Meld. St. 18 (2020–2021)

Oppleve, skape, dele — Kunst og kultur for, med og av barn og unge

Med denne meldinga presenterer regjeringa for første gongen barne- og ungdomskulturfeltet som eit samla politisk satsingsområde på nasjonalt nivå. Målet er å gi alle barn og unge, uavhengig av bakgrunn, tilgang til kunst og kultur, å sikre at kunst og kultur som blir skapt for og formidla til barn og unge, er av høg kvalitet og å gi alle barn og unge moglegheita til å oppleve og å skape kultur på eigne premissar. Hovudbodskapen i meldinga er at alle barn og unge skal få medverke i kunst- og kulturpolitikken, at alle barn og unge skal få sjansen til å vere med på kunst- og kulturtilboda dei er interesserte i, og at kunsten og kulturen som blir laga for barn og unge er av høg kvalitet. Kulturskolen og Den kulturelle skolesekken er sentrale verkemiddel for å nå disse måla og viktige tema i meldinga. (Omslags- og kapittelillustrasjonar: Anna Fiske)

Les dokumentet

Følg meldinga vidare på www.stortinget.no