Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 24 (2014-2015)

Rammevilkår for lokalradio i samband med digitaliseringa av radiomediet

Til innhaldsliste

4 Rammevilkår for lokalradioar som held fram på FM

4.1 Ny utlysing eller forlenging

Etter kringkastingsforskrifta varar lokalradiokonsesjonane i sju år og gjeld til og med 31. desember 2016. Departementet bad i høyringa om høyringsinstansanes syn på om det skal lysast ut på nytt eller om konsesjonane skal forlengjast for dei lokalradiokonsesjonane som får halde fram på FM.

Nesten alle høyringsinstansane meiner at konsesjonane bør forlengjast med unntak av Digitalradio Norge, P4, SBS og tre lokalradioar. Medietilsynet argumenterer sterkt for å forlengje konsesjonane:

Medietilsynet er enig med departementet i at det bør være forutsigbare rammevilkår for konsesjonene som fortsetter på FM, og mener at dette best ivaretas ved å legge til rette for størst mulig grad av kontinuitet for eksisterende lokalradioer. Det er myndighetenes oppgave å legge til rette for en aktørstyrt digitalisering av radiomediet, også for lokalradio. Det er antatt at en slik overgang vil være økonomisk krevende for en rekke mindre ressurssterke lokalradioer. Det er i dette perspektivet at det i digitalradiomeldingen er åpnet for at de fleste og minste lokalradioene vil kunne fortsette å sende på FM. Slik Medietilsynet ser det, gis en mulighet til disse radioene for at de skal få noe mer tid til å se an den teknologiske utviklingen og tilpasse seg til et teknologiskifte. I denne perioden mener Medietilsynet det er viktig at lokalradioene har størst mulig grad av stabilitet og forutsigbarhet. Ved utlysning løper man en risiko for å skape en vanskeligere situasjon for ressurssvake lokalradioer som myndighetene i utgangspunktet har ønsket å tilrettelegge for. Gjennom et opplegg basert på tildeling av FM-konsesjoner ved pengeauksjon, vil flere av lokalradioene måtte betale ytterligere for å få fortsette som før på FM. Dermed vil det økonomiske grunnlaget for digitalisering kunne forverres ytterligere for disse radioene.

Det same gjer frekvensmyndigheita Nkom:

Ved vurderingen av om konsesjonene/tillatelsene bør tildeles for en ny konsesjonsperiode på sju år eller forlenges for en kortere periode, mener Nkom at myndighetene må se hen til hva som er formålet med tildelingen. Forutsatt at myndighetene legger opp til å fase ut bruken av FM-båndet til bakkebasert analog lydkringkasting, herunder analog lokalradio, ser Nkom gode argumenter for at det vil være praktisk at dagens innehavere av konsesjoner/tillatelser får beholde disse for en kortere periode etter 31. desember 2016. Innehaverne av dagens konsesjoner har allerede foretatt nødvendige investeringer for å benytte frekvensene til kringkasting og vi antar at det vil være lite gunstig for eventuelle nye aktører å etablere seg når det bare vil være mulighet til å bruke frekvensene i en kort periode. Dersom konsesjonene/tillatelsene forlenges med bare noen få år, vil dette også være et incitament for aktører som opererer i FM-båndet til å ta i bruk en digital plattform. En eventuell ny utlysning vil, i motsetning til en forlengelse, også medføre mye ressursbruk for lokalradioaktørene og forvaltningen. Vi anser det som lite gunstig å bruke mye ressurser på noe som bare er ment å vare i kort tid.

Nkom viser vidare til lov 4. juli 2007 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon:

Ekomloven gjør et unntak fra prosedyren i § 6-4 for tildeling av frekvensbånd som er satt av til kringkasting i nasjonal frekvensplan. I slike tilfeller kan frekvensmyndigheten direktetildele tillatelser til virksomheter som har senderanleggskonsesjon etter kringkastingsloven § 2-2. Nkom viser til at ekomloven § 6-4a ble brukt i forbindelse med at P4 Radio Hele Norge3 og SBS Radio Norge4 fikk direktetildelt frekvenstillatelser i FM-båndet som gjelder fra deres tidligere konsesjoner/tillatelser utløp 31. desember 2013. Disse tillatelsene er gitt med varighet til og med 31. desember 2016, og kan forlenges til 31. desember 2018 avhengig av når de riksdekkende FM-nettene slukkes.

Departementet sluttar seg til Medietilsynets og Nkoms vurderingar og foreslår at konsesjonane blir forlengde av følgjande grunnar:

  • Under føresetnad av at dei kommersielle lokalradioane i dei fire største byane og omkringliggjande område blir digitaliserte, trur departementet at den kommersielle interessa for å sende på FM-nettet vil reduserast vesentleg etter at det resterande radionettet er digitalisert.

  • Det vil vere lite tenleg om lokalradioaktørane skal bruke ressursar på ei ny konsesjonsrunde for analog kringkasting samtidig med at bransjen elles blir digitalisert. Lokalradiobransjen bør heller bruke desse ressursane på digitalisering.

  • Ei ny utlysing inneber i praksis at konsesjonærane kan måtte velje mellom å bruke ressursar på ei ny søknadsrunde for analog kringkasting eller å bli digitaliserte. Digitalradiomeldinga la opp til at dei minste og fleste aktørane i lokalradiobransjen får noko lengre tid til teknologiskiftet enn riksaktørane. Ei ny utlysing vil ikkje gi bransjen høve til slikt.

I høyringa antyda departementet ei relativt kortvarig forlenging på tre år etter teknologiskiftet. Etter Nkoms vurdering bør konsesjonane i samband med utfasing av analog lydkringkasting i FM-bandet forlengjast med fem år:

Nkom anslår at KUDs forslag med en ny periode på 3 år etter slukkingen av de riksdekkende FM-nettene kan være noe knapp tid, ut fra de erfaringene som er gjort med utbygging av DAB-nett i Lokalradioblokka til nå. Nkom tror fem år etter slukking av de riksdekkende FM-nettene vil være en mer hensiktsmessig varighet på en utfasingsperiode for lokalradio på FM.

Også Medietilsynet foreslår ei forlenging på fem år. Dessutan argumenterer ein klår majoritet av høyringsinstansane for at konsesjonane bør forlengjast for ein periode på fem til sju år, eller lengre enn sju år.

Etter ei ny vurdering basert på innspela frå høyringsinstansane vil departementet be Medietilsynet om å forlengje lokalradiokonsesjonane med fem år. Det inneber at konsesjonane blir forlengde til 31. desember 2021. Ein legg til grunn at forlenginga skjer med uendra dekningsområde.

Departementet viser til at EØS-retten ikkje inneheld konkrete føringar for tildelingsprosedyrar på allmennkringkastingsfeltet, men legg til grunn at forlenginga må vere i samsvar med generelle EØS-rettslege krav om openheit, objektivitet og ikkje-diskriminering. Ettersom det finst gode argument for forlenging og at forlenginga ikkje er lengre enn nødvendig, meiner departementet at ei forlenging vil vere innanfor det EØS-rettslege handlingsrommet.

Boks 4.1

  • Lokalradiokonsesjonane som held fram på FM etter digitaliseringa av det riksdekkjande radionettet, blir forlengde med fem år etter 2017 dvs. til 31. desember 2021.

4.2 Liberalisering av rammevilkåra på FM

4.2.1 Generelt

Grunnlaget for å kunne stille konsesjonsvilkår og særskilde innhaldskrav for lokalradiosektoren har vore skort på frekvensar. I digitale kringkastingsnett blir frekvensressursane utnytta langt meir effektivt enn i analoge nett. Dette svekkjer grunnlaget for å påleggje kringkastarane konsesjonsplikter i form av programkrav1. Det blir derfor ikkje stilt innhaldskrav til radioar som blir distribuerte i DAB-nettet. Departementet meiner at omsynet til ei plattformnøytral regulering tilseier at radiokanalar som held fram på FM, som hovudprinsipp ikkje bør underleggjast strengare rammevilkår enn radiokanalar som sender i DAB-nettet.

4.2.2 Sletting av konsesjonsspesifikke krav

Dei kommersielle konsesjonane vart tildelte etter ein skjønnheitskonkurranse der konsesjonærane konkurrerte etter tre førehandsdefinerte kriterium:

  • Lokalt innhald talt i minutt utover minstekravet om å sende minst 30 minutt nyheits- og aktualitetsstoff med tilknyting til konsesjonsområdet, jf. kringkastingsforskrifta § 7-7

  • Forpliktande løfte om lokalt nærvær

  • Eigarmessig mangfald

I høyringa viste departementet til at mange lokalradiokonsesjonærar vil ha utgifter til dobbeltdistribusjon i overgangsperioden, og at omsynet til plattformnøytral regulering kan tilseie at innhaldskrava i FM-nettet bør avviklast, ettersom det ikkje vil bli stilt slike krav i DAB-nettet. Det vart vidare vist til at sletting legg til rette for at aktørane i lokalradiosektoren i staden brukar ressursane på digitalisering.

Dei fleste høyringsinstansane som uttalar seg om dette, støttar at boda på lokalt innhald blir sletta. Berre to konsesjonærar, P7 Kristen Riksradio og Radio Kvinesdal, er imot å slette boda på lokalt innhald. Sjølv om omsynet til aktørar som ikkje nådde opp ved førre konsesjonsutlysing, kan tale for å oppretthalde desse krava, meiner departementet at konsesjonskrav stilte i samsvar med dei tre kriteria som låg til grunn for skjønnheitskonkurransen, bør slettast av følgjande grunnar:

  • Radio Norge og P4 fekk monaleg lette i innhaldskrava blant anna fordi det ikkje lenger vil vere grunnlag eller behov for å stille slike krav i DAB-nettet. Omsynet til ei plattformnøytral regulering tilseier at det også bør lettast på innhaldskrava for lokalradioane som held fram på FM.

  • Ei sletting vil kunne redusere utgiftene og syte for at lokalradiosektoren brukar ressursar på digitaliseringa.

  • Svært få høyringsinstansar har motsett seg slik sletting.

4.2.3 Oppheving av kravet i kringkastingsforskrifta om lokale nyheiter

Kringkastingsforskrifta § 7-7 slår fast at kommersielle lokalradiokonsesjonærar skal på hverdager i tiden mellom 06.00-19.00 sende minst 30 minutter nyhets- og aktualitetsstoff med tilknytning til konsesjonsområdet. Innholdet skal være fordelt på minst tre atskilte programflater. Konsesjonærene plikter å føre logg over hvilke programflater som oppfyller dette kravet.

I høyringa foreslo departementet å oppheve denne plikta med tilsvarande grunngjeving som vart brukt for å slette dei konsesjonsspesifikke krava. Medietilsynet argumenterte i si høyringsfråsegn for at minstekravet i kringkastingsforskrifta til lokalt innhald bør haldast oppe for å legitimere vidareføringa av dei rettar som no gjeld for kommersiell radio gjennom blant anna minsterett til sendetid. Departementet viser til argumenta i punkt 4.2.2 og at omsynet til plattformnøytral regulering tilseier at kravet i forskrifta om lokalt innhald bør opphevast.

4.2.4 Oppheving av dei økonomiske avgrensingane for nisjeradio

Kringkastingsforskrifta § 7-2 femte ledd slår fast at nisjeradioar maksimalt kan ha 135 000 kroner i reklame- og sponseinntekter per driftsår, eller maksimalt 40 prosent av samla inntekt i verksemda kvart driftsår. Nisjeradioar har vidare forbod mot utbetaling av utbyte til eigarane.

Formålet med avgrensingane er å skilje mellom kommersiell og ikkje-kommersiell lokalradioverksemd. Departementet har ikkje justert desse avgrensingane i inneverande konsesjonsperiode fordi nisjekonsesjonane vart tildelte utan konkurranse og utan at det vart stilt innhaldskrav. Dei kommersielle konsesjonane vart på si side tildelte etter ein skjønnheitskonkurranse der konsesjonærane har tatt på seg ei rekkje plikter. Desse pliktene er baserte på eit konkurransebilete der nisjeradioane ikkje vil vere nemnande konkurrentar i reklame- og sponsemarknaden. Ved ei konsesjonsforlenging der dei individuelle og forskriftsfastsette krava til dei kommersielle lokalradiokonsesjonærane er oppheva, meiner departementet at også regelverket for ikkje-kommersiell lokalradio bør vurderast på nytt. I høyringa bad departementet om høyringsinstansanes syn på behovet for slike avgrensingar og om nivået for avgrensingane.

Foreningen Norsk Lokalradio, Digitalradio Norge, P4 og SBS meiner at dagens reglar bør haldast ved lag. Medietilsynet foreslår at inntektsavgrensinga burde hevast, medan blant andre Radio Latin-Amerika, Radio Lyngdal og Familie og Medier foreslår at desse krava blir fjerna.

Ettersom nisjekonsesjonærane må finne seg i å dele sendetid med andre konsesjonærar, trur departementet at det normalt vil vere lita kommersiell interesse for slike konsesjonar utanfor dei fire storbyane. Dette føreset at det ikkje blir opna for å endre sendetidsfordelinga slik at ein aktør kan sikre seg all sendetid. Ifølgje Medietilsynet er det relativt få nisjeradioar som har så høge reklameinntekter at grensa har praktisk tyding. På den andre sida har ikkje grensene vore justerte etter førre konsesjonsperioden (2008).

Mot denne bakgrunnen meiner departementet at det bør leggjast avgjerande vekt på at det særleg er mindre ikkje-kommersielle nisjeradioar som vil ha behov for å betre økonomien for å kunne gjennomføre eit teknologiskifte. Det kan vidare vere urimeleg å opne for stor lette for dei kommersielle aktørane samtidig som regelverket for nisjeradioar blir halde ved lag. Departementet foreslår derfor å oppheve desse krava for dei fleste nisjeradiokonsesjonærane.

I storbyane og omkringliggjande område hvor konsesjonane ikkje forlengjast eller lysast ut på nytt vil situasjonen likevel vere ein annan enn for andre delar av landet. Her vil nisjekonsesjonærane bli åleine om å sende på FM-nettet i område som er kommersielt svært attraktive. Det er derfor viktig å sikre at det drivast ikkje-kommersiellt. Ettersom det blir stilt krav om at det er etablert DAB-nett i dei områda som hvor konsesjonane ikkje forlengjast vil det, slik Digitalradio Norge peikar på i høyringsfråsegna si, vere mogleg for ikkje-kommersielle aktørar å sende på DAB for tilsvarande prisar som på FM. Mot denne bakgrunnen meiner departementet at nisjekonsesjonane i områda som blir digitalisert i samsvar med punkt 2, framleis bør vere underlagde inntekts- og utbyteavgrensingar for å syte for at nisjeradioane berre blir brukte til ikkje-kommersiell lokalradioverksemd.

Boks 4.2

Departementet legg opp til ei liberalisering og forenkling av rammevilkåra for aktørane som held fram på FM:

  • Konsesjonsspesifikke krav for kommersielle lokalradiokonsesjonærar i samsvar med dei tre førehandsdefinerte kriteria for skjønnheitskonkurransen blir sletta ved forlenginga av konsesjonsperioden

  • Kravet i kringkastingsforskrifta om at kommersielle lokalradiokonsesjonærar skal sende lokale nyheiter blir oppheva

  • Dei økonomiske avgrensingane for nisjeradioar i kringkastingsforskrifta blir oppheva i alle konsesjonsområde med unntak for konsesjonsområda hvor dei kommersielle lokalradiokonsesjonane ikkje forlengjast.

Fotnotar

1.

Jf. St.meld. nr. 30 (2006–2007) punkt 4.5.3

Til toppen
Til forsida av dokumentet