Meld. St. 18 (2020–2021)

Oppleve, skape, dele — Kunst og kultur for, med og av barn og unge

Til innhaldsliste

Del 1
Barne- og ungdomskultur

2 Barn og unge som målgruppe

Figur 2.1 

Figur 2.1

Regjeringa vil løfte fram kunst og kultur for, med og av barn og unge. Målet er

  • å gi alle barn og unge, uavhengig av bakgrunn, tilgang til kunst og kultur

  • å sikre at kunst og kultur som blir skapt for og formidla til barn og unge, er av høg kvalitet

  • å gi alle barn og unge moglegheita til å oppleve og å skape kultur på eigne premissar

Med barne- og ungdomskultur meiner vi kunst- og kulturuttrykk som har barn og unge som målgruppe, både som mottakarar, deltakarar og aktørar.

Dette rommar fleire diskusjonar: Kva er og bør vere innhaldet i kunsten og kulturen for barn og unge? Kva er kunst og kultur av høg kvalitet for barn og unge? Korleis blir barn og unge involverte og får medverke i kunst og kultur? Kva moglegheiter har barn og unge for å delta aktivt og uttrykkje seg gjennom kunsten og kulturen?

Dei nasjonale kulturpolitiske måla frå Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft – Kulturpolitikk for framtida ligg til grunn for kulturpolitikken for barn og unge. Dei overordna kulturpolitiske måla er eit fritt og uavhengig kulturliv som

  • skaper kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet

  • fremjar danning og kritisk refleksjon

  • tek vare på og formidlar kulturarv

  • skaper og formidlar eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer befolkninga

  • er tilgjengeleg for alle og oppmuntrar den enkelte til å oppleve og delta i kulturaktivitetar

  • tilbyr møteplassar og byggjer fellesskap

  • fornyar seg og viser evne til omstilling

  • har internasjonal gjennomslagskraft og fremjar interkulturell forståing

  • styrkjer norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar

For å nå desse måla må både staten, fylkeskommunane og kommunane jobbe saman og sikre eit godt samarbeid og samspel både med dei profesjonelle og dei frivillige i kulturlivet og med andre private aktørar og næringslivet. Vi skal sjå dei statlege verkemidla i samanheng med dei regionale og lokale. Vi må ta vare på dei lokale og regionale forskjellane, samtidig med at dei nasjonale ambisjonane for at barn og unge skal få møte kunst og kultur, blir haldne ved lag.

Kulturmeldinga understreka at kultursektoren og utdanningssektoren bidreg både saman og kvar for seg til å gi felles kulturelle referansar, høve til å utvikle skapande evner, språkopplæring og opplæring i demokratiske verdiar. Dei to politikkområda må sjåast i samanheng for å utvikle ein kulturpolitikk for, med og av barn og unge. Derfor bestemte regjeringa at Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet skulle samarbeide om denne stortingsmeldinga.

Regjeringa er oppteken av at det blir lagt til rette for eit kunst- og kulturliv som både involverer og høyrer på barn og unge. Kunst- og kulturlivet må ta omsyn til kva behov og føresetnader barn og unge har og sikre at dei får utvikle seg på eigne premissar. Det betyr at samfunnet må anerkjenne dei kulturuttrykka som barn og unge held på med og er interesserte i. Dei kulturelle ferdigheitene, vanane og forventningane som barn og unge har, bør prege utforminga av kulturtilbodet i dag. Samtidig vil det òg påverke korleis kulturtilbodet blir sjåande ut i framtida: Viss det er mogleg for barn og unge å utvikle ferdigheitene og talenta sine, vil det gjere rekrutteringa til kulturlivet meir mangfaldig. Kultursektoren har derfor eit særskilt ansvar for å leggje til rette for barn og unge som målgruppe, både som mottakarar, deltakarar og aktørar.

I arbeidet med denne meldinga har Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet arrangert eit opent innspillsmøte, møte med fylkeskommunane, fagseminar i samarbeid med KS og Kulturskolerådet og innspelsmøte om talentutvikling. Departementa har motteke 130 skriftlege innspel, og dei har vore i tett dialog med Sametinget.

Tabell 2.1 Barn og unge som målgruppe i kulturpolitikken

Kunst og kultur …

Barn og unge som …

Mål om eit fritt og uavhengig kulturliv som …

for barn og unge

mottakarar

  • skaper kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet

  • er tilgjengeleg for alle og oppmuntrar den enkelte til å oppleve og delta i kulturaktivitetar

  • fremjar danning og kritisk refleksjon

med barn og unge

deltakarar

  • skaper og formidlar eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer heile befolkninga

av barn og unge

aktørar

  • tilbyr møteplassar og byggjer fellesskap og inkludering

  • gir sosial og kulturell anerkjenning, ytringskompetanse, utvikling, læring og meistringsopplevingar

  • byggjer sosial og kulturell kompetanse

2.1 Stemmene til barn og unge – kunst og kultur

Målgruppa for politikken i denne første barne- og ungdomskulturmeldinga er barn og unge mellom 0 og 19 år. Regjeringa bestemte det var spesielt viktig å høyre kva barn og unge meiner, i arbeidet med denne meldinga. Kulturtanken har derfor på oppdrag frå Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet henta innspel frå barn og unge mellom 3 og 19 år om desse temaa:

  • 1. Kunst- og kulturformidling til barn og unge: status, kvalitet og relevans

  • 2. Digitale kunst- og kulturuttrykk: moglegheiter og utfordringar

  • 3. Kunst og kultur som ytringar: danning, deltaking og medborgarskap

  • 4. Like moglegheiter for barn og unge: inkludering og sosial mobilitet

Under tittelen BUSK, ei forkorting for «Barn og unges stemmer – kunst og kultur», involverte Kulturtanken i løpet av prosjektperioden våren 2019 rundt 1 000 barn og unge frå heile landet, i samarbeid med skolar, barnehagar, kulturskolar, organisasjonar, festivalar og arrangement.1 Innspela blei samla i ein rapport, BUSK-rapporten. Hovudbodskapen i rapporten er at barn og unge rettar denne klare oppmodinga til vaksensamfunnet

  • ta barne- og ungdomskulturen på alvor

  • gjer terskelen for å medverke og delta lågare

  • gjer breidda i tilbodet større

  • sikre kvaliteten i det tilbodet som finst

BUSK-rapporten handlar om å løfte fram stemmene til barn og unge, ikkje om å definere kva som er barne- og ungdomskulturen i dag. Da BUSK-prosjektet snakka med barna og dei unge, let dei vere å definere kva som er kunst og kultur. I staden brukte dei heller ulike eksempel på kunst og kultur som utgangspunkt. Slik kunne dei finne ut kva barn og unge forstår med «kunst og kultur», og kva erfaringar dei har med det.

Eksempla på kunst og kultur som rapporten har med, skjer og blir opplevd både heime, på skolen, i frivillig regi, i offentlege og private kunst- og kulturinstitusjonar og på internett. Barna og dei unge snakka både om si eiga kunstutøving og om møte med profesjonelle kunst- og kulturuttrykk. Beskrivingane går på tvers av kunstformer for barn og unge (produserte av vaksne), med barn og unge (samspel med barn og unge, men styrt av vaksne) og av barn og unge (samspel mellom barn og unge).

BUSK-rapporten beskriv at barne- og ungdomskulturen endrar seg heile tida og er ein kultur der det stadig kjem til nye uttrykk og måtar å delta på. Vidare kastar rapporten lys over kva for moglegheiter og barrierar som finst i barne- og ungdomskulturen, kva barn og unge opplever som meiningsfullt, kva dei opplever som utfordrande, og kva dei ønskjer meir av. I rapporten er dette summert opp i 23 tiltak for å styrkje kunst- og kulturtilbodet viss barn og unge fekk bestemme. Desse tiltaka presenterer vi i innleiinga til dei ulike delane her i denne meldinga.

Boks 2.1 Frå BUSK-rapporten: Hva er kunst og kultur?

BUSK-prosjektet gav barn og unge moglegheita til sjølve å beskrive kva dei reknar som kunst og kultur:

«Kunst og sånn, du må tenke litt for å forstå det. Det kan bety forskjellige ting.»

Kjelde: Gut, 13 år

«Et sted du kan være som ingen andre, eller som alle andre.»

Kjelde: Gut, 18 år

«Jeg fikk lim på meg! Det er sånn kunstnere gjør. Da er de virkelige kunstnere!»

Kjelde: Jente, 5 år

2.2 Kunst og kultur for barn og unge

Både mellom personar, i ulike kulturar og oppigjennom historia har det vore ulike oppfatningar om kva som eignar seg og ikkje av kunst og kultur for barn og unge. For kulturpolitikken er hovudprinsippet om dette spørsmålet å halde armlengds avstand. Kunsten og kulturen skal vere fri og utvikle seg mest mogleg på eigne premissar. Og så er oppgåva til det offentlege først og fremst å leggje til rette for utvikling, og det gjer dei blant anna ved å sørgje for at det finst eit vell av ulike finansieringskjelder. Dette gjeld for barn og unge òg.

I kva grad kunst og kultur har ein verdi for den enkelte og for fellesskapet, knyter seg til kvaliteten på det som blir skapt og presentert. Samtidig er ikkje «kvalitet» nokon stabil størrelse som alle er einige om. Det barn og unge synest om kunst og kultur, stemmer ikkje nødvendigvis med oppfatninga dei vaksne har, og heller ikkje med det som er viktig i den fagfellevurderte kunsten. I utdanningssamanheng er omgrepet kvalitet tett knytta til korleis pedagogisk praksis og innhald i undervisninga bidreg til måla for barn og unge si danning og utdanning.

For at kunsten og kulturen skal spele ei viktig rolle, er ønsket om kvalitet i alle tydingar eit mål, og det må leggjast til rette for at vi kan få til det på best mogleg vis. I likskap med spørsmålet om innhaldet i kunsten og kulturen er det viktig at det blir ein debatt om spørsmålet om kvalitet. I kulturmeldinga heiter det:

Kvalitet vil og bør alltid vere gjenstand for diskusjonar, om kontekst, formål og relevans. Grunnlaget for å vurdere kunst og kultur kvalitativt er nettopp den vedvarande samtalen om, og dei stadige brytningane mellom, ulike forståingar av kvalitet. Det er i den kritiske samtalen om ulike kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og perspektiv at ulike forståingar av kvalitet etablerer seg og tek form. Det må derfor leggjast til rette for og oppmuntrast til samtalar om kvalitet, relevans og aktualitet i kulturlivet. Ein føresetnad for slike samtalar er sterke fagmiljø som møter publikum. Kvalifisert kunstkritikk har òg mykje å seie for kvalitetsutviklinga.

Dette gjeld like mykje for barn og unge. Kva som er kunst og kultur av høg kvalitet for barn og unge, må det òg vere debatt om, og i denne samtalen må barn og unge vere med. Det er ikkje det same som at barn og unge skal bestemme, men at synspunkta deira skal få vekt, slik det står i artikkel 12 i FNs barnekonvensjon.

For at kunst og kultur skal vere tilgjengelege og relevante for alle barn og unge, er det viktig med eit mangfald av tilbod og kunst- og kulturuttrykk. Eit likestilt og mangfaldig kulturliv inneber å leggje til rette for at alle skal kunne oppleve ulike kunst- og kulturuttrykk og kunne gjere seg opp sine eigne meiningar om kunst og kultur. Dei største hindera for dette er sosiale, kulturelle og økonomiske forskjellar, som kan verke som barrierar for barn og unge i kunst- og kulturlivet. Andre hindringar kan vere fysiske, som kvar i landet ein bur, og at det manglar universell utforming.

Den samiske kulturarven har ein identitetsskapande funksjon i den samiske befolkninga, ikkje minst for barn og unge. Samane som urfolk er viktige i det nasjonale fellesskapet, og ulike stemmer, uttrykk og historier gjer kulturlivet rikare. Det er eit mål at barn og unge over heile landet skal få oppleve samisk kunst og kultur. Dei offentlege forvaltningsnivåa og Sametinget har saman eit ansvar for å nå dette målet.

2.3 Kunst og kultur med barn og unge

For at kunst og kultur skal ha ein verdi for barn og unge, er det viktig å involvere dei og høyre på dei. Først da kan kunsten og kulturen spegle av og fortolke verkelegheita til barn og unge på ein måte som gjer at dei kjenner seg att og opplever det som relevant. Kunst og kultur kan bidra til å setje ord på og uttrykkje følelsar, oppfatningar, tankar og idear som er viktige i livet til barn og unge, og på denne måten gi dei ei stemme i samfunnet på lik linje med andre grupper. Derfor må kunst og kultur både skapast og formidlast med barn og unge som deltakarar.

Barn og unge kan delta på mange ulike måtar. Mange profesjonelle kulturaktørar jobbar godt med å involvere barn og unge. For eksempel kan dei la barn og unge komme med innspel til manustekstar. Dei kan la barn og unge vere prøvepublikum på ei oppsetjing eller komme med innspel til kva som skal visast. Den første og viktigaste erkjenninga er at når barn og unge får delta, er dette med på å skape eit relevant kulturtilbod. For at barn og unge skal vere med, er det nødvendig at kunsten og kulturen er tilgjengeleg for alle, og at den enkelte blir oppmuntra til å oppleve og delta i kulturaktivitetar. Kunst- og kulturlivet må vidare ta omsyn til behova og føresetnadene til barna og dei unge og sikre at dei har moglegheita for erkjenning og utvikling på sine eigne premissar.

Det er eit overordna mål å bidra til auka mangfald av deltakarar i kulturlivet og sleppe til fleire stemmer. Kulturen til innvandrarbefolkninga berikar Noreg, og det er viktig at kulturuttrykka til innvandrarbarn og -unge blir sette og verdsette. Alle som ønskjer det, må kunne få anledning til å delta. Regjeringa ønskjer særleg to viktige ting med satsinga si på tiltak for barn og unge: å bidra til å jamne ut sosiale forskjellar og å fremje inkludering. Vi veit at det er forskjeller blant grupper av barn og unge når det gjeld bruken av kultur og deltaking i organiserte fritidsaktivitetar. Dette gjer at enkelte går glipp av opplevingar som er viktige for oppvekstvilkåra deira, og som kan vere formande for den vidare utviklinga deira. Når ein person ikkje får sjansen til delta på linje med andre barn og unge, kan det føre til utanforskap.

2.4 Kunst og kultur av barn og unge

Ser vi på omgrepet «barne- og ungdomskultur», rommar det eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk og aktivitetar. Mange av dei offentlege verkemidla og tiltaka er retta inn mot tradisjonelle uttrykk og aktivitetar. Eksempel er teater, museum, konsertar og kino. Dette gjeld for barn og unge òg. Samtidig må vi anerkjenne og opne opp for at kunst og kultur utviklar seg og endrar seg: Det oppstår nye uttrykk, nye plattformer for formidling og nye aktivitetar. For barn og unge viser dette seg i kva dei bruker tida si på, og i kva aktivitetar dei deltek i på fritida.

Danning er viktig for å kunne delta i samfunnet. Å møte kunst og kultur gjennom å aktivt utforske, utforme, utføre og utøve er ein sentral del av denne danningsprosessen for barn og unge. Det må leggjast til rette for at barn og unge skal kunne skape og delta i kunst- og kulturaktivitetar på eigne premissar.

Gjennom barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring får alle barn og unge møte, oppleve og utøve kunst og kultur. Dei får også kunnskap og kompetanse om ulike kunst- og kulturuttrykk. I kulturskolen får barn og unge tilbod om ei rekkje fag, aktivitetar og kurs hvor dei får delta og utvikle ferdigheitane sine.

I tillegg bidreg ei rekkje andre aktørar til å gi barn og unge desse moglegheitene, både i det frivillige kulturlivet, gjennom offentlege tilbod som fritidsklubbar og kulturskole, gjennom arbeidet offentlege institusjonar gjer med barn og unge, og gjennom private kulturtilbod som musikkundervisning, danseskoler og anna.

Å oppleve kunst og kultur kan ha betydning for både den generelle helsa, for den psykiske helsa, følelsen av velvære og å oppleve å ha livskvalitet. Kulturaktivitetar er ein viktig sosial ressurs som skaper sosiale fellesskap, identitet og tilhøyrsel, og kan på den måten motverke utanforskap og einsemd. Vanar barn og unge får ved å delta i kulturlivet, kan ha betydelege helseeffektar for den enkelte. Det kan gjere at det blir enklare å delta i kulturlivet seinare, også i periodar av livet som kan vere problematiske, og at terskelen for å oppsøkje og bruke kultur blir lågare.

Regjeringa har óg som mål å bidra til eit auka mangfald av utøvarar i kunst- og kulturlivet. Dette inneber å leggje til rette for å rekruttere barn og unge med ulik bakgrunn. Tiltaka frå regjeringa for å leggje til rette for eit breitt talentutviklingsarbeid er eit eksempel på at regjeringa ønskjer å auke mangfaldet i rekrutteringa til kunst- og kulturlivet.

3 Kjenneteikn ved barne- og ungdomskulturen før og no

Figur 3.1 

Figur 3.1

3.1 Kulturtilbodet til barn og unge gjennom tidene

Kulturtilbodet til barn og unge har endra seg på svært mange måtar dei siste tiåra, samtidig er fleire ting stabile og har ein varig karakter. Det er liten tvil om at kulturtilbodet til barn og unge gradvis har blitt større og meir mangfaldig. Samtidig som mange nye tilbod har komme til, er det færre tilbod som har forsvunne heilt.

For å presentere kva som var typiske trekk for kvart tiår, viser vi noko av det som var tilgjengeleg for ein ung tenåring i 1969, 1979, 1999 og 2019, sjå boks 3.1.2 Samtidig kan vi få eit inntrykk av kva kulturtilbodet til barn og unge kan bestå av, og korleis det utviklar seg gjennom både endring og kontinuitet. Eitt av dei viktigaste utviklingstrekka ligg i skiljet mellom dei kulturtilboda som er lokale og fysiske, og dei som ikkje er stadbundne, altså dei vi finn i media eller som er digitale. Dei tilboda som barn og unge bruker mykje tid på i dag, er tilgjengelege overalt der det er mobil- eller breibandsdekning.

Boks 3.1 Kva slags tilbod fanst og var tilgjengelege for ein tenåring?

1969

I 1969 hadde rundt 20 prosent av befolkninga tilgang til tv, og NRK var den einaste norske kanalen ein kunne sjå på. På formiddagen kunne trettenåringane sjå på skolefjernsyn, som var pedagogisk tilrettelagde program. Vidar Lønn-Arnesen hadde ein programpost på radio for ungdom etter skoletid, med tittelen Skru på!. Og da som no kunne trettenåringar finne lesestoff på folkebiblioteket og skolebiblioteket. Utvalet av teikneseriar var stort. Enkelte kommunar hadde begynt med skolekino, men det var ikkje mange norskproduserte filmar for ungdom. Dette året kom den første filmen i Olsenbanden-serien: Operasjon Egon. Rikskonsertane hadde blitt etablerte året før, og skolekonsertane var i ein tidleg fase. Frivillige lag og foreiningar fekk eit oppsving over heile landet med nye politiske radikale bevegelsar og EU-kamp i sikte. Framleis var mange korps berre for gutar, og det var nyleg blitt tillate med konkurransar for skolekorps.

1979

Ti år seinare hadde situasjonen endra seg for ein gjennomsnittleg norsk trettenåring. 1979 var FNs internasjonale barneår. Mange fleire hadde no tv, og ei viktig nyskaping for ungdomspublikummet kom med programmet Halvsju. På kino var framleis høgdepunktet Olsenbanden-filmen for året, Olsenbanden og Dynamitt-Harry. Ordninga med skolekonsertar var utvida ganske betydeleg, og i tretten av fylka i landet kunne elevane høyre to konsertar årleg. Og for første gong blei popmusikk introdusert i skolemusikksamanheng. Lag og foreiningar utvida og endra også tilboda sine for å få med seg fleire barn og unge på nye populære aktivitetar, og fleire band fekk prøve seg på scenen i fritidsklubbar og andre forsamlingshus. I denne perioden blei dessutan tilbodet om kommunal musikk- og kulturundervisning utvida. Skolekinotilbodet var også utvida fleire stader og hadde filmar for fire ulike aldersgrupper.

1999

Hoppar vi tjue år fram i tid, til 1999, er dei norske tenåringane ein del av ei svært endra kultur- og medieverkelegheit. Så godt som alle hushalda har tv, og tilbodet er utvida med mange fleire kanalar. I 1996 starta NRK2 sendingane sine, og dei første åra var denne kanalen lansert som ein ungdomskanal. Radiokanalen P3 hadde eksistert i seks år og framheva seg sjølv som ein kanal for ungdom. I tillegg fanst det ei lang rekkje reklamefinansierte nærradiostasjonar. Dette året var samfunnet i ein overgangsperiode for leige- og kjøpefilm, etter at dvd-ar hadde komme på marknaden. I tillegg hadde eit nytt tilbod komme inn i dei fleste norske heimane: Mellom 75 og 80 prosent av barn/unge mellom 9 og 19 år hadde tilgang på pc heime. Men enno hadde berre om lag ein tredjedel av befolkninga internett heime. Utvalet av skjermbasert underhaldning var òg utvida med fleire spelkonsollar og ei lang rekkje spel. Dei tidlegare nemnde tilboda, som bibliotek, lag og foreiningar, kor og korps, fritidsklubbar, skolekonsertar og musikkundervisning, var framleis høgst aktuelle og absolutt til stades. På dette tidspunktet hadde også dei kommunale kulturskolane auka stort i tal og var forankra i opplæringslova.

2019

Dei fleste av tilboda som ein tenåring hadde tilgang på i 1969, i 1979 og 1999, hadde tenåringane framleis tilgang på i 2019, men i større omfang. Det er større mengder litteratur for barn og unge, lengre opningstider på biblioteka, fleire tv-program for målgruppa, fleire kinoar og langt fleire barne- og ungdomsfilmar. Det einaste tilbodet som har blitt redusert, er tilgangen på fysiske kulturberarar som cd-ar, dvd-ar og vhs-videoar. Det har til gjengjeld blitt godt kompensert: I tillegg til dei tilboda som eksisterte før har ein gjennomsnittleg trettenåring i 2019 sin eigen smarttelefon, nettilgang døgnet rundt og tilgang på tre–fire strøymetenester. Dei har gjerne skole-pc eller iPad og kanskje også ein heime-pc som blir brukt til gaming og anna. Ein gjennomsnittleg tenåring har kanskje ein plass i kulturskolen og får besøk frå Den kulturelle skolesekken eit par gonger i året. Dei blir kanskje tekne med på ein konsert eller ei teaterframsyning innimellom, og dei fleste går dessutan på kino fire–fem gonger i året. Nokon av tenåringane besøkjer ein fritidsklubb kvar veke, og mange driv med organiserte fritidsaktivitetar. Samtidig held mange av tenåringane seg mykje heime.

3.2 Barne- og ungdomskulturen i dag

3.2.1 Ein digital oppvekst

Vi har sett ein eksplosiv auke i tilbodet av levande bilete dei siste åra der innhaldet blir formidla ved hjelp av syns- og høyrselsinntrykk. Utviklinga som har skjedd innanfor formidlings- og forbrukarteknologien, har gjort at innhaldet er tilgjengeleg nærmast overalt, frå kjelder som kan vere kvar som helst i verda. Ein stor forskjell frå tidlegare er at innhaldet no ofte er tilgjengeleg på plattformer som barn og unge sjølve har kontrollen over, anten det er smarttelefonen i lomma eller noko anna dei bruker. Teknologien har gjort det mogleg å spreie kunst og kultur til fleire, og det å delta, komme med ytringar og å samhandle med andre har blitt enklare.

På nettet kommuniserer barn og unge med kvarandre, dei speler, leiker, lyttar, ser, les, skaper og lærer. Den digitale utviklinga skjer raskt, og dei unge tek stadig i bruk nye tenester. Å delta aktivt i det digitale samfunnet har fått svært mykje å seie både for den personlege utviklinga, den sosiale omgangen med andre, og å delta i samfunnslivet.

Ikkje minst blir digitale arenaer og kanalar stadig viktigare for all den produksjonen, deltakinga og bruken av kunst og kultur som barna gjer. Dei openberre eksempla er film, strøymetenester, tv og dataspel. Men også sosiale medium er kanalar for å oppleve, dele og produsere kunst- og kulturuttrykk. I tillegg har vi under koronapandemien sett heilt nye måtar å formidle kunst og kultur på og å delta i kulturaktivitetar digitalt på, for eksempel onlinekonsertar eller å vere på fritidsklubb digitalt. Vi må gå ut frå at dette vil prege kulturfeltet etter pandemien òg.

Barn og unge skil i mindre grad enn vaksne mellom digitale og analoge tenester, ytringar og uttrykk. I motsetning til dei vaksne oppfattar ikkje dei unge det digitale som noko særskilt og separat eller som ei særskild form for «mediebruk». Dei oppfattar det heller som ein integrert og naturleg del av dei ulike sidene av livet. BUSK-rapporten beskriv ein kulturbruk blant barn og unge som beveger seg saumlaust mellom digitale plattformer og fysiske arenaer. Den digitale kvardagen til barn, inkludert utviklingstrekk, moglegheiter og risikofaktorar, beskriv vi nærmare i del IV, kapittel 13. Her drøftar vi òg behovet for å styrkje og samordne innsatsen for å sikre barn og unge ein trygg digital oppvekst.

At kulturen barn og unge er opptekne av, og plattformene dei konsumerer denne på, stadig endrar seg, byr på både moglegheiter og utfordringar. Ny teknologi opnar for nye kulturaktivitetar. Desse nye legg seg i stor grad oppå tidlegare aktivitetar heller enn å erstatte dei. Alle med internettforbindelse kan i dag både oppleve og sjølve skape ulike former for kunst og kultur. Utviklinga har gått og går framleis svært fort, og den raske endringstakta gjer det krevjande å utvikle treffsikre verkemiddel på feltet. Spørjeundersøkingar gjeld ofte dei tradisjonelle kulturtilboda. Dermed veit vi ikkje om statistikken klarer å fange opp det som er trendar og nye vanar i dag. Derfor blir det så viktig å sikre at barn og unge medverkar i å utforme kulturtilboda, slik som barn og unge etterlyser i BUSK-rapporten.

3.2.2 Studiar om bruken av kultur og ulike medium

Det finst ulike studiar av kor mykje barn og unge bruker kultur- og medietilbod. Norsk kulturbarometer-undersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) opererer med følgjande kategoriar for kultur: kino, idrettsarrangement, folkebibliotek, teater/musikal/revy, kunstutstilling, museum, konsert med populærmusikk, konsert med klassisk musikk, ballett/danse-framsyning og opera/operette. Alderen til dei som har svart på denne undersøkinga, spenner frå 9 til 79 år, og målet med undersøkinga er å kartleggje kor mange som har brukt dei oppgitte kategoriane for kultur dei siste 12 månadene. Undersøkinga viser at barn og unge bruker kulturtilboda i stor grad, og at bruken deira av tilboda er ganske stabil, sjå figur 3.2.

Figur 3.2 Kulturbruk i prosent i løpet av dei siste 12 månadene, for aldersgruppa 9–15 år, fordelt på ulike kulturtilbod.

Figur 3.2 Kulturbruk i prosent i løpet av dei siste 12 månadene, for aldersgruppa 9–15 år, fordelt på ulike kulturtilbod.

Kjelde: Hylland, Haugsevje, Schnell & Miland 2019

Kino er det kulturtilbodet som blir brukt mest, heile 91 prosent har gitt opp at dei har vore på kino i løpet av det siste året i den siste undersøkinga frå 2016. Undersøkinga viser vidare at dei tradisjonelle kulturaktivitetane som bibliotek og museum har blitt litt mindre besøkt dei siste åra, mens scenekunst, ballett/dans og teater/musikal/revy har trekt til seg fleire av dei unge. SSB gjennomfører ei ny kulturbruksundersøking i 2021. SSB har gått gjennom og oppdatert spørsmåla og kategoriane i undersøkinga, blant anna for å fange opp digital kulturbruk.

Ser vi på SSBs mediebruksundersøkingar, gir dei eit tydeleg bilete av kva som kjenneteiknar kvardagslivet til barn og unge. Bruken av tradisjonelle medium som radio, papiraviser, fjernsyn og teikneseriar har minka betrakteleg mellom 1991 og 2018, mens digitale spel og internett er dei mest brukte media. Lydmedium, som strøyming av musikk, ligg òg høgt når det gjeld tidsbruken. Medietilsynets Barn og medier-undersøkingar viser òg kva barn og unge er opptekne av. Dette er omtalt i del IV, kapittel 13.

3.2.3 Deltakinga til barn og unge i organiserte fritidsaktivitetar

Gjennom organiserte fritidsaktivitetar som idrett, friluftsliv, musikkorps og fritidsklubb, får barn og unge eit breitt og mangfaldig aktivitetstilbod der dei bur. Dette er sosiale møteplassar der ein kan knyte vennskap, byggje nettverk og utvikle sosiale ferdigheiter.

NOVAs Ungdata-undersøkingar3 ser blant anna på kor mykje barn og unge deltek i organiserte fritidsaktivitetar. Resultata for heile Noreg i 2019 viser at nærmare ni av ti ungdomsskoleelevar og elevar i vidaregåande skole har vore med i ein fritidsorganisasjon etter at dei fylte ti år.4 Sju av ti deltek i starten av tenåra og fire av ti i slutten av tenåra, sjå figur 3.3.

Figur 3.3 Prosentandel som har vore med på aktivitetar i fritidsorganisasjonar den siste månaden.

Figur 3.3 Prosentandel som har vore med på aktivitetar i fritidsorganisasjonar den siste månaden.

Kjelde: Bakken 2019

Idrett er den aktiviteten som dominerer. På ungdomstrinnet svarer 63 prosent at dei har vore med på aktivitet i idrettslag siste månad, mens 14 prosent svarer at dei har vore med i kulturskole, og 7 prosent at de har vore med i korps, kor, orkester. Ein noko større andel gir opp at dei har vore med i aktivitetar i fritidsklubbar og ungdomshus, religiøse foreiningar og andre typar organisasjonar som sosiale, politiske og humanitære foreiningar og lag. Innan alle typar aktivitetar minskar andelen som har vore med frå ungdomstrinnet til vidaregåande.

Ifølgje SSBs kulturstatistikk for 2019 var det 1 029 skolekorps i Noreg med om lag 32 000 medlemmer.5 Den norske kyrkja og dei mange andre trussamfunna rundt om i landet er også sentrale arenaer for frivillige kulturaktivitetar. Ifølgje Kyrkjerådets innspel til meldinga omfattar korverksemda til Den norske kyrkja 551 barnekor med nesten 20 000 medlemmer. Fleire av kyrkemusikarane driv også piano- og orgelundervisning for barn og unge, og dei lokale kyrkjene er øvingsarena.

Sjølv om barn og unge bruker meir tid framfor skjerm no enn tidlegare, ser deltakinga i organiserte fritidsaktivitetar ut til å ha halde seg relativt stabil over dei siste tiåra. Kulturbruksundersøkinga som blir gjennomført i 2021, vil bidra til å gi oppdatert kunnskap om utviklinga innan ulike aktivitetstypar.

3.2.4 Forskjellar blant grupper av barn og unge

Kultur- og fritidsaktivitetar har ofte ein inngangsbillett eller andre kostnader som deltakaravgift og utstyr. I mange tilfelle inneber deltakinga til barn og unge også ein innsats frå foreldre og andre støttespelarar, for eksempel til skyss og dugnader. Tilbodet som finst av kultur- og fritidsaktivitetar, varierer ut frå kvar ein bur, og barn og unge er også ulike og endrar seg med tanke på kva dei ønskjer å vere med på. Samla sett gjer dette at forskjellane med tanke på deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar kan ha mange og samansette forklaringar.

Forsking viser at den sosioøkonomiske situasjonen til familien er ein viktig faktor for om barn og unge deltek i kultur- og fritidsaktivitetar eller ikkje, og at det òg påverkar kva aktivitetar barn og unge driv med. For befolkninga generelt er det ein tendens at dei med høgare utdanning og høgare inntekt bruker meir kultur og også er dei som bruker dei såkalla smalare kulturformene som opera, ballett og klassisk konsert. Analysar av kultur- og mediebruksundersøkingane viser at det òg har vore ein liten auke i forskjellane for barn og unge som deltek i kulturaktivitetar frå år 2000 til 2016, målt ut frå utdanninga og inntekta til foreldra, sjå figur 3.4.

Figur 3.4 Deltaking i kulturaktivitet i alderen 9–17 år etter sosioøkonomisk status (2000–2016)

Figur 3.4 Deltaking i kulturaktivitet i alderen 9–17 år etter sosioøkonomisk status (2000–2016)

Kjelde: Jacobsen, Andersen, Nordø, Sletten, Arnesen & Sivesind 2020

Ungdata-undersøkingane bekreftar desse forskjellane. Analysar viser at ungdom frå heimar med høgast sosioøkonomisk status har nesten dobbelt så høg sjanse for å delta i organiserte fritidsaktivitetar samanlikna med dei som kjem frå heimar med lågast sosioøkonomisk status. Forskjellane varierer likevel mellom ulike type aktivitetar. Når det gjeld kulturaktivitetar, er det generelt slik at barn og unge frå heimar med høg sosioøkonomisk status i større grad deltek. For religiøse aktivitetar er det ikkje nokon systematiske forskjellar, mens for fritidsklubbar så er samanhengen omvend. Her er det altså ungdom frå heimar med lågast sosioøkonomisk status som i størst grad deltek regelmessig. Kulturskolerapporten Kultur + skole = sant viser òg at det er ein samanheng mellom utdanningsnivået til foreldra og om barn deltek i kulturskolen. Viss mor eller far har høgare utdanning, er sannsynet større for at barnet er elev i kulturskolen.

Sosioøkonomisk status slår òg ut på bruken av digitale skjermar. Tal frå Ungdata-undersøkinga viser at 65 prosent i gruppa med lågast sosioøkonomisk status i ungdomsskolen bruker minst tre timar dagleg framfor ein skjerm, mens 57 prosent av gruppa med høgast sosioøkonomisk status gjer det same, sjå figur 3.5.

Figur 3.5 Prosentandel som bruker minst tre timar dagleg framfor ein skjerm – etter skoleslag og sosioøkonomisk status (SØS)

Figur 3.5 Prosentandel som bruker minst tre timar dagleg framfor ein skjerm – etter skoleslag og sosioøkonomisk status (SØS)

Kjelde: Bakken 2019

Barn og unge i Noreg har i stor grad tilgang til, og bruker, digital teknologi. Ifølgje Barn og medier-undersøkingane har så godt som alle barn frå dei er 13–14 år, tilgang til eigen mobiltelefon, og 90 prosent av 9–18-åringar er på eitt eller fleire sosiale medium. Samtidig er det også nokon som ikkje har moglegheita til dette. Det at den store majoriteten er innanfor i det digitale samfunnet, kan i seg sjølv gjere det ekstra krevjande for dei få som ikkje har moglegheita til å delta.

Barn og unge med innvandrarbakgrunn, altså både barn som har innvandra og norskfødde med innvandrarforeldre, kan ha nokon særskilde utfordringar som gjer det vanskeleg å ta del i organiserte kultur- og fritidsaktivitetar på lik linje med andre. Barn med innvandrerbakgrunn er overrepresenterte i hushald med vedvarende låginntekt. I tillegg til dei sosioøkonomiske ressursane i familien kan det handle om grad av integrasjon i lokalmiljø, kulturelle hindringar og manglande kjennskap til organiserte aktivitetar.6 Analysar av Ungdata-undersøkingane viser også variasjonar i deltaking etter kva land eller del av verda foreldra har sitt opphav frå. Det viser seg òg at kjønnsforskjellane er større blant ungdom med utanlandsfødde foreldre enn blant ungdom med foreldre fødde i Noreg. For deltaking i kulturaktivitetar er det generelt fleire jenter enn gutar som deltek i alle innvandrargrupper, med unntak av barn av foreldre med afrikansk opphav.

Det er vidare ein kjønnsdimensjon i kva organiserte kultur- og fritidsaktivitetar barn og ungdom driv med. Både kultur- og mediebruks-undersøkingane og Ungdata-undersøkingane viser at jenter deltek generelt oftare enn gutar i kulturelle aktivitetar som musikkgrupper, kor, korps, teater og dans, men forskjellane varierer med alderen. Kulturbruks-undersøkinga viser at forskjellane aukar mellom jenter og gutar frå dei er 9–12 år, til dei er 13–15 år, og at dette i hovudsak kjem av at andelen gutar som deltek, går ned, mens denne går noko opp for jenter.7 Ungdata viser det motsette for ungdomstida der fråfallet frå aktivitetar er større blant jenter enn blant gutar. Mens andelen som deltek i organiserte aktivitetar er omtrent like stor blant gutar og jenter på ungdomstrinnet, er andelen høgare blant gutar på slutten av vidaregåande.8 NOU 2019:19 Jenterom, gutterom og mulighetsrom ser på likestillingsutfordringar barn og unge møter i kvardagen på ulike arenaer, for eksempel i fritida. Rapporten peiker på at det er behov for meir kunnskap om korleis kjønn og normer for kjønn har betydning for deltakinga til barn og unge i organiserte aktivitetar på kulturfeltet.

Innspel frå organisasjonar og BUSK-rapporten peiker òg på hindringar for deltaking som særskilt rammar personar med funksjonsnedsetjing og krav til universell utforming. I levekårsundersøkinga til SSB oppgir ein av ti av personar med nedsett funksjonsevne at dei gjerne skulle delteke meir på konsertar, musikkarrangement og kino, men at dei blir hindra av for dårleg tilgjenge. Eit liknande funn kjem fram av Innbyggerundersøkelsen (Difi 2015) der personar med funksjonsnedsetjing i noko mindre grad enn befolkninga elles er tilfredse med moglegheitene til å gå på kino, teater eller konsert. Det er berre små forskjellar i kor tilfredse personar med ulike typar nedsett funksjonsevne er seg imellom. Like moglegheiter handlar òg om at det skal vere rom for å vere annleis i kulturlivet. Ungdommane i Dissimilis etterlyser ein kulturpolitikk som gjer det mogleg for dei som er annleise, å kunne delta med eigne kunstnariske uttrykk på fleire kunst- og kulturarenaer. Verkemiddel for å sikre barn og unge like moglegheiter til å delta i organiserte fritidsaktivitetar er omtalte i del II kapittel 7.

4 Ansvaret det offentlege har for barne- og ungdomskulturen

Figur 4.1 

Figur 4.1

Staten har ei plikt til å oppfylle, respektere og beskytte rettane til barn. Barnekonvensjonen artikkel 4 pålegg staten å setje inn alle veleigna lovgivingsmessige, administrative og andre tiltak for å oppfylle dei forpliktingane staten har etter barnekonvensjonen. Når myndigheitene gjennomfører ny politikk eller lagar nye lover, skal dei gjere det som blir kalla ei barnerettsvurdering. Det vil seie at myndigheitene må vurdere kva for konsekvensar dei foreslåtte tiltaka vil få for om vi klarer å oppfylle rettane barna har. Barne- og ungdomspolitikken må derfor ta utgangspunkt i rettane til barna og det ansvaret myndigheitene har, slik det blant anna er nedfelt i internasjonale regelverk og det norske lovverket. I dette avsnittet gjer vi greie for rammene som gjeld for barne- og ungdomskulturpolitikken.

4.1 Rettane til barn og unge på kulturfeltet

Rettane til barn er verna gjennom fleire internasjonale regelverk som er ein del av den norske lovgivinga. Desse regelverka bestemmer kva som er dei rettslege rammene for ansvaret det offentlege har på barne- og ungdomskulturfeltet. Gjennom menneskerettslova av 21. mai 1999 gjeld både Den europeiske menneskerettskonvensjon, FN-konvensjonen om sivile og politiske rettigheter og barnekonvensjonen direkte som norsk lov. Etter § 3 i menneskerettslova skal desse konvensjonane «ved motstrid gå foran bestemmelser i annen lovgivning». Når to lover seier forskjellige ting, skal altså menneskerettslova komme først.

På den måten har Noreg sørgt for at alle – både myndigheiter, enkeltpersonar og organisasjonar – må følgje føresegnene i blant anna barnekonvensjonen. Barn og unge har desse rettane uansett kvar dei bur, kva kulturell bakgrunn dei har, og uavhengig av statusen til foreldra.

Ytrings- og informasjonsfridom

Ytringsfridommen er ein grunnleggjande menneskerett som er forankra både i Grunnlova § 100 og i fleire internasjonale konvensjonar Noreg er bunde av. Mest viktige er artikkel 10 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og artikkel 19 i FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP), som begge gjeld som norsk lov, sjå menneskerettslova § 2.

Den sjølvstendige retten barn har til ytringsfridom, blir òg tydeleg slått fast i barnekonvensjonen artikkel 13. Denne føresegna sikrar retten barn har til å «søke, motta og meddele opplysninger og ideer av ethvert slag», inkludert i «kunstnerisk form eller gjennom en hvilken som helst uttrykksmåte barnet måtte velge».

Ytringsfridom dreier seg altså om retten til å ha og til å gi uttrykk for meiningane sine og til å søkje etter og få informasjon. Dette betyr at ytringsfridom inkluderer retten til å innhente og oppleve kunst og kulturuttrykk og til å uttrykkje seg gjennom kunst og kultur.

Retten til beskyttelse

I artikkel 17 bokstav e) i barnekonvensjonen står det at statane òg har eit ansvar for å «beskytte barn mot informasjon og stoff som er skadelig for barns velferd». Også andre konvensjonar tek opp risiko og skadeverknader knytte til digital teknologi, for eksempel Lanzarote-konvensjonen (Europarådets konvensjon om beskyttelse av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk).

Eit vilkår for at kulturen skal ha kraft og få spele rolla si i samfunnet, er at barn og unge kan oppleve kunst- og kulturuttrykk, uttrykkje seg gjennom kunst og kultur og delta i kulturaktivitetar innanfor trygge rammer. Utan trygge rammer kan ikkje barn og unge bruke kunst og kultur til å utvikle ein sjølvstendig og solid identitet, byggje talentet sitt eller utløyse potensialet sitt.

I dag er det særleg digitaliseringa som aktualiserer denne balansegangen. På den eine sida har dei digitale plattformene gitt oss moglegheiter vi tidlegare ikkje kunne førestille oss – for både kunst- og kulturopplevingar, kreativitet og sosial kontakt. På den andre sida medfører plattformene ny risiko, nye utfordringar og nye krav.

Kulturell deltaking

At barn har rett til å delta i det kulturelle og kunstnariske livet, blir slått fast i barnekonvensjonen artikkel 31. I dette ligg det blant anna ein rett til å få oppleve kunst og kultur som teater, film, utstillingar og til å lese bøker, men òg ein rett til å delta aktivt gjennom skapande og kreativ verksemd. Barn som tilhøyrer ein etnisk, religiøs eller språkleg minoritet, har eit særleg vern i artikkel 30.

Konvensjonen slår vidare fast at medlemsstatane skal «respektere og fremme barnets rett til fullt ut å delta i det kulturelle og kunstneriske liv og […] oppmuntre tilgangen til egnede og like muligheter for kulturelle, kunstneriske, rekreasjons- og fritidsaktiviteter». Innhaldet i barnehage, skole, SFO, kulturskole og Den kulturelle skolesekken reflekterer denne retten ved å gi eit tilbod til alle barn og unge. Det handlar om å oppleve kunst, å lære om kunst og sjølv ta i bruk kunstnariske og kulturelle uttrykk. Opplæringa skal gi kvalifisert grunnlag for eigne val, for vidare fordjuping og studium.

Boks 4.1 Barn har rett til kunst og kultur

I FNs konvensjon om rettane barn har, artikkel 31, heiter det:

  • 1. Partene anerkjenner barnets rett til hvile og fritid og til å delta i lek og fritidsaktiviteter som passer for barnets alder og til fritt å delta i kulturliv og kunstnerisk virksomhet.

  • 2. Partene skal respektere og fremme barnets rett til fullt ut å delta i det kulturelle og kunstneriske liv og skal oppmuntre tilgangen til egnede og like muligheter for kulturelle, kunstneriske, rekreasjons og fritidsaktiviteter.

FNs barnekomité har gitt ut ein generell kommentar om artikkel 31 som ei retningslinje for korleis ein skal tolke og bruke barnekonvensjonen.1 I denne retningslinja står det blant anna at retten til å delta fullt ut i det kulturelle og kunstnariske livet (§ 2) har tre samanvovne og gjensidig forsterkande sider:

  • (i) Tilgang: For at vi skal kunne seie at barn har tilgang, må det vere mogleg for dei å oppleve kulturelt og kunstnarisk liv og lære om eit breitt spekter av uttrykksformer.

  • (ii) Deltaking: For at barn skal kunne delta, må det vere garantert at dei har konkrete moglegheiter, enkeltvis eller som gruppe, til å uttrykkje seg fritt, til å kommunisere, handle og delta aktivt i kreative aktivitetar, med sikte på full utvikling av personlegdommen sin.

  • (iii) Bidrag til kulturlivet: Dette omfattar retten barn har til å bidra til det åndelege, materielle, intellektuelle og kjenslemessige uttrykket for kultur og kunst og dermed vere med på å utvikle og endre samfunnet som han eller ho høyrer til, til det betre.

1 FN 2013.

Barn og unge med nedsett funksjonsevne

FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) slår fast at dei alminnelege menneskerettane gjeld fullt ut for menneske med funksjonsnedsetjing. Konvensjonen gjer òg greie for korleis vi skal forstå og gjennomføre menneskerettane for personar med funksjonsnedsetjing.9

Artikkel 30 i denne konvensjonen, som heiter Deltakelse i kulturliv, fritidsaktiviteter, fornøyelser og idrett, slår fast at partane har eit særleg ansvar for å sikre at barn med nedsett funksjonsevne har den same moglegheita som andre barn til å delta i leik, fornøyelsar, fritidsaktivitetar og idrettsaktivitetar, også dei aktivitetane som går føre seg i skolen.

Aktivitets- og rapporteringsplikta

Norsk likestillingspolitikk er tufta på prinsippet om at alle har eit ansvar for likestilling. Prinsippet er tydeleg forankra i likestillings- og diskrimineringslova. Lova gir arbeidsgivarar ei plikt til å jobbe for å fremje likestilling og hindre diskriminering på grunnlag av personlege eigenskapar eller tilhøve. Dette gjeld blant anna diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Offentlege myndigheiter har lenge hatt plikt til å jobbe med likestilling. Aktivitetsplikta inneber at offentlege myndigheiter på alle nivå har ei plikt til å jobbe aktivt, målretta og planmessig for likestilling i all si verksemd. Aktivitetsplikta gjeld både i rollene som myndigheits- og tenesteutøver. Eksemplar på offentlege myndigheiter er departementa, direktorata, fylkeskommunar og kommunar. Frå 1. januar 2020 er denne plikta styrkt ved at offentlege myndigheiter også må gjere greie, i årsrapport/melding eller anna offentleg tilgjengeleg dokument, for kva dei gjer for å fremje likestilling. Dette blir kalla rapporteringsplikta. Barne,- og ungdoms- og familiedirektoratet har utvikla rettleiarar og tips til korleis offentlege myndigheiter kan jobbe aktivt med likestilling.10

Medverknad

Retten barn og unge har til å delta i og medverke i avgjerder rundt sitt eige liv og i samfunnet elles, er grunnleggjande for bygginga av det demokratiske samfunnet. Retten barn og unge har til medverknad, følgjer blant anna av Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 12.

Retten barn og unge har til medverknad, er i tillegg behandla i kommunelova og i plan- og bygningslova. I den nye kommunelova som tredde i kraft hausten 2019, er det bestemt at kommunane er pålagde å etablere eit ungdomsråd eller eit anna medverknadsorgan for ungdom. Ungdomsråda skal vere rådgivande organ for kommunane og fylkeskommunane, dei skal involverast i god tid, og kommunestyret og fylkestinget kan gi ungdomsråda myndigheita til å fordele midlar.11 Plan- og bygningslova fastslår at kommunane skal ta i vare oppvekstvilkåra til barn og unge i planlegginga og i byggjetiltak (§ 1-1), og at kommunane har ansvaret for å leggje til rette for at barn og unge får medverke i planprosessane (§ 5-1).12

Lova seier òg at kommunestyret skal sørgje for å etablere ei særskild ordning for å ta i vare interessene til barn og unge i planlegginga (§ 3-3). I denne ordninga skal ein person bli peikt ut til å vere barnerepresentant eller talsperson for barn og unge i byggjesaksprosessane. Ei rettleiing om barn og unge i plan- og byggjesak frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser korleis plan- og bygningslova kan vere med på å sikre og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge.13

Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverknad ved å leggje til rette for og oppmuntre til at barna kan få gitt uttrykk for kva dei synest om den daglege verksemda i barnehagen, sjå barnehagelova §§ 1 og 3 og rammeplan for barnehagen.14

Skolen skal gi elevane moglegheit til å medverke og til å lære kva demokrati betyr i praksis. Elevane skal erfare at dei blir lytta til i skolekvardagen, at dei har reell innverknad, og at dei kan påverke det som vedkjem dei, sjå opplæringslova § 1-1 og overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa.15

Boks 4.2 Medverknad

Regjeringa er oppteken av ungdomsmedverknad og har bestemt at i arbeidet regjeringa gjer med saksbaserte ungdomspanel skal prinsippa om reell påverknadskraft, representasjon, informasjon, gjensidig prosess, kompetanse og involvering leggjast til grunn. Kvart enkelt departement er sjølv ansvarleg for å ta initiativ til, opprette, velje deltakarar og bruke ungdomspanel. Barne- og familiedepartementet har utarbeidd råd om korleis dette kan gjerast.1

Sametingets ungdomspolitiske utval (SUPU) blei oppretta i 2003 slik at samisk ungdom skulle få meir innverknad på Sametingets politikk. SUPU består av fem faste medlemmer. Dei kjem frå heile landet og er mellom 16 og 28 år. Dei skal fungere som eit kontaktledd mellom samisk ungdom og Sametinget og som høyringsinstans for Sametinget når det gjeld ungdomssaker. Det går no føre seg ein prosess om organiseringa av ungdomsmedverknaden i Sametinget, som blant anna gjeld SUPUs rolle, organisering og tilknyting i sametingssystemet.

1 Barne- og familiedepartementet 2020b

Oppsummering

Barn har rett til informasjon, til å bli høyrde og kunne ytre seg, til å leike og utfalde seg kulturelt, til å ha privatliv og til å vere beskytta. Desse rettane skal sikre at barn får utvikle seg til det fulle potensialet sitt og gi dei moglegheita til å delta aktivt i samfunnet.

Kunst og kultur er ytringar. Det såkalla infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette leddet slår fast at staten har ansvar for at individ og grupper faktisk kan ytre seg, og løftar fram utviklinga av det offentlege rommet som eit viktig offentleg ansvar. Dette inkluderer eit ansvar for å leggje til rette for at det blir produsert og formidla kunst og kultur for, av og med barn og unge. Dessutan inneber kravet at staten har eit ansvar for å sikre barn og unge trygge rammer for utforske og realisere seg sjølv gjennom, kunst og kultur.

4.2 Kulturlova

I kulturlova er det bestemt at staten, fylkeskommunane og kommunane har ansvar for å «fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk».16 Kulturlova er ei rammelov som understrekar det overordna ansvaret som offentlege myndigheiter har for kulturverksemda.

Lova legg til grunn ein brei definisjon av kulturverksemd. Definisjonen dekkjer også kunst og kultur for, med og av barn og unge.

Både stat, fylkeskommune og kommune har etter denne lova eit ansvar for «økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak» som kan bidra til å oppnå formålet. Lova fastset i tillegg ei rekkje oppgåver som dei ulike forvaltningsnivåa skal sørgje for i fellesskap. I lova § 5 Felles oppgåver står dette:

Staten, fylkeskommunen og kommunen skal syta for
  • a. at kulturlivet har føreseielege utviklingskår,

  • b. å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet og leggja til rette for deltaking i kulturaktivitetar,

  • c. at personar, organisasjonar og institusjonar har tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak.

I forarbeida til lova blei dei felles oppgåvene offentlege myndigheiter har på kulturområdet understreka, og det blei lagt vekt på betydninga av samarbeid mellom staten, fylkeskommunane og kommunane.

Da lova blei vedteken, blei det lagt vekt på at ho ikkje måtte gi føringar som hindra nødvendige tilpassingar til lokale behov og dei løpande endringane i kultursektoren. Lova er enkel og overordna og gir handlingsrom og fleksibilitet til å utforme og gjennomføre ein kulturpolitikk som er forankra i regionale og lokale føresetnader. Det er i tillegg lagt vekt på at kulturpolitikken heile tida må kunne tilpasse seg ein sektor som endrar seg raskt, og fange opp nye behov.

4.3 Barnehagelova, opplæringslova og lova om universitet og høgskolar

Barnehage og grunnopplæring

Barnehagen og skolen er sentrale arenaer der barn og unge utviklar kulturell kompetanse. Kreative og skapande evner og ferdigheiter berikar den enkelte og samfunnet. Barn og unge er nysgjerrige og ønskjer å oppdage og skape. Å oppleve kunst- og kulturuttrykk og få delta i fysiske, praktiske og estetiske prosessar er betydningsfullt. Dette er derfor godt forankra i verdigrunnlaget til barnehagane, grunnopplæringa og lærarutdanningane. Opplæringslova og barnehagelova har ei likelydande formulering i formålsparagrafane sine som handlar om at barna og elevane skal få utfalde skaperglede, engasjement og utforskartrong.

Samiske barn i barnehage skal få støtte til å bevare og utvikle språket sitt, kunnskapen sin og kulturen sin uavhengig av kvar i landet dei bur. Den samiske skolen skal leggje til rette for at elevane får ei opplæring med basis i samiske verdiar og samisk språk, kultur og samfunnsliv. I samisk skole er det viktig å ha eit allsamisk perspektiv og eit urfolksperspektiv og å leggje vekt på materiell og immateriell kulturarv som tradisjonell kunnskap, duodji/duodje/duedtie og slekts- og familierelasjonar.

Barnehagen skal formidle verdiar og kultur, gi rom for eigen kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og meistring i eit sosialt og kulturelt fellesskap, sjå barnehagelova § 2. I Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver står det blant anna at barna skal få estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former, og at barnehagen skal bidra til at barna får vere saman om å oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk.

Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa beskriv dei verdiane og prinsippa som skal liggje til grunn for skolane. Grunnopplæringa omfattar grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Desse verdiane og prinsippa er integrerte i dei enkelte faga for å vise korleis dei overordna måla for skolen heng saman med læreplanane i faga. I overordna del står det blant anna at barn og unge får danning gjennom opplevingar, praktiske utfordringar og ved å utfalde seg estetisk. Innsikt i kunst og kultur bidreg til at barn og unge både lærer og utviklar seg. Skolen skal la elevane utfalde skaperglede, engasjement og utforskartrong, og la dei få erfaring med å sjå moglegheiter og omsetje idear til handling. Elevane skal få bruke dei skapande kreftene sine gjennom heile grunnopplæringa og få oppleve eit variert spekter av kulturuttrykk gjennom tida si i skolen.

Både rammeplanen for barnehagen, overordna del og læreplanar i fag er forskrifter som er heimla i høvesvis barnehagelova og opplæringslova. Det inneber at barnehageeigaren og skoleeigaren er forplikta til å sørgje for at barn og elevar får det tilbodet som regelverket stiller krav om. Ny rammeplan for barnehagen kom i 2017. Faga i skolen har blitt fornya, og overordna del og nye læreplanar i fag blei tekne i bruk hausten 2020.

Kulturskolen bidreg til å realisere måla for danninga til barn og unge. Kulturskolen er heimla i opplæringslova § 13-6. I lova går det fram at alle kommunar skal ha eit tilbod om musikk- og kulturskole i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.

Rammeplanane for grunnskolelærarutdanninga

Rammeplanane for grunnskolelærarutdanninga er forskrifter som er heimla i lov om universitet og høyskoler, og som som byggjer på opplæringslova og det gjeldande læreplanverket for grunnskolen. Dette inneber at dei krava som gjeld for grunnopplæringa, er førande for innhaldet i desse lærarutdanningane. Alle som blir uteksaminerte frå ei av lærarutdanningane, skal ha kunnskap om oppvekstvilkår og barne- eller ungdomskultur.

Rammeplanane for dei ulike lærarutdanningane omtaler dette på ulikt vis. Femårig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag blir starta opp frå 2021. Denne utdanninga går lenger i å konsentrere seg om kva dei praktiske og estetiske sidene betyr i barne- og ungdomskulturen, og identitetsdanninga knytte til praktiske og estetiske uttrykksformer. Ved at lærarane har innsikt i barne- og ungdomskulturen, skal dei kunne leggje til rette for at barn og unge får utfalde seg kreativt som skapande individ. Praktisk-pedagogisk utdanning og lærarutdanningane i praktiske og estetiske fag kan kvalifisere for undervisning både i grunnopplæringa og kulturskolen, og delar av praksisen lærarstudentane må ha, kan leggjast til kulturskolen.

Alle kandidatar frå norsk lærarutdanning som rettar seg mot barnehage eller skole, skal ha kunnskap og forståing om samisk kultur og statusen og rettane til urfolk. Nokon utdanningar legg spesiell vekt på kompetanse om samisk kultur. Dette gjeld dei samiske barnehagelærar- og grunnskolelærarutdanningane, som er forankra i samisk kultur og samfunn. Alle kandidatar frå samiske grunnskolelærarutdanningar skal ha kunnskap om samisk tradisjon innanfor det enkelte fagområde, og kunne gjere bruk av samiske læringsmåtar. Duodji, altså det tradisjonelle samiske handverket og kunsthandverket, kan inngå som eit eige fag i grunnskolelærarutdanningane. Den nye femårige lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag skal kvalifisere til å ta i bruk element frå samisk kultur, spesielt i dei praktiske og estetiske faga.

5 Barne- og ungdomskultur som politikkområde

Figur 5.1 

Figur 5.1

Barne- og ungdomskulturfeltet i politikken handlar om eit mangfald av aktørar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring gir alle barn og unge opplæring i og opplevingar av kunst og kultur. Mykje av det lokale kulturtilbodet til barn og unge har vakse fram gjennom frivillige lag og organisasjonar, for eksempel korps, kor, ungdomslag, teatergrupper og filmklubbar. Over tid er det også oppstått fleire ulike offentlege tilbod, for eksempel bibliotek, kulturskolar og fritidsklubbar. I fleire lokalsamfunn samarbeider desse tilboda godt og utfyller kvarandre slik at barn og unge får eit breitt og mangfaldig kulturtilbod.

Den prinsipielle haldninga frå staten har vore at det offentlege, både staten, fylkeskommunane og kommunane, skal leggje til rette for frivillig organisasjonsarbeid.

Det vi kallar det frivillige kulturtilbodet, frivilligheita eller frivillig sektor, består for det meste av lokale eldsjeler og ressurspersonar og betyr svært mykje for om barn og unge kjenner til og deltek i kunst- og kulturlivet. Aktiviteten og arbeidet til dei frivillige organisasjonane er sentralt i barne- og ungdomskulturen.

Regjeringa vil halde fram med å leggje til rette for ein sterk frivillig sektor, sjå Meld. St. 10 (2018–2019) Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig.

Temaet for denne meldinga er avgrensa til kva rolle og betydning det offentlege har for å løfte fram kunst og kultur for, med og av barn og unge. Dette omfattar ei rekkje ulike verkemiddel og tiltak både på statleg, regionalt og kommunalt nivå.

5.1 Statlege verkemiddel for barne- og ungdomskulturen

I dag deler fleire departement ansvaret for dei politiske måla og verkemidla knytte til barne- og ungdomskultur. Nedanfor følgjer ei kort oversikt over dei viktigaste statlege verkemidla på barne- og ungdomskulturfeltet. Fleire av desse beskriv og drøftar vi nærmare i del II og III av meldinga.

Kulturdepartementet har det overordna ansvaret for kulturpolitikken, inkludert kultur for, med og av barn og unge. I tillegg har departementet ansvaret for andre politikkområde som har å gjere med, eller grensar opp til barne- og ungdomskulturen, blant anna medium, likestilling og diskriminering, idrett og frivillig verksemd.

Kulturdepartementet har ansvaret for å utvikle den nasjonale kulturpolitikken ved hjelp av juridiske og økonomiske verkemiddel. Departementet forvaltar ei rekkje lovverk som legg dei rettslege rammene for kulturverksemda og -forvaltninga. Desse lovene er åndsverklova, kulturlova, kulturrådslova, bibliotekvederlagslova og folkebiblioteklova.

Regjeringa meiner at kulturlivet, frivilligheita og medieoffentlegheita er sjølvstendige byggjesteinar i samfunnet. Med det meiner vi at dei skal kunne utvikle seg mest mogleg på eigne premissar utan at staten overstyrer dei. Samtidig skal det offentlege leggje til rette for at det blir utvikla og er eit mangfald av private og offentlege finansieringskjelder. Statleg finansiering av kunst og kultur står sterkt i Noreg og omfattar ei rekkje tiltak for barn og unge og ordningar for frivillige lag og foreiningar. Finansieringa frå private aktørar er samtidig avgjerande for sjølve gjennomføringa, og for at ulike prosjekt og tilbod utviklar seg vidare. Slik finansiering kan skje både som brukarbetaling, investering, sponsing og folkefinansiering. Private aktørar og stiftelsar bidreg òg gjennom innkjøp og utlån av kunst og utstyr, prosjektstøtte og gåver og ikkje minst som arrangørar og tilretteleggjarar av aktivitetar og arrangement for barn og unge. Målet til regjeringa er eit kulturliv der eit mangfald av aktørar gir varierte opplevingar til flest mogleg. Dette inkluderer å samarbeide med både det sivile samfunnet, næringslivet og andre private aktørar.

Dei nasjonale midlane som blir løyvde til kunst- og kulturformål, kjem i hovudsak frå Kulturdepartementets budsjett. Den største delen av løyvingane frå departementet til kunst- og kulturformål går til institusjonar som får eit fast årleg driftstilskott. Dette er institusjonar som i stor grad har sjølvstendig avgjerdsmyndigheit innanfor formålet sitt og innanfor dei generelle føringane Stortinget og regjeringa fastset.

Kulturdepartementet er ansvarleg for korleis overskottet frå speleverksemda i Norsk Tipping blir fordelt til kulturformål. Departementet fordelte om lag 800 mill. kroner til ulike kulturformål i 2020. Dei største løyvingane gir departementet til Den kulturelle skolesekken og Frifond. Men også tilskudd til nasjonale musikkorganisasjoner, Instrumentfond til skolekorps og orkester og Kulturrom får midlar, og arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet får prosjekt- og utviklingsmidlar.

Som del av det kulturpolitiske avgjerdsapparatet er det vidare etablert ei rekkje verksemder som har som formål å forvalte tilskottsmidlane på budsjettet til Kulturdepartementet, inkludert Norsk kulturråd, Kulturtanken og Norsk filminstitutt. Desse omtaler vi nærmare i del III.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for barnehagar, grunnskole, vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, høgare utdanning, forsking, integrering, vaksenopplæringa og kompetansepolitikk. Kunnskapsdepartementet har også ansvaret for kulturskolen. Departementet fastset rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver og læreplanar for grunnskolen og dei gjennomgåande læreplanane for heile grunnopplæringa. Utdanningsdirektoratet fastset dei øvrige læreplanane. Kommunane og fylkeskommunane er eigarar av grunnskolar og vidaregåande skolar og har ansvaret for kvaliteten i opplæringa. Kommunane eig dessutan kulturskolane.

Kunnskapsdepartementet gir i tillegg tilskott til Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag.17

Utdanningsdirektoratet er Kunnskapsdepartementets utøvande organ for barnehage, skole og fagopplæring og forvaltar blant anna tilskottet til kunst- og kulturarbeid i opplæringa.

Barne- og familiedepartementet har ansvaret for oppfølginga av ei rekkje verkemiddel og tiltak med mål om å styrkje moglegheita barn og unge har til å delta i fritidsaktivitetar. Dette er generelle ordningar som ikkje er direkte grunngitte i kulturpolitiske mål. Frå budsjettet til Barne- og familiedepartementet blir det blant anna gitt tilskott til barne- og ungdomsorganisasjonar.18 Desse organisasjonane sikrar at barn og unge får delta, og er arenaer for medverknad og demokratisk praksis. Pengemidlane frå Barne- og familiedepartementet blir fordelte til sentralledda i barne- og ungdomsorganisasjonane. Støtta som Kulturdepartementet fordeler gjennom Frifond-ordninga, skal gå til lokal aktivitet i organisasjonane.

Ei samla oversikt over statlege tilskottsordningar for frivillige organisasjonar er tilgjengeleg på regjeringen.no/frivilligtilskudd.

5.2 Dei kommunale og regionale verkemidla

Barne- og ungdomskultur er ei nasjonal satsing der både staten, fylkeskommunane og kommunane har verkemiddel og tiltak. For å oppnå dei nasjonale måla er det derfor viktig at alle desse tre forvaltningsnivåa jobbar saman.

I forarbeida til kulturlova blir det understreka at fylkeskommunane og kommunane i prinsippet kan bruke dei same verkemidla og tiltaka som det staten gjer. Eksempel på verkemiddel og tiltak er

  • driftstilskott til nasjonale/regionale og lokale institusjonar og organisasjonar

  • drift av kulturanlegg eller tilskott til drift, bygging og vedlikehald av kulturanlegg

  • aktivitets-, produksjons- og prosjektstøtteordningar for kunstnarar og andre kulturarbeidarar

  • ulike former for stipendordningar for kunstnarar og kulturarbeidarar

Det er svært stor variasjon mellom kommunane og mellom fylkeskommunane med tanke på kva oppgåver dei har valt å prioritere på kulturområdet, og korleis dei har valt å løyse desse oppgåvene gjennom ulike verkemiddel.

5.2.1 Rolle og oppgåver i kommunane og fylkeskommunane

Fylkeskommunane og kommunane er ansvarlege for mykje av den sosiale og fysiske infrastrukturen som påverkar levekåra og utviklingsmoglegheitene til barn og unge. Det lokale kulturlivet og andre former for fritidsaktivitetar er sentrale arenaer for fellesskap og bidreg til mangfald, likestilling, ytringsfridom og toleranse.

Den kulturpolitiske rolla kommunane har, er godt innarbeidd og har ei historisk forankring.19 Både kinoverksemda og folkebiblioteka har vore viktige lokale kulturtiltak som kommunane har stått for, i tillegg til breiare oppgåver innanfor kulturfeltet. Eksempel er støtte til frivilligheit, amatøraktivitetar og organisasjonsliv innanfor kultur- og fritidsfeltet, inkludert barne- og ungdomsaktivitetar som korps, kor og teater med meir. Å byggje og så stå for drifta av lokale kulturbygg og samfunnshus er òg ei tradisjonell kommunal kulturoppgåve. Kommunen har òg ansvar for barnehagar, grunnskolar, SFO og kulturskolar.

Det er forskjellar på by og bygd, sentrum og utkant. Det gjer det vanskeleg å samanlikne korleis kommunane løyser oppgåvene sine på kulturfeltet. Vi veit dessutan at både andelen sentrale kunst- og kulturinstitusjonar og andelen kunstnarar er høgare både rundt og i dei store byane. Kunst- og kulturtilbodet er med andre ord forskjellig i ulike delar av landet.

Fleire av dei nasjonale kulturpolitiske satsingane for barn og unge er det kommunane som har ansvaret for. Dette gjeld blant anna kulturskolen, biblioteka, Den kulturelle skolesekken og Ung kultur møtes (UKM). I tillegg blir fritidsklubbane og andre opne møteplassar som kommunane skaper, stadig viktigare for barn og unge.

Desse ulike satsingane som kommunane står bak, er samtidig med på å skape grunnlaget for kva kompetanse og ressursar som finst i kommunen, altså kulturarbeidsplassane. Og å ha tilgang til folka som jobbar i desse stillingane i kommunen, er igjen det som gir grunnlag for å kunne utvide kulturtilbodet.

Mange kommunar vel å sjå desse satsingane i samanheng slik at dei blir del av heilskaplege strategiar og satsingsområde. Det er òg ei rekkje eksempel på at kommunen har plassert forskjellige aktørar i det same lokalet, gjerne i tilknyting til sentrale møteplassar for barn og unge, og så bidreg dette til å sikre eit heilskapleg og attraktivt tilbod til dei unge.

Ifølgje tal frå KOSTRA (som står for kommune–stat-rapportering) gav norske kommunar samla 219 mill. kroner i driftstilskott til fritidsaktivitetar for barn og unge i 2018. Kommunale tilskott utgjer eit vesentleg økonomisk bidrag i tillegg til dei statlege ordningane, for eksempel Frifond, Grasrotandelen og Kulturromordninga. Kommunane bidrog òg med om lag 1,5 mrd. kroner netto til kulturskole i 2018.20 Dette viser at barne- og ungdomskultur er ei prioritert oppgåve for mange kommunar.

Rolla til fylkeskommunane har endra seg mykje over tid. I dag er biletet svært samansett, med store variasjonar både når det gjeld politisk styring og administrasjon av kulturområdet og kva oppgåver som får prioritet hos dei ulike fylkeskommunane. Sjølv med denne variasjonen mellom fylkeskommunane er det likevel nokon klare fellestrekk.21 Dette gjeld blant anna oppgåver som fylkeskommunane har som plikt etter lova, forvaltning av tilskottsordningar, støtte til ulike kunst- og kulturinstitusjonar og tilrettelegging for kunst- og kulturfeltet i form av rådgiving og nettverkssamarbeid.

Nokon ansvarsområde deler fylkeskommunane med kommunane, for eksempel bibliotek, Ung Kultur Møtes (UKM) og Den kulturelle skolesekken (DKS). Fylkeskommunen har også ansvaret for vidaregåande opplæring. Andre ansvarsområde deler dei med det statlege nivået, for eksempel å finansiere regionale filmsenter, regionteater og orkester, festivalar og museum.

Som politiske organ skal kommunane og fylkeskommunane representere den lokale og regionale folkeviljen. Samtidig er dei òg ledd i det samla offentlege forvaltningsapparatet som skal bidra til å setje i verk nasjonal politikk. Denne doble rolla medfører ein potensiell verdikonflikt mellom lokalt og nasjonalt nivå, som må balanserast i forhold til kvarandre.

Kultursektoren skil seg her frå andre sektorar sidan den enkelte kommunen og fylkeskommunen står ganske fritt både når det gjeld å fastsetje mål og korleis dei vil bruke ressursar og verkemiddel på området. Enkelt sagt er det opp til lokaldemokratiet i kva grad kultur blir prioritert på kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Noko av hovudbodskapen i NOU 2013: 4 Kulturutgreiinga 2014 var at det utvalet kalla «den kulturelle grunnmuren», ikkje hadde blitt styrkt i perioden 2005–2014. Dei argumenterte derfor for at det må bli gitt større merksemd og meir pengar frå statleg hald til lokale aktørar som kulturskole, folkebibliotek, fritidsklubbar, kino og frivillig kulturliv med vekt på blant anna øvings- og framføringslokale. Dette er likevel eksempel på oppgåver der kommunane har eit sjølvstendig ansvar, og der kommunane står fritt til å prioritere disponeringa av midlar i tråd med det kommunale sjølvstyret. Fordi det kommunale sjølvstyret er lovbestemt, og fordi det er brei politisk einigheit om at det lokale folkestyret skal styrkjast, er dette utfordringar som i hovudsak må løysast lokalt.

5.2.2 Det kommunale og regionale planarbeidet

Plan- og bygningslova bestemmer korleis areala i landet skal brukast og regulerast. Lova har som formål å «fremme bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjoner», sjå lova § 1-1. Planlegging etter lova skal bidra til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gi grunnlag for vedtak om bruken av og eit vern av ressursane. I planlegginga skal det ifølgje formålsføresegna i lova blant anna leggjast vekt på «hensynet til barn og unges oppvekstvilkår».

Plan- og bygningslova pålegg fylkestinget som planmyndigheit ei plikt til å «utarbeide en regional planstrategi i samarbeid med kommuner, statlige organer, organisasjoner og institusjoner», sjå § 7-1 i denne lova. Når fylkeskommunen utarbeider regional plan, skal han, slik det står i § 8-3 i lova, «samarbeide med berørte offentlige myndigheter og organisasjoner. Statlige organer og kommuner har rett og plikt til å delta i planleggingen når den berører deres virkeområde eller egne planer og vedtak».

Plandelen til plan- og bygningslova gir statlege myndigheiter fleire verkemiddel for å sikre at den kommunale og regionale planlegginga tek i vare nasjonale omsyn og interesser.

Regjeringa fastset nasjonale forventningar som peiker på mål, oppgåver og interesser som regjeringa meiner fylkeskommunane og kommunane bør leggje vekt på i planlegginga si etter plan- og bygningslova i kommande fireårsperiode.

Staten kan òg utarbeide planretningslinjer og føresegner som legg rammer for kommunane. Ifølgje plan- og bygningslova kan Kongen (regjeringa) blant anna gi pålegg om å utarbeide regional plan for bestemte område og gjennom forskrift fastsetje nærmare føresegner om innhald og organisering, sjå § 8-1 i lova.

Eitt av verkemidla kommunen har, er å ha oversikt over den psykiske helsa og trivselen til innbyggjarane og faktorar som påverkar,22 for eksempel sosiale forskjellar og fattigdom, om ein opplever tilhøyrsel og meistring, sosial støtte, deltaking, einsemd, mobbing, fråfall mv. Om barn og unge deltek i kulturaktivitetar, vil vere ein påverknadsfaktor for blant anna psykisk helse og trivsel.

5.2.3 Vurdering

Som det går fram av gjennomgangen over, har kommunar og fylkeskommunar eit viktig ansvar for å leggje til rette for kultur for, med og av barn og unge. Ansvaret det offenlege har for barne- og ungdomskulturen er bestemt i fleire lover, sjå kapittel 4. Dette omfattar ei rekkje oppgåver kommunar og fylkeskommunar ivaretek.

Samtidig er det relativt store forskjellar i korleis kommunar og fylkeskommunar i praksis organiserer og prioriterer innsatsen på barne- og ungdomskulturfeltet. Mykje tyder i tillegg på at kommunane i mange tilfelle gir lite merksemd til kultursektoren i planlegginga si. Rapporten Kultur + skole = sant – et kunnskapsgrunnlag om kulturskolen i Norge23 hevdar at kulturskolesektoren manglar politisk styring både på nasjonalt og lokalt nivå, og at det lokale planverket ofte er mangelfullt. Dette gjer i sin tur at kulturskolane får lite merksemd i politiske organ lokalt.

På oppdrag frå Norsk kulturforum og Fagforbundet gjennomførte Telemarksforsking i 2019 to undersøkingar, den eine om kommunal organisering av kultur og den andre om kompetanse blant kulturarbeidarar.24 Undersøkingane frå Telemarksforsking viste at berre 36 prosent av kommunane har ein dedikert kulturplan, det vil seie at dei ikkje berre har lagt «kultur» under for eksempel samfunnsdelen i kommuneplanen. Det er særleg små kommunar som ikkje har nokon eigen kulturplan. Undersøkinga til Telemarksforsking viste vidare at kommunar som har ein kulturplan, bruker opp mot 25 prosent meir pengar på kultur og idrett (netto driftsutgifter) per innbyggjar enn kommunar som ikkje har dette.

Regjeringa meiner derfor at det er nødvendig å gjere det ansvaret som fylkeskommunane og kommunane har for kultursektoren generelt og for barne- og ungdomskultur spesielt, meir tydeleg. Samtidig er det viktig å halde på det kommunale sjølvstyret og moglegheita for å gjere lokale prioriteringar basert på ei konkret vurdering av situasjonen og ei avveging av behova lokalsamfunnet har på kulturfeltet, sett opp mot andre omsyn og forpliktingar. Regjeringa foreslår derfor ulike tiltak som skal sikre at kulturfeltet blir trekt inn i kommunale plan- og prioriteringsprosessar.

I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2019–2023 er det for første gong uttrykt klare forventningar om at fylkeskommunane og kommunane må ta i vare kunst og kultur som ein del av den kommunale og regionale planlegginga. Regjeringa meiner det er viktig at desse forventningane blir følgde aktivt opp av kommunane og fylkeskommunane i deira langsiktige planlegging framover.

I kulturmeldinga varsla regjeringa at dei skal gå gjennom kulturlova «med sikte på at ho skal vere eit styringsverktøy for oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom forvaltningsnivåa og reflektere nasjonale mål for kulturpolitikken».

Kulturdepartementet greier ut eit forslag til endringar i kulturlova og vil sende eit utkast på høyring om kort tid. Eit av dei spørsmåla som blir vurdert, er å utvide lova med ei planføresegn etter same modell som folkehelselova. Ei slik føresegn vil kunne forplikte fylkeskommunane og kommunane til å lage ei oversikt over statusen og behova på kulturfeltet. Denne oversikta skal kommunen så bruke i arbeidet med planstrategien sin. Betre statistikk og indikatorar på deltaking i kulturlivet, fordelt ned på sosioøkonomisk status, vil kunne vere eit styringsverktøy både for arbeid med kultur og folkehelse. I tillegg vurderer Kulturdepartementet ei føresegn om at kommuneplanen skal innehalde mål og strategiar på kulturfeltet som er eigna til å svare på dei utfordringane som kommunen dokumenterer i oversikta si over kulturfeltet. Ei eventuell planføresegn vil gjelde heile den kommunale kultursektoren, inkludert kulturskolen som formelt er heimla i opplæringslova. Regjeringa legg til grunn at ei planføresegn i kulturlova kan innebere ei tydeleggjering og konkretisering av plikter kommunane og fylkeskommunane allereie har etter kulturlova og opplæringslova.

Uavhengig av om og korleis planarbeidet på kultursektoren blir lovregulert, bør kommunane sjå heilskapleg på kunst- og kulturfeltet og korleis det vedkjem andre delar av kommunal forvaltning og eventuelt anna planverk. For eksempel skal kulturskolen vere eit tverrgåande tema i det kommunale planarbeidet etter plan- og bygningsloven § 11-2 og inngå i ulike relevante kommunale planar blant anna på oppvekstfeltet og integreringsfeltet. Vi skriv meir om kulturskolen i kapittel 8. I fleire kommunar er folkehelsekoordinatoren tilsett i kultur- og oppvekstavdelinga og vil i praksis kunne bidra i arbeidet med å implementere eventuelle planføresegner i kulturlova.

I tillegg har regjeringa i budsjettforslaget for 2021 avsett 4 mill. kroner til eit pilotprosjekt for å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging. Pilotprosjektet skal bidra til ein betre koordinert lokal kultursektor ved at det blir samhandla meir mellom ulike aktørar og utvikla gode møteplassar for deltaking og inkludering.

I pilotprosjektet vil det bli gitt tilskott til kommunar som ønskjer å utvikle modellar for samarbeid og samhandling der barne- og ungdomskultur (inkludert kulturskolen) er integrert i kommunal planlegging. Regjeringa understrekar at det kommunale planverket er eit verkemiddel og ikkje eit mål i seg sjølv. Planarbeid kan omfatte både separate planar, for eksempel ein kommunedelplan for kultur eller oppvekst, og inkludering av barne- og ungdomskultur i det generelle planverket. Hensikta med stimuleringsmidlane er å bidra til ein effektiv bruk av kommunale kulturbudsjett gjennom å utvikle samarbeidsformer og -arenaer. Det kan dreie seg om samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren i kommunen, mellom kommunar eller mellom offentleg sektor, privat sektor og frivillig kulturliv. I dette samarbeidet kan det vere relevant å trekkje inn både kommunale og private kulturskolar, barnehage, skole, skolefritidsordning, bibliotek, korps, kor og orkester, fritidsklubbar, Ung Kultur Møtes og Den kulturelle skolesekken.

Regjeringa vil også betre informasjonen til fylkeskommunar og kommunar om forpliktingar og forventningar til kommunal planlegging på kulturfeltet, i tillegg til å formidle eksempel på gode lokale planprosessar og samarbeidsmodellar.

Regjeringa vil

  • greie ut eit lovforslag som utvidar kulturlova med planføresegner etter modell av folkehelselova. Ei slik eventuell planføresegn vil gjelde heile den kommunale kultursektoren, inkludert kulturskolen som formelt er heimla i opplæringslova

  • setje i gang eit pilotprosjekt for å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging

  • betre informasjonen til fylkeskommunar og kommunar om forpliktingar og forventningar til kommunal planlegging på kulturfeltet, i tillegg til å formidle eksempel på gode lokale planprosessar og samarbeidsmodellar

Fotnotar

1.

Norsk kulturskoleråd deltok i prosjektgruppa, og fleire interesseorganisasjonar bidrog til å samle innspel og snakke med barn og unge. Desse var blant anna Dissimilis, TVIBIT Tromsø, Kultursenteret ISAK Trondheim, Voksne for Barn, UKM (Ung Kultur Møtes), Ungdom og Fritid, Biblo Tøyen, Skeiv Verden og KFUK-KFUM.

2.

Byggjer på Hylland, Haugsevje, Schnell & Miland 2019

3.

Ungdata er lokale barne- og ungdomsundersøkingar der skoleelevar over heile landet svarer på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Undersøkingane er tilpassa barn og ungdom på mellomtrinnet (5.–7. trinn), ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Sidan 2010 har over 665 000 ungdommar frå nesten alle norske kommunar delteke i Ungdata-undersøkingane, og sidan 2017 har over 50 000 barn i 5.–7. trinn svart på Ungdata junior-undersøkinga. Ungdata gir dermed eit godt innblikk i korleis det er å vere ung i Noreg i dag.

4.

Bakken 2019

5.

Statistisk sentralbyrå 2020b

6.

Jacobsen, Andersen, Nordø, Sletten & Arnesen 2021

7.

Hylland et al. 2019

8.

Bakken 2019

9.

FN 2006

10.

Barne- og familiedepartementet 2021

11.

Forskrift om medvirkningsordninger 2019

12.

Plan- og bygningsloven 2008

13.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet 2020

14.

Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver 2017

15.

Kunnskapsdepartementet 2017b

16.

Kulturlova 2007: §1

17.

Prop. 1 S (2019–2020) kapittel 225, post 75 Grunntilskot til kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa

18.

Tilskottet blir fordelt av Bufdir, som er eit statleg forvaltningsorgan under Barne- og familiedepartementet.

19.

Mangset & Hylland 2017

20.

Tall fra KOSTRA, Statistisk sentralbyrå.

21.

Hauge, Knudsen, Knutsen & Meltevik 2018

22.

Folkehelselova 2011: § 5

23.

Berge, Angelo, Heian & Emstad 2019

24.

Miland & Kleppe 2019

Til forsida