Nasjonale mål for hjernehelse
Regjeringa set med denne strategien retning for korleis vi kan fremje god hjernehelse, førebyggje sjukdom, forbetre pasientforløpa og gi betre behandling, habilitering og rehabilitering. Strategien har òg til formål å styrkje kunnskapsgrunnlaget og sikre at pasientar, brukarar og pårørande får den støtta dei treng. Strategien skal fungere som eit rammeverk for ein samla innsats for betre hjernehelse. Dei fire hovudmåla viser kva vi skal oppnå – saman:
God hjernehelse heile livet – helsefremjing, førebygging og handtering
Gjennom strategiperioden skal samfunnsutviklinga bidra til å fremje god hjernehelse. Saman med kunnskap om hjernehelse og hjernesjukdommar skal det leggjast til rette for at kvar enkelt innbyggjar kan gjere levevaneval som fremjar god hjernehelse. Ein god start på livet er særleg viktig og skal få ekstra merksemd.
Gode forløp – frå symptom til diagnose, behandling, habilitering og rehabilitering
Innbyggjarar med hjernesjukdommar skal i løpet av strategiperioden oppleve raskare og meir presis diagnostisering og at nye behandlingsmetodar blir tekne i bruk. Forløpa, særleg for dei med samansette tilstandar, skal opplevast meir støttande, samanhengande og koordinerte. I strategiperioden skal det arbeidast for å redusere uønskt variasjon i tilgang til habiliterings- og rehabiliteringstenesta.
Auka kunnskap og kvalitet i tenestene gjennom forsking, innovasjon og samarbeid med helsenæringa
Helsepersonell, forskarar, innovatørar og næringslivet skal oppleve at ein får raskare tilgang til data. Meir forsking og innovasjon om hjernesjukdommar nasjonalt og internasjonalt og i samarbeid med helsenæringa skal fremje nye løysingar.
Brukaren i sentrum – eit meir brukarorientert tilbod og betre oppfølging av pårørande
I strategiperioden skal samarbeid med brukar- og pårørandeorganisasjonar, frivillige organisasjonar og ideell sektor betrast, særleg når det gjeld lokale tilbod. Det skal leggjast betre til rette for ønska og synspunkta til brukarar og pårørande ved avgjerder, og pårørande skal oppleve støtte, slik at dei kan leve eit godt liv sjølv og kombinere pårøranderolla med utdanning, arbeid og fritid.