Statsrådens forord til hjernehelsestrategien

Alt begynner med hjernen.

Hjernen styrer kroppen. Hjernen tenkjer. Og hjernen din les desse setningane. Utan ein fungerande hjerne stoppar alt opp. Derfor er god hjernehelse heilt avgjerande.

Den nasjonale hjernehelsestrategien set retninga for korleis vi skal arbeide for betre hjernehelse i heile befolkninga.

Vi skal fremje god hjernehelse, førebyggje sjukdom og gi betre behandling. Ikkje minst skal vi auke kunnskapen om god hjernehelse – i befolkninga generelt og blant helsepersonell spesielt.

Kvar tredje av oss kjem til å få ein sjukdom i hjernen i løpet av livet. Det er ofte skremmande, både for den som blir råka, og for pårørande.

Vi treng sjølve å ha eit bevisst forhold til vår eiga hjerne: Korleis tek vi vare på hjernen i kvardagen? Korleis legg vi til rette for at barna våre utviklar ein frisk og sunn hjerne?

Og vi treng ei helse- og omsorgsteneste rundt oss som er rigga for å diagnostisere, behandle og følgje opp personar med hjernesjukdommar.

Det første målet i den nasjonale hjernehelsestrategien er god hjernehelse heilt frå fødselen. Vi skal ta vare på hjernehelsa til barn i svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga. Og vi skal auke kunnskapen hos foreldre om hjernehelsa til spedbarn og barn.

Eit anna viktig mål er å auke kunnskapen om hjernehelse i helse- og omsorgstenesta. I strategiperioden skal det mellom anna etablerast eit eige knutepunkt for hjerneforsking, med deltakarar frå akademia, tenesta, brukarorganisasjonar og helsenæringa.

Det skal skje i regi av Hjernerådet, i samarbeid med Forskningsrådet. Slik knyter vi hjernehelsestrategien til den nasjonale handlingsplanen for kliniske studiar og klinisk forsking som blei lansert tidlegare i år.

Strategien inneheld òg ei rekkje andre mål og tiltak, som til saman skal bidra til betre hjernehelse i alle aldrar og i heile befolkninga.

Strategien er eit samarbeid mellom ei rekkje aktørar: Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, dei regionale helseføretaka, kommunane, Forskningsrådet, Hjernerådet, frivillige organisasjonar og brukarorganisasjonar.

Tusen takk til alle som har bidratt til den nasjonale hjernehelsestrategien.

Bilde av Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Jan Christian Vestre sin signatur

Jan Christian Vestre

Helse- og omsorgsminister