Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 24 (2014-2015)

Rammevilkår for lokalradio i samband med digitaliseringa av radiomediet

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

For dagens konsesjonærar i områda der konsesjonar til kommersiell radio ikkje blir forlengd, inneber innhaldet i meldinga at kanalane får kostnader til digital distribusjon dersom dei ønskjer å halde fram etter at konsesjonsperioden er omme. I dei fire største byane vil distribusjonskostnadene i DAB-nettet vere på tilsvarande nivå som i FM-nettet.

Dagens konsesjonærar i dei andre delane av landet får forlengt konsesjonane utan krav om motytingar samtidig som innhaldskrava blir fjerna. Dette vil isolert sett føre til reduserte kostnader for denne delen av bransjen. På den andre sida vil verdien av FM-konsesjonane på sikt kunne reduserast fordi distribusjonsplattforma vil få færre lyttarar etter at det riksdekkjande radionettet er digitalisert. Dette vil på sikt kunne føre til behov for digitalisering med kostnader til nettdistribusjon eller utbygging av Lokalradioblokka i DAB-nettet.

For styresmaktene vil konsekvensen vere at det vil bli mindre behov for å føre tilsyn med konsesjonærane på FM, med unntak for ekstra tilsyn med nisjeradioane i samband med teknologiskiftet. For konsesjonærane i Lokalradioblokka i DAB-nettet vil omfanget av tilsynsoppgåver reduserast monaleg samanlikna med dagens regime på FM.

Til toppen
Til forsida av dokumentet