4 Oppfølging av strategien

Strategien er eit rammeverk for å innrette innsatsen på hjernehelsefeltet mot felles mål dei neste ti åra. Innsatsområda og tiltaka vil måtte utviklast vidare i tråd med endringar i diagnostikk, behandling og utvikling av helse- og omsorgstenestene.

Ulike hjernesjukdommar vil òg ha behov for ulike tiltak for å nå målet. Helsedirektoratet vil, saman med Partnarskapet (sjå boks 4.1), ha ei sentral rolle i arbeidet med å finne fram til, utvikle og setje i verk tiltak innanfor målområda, i tillegg til å koordinere arbeidet på feltet. Direktoratet vil òg ha ansvar for indikatorutvikling som gjer det mogleg å vurdere i kva grad ein når måla. Strategien legg til grunn ordinære ansvarsforhold i tenesteutviklinga. Personellmessige konsekvensar skal inngå i vurderinga av tiltak. Tiltak med økonomiske konsekvensar blir handterte i normale budsjettprosessar.

Helsedirektoratet skal kvart år gi ei kort statusoppdatering til Helse- og omsorgsdepartementet om arbeidet. Rapporteringa skal bidra til kontinuerleg utvikling av strategiarbeidet og danne grunnlag for evaluering. I tillegg skal ein undersøkje om det er behov for å justere tiltak for å nå delmåla. Det bør gjennomførast ei midtvegsevaluering av alle delmåla halvvegs inn i strategiperioden for den oppdaterte hjernehelsestrategien.

Boks 4.1 Partnarskapet for hjernehelse

Partnarskapet omfattar aktørar som er inviterte av Helsedirektoratet. Det har ein rådgivande funksjon i arbeidet med hjernehelsestrategien. Partnarskapet skal vere pådrivar i arbeidet med hjernehelsestrategien ved å fremje nye idear og skape dialog og samarbeid. Dette skjer ved at deltakarane tek opp utfordringar og drøftar moglege løysingar innanfor arbeidet med hjernehelse.

Deltakarane representerer brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante fagmiljø.

Dei ulike aktørane i partnarskapet skal samarbeide for å bidra til at tiltak blir innførte, men deltakarane skal ikkje endre etablerte ansvarsforhold, myndigheiter og rapporteringslinjer.

Ansvarsforhold i oppfølging av strategien

Aktør

Rolle og ansvar

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD)

Helse- og omsorgsdepartementet skal ha det overordna ansvaret for strategien, fastsetje mål og prioriteringar og følgje opp gjennom styringsdialog med underliggjande etatar og verksemder.

Helsedirektoratet

Helsedirektoratet skal koordinere hjernehelsestrategien, utarbeide tiltaksplan og indikatorar, drive fagleg rådgiving, utvikle retningslinjer, indikatorar og rettleiingar, koordinere tiltak, rapportere om måloppnåing.

Folkehelseinstituttet (FHI)

FHI skal drive datainnsamling og analyse (NCD-indikatorar, levevanar), forske på førebygging og helsefremjing og overvake sjukdomsførekomst.

Regionale helseføretak (RHF)

Dei regionale helseføretaka skal setje i verk tiltak i spesialisthelsetenesta og utvikle pasientforløp, kvalitetsregister og kliniske studiar.

Kommunane

Kommunane skal førebyggje og drive helsefremjing lokalt, følgje opp pasientar, brukarar og pårørande, drive habilitering og rehabilitering og samarbeide med frivillige organisasjonar.

Forskingsrådet

Forskingsrådet skal lyse ut midlar til finansiering av forskingsprosjekt og vurdere kvaliteten på og relevansen til søknader som kjem inn. Rådet skal òg stimulere til kliniske studiar i internasjonalt samarbeid.

Hjernerådet

Hjernerådet skal bidra i partnarskapet og etablere ein hub for hjerneforsking.

Frivillige organisasjonar og brukarorganisasjonar

Organisasjonane skal bidra med støtte til pasientar, brukarar og pårørande, vere med på å utvikle tiltak og fremje brukarmedverknad.

Partnarskapet

Partnarskapet skal gi råd, fremje nye idear og skape dialog og samarbeid.