Ot.prp. nr. 108 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 5. august 1994 nr. 56 om medisinsk bruk av bioteknologi (forbod mot terapeutisk kloning m.m.)

Til innhaldsliste

5 Utanlandsk og internasjonal rett

5.1 Sverige

Forsking på befrukta egg er i Sverige regulert i lag (1991:115) om åtgärder i forsknings- eller behandlingssyfte med befruktade ägg från människa.

Forsking krev samtykke frå både egg- og sæddonor. Forsking kan ikkje skje seinare enn 14 dagar etter at egget er befrukta, ikkje medrekna den tida egget er nedfrose. Etter den tid skal egget destruerast. Lengste lagringstid for eit befrukta egg er fem år eller lengre etter godkjenning av Socialstyrelsen. Befrukta egg som det har vore forska på, kan ikkje førast tilbake til ei kvinne. Det same gjeld dersom det har vore forska på egget eller sæden før befruktninga.

Sverige har inga særskild regulering av terapeutisk kloning. Det svenske Vetenskapsrådet har likevel gitt ut retningslinjer for vurdering av human stamcelleforsking frå dei regionale forskingsetiske komiteane. Etter desse retningslinjene meiner rådet at terapeutisk kloning kan vere etisk forsvarleg, men at dette likevel ikkje kan tillatast ut frå den noverande juridiske situasjonen. Rådet meiner det er behov for enkelte lovendringar før terapeutisk kloning kan tillatast. Blant anna er det behov for reglar om statleg godkjenning og kontroll av slikt arbeid og eit klart forbod mot reproduktiv kloning. På denne bakgrunnen gav den svenske regjeringa 18. april 2002 eit tilleggsdirektiv til ei utgreiing som no blir gjort om genetiske undersøkingar m.m. Etter dette tilleggsdirektivet skal komiteen bl.a:

  • «överväga och lämna förslag till de ändringar och kompletteringar av lagen (1991:115) om åtgärder i forsknings- och behandlingssyfte med befruktade ägg från människa samt eventuella ändringar i andra författningar som bedöms nödvändiga för en rättslig reglering som medger forskning på stamceller från befruktade ägg som blivit över vid provrörsbefruktning,

  • utreda om omständigheterna kring somatisk kärnöverföring kan utformas så att de blir etiskt acceptabla och lämna de författningsförslag som kan behövas.»

Fristen for denne delen av oppdraget er 16. desember 2002.

5.2 Danmark

I Danmark er forsking på befrukta egg regulert i lov om kunstig befruktning i forbindelse med lægelig behandling, diagnostikk og forskning mv. (Lov nr. 460 av 10. juni 1997). Forsking på befrukta egg er tillate for å utvikle metodar for kunstig befrukting og preimplantasjonsdiagnostikk. Forskingsprosjektet skal vere godkjend av ein forskingsetisk komite, jf. lov nr. 503 av 24. juni 1992 om et videnskabsetisk komitésystem. Forskinga kan berre skje innan 14 dagar etter befruktinga, ikkje medrekna den tida egget har vore frose ned. Det er ikkje tillate å føre egget tilbake til kvinna etter at det har vore forska på. Befrukta egg kan oppbevarast i inntil to år og skal deretter destruerast. Slik forsking er ikkje tillate: reproduktiv kloning, samansmelting av ulike fosteranlegg, framstilling av hybridar og framstilling av eit menneske i livmora til ein annan art.

Danmark har ikkje vedteke noka særskilt regulering av terapeutisk kloning. Men reglane om forsking på befrukta egg omfattar også forsking på ubefrukta egg. Forsking på ubefrukta egg for andre formål enn forbetring av teknikkar for kunstig befrukting eller preimplantasjonsdiagnostikk er etter desse reglane ikkje tillate. Terapeutisk kloning vil derfor truleg vere forbode etter desse reglane. Den danske IT- og Forskingsministeren har saman med Sunnheitsministeren og Justisministeren sett ned ei arbeidsgruppe som mellom anna skal utgreie etiske komplikasjonar og lovgivingsaspekt ved terapeutisk kloning. Arbeidsgruppa skal levere rapport i oktober 2002.

5.3 Finland

Forsking på befrukta egg er i Finland regulert i lov om medisinsk forsking (488/1999). Slik forsking er tillate etter godkjenning av sentral myndigheit. Det krevst samtykke frå egg- og sæddonorane. Forskinga kan berre skje innan 14 dagar etter befruktinga, ikkje medrekna den tida egget har vore frose ned. Det er ikkje tillate å framstille befrukta egg for forskingsformål. Det er ikkje tillate å føre eit egg tilbake til ei kvinne etter at det har vore forska på egget. Lengste lagringstida for eit befrukta egg i Finland er 15 år. Etter den tid skal egget destruerast. Ein etisk komité skal vurdere forskingsprosjekta.

Finland har inga særskild regulering av terapeutisk kloning.

5.4 Storbritannia

Forsking på befrukta egg er regulert i Human Fertilisation and Embryology Act 1990 (c.37). Slik forsking er tillate for å utvikle/forbetre metodar for behandling av infertilitet, preimplantasjonsdiagnostikk og prevensjon og for å auke kunnskapen om arvelege sjukdommar og årsaker til spontanabortar. Forsking på befrukta egg er også tillate for å auke kunnskapen om tidleg human utvikling, alvorlege sjukdommar og for å nytte denne kunnskapen til å utvikle behandling for alvorlege sjukdommar. Forskinga krev godkjenning av HFEA (Human Fertilisation and Embryology Authority) og samtykke frå egg- og sæddonorane. Forskinga kan berre skje innan 14 dagar etter befruktinga, ikkje medrekna den tida egget har vore frose ned. Det er ikkje tillate å føre egget tilbake til kvinna etter at det har vore forska på egget. Det er ikkje forbode å framstille befrukta egg for forskingsformål, og parlamentet i Storbritannia har vedteke å opne for terapeutisk kloning.

5.5 Tyskland

Forsking på befrukta egg er ikkje tillate i Tyskland, jf. Embryonenschutzgesetz (Embryo Protection Law). Den tyske Forbundsdagen vedtok 25. april i år eit forbod mot import og bruk av embryonale stamcellelinjer, men med høve til unntak for dette forbodet under strenge vilkår. Import og bruk av slike embryonale stamceller er mogleg etter godkjenning frå eit statleg kontrollorgan. Godkjenning kan givast dersom desse vilkåra er oppfylte: Cellelinjene eksisterte før 1. januar 2002, stamcellene skal brukast til forsking for å nå høgverdige forskingsformål for auka innsikt i grunnforskinga eller auka medisinsk kunnskap i diagnostisk, preventiv eller terapeutisk behandling av menneske, forskingsresultatet kan ikkje nåast gjennom forsking på andre celler, stamcellene er henta frå embryo som blei produsert med tanke på svangerskap, men som av grunnar uavhengig av embryoet sjølv, ikkje lenger er nødvendig for dette formålet og det ikkje er gitt noka form for økonomisk fordel for samtykket til å framstille stamceller frå embryoet.

5.6 USA

I USA finst ikkje noko felles føderalt regelverk som forbyr terapeutisk kloning eller forsking på embryonale stamceller. Men det finst reguleringar av kva formål som kan støttast med offentlege føderale middel. Bush-administrasjonen avgjorde 9. august 2001 at føderale middel berre skal kunne brukast til forsking på embryonale stamcellelinjer som oppfyller visse kriterium. For det første må stamcellene vere isolerte frå det befrukta egget før 9. august 2001. Cellene må vidare vere henta frå befrukta egg som var overtalige etter IVF-behandling. Det krevst vidare at det er gitt informert samtykke til donasjonen av det befrukta egget og at dette ikkje gav noka form for økonomiske fordelar for donor. National Institutes of Health (NIH) har laga ei oversikt over stamcellelinjer som fyller disse kriteria.

5.7 Europarådets konvensjon om menneskerettar og biomedisin

Europarådets konvensjonen om menneskerettar og biomedisin tek ikkje standpunkt til forsking på befrukta egg. Konvensjonen inneheld i artikkel 18 ein regel om at dersom nasjonal lov tillet forsking på befrukta egg, skal lova sikre godt nok vern av det befrukta egget. Artikkelen inneheld dessutan forbod mot å framstille befrukta egg for forskingsformål.

Til forsida