Kommunedelplan for Atløysambandet, Askvoll kommune - motsegn til bruhøgde for bru over Granesundet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtek at kommunedelplan for Atløysambandet alternativ 1a, med ei seglingshøgde på 42 meter HAT (høgaste astronomiske tidevatn) og ei seglingsbreidde på 150 meter gjennom Granesundet, skal leggast til grunn for vidare reguleringsplanlegging. Reguleringsplanen kan ikkje gjennomførast før tilhøvet til Prestøy naturreservat er avklart, jf. plan- og bygningslova § 21-5 første ledd.

Kommunedelplan for Atløysambandet i Askvoll kommune vart sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i brev av 5. april 2017 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd. 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtek at kommunedelplan for Atløysambandet alternativ 1a, med ei seglingshøgde på 42 meter HAT (høgaste astronomiske tidevatn) og ei seglingsbreidde på 150 meter gjennom Granesundet, skal leggast til grunn for vidare reguleringsplanlegging. Reguleringsplanen kan ikkje gjennomførast før tilhøvet til Prestøy naturreservat er avklart, jf. plan- og bygningslova § 21-5 første ledd.

Bakgrunn for saka

Kommunedelplanen for Atløysambandet legg til rette for bygging av veg frå fastlandet ved Askvika med bruer over Olssundet, Granesundet og Sauesundet til Atløy, som i dag har om lag 470 innbyggjarar. Både fleire veg-/brualternativ og ulike alternativ for undersjøisk tunnel er utgreidd for Atløysambandet. Dei utgreidde tunnelalternativa vart ikkje sikkerheitsgod-kjende av Vegdirektoratet, grunna for bratt maksimal stigning og fordi det er moglege alternativ. Kommunedelplanen omtalar ei mogleg løysing med ekstra lang tunnel for å tilfredsstilla dagens krav om maksimalt 5 % stigning, men kommunen har lagt bort dette alternativet mellom anna på grunn av auka kostnader.

Dermed er det ulike alternativ med veg i dagen og bruer over dei tre sunda mellom fastlandet og Atløy som står att. Alle vegalternativa krysser Prestøya og vil gi store inngrep i eit naturreservat som dekkjer store delar av øya. Alternativ 2, som krysser Prestøy i nordre del, var det brualternativet som ville gi minst inngrep i naturreservatet. Alternativ 1 krysser i søndre del av Prestøya og gir eit større inngrep i naturreservatet. Alternativ 1 er utgreidd i tre variantar; 1a, 1b og 1c.

Askvoll kommune la ut alternativ 1a med 42 meter seglingshøgde gjennom Granesundet og alternativ 1c med 30 meter seglingshøgde til offentleg ettersyn. Kystverket har fremma motsegn mot løysingar som har bru med lågare seglingshøgde enn 42 meter i Granesundet. Etter mekling har kommunen vedteke å gå vidare med brualternativ 1c, men med bruhøgde 36 meter.

Kystverket har i brev 15. august 2016 fremma motsegn mot planforslaget i høve brukryssing over Granesundet. Kystverket syner til Farledsnormalen og held fast på kravet om 42 meter seglingshøgde HAT (høgaste astronomiske tidevatn) og ei seglingsbreidde på 150 meter gjennom Granesundet. Leia gjennom Granesundet er ein del av indre hovudlei mellom Bergen og Ålesund, og den føretrekte leia for losing, då den er godt skjerma for dårleg vêr. Kystverket syner til nasjonalpolitiske mål om å få meir gods over på kjøl, og at trenden er at både passasjer- og godsskip aukar i storleik. Kystverket seier det vil vere særs uheldig om ein skulle gjere seglingshøgda i hovudleia Vilnesfjorden – Granesundet mindre, ei lei som er særleg viktig i dårleg vêr. Dimensjonerande høgde for indre hovudlei mellom Bergen og Ålesund er i dag 42 meter, med utgangspunkt i Måløysundbrua som har denne høgda.

Mekling vart heldt 21. februar 2017, utan at det vart oppnådd semje mellom partane. Askvoll kommune gjorde i meklingsmøtet framlegg om å heve brua til ei seglingshøgde på 36 meter i ei breidde på 150 meter. Kystverket heldt fast på kravet om 42 meter seglingshøgde i ei breidde på 150 meter gjennom Granesundet.

Askvoll kommune vedtok 8. mars 2017 kommunedelplanen med alternativ 1c med ei seglingshøgde på 36 meter i ei breidde på 150 meter. Kommunen sende saka 17. mars 2017 til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for vidare handsaming og endeleg avgjerd i departementet. Kommunen seier i dette brevet at det etter råd frå fylkesmannen ikkje er utarbeidd nye teikningar for alternativet med 36 meter seglingshøgde.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordanehar i brev 5. april 2017 til Kommunal- og moderniseringsdepartementet tilrådd alternativ 1c med ei bru på 36 meter seglingshøgde. Fylkesmannen legg i si tilråding vekt på at omsynet til kostnader, miljø, samfunnsøkonomisk nytte, gang- og sykkelveg, landskap, estetikk og kulturminne talar for ei slik løysing.

Møte og synfaring vart halde 15. juni 2017 med representantar frå Askvoll kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Miljødirektoratet, Statens vegvesen Vegdirektoratet, Kystverket, Klima- og miljødepartementet, Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Samferdselsdepartementet seier i brev 13. september 2017 at motsegna frå Kystverket må takast til følgje. Det inneber at det må stillast krav om ei seglingshøgde på 42 meter over ei breidde på 150 meter for ei eventuell bru over Granesundet. Samferdselsdepartementet syner til at dei positive effektane av ei lågare bruhøgde vil ha størst interesse for dei om lag 470 innbyggjarane på Atløy, og at dette må vegast opp mot tydinga Granesundet har som del av den indre hovudleia mellom Bergen og Ålesund. Av omsyn til framkommelegheit og sikkerheit for skipsfarten, samt nasjonaløkonomiske mål om overføring av gods frå veg til sjø, meiner Samferdselsdepartementet at Kystverket si motsegn må takast til følgje.

Klima- og miljødepartementet syner i brev 5. oktober 2017 til at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ikkje fremja motsegn til å planlegga ein ny veg gjennom det eksisterande Prestøy sjøfuglreservat, men har teke til orde for å oppheva vernet. Klima- og miljødepartementet tek i brevet ikkje stilling til spørsmålet om val av alternativ for vegframføring, men konkluderer med at dei ikkje vil motsetje seg at det blir starta opp ein prosess med siktemål å endre grensene for verneområdet i tråd med tilrådinga frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Kommunal- og moderniseringsdepartementet avgjer etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd om motsegna skal takast til følgje, og kan i samband med dette gjere naudsynte endringar i planen.

Fastlandssamband til Atløy er utgreidd med ulike alternativ for undersjøisk tunnel og fleire vegalternativ med bruer over dei tre sunda mellom Atløy og fastlandet ved Askvoll. Kommunen har lagt vekt på å utgreie alternativ som er økonomisk realistiske å gjennomføre.

Investeringskostnaden er i høve Statens vegvesen sin rapport 19. januar 2017 rekna til om lag 900 mill. kr ekskl. mva. i 2018-prisar for alternativ 1a med 42 meter seglingshøgde. Alternativ 1c er rekna i ulike variantar, med varierande investeringskostnader frå 695 til 835 mill. kr ekskl. mva. Departementet har ikkje motteke utrekning av investeringskostnaden ved alternativ 1c med 36 meter seglingshøgde.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fleire gonger teke opp spørsmålet om ferjeavløysingsmidlar med Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniserings-departementet, sist i brev 30. august 2017 der dei søkjer om førehandsavklaring for Atløysambandet. Samferdselsdepartementet ga i brev 26. september 2017 førehands-avklaring om at prosjektet kjem inn under ordninga. Det er Kommunal- og moderniserings-departementet som bereknar storleiken på midlane. Saka er framleis til handsaming her.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ser at motsegna frå Kystverket er grunna i nasjonale føringar. Farledsnormalen er ein instruks for Kystverket si deltaking i kommunale arealplanprosessar etter plan- og bygningslova, herunder vurdering av arealbehov for farleier. Granesundet er i forskrift 30.11.2009 nr. 1477 om farleder (farledsforskriften) definert som del av hovudleia, jf. kartdelen. Kystverket har med utgangspunkt i dette, og at Måløysundbrua med ei seglingshøgde på 42 meter er dimensjonerande for indre hovudlei mellom Bergen og Ålesund, fremma motsegna mot lågare bru enn 42 meter over Granesundet. Dersom kommunen sitt vedtekne alternativ på 36 meter seglingshøgde skulle verta ståande, ville farty mellom 36 og 42 meter måtte segle den ytre leia heile året. I følgje Kystverket inneber den ytre leia høgare ulykkesrisiko i dårleg vêr enn den indre leia.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg i denne saka avgjerande vekt på vurderinga frå Samferdselsdepartementet og Kystverket. Det vil sikre at hovudleia for skipsfarten mellom Bergen og Ålesund kan trafikkerast med skip av den storleiken som er mogleg i dag. Dette inneber at det må stillast krav om ei seglingshøgde på 42 meter over ei breidde på 150 meter for ei eventuell bru over Granesundet.

Ein veg over Prestøya vil føre til vesentlege inngrep i det som i dag er Prestøy naturreservat, oppretta ved kgl. res. av 28.05.1993. Både alternativ 1a og 1c vil dele reservatet i to og gi store inngrep i det. Det blir vist til at Klima- og miljødepartementet har signalisert at dei ikkje vil motsetje seg at det blir starta opp ein prosess med siktemål å endre grensene for verneområdet i tråd med tilrådinga frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Løyve til utbygging etter plan- og bygningslova kan ikkje gjevast før tilhøvet til verneområdet er endeleg avklart, jf.  plan- og bygningslova § 21-5 første ledd. Departementet vil bidra til at dette kan gjerast så raskt som mogleg.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd vedtek Kommunal- og moderniseringsdepartementet at kommunedelplan for Atløysambandet alternativ 1a, med ei seglingshøgde på 42 meter HAT (høgaste astronomiske tidevatn) og ei seglingsbreidde på 150 meter gjennom Granesundet, skal leggast til grunn for vidare reguleringsplanlegging. Reguleringsplanen kan ikkje gjennomførast før tilhøvet til Prestøy naturreservat er avklart.

Vedtaket er ikkje til hinder for at det i samband med reguleringsplanarbeidet kan gjerast mindre justeringar i traséføring og utforming av veg med bruer og tilhøyrande anlegg.

Departementet sitt vedtak er endeleg og kan ikkje påklagast. For kunngjering av den endelege planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg til grunn at Askvoll kommune endrar kommunedelplankart og føresegner i samsvar med dette vedtaket.

Kommunen er orientert om vedtaket gjennom kopi av dette brevet.

Med helsing

Jan Tore Sanner

 

Kopi:
Askvoll kommune
Kystverket
Miljødirektoratet
Samferdselsdepartementet
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statens vegvesen Vegdirektoratet