Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 24 (2014-2015)

Rammevilkår for lokalradio i samband med digitaliseringa av radiomediet

Til innhaldsliste

3 Rammevilkår for lokalradiosektoren i DAB

3.1 Modell for tildeling av anleggskonsesjonar og frekvensløyve i Lokalradioblokka

Medietilsynet foreslo i rapporten sin at anleggskonsesjonane og frekvensløyva i Lokalradioblokka i DAB-nettet skulle tildelast ved pengeauksjon. Nkom støtta tilsynets vurderingar. Dette er same modell som er nytta i prøveperioden fram til 2017, og som er nytta i det resterande DAB-nettet. Departementet sluttar seg til Medietilsynets og Nkoms vurderingar.

Fleire høyringsinstansar peikar på kor viktig det er at konsesjonane i Lokalradioblokka gjeld like lenge som i Riksblokka. Det vil seie til 31. desember 2031. Departementet sluttar seg til dette.

Ifølgje Digitalradio Norge bør konsesjonane lysast ut snarast. Departementet ser behovet for at konsesjonane blir utlyste så snart som mogleg og vil leggje til rette for dette.

Nokre høyringsinstansar foreslår at det blir fastsett reglar om at verken Digitalradio Norge eller riksradioaktørar kan ha anleggskonsesjon eller innhaldkonsesjon i Lokalradioblokka, og at Riksblokka ikkje kan nyttast til lokalradio. Departementet viser til at blant andre Digitalradio Norge har vore ein pådrivar for å byggje ut Lokalradioblokka i mange delar av landet. Dersom Digitalradio Norge eller andre riksaktørar skulle diskvalifiserast frå deltaking i utbygginga av DAB-nettet, er det derfor reell fare for framdrifta i utbygginga. Vidare kan slike omsyn eventuelt regulerast i samband med utlysing av anleggskonsesjonane i Lokalradioblokka, jf. kapittel 3.3. Departementet meiner det derfor ikkje bør innførast slike reglar.

Boks 3.1

  • Dagens ordning der anleggskonsesjonar og frekvensløyve blir tildelte etter pengeauksjon blir ført vidare. Direktetildeling skjer i regionar der det er berre ein interessent. Konsesjonane blir lyste ut snarast og skal vare til 31. desember 2031.

3.2 Modell for å sikre mindre ikkje-kommersielle lokalradioar reell tilgang til DAB-nettet

I digitalradiomeldinga heiter det at Kulturdepartementet i samarbeid med frekvensstyresmaktene i 2015 skal utarbeide eit konkret opplegg for lokalradioar som ønskjer å sende i Lokalradioblokka i DAB-nettet. I punkt 6.5.3 i meldinga står det at det kan vere naudsynt å etablere mekanismar for å sikre små lokalradioar tilgang til DAB-nettet. Meldinga nemner ulike mekanismar som kan vere aktuelle. På bakgrunn av departementets oppdragsbrev og digitalradiomeldinga foreslo Medietilsynet i rapporten av 15. september 2014 tre alternativ for å sikre mindre ikkje-kommersielle lokalradioar reell tilgang til DAB-nettet:

  1. Ingen særskilde ordningar

  2. Det blir reservert ein del gratis kapasitet i kvar region

  3. Det blir reservert kapasitet mot betaling av fastpris

I høyringa støttar Norsk lokalradioforbund, Kristent Radioforum og fem lokalradioar alternativ b, medan Medietilsynet og Radio Latin-Amerika støttar alternativ c. Elles tar få høyringsinstansar stilling til Medietilsynets forslag.

Departementet viser til at ordningar som skal sikre ikkje-kommersielle lokalradioar bestemte rettigheiter, inneber at det også innanfor digitalradioregimet må førast tilsyn med i kva grad kanalen faktisk er ikkje-kommersiell. Dette talar mot å innføre regulering i samsvar med alternativ b og c.

Etter departementets vurdering vil utfordringane for lokalradiobransjen først og fremst vere å finansiere utbygging av Lokalradioblokka. Når eit lokalt DAB-nett først er bygt ut, vil det vere kapasitet til om lag 15 til 20 lokalradioar i kvart område. I mindre tettbygde område vil det derfor truleg snarare bli overkapasitet. Mot denne bakgrunnen meiner departementet at det ikkje bør setjast i verk særskilde ordningar, men at det i staden blir spesifisert i anleggskonsesjonane i Lokalradioblokka kor viktig det er at ikkje-kommersielle lokalradioar blir sikra tilgang, og at det eventuelt kan innførast nærare regulering dersom det skulle oppstå tilgangsproblem.

Boks 3.2

  • I konsesjonsvilkåra til anleggskonsesjonærane blir det spesifisert kor viktig det er at ikkje-kommersielle lokalradioar blir sikra plass i Lokalradioblokka, og at det kan innførast nærare reglar dersom det skulle bli problem med tilgang til DAB-nettet for mindre ikkje-kommersielle lokalradioar.

3.3 Modell for tilgang til Lokalradioblokka for andre aktørar

I digitalradiomeldinga punkt 6.4.5.2 foreslo departementet eit forenkla system for tildeling av innhaldskonsesjonar på Riksblokka i DAB-nettet som i praksis inneber ei registreringsordning:

Departementet foreslår på dette grunnlaget eit system der den som disponerer kapasiteten i nettet (normalt innehavaren av anleggskonsesjon og frekvensløyve), først sluttar avtale med kringkastarar. Alle som har slik avtale, vil automatisk få kringkastingskonsesjon frå Medietilsynet etter søknad. Konsesjonsregimet vil såleis i praksis fungere som ei registreringsordning.

Sidan våren 2011 har Medietilsynet praktisert dette systemet for tildeling av innhaldskonsesjonar i Riksblokka. Systemet har i prøveperioden også vore lagt til grunn ved tildeling av innhaldskonsesjonar i Lokalradioblokka.

I rapporten av 15. september 2015 viser Medietilsynet til gode erfaringar med systemet, og at radiobransjen har gitt tilbakemeldingar om at saksbehandlinga har vore effektiv. Medietilsynet foreslår derfor å føre vidare denne ordninga for tildeling av innhaldskonsesjon. I høyringa gir Nkom, Digitalradio Norge og MBL støtte til tilsynets forslag. Elles har få høyringsinstansar uttala seg om dette spørsmålet.

Departementet sluttar seg til Medietilsynets forslag om å føre vidare dagens ordning der kringkastarar med leigeavtale i DAB-nettet etter søknad får innhaldskonsesjon av Medietilsynet. Ei slik ordning inneber ei monaleg forenkling samanlikna med dagens konsesjonsregime for analog lokalradio. Dagens ordning for tildeling av innhaldskonsesjon til alle som har leigeavtale i DAB-nettet blir ført vidare. I praksis inneber dette ei registreringsordning.

MBL og Digitalradio Norge meiner at det bør stillast krav om at anleggskonsesjonærane pliktar å tilby sendeplass dersom det er kapasitet, og at det blir stilt krav om bruk av opne, objektive og ikkje-diskriminerande kriterium for tilgang til nettet. Departementet sluttar seg til dette.

Norsk lokalradioforbund peikar på at anleggskonsesjonæren i praksis vil kunne fungere som portvakt, og at det derfor kan vere uheldig med vertikalt integrerte anleggskonsesjonærar/innhaldskonsesjonærar. Departementet viser i denne samanhengen til at kvart område i Lokalradioblokka vil ha plass til anslagsvis 15 til 20 kanalar, og at anleggskonsesjonæren gjennomgåande vil vere avhengig av flest mogleg leigetakarar for å finansiere utbyggingskostnadene. Vidare vil det vere svært kostbart å fylle så mange lokalradioar med innhald. Ut frå eit føre var-prinsipp meiner departementet like fullt at Medietilsynet og Nkom før utlysinga bør vurdere behovet for og eventuelt fastsetje ytterlegare generelle kriterium i alle regionar for tilgang til Lokalradioblokka for aktørar som ikkje er tilknytte anleggskonsesjonæren.

Boks 3.3

  • Det blir stilt krav om at anleggskonsesjonærane i Lokalradioblokka skal nytte opne, objektive og ikkje-diskriminerande kriterium for tilgang til DAB-nettet, og at konsesjonæren pliktar å tilby avtale så lenge det finst kapasitet.

  • Medietilsynet og Nkom vurderer behovet for og fastset eventuelt nærare generelle kriterium for tilgang til Lokalradioblokka.

3.4 Økonomisk støtte for å fremje digitalisering av lokalradiosektoren

3.4.1 Bakgrunn

Høyringsbrevet frå departementet inneheldt ingen forslag eller signal om økonomiske støtteordningar for å leggje til rette for digitalisering av lokalradiosektoren. Likevel peikar svært mange høyringsinstansar på behovet for økonomisk støtte til å fremje digitaliseringa av lokalradiosektoren.

Departementet viser til at det i dag eksisterer ei støtteordning for lokalkringkasting fastsett i forskrift 7. september 2001 nr. 1108 om tilskot til lokalkringkastingsformål. Etter denne ordninga vart det i 2014 tildelt totalt ca. 13,5 millionar kroner til følgjande kategoriar:

Kategori

Totalt

Lokalfjernsyn

Lokalradio

Programproduksjonar

6 480 204

4 632 631

1 847 573

Kompetansehevande tiltak

1 661 641

360 143

1 301 498

Utviklingsprosjekt

362 606

201 862

160 744

Minoritetsradio

594 490

-

594 490

Driftsstøtte til organisasjonar

4 400 000

2 200 000

2 200 000

Totalt

13 498 941

7 394 636

6 104 305

Ifølgje Medietilsynet fekk 51 lokalradiokonsesjonærar i snitt nesten 76 500 kroner frå ordninga i 2014, medan 14 lokale fjernsynsstasjonar i 2014 fekk i snitt 370 000 kroner gjennom ordninga.

3.4.2 Omfang av behov for støtte til digitalisering

På bakgrunn av eit estimat frå Medietilsynet vil full overgang til DAB i alle 37 regionar koste anslagsvis 110 millionar kroner i investeringar eller 125 millionar dersom linjeleige for eitt års drift er inkludert. Foreningen Norsk Lokalradio meiner at det berre vil vere behov for økonomisk støtte til utbygging av DAB i dei konsesjonsområda som har minst befolkningsgrunnlag, dvs. 30 av dei 37 konsesjonsområda, og at utbygging av dei mest folkerike områda kan finansierast av marknaden. Foreningen Norsk Lokalradio har sett behovet for støtte til 30 millionar.

3.4.3 Prioritering av støtte til digitalisering av lokalradio

Ifølgje Medietilsynet kan det alt i dag tildelast støtte til digitalisering av lokalradio etter gjeldande forskrift. Departementet meiner at omstillinga lokalradiosektoren står overfor i dei næraste åra, tilseier at støtte til digitalisering av lokalradio bør prioriterast. Departementet ønskjer derfor å setje av om lag halvparten av den årlege potten, som i 2014 var på 13,5 millionar, til slike formål fram til digitaliseringa av lokalradiosektoren har nådd eit tilfredsstillande nivå.

Etter forskrifta blir støtta gitt til kringkastarar. Det er derfor ikkje rom for å gi støtte direkte til anleggskonsesjonær. Støtta til kringkastarane vil likevel kunne fremje utbygging ved at fleire lokalradiostasjonar blir i stand til å forplikte seg til å leige kapasitet i DAB-nettet. Departementet meiner at utfordringane med å få bygt eit DAB-nett vil vere mindre i dei meir folkerike områda av landet, då det her gjennomgåande vil vere fleire aktørar som kan dele utbyggingskostnadene, eller som kan stille garanti til ein nettutbyggjar. Mot denne bakgrunnen meiner departementet at støtta bør gå til dei delar av landet som ikkje har marknadsgrunnlag for kommersiell utbygging av DAB-nettet. Dessutan trur departementet at fagutvalet for tilskot til lokalkringkasting vil kunne halde fram å prioritere mellom dei ulike søknadene.

Prioriteringa av midlar til digitalisering av lokalradio inneber at dei andre kategoripostane vil måtte finne seg i reduksjon i denne perioden. Departementet vil om kort tid sende på allmenn høyring eit forlag til fordeling mellom dei ulike postane, og vil i det høvet vurdere behovet for notifisering til Eftas overvakingsorgan (ESA).

Nokre høyringsinstansar har peikt på at eventuell støtte bør vere teknologinøytral og ikkje berre gå til utbygging av DAB-nettet. Departementet sluttar seg til dette. Det bør derfor opnast for å gi støtte til lokalradioar som ønskjer å etablere seg som nettradio eller ønskjer å nytte andre digitale teknologiar.

Boks 3.4

  • Departementet er innstilt på å øyremerkje om lag halvparten av midlane som blir tildelte etter støtteordninga for lokalkringkastingsformål, og vil i løpet av kort tid sende på allmenn høyring eit forslag om omprioritering av støtteordninga.

Til toppen
Til forsida av dokumentet