Planforslaget er ei utviding og endring av reguleringsplan for Langeland, godkjend i 1976. Det er føreslått at planområdet blir utvida nordover og fram til plangrensa til reguleringsplan for Alsaker brygge sør, som blei vedteken i 2017. Utvidinga inneber at 5,5 dekar, som er sett av til LNF-formål i arealdelen til kommuneplanen, blir endra til industriformål. I tilknyting til dette er det føreslått ca. 8 dekar industriformål på utfylling i sjø og 12,7 dekar flytande kai- og bryggjekonstruksjonar, begge delar i strid med arealdelen til kommuneplanen. I sørvest inneber planforslaget at ca. 45 dekar, som i gjeldande reguleringsplan er industriformål, blir endra til LNF-formål for å ta omsyn til landbruksdrifta og naturtypen rik svartorsumpskog. Kommunestyret i Tysnes fatta planvedtak 22. februar 2022.

Statsforvaltaren i Vestland som miljøstyresmakt fremja motsegn til planen den 28. august 2020. Motsegna er grunngjeven med at planforslaget er i strid med arealdelen til kommune­planen, i konflikt med strandsoneomsyn og naturmangfald og at gjennomført konsekvens­utgreiing er mangelfull.

Statsforvaltaren meiner kommunen ikkje i tilstrekkeleg grad har grunngjeve behovet for å fråvike arealbruken som er fastsett i arealdelen til kommuneplanen. Statsforvaltaren viser til at det i kommuneplanen skal gjerast heilskaplege vurderingar av behovet for samfunns- og næringsutvikling og omsynet til mellom anna strandsone, landskap og naturmangfald. Dei manglande heilskapsvurderingane gjer at planen òg er i strid med dei statlege planretnings­linjene for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen.

Statsforvaltaren viser til at det i planområdet er registrert ein sukkertareskog og eit lokalt viktig gytefelt for torsk. Statsforvaltaren peikar på at utfyllinga vil ha negativ verknad for sukkertareskogen, og at konklusjonen i konsekvensutgreiinga er usikker på grunn av at sukkertareskog i mellomtida har endra status frå «sårbar» til «sterkt truga» i den nasjonale raudlista. Statsforvaltaren meiner vidare at det burde ha vore gjennomført undersøkingar av naturmangfald på land, og viser til at det potensielt kan vere førekomstar av naturtypen rik edellauvskog. Statsforvaltaren påpeiker til slutt at vurderinga etter dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova er mangelfull og at planforslaget ikkje er vurdert etter vassforskrifta § 12.

Statsforvaltaren har gjeve ei ny vurdering av motsegna i brev den 26. mars 2021, etter at det er gjennomført ei supplerande kartlegging av naturmangfald på land. Verdien av sukker­tareskogen er òg oppjustert til «stor» i samsvar med den nye raudlistestatusen. Samla er reguleringsplanen no vurdert å ha middels negativ konsekvens for naturmangfald. Statsforvaltaren viser til at dei er blitt kjend med at det er planlagd ytterlegare utfylling i sjø nord for planområdet, innanfor reguleringsplanen for Alsaker brygge sør, som òg kan ha negativ verknad for naturverdiane i sjøen. Statsforvaltaren viser til at det ikkje er gjort greie for sumverknadane av desse tiltaka, og meiner det er behov for ei meir heilskapleg vurdering av arealbruken i området. Statsforvaltaren opprettheldt såleis motsegna til planforslaget.

Tysnes kommune viser i saksframlegget til kommunestyret til at næringsarealet for ein stor del er i samsvar med arealdelen til kommuneplanen, og meiner det ikkje er i strid med føresetnadene i plansystemet å gjere noko endringar gjennom ein reguleringsplan. Tysnes kommune er ikkje samd med Statsforvaltaren i Vestland i at utviklinga i området Elsakervågen–Onarheim–Nedrevåge har skjedd stykkevis og delt, og viser til at områda ligg inne i dagens kommuneplan og i all hovudsak er fylgde opp gjennom detaljreguleringar. Kommunen understrekar at områda skal dekke ulike behov. Kommunen meiner òg at innvendingane til konsekvensutgreiinga er svarte ut.

Mekling blei gjennomført i digitalt møte 8. november 2021, utan at partane kom til semje.

Statsforvaltaren i Vestland som samordningsstyresmakt rår i oversendingsbrevet til Kommunal- og distriktsdepartementet, datert 25. august 2022, til at motsegna blir teken til følgje. Statsforvaltaren meiner kommunen bør vurdere arealbruken i området samla gjennom ein overordna plan.

Møte og synfaring blei gjennomført 16. november 2022 med representantar frå Tysnes kommune, Statsforvaltaren i Vestland, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Klima- og miljødepartementet skriv i brev 9. februar 2023 at planforslaget ikkje ser ut til å kome i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale miljøverdiar, og at dei positive verknadene ser ut til å vere større enn dei negative. Klima- og miljødepartementet meiner likevel det må leggjast stor vekt på utforminga av utfyllinga, slik at sukkertareskogen kan reetablere seg og det blir minst mogleg inngrep i eksisterande sukkertareskog. Departe­mentet er samd i vurderingane til Statsforvaltaren i Vestland om at det ideelt sett burde vore gjort heilskaplege vurderingar av dei samla verknadane av tiltak i området, og at lokalisering av næringsareal burde vore vurdert ved revisjon av arealdelen til kommuneplanen. Departementet meiner likevel at omsynet til ein overordna og heilskapleg planprosess ikkje er tungtvegande nok til at motsegna bør takast til følgje.

Klima- og miljødepartementet viser elles til at det må gjerast ei vurdering etter vassforskrifta § 12 før reguleringsplanen blir vedteken. Dersom paragrafen kjem til bruk og vilkåra ikkje er oppfylte, må reguleringsplanen endrast slik at vilkåra blir oppfylte.

Vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet

Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd ta stilling til om motsegna til reguleringsplanen skal takast til følgje, eller om vedtaket til kommunen skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

Departementet vil peike på at det har vore ein lang prosess i saka, og at det er noko uklart kva som har vore dei viktigaste punkta i motsegna frå statsforvaltaren. Departementet legg til grunn at både behovet for overordna planavklaringar, for å vurdere summen av nye og eksisterande inngrep, og omsynet til strandsone og naturmangfald er uavklarte motsegns­punkt.

Gjeldande arealdel av kommuneplanen for Tysnes blei vedteken i april 2012, og kommunen er no i gang med å revidere arealdelen. Statsforvaltaren har peika på at det aktuelle næringsområdet bør vurderast i ein overordna plan og sjåast i samanheng med andre næringsområde. Kommunal- og distriktsdepartementet er samd i at arealbruken generelt bør vurderast i kommuneplanen, mellom anna for å sjå på alternative løysingar. I denne saka kan departementet likevel ikkje sjå at det er eit realistisk alternativ å flytte den eksisterande verksemda til eit anna område for å utvikle drifta. Departementet legg vekt på at utvidinga berre omfattar om lag 13,5 dekar nytt industriareal og 12,7 dekar til flytande kai- og bryggje­konstruksjonar, og dermed utgjer ein mindre del av det samla næringsarealet. Departe­mentet er såleis samd med kommunen i at den føreslåtte utvidinga bør kunne vurderast på reguleringsplannivå.

Tysnes kommune inngår i sone 3 i dei statlege planretningslinjene for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen. I desse områda er det mindre press på areala, og det skal leggjast vekt på behovet for næringsutvikling i vurderinga av tiltak i hundremetersbeltet langs sjøen. Det går fram av retningslinjene at avklaring av arealbruk i strandsona skal skje gjennom planlegging, at utbygging bør konsentrerast til etablerte byggjeområde, og at det skal takast omsyn til mellom anna naturmangfald, landskap og friluftsliv. Departementet viser til at den aktuelle næringsverksemda har behov for å ligge til sjøen, at området ikkje har særleg verdi for friluftsliv og at det er inngrep i området frå før. Departementet vurderer såleis at planforslaget ikkje er i vesentleg strid med dei statlege planretningslinjene.

Den oppdaterte kartlegginga av naturmangfald, datert 12. november 2020, viser at det er ein førekomst av rik edellauvskog på land, som er vurdert å ha stor verdi. I etterkant av kart­legginga er det utført hogst i den sørlege del av denne førekomsten, tilsvarande arealet som er sett av til industriføremål i planforslaget. Resten av førekomsten ligg i eit område som er sett av til landbruks-, natur- og friluftsføremål. Planforslaget vil ikkje ha negativ verknad for edellauvskogen ut over den hogsten som allereie er gjennomført.

I sjøen langs land er det registrert to førekomstar av sukkertareskog innanfor planområdet. I den oppdaterte kartlegginga av naturmangfald, er desse førekomstane vurdert å ha stor verdi. Store delar av den sørlegaste førekomsten vil gå tapt som følgje av den planlagde utfyllinga, men det er vurdert at sukkertareskogen kan reetablere seg på fyllinga med utgangspunkt i attverande førekomstar. Påverknaden på det registrerte gytefeltet for torsk vil i følgje kartlegginga vere avgrensa. Samla er planforslaget vurdert å ha middels negativ konsekvens for naturmangfald. Departementet vurderer ut frå dette at kunnskapsgrunnlaget om naturmangfald er tilstrekkeleg godt i saka, jamfør naturmangfaldlova § 8, og at føre-var-prinsippet i § 9 ikkje kjem til bruk.

Kommunal- og distriktsdepartementet viser til at den aktuelle førekomsten av sukkertareskog er relativt liten, at det finst andre førekomstar i nærleiken, og at det er vurdert at sukker­tareskogen vil kunne reetablere seg på fyllinga. Departementet vurderer difor at verknaden for økosystemet er akseptabel sett opp mot samfunnsnytten av å leggje til rette for utvikling av næringsverksemda på staden. Kommunal- og distriktsdepartementet viser til fråsegna frå Klima- og miljødepartementet om utforming av utfyllinga, og vurderer at det i denne saka er rimeleg å krevje at det blir gjort tiltak for å minimere verknadane for sukkertareskogen. Departementet vedtek difor ei ny føresegn om utforming av utfyllinga.

Verken i planforslaget med konsekvensutgreiing eller i saksframlegget er det gjort ei vurdering etter vassforskrifta § 12, slik kravet er. Vurderinga må gjerast før reguleringsplanen blir vedteken. I ei slik vurdering skal det først takast stilling til om § 12 kjem til bruk, og i tilfelle om vilkåra er oppfylte. Reguleringsplanen omfattar ein liten del av kystvass­førekomsten Onarheimsfjorden, ein sidearm til Hardangerfjorden. I Vann-Nett.no er Onarheimsfjorden registrert med god økologisk og dårleg kjemisk tilstand. Det går fram at han er påverka av kjemisk og organisk ureining og næringsureining.

Vassforskrifta § 12 kjem til bruk i tilfelle der ny aktivitet eller nye inngrep anten medfører at miljømåla i §§ 4–7 ikkje blir nådde, eller at miljøtilstanden blir forringa. Forringa tilstand inneber at tilstanden går frå ein klasse til ein annan (til dømes frå god til moderat). Den negative påverknaden må òg vare ei viss tid. Kommunal- og distriktsdepartementet viser til at den planlagde utfyllinga på 8 dekar vil innebere eit avgrensa inngrep i vassførekomsten, og vurderer at tiltaket ikkje vil påverke i kva grad miljømåla for vassførekomsten blir nådde. Departementet kan heller ikkje sjå at det planlagde hamneanlegget vil medføre aktivitet som vil påverke om miljømåla blir nådde, ettersom vedlikehaldet av båtar vil skje på land. Departementet vurderer difor at vassforskrifta § 12 ikkje kjem til bruk.

Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer etter dette at planforslaget kan godkjennast med ei ny føresegn for å ta omsyn til førekomsten av sukkertareskog.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 godkjenner Kommunal- og distrikts­departementet detaljregulering for Elsakervågen industriområde, vedteken av Tysnes kommunestyre den 22. februar 2022, med følgjande tillegg i planføresegnene punkt 5.1.1 bokstav j) første avsnitt:

  • Utfyllinga skal utformast slik at sukkertareskogen kan reetablere seg og det blir minst mogleg inngrep i eksisterande førekomst av sukkertareskog.

Departementet ber om at kommunen gjer den naudsynte endringa i planføresegnene. For kunn­gjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 12-12 andre ledd.
 

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi:
Klima- og miljødepartementet
Miljødirektoratet
Tysnes kommune
Vestland fylkeskommune