2 Ein heilskapleg strategi for betre hjernehelse

Kva er hjernehelse?

Hjernehelse er eit omfattande omgrep som handlar om å halde oppe og styrkje helsa til hjernen gjennom heile livet. Det handlar om funksjonane til hjernen, slik som kognisjon, sansar, kjensler og rørsler – uavhengig av om ein har ein hjernesjukdom eller ikkje. Hjernehelse handlar òg om kvart enkelt menneske si evne til å fremje si eiga hjernehelse og handtere livet trass i hjernesjukdom.

Å fremje hjernehelse handlar om å forbetre og halde oppe funksjonen til hjernen og livskvaliteten gjennom heile livet. Hjernehelse er ein del av folkehelsa og rettar seg mot hjernefunksjon og førebygging av hjernesjukdommar, medan folkehelse femner alle aspekt ved helse og sjukdom i befolkninga.

Kva er hjernesjukdommar?

Hjernesjukdommar inkluderer psykiske lidingar og nevrologiske sjukdommar, tilstandar og skadar i hjernen og resten av nervesystemet. I tillegg omfattar omgrepet avhengnadstilstandar. Hjernesjukdommar er karakteriserte ved forstyrringar i hjerneutviklinga, skade på hjernestrukturen og/eller redusert hjernefunksjon. Tilstandane med størst helsetap (DALY) er Alzheimer/demens, hjerneslag, angst, depresjon og hovudpine.

Enkelte sjukdommar blir utvikla gjennom livsløpet på grunn av påverknad frå levevanar og miljø, i samspel med gena våre. Alder kan òg vere ein faktor, slik som ved fleire typar demens. Andre sjukdommar kan vere medfødde og forårsaka av genetiske eller utviklingsmessige faktorar. Hjernesjukdommar kan vere akutte, oppstå som følgje av skade, utvikle seg gradvis over tid eller vere kroniske. Enkelte kan oppleve fråvær av symptom, fullstendig eller i periodar, medan andre må leve med alvorlege helseutfordringar store delar av livet. Nokre hjernesjukdommar kan òg kome som anfall, slik som ved epilepsi og migrene. Anfalla kan vere vanskelege å føresjå og handtere, og dermed skape uvisse i kvardagen.

Ein del hjernesjukdommar opptrer òg saman med andre sjukdommar. Dette aukar symptom og plager hos den enkelte og kan gjere det utfordrande å diagnostisere og gi effektiv behandling og oppfølging.3 Dei som er ramma, må ofte handtere kroniske helseutfordringar over lengre tid og treng tilbod frå ulike tenester som samhandlar godt.

Viktige fellestrekk som genetisk risiko, overlappande årsaksforhold i hjernen og påverknad frå levevanar gjer at ein kan sjå kunnskap om hjernesjukdommar og utvikling i tenestene i samanheng. Det kan bidra til betre pasientforløp og eit godt liv for personar med hjernesjukdommar og dei pårørande.

Boks 2.1 Felles helseutfordringar ved hjernesjukdom

Personar med hjernesjukdom kan ha ulike helseutfordringar som bidreg til sjukdomsbyrda. Helseutfordringane kan vere både synlege og usynlege. Dei mest framståande årsakene til hjernesjukdom er usynlege helseutfordringar. Trøyttleik eller fatigue finst i alle sjukdomskategoriar og er den største faktoren bak helsetap. Deretter følgjer smerter i hovud og nakke, og hjernetåke.

Hjernesjukdom har òg store sosiale og personlege konsekvensar. Nesten alle respondentane opplever utfordringar med å delta i sosiale samanhengar (91 prosent) og arbeidsliv (91 prosent), og mange melder om ei kjensle av skam (70 prosent), redusert sjølvkjensle (83 prosent) og økonomisk uvisse (72 prosent). Dette viser at helsetapet ikkje berre kjem av fysiske symptom, men òg av kognitive og emosjonelle utfordringar som avgrensar funksjonsevne og livskvalitet.

Kjelde: Oslo Economics (2025)

Innretning av Nasjonal hjernehelsestrategi

Strategien har ei heilskapleg tilnærming som dekkjer breidda av hjernesjukdommar og er innretta mot felles utfordringar, behov og løysingar framfor enkeltsjukdommar. Strategien gir ei overordna og samla retning for arbeidet på feltet og supplerer andre strategiar og planar.

Strategien tek utgangspunkt i at god hjernehelse blir skapt både utanfor og i helsetenestene. Den første dimensjonen rettar seg mot befolkninga generelt og handlar om kva vi kan gjere for å hjelpe befolkninga til å gjere levevaneval som fremjar helsekompetanse og hjernehelse, og som førebyggjer hjernesjukdommar. Den andre dimensjonen rettar seg mot dei som allereie får helse- og omsorgstenester: korleis tenestene kan bidra til best mogleg hjernehelse gjennom tidleg diagnostikk, behandling, habilitering, rehabilitering og støtte til pasientar, brukarar og dei pårørande.

Prinsippa for prioritering i helse- og omsorgstenesta – nytte, ressursbruk og alvorsgrad4 – gjeld òg for hjernehelseområdet. Strategien skal bidra til at ressursane blir brukte rettferdig og gir størst mogleg verdi for pasientar, brukarar og pårørande. Samtidig er berekraftig ressursbruk eit berande prinsipp: Tiltaka skal samla bidra til å styrkje helse- og omsorgstenesta slik at ho kan møte behova i dag og i framtida. Fagfolka er den viktigaste ressursen i den felles helsetenesta. Kravet om vurdering av personellkonsekvensar vil òg gjelde oppfølginga av målområda i strategien.

Hjernehelsestrategien skal supplere og skape synergiar med andre relevante strategiar og planar, men med vekt på arbeid som er spesifikt relevant for hjernehelse. Døme på slike strategiar er opptrappingsplanen for psykisk helse, handlingsplanane for habilitering og rehabilitering, handlingsplanen for kliniske studiar og klinisk forsking, kreftstrategien, alkoholstrategien og strategien for sjeldne sjukdommar. I arbeidet med demens vil den kommande Demensplan 2030 vere særleg viktig. Strategien skal bidra til å ta opp felles behov og utfordringar som ikkje er godt nok dekte av eksisterande planar, og samtidig gi positive effektar på tvers av fagområde.

Strategien vil ikkje handle om tiltak for konkrete helsefaglege utdanningar. Eventuelle endringar i relevante utdanningar vil bli vurderte i det løpande arbeidet med revisjon av dei nasjonale retningslinjene for utdanningane, i styringssystemet RETHOS.

Fotnotar

3  Kartlegging av kunnskap om helseutfordringar ved hjernesykdom | Menon Economics (2026)
4  Meld. St. 21 (2024–2025) Helse for alle