Hå kommune - motsegn til detaljreguleringsplan for masseuttak i Aniksdal

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner detaljregulering for masseuttak i Aniksdal i Hå kommune, med endringar i planføresegnene. Departementet legg vekt på at tilkomstvegen til området i avgrensa grad legg beslag på dyrka mark, og at det ikkje finst anna fullgodt alternativ til tilkomst til området. Departementet finn at omsynet til vassdragsverdiane er tilstrekkeleg sikra gjennom krav til avbøtande tiltak. Motsegna frå Fylkesmannen i Rogaland er delvis tatt til følgje.

Bakgrunn

Saka er send over frå Fylkesmannen i Rogaland i brev 7. februar 2020 på grunn av ei uløyst motsegn. Kommunal- og moderniseringsdepartementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd om motsegna skal takast til følgje.

Detaljregulering for masseuttak i Aniksdal vart send på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i perioden frå mars til mai 2018. Planområdet er på omlag 20 daa, og det planlagde uttaksområdet er på om lag 14 daa. Området ligg 5 km aust for tettstaden Vigrestad.

Planen legg opp til ei utviding av eit eksisterande masseuttak med inntil 350 000 m3 fast fjell for ein periode på 10 år. Det har vore prøvedrift i området sidan 2010. Planområdet er i arealdelen av kommuneplanen sett av til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område). Dagens tilkomstveg går frå fylkesveg 131, og over naboeigedommen fram til uttaket, og ligg på austsida av elva Kvassheimsåna.

Planen legg til rette for ny tilkomstveg til uttaksområdet, parallelt med ein eksisterande turveg på vestsida av elva. Motsegna er knytt til tilkomstvegen, og ikkje til sjølve masseuttaket. Den nye tilkomstvegen vil legge beslag på 4,1 dekar, kor 2,5 dekar er godt beite, 0,3 dekar er beite av lågare kvalitet, 0,3 dekar er fulldyrka jord og 1 dekar er skog. Tilkomstvegen krev og ei ny brukryssing over Kvassheimsåna. Kvassheimsåna har høg tettheit av laks, og førekomstar av den truga arten elvemusling.

Det leggjast i planen opp til ei oppbygging og revegetering av uttaksområdet etter 10 år, og ei tilbakeføring av anleggsområdet til LNF-område med eit nytt fulldyrka område på 9,5 daa.

Fylkesmannen i Rogaland fremma i brev 2. mai 2018 motsegn til planen. Fylkesmannen syner meiner den føreslåtte tilkomstvegen til masseuttaket kjem i konflikt med omsynet til  jordvern og omsynet til vassdragsverdiane. Fylkesmannen meiner at det må vere mogleg å finne alternative løysingar som tek betre omsyn til jordvern, naboar og bustadinteresser, friluftslivinteresser og sikker tilkomst til landbruksareal og masseuttak.

Fylkesmannen syner og til at det er særleg viktige verdiar knytt til Kvassheimsåna, med ein høg tettheit av laks og førekomstar av den raudlista arten elvemusling. Elvemusling er svært sårbar for tilslamming av botnsubstratet, og det same gjeld for egg og plommesekkyngel av fisk som ligg nedgrave i grusen. Fylkesmannen meiner at opparbeiding av ei bru over Kvassheimsåna vil ha negative miljømessige konsekvensar for vassdraget, og at det er naudsynt med føresegner om avbøtande tiltak for å hindre avrenning av partiklar til vassdraget.

Mekling i saka vart gjennomført 17. oktober 2019, utan at det vart oppnådd semje om ei løysing.

Hå kommune v/ kommunestyret vedtok planen 12. desember 2019, utan å ta motsegna til følgje. Kommunen syner til at masseuttaket ikkje ligg i kjerneområde for landbruk, og meiner det er betre å utvide eksisterande masseuttak enn å legge til rette for nye inngrep innanfor urørte område. Kommunen vurderer at planlagd tilkomstveg vil gje ei akseptabel løysing.

Fylkesmannen i Rogaland tilrår i oversending av 7. februar 2020 at motsegna blir tatt til følgje, då tiltaket er i strid med omsynet til jordvern. Fylkesmannen syner og til at det er viktig å ikkje sette i verk tiltak som kan verke negativt inn på miljøkvalitetane og det biologiske mangfaldet i Kvassheimsåna. Vurderinga av konsekvensane for naturmangfald er, etter fylkesmannen sitt syn, for svak med omsyn til den føreslegne kryssinga av Kvassheimsåna.

Fylkesmannen har i sin oversending til departementet tilrådd at det må takast inn eit tillegg i føresegna i reguleringsplanen § 3.2.1 Veg, for å sikre miljøomsyn knytt til vassdraget, dersom motsegna ikkje blir tatt til følgje.

Møte blei gjennomført 5. mai 2020, med representantar frå Hå kommune, Fylkesmannen i Rogaland, Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Synfaring av området blei ikkje gjennomført, men Hå kommune har filma det planområdet med drone.

Landbruks- og matdepartementet har uttalt seg i brev 28. mai 2020, og tilrår at motsegna ikkje blir tatt til følgje. Departementet syner til at ei motsegn skal grunnast i nasjonale eller vesentlege regionale interesse, og vegast mot lokalt skjønn. Den vedtekne tilkomstvegen er ei lokalt omforeint løysing, og avgrensar støy og støv til naboar. Tiltaket omfattar eit avgrensa jordbruksareal, og er eit midlertidig tiltak. Landbruks- og matdepartementet tilrår difor å ikkje støtte motsegna.

Klima- og miljødepartementet har uttalt seg i brev 15. juni 2020, og tilrår at motsegna som gjeld vassdragsomsyn blir tatt til følgje. Departementet syner til at Kvassheimsåna er lakseførande omtrent opp til tiltaket, og har høg tettheit av laks. Vassdraget er ikkje nasjonalt laksevassdrag, men laksebestanden er omtalt som svært god. Kvassheimsåna er og leveområde for elvemusling. Elvemuslingen er ein trua art, og registrert som sårbar (VU) på den nasjonale raudlista. Tilførsel av partiklar som sedimenterer på botnen av elva vil kunne føre til at arten forsvinn frå området.

Klima- og miljødepartementet vurderer det som sannsynleg at finpartikulære massar vert tilført vassdraget i bruanleggsperioden, og i perioden med drift i steinbrotet, noko som vil kunne påverke botntilhøva både på staden og nedstraums tiltaket. Departementet meiner difor at det i planføresegnene må leggast inn krav om tiltak for å hindre finpartikulære massar å komme ut i vassdraget.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Etter plan- og bygningslova § 5-4 første ledd kan statleg regionalt organ fremje motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betyding, eller av andre grunnar er av vesentleg betyding for vedkommande organ sitt saksområde. Etter § 12-13 andre ledd avgjer departementet om motsegna skal takast til følgje. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

I denne saka skal departementet ta stilling til om tilkomstvegen til det planlagde masseuttaket i Aniksdal, i så stor grad kjem i konflikt med omsynet til jordvern og vassdragsverdiar at planen ikkje kan godkjennast.

Departementet legg til grunn at motsegna ikkje er knytt til sjølve uttaksområdet, men til tilkomstvegen. I denne saka har fleire alternativ vore vurdert, men ingen av desse er utan lokale ulemper. Det er difor positivt at ein lokalt har kome fram til ei omforeint løysing, som er naudsynt for vidare drift av masseuttaket. Sjølve jordbruksarealet som motsegna er knytt til, er av avgrensa storleik og det er eit midlertidig tiltak. Departementet er difor einig med Landbruks- og matdepartementet i at nytta av tiltaket er større enn dei negative verknadene for jordvernet, og at motsegna knytt til jordvern ikkje bør takast til følgje. 

Fylkesmannen syner til at finpartikulære masser frå bruanlegget vil kunne tilførast elva og påverke elva som laksevassdrag. Det vil og kunne gjere skade på bestanden av elvemusling nedstraums brua. Fylkesmannen meiner difor at det i planføresegnene må leggast inn krav om tiltak for å hindre finpartikulære massar å sleppe ut i vassdraget. Klima- og miljødepartementet støttar dette kravet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet er einig med fylkesmannen og Klima- og miljødepartementet i at det er naudsynt å gjennomføre avbøtande tiltak for å unngå skade på verdifullt naturmangfald i Kvassheimsåna. Departementet legg til grunn at dei føreslegne tiltaka er relevante og tilstrekkelege. Hå kommune har på førespurnad frå departementet uttalt at dei ikkje har innvendingar til dei føreslegne føresegnene.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal vurdere om planen oppfyller vilkåra i vassforskrifta § 12. Forskrifta opnar for at ny aktivitet eller nye inngrep i en vassførekomst, i visse situasjonar og på nærare bestemte vilkår, kan gjennomførast sjølv om dette inneber at miljømåla ikkje blir nådde eller at tilstanden forringast. Departementet vurderer at føresegnene om avbøtande tiltak i tilstrekkeleg grad vil bøte på faren for skade som følgje av utslepp av finpartikulære masser i vassdraget. Hovudførekomsten av elvemusling er meir enn 3 km nedstraums tiltaket, og faren for at partiklar som passerer sedimenteringsanlegget skal medføre nedslamming av viktige leveområde for elvemusling, vurderast som liten.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner på denne bakgrunnen detaljreguleringa for masseuttak i Aniksdal, men med endringar i planføresegnene i tråd med tilrådinga frå fylkesmannen. Motsegna frå fylkesmannen er med det delvis tatt til følgje.

Vurdering etter naturmangfaldlova
Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg myndigheit som gjeld naturmangfald, og vurderinga skal gå fram av vedtaket. Elvemuslingen i Kvassheimsåna er ein trua art, registrert som sårbar på raudlista. I 2018 kartla Ecofact førekomsten av elvemusling i Kvassheimsåna. Departementet syner til Miljødirektoratet sine vurderingar. Kunnskapsgrunnlaget blir vurdert som godt, og tilstrekkeleg for å kunne ta stilling til verknadene for naturmangfaldet.

Etter naturmangfaldlova § 10 skal tiltakets påverknad på økosystemet vurderast ut frå den samla belastninga som økosystemet er eller vil bli utsett for. Planlagde avbøtande og restaurerande tiltak vil bidra til å redusere dei negative verknadene for arter, naturtypar og økosystemfunksjonar. Etter lova § 12 skal det, for å unngå eller avgrense skader på naturmangfaldet, takast utgangspunkt i driftsmetoder, teknikk og lokalisering som gir dei beste samfunnsmessige resultata. Departementet vurderer at endringane i føresegnene i reguleringsplanen i tilstrekkeleg grad vil bøte på faren for skade som følgje av utslepp av finpartikulære massar i vassdraget, og sikre omsynet til naturmangfaldet. Departementet vurderer at kravet i naturmangfaldlova § 7 til vurdering og vektlegging av prinsippa i §§ 8-12, er oppfylt.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd, godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet detaljregulering for masseuttak i Aniksdal, med følgjande endringar i reguleringsføresegnene § 3.2 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur:

§ 3.2.1 Veg (nytt andre, tredje og fjerde ledd)

Det skal fortrinnsvis nyttast brukonstruksjon. Ved kulvert må denne etablerast med naturleg elvebotn.

Elveløpet må ikkje snevrast inn.

Så mykje som mogleg må vere prefabrikert betong for å unngå støypearbeid knytt til elva. Eventuelt behov for støypearbeid må gjerast utanfor gyteperioden for anadrom fisk for å redusere konsekvensane ved eventuelt utslepp av betong under støypearbeid.

Departementet si avgjerd er endeleg, jf. plan- og bygningslova § 12-13 siste ledd. Departementet legg til grunn at kommunen endrar planen i tråd med vedtaket. For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 12-12 siste ledd.
 

Med hilsen

Nikolai Astrup

 

Kopi:
Hå kommune
Klima- og miljødepartementet
Landbruks- og matdepartementet