Motsegn til regulseingsplan Sjøsida, Ulstein kommune

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet stadfester reguleringsplan for Sjøsida i Ulsteinvik, som vart samrøystes vedteken i kommunestyret 7. september 2006. Departementet meiner at planen i naudsynt grad tek omsyn til dei reelle fiskeri- og hamneinteressene i Ulsteinvik. I departementet si avgjerd har omsynet til lokaldemokratiet og til den utviklinga som allereie har skjedd i Ulsteinvik, blant anna i samarbeid med Miljøverndepartementet gjennom tettstadsprogrammet, vore vektlagt. Departementet kan ikkje sjå at det er nasjonale eller viktige regionale interesser som gjer at kommunestyret sitt planvedtak må overprøvast. Motsegna frå Kystverket er dermed ikkje teken til følgje.

Vi viser til brev frå Møre og Romsdal fylke, datert 30. oktober 2006.

Saka er i medhald av plan- og bygningsloven § 27-2, nr. 2 sendt Miljøverndepartementet til endeleg avgjerd fordi Kystverket Region Midt-Norge har motsegn til reguleringsplanen for Sjøsida, Ulsteinvik.

Miljøverndepartementet stadfester reguleringsplan for Sjøsida i Ulsteinvik, som vart samrøystes vedteken i kommunestyret 7. september 2006. Departementet meiner at planen i naudsynt grad tek omsyn til dei reelle fiskeri- og hamneinteressene i Ulsteinvik. I departementet si avgjerd har omsynet til lokaldemokratiet og til den utviklinga som allereie har skjedd i Ulsteinvik, blant anna i samarbeid med Miljøverndepartementet gjennom tettstadsprogrammet, vore vektlagt. Departementet kan ikkje sjå at det er nasjonale eller viktige regionale interesser som gjer at kommunestyret sitt planvedtak må overprøvast. Motsegna frå Kystverket er dermed ikkje teken til følgje.

Bakgrunn for saka

Reguleringsplan Sjøsida, Ulsteinvik, omfattar dei sentrale hamneområda og sjøfronten av Ulsteinvik sentrum. Planen gjeld utfylling og tilrettelegging for sentrumsfunksjonar innan handel og servicetilbod, bustader, hamnepromenade og ei privat småbåthamn.

Reguleringsplan innsnevrar hamnebassenget i betydeleg grad i forhold til gjeldande kommunedelplan frå 2003. I gjeldande plan er industri- og fiskeriinteressene godt ivaretatt i hamnebassenget og i utbyggingsområda kring hamna, både langs Sjøgata og dei søre områda ved moloen.

Framlegget til reguleringsplan minskar tilgjengeleg areal for fiskeriretta verksemd. Det vart i utgangspunktet fremma med føremål om utbygging av utfyllingsområde langs Sjøgata i samsvar med gjeldande kommunedelplan, men etter innspel frå Kystverket vart framlegget endra til ein meir samla plan for det sentrale hamnearealet i Ulsteinvik; Reguleringsplan Sjøsida.

I tillegg til foreslått omdisponering av areal i reguleringsplanen, er tilgjengeleg areal for hamne- og fiskeriføremål og gått tapt som følgje av bygging av hotell/kulturhus i Saunesosen, inst i hamna, jf egen reguleringsplan for Saunesosen.

Kystverket Region Midt-Norge har i brev av 7. april 2006 fremma motsegn til reguleringsplanen. Kystverket peiker på at det har vore lagt ned vesentlege ressursar frå staten for å få etablert ei tenleg fiskerihamn sentralt i Ulsteinvik, mellom anna til mudring og seinast bygging av ein 120 meter lang molo. Kystverket har anslått statens kostnader til ca 20 millionar 2003-kroner. Dette gjer at det no er mogleg å ta imot også større fiskefarty i hamna. Kystverket har fremma motsegn fordi ein meiner at foreslått arealdisponering på sjø og land ikkje tek nødvendige omsyn til fiskeri og fiskeriretta næring i hamneområdet, med omsyn til dei anlegg og investeringar som staten har medverka til over tid. Motsegna vart fremma etter samråd med Fiskeridirektoratets regionkontor.

Kystverket peiker på at det også i tidlegare plansaker har vore usemje om arealbruken i og rundt hamnebassenget. Usemja har gått på i kva grad ulike areal burde disponerast til fiskeri/fiskerirelatert bruk, eller til andre føremål. For Kystdirektoratet og Fiskeridirektoratets regionkontor har omfanget av foreslått fylling langs Sjøgata med etablering av privat småbåthamn, bustader og promenadar, samt omdisponering av areal frå fiskeriformål til spesielt bustadformål i sør-vestre del av området (mellom anna Skjervøytomta), vore særleg problematisk.

Kystverket meiner at detaljplanar for hamna må basere seg på at heile hamna framleis skal bestå som fiskerihamn med hamnebasseng som i kommunedelplanen. Utbyggingsområda langs hamna ivaretek industri- og fiskeriinteressene både langs Sjøgata og dei søre områda ved moloen. Kystverket meiner planen må kraftig omarbeidast i aust og samtidig utvidast for fiskeriverksemd i sør for å kompensere for hamneareal brukt til hotell/kulturhus i Saunesosen.

Kystverket kan ikkje forsvare at ein etter så store statlege investeringar i hamneutbygging sit att med små oppsplitta område for fiskeri og fiskerirelatert verksemd, og at hamnebassenget vert fylt att med bustad- og forretningsbygg.

Mekling i saka vart gjennomført hos fylkesdirektøren 28. juni 2006. Meklinga førte ikkje fram.

Kystverket Region Midt-Norge opprettheld motsegna i brev av 14. august 2006.

Ulstein kommune vedtok reguleringsplan Sjøsida, Ulsteinvik 7. september 2006. Vedtaket var samrøystes i kommunestyret. Kommunen fann etter meklinga ikkje å ville ta motsegna til følgje, men at det var grunnlag for å gjere enkelte endringar i planen for å ta vare på fiskeriinteressene. Kommunen signaliserte positiv vilje til eventuelt å engasjere seg direkte med tilrettelegging for lokale fiskeformål i samsvar med foreslått plan. Kommunen viser i den samanheng til at dei lokale fiskeriinteressene i planen har fått samla fiskerirelatert areal rundt bruhovudet til moloen, noko som fiskarane er nøgd med.

Kommunen meiner elles at det ikkje lenger er behov for ei rein fiskerihamn i Ulsteinvik. Kommunen peiker på at hamna i dag berre i liten grad nyttast som fiskerihamn, og at lokale fiskarar er betra tent med å nytte fiskerihamnene i nabokommunane Herøy og Ålesund. Hamna i Ulsteinvik kan tilretteleggast som liggehamn for mindre farty, med tilgang til drivstoff, strøm og vann, samt moglegheit for enklare service på båtane. Kommunen ser for framtida ikkje for seg mottak eller tilverking av fisk i tilknyting til hamna i Ulsteinvik.

Kommunen kan ikkje sjå at det er grunnlag for å krevje refusjon av ytte statstilskott til fiskerihamn, men viser til at ytterlegare tilrettelegging for fiskeriinteressene i samsvar med planen vil krevje ny, lokal økonomisk innsats.

Kommunen viser vidare til at det i handlingsprogram for Kystverket blir lagt opp til at fiskerihamner med liten eller ingen fiskerimessig betyding skal søkjast avhenda til kommunar eller andre brukarinteresser, også med tanke på innsparingar for Kystverkets del. Kommunen meiner at hamna i Ulsteinvik i dag har slik liten betyding. Med vising til referat frå meklingsmøte hos fylkesmannen mellom kommunen og Kystverket og oppføljande justeringar av plankart og føresegner, ser kommunen det slik at arealbruken i reguleringsplan Sjøsida, Ulsteinvik i hovudsak er akseptert av Kystverket. Kommunen meiner usemja gjeld kor vidt kommunen skal måtte refundere noko av statstilskota som er ytte til fiskerikai og molo som følgje av innsnevring av hamnebassenget, og dermed redusert potensiale for bruk av større fiskefarty i hamna.

Møre og Romsdal fylke har i oversendinga til departementet 30. oktober 2006 rådd til at planen bør kunne godkjennast. Fylkesdirektøren skriv at planforslaget vil innebere ei vesentleg styrking av tilbod og kvalitetar i tettstaden Ulsteinvik, og at det neppa vil vere rett å la omsynet til større fiskefarty vere eit avgjerande hinder for realisering av planen. Fylkesdirektørens vurdering er gjedd ut frå dagens bruk av hamneområdet, og at nye hamnetilbod for større farty no er etablert og bør kunne vidare­utviklast andre stader i regionen. Fylkesdirektøren meiner at regulerings­planen, slik han no er utforma, tek i vare nødvendige omsyn til ein nedjustert fiskerihamnfunksjon på ein akseptabel måte.

Synfaring vart halde 20. mars 2007 med representantar frå Ulstein kommune, Møre og Romsdal fylke, Kystverket Region Midt-Norge, Kystdirektoratet, Fiskeridirektoratet, Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet.

Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) gjorde i brev av 10. september 2007 til Miljøvern­departementet ei førebels og avgrensa vurdering av saka. I brevet blir det vist til den ressursbruken som staten har ytt for å få etablert ei hensiktsmessig fiskerihamn sentralt i Ulsteinvik. FKD meiner det i utgangspunktet forpliktar kommunen til å oppretthalde fiskerihamna. For å løyse den fastlåste situasjonen skriv FKD at dei vil ta initiativ til ein forhandlingsløysing mellom Kystverket og Ulstein kommune, der kommunen vert tilbydd å overta fiskerihamna for ein forholdsmessig del av dei midla som staten har investert i utbygginga av fiskerihamna.

Staten v/Kystverket har gjeve Ulstein kommune tilbod om kjøp av eksisterande hamneanlegg i Ulsteinvik i Ulstein kommune. Beløpet vart sett til 3,5 millionar kroner.

Ulstein kommunestyre gjorde 1. november 2007 vedtak om at de verken på prinsipielt grunnlag eller ut i frå økonomiske eller praktiske grunnar kan godkjenne å gjere avtale om overtaking av fiskerihamna og betale 3,5 millionar kroner, sjølv om Kystverket då skal trekke motsegna i den aktuelle plansaka. Ulstein kommunestyre meiner som tidlegare at reguleringsplanen ikkje er til hinder for fiskerinæringsaktivitet av den type og omfang som hamna er dimensjonert for. Ulstein kommunestyre ber Miljøverndepartementet om å stadfeste reguleringsplanen slik han er godkjent av kommunestyret 7. september 2006.

Miljøverndepartementet sine vurderingar

Det sentrale spørsmålet i saka er om reguleringsplanen rører ved nasjonale eller viktige regionale interesser på ein slik måte at det er grunnlag for å overprøve vedtaket i kommunestyret.

Området som reguleringsplanen omfattar ligg sentralt i tettstaden Ulsteinvik. Kommunen satsar sterkt på utvikling av sentrum, der utvikling av tettstadkvalitetar står i fokus. Ulstein kommune deltok i Miljøverndepartementet sitt 5-årige program "Miljøvenlege og attraktive tettstader". Kommunen har i lag med Møre og Romsdal fylke og private interesser halde fram med dette i "Tettstadsprogrammet".

Departementet må ta stilling til om det ligg føre grunnar som gjer at kommunestyrets planvedtak, som inneber ei omdefinering/nedgradering av hamnetilbodet for større farty i sentrale Ulsteinvik, må overprøvast. Konkret gjeld det om omsynet til tidlegare investeringar og større fiskefarty skal vere eit avgjerande hinder for realisering av reguleringsplanen.

Miljøverndepartementet ser planen som ein viktig del av kommunens strategi der sjøfronten av Ulsteinvik sentrum opnast for utfylling og tilrettelegging for sentrumsfunksjonar, bustader og privat småbåthamn. Denne strategien er valt på bakgrunn av dagens bruk av hamneområdet og den utviklinga som har skjedd i regionen, der tilbodet for større farty no er betre i andre hamner.

Ei utbygging i tråd med reguleringsplanen vil etter Miljøverndepartementet sitt syn ikkje utgjere nokon reell trussel mot dei nasjonale og regionale fiskeriinteressene. Desse vert ivaretatt av andre hamnetilbod i regionen . Sett i forhold til å vidareutvikle tettstaden, også kvalitativt, er departementet einig med fylkesdirektøren i at gjennomføring av planen vil kunne bli eit løft for Ulsteinvik - også i ein større regional samanheng.

Fiskeri- og kystdepartementet peiker på at hamna i Ulstein framleis vil vere ei statleg fiskerihamn, og at kommunen vil oppretthalde og søkje å tilpasse hamnetilbodet ytterlegare for lokale fiskeriinteresser. Fiskeri- og kystdepartementet viser til at utbygging på hamna skal handsamast etter Havne- og farvannslova, §§ 8 andre ledd og 6 tredje ledd. § 8 andre ledd regulerer at bygging eller andre tiltak som kan være av betydning for Forsvaret eller Kystverket sine anlegg krev løyve av departementet (dette er delegert til Kystverket). § 6 tredje ledd gjev heimel for tiltak som kan føre til endring av elvelaup, farlei eller strømhøve eller innskrenking av farvatnet til hinder for ferdsla i djup, bredde eller høgde. Spørsmålet om eventuell økonomisk kompensasjon mellom partane (Ulstein kommune og Kystverket) er ikkje ein del av motsegnssaka.

Etter ei samla vurdering meiner Miljøverndepartementet at konfliktane i saka ikkje har slikt omfang og karakter at det er grunnlag for å overprøve dei lokale styresmaktene. Den delen av utbygginga som skal gjerast i fiskerihamna må handsamast etter Havne- og farvannslova, §§ 8 andre ledd og 6 tredje ledd, i tillegg til plan- og bygningslova.  På desse vilkåra har Miljøverndepartementet, etter samråd med Fiskeri- og kystdepartementet, kome til at reguleringsplan Sjøsida , Ulsteinvik i Ulstein kommune kan stadfestast.

                                                           Vedtak

I medhald av § 27-2 i plan - og bygningslova av 14. juni 1985 finn Miljøverndepartementet å kunne stadfeste kommunestyret i Ulstein sitt vedtak i møte den 7. september 2006 om reguleringsplan Sjøsida , Ulsteinvik.

Det stadfesta reguleringsplankartet med reguleringsføresegnene følgjer vedlagt med påteikning om stadfestinga.

Om kunngjøring av stadfesta reguleringsplan viser vi til plan- og bygningsloven       § 27-2 nr. 3.

Kommunen er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.

 

Med helsing

Erik Solheim

 

Kopi:  

Ulstein kommune

Møre og Romsdal fylke

Kystverket Region Midt-Norge

Fiskeridirektoratet Region Møre og Romsdal

Fiskeri- og kystdepartementet

Vedlegg:  Plankart og reguleringsføresegnene med påteikning om departementets stadfesting