1 Kvifor ein nasjonal hjernehelsestrategi?

Hjernen er kontrollsenteret i kroppen vår. Han styrer alt vi gjer – frå å puste og røre på oss til å tenkje, føle og hugse. Hjernen gjer oss i stand til å lære, skape og leve eit meiningsfylt liv. God hjernehelse er derfor avgjerande for livskvaliteten, meistringa og samfunnsdeltakinga til den enkelte. God hjernehelse i befolkninga vil òg gi eit sterkare og meir motstandsdyktig samfunn i møte med kriser.

Hjernesjukdommar rammar éin av tre personar i løpet av livet og er den vanlegaste årsaka til at folk blir uføre og den nest vanlegaste årsaka til at folk døyr i Noreg. Hjernesjukdommar representerer i dag 29 prosent av det totale helsetapet i Noreg (DALY). Av år levd med helseplager (YLD) utgjer hjernesjukdommar 36 prosent av sjukdomsbyrda. Samtidig er nevrologiske og psykiske lidingar dei to mest kostnadskrevjande helseområda for samfunnet. Hjernesjukdommar utgjer ei like stor sjukdomsbyrde som kreftsjukdommar og hjarte- og karsjukdommar til saman. I åra framover vil aldringa i befolkninga truleg gjere at talet på innbyggjarar med hjernesjukdommar aukar vesentleg. Fram mot 2050 er det venta at dei offentlege helseutgiftene til nevrologiske lidingar vil auke mest når ein ser på dei totale helseutgiftene. Som samfunn må vi leggje til rette for god hjernehelse.

Med lanseringa av Nasjonal hjernehelsestrategi (2018–2024)1 var Noreg først i verda med ein eigen nasjonal strategi for hjernehelse. Strategien hadde som mål å sikre god diagnostikk, behandling og oppfølging av personar med hjernesjukdommar og å ta hand om behova til dei pårørande. I strategien framheva ein òg kva innbyggjarane kan gjere for å styrkje eiga hjernehelse og meistre livet med nedsett funksjon.

Erfaringar frå strategiperioden2 viser at det framleis er behov for ei nasjonal satsing for å fremje god hjernehelse. Dette skal skje gjennom å leggje til rette for at innbyggjarane gjer gode val for å styrkje hjernehelsa si og meistre utfordringar som følgjer av hjernesjukdommar. I helse- og omsorgstenesta skal den helsefremjande og førebyggjande innsatsen styrkjast, og tidleg innsats skal fremjast saman med gode og heilskaplege pasientforløp. I tillegg skal strategien bidra til å støtte pårørande og fremje kunnskap, forsking og innovasjon. Målet er god hjernehelse i alle aldrar og i heile befolkninga.

Fotnotar

1  Nasjonal hjernehelsestrategi (2018–2024)
2  Bakgrunnsrapport til oppdatert hjernehelsestrategi | Helsedirektoratet 2025