Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Motsegn til arealdel av kommuneplanen for 2006-2016, Vaksdal kommune

Miljøverndepartementet tek til følgje motsegn frå Fylkes¬landbruks¬styret i Hordaland til kommuneplan for Vaksdal 2006-2016 (arealdelen) når det gjeld omdisponering av landbruksareal til utbyggingsformål på Helle. Departementet legg vekt på omsynet til jordvern og kulturlandskap, og endrar byggjeområde på Helle til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område).

Vi viser til brev frå Fylkesmannen i Hordaland datert 21. desember 2007.  

Saka er i samsvar med plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd, etter motsegn frå Fylkes­landbruks­styret i Hordaland. Motsegna er grunngjeve med omsyn til jordvern og kulturlandskap. Kommuneplanen er godkjend med rettsverknad i kommunen når det gjeld areala det ikkje er reist motsegn til, jf plan- og bygningslova § 20-5 fjerde ledd.

Miljøverndepartementet tek til følgje motsegn frå Fylkes­landbruks­styret i Hordaland til kommuneplan for Vaksdal 2006-2016 (arealdelen) når det gjeld omdisponering av landbruksareal til utbyggingsformål på Helle. Departementet legg vekt på omsynet til jordvern og kulturlandskap, og endrar byggjeområde på Helle til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område).

Bakgrunn for saka

Vaksdal kommunestyre vedtok arealdel til kommuneplan for 2006-2016 i møte 19.02.07. Fylkes­landbruks­styret i Hordaland har fremja motsegn til omdisponering av 29 dekar jordbruksareal til bustadformål i grenda Helle, litt nord for tettstaden Stanghelle i Vaksdal.

Området er landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) i gjeldande kommuneplan.

Fylkeslandbruksstyret vedtok i møte 08.09.06 motsegn til to bustadområde på Helle av omsyn til nasjonale mål om vern av jordbruksareal og kulturlandskap. Fylkeslandbruksstyret viste til at areala høyrer til ei av dei viktigaste jordbruksbygdene i kommunen, og er eit verdifullt og synleg kulturlandskap for både reisande og lokalfolket. Det største arealet, aust for E16, vart gjennom den vidare planprosessen i kommunen teke ut av planen.

Mekling skjedde 12.09.07, utan å oppnå semje om bustadområde på Helle, vest for E16.

Kommunestyret i Vaksdal behandla kommuneplanen på nytt i møte 08.10.07, og heldt fast ved vedtaket om nytt bustadområde vest for E16 ved Helle. Område med motsegn vart trekte ut av planforslaget, medan resten av kommune­planen sin arealdel vart eigengodkjend.

Fylkesmannen i Hordaland tilrådde i oversendingsbrevet at motsegna vert teken til følgje. Det vert vist til at omdisponeringa er i strid med nasjonale mål om vern av dyrka jord og kulturlandskap, og til at det vil bidra til auka press mot landbruksjorda på tilgrensande areal.

Synfaring skjedde 25. mars 2008 med representantar for kommunen, Fylkesmannen i Hordaland,  Landbruks- og matdepartementet og Miljøvern­departementet. Grunneigarar frå grenda Helle var til stades under møte og synfaring.

Landbruks- og matdepartementet (LMD) meiner omsynet til langsiktig vern av landbrukets produksjonsareal må tilleggjast størst vekt i denne saka, og tilrår i brev av 15.04.08 at motsegna frå Fylkeslandbruksstyret i Hordaland vert teken til følgje.

Departementet viser til Soria-Moria-erklæringa, som understrekar at norsk matjord er ein knapp ressurs som det  er eit nasjonalt ansvar å ta vare på for dei neste generasjonane, og til målsetjinga om å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdfulle jordressursane innan 2010. Det vert vidare vist til St.prp. nr. 1 (2007-2008) for LMD, der det blir understreka at vern av ikkje-fornybare arealressursar er høgt politisk prioritert og at regjeringa skal arbeide for ”ei berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet”.

LMD ser at kommunen har behov for å leggje til rette for busetjing, men peikar på at jordvernet ofte vert skadelidande. Ved å omdisponere jordbruksareal ved Helle til bustadformål, vil ein ta hol på eit verdfullt kulturlandskap og med dette skape press mot dei attverande areala for framtidig omdisponering. Departementet meiner at annan tilrettelegging for bustadbygging i kommunen tilseier at det ikkje er behov for å omdisponere dyrka areal nå.

Miljøverndepartementet si vurdering

Regjeringa meiner norsk matjord er ein ressurs som det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på for våre etterkomarar. Det er fastsett eit nasjonalt mål om å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdfulle ressursane innan 2010. Regjeringa forventar strengare praksis i kommunane når det gjeld jordvern og minske i omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord, jf. brev 21. februar 2006 frå Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet og St.meld. nr. 26 (2006-2007) om Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand.

Arealet på Helle er 29 dekar, og av dette er 7 dekar dyrka mark. Området inngår i eit større samanhengande kulturlandskap, og eit nytt bustadområde her vil auke presset mot tilgrensande jordbruksareal. Det er frå før nokre spreidde bustader sørvest for området det er reist motsegn til, og fylkeslandbruksstyret har signalisert at det kan la seg gjera å plassere eit fåtal hus på eigna tomter. Det  er også sett av nokre LNF-område med høve til spreidd busetnad for inntil 43 bustader totalt i planperioden. Det vil såleis ikkje vera heilt stengd for etablering i Vaksdal dei næraste åra, sjølv om det kan ta litt tid å få realisert det nye bustadområdet på Tettaneset ved Stanghelle. Om Tettaneset skriv kommunen i sitt oversendingsbrev av 07.12.2007 at det ”vil krevja relativt store kostnader i infrastruktur før tomter vil vera byggjeklare, og det vil vera naudsynt med eit visst volum av nye bustader for å koma i gang”. Eit nytt bustadområde på Helle kan føre til undergraving av satsinga på Tettaneset, ved at potensielle bustadbyggjarar vil spreie seg over fleire område. Dersom ein opnar for eit nytt bustadområde ved Helle nå, kan det ta lengre tid å få realisert satsinga på Tettaneset, som vil styrke tettstaden Stanghelle og gje eit bumiljø med tilgang på offentlege og private servicetilbod som skule, jernbanestopp, butikk, m.v.

Etablering av nytt bustadområde på Helle vil bidra til eit utflytande utbyggingsmønster og skape press mot resten av jordbruksareala i grenda. Omdisponering av verdifullt jordbruksareal bør avgrensast til område der dette er helt nødvendig for å oppnå gode og framtidsretta utbyggingsmønster. Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre sterke grunnar for at jordvern- og kulturlandskapsomsyn skal måtte vike for utbygging av bustader ved Helle.

Departementet finn etter dette ikkje grunnlag for å godkjenne byggje­område for bustader på Helle, og motsegna vert såleis teken til følgje.

 Vedtak

I medhald av § 20-5 femte ledd i plan- og bygningslova finn departementet ikkje å kunne godkjenne del av kommuneplanen sin arealdel for framtidig byggje­område for bustader på Helle. Området skal framleis visast som LNF-område i kommuneplanen. Motsegn frå Fylkeslandbruks­styret i Hordaland er dermed teke til følgje.

Departementet legg til grunn at kommunen endrar plankartet i tråd med vedtaket over.

Kommunen kunngjer planen, jf. plan- og bygningslova § 20‑5 åttande ledd.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.


Med helsing

Erik Solheim

 

Kopi:
Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Hordaland fylkeskommune, P.b. 7900, 5020 Bergen
Landbruks- og matdepartementet, Postboks 8007 Dep., 0030 OSLO