Områderegulering for Ørsta sentrum - avgjerd i motsegnssak

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner at bustadføremål inngår i byggeområda i støysonene i områderegulering for Ørsta sentrum. Departementet legg til grunn at det må ligge føre ei støyfagleg utgreiing som dokumenterer at krava til avbøtande tiltak er sikra, før kommunen gjev rammeløyve. Motsegna frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ikkje tatt til følgje.

Bakgrunn

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til fylkesmannen sitt brev av 17.12.2019 og dokumenta i saka. Ørsta kommune har vedtatt områderegulering for Ørsta sentrum med motsegn frå fylkesmannen. Saka er oversendt Kommunal- og moderniseringsdepartementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 12-13.

Områdereguleringa omfattar sentrale delar av Ørsta sentrum, og tilgrensande område der det er planlagt ny utbygging. Føremålet med planen er å legge til rette for eit meir attraktivt og urbant sentrum der menneske skal få større plass i bybiletet. Fortetting, møteplassar, funksjonsfordeling og bustader har vore sentrale tema i planarbeidet. Planen er utarbeidd med grunnlag i kommuneplanen sin samfunnsdel frå 2012, kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovedbygda frå 2015, og utviklingsplan for Ørsta sentrum frå 2016.

Områdereguleringa stiller krav om detaljregulering for seks område der kommunen meiner det er behov for meir avklaring enn det områdereguleringa gjev. I dei andre byggeområda kan utbygging skje med grunnlag i områdereguleringa.

Europaveg E39 og andre trafikkerte vegar, inneber at store delar av Ørsta sentrum er utsett for støy. I områdereguleringa er raud og gul støysone vist som omsynssone for støy, med føresegner om avbøtande tiltak for nye bustader og anna støyfølsame bygg. Område langs E39 og Vikeøyrana som ligg i raud støysone, er definert som avvikssone for støy. Innanfor avvikssona er det tillate med bustader og anna støyfølsame bygg som har ei stille side. Minst eitt soverom og areal til uteopphald skal ligge på stille side, og støy på den støyutsette fasaden skal ikkje vere over 70 desibel. Tilfredsstillande støynivå skal dokumenterast i ei detaljert støyvurdering før det vert gitt rammeløyve. I raud støysone utanfor avvikssona er det ikkje tillate med bygg for støyfølsame bruksføremål før det er utarbeidd detaljregulering som dokumenterer at støykrava i støyretningsline T-1442 er imøtekomne. I gul støysone er det krav om stille side og detaljert støyvurdering, før det vert gjeve rammeløyve.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal fremma motsegn til reguleringsplanen i brev av 27.06.2018. Fylkesmannen viser til at planen opnar for bustader i raud og gul støysone, og meiner at kommunen må avklare støytilhøve og arealbruk i områdereguleringa, eller stille krav om detaljregulering for områda innanfor støysonene som opnar for støyfølsamt bruksformål. Fylkesmannen meiner at det ikkje er i tråd med retningsline for støy i arealplanlegging T-1442/2016, å avklare støy og arealbruk i byggesak slik planen legg opp til. Fylkesmannen har ikkje motsegn til område BKB6, der støysituasjonen er tilstrekkeleg avklara.

Ørsta kommune gjorde endringar i områdereguleringa for å imøtekomme motsegna frå fylkesmannen. Støysonene blei vist på plankartet som omsynssoner, og det blei tatt inn føresegner om avbøtande tiltak for bustader og anna støyfølsame bygg. Fylkesmannen meiner at endringane ikkje er tilstrekkelege, og opprettheld si motsegn til planen. Det er ikkje gjennomført mekling i saka, då partane ikkje såg grunnlag for dette.

Ørsta kommune vedtok reguleringsplanen i møte 20.06.2019. I byggeområda innanfor støysonene er bustadføremålet unntatt rettsverknad.

Kommunen ønskjer å legge til rette for høg arealutnytting med bustader i sentrum, og meiner det er i tråd med støyretningsline T-1442/2016 å definere den tettaste sentrumskjerna som avvikssone for støy. Kommunen viser til at området som er definert som avvikssone for støy, er avsett til sentrumsføremål i kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda.

Kommunen meiner og at støy er tilstrekkeleg avklara gjennom støysonene som er vist på plankartet, og funksjonskrava som er stilt i reguleringsføresegnene. Kommunen viser til at byggetomtene i planen gjev lite rom for variasjon i plassering av bygg, og at det i dei fleste tilfelle ikkje vil vere råd å skjerme eller plassere bygg slik at dei kjem utanfor støysonene. Kommunen meiner at funksjonskrava, som må dokumenterast i byggesak, gjev ei forsvarleg ramme for å sikre omsynet til støy, og at krav om detaljregulering for alle tiltak innanfor støysonene ikkje vil gje vesentlege fordelar. Endelege løysingar i høve til støy kan avklarast ved detaljplanlegging og prosjektering av det enkelte bygg, i samband med søknad om rammeløyve.

Fylkesmannen tilrår i si oversending av saka til departementet at motsegna vert teke til følgje. Fylkesmannen meiner det er uheldig at planen opnar for bustadbygging i støysonene utan at det er avklart om det er mogeleg å oppnå tilstrekkeleg gode støytilhøve. Dette kan få uheldige konsekvensar for utbyggjarar. Fylkesmannen peiker mellom anna på områda med kombinert føremål bustad/forretning/tenesteyting/kontor BKB16, BKB14 og BKB2, der det vil vere svært krevjande å oppfylle støykrava fordi området er utsett for støy frå fleire sider.

Fylkesmannen meiner at planen må stille krav om detaljregulering der ein legg til rette for bustadbygging i gul og raud støysone, fordi områdereguleringa ikkje går tilstrekkeleg inn i kvart byggeområde med forslag til støyskjerming. Dersom kommunen ønskjer å avklare støy i områdereguleringa, må det gjerast på same måte som i ei detaljregulering.

Fylkesmannen meiner og at avvikssonar for støy skal avklarast på kommuneplannivå og ikkje i ei områderegulering. Innanfor avvikssona bør det stillast krav om detaljregulering for å oppnå best moglege løysingar i støyutsette område.

Møte om saka blei halde 27.05.2020. Ørsta kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet deltok på det digitale møtet.

Klima- og miljødepartementet (KLD) tilrår i brev av 30.06.2020 at motsegna frå fylkesmannen vert teken til følgje. KLD vurderer at områdereguleringa ikkje sikrar omsynet til støy i tilstrekkeleg grad. Departementet viser til at støy er eit miljøproblem som rammer mange menneske, og at riktig arealbruk truleg er det mest kostnadseffektive tiltaket for å forebygge støy. Klima- og miljødepartementet er einig i at det å opne for bustader i raud og gul støysone er eit strategisk grep i sentrumsutviklinga, men meiner at ein må sikre tilstrekkeleg detaljert planlegging for å ivareta gode støytilhøve. Dette gjeld i høve til å finne god plassering og utforming av uteareal og bustad, slik at ein oppnår gode støytilhøve ute og inne. Departementet meiner at det ikkje er mogeleg å slå fast om krava som er stilt i planføresegnene kan oppfyllast før det er gjort ei støyfagleg utgreiing. Viss det ikkje vert gjort støyfagleg utgreiing i områdereguleringa, må dette gjerast i detaljregulering for å sikre omsyn til støy i tråd med retningsline T-14427/2016. Departementet meiner at dersom det ikkje er gjort ei støyfagleg utgreiing, kan ein ikkje gå rett frå områderegulering til byggesak.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 12-13 avgjere om motsegna skal takast til følgje. Konkret skal departementet vurdere om planen kjem i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser knytt til støy.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner det er positivt at kommunen har utarbeidd ei områderegulering som legg grunnlag for utvikling av eit meir kompakt og urbant sentrum med bustader, handel- og tenestetilbod, og andre funksjonar. Utvikling av kompakte og attraktive byar og tettstader med minska transportbehov, er i tråd med føringar i statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal og transportplanlegging, og i nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019-2023.

Retningsline for behandling av støy i arealplanlegging T-1442(2016) tilrår at det ikkje vert bygd nye bustader i raud støysone. Det kan likevel vere aktuelt i sentrumsområde i byar og tettstader, spesielt rundt kollektivknutepunkt, der det er aktuelt med høg arealutnytting av omsyn til samordna areal- og transportplanlegging. Planar som opnar for avvik frå anbefalte støygrenser i T-1442, bør ha føresegner om avbøtande tiltak, mellom anna krav om at bustadene får opphaldsrom mot stille side og skjerma uteopphaldsareal. Gul støysone er ei vurderingssone der ein kan oppføre nye bustader, viss det kan dokumenterast at avbøtande tiltak gjer tilfredsstillande støytilhøve.

Støyretningslinene tilrår at utandørs støy vert avklara i plan gjennom ei støyfagleg utgreiing, og seier at det i mange tilfelle kan vere naudsynt med både ein overordna plan og detaljregulering for å finne gode løysingar i avvikssonar for støy. Det er ofte ikkje aktuelt med støyskjerming i desse områda, men meir aktuelt å nytte bygga som skjerm.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderer at avvikssoner for støy også kan vere aktuelt å nytte på stader som Ørsta, der kommunen ønskjer å legge til rette for attraktive sentrumsområde med høg arealutnytting, og der trafikkstøy er ei utfordring. Departementet har ikkje vurdert avgrensing av avvikssona og områda der det vert opna for bustader, men legg til grunn at kommunen har gjort ei grundig vurdering av dette i arbeidet med områdereguleringa.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har forståing for kommunen sitt ønskje om at reguleringsplanen skal vere fleksibel, og legge til rette for bustader i tillegg til forretning, kontor, tenesteyting og andre funksjonar i dei mest sentrale delane av sentrum. Departementet har og forståing for kommunen sitt ønskje om at områdereguleringa skal gje grunnlag for utbygging der det ikkje er behov for detaljregulering. Dette er i tråd med prinsippa om at planlegginga ikkje bør vere meir omfattande enn det som er naudsynt.

Støyretningsline T-1442 tilrår at det vert utarbeidd ei støyfagleg utgreiing tidleg i planprosessen, slik at planane vert tilpassa støyutfordringane. Utfordringa i denne saka er at kommunen ikkje har gjort ei overordna støyvurdering i tråd med tilrådingane i støyretningslinene, eller stilt krav om detaljregulering for områda som er mest utsett for støy. Dette kan føre til at reguleringsplanen opnar for bustader og andre bygg med støyfølsam bruk i område der det ikkje er mogeleg å sikre tilfredsstillande støynivå. Ei overordna støyvurdering ville og gitt eit betre grunnlag for å sjå utbygging i eit større område i samanheng. Dette er ofte naudsynt for å finne gode løysingar i høve til støy.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner det burde vore gjennomført ei overordna støyfagleg utgreiing som avklarar om det er mogeleg å etablere bustader med tilfredsstillande støytilhøve innanfor støysonene. Alternativt kunne det vore stilt krav om detaljregulering for dei områda som er mest støyutsett. Når dette ikkje er gjort, kan det føre til at planen blir mindre føreseieleg for utbyggjarar, og at ein ikkje får til like gode løysingar på tvers av eigedomsgrenser.

Etter ei samla vurdering godkjenner departementet likevel at bustad inngår i reguleringsføremålet i dei aktuelle områda innanfor støysonene. Departementet vurderer at omsynet til støy er tilstrekkeleg sikra ved at støysonene er vist på plankartet, og gjennom føresegner om avbøtande tiltak i tråd med tilrådingane i støyretningslinene. Departementet legg og vekt på kommunen si vurdering av at områda som er aktuelle for utbygging innanfor støysonene er små, og at detaljregulering ikkje vil gje meir nytte enn byggesaksbehandlinga.

Departementet legg til grunn at kommunen følgjer opp føresegnene om støyfagleg utgreiing og avbøtande tiltak ved handsaming av byggesak.

Vedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-13 godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet at bustad inngår i reguleringsføremålet for byggeområde innanfor støysonene, i tråd med kommunen sitt vedtak av 20.06.2019.

For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 12-12.
 

Med helsing

Nikolai Astrup

 

Kopi:
Klima- og miljødepartementet
Ørsta kommune